Viser arkivet for stikkord engebøfjellet

Deponi-ja på sviktande grunnlag

Senterpartiet og partileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete flaggar på fylkesårsmøtet at partiet går inn for å la Nordic Mining utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Det er enno ikkje kome ei avgjersle frå regjeringa, men mykje tyder på at avgjersla ikkje kjem før etter valet til hausten. Dette er eit tiltak som er svært omstridd. Striden står i hovudsak rundt alternativa for dumping av store mengder restmassar frå ei eventuell rutil-utvinning i Engebøfjellet.
Riktig nok vedgår Navarsete at ein må ta miljøomsyn og ikkje øydeleggje Førdefjorden som har status som nasjonal laksefjord. Men ho innrømmer likevel at ein må tole ”nokre” minussider knytt til å ha eit sjødeponi. Retorisk seier då ho at dersom vi ikkje hadde vore viljuge til å tole nokre minussider, så hadde vi ikkje hatt oljeverksemd eller fiskeoppdrett. Dersom ein ikkje aksepterer minussidene, så blir det ingen mineralnæring i Noreg. Underforstått, det er berre å køyre på for fleire arbeidsplassar. Konsekvensane er ikkje så nøye. Det har vore kjent at både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet er tilhengarar av sjødeponi, og seinast i førre veke målbar Bjørn Lødemel og Høgre sitt ja-standpunkt, og argumentasjonen er den same. Og kva er det då som gjer at dei er så skråsikre på at dei har kome til rett konklusjon? I realiteten så har dei ikkje teke inn over seg motsegna frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine bekymringar kva følgjer dette vil få, og heller ikkje fleire motsegner frå ulike personar og fiskenæringa som held til i Førdefjorden.
Det einaste grunnlaget ja-sida baserer seg på, er Norsk institutt for vannforsking (NIVA) som Nordic Mining har hyra som konsulent, og i deira uttale går dei riktig nok for deponi, men rapporten gjev ikkje like eintydige svar på kva konsekvensane blir. Som fagleg grunnlag er dette svært svakt sidan ikkje fleire instansar har gjeve si godkjenning. Det syner at ja-sida er nokså selektiv i kva dei vil leggje til grunn for sitt standpunkt. Ei anna side er at Navarsete hevdar at Senterpartiet har stått samla om dette standpunktet. Det er ei sanning med sterke modifikasjonar. Riktig nok har Naustdal Senterparti halde ja-fana høgt i denne saka og gjekk så langt i si grunngjeving i fråsegna på fylkesårsmøtet om å støtte gruvedrift og deponi med å kome med ei tvilsam samanlikning av Førdefjorden med Brulandsvellene som eit månelandskap, og at deponi soleis kan aksepterast. Men seriøst, er det rett å samanlikne brakklegging av Førdefjorden med Biltema o.l på Bruland i Førde? Rett nok er jordvernet i Førde eit lite verdifullt stykke arbeid, og sjølvsagt burde ein ikkje nytta matjord til parkeringsplassar, men å tru at dette kan samanliknast med ein næringskjede og eit økosystem i ein fjord?
Dette står i sterk kontrast til partilaget Førde Senterparti, som i 2010 støtta ei felles fråsegn vedteken i bystyret om at Førde kommune vil avise deponi, fordi faktagrunnlaget er for tynt. Dette heng ikkje i hop med realitetane.
Ei tredje moment i denne saka faktisk det store omfanget av gruvedrifta. Det skal kunne gravast ut seks millionar tonn masse som skal knusast og 95% eller meir skal dumpast i fjorden. Resten, altså høgst 300000 tonn rutil, for det meste titandioksid, skal vinnast ut og seljast på verdsmarknaden. Iallfall så lenge prisane er gode. Titandioksid inneheld ca 60% titan, og enkelte debattantar har lagt fram visjonar om titanproduksjon og industriarbeidsplassar. Då kunne kanskje førekomsten vare i eit par hundre år i staden for 50. Men målsettinga for gruveselskapet er å tømme fjellet for mineral på kortast mogleg tid og dumpe avfallet i fjorden blanda med kjemikaliar. Dette er noko som ikkje har vore prøvd ut. Det har vore føreslått å overvake utsleppa. Men sjølv det er ein risiko, og skulle konsekvensane bli for omfattande, vil gruveselskapet redusere eller stogge drifta etter at millionane er investert?
Dette her er direkte uansvarleg det desse politikarane går inn for. Vil storting og regjering gå inn for at Noreg står i spissen i lag med dei få landa i verda som tillet avfallsdumping i sjøen og stå fram som ein miljøversting? Dette held ikkje, dei har eit ansvar og dette handlar om truverd. Ta til vet og sei nei til sjødeponi!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Studentlaget i Natur og Ungdom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kronikk.

11. september 2001 - 11. mai 2011

Vi takkar siviløkonom Øystein Djupvik, Naustdal for hans debattinnlegg 4. mai 2011. Her skriv han om sideavtala som ikkje inneheld stor kompensasjon for miljø-, omdøme-, og samfunnsrisiko. Avtala bør avvisast, seier Djupvik. Dette er vi einig i. Det første tilbodet er ikkje det beste, har han også sagt. Administrasjonane i kommunane har gjort ein grundig jobb. Men kva med den politiske prosessen? spør Longvarstøl 28. april. “Kritiske refleksjonar frå sentrale politikarar har vore fråverande, på grensa til det pinlege. Politikarar har også plikt til å vere advokatar for miljøet, ikkje berre for næringslivet”, seier Longvarstøl. Fjordvegen Førde- Stavang er ein av Noregs vakraste. Fjordane her vest ligg på Unescos verdsarv- liste og har vore fleire gonger kåra til verdast fremste reisemål. Så her må ein gå varsamt fram og vere føre- var på kva ein tillet av satsingar.

Bodnariu og Håland, Redal ved Magny Rose Håland

Bonde i sjakk

Eit gammalt ordtak seier “Vi arvar ikkje jorda frå våre forfedre, vi lånar den av våre barn”.

Grøne verdiar går hand i hand med intensjonar om å tene pengar; Selskap som ser etter måtar å utvinne naturresursar gjer dette for å skape arbeidsplassar for folket: Det er myten og løgna, respektivt. Og vi slukjer det rått.

Demokratiet er nikkedokka til dei store selskapa, og den eksisterande økonomiske verdensordninga legitimerar dei store selskapa si rovdrift. Dette er grunnen til at selskap med mykje pengar gong på gong får kutte ned regnskog, dumpe avfall i Afrika, pumpe opp olje og gass koste kva det koste vil – og ikkje minst, knuse fjell og øydeleggje fjordar. Og politikarane har ikkje noke val: dei har eit budsjett å tenkje på. Det er slik dagens kapitalistiske samfunn fungerar, til fordel for dei store selskapa som håvar inn store pengar, mens småkommunar plukkar opp smulane dei treng for å overleve. Vi må begynne sjå ting i det store perspektiv: Naustdal kommune kan bli eit offer for eit jag etter profitt, slik vi ser eksempel på overalt i resten av verda. Eg håpar Naustdal kommune kjempar vidare uten å sprengje fjell, riktignok med mindre pengar, men med større hjarte.

La oss gi Engebjøfjellet til våre barn med stoltheit.

Lokalt Naturmangfald - Svar til Fossum

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, svarte i Firda 11. mars på innlegget mitt om lokalt naturmangfald. Fossum skreiv at Natur og Ungdom har misforstått omgrepet naturmangfald. Det er tydeleg fleire mistydingar ute og går.

Ei lang rekke lag, forskarar og miljøorganisasjonar kjem med kraftige åtvaringar mot den planlagde gruvedrifta i Vevring. Drifta vil føre til eit enormt naturinngrep, og har ein høg risiko for å øydelegge Førdefjorden.

Fossum brukar konsekvensutgreiinga (KU) som dokumentasjon på at gruveprosjektet i Engebøfjellet er utan fare for naturmangfaldet i Førdefjorden. At gruveprosjektet vil vere miljømessig trygt og langsiktig utan konsekvensar for verken raudlisteartar eller andre artar. Dette stemmer ikkje. KU er ikkje ferdig, og kan ikkje reknast som eit bevis for at økosystemet i fjorden ikkje vil bli påverka av fjorddeponiet. Fleire forskarar anbefalar vidare utredningar på mange område.

Norsk fjordlandskap er for andre gong blitt kåra til eit av dei beste reisemåla i verda. Vevring er eit kreativt og livleg bygdesamfunn, og ligg ved ein av dei reinaste og flottaste fjordane i landet. Eg tykkjer det er naivt og ulogisk å tru at gruvedrift og fjorddeponering vil vere miljøvenleg på den måten det er lagt fram. Lokalpolitikarane står ovanfor ei stor avgjerd. Kor mykje risiko for øydelegging av miljøet vil de godta? Gruveindustri der ein risikerar å øydelegge Førdefjorden for all framtid, eller ei fornybar satsing der ein tek vare på naturmangfaldet og livet i bygda. Kva veg tyngst?

-Inger Fure Grøtting, Fylkesleiar i Natur og Ungdom

Lokalt naturmangfald

I følge FN sitt klimapanel, skjer tapet av naturmangfold 100 til 1000 gongar raskare i dag enn for 50 år sidan. Vi er godt ute i 2010, Naturmangfaldsåret til FN. Medan FN i år set inn ekstra innsats for å stoppe tapet av naturmangfoldet i verda, gjer lokalpolitikarane det motsette.

Førdefjorden er omtalt som ein av dei reinaste fjordane i landet, og er ein nasjonal laksefjord. På verdsbasis har artar dødd ut til alle tider, men i dag skjer tapet av naturmangfold i eit ekstremt høgt tempo. I vårt eige land står nesten 4000 artar i fare for å dø ut. Nokre av desse raudlisteartane lever i vår eigen Førdefjord.

Det er utruleg mange grunnar for å hindre Nordic Mining til å starte gruvedrift i Engebøfjellet, og stoppe dei med å dumpe avfall i fjorden. Ein av dei er det rike og flotte naturmangfoldet vi har. Om FN skal klare å stoppe tapet av naturmangfold, er det på tide å byrje med vårt eige lokalsamfunn. Slutt å prat, og start å gjere handlingar!

- Inger Fure Grøtting
Fylkesleiar i Natur og Ungdom

Fryktar miljøkatastrofe i Førdefjorden

Utvinning av rutil i Vevring.
Det vil alltid vere ulike syn på kva som er samfunsmessig godt eller ikkje godt når det skal gjerast omfattande industrielle inngrep i små bygdesamfunn. I saka om rutilutvinning i Engebøfjellet, er det også viktig å sjå saka frå ulike sider.

Organisasjonen Natur og ungdom forstår at gruvedrifta vil skape over hundre nye arbeidsplassar. Ettersom arbeidsløysa i fylket har auka dei siste åra, veit vi sjølvsagt også at vi treng desse arbeidsplassane, men ikkje for einkvar pris. Ved å dumpe inntil 570 tonn steinstøv og kjemikaliar i gjennomsnitt kvar time dagleg i 50 år, blir nærast alt liv i store delar av Førdefjorden øydelagd. Vi ber difor om at de som bur her, og set pris på å ha ein fjordarm frå Førde til Stavang der de kan fiske og bade, gjer noko aktivt for å hindre at fjorden blir øydelagt.

Vi er inne i ei tid med auka fokus på naturvern. Det er difor urovekkjande at eit prosjekt som rutilutvinninga i Vevring, med eit så stort negativt inngrep på naturen, blir pressa fram. Det er lett å tenkje at det ikkje angår ein sjølv og at prosjektet er for stort til at ”vanlege menneske” kan gjere noko med det. Slik er det ikkje. Vi kan gjere like mykje som alle andre, og vi vil vere med på å hindre utbygginga etter den planen som er lagt fram av Nordic Mining. Fotoaksjonen som Natur og Ungdom starta opp på Facebook for nokre veker sidan er allereie godt i gong. Bodskapen er spreidd gjennom mange medium, og har gjort at folk frå heile landet er blitt engasjert i denne saka frå vårt fylke. Vi håpar og trur at også du og politikarane våre vil stå fram med dykkar standpunkt. Vi kjem berre med ei oppmoding. Ta omsyn til naturen, til menneska og til framtida, også for lokalmiljøet!

- Fylkesleiar i Natur og Ungdom

Norsk fjord på billegsal!

Frå dei oppdaga Ekoglitt i Engebøfjellet har mogeleg næringsdrift stadig vore eit tema som eg har fylgt med på. Var positiv optimist då Fjord Blokk prøvde seg. Dette kunne bli noke av både for bygda og kommunen. Var også positiv då Nordic Mining tok opp tråden og planla gruvedrift her. Dei fleste, og eg med, trudde at det var snakk om innvendig gruvedrift med full utnytting av overskotsmassane. Samt at alle miljøhensyn var ivaretekne på ein tidsmessig rett måte. Seinare forstod vi at drifta ville bli noko heilt anna enn fyrst antatt. Etter gjennomgang av Nordic Mining (NM) si konsekvensutredning (KU) fekk eg uendeleg mange spørsmål og få klåre svar.

Planen som omfattar ope dagbrudd dei fyrste 15 åra med tilhøyrande støv og støyplager, og oppfylling av ein heil dal med ”ubrukeleg” gråstein, var ein ting. Samstundes med dette skal ”ubrukelege” finknuste overskotsmasser frå rutilutskillinga sendast rett i fjorden. Og dette skal pågå i ytterlegare 35 år. Desse finknuste massane vil tilsvare ei mengde på 400 lastebillass dagleg i 50 år. Totalt er 95% – 97% av massane i Engebøfjellet ”ubrukelege”. Dei må ha kloke hovud som skal forstå fornufta i dette!

Naustdal kommune har som mål at deira kommune skal være ein god stad å bu i. Dei har eit budsjett i 2009 på 151 millionar. Ut frå både mål og budsjett kan ein forstå behovet for inntekter. Dei folkevalde i Naustdal har heilt sikkert lese KU frå NM. Der står det i avnittet om ”samfunnsmessige konsekvenser” at Naustdal Kommune vil kome svært godt ut av det dersom dei seier ja til utbygging! NM baserer kalkylene sine på statistikk frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) og eigne erfaringar. I kroner reknar dei med at kommunen kan kome opp i 5 millionar i skatteintekter (inntektskatt og eigedomskatt). Dette utgjer kun 3 % av kommunebudsjettet.
Ein treng vel ikkje vere verken politikar eller ha spesielt mykje fornuft for å skjøne at NM har motiv for å berekne desse tala høgt. Mykje tyder på at summen vil bli vesentleg lågare. Dessuten vil det fylgje meir kommunale utgifter med auka busetnad.

Spørsmålet mitt i denne samanhengen er om det er desse tala Naustdal kommune legg til grunn for eit vedtak? Skal tru om dei har gjort eigne vurderingar om kva dei får att for fjorden? Eller har dei andre motiv som lokkar? At tidlegare folkevalde i kommunen i dag mottek løn frå NM vonar eg ikkje gjev signal om at det er meir enn grumset i fjorden som trugar overflata. Eg meiner maktas elite bør ha svært gode argument for å ofre ein fjord med sin eksisterande rikdom.

Eit nytt spørsmål er om Naustdal kommune som framtidig næringsvert har vurdert alle konsekvensane av det dei eventuelt vil gå inn for. Dei miljømessige konsekvensane er nemde i KU. Heftige disputtar pågår. Ekspertanes tvil og fråråding heng tungt i lufta. Ja endog direktøren i NM har kasta seg ut i det. Han har opphøga seg til å irettesetje fagfolk i havforskningsinstituttet og meiner dei ikkje kan sine ting. Han er nok ein klok mann denne direktøren. Han burde vore politikar, ein av dei som pratar godt og ikkje er gode å få tak på. Mi meining om dette er at han med eit slikt utspel viser at han ikkje har noko til overs for Førdefjorden slik den ligg i dag med sin rike fauna.

At Førdefjorden er verna og utropt til Nasjonal laksefjord burde stå for noko anna enn eit luftslott som kan avskiltast når det måtte passe. Noreg som miljøhyklar har ofte synt seg fram i seinare tid. Fornybar energi må halde igjen produksjonen til fordel for gasskraft, medan vatnet fløymer over demningane. Jens talar stort om ”månelandinga” si. Attmed sit Kristin og svel kamelar. Begge pratar om at miljøet skal ivaretakast.

Det undrar meg og at offentlege instanser meiner at her er så store verdier på spel at omsynet til ”føre var” prinsippet må setjast til side. Kven sine verdiar? NM sine framtidige inntekter? Trur nokon dei vil tilbakeførast til kommunen eller distriktet? Eg vil minne om at vi i dag er komen langt inn i ”kynismens tidsalder”. I etterpåklokskap lurer vi på om ”Terra kommunane” trudde på Julenissen. Kva sit dei igjen med i dag? Og kva trudde dei på i Sløvåg i Gulen kommune? Der anklagast SFT for ikkje å ha gjort jobben sin. Kommunen anklagast for ikkje å ha hatt gode planer for kontroll. Lokalbefolkningen slit med helseplager. Brennpunkt på NRK har gitt oss litt innsikt i sakene! Kven blir nestemann?

Eit anna spørsmål eg har er kor trygge vi kan vere på dette Rutil mineralet? Kan det tenkjast at det med dagens og framtidas teknologi vert andre løysingar som vil erstatte ”Engjabøgullet”. Kva skjer dersom rutilprisen går til botnen saman med finmassene?
Kva ligg att ved ein konkurs? Vi ser endå restane som ligg att etter Fjord Blokk.

Med den utvida Schengen-avtalen treng ikkje Naustdal kommune eller distrikta få inn noko i skatteintekt. Alt av arbeidskraft kan innførast, og berre fantasien set grenser for korleis regelverket kan nyttast.

Det er den planlagde hastigheita i utvinningsprosessen som uroar meg mest. Dei ”ubrukelege” avgangsmassene burde kunne nyttast betre enn til dumping. Conoco berekna at Engebøfjellet inneheldt ekoglitt for fleire hundre års drift. NM vil ta ut alt på 50 år. Dette betyr at dei som eventuelt etablerer seg i dag ikkje kan overlate ei sikker framtid til sine etterkomerar. Ei dobling av utvinningstida ville bøte på dette og samstundes gi muligheit for andre næringar til å nytte dei ”ubrukelege” massane.Det blir rett nok ikkje so mykje overskot til NM. Men fleire bein å stå på lokalt og kanskje både næring og fisk til etterkomarane.

Dersom Naustdal kommune gjev NM tilsagn til utbygging ut frå aktuelle planer er mitt råd at dei like godt kan satse på Norsk Tipping. Få med nabokommunane på eit tippelag. Sjansane til gevinst er minst like store som å tru på gåver frå Julenissen!

Jarle Grytten, Bergen / Naustdal