Viser arkivet for stikkord energi

Vinteren det var så mørkt

Åpent brev til Sunnfjord Energi AS frå indre Angedal.

Øystein Sunde syng om året det var så bratt. Det var vist i 1965. Denne vinteren har så langt ikkje vore brattare enn normalt, men derimot mykje mørkare enn vi lika. Spesielt inst i Angedalen. Eller indre Angedal som eg ser Sunnfjord Energi kallar området frå Grimelandshaug til Botnen når det blir lagt ut feilmeldingar på nettsidene. Noko som har hendt rett så ofte den siste tida.

Ein skal vist ikkje vere storforlangande seiest da. Det har eg i alle fall hørt. Eg veit ikkje om det er fordi vi er Sunnfjordingar, men det tar seg vist ikkje ut. Men kor mykje kan ein forlange før ein har gått for langt? Det kjem nok an på auget som ser. Vi som er så heldige å leve i den aller mest privilegerte delen av verda lir sjeldan nokon naud. Sjølv om det kanskje av og til høyres slik ut når ting ikkje går den vegen vi helst vil. Men sjølv om vi er privilegerte kan vi vel forlange litt? Det andre kanskje berre drøymer om, tar vi gjerne for gitt. Som at det er lys i lampa for eksempel. Men det er slett ikkje alltid tilfelle i indre Angedal. For så vidt ikkje noko nytt fenomen, men i det siste må det seiast at straumen har glimra med sitt fråvær i overkant ofte. I løpet av 2014 og fram til i dag har vi hatt 15 brot der straumen har vore vekke i meir enn 1 time. Kor mange brot det har vore på under ein time har vi ikkje tal på. På det lengste var vi utan straum i om lag 30 timar. Halvparten av tilfella var i det vi kan kalle julehøgtida. Frå siste søndag i advent til medio januar. Omtrent den perioden folk flest har juletre i hus.

Så sat vi der i mørke. Kveld etter kveld. Med ein telefon, eller eit nettbrett, som skulle vore lada, og halvkokte poteter fordi ein optimistisk sette i gong med middagslaginga tidlegare på dagen. Men halvkokte poteter er ikkje mykje godt. Det trur eg vi alle kan vere einige i. Då er det betre med ein ferdigsteikt pizza frå by’n. Mykje betre, men det går no ikkje an heile tida. Det er heilt sikkert ikkje sunt. Eg registrerar og at nyare forsking syner at telys heller ikkje er sunt, men nokre gleder må vi jo unne oss her i livet. Om ein skulle slumpe til å sitte der med ein fullada telefon, eller nettbrett, når straum går, får ein likevel ikkje nytta seg av den nye fine fiberen vi har fått. Alt dette er sjølvsagt veldig trivielt, men ikkje mindre irriterande fordi. Men det er ikkje trivielt å vere straumlaus for alle. Nokon treng den for sitt daglege virke. Bønder for eksempel. Då er 30 timar utan straum langt frå trivielt. Nærmast uhaldbart vil eg tru.

Sunnfjord Energi runda 100 år 18. desember 2014, og i samband med markeringa av det gav Sunnfjord Energi ut eit jubileumshefte. Der seier adm.dir. Fredrik Behrens at: “Vi er opptekne av framtidsbehova til kundane”. Det er veldig bra at Sunnfjord Energi er opptekne av framtidsbehova våre, men det hadde vore fint om De var litt opptekne av behova vi har i notida og. Altso den straumen som ikkje alltid er der. Eg antar den er grunnleggande i forbindelse med framtidsbehova og så det passa no i grunn bra om den er på plass først.

Sunnfjord Energi har 2.600 kilometer linje å følgje opp. Eg veit ikkje kor lange linjer eit gjennomsnittleg energiselskap har, men det høyres mykje ut. Det kan sikkert vere utfordrande til tider, spesielt når ekstremvêret set inn. Hadde det endå vore det som var grunnen til at vi blir sittande her straumlause. Men vêret har ikkje vore ekstremt. Det er i alle fall ikkje meir ekstremt i den inste halvdelen, enn i resten av Angedalen.

Sunnfjord Energi har 26.000 linjekundar. Såleis blir vi små i indre Angedal. På ei anna side blir det med 2.600 kilometer linje, 10 kundar pr. kilometer. Det er omlag det vi er i indre Angedal. Sånn sett er vi heilt på gjennomsnittet her inne. Eit gjennomsnittleg antall kundar som betalar linjeleige på lik linje med alle dei andre kundane.

Ein skal som sagt ikkje vere storforlangande, men det trur eg heller ikkje vi er. Er det storforlangande å forvente at linjenettet er av ein slik standard at det faktisk fungera og at vi får den tenesta vi betalar for? Dersom det er tilfelle so får det heller vere. Då får vi vere litt storforlangande då. Sjølv om det ikkje tar seg ut. I det tidlegare nemnte jubileumsheftet kan vi lese at: “I tida framover vil satsing på infrastruktur på nettsida dominere for vår del…”. Vi ynskjer (hadde tenkt å skrive forlange her, men fant ut at det ikkje tok seg ut) at infrastrukturen i indre Angedal er ein del av den satsinga. Slik at den neste jula blir litt meir strålande enn denne var.

Rune Hegrenes
Ångedøling

Sal av fallrettar – Stakaldefossen og Svultingen

Av Harald Kvame (H), varaordførar Nasutdal kommune

Naustdal Venstre har hatt ein del kritiske spørsmål knytt til denne saka. Eg vil ikkje uttale meg om sakshandsaming no, då det er varsla kontroll av vedtaket. Derimot vil eg oppsummere nokre fakta i saka. For ordens skyld gjer eg merksam på at denne saka handterer eg som fungerande ordførar (då ordføraren vart kjent inhabil av kommunestyret).

Bakgrunn
I november 2009 var det møte mellom Sunnfjord Energi AS og ordførarane i eigarkommunane. Det vart då avklart at rådmannen i Gaular skulle førebu saka og nytte LVK (Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar) som ekstern rådgjevar. Dette var altså ikkje ei realitetshandsaming av saka, berre avklarande på vidare saksgang. Hausten 2011 starta den politiske handsaminga av saka.

Eit fleirtal i Naustdal kommunestyre har vedteke å gå for sal av fallrettane – til liks med dei andre eigarkommunane. I realiteten ventar ein berre på evt. lovlegkontroll av sakshandsaminga i Naustdal. Venstre i Naustdal skriv om påstått brot på EØS-avtalen og evt. innklaging til ESA som klageorgan. Til dette vil eg nemne at formannskapet i mars har fått framlagt eit dokument som viste at sidan kommunane og selskapet hadde kome fram til eit forlik, som elles ville bli avgjort av ein domstol, vil det være lite truleg at salet kan bli omfatta av regelverket om statstøtte. Også andre spørsmålsstillingar frå Naustdal Venstre har vore svara på samvitsfullt av rådmannen, m.a. ved hjelp av ekstern advokatbistand. I formannskapsmøte gav Naustdal Venstre sin representant uttrykk for at han var godt nøgd med svara.

Spørsmålsstillingane frå mindretalet i Naustdal kommunestyre er i høgste grad teke på alvor, m.a. ved utsetjing av saka i formannskap/kommunestyre og innhenting av grundige svar på spørsmåla som er stilte. Vi har bede rådmannen både om å få nye samanfatningar av saka og få belyst konsekvensar av å seie nei til sal no. Naustdal Venstre skriv i lesarbrev: ” At saka har trekt ut i tid i Naustdal, er fordi eit fleirtal i både formannskap og kommunestyre har ønskja det.” Eg vil vel til dette nemne at det er klart at fleire rundar og fleire utgreiingar sjølvsagt tek tid.

Eg tek til vitande at eit fleirtal i kommunestyret kjende ordføraren inhabil i saka. Ordføraren var heller ikkje til stades då kommunestyret tok det endelege vedtaket.

Dersom representantar for mindretalet i kommunestyret skulle sende inn krav om lovlegkontroll, er det deira rett. Tilsvarande gjeld dersom Naustdal Venstre ynskjer å få saka vurdert av ESA. Uansett ønskjer eg at saka blir handsama skikkeleg. Dette av omsyn til dei berørte partane – inkl. kommunane og vårt felles kraftselskap Sunnfjord Energi AS.

Fremtidsrettet budsjett?

Miljøpartiet De Grønne mener Regjeringen burde prioritert jernbane, fornybar energi og bærekraftig matproduksjon som de viktigste satsingsområdene i statsbudsjettet for 2013. Et løft i disse sektorene er helt avgjørende for å møte de utfordringene Norge og verden står overfor i årene som kommer. Samtidig som de truende klimaendringene vil endre vår måte å leve på, må vi være med å løfte en stor del av verdens befolkning ut av fattigdom og gi dem trygg tilgang på mat og ren energi.

I Norge står transportsektoren for om lag 30 prosent av klimagassutslippene, og har de raskest voksende utslippene av alle sektorer. Det haster å sette i gang vekstdempende tiltak som reduserer klimagassutslipp, luftforurensning og bedrer trafikkflyten, særlig i byene. Miljøpartiet De Grønne foreslår derfor å øke bevilgningene til jernbane fra 12,5 mrd i 2012 til 17 mrd kr i 2013. Dette er et første steg for å få fortgang i utbyggingen av, blant annet, dobbeltspor i Intercity-trianglet. Pengene kan hentes fra økte avgifter på flytrafikk, samt reduserte bevilgninger til vei.

Miljøpartiet De Grønne mener subsidieringen av oljeindustrien må avskaffes. De 25 milliarder kronene som petroleumsnæringen subsidieres med årlig er med å øke problemene knyttet til den enorme ressursbruken i oljenæringen og beslaglegger samtidig midler som burde ha vært brukt til å satse på fornybar energi. Vi mener prinsippet om at “forurenser betaler” er svært viktig, og ønsker å heve CO2-avgiften til et nivå som har en reell begrensende effekt på utslippene fra petroleumsaktiviteten. Derfor burde Regjeringen hevet denne til 756 kr/tonn, med sikte på en økning til 1000 kr/tonn. Midlene som kunne vært frigjort gjennom disse to tiltakene burde vært brukt til å styrke klimafondet og satsingen på vindmøller til havs. Miljøpartiet De Grønne mener havvindmøller kan bli en svært viktig del av norsk næringsliv og energiproduksjon i fremtiden.

Miljøpartiet De Grønne er bekymret for den norske matproduksjonen. Bøndene har ikke hatt realinntektsvekst siden 1970-tallet og gjennomsnittlig næringsinntekt i landbruket er i dag rundt 150 000 kroner. Hvis utviklingen fortsetter i samme retning står vi i fare for å miste norsk matproduksjon i fremtiden. Derfor støttet vi bøndenes aksjoner i jordbruksoppgjøret tidligere i år. Regjeringen bør øke rammene i neste års jordbruksoppgjør med 1,6 mrd kr, som var avstanden mellom jordbrukets krav og statens tilbud i årets jordbruksforhandlinger.

Disse tiltakene gjør oss i stand til å møte fremtidens utfordringer på en mer offensiv måte. Det innebærer et valg av retning, og en tydelig og ambisiøs satsing på viktige områder. Regjeringens statsbudsjett som ble lagt frem 8. oktober var like oljesvart som vanlig. Det viser behovet for et parti som tar grep til det beste for miljøet, økonomien og fremtiden.

FAKTABASERT VASSRØVERI

Det er store ting i emning i kommunane Jølster og Førde. Kraftselskapa Sunnfjord Energi og nordnorske Fjellkraft ligg i hard tevling om å få nytte seg av dei siste restane av Jølstra-vassdraget som framleis renn fritt. Om eitt av selskapa i framtida skal få gjere Jølstra om frå elv til bekk står att å sjå. Vi står føre ein lang konsesjonsprosess med grundige kartleggingar av verknadane av dei ulike utbyggingsalternativa.

Sunnfjord Energi vil sjølvsagt alt no gjere seg gilde hos publikum, og har difor laga ei informasjonsbrosjyre om planane sine. Her kan dei alt no informere oss om kva verknader dei ventar av utbygginga si, og dei har i det heile temmeleg overveldane forventningar til eige prosjekt. Det blir sjølvsagt små naturinngrep og små verknader for fisken i vassdraget. Verknader for rekreasjon, friluftsliv og fiske blir det nesten ikkje, og kraftselskapet vil frelse oss med ein uhorveleg stor global CO2 reduksjon på kjøpet. Det siste er vel grundig avkrefta gjennom NRK Brennpunkt og ber preg av ”tenk på eit tal”-mentalitet.
I det heile: Korleis kraftselskapet kan presentere oss for venta verknader av utbygginga utan at desse enno er utgreidd, er forunderleg. Er det ikkje difor vi nettopp no skal gå inn i grundige konsekvensutgreiingar og høyringsrundar?

Oppi denne samlinga av det som kan verke som kreative og noko forhasta slutningar, er det ein påstand som særleg fangar merksemda vår. Sunnfjord Energi ”forventar at forholda for elvepadling og rafting vil bli betra, då for stor vassføring i dag set begrensningar for denne aktiviteten”.
Både vi og eit samla norsk padlemiljø ristar på hovudet. Det er heilt uforståeleg at Sunnfjord Energi kan få seg til å hevde noko slikt, og det i skriftleg form. For oss blir dette som å hevde at all snøen om vintrane legg avgrensingar for skiaktivitet. Hos Norges Padleforbund har dei lenge vore opptatt av utbyggingssaker, og vi får opplyst at dei ser på denne uttala som verre enn å ikkje ta med våre interesser i det heile. Om ein tek seg umaken å lese det som er publisert om elvepadling i Jølstra, er det semje om at det ikkje er problematisk å nytte ei vassføring opp til om lag 75 m/s3 i Jølstra. Det blir og slått fast at vassføringar under om lag 20-25 m/s3 ikkje er eigna for padling og anna elvesport.
Dette står i sterk kontrast til den planlagde minstevassføringa på 7,5 m/s3. Kor i all verda får Sunnfjord Energi påstandane sine frå? I beste fall er dette kunnskapsløyse og slurv. I verste fall eit forsøk på å føre folk bak lyset.

Vi høyrer til dei som ikkje ønskjer at enno fleire av elvene våre i Sogn og Fjordane blir røva frå oss. Det skal vi ikkje stikke under ein stol. Vi meiner at vi har eit felles ansvar her i Noreg for å ta vare på den unike vassdragsnaturen vår. Kortsiktig profitt kan aldri vege opp det. Ei kraftutbygging er eit irreversibelt inngrep. Ei elv som er kraftutbygd, kan aldri bli ikkje-kraftutbygd igjen. Og difor er rett kunnskap så utruleg viktig før ein gjer desse inngrepa. Vi ønskjer oss ein kunnskapsbasert debatt som ikkje er tufta på påstandar som er tekne ut av lufta.

Ein lyt sjølvsagt gå ut i frå at Sunnfjord Energi er dei som kjenner sitt eige prosjekt best. At dei allereie frå sbyrjinga desinformerer både lokale styresmakter og folk elles på denne måten er ikkje bra. Kvifor dei vel å føregripe eigne utgreiingar av verknader og framstiller sitt eige prosjekt som noko det umuleg kan vere, lyt dei gjere greie for sjølve. Vi andre kan berre gjere oss våre eigne tankar…

Henry Ruud
Kristine Kopperud Timberlid

Elveentusiastar

VIKTIG MELDING! - til Sunnfjord Energi

Eg registrerer at Sunnfjord Energi har sendt ut eit varselkort til alle kundane dykkar med tittel «VIKTIG MELDING!» der de orienterer om at de no sluttar å sende ut påminning om målaravlesing pr. post. Heretter skal ein berre kunne sende inn målaravlesing via e-post, SMS eller telefonautomat med inntasting.

Dette er ei omlegging som eg registrerer vert svært dårleg motteke av mange av dykkar eldre kundar. Svært mange av desse har ikkje e-post, og mange har heller liten erfaring med SMS. I denne kundegruppa er det òg mange med redusert høyrsel, der kombinasjonen av å høyre på opplesen brukarinformasjon over telefonen kombinert med inntasting av målarnummer og lange talrekkjer for målaravlesing, ikkje nett kan seiast å vere favorittaktiviteten. Som konsekvens medfører den varsla endringa dykkar ikkje berre ei svært dårleg løysing for denne kundegruppa, men rett og slett ei umyndiggjering av elles oppegåande personar, ved at dei ikkje sjølve kan utføre registreringa av målaravlesinga. Dette er ei kundehaldning som eg meiner vi som samfunn ikkje kan akseptere.

Dersom de treng å redusere kundekostnadane kan de alternativt heller sende ut eitt varselkort i året med oversikt over alle avlesingsdatoane, då desse vel er kjende på førehand, vedlagt dei 6 målaravlesingskorta som vel gjeld no. Gjerne òg med ei oppmoding om å nytte e-post eller SMS. Men elles så kunne de vel vente med å ta vekk målaravlesing pr. post, for dei som ynskjer dette, dei få åra som er att før fjernavlesing med AMS-målar løyser heile problemstillinga?

Med helsing
Bjørn L. Rusken, Bygstad

Forsterking av sentralnettet i fylket

Det er brei semje om at sentralnettet (132 kV) i fylket må strykast og komme på nivå med resten av Norden for å sikre både mottak og leveranse av elektrisk energi. Styrking av denne typen viktig infrastruktur er i dag eit nødvendig vilkår for vidare næringsutviklinga og busetnad i regionane. Den planlagde 420 kV luftlinja Fardal-Ørskog vil i følgje Statnett sin konsesjonssøknad, normalt få ei masthøgde, linjehøgde, avstand mellom mastene og breidde på ryddegate og byggjeforbodsbelte om lag som for 300 kV linjer. Normalt blir masthøgda 25-30 m dvs. linjestrekka blir mykje som for 300 kV linjene i Indre Sogn i dag. Sistnemnde ligg for det meste bra skjerma i skogsliene, og kan kan neppe kallast monsteraktige eller groteske.
Sjøkablar for overføring av høgspentstraum over store avstandar har hittil blitt brukte for eksport av straum der overføring på land ikkje er mogeleg, t.d. frå Norge til Nederland, der kabelen for det meste ligg på 50-70 m djup. Denne kabelen har vekt 8,4 tonn per 100 meter i dei grunnaste havområda; i dei langt djupare områda nær kysten av Norge er den av praktiske omsyn splitta i 2 kablar, kvar med vekt 3,7 tonn per 100 meter. Miljømessig tilsvarer den ei avhending av over 30 000 bilar på strekninga. Men den fører til at mottakarlanda kan redusere eller periodevis stenge av produksjonen i kolkraftverk; dermed vert utsleppet av klimagassen karbondioksid redusert. Dersom det oppstår feil på kabelen, vert produksjonen i desse verka straks auka for å oppheve verknaden av straumbortfallet.
Ein mogeleg sjøkabel Fardal-Ørskog vil nå ned til 700 m djupne, og i praksis mangle både reservekraftverk og alternative overføringslinjer ved eventuelle feil på kabelen. Nyleg har feilsøkingstida og reparasjonen av ein kort og forholdsvis lett sjøkabel over Oslofjorden passert 14 månader, og den er enno ikkje komen i drift igjen! Per i dag finst det neppe verken teknikk eller kompetanse for feilsøking og reparasjon av ein mogeleg likestraumsbasert 420 kV djupvasskabel Fardal-Ørskog, med levetid ca. 30 år.
Trafostasjonane som skal komme på kysten i samband med ein slik kabel for spenningsregulering og omforming av likestraum til vekselstraum er absolutt arealkrevjande og visuelt forureinande konstruksjonar; ein prislapp på 1 milliard kroner per stasjon er blitt nemnt. I tillegg må det også byggast ein slik stasjon for tilsvarande regulering og omforming frå vekselstraum til likestraum i Fardal i Sogn. Sjølve kabelen vil koste ca. 6 gonger meir enn eit tilsvarande luftspenn. I tillegg må det byggast fleire luftlinjer frå trafostasjonane på kysten til indre delar av fylket, spesielt i Sunnfjord og Nordfjord. I dei skogfattige, kystnære områda vil slike nye regionale høgspentlinjer ha dominerande og skjemmande verknad i eit elles urørt og sårbart landskap.
Konklusjonen er såleis at fylket treng eit solid og driftsikkert sentralnett på land av same dimensjonar og overføringskapasitet som resten av Norden. Sjøkabelalternativet er urealistisk av ei rekkje grunnar og har hittil hemma og forseinka arbeidet med å finne strålingsskjermande traséar eller høge langspenn for det nye sentralnettet gjennom fylket.

Ingvar Leiv Leknes
Sogndal

Det store miljøSViket

Den globale oppvarminga er vår tids største utfordring. Venstre vil ta steget over i lågutsleppssamfunnet og gjere Noreg om til ein føregangsnasjon på klimaområdet.

Mange av oss var særs uroa då dei raudgrøne kom til makta etter valet i 2005. Med det ideologiske utgangspunktet til dei tre nye regjeringspartia (eller for somme: Mangelen på dette) stod det klart at Noreg no ville verte ført i ei anti-liberal og lite nyskapande retning. Men på eitt område var det likevel mogleg å ikkje vere fullt så uroa: Klima og miljø. Rett nok er Arbeidarpartiet verste guten i klassen på dette området – og Senterpartiet kunne knappast brydd seg mindre – men det var von om at i det minste SV ville våge å styre den raudgrøne skuta i klimavenleg retning. Partiet har jo gjennom åra i opposisjon markert seg som eit standhaftig og progressivt miljøparti. Vonbrotet var difor desto større då det synte seg at eit samla regjeringskollegium har gjeve blanke blaffen.

Lat meg først slå fast utgangspunktet til regjeringa: Dei raudgrøne har reint fleirtal og kan gjere akkurat kva dei vil på Stortinget. Vidare har dei hatt meir pengar til rådvelde enn noka anna regjering i norsk historie – dei enorme krisepakkane kjem i tillegg. Og sist men ikkje minst: Dei har hatt meir kunnskapar om klimaendringane enn noka anna regjering. Lat meg vidare slå fast fasiten: Norske klimautslepp har aldri vore høgare enn under dei raudgrøne, og dei har aldri auka meir enn i inneverande regjeringsperiode.

Kvar på vegen gjekk det gale? Den første feilen SV gjorde var nok å gå til sengs med Ap og LO – den mest daudbringande kombinasjonen i norsk klimapolitikk. Vidare er det sjølvsagt slik at SV har vunne nokre miljøslag gjennom dei siste fire åra. Problemet er berre at tapslista er så mykje, mykje lengre.

Det mest openberre sviket er sjølvsagt «månelandinga» på Mongstad. CO2-reinsing av gasskraftverket skulle vere på plass frå dag éin – lova SV på tru og ære. Planen er no utsett til dag eittusenfirehundreogtrettiéin, om den ikkje vert utsett på ny. Planane om reinsing på Kårstø vart utsett i same handvending. Og når ein først er inne på CO2-utslepp: Dei kvotene Noreg faktisk har til overs har regjeringa no gått inn for å selje til andre land – slik at dei totale utsleppa ikkje går ned. Kvotene burde i staden vore sletta.

Mange har fått det verre under den raudgrøne regjeringa, men éin industri har levd livets glade dagar: Oljeindustrien. Regjeringa har rundhåna delt ut 178 leiteløyve til oljeselskapa, noko som er ein solid noregsrekord. Dessutan har dei sårbare havområda i Barentshavet og utanfor Jan Mayen for første gong vorte opna for petroleumsindustri. Dette kjem på toppen av regjeringa (Statoil) sine investeringar i det ekstremt forureinande oljesandprosjektet i Canada.

Av plassomsyn vil eg til sist nøye meg med å nemne skrinlegginga av 9 av 10 vindmølleprosjekt, motstanden mot etablering av ei ordning med grøne sertifikat – som ville sett fart i utviklinga av fornybar energi – samt utsetjinga av Ringeriksbana – som ville korta ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time og lagt grunnlaget for høgfartsbane. Og sist, men ikkje minst: Klimaforliket på Stortinget, der SVs Inga Marte Thorkildsen fekk i oppgåve å prute ned Venstre, KrF og Høgre sine ambisiøse og klimavenlege framlegg, til føremon for regjeringa sitt stusselege førsteutkast. Heldigvis fekk vi pressa regjeringa til å vedta meir ambisiøse mål og konkrete tiltak enn dei først kom med.

Alt er likevel ikkje heilsvart. Den 9. juli vart det gjeve finansiering til opninga av 4 nye vindmølleparkar. Dette er veldig bra! Det skal likevel seiast at finansieringa ikkje kom på plass før regjeringa fekk ei finanskrise i fanget som gav høve til å dele ut meir midlar. For øvrig vart det gjeve finansiering til heile 16 vindmølleparkar under førre Venstre-regjering.

Denne mangelen på miljøsatsing er ein av dei viktigaste grunnane til at Noreg treng ei ny regjering, ei regjering som vågar å ta klimautfordringa på alvor og å ta radikale grep i miljøpolitikken. Ei slik regjering får ein berre med eit stort Venstre. Kan vi likevel hevde å ha meir truverde enn SV i miljøpolitikken? Ja, det vil eg definitivt seie. Venstre har tidlegare synt at vi er viljuge til å setje regjeringsdeltaking på spel i viktige miljøsaker. Vi har tidlegare gått av på grunn av forureinande gasskraftkraftverk (sentrumsregjeringa, år 2000), og vi seier nei til å sitje i ei regjering som opnar for oljeverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen. I tillegg har våre føretrukne samarbeidspartnarar Høgre og KrF synt seg å vere langt meir miljøvenlege enn Arbeidarpartiet, sist gjennom klimaforliket i Stortinget. I alle tilfelle vil Venstre aldri selje miljøsjela si for å klamre seg fast til statsrådslimousinane. Det er meir enn ein kan seie om SV.

Miljø- og klimapolitikken er for viktig til å la dei raudgrøne administrere landet i fire nye år. Difor vonar eg du vil gje meg og Venstre høve til å ta dei grepa som må til i neste stortingsperiode.

Gunvald Ludvigsen
Stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Naturvernforbundet er ein klimabremse

Erling Sande

Naturvernforbundet meinar at utbygging av småkraft trugar det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vert skulda for å ikkje greie å ha to tanker i hovudet samstundes.

Sjølv har leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, mange tankar – men det nyttar lite når dei står i direkte motstrid med kvarandre. Han markerer seg både med krav om auka satsing på fornybar energi, samstundes med protest mot anlegga som skal produsere energien.

STIKK KJEPPAR I HJULA
Naturvernforbundet har berre dei siste åra markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar også mot kraftliner som skal føre straumen fram. Det vert lite utbygging av ny rein og fornybar energi av slikt.

Senterpartiets politikk tek omsyn både til miljøet og til ny fornybar energi. Vi og Naturvernforbundet er begge tilhengarar av opprustning av eksisterande kraftverk. Haltbrekken meinar at utbygde og ”øydelagde” område kan utnyttast, mens urøyrd natur må sparas. Her tek han feil på to punkt.

SMÅ INNGREPSTOR VERDI
Først er det viktig å presisere at sjølv om eit område er utbygd, er det ikkje øydelagt. Dagens utbyggingar tek store miljøomsyn. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Samstundes produserer dei verdifull og rein kraft. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje bygd ut. Med andre ord blir det særs vanskeleg å få fullt trøkk på vindkraftsatsinga om ein skal følgje Haltbrekkens råd.

Dersom vi ikkje skal få bygge anlegg til å bygge fornybar energi, så kjem det heller ikkje meir fornybar energi på marknaden. Dermed får vi heller ikkje erstatta den forureinande energiproduksjonen.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Vi er einige i at nokre naturområde og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer mot nær sagt alle prosjekt.

GRØN ENERGI MOT KLIMAENDRING
Haltbrekken har grunn til å frykte tap av biologisk mangfald – men for å få gjort tiltak som verkeleg monner, må han løfte blikket litt. Klimapanelet til FN (IPCC) har anslått at ved en temperaturauke på til dømes 4 grader, vil over 40 % av dagens kjente arter utryddast.

Fortsetter dagens utvikling i forhold til CO2-utslipp, kan utfallet bli dystrare. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Dersom vi ikkje lukkast i å få frem meir grøn fornybar energi, lukkast vi ikkje i klimakampen.

Av Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.