Viser arkivet for stikkord engebøsaka

Røyst for havet!

Årets tema på Forskingsdagane som blir arrangert av Universiteta og Høgskulane kring om i landet (18-29 september), tek for seg hav og vatn, som dekker 70 % av jordoverflata. Den er grunnlag for alt liv, med den fengande tittelen: «Eit hav av moglegheiter». Det kan høyrast optimistisk ut. Fokuset vert å syne fram korleis forskarar ved dei ulike utdanningsinstitusjonane driv aktiv forsking av havet med det biologiske mangfaldet og synleggjer kva potensial forskinga har til å utvide kunnskapen om det biologiske mangfaldet, om påverknaden på miljøet og ikkje minst klimaet. Slike emne er ikkje berre til pynt.
Les meir…

Narrespel for kven?

Miljødepartementet valde onsdag den 13. mars å sette ned foten og utsette Engebøsaka i eitt år for ny utgreiing. Ikkje uventa førte det til påfallande overrasking og skuffelse hjå Nordic Mining og tilhengarane av gruvedrifta. I avisa Firda den 16.03.13, uttrykte NHO direktør Jan Atle Stang, så langt å kalle det for bevisst uthaling og maktdemonstrasjon og narrespel av Miljødepartementet. Narrespel og maktdemonstrasjon for kven?
Les meir…

Deponi-ja på sviktande grunnlag

Senterpartiet og partileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete flaggar på fylkesårsmøtet at partiet går inn for å la Nordic Mining utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Det er enno ikkje kome ei avgjersle frå regjeringa, men mykje tyder på at avgjersla ikkje kjem før etter valet til hausten. Dette er eit tiltak som er svært omstridd. Striden står i hovudsak rundt alternativa for dumping av store mengder restmassar frå ei eventuell rutil-utvinning i Engebøfjellet.
Riktig nok vedgår Navarsete at ein må ta miljøomsyn og ikkje øydeleggje Førdefjorden som har status som nasjonal laksefjord. Men ho innrømmer likevel at ein må tole ”nokre” minussider knytt til å ha eit sjødeponi. Retorisk seier då ho at dersom vi ikkje hadde vore viljuge til å tole nokre minussider, så hadde vi ikkje hatt oljeverksemd eller fiskeoppdrett. Dersom ein ikkje aksepterer minussidene, så blir det ingen mineralnæring i Noreg. Underforstått, det er berre å køyre på for fleire arbeidsplassar. Konsekvensane er ikkje så nøye. Det har vore kjent at både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet er tilhengarar av sjødeponi, og seinast i førre veke målbar Bjørn Lødemel og Høgre sitt ja-standpunkt, og argumentasjonen er den same. Og kva er det då som gjer at dei er så skråsikre på at dei har kome til rett konklusjon? I realiteten så har dei ikkje teke inn over seg motsegna frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine bekymringar kva følgjer dette vil få, og heller ikkje fleire motsegner frå ulike personar og fiskenæringa som held til i Førdefjorden.
Det einaste grunnlaget ja-sida baserer seg på, er Norsk institutt for vannforsking (NIVA) som Nordic Mining har hyra som konsulent, og i deira uttale går dei riktig nok for deponi, men rapporten gjev ikkje like eintydige svar på kva konsekvensane blir. Som fagleg grunnlag er dette svært svakt sidan ikkje fleire instansar har gjeve si godkjenning. Det syner at ja-sida er nokså selektiv i kva dei vil leggje til grunn for sitt standpunkt. Ei anna side er at Navarsete hevdar at Senterpartiet har stått samla om dette standpunktet. Det er ei sanning med sterke modifikasjonar. Riktig nok har Naustdal Senterparti halde ja-fana høgt i denne saka og gjekk så langt i si grunngjeving i fråsegna på fylkesårsmøtet om å støtte gruvedrift og deponi med å kome med ei tvilsam samanlikning av Førdefjorden med Brulandsvellene som eit månelandskap, og at deponi soleis kan aksepterast. Men seriøst, er det rett å samanlikne brakklegging av Førdefjorden med Biltema o.l på Bruland i Førde? Rett nok er jordvernet i Førde eit lite verdifullt stykke arbeid, og sjølvsagt burde ein ikkje nytta matjord til parkeringsplassar, men å tru at dette kan samanliknast med ein næringskjede og eit økosystem i ein fjord?
Dette står i sterk kontrast til partilaget Førde Senterparti, som i 2010 støtta ei felles fråsegn vedteken i bystyret om at Førde kommune vil avise deponi, fordi faktagrunnlaget er for tynt. Dette heng ikkje i hop med realitetane.
Ei tredje moment i denne saka faktisk det store omfanget av gruvedrifta. Det skal kunne gravast ut seks millionar tonn masse som skal knusast og 95% eller meir skal dumpast i fjorden. Resten, altså høgst 300000 tonn rutil, for det meste titandioksid, skal vinnast ut og seljast på verdsmarknaden. Iallfall så lenge prisane er gode. Titandioksid inneheld ca 60% titan, og enkelte debattantar har lagt fram visjonar om titanproduksjon og industriarbeidsplassar. Då kunne kanskje førekomsten vare i eit par hundre år i staden for 50. Men målsettinga for gruveselskapet er å tømme fjellet for mineral på kortast mogleg tid og dumpe avfallet i fjorden blanda med kjemikaliar. Dette er noko som ikkje har vore prøvd ut. Det har vore føreslått å overvake utsleppa. Men sjølv det er ein risiko, og skulle konsekvensane bli for omfattande, vil gruveselskapet redusere eller stogge drifta etter at millionane er investert?
Dette her er direkte uansvarleg det desse politikarane går inn for. Vil storting og regjering gå inn for at Noreg står i spissen i lag med dei få landa i verda som tillet avfallsdumping i sjøen og stå fram som ein miljøversting? Dette held ikkje, dei har eit ansvar og dette handlar om truverd. Ta til vet og sei nei til sjødeponi!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Studentlaget i Natur og Ungdom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kronikk.