Viser arkivet for stikkord erling

Trur Senterpartiet vi er dumme?

I dagens aviser kan vi lese at Senterpartiet lovar gratis ferjer. Igjen. Vi som er eldre enn 4 år hugsar godt kva Liv Signe Navarsete lova innbyggjarane i Sogn og Fjordane i 2005: Dersom ho vart vald inn på tinget skulle ho og Sp prioritere å sikre gratis ferjetransport. No har Navarsete kome heim frå Oslo etter fire år som folkevald, og trur tydeleg at borgarane i fjordfylket har dårleg minne.

“Ingen parti har reint fleirtal på Stortinget” seier andrekandidat Erling Sande til NRK Sogn og Fjordane i dag, på spørsmål om kvifor Senterpartiet ikkje held løfta sine. Dette er sjølvsagt heilt riktig. Men – og dette er er eit stort men – Liv Signe Navarsete har i fire fulle år vore samferdsleminister, i tillegg til medlem i regjeringa sitt mektige underutval. Og ikkje nok med det, ho har vore statsråd i Noregs første fleirtalsregjering sidan Willoch. Og ikkje nok med det, ho har vore statsråd i ei regjering med langt meir pengar til rådvelde enn noko anna regjering i norsk historie.

Kva meir treng Navarsete for å prioritere gratis ferjer?

Det verste trugsmålet mot demokratiet er desillusjonerte veljarar av typen “politikarar berre lyg og lyg”. Vanlegvis tek eg ikkje slike påstandar særleg alvorleg. Men akkurat når det gjeld Liv Signe Navarsete byrjar eg sanneleg å lure.

Å gå til val på gratis ferjer nok ein gong er ikkje berre fantasilaust, det er direkte respektlaust andsynes veljarane i Sogn og Fjordane.

Naturvernforbundet er ein klimabremse

Erling Sande

Naturvernforbundet meinar at utbygging av småkraft trugar det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vert skulda for å ikkje greie å ha to tanker i hovudet samstundes.

Sjølv har leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, mange tankar – men det nyttar lite når dei står i direkte motstrid med kvarandre. Han markerer seg både med krav om auka satsing på fornybar energi, samstundes med protest mot anlegga som skal produsere energien.

STIKK KJEPPAR I HJULA
Naturvernforbundet har berre dei siste åra markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar også mot kraftliner som skal føre straumen fram. Det vert lite utbygging av ny rein og fornybar energi av slikt.

Senterpartiets politikk tek omsyn både til miljøet og til ny fornybar energi. Vi og Naturvernforbundet er begge tilhengarar av opprustning av eksisterande kraftverk. Haltbrekken meinar at utbygde og ”øydelagde” område kan utnyttast, mens urøyrd natur må sparas. Her tek han feil på to punkt.

SMÅ INNGREPSTOR VERDI
Først er det viktig å presisere at sjølv om eit område er utbygd, er det ikkje øydelagt. Dagens utbyggingar tek store miljøomsyn. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Samstundes produserer dei verdifull og rein kraft. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje bygd ut. Med andre ord blir det særs vanskeleg å få fullt trøkk på vindkraftsatsinga om ein skal følgje Haltbrekkens råd.

Dersom vi ikkje skal få bygge anlegg til å bygge fornybar energi, så kjem det heller ikkje meir fornybar energi på marknaden. Dermed får vi heller ikkje erstatta den forureinande energiproduksjonen.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Vi er einige i at nokre naturområde og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer mot nær sagt alle prosjekt.

GRØN ENERGI MOT KLIMAENDRING
Haltbrekken har grunn til å frykte tap av biologisk mangfald – men for å få gjort tiltak som verkeleg monner, må han løfte blikket litt. Klimapanelet til FN (IPCC) har anslått at ved en temperaturauke på til dømes 4 grader, vil over 40 % av dagens kjente arter utryddast.

Fortsetter dagens utvikling i forhold til CO2-utslipp, kan utfallet bli dystrare. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Dersom vi ikkje lukkast i å få frem meir grøn fornybar energi, lukkast vi ikkje i klimakampen.

Av Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.