Viser arkivet for stikkord førde

HANDEL OG GRUVEDRIFT

Vi bur i Førde og vil ha det så bra som mulig her. Vi har mange arbeidsplassar, og det er svært mange som er arbeidspendlarar til Førde. Førde er ein by og vi ønskjer å vere urbane. Vi har og fin natur med fjord og fjell her og i nabokommunane, og vi reknar oss som eit friluftsfolk. Vi vil vekse, både i folketal og økonomisk-og vi vil ta vare på naturen.

Vi vil trivast og utvikle oss.

Førde er allerede kjent som handelsbyen og helsebyen i fylket, med våre handelshus, bilforretningar og møbelforretningar m.m -og sentralsjukehuset og interkommunal legevakt og høgskulen. I tillegg har vi kulturlivet med kunstmuseet, Førdehuset for å nemne noko.

Vi står framfor betydningsfulle avgjerder for byen og naturen rundt oss i 2015. Alle lurer på korleis det skal gå med arealplanen i Førde:
• Vert det handelspark på Brulandsvellene, og evt korleis vert den?
• Vert det gruvedrift i Naustdal, med fjorddeponering eller landdeponering av avfallsmassane?
Gruvedrifta i Naustdal kan vi førdepolitikarane berre uttale oss om, medan handelsparkspørsmålet ligg i våre hender å bestemme.

Kva får oss så til å meine det eine eller andre?
• Grunnleggande verdiar som vi har, og som er nærast urokkelege?
• Meininga til folka i vår omgangskrets?
• Meininga som kjem fram i avisinnlegg?
• Rådmannen eller ordføraren i Førde eller Naustdal sine oppfatningar?
• Stemninga på eit folkemøte?
• Meininga til interessegrupper?
• Innhenting av faktakunnskap?

Det som gjer det vanskeleg er at ein sjeldan har «ekspertane» som skulle kunna gje svar på spørsmåla samla på eitt brett. Arrangerer ein folkemøte vert det ofte skeivfordeling i oppmøtet av folk frå partane. Inviterer ein fagfolk seier nokon ja til å møte, medan andre avstår.
Partane argumenterer med sine tal og sine referansar, og det er nesten umulig å vite kven ein skal feste mest lit til, dersom ikkje det politiske spørsmålet er innan eit felt ein har kjennskap til t.d frå sin eigen jobb.
Når ein ikkje kan einast om utgangsverdiane, kor mykje ein sel, kor mykje folk som kan stipulerast som potensielle handelskundar i Førde, kva som er konsekvensen av fjorddeponi, kva som er skadeleg og kva som ikkje er skadeleg, så vil til slutt dei grunnleggande verdiane til politikaren telje mykje. For, det er fornuftige, tenkjande folk på begge sider av meiningsytringane!
Om ein ser attende til t d øldebatten i Førde i 2012, viser den kor vanskeleg dette med tal og fakta er. Salstala gjekk opp, men partane i debatten hadde sine eigne oppfatningar om kva som låg i tala og korleis dei skulle tolkast: Øl betre enn vin? Omrekning til alkoholeiningar-ulike reknemåtar. Kor mykje vart handla frå nabokommunane? Taxfreesalet for Sogn og Fjordane var ikkje med i rekneskapet. Ungdomen drikk mindre, middelaldrande drikk meir. Kva er verst, osv…

Altså, slik er livet: Ikkje alltid enkelt, og det består heile tida av val på bakgrunn av verdiar.

• Er vi tente med å ta risiko med Førdefjorden for å utvinne mineral og fargestoff?
• Er det rett at verda har behov for dette? Om så-kanskje greier Noreg å utvinne dette ned mindre skadeverknader enn andre land?
• Er langtidverknadane av fjorddeponi verre eller betre for naturen totalt sett over lang tid enn landdeponi?
• Vil gruvedrift sikre auka tilflytting av folk til regionen over tid? Vert det verdiskaping lokalt?Hamnar skatteinntektene i sunnfjorkommunane?
• Vil Førde sentrum verkeleg dø om det vert Brulandsvelleutbygging?
• Vil politikarane greie å handheve restriksjonar i handelen på Brulansvellene over tid?
• Har sentrum uansett eit problem pga auka netthandel og folk som vil køyre til døra for å handle utan å rote seg inn i sentrum om ettermiddagen?
• Kan sentrum tole meir butikkar med varer som må fraktast med bil.
• *Er vi naive som trur at Førde sentrum kan verte så attraktivt at folk utanfrå vil ta ein tur berre for å sjå og nyte Førde sentrum, eller skal vi innsjå at vi aldri kan verte så interessante som Røros, Ålesund eller Risør? *

Handelsmennene i sentrum er som naturleg er bekymra for kva som skjer om det vert fritt fram for utbygging på Brulansvellene. Dei er altså redde for å verte utkonkurrerte, redde for konkurranse, kapitalistane sin reiskap til alle tider. Dette er i seg sjølv interessant, men kjem ikkje til å verte avgjerande for kva eg kjem til å stemme i mars eller april når arealplanen kjem opp i bystyret.

Eg skal stemme for det som eg trur gjev det beste Førde å leve i i framtida. I mellomtida snakkar eg med folk, diskuterer med andre politikarar og prøver å finne ut kva dei meiner-og deltek på dei møta som er å oppdriva…Det må den folkevalde gjera.

Einar Solheim
Bystyrerepresentant i Førde( Ap )

Kapstad tek feil om miljøkonsekvensar.

Eg hadde bestemt meg for at eg hadde sagt mitt om fjorddeponiet. Men straumen av feilinformasjon ser ikkje ut til å ha nokon ende. Bjarte Kapstad skriv her i avisa 17/1-14 om “millionar av tonn med miljøskadelege massar i Førdefjorden”. Eg utfordrar Kapstad på å underbyggje denne påstanden. Kva miljøskadelege komponentar er det han tenkjer på? Kva slags miljøskader er det han ser for seg? Kan han vere meir konkret?

Eg meiner at Kapstad tek grundig feil. Det finst ikkje faktagrunnlag for påstandane hans. Når han skriv at sjødeponiet kjem til å skade andre næringar i regionen, er dette og ein påstand som eg trur han slit med å dokumentere. Det same gjeld konsekvensane for reiselivsnæringa. Det er reine spekulasjonar.

Eg trur eg vil vere litt for siktig med å bruke den britiske marinbiologen Callum Roberts som ekspert i denne samanhengen. Måten han uttalar seg på, tyder på at han ikkje har sett seg godt nok inn i saka. Han uttalar seg svært lite konkret og lite nyansert. Saman med den sterke ordbruken hans meiner eg at dette svekkar truverdet hans kraftig. Det er flinke vitskapsfolk med langt betre kunnskap om dette konkrete prosjektet som meiner noko heilt anna.

Kapstad byggjer påstandane sine og standpunktet sitt på sviktande grunnlag.

Faktum i denne saka er at vi langt på veg kan dokumentere at dei negative konsekvensane av fjorddeponiet ikkje vil bli spesielt store. Det kan leggjast konkrete rapportar på bordet som viser dette. Kvar er rapportane som underbyggjer motstandarane sine påstandar?

BUP må skjermast mot nedskjeringar!

Sogn og Fjordane har tre poliklinikkar for barn og unge som treng psykiatrisk hjelp. Men for mange er det langt å reise til Eid, Førde eller Sogndal der desse ligg. Barna og ungdommane dette gjeld, har og ofte behov for at foreldre eller føresette reiser til behandling saman med dei. Slik går det fort ein arbeids- og skuledag med til kvar konsultasjon på BUP. For å bøte på dette, har Helse Førde hatt som praksis at spesialistar kan reise ut frå poliklinikkane for at pasientane skal få hjelp i eigen kommune. Med dei budsjettkutta som no er føreslegne vil det ikkje vere rom for dette lenger, og alle som skal ha behandling ved ein av poliklinikkane må reise dit. Personlege møte mellom behandlarane og dei som treng hjelp kan ikkje utan vidare erstattast med telefon- eller videomøte, til det er problemstillingane for vanskelege og pasientane for sårbare.

I tillegg til helsepersonell som arbeider direkte med barna/ungdommane, har BUP og tilsett spesialpedagogar som har ei viktig rolle i å rettleie barnehagane og skulane der pasientane på BUP har kvardagen sin. Desse stillingane er no på kuttlista, og vi risikerer at den rolla BUP sine pedagogar har hatt no skal fyllast av kommunane sine tilsette i PP-tenesta.

Konsekvensane av å redusere dette tilbodet kan bli at barn/unge og familiane deira vegrar seg for å oppsøke poliklinisk hjelp, og det vil særleg råke dei som bur i utkantane i fylket. Barnehagar og skular får ikkje hjelp frå spesialistar når dei skal legge til rette for desse pasientane i kvardagen, men er prisgitt kapasiteten til det lokale PPT-kontoret. Vi risikerer at det vert endå større skilnader på tilbodet til barn og unge med psykiske vanskar.
Pasientane og deira pårørande vil med dei føreslegne nedskjeringane få ein dårlegare livskvalitet fordi vanskar får vekse seg større før dei vert tekne fatt i. Kommunane si PP-teneste vert sett under endå sterkare press enn tidlegare, og det vil gå ut over kommuneøkonomien. I tillegg vil dei kostnadene ein sparer ved å kutte i løyvingane til polikliniske tenester truleg komme att i form av at fleire pasientar vil få behov for døgnbehandling. Det er og grunn til å tru at barn og unge som ikkje får hjelp med psykiske vanskar, vil få det verre som vaksne med eit større behandlingsbehov enn det dei hadde i utgangspunktet. Det er såleis snakk om ei kortvarig innsparing for Helse Førde, men med store konsekvensar for både dei barna/ungdommane som vert råka og for lokalsamfunna dei bur i.

I utgangspunktet er barn og unge som treng hjelp frå psykiatrien blant dei aller svakaste gruppene i samfunnet. Det er krevjande for alle familiar når eit barn eller ein ungdom må få hjelp utanfrå for å takle kvardagen sin. Dette er og pasientar som manglar pressgrupper, og som slik kan bli gått forbi på prioriteringslistene. Dei er difor avhengige av at vi som fagpersonar seier frå. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at Helse Førde må skjerme barn og unge med psykiske vanskar, slik at dei framleis får eit godt tilbod uavhengig av kvar i fylket dei bur.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Magnhild Hoddevik, nestleiar

Sånn passe misfornøgd etter alt møkkaværet.

Bustadpolitikk på ville vegar?

I Firda 18. Oktober 2014 kommenterer rådmann Ole John Østenstad og plan- og bygningssjef Odd Harry Strømsli den nye arealplanen for Førde kommune. Fortetting av sentrumskjerna og handelsutbygging på Brulandsvellene vert prioriterte, medan nye sentrumsnære utbyggingsområde for einebustader igjen vert prioriterte ned.
Det er ingen tvil om at det er på høg tid med nye tankar i bustadpolitikken i Førde. Vert dei skisserte planane førande linjer for dei næraste åra, vil bakevja snarare bli større.

Det finns ikkje usemje i at fortetting og fornying av bykjerna er viktig for vidare byutvikling og urbanisering. Om ein ønskjer vidare folketalsauke, må ein imidlertid i arealplanen ta høgde for alle dei ulike gruppene i bustadmarknaden. Etter vår meining vil eit val om å skrinlegge utbygging av det som reelt sett er sentrumsnære område i så måte være svært uheldig. Mangel på slike tomter for einebustadar er per i dag eit etableringshinder for mange barnefamiliar. Dette er gruppa som kanskje er den viktigaste ressursen for vidare vekst og utvikling av Førde som by og senter.
Det er vanskeleg å sjå at ei satsing på einebustader i Førdslia skulle undergrave utbygginga av sentrum, slik Strømsli skisserar. Det vil neppe oppstå kannibalisme i ein marknad som er attraktiv for ei heilt anna kjøpargruppe. Dette føreset sjølvsagt at ei utbygging i Førdslia vert føreheldt einebustader. Leilegheiter i bykjerna vil i hovudsak vere aktuelle for einslege og eldre. Utbygging av hovedsakeleg små einingar har diverre vore symptomatisk for bustadutbygginga i Førde dei siste åra. Dette er primært drive fram av at dei store utbyggjarande, som i stor grad får legge til rette byggjeprosjekt med tanke på eiga inntjening. Dette burde kommunen kunne stå fritt til å motverke. Etter vår meining vil tilrettelegging av tomtesal til private og mindre aktørar gje ein sunnare og breiare konkurranse i marknaden.

Det vert i artikkelen påpeika at nye einebustader må liggje i omlandet. Øvre slåttebakkane, Farsund, Sunde, samt Kvamme og Ramstad i Angedalen er valgte som utbyggingsområde. Når ein vel å forkaste meir sentrumsnære alternativ, ser ein etter vår meining vekk frå grunntanken med å etablere seg i ein småby som Førde. Det å kunne bu nær arbeid, skule og fritidstilbod, og dermed minimalisere logistiske utfordringar i kvardagen, er vesentlege faktorar. Når ein fyrst lyt ta bilen fatt, betyr ekstra minutt lite. Det vert då lett å sjå til nabokommunane, som kan by på attraktive utsiktstomter til lågare kostnad. Det framstår for oss underleg at Førde kommune slik ser seg råd til at gode skattebetalarar heller etablerer seg i nabokommunane. Dette vil sjølvsagt igjen ha negative konsekvensar på den daglege handelen i Førde sentrum. Slik vi ser det, vil ei meir perifer bustadutbygging bidra til å flytte handelen mot Brulandsvellene.

Førde kommune fekk nyleg utført ei omfattande konsekvensutgreiing og ROS-analyse av konsulentselskapet Sweco. Denne er publisert på kommunen sine nettsider. Det framstår påfallande at fleire av dei områda kommunen no vil utbygge med einebustader, her vert vurderte som ikkje tilrådelege for utbygging. Dette medan sentrumsnære område i Vieåsen, Slåtten, Skei ved Toene, Brattebergkvia og Førdslia her vert vurderte som tilrådd utbygde.

Konklusivt ser vi det som vel og bra at kommunen ønskjer ei fortetting med utbygging av leiligheter i sentrum. Tilrettelegging av reelt sentrumsnære einebustadtomter saknast imidlertid frå arealplanen. Vi føreslår at det opnast for regulering av tomter for einebustadar på tilrådde areal i Vieåsen, Slåtten, Skei ved Toene, Brattebergkvia og i Førdslia, parallelt med ei fortetting av bykjerna. I så måte håpar vi at alle som ønskjer ei balansert bustadutbygging i Førde, fremmer dette ved dei førespegla folkemøta i høyringsfasen av den nye kommuneplanen.

Torgeir Folkestad, Førde
Øystein Nordahl Moe, Førde

Ope brev til Førde kommune

Som utflytta student ser eg med aukande frustrasjon på at historia held på å gjenta seg. Etablering av store bilbaserte kjøpesenter representerer alltid ei flytting av marknad og pengar, frå sentrum til eit vegkryss. Denne gongen er det til Brulandsvellene. Det er mange privatpersonar og næringsdrivande i Førde og omland som er imot utbygginga. Dette er ei stemme frå ein av dei mange studentane frå Førde.

I planprogrammet for Områderegulering Brulandsvellene blir handelsparken stadig referert til som nødvendig, transporteffektiviserande og miljøvennleg. Denne informasjonen er spekulativ og umogleg å feste lit til, om den ikkje blir følgd opp med forsking som kan stadfeste dette.

Staten har utvikla Rikspolitiske retningslinjer for areal- og transportplanlegging. I planprogrammet for Områderegulering Brulandsvellene blir desse nemnde mellom fleire «overordna planer og føringer». I eit utdrag står det: «Sentrale virkemidler er klare tettstedsgrenser, samling av naturinngrep samt høy tetthet innenfor byggesonen, kombinert med økt hensyn til grønnstruktur og kulturmiljø.» Ytterlegare utbygging på Brulandsvellene vil bryte med alle desse punkta. Eitt av problema er den katastrofale bruken av matjord. Føregåande regjering lova å halvere nedbygginga av jordbruksland. Dessverre blei berre nedbyggingstakta auka. Dette skjer i ei tid då Noreg ikkje er sjølvforsynt med mat, og verda står overfor eit trugande overbefolkningsproblem.

Ved å late store kjeder som til dømes XXL og Obs Hypermarked etablere seg på Brulandsvellene ønskjer ein å hindre handelslekkasje til Bergen og Ålesund. Det vil truleg alltid vere ein viss handelslekkasje ettersom folk gjerne tek ein bytur av andre grunnar enn handel primært. Dersom ein lukkast å vinne att denne marknaden, kan ikkje dei nye butikkane drivast berre på dette grunnlaget. Resten av salet må takast frå allereie etablerte butikkar i Førde og omland. Ein hevdar at handel med plasskrevjande varer ikkje vil konkurrere med detaljhandel i sentrum, men eg trur det blir vanskeleg å handheve dette skiljet. Trondheim, Ålesund, Levanger og Tønsberg er døme på sentrum der detaljhandelen strevar grunna eit flytta handelstyngdepunkt.

For å heve utnyttingsgraden på tomta har ein opna for å legge til 250 bueiningar i planområdet. Mange er sjølvsagt uroa over kvaliteten på desse bustadane. Like vesentleg er det at dette er einingar som kunne vore viktige i vidare urbanisering og vitalisering av Førde sentrum. Bustadane vil vere i slik avstand frå skulen at 1.klassingane vil ha rett på skulebuss. Dette bør sette perspektiv på bruken av omgrepet «den sentrale beliggenheten». Ein kan rekne med at barn i trinna over dette i stor grad også vil bli køyrde til skule og andre aktivitetar. Kommunen og evt. utbyggar pliktar å sikre trygg skuleveg ved etablering av nye bustadområde.

Førde har hatt ei positiv utvikling i sentrum dei siste åra. Med vidare fokus på urbanitet og trivsel i sentrum kan Førde bli eit attraktivt bysentrum med den lokkande effekten det har på unge nyutdanna og studentar. Kommunane rundt treng Førde som ein stad der det er godt miljø for nyetablering av bedrifter med krav til høg kompetanse. Stopp i utviklinga av sentrum kjem til å gje Førde problem med å vere attraktiv.

I planprogrammet for Brulandsvellene står Regional planstrategi nemnd som overordna plan og føring. Overordna mål i Regional planstrategi for Sogn og Fjordane er auke i innbyggartalet. Vidare står det: «Den mest relevante strategien er å styrke attraktiviteten til kommune- og regionsentra, som bl.a. innebærer å bygge mer urbanitet og styrke tilbudene i tettstedene» Planane om handel og bustad på Brulandsvellene hindrar urban utvikling i sentrum, og kan påverke tilboda i tettstadene rundt Førde.

Førde kommune sin Kommunedelplan energi-, miljø og klima er nemnd som ein annan av dei overordna planane. I denne står det at «Førde kommune skal ta hensyn til klima og energi i framtidige planer, og fremme tiltak som reduserer bruk av energi og utslipp av klimagasser. Dette innebærer blant annet å fremme en arealplanlegging som gir høy arealutnyttelse med mindre transport og bedre kollektivløsninger.» Det blir fleire stader vist til at planane gjev høg utnytting av tomtene. I planprogrammet går det fram at med bustadprogrammet på taket blir total utnytting 95%. Dette er likevel låg utnytting av kostbart jordbruksland, når vi veit at store delar av Førde sentrum no er regulert til mellom 150-265% utnytting. Denne høge utnyttinga skjer med avtrykk opp mot maksimalt 68% av tomta sitt areal. I planprogrammet for Brunlandsvellene blir det ikkje oppgjeve noko BYA, men ei konseptskisse viser at så godt som heile tomta er tenkt lagt under bygg eller asfalt. Det blir vidare hevda at tomta ligg godt til for syklande og gåande med berre 1,8 kilometer til sentrum. Dette rekk i realiteten berre til Festplassen. Reisevaneundersøkingar visar at på reiser mellom 1 og 1,9km skjer 42,2% med sykkel eller på beina. Dersom ein har tilgang på bil, er andelen som går eller syklar enno lågare. På reiser 2 km og oppover fell andelen gåande og syklande kraftig. Med tanke på avstand til andre servicetenester, bør Førde kommune leggje føringar for å fortette sentrum og styrke eksisterande kollektivtrafikktilbod, i staden for å etablere og utvide bilbasert handelspark.

Førde kommune kan vedta ei områderegulering som strir mot planintensjonane på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Dei har sjølv utforma planar som legg føringar mot denne typen etableringar. Å gå mot desse verkar som ei undergraving av planverktøyet og deira eigen integritet. Eg håpar dei no vil slutte å tenke på morgondagen og begynne å tenke på neste generasjon. Og om dei ikkje gjer det, blir ikkje Førde ein by eg vil flytte tilbake til.

Andreas Magerøy,
Arkitekturstudent ved NTNU.

Storhall ruvande i Gamle Førde? Nei takk!

Eg ser i Firda at ein del fotballentusiastar ønskjer å byggje innandørs fotballbane på tomta som den gamle husmorskulen ligg på i dag. Ja, den skal jamvel leggje seg oppå Prestebøen, ei av dei gamle gatene i Førde. Min første reaksjon var: dette kjem aldri til å få politisk aksept. Ikkje lenge etter er det fleire frå det politiske miljøet som signaliserer at dette kan dei godt tenkje seg. Min reaksjon i dag er: Har de gått frå vettet!
På midten av 70-talet let politikarane Domus få leggje seg oppå det som til då hadde vore Sivertsens hotell. Ein stor ærverdig trebygning i Førde sentrum. I tillegg la Domus seg oppå Kyrkjevegen, ei av dei gamle gatene frå det gamle Førde til det som no er sentrum. Kyrkjevegen laut då leggjast i ein krok rundt hushjørna på Domus. I mange år gjekk Førde for å vere ein av dei styggaste stadane i landet. Min påstand er at det som skjedde med Domus, Sivertsens hotell og Kyrkjevegen har vore ein medverkande årsak til denne tvilsame æra. Dei fleste i dag er vel einig i at det Førde gjorde den gangen, var eit stort feilgrep.
Skal de så gjenta dei same feilgrepa i dag? Prestebøen er ei gate i Førde som har vore der i uminnelege tider. Den er ein viktig del av identiteten til byen. Ein skal vere yttarst varsam med å øydeleggje desse gatene. I tillegg vil ein storhall vere heilt malplassert så tett opptil Gamle Førde og Hagebyen. Vi snakkar her om eit bygg som vil verte svært ruvande. Så ruvande at det òg vil leggje seg midt i utsynet til både kyrkja og alle dei historiske gardane på Toene: Sorenskrivargarden, Prestegarden og Kapteinsgarden.
Eit bygg av denne dimensjonen kan ikkje plasserast i området mellom Angedalsvegen og Kyrkjevegen. Denne typen bygg må plassert svært nennsamt, og på ein stad der det ikkje vil vere ei estetisk katastrofe. Dersom ei slik anna plassering ikkje let seg finne, er det betre om Førde er utan innandørs fotballbane. Ta vare på det som er att av det gamle Førde!

Jo Ueland

Jakten på Sunnfjords kunstskatt

Sunnfjord har uforskammet mange kunstnere på toppnivå. De hevder seg nasjonalt og internasjonalt. Heldigvis vet sunnfjordinger flest dette og har vett til å skryte litt av det. Det er jo ikke noe man som turist ser med det blotte øyet.

Dessverre ser man det ikke på det nye kunstmuseet i Førde heller.

Jeg besøker Førde ofte og for meg er det utenfor fatteevne at man ikke samler alle de beste kunstnerne på det nye kunstmuseet. Det kunne blitt det kraftsentrumet for kunst som både folk i regionen og tilreisende fortjener.

Om en reiser rundt i verden og ser på de vellykkede kunstmuséene så er det én ting alle gjør bra: En unik fast samling som trekker turister og kunstinteresserte igjen og igjen. Ofte varierer man over tema i de faste kunstnernes verker for å vise ulike sider av et kunstnerliv. Samtidig stiller man ut nyere kunstverk av andre kunstnere. Kjente og ukjente.

Gleden er at de gamle perlene trekker besøkende til det nye, og det nye til perlene.

Anders Askevold, Nicolai Astrup, Ludvig Eikaas, Gunnar S. Gundersen, Anders Svor, Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim. Det er sikkert flere som skulle vært nevnt. Sammen og hver for seg utgjør de noe varig, noe å speile seg i for regionen. For tilreisende også. Men om en skal oppleve disse flotte kunstnerne må man halse rundt i fylket for å se mer eller mindre halvhjertede samlinger. Om det i det hele tatt er åpent.

Jeg har forsøkt meg på Eikaas-museet. De første gangene var det stengt. Da jeg endelig kom meg innenfor var vaflene bedre enn kunnskapen om det som henger på veggene. Det er ikke den eminente vaffelstekerens skyld. Jeg har forsøkt meg på Sanden i Naustdal. Der står det noen fantastiske statuer. Kunst på kryss og tvers, åpent og tilgjengelig og spennende. Det inviterer til mer. Men hvor går man så for å oppleve mer Slettemark og Torsheim?

I Firda kan jeg lese at sjefen for det nye kunstmuseet virker nærmest likegyldig om det kommer 5 eller 5000 til en utstilling. Han burde spretta champagneflaska på første og siste dag av Torsheims jubileumsutstilling som samlet sett trakk 5000 besøkende.

På utstillingen i Bergen i 2004 ble Oddvars bilder gjestet av over 6000. Det var det kun Picasso som hadde begått før ham. Ingen etter.

5000 besøkende i Førde er enormt gode tall, og det vet Svendsen. Han burde jubla, men mumler heller i skjegget. Det virker som om han er redd for at det populære skal skygge for det smale. Han burde vite bedre.

Jubileumsutstillingen og ønsket om å la hunden forbli på hjørnet av museet viser at folk bryr seg mer om sunnfjordskunsten enn ledelsen innenfor døra på samme hus.

Et vitalt kunstsentrum er så mye mer enn et nytt bygg. Et godt hus er et fint utgangspunkt, men det ble ikke bygd for at museumsledelsen skulle sove komfortabelt i timen. Det er hotell rett over gata.

Pål Bråtelund, Oslo.

Something is rotten in the state of…

I haust fekk vi høyre at politikarane i Førde kjedar seg. Eg kan godt forstå at det politiske systemet i kommunen ikkje fungerer som det bør. Men på ei anna side var det og litt provoserande. Dei som sit i bystyret, i alle fall dei fleste, har tatt på seg dette vervet med vitande og vilje. Dei har som oppgåve å ta debattane når dei kjem, og ta opp dei sakene dei brenn for. Dei må ta ansvar sjølv. Det følgjer og med eit ansvar for å vere med på dei vanskelege debattane, og ikkje berre det som er moro som å fantasere om uendeleg vekst.

Vi har som kjent ført ein «skulekamp» i kommunen dei siste åra. Eg meiner det er rett å sette det i anførselsteikn for eg er veldig usikker på om det nokon gong var ein reell kamp. For oss i grendene føltes det i høgste grad som ein kamp. Ein kamp for retten til eksistens for å sette det på spissen, og det syns eg godt vi kan. Ein kamp der vi i først trudde motstandaren var politikarane som vi skulle overtyde med rasjonelle og fornuftige argument, slik at dei i sin tur fatta eit gjennomtenkt vedtak. Rett skal vere rett, vi fekk høve til å framføre våre argument på kommunen si misjonsferd på dei ulike skulane. Men debatt vart det aldri. Gjennomgangstonen frå politisk hald var at ein må stole på det rådmannen legg fram.

Utgangspunktet for «kampen» var som kjent innsparingskravet kommunen hadde pålagt seg sjølv. Ein kan undrast om det, når alt kom til alt, hadde noko med utfallet å gjere i det heile tatt. Men det vil vere å spekulere, og det skal ein vel halde seg for god til. Omstenda skulle uansett ha det til at kommunens skulebruksplan skulle rullerast akkurat på same tid. «Kommunedelplan for utbygging og utnytting av skulane i Førde 2013 – 2020». Utifrå tittelen var det rimeleg å anta at ein hadde eit relativt langsiktig perspektiv og at ein kom til å ende opp med ein plan som dekkjer behovet ein ser føre seg fram til 2020. Det er som kjent vanskelig å spå, spesielt om framtida, men med relativt stabil folkeauke dei siste åra, og ein viss oversikt over kommande generasjonar elevar, skulle ein ha god sjans til å treffe sånn nokon lunde. Det viste seg ganske raskt at dette vart ein grov bom.

Kommunen har eit uttalt mål om fortsatt folkeauke og då spesielt i sentrum. Skulle for så vidt berre mangle at ein kommune som Førde ikkje har det som mål. Ingen ting i vegen med det. Men ein kan ikkje gløyme dette når ein jobbar med planar som for eksempel skulebruksplanen. I høyringsdokumentet til planarbeidet hadde ein med status for skulane i kommunen. Ser ein på sentrumsskulane kunne ein sjå at Flatene og Halbrend hadde god kapasitet. Førde Barneskule skulle kunne klare å handtere dei elevane som eksisterte i krinsen på dåverande tidspunkt, men ikkje så mykje meir. Sunde skule var og akkurat passeleg, men utan rom for auke. Slåtten skule var alt sprengd, slik den alltid har vore. Med det som utgangspunkt skulle ein ikkje tru at det å tilføre fleire elevar til sentrum utan større tiltak skulle kunne vere mogleg.

Eit av argumenta som vart nytta for å legge ned Angedalen skule var at ein måtte bygge på Slåtten uansett. Utbyggingsbehovet på Slåtten er det ingen som bestrid. I høyringsdokumentet kunne vi lese om situasjonen på Slåtten skule i 2012:

«Her er i dag 393 elevar fordelt på 18 klassar. Dette vil auke noko i perioden, og vere på 403 elevar og 19 klassar i 2016/17 og 398 elevar og 18 klassar i 2017/18. Det er då ikkje teke omsyn til elevar frå den siste utbygginga i Vieåsen sør. Når det gjeld undervisningsrom er skulen bygd for 17 klassar. I dag er det 18, og skulen har ikkje plass til fleire.

Skulen har behov for utbygging av omsyn til elevauken som har vore og som kjem framover. Skulen er i dag sprengd, og har stort press på spesialromma. Skulen har også for tronge lokale for personale som fylgje av at skulen berre var bygd for 2 parallellar.

Om skulen vert påbygd er det liten kapasitet i gymsal og formingsrom. Det er elles mangel på grupperom. Gymsal og formingsrom er sprengde/har ingen ledige timar i løpet av veka. Skulen har ikkje natur-/miljøfagrom.»

I høyringsdokumentet vart det presentert ei rekkje ulike alternative tiltak for å nå innsparingskravet. Det er verdt å merke seg at i dokumentet som vart sendt ut på høyring var det ingen av alternativa som aleine møtte innsparingskravet. Beregning av potensiell innsparing gjekk i stor grad ut på å telje antall klassar. Etter høyringsrunden vart det gjort nye berekningar basert på oppdaterte elevtal. Då viste det seg at i løpet av 3 månadar hadde elevtalet endra seg slik at alternativet med å legge ned Angedalen skule skulle kunne gje nødvendig innsparing. Marginane var rett nok ikkje større enn at det for tre av årstrinna skulle berre ein elev til for at heile innsparinga forsvant. Men det er tydelegvis eit godt nok grunnlag for å vedta langsiktige planar for skulesektoren i kommunen.

Når rådmannen kom med sitt framlegg var alt kokt ned til kvar ein skulle bygge ut. På Slåtten eller på Sunde. I framlegg til vedtak kunne vi lese følgjande:

«I denne planen tilrår rådmann at Slåtten skule vert utbygd til full 3 parallellar skule. Det vil krevje 3-4 nye klasserom og arbeidsplass for lærarane. Vi har rekna med ei utbygging på ca 400 m2 til ein kostnad på 35.000 pr m2. Samla kostnad vil då vere ca 14 mill, men dette er berre kalkulasjon basert på erfaringstal.»

«….Rådmann vil difor minne om at ein i denne planen også må ha fokus på kva som er framtidsretta tiltak, og at det må henge saman med handsaminga av både arealplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel.»

«….Slåtten skule skal byggast ut til full 3 parallell skule for å ha plass til vidare utbygging i dette området. Ei utbygging av Sunde skule kunne vore eit alternativ, men rådmann tilrår at det ikkje vert utbygging på den skulen no….»

28. februar 2013 vart Angedalen skule henvist til historiebøkene. Det var ikkje vilje til å utsette sjølve nedlegginga til Slåtten var ferdig utbygd. Rådmannen kunne garantere at nybygget skulle stå klart til skulestart hausten 2014, og at det var god nok plass på Slåtten til elevane frå Angedalen alt frå hausten 2013. Sjølv om kapasiteten alt var spreng. Vi prøvde å påpeike at 14 millionar til utbygging av Slåtten virka usannsynleg lite med tanke på behovet som var skissert i forkant. Syns jo og at det var eit ambisiøst mål at ein skulle vere klar med eit nybygg på så pass kort tid, men for all del; Det høyrtes jo bra ut og ambisjonar bør ein jo alltid ha.

I juni 2013 hadde ein føre seg økonomiplanen for 2014-2017. Dette er altså om lag 3 månadar etter at skulebruksplan for 2013 – 2020 er vedtatt. Her kan ein lese fylgjande:

«Arbeidet med å skaffe fram rombehov frå skulen starta våren 2013. Det synte seg fort at skulen hadde større ynskje om utbygging enn det som låg i minimum behovet i skulebruksplanen. I dette låg større areal til SFO og i tillegg eit auditorium for å kunne samle alle lærarane og fleire klassar samstundes. Dette var i tillegg til dei 3 nye klasseromma og areal til fleire arbeidsrom for lærarane.»

Korleis kan ein legge fram forslag til ein skulebruksplan som skal gjelde i 7-8 år utan å kjenne betre til, og ikkje minst ta omsyn til, situasjonen og behova ved skulane?
At behovet var og er større enn 3-4 klasserom kan ein jo lese i frå kommunens eigne høyringsnotat. Det vart og belyst i høyringsrunden frå fleire hald. Det skal uansett ikkje komme som ei «overrasking» ein månad eller to etter vedtaket er gjort.

Av dei meir graverande tinga som ikkje var med i kommunen sin status i forkant er for eksempel at det eksisterande ventilasjonsanlegget ikkje held mål og at gymsalen ikkje har tilstrekkeleg med nødutgangar. Ein annan ting er SFO. Det vart brukt som argument mot Angedalen Skule at ein der måtte dele rom mellom SFO og skule. At dette også er tilfelle ved Slåtten Skule vart ikkje nemnt med eit ord. Og slik framtidsplanane ser ut på noverande tidspunkt kan det sjå ut som det vil bli gjort i større grad framover.

Sjølv om ein i utgangspunktet hadde sagt at 14 millionar skulle vere nok vart det i økonomiplanen sett av 25 millionar for utbygging av Slåtten. Det er ein auke på om lag 80 %. Noko dei fleste andre vil kalle ei formidabel auke og som undergrev heile skulebruksplanen. Men med tanke på det faktiske behovet virka 25 millionar framleis litt lite. Vidare kjem det fram:

«Elevtalet ved Sunde skule har også auka, og frå hausten 2013 vil skulen måtte ta i bruk det siste spesialrommet til klasserom. Skulen vil då ha problem med å gjennomføre undervisninga etter Læreplanen m.a. i kunst og handtverk og musikk. Sjølv om ikkje det skjedde nokon endring ved Sunde skule i skulebruksplanen, så må det gjerast tiltak ved denne skulen. Det skulle vere rom for å løyse nokre av desse behova innanfor summen på 25 mill.»

Minner om at dette kjem fram knappe 3 månadar etter at skulebruksplanen er vedtatt. Nok ein gong… Korleis kan rådmannen legge fram og stå inne for ein langtidsplan som ikkje held meir enn i 3 månadar? Situasjonen på Sunde skule var kjent, men likevel tilrådde rådmannen at tiltak ikkje skulle gjerast.

Ein har i løpet av hausten jobba med planane for nybygg på Slåtten, og med det ein ny kostnadssprekk. Estimatet har komme opp i om lag 35 millionar, som er ein auke på 150 %. Framleis utan å eigentleg få plass til alt ein faktisk treng.

Kva har så ein oppnådd?

Har ein klart å nå innsparingskravet? Neppe. Og det kjem ein truleg aldri til å gjere, men det er eg trygg på at ingen nokon gong vil innrømme. Berekning av potensiell innsparing gjekk som nemnt ut på å telje antall klassar. For å kunne nå innsparingskravet måtte ein ned på 17 klassar på Slåtten skule. Men når skuleåret tok til hausten 2013 var der 19 klassar. Det utgjer om lag 85 % av heile innsparinga. Det stod heller ingen ting i framlegget om at ei utviding av Slåtten skule skulle utløyse eit behov for ein ekstra assisterande rektor ved skulen. I forhold til kostnad utgjer dette fort like mykje som ein klasse til. Som tidlegare nemnt kan ein undre seg over om innsparing var meir eit påskot, enn grunn for nedlegging. Uansett årsak så vart valet at ein skulle satse på Slåtten skule.

Det store spørsmålet no er om det blir gjort. Etter alle solemerker er ikkje det tilfelle. Slåtten skule har frå dag éin vore underdimensjonert. Den har vorte utvida fleire gonger utan at ein nokon gong har klart å bygge nok. Når det no er det bestemt at skulen skal vere ein full 3-parallellar skule, burde det tilseie at ein har nådd taket med tanke på antall klassar og elevar. Som i sin tur skulle tilseie at dette er siste byggesteg på Slåtten skule. Men historia gjentek seg nok ein gong, som den vist nok brukar å gjere. Sjølv om ein var klar over behovet lenge før vedtaket vart gjort har ein ikkje klart, eller rettare sagt hatt vilje til, å innsjå kva som må til. Ein kan ikkje anna enn å undre seg over kvifor… Når den nye skulebruksplanen vart vedteken var det med forsikring frå rådmannen om at det nye bygget på Slåtten skule skulle vere klart til skulestart hausten 2014. Slik det ligg an no synest det å knyte seg størst spenning til om ein i det heile tatt er begynt å bygge då. Sikkert er det i alle fall at trongt blir det på skulen neste skuleår og.

Arbeidet med skulebruksplanen handla sjølvsagt om meir enn kor vidt ein skulle legge ned ein skule eller ikkje. Utgangspunktet for arbeidet var ikkje «korleis kan vi gjere skulen i Førde endå betre», men heller «korleis kan vi bruke endå mindre pengar». Totalt 3.5 millionar skulle det sparast i skulesektoren. Ikkje fordi ein bruka så umåteleg mykje på skule, men fordi ein konsulentrapport vist nok synte at her var det pengar å hente. Om lag 1.4 millionar av dette vart tatt av drifta. Meir var det ikkje å hente fordi ein tidlegare har kutta så mykje som råd. Noko som kanskje burde indikere at ein er på utrygg grunn. Den siste tidas oppslag om at ein har for lite pengar til spesialundervisning bør ikkje komme som ei overrasking for dei ansvarlege. Det å samle fleire elevar på færre skular samstundes som ein skal bruke mindre pengar på drifta synes for meg å vere ei dårleg oppskrift. Av dei kommunane Firda hadde med i oppslaget var Førde den kommunen som brukar mist pengar pr. elev og som har flest elevar pr. klasse. Og behovet for spesialundervisning går oppover…

Skulen i Førde har skåra høgt på kommunal rapport si oversikt dei siste åra. Det håpar eg inderleg at den kjem til å gjere i åra som kjem og, men trygg er eg ikkje. Når eg set meg på eit fly vil eg ikkje tenke på at dette har vorte bygd av den med det lågaste anbodet. Like lite ynskje eg at dei som er ansvarleg for våre borns opplæring skal velje den løysinga som er billegast. I nokre høve er berre det beste godt nok og dette er eit av dei.

Rune Hegrenes

Satsar Helse Førde på psykisk helsevern?

I samband med at Helse Vest avslo søknaden frå Helse Førde (HF), om investeringsmidler for å bygge ny Psykiatrisk klinikk i Førde, så uttalte direktør Jon Bolstad seg til NRK Sogn og Fjordane. Nok ein gang viste han til brukarundersøkingar, som han meinte synte at HF satsa på psykisk helsevern(PHV). Lpp har gått gjennom brukerundersøkingane. Kvar er dei undersøkingane som han syner til?
Er det undersøking i 2011 av Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjeneste om fastlegar sin oppfatning av distriktspsykiatriske senter (DPS)?
Det er slike senter i HF. Dei er plassert i Sogndal, Eid og Førde, her kan det lett oppstå metodiske feil. Kjennskap kan medverke til meir positiv resultat . Merk deg at berre 20 fastleger som er tilknytt DPS Førde svarte på undersøkinga. I Nordfjord DPS var det 18 fastlegar som svarte. Førde har ca 50 % av befolkninga. Det er også verdt å merke seg at DPS Førde hadde dårlegare resultat på alle indeksar i høve til Eid og Sogn, fastlegane er tildels mindre nøgde med tilbodet i Førde.
I denne undersøkinga hadde HF gode resultat samanlikna med mange andre DPS i landet. Når ein ser nærare på undersøkinga så ser ein at kun 46 % av fastlegane i fylket hadde svart og dette er under landsgjennomsnittet. Dei 3 DPS-ane i HF er blant dei minste i landet og det er heilt naturleg at legane ved DPS og kommunane kjenner til kvarandre og dei vil då ha lettare for å ta kontakt og samarbeide. Mange av legane har også arbeida nært saman i kommunane og på DPS tidlegare i karrieren. Dette vil ha betydning for korleis dei vurderer kvarandre og korleis dei samarbeider. Med eit slikt utgangspunkt kan ein undre seg over at resultatet ikkje er betre. Ei undersøking der legane er spurde om deira vurdering av tenesta, kan ikkje kallast ei brukerundersøking. Pasientar og pårørande er ikkje spurde.
Måling av kvalitetsindikatorar:
Andre undersøkinga som Bolstad viser til, er måling av kvalitetsindikatorar, som helseføretakaa har utarbeida i samarbeid med Helsedirektoratet m.fl. Døme på slike indikatorar er: kor raskt det blir sendt ut epikriser etter behandlinga er avslutta, tal pasientar som har fått spesifisert diagnose, tal tvangsinnleggingar, fristbrot og liknande. Samdatarapporten som blir utarbeida kvart år på grunnlag av tal helseføretaka rapporterer inn viser tal utskrivingar, konsultasjonar, døgnopphald, tal personale, kostnader osv. Desse tala fortel ikkje noko anna enn det tala viser og knapt nok det. Utskriving før pasienten er ferdigbehandla og reinnleggingar vil verke positivt for aktivitetstala.
Tala som kjem fram fortel noko om det som indikatoren skal måle. Tala fortel ikkje noko om tenestetilbodet og korleis det fungerer for pasientane, eller korleis fagfolka i avdelingane vurderer tilbodet. Det kjem ikkje fram kor mange pasientar som blir avvist eller for tidleg utskrivne. Behandlingseffekt og pasientane sin tilfredsheit med tenestene blir ikkje målt. Kvaliteten på behandlingstilbodet har konsekvensar både for pasienten og pårørande. og dei kjenner godt til korleis tilbodet faktisk fungerer.
BRUKARUNDERSØKING:
Vi kjenner ikkje til at HF har gjennomført brukarundersøking. Ei brukarundersøking innebere at brukarane av teneste,* i dette tilfelle pasientar og pårørande*, får uttale seg om sine erfaringar med tenestene. Direktør Bolstad viser i intervjuet med NRK Sogn og Fjordane til at HF har satsa på psykisk helsevern og at brukarundersøkingar bekreftar dette. Undersøkingane som Bolstad viser til er ikkje brukarundersøkingar. Helse Førde har satsa på å få gode tal der det finst indikatorar som lett kan målast. Tiltak som ikkje blir målt blir heller ikkje sett i verk. Når det gjeld kurs og opplæring til pasientar og pårørande så har Helse Førde ikkje noko tilbod. Innan somatisk sektor er det eit stort tal slike tilbod gjennom lærings og mestringssenteret (LMS) Differensiert behandlingstilbod som bruk av musikkterapi, kunstterapi, ulike gruppeterapi og mestringskurs finst ikkje i Sogndal og Førde. Det er heller ikkje noko dagtilbod. Andre helseføretak satsar på spesialavdelingar for psykosebehandling. Helse Førde fjernar slike avdelingar. Dette er faktorar som ikkje blir målt og telt. I investeringsbudsjett for dei neste 5 åra løyver HF styret 500 millionar av eigne midlar til utbygging innan somatisk sektor, men psykisk helsevern får ikkje ei krone.
For oss i LPP er det vanskeleg å forstå at direktør Bolstad og styret i HF kallar dette ei satsing på psykisk helsevern.

Landsforeningen for pårørende innen Psykisk helse, LPP Sogn og Fjordane, ved Ragnhild-Lise Korsvoll, leiar og Astrid Gytri, styremedlem.

Bruk vitet - skriv nynorsk

Bruk vitet – skriv nynorsk
«Sunnfjord folkehøgskule trur bokmål betrar rekrutteringa»

Ein folkehøgskule i Førde, midt i nynorskfylket Sogn og Fjordane, prøver å rekruttere ungdom frå heile landet. Til dette må dei bruke bokmål, då det tydelegvis er lettare å forstå, hevdar dei.
«Vi må kommunisere med alle», seier rektor ved skulen, Jorun Knapstad. Vidare hevdar ho at ein brukar nynorsk i det daglege, men det første møtet med skulen vil dei skal vere på bokmål. Kvifor det, undrar eg meg. Trur dei verkeleg at ungdom frå Oslo og Finnmark ikkje skjønar nynorsk når dei les om skulen, men når dei eventuelt har søkt seg dit og fått elevplass ved skulen, så skal dei likevel lære seg å skjøne det? Norsk ungdom i dag er temmeleg oppegåande og ungdom frå andre deler av landet er ikkje dummare enn at dei greier å lese begge målformene. Når dei søkjer seg til ein nynorskskule, som dei allereie veit ligg midt i nynorskland, så er det vel ikkje fordi dei har problem med språket?
Hadde eg vore bokmålsbrukar, hadde eg definitivt ikkje søkt meg til ein skule som er for flaue over sitt eige mål til å bruke det på eigne nettsider og som markerer seg på bokmål fordi dei trur ungdom ikkje greier å lese nynorsk.

For meg handlar det om respekt, og det går begge vegar. Respekt for at ungdom i Noreg i dag er så oppegåande at dei greier å lese både bokmål og nynorsk, og respekt for ein skule som torer å bruke sitt eige mål.

Når ein søkjer seg til ein skule, er vel fagtilbodet det viktigaste, kva ein faktisk kan lære ved eit år ved skulen.
Ei viktig oppgåve for ein folkehøgskule må vere å ta vare på verdiar, dette gjeld òg språk og kultur.
Folkehøgskulane i Nordfjord og Sogn er altså tøffare enn i Sunnfjord, dei nyttar sitt eige mål i annonseringa for skulen, og dei rekrutterer frå heile landet.
At ungdom i dag let vere å søkje på ein folkehøgskule fordi dei har nynorsk som hovudmål, trur eg ikkje ein augneblink.

Bruk vitet og skriv nynorsk!

Olaug A Haugen
(tidlegare elev og tidlegare tilsett)

Sunnfjord Folkehøgskule: Bruk hovudet – skriv nynorsk!

Rektor ved Sunnfjord folkehøgskule, Jorun Knapstad uttalar seg i Firda (19.02.14) om at dei håpar nettsider på bokmål vil trekkje fleire elevar til skulen og kjem med påstanden om at dei på den måten kommunisere med alle. Som vi veit er Sunnfjord Folkehøgskule eigd av Normisjon og mottek offentleg støtte av Staten og ligg i ein nynorsk-kommune og då bør dei spegle lokalsamfunnet dei er i. Det er ikkje likegyldig korleis Sunnfjord Folkehøgskule kommuniserer. Påstanden om at bokmål skal til for å trekkje til seg elevar på Sunnfjord folkehøgskule er både tvilsam og tullete. Kva med elevane som kjem frå nynorsk-kommunar?
Les meir…

Coop sitt samfunnsansvar?

Frå Coop.no:

Coop tar samfunnsansvar
Presset på naturressursene øker, miljøproblemene vokser og forskjellen mellom fattig og rik blir større. Disse utfordringene må varehandelen forholde seg til.

Som en stor samfunnsaktør og leverandør av varer og tjenester kan Coop påvirke alt fra produksjon til markedsføring. Vi har derfor et ansvar for å gjøre vårt for å påvirke samfunnsutviklingen i riktig retning.

Bærekraftig utvikling
Det er nedfelt i vårt verdigrunnlag at Coop skal vise omtanke for mennesker, dyr og miljø, og arbeide for en bærekraftig samfunnsutvikling. Alle våre valg og handlinger skal være knyttet til dette løftet. For at en virksomhet kan kalles bærekraftig, må tre forhold tilfredsstilles:

1. Økonomisk sunn drift
2. Miljøriktig og miljøtilpasset opptreden
3. Etisk og sosial hensyntagen, for eksempel overfor medarbeidere eller produsenter i utviklingsland

(…)

Eg registrerar at økonomisk sunn drift vert nevnt først. Jordøyding burde skurre kraftig mhp. punkt nr. 2.

Kvifor ikkje heller satse grunnleggande på bærekraft, være eit føregangsføretak, og sjå på kjøpekrafta som handlekraft, i alle dets tydingar – evna til å handle bærekraftig (ikkje berre kjøpekraftig) handlar om haldningar – aktive haldningar som utgangspunkt for handlingane.

Kvifor ikkje sette seg føre å vise verda eit grundig og godt eksempel på handlekraftig bærekraft med utgangspunkt i sunn, heilheitleg forvalting av kjøpekrafta?

Eg er ikkje motstandar av handel, men veldig for at vi skal handle med aktive haldningar, mtp. både varehistorikk og føretakslogikk.

Om Coop er litt ditt, så kan du seie nei, om samfunnsansvaret er i ferd med å svinne hen.

Draumar om Friskhus i Naustdal.

Firda skriv om store planar om å lage eit Friskhus i Naustdal 12.12. Eit nytt lokale der alle helsetenestene i kommunen skal samlokaliserast. Vel og bra dette. Men den store haken er sjølvsagt økonomien. Naustdal kommune har ikkje råd. Det vil vere galskap av politikarane å gå for dette. Det er lov å drøyme. Men når ein skal gjere politiske vedtak må ein vere vaken. Eit så stort økonomisk løft som dette er tvilar eg sterkt på at kommunen har rygg til å bere. Det kjem til å bety nye rundar med kutt på andre område.

Kva er alternativet? Slik eg ser det, er det berre eitt alternativ som er godt nok. Det er ikkje spesielt langt til Førde. Der kan naustedølene få dei helsetenestene dei har bruk for. Løysinga er kommunesamanslåing.

72000 kvm butikkareal?

Kor mykje er 72000 kvadratmeter?
Den foreslåtte utvidinga av handelsparken på Brulandsvellene vert anslått over tid å kunne romme 72000 kvm butikkareal, rundt 250 bustader, og over 1500 parkeringsplassar.

Ved å drodle litt i Førde kommune sin fritt tilgjengelege 3D-modell, har eg grovskissert 3 alternative bygningsmassar som utgjer 72000 kvm, i eit forsøk på å syngleggjere kva 72000 kvm kan innebære i flate og volum, uten at desse forslaga er spesielt grundig gjennomarbeidd byformingsmessig:

Rødt: 72000 kvm spredt utover byflata – tetting av byveven.
Oransje: 72000 kvm etter skyskraparmodell – omlag 50 etasjar.
Gult: 72000 kvm på tomta til Firda Billag – type handelshus / handelspark.

Til opplysning er IKEA Åsane 36000 kvadratmeter, altså halvparten av den førespegla utvidinga på Brulandsvellene. Dei kvite voluma som er teikna inn på Brulandsvellene tilsvarar nokonlunde arealstørrelsen på planane, men er forenkla i desse skissene, så dei kan avvike ein del frå det som faktisk er lagt fram av Coop. Men i alle fall seier det noko om kva for landskap ein kan vente seg.

Bjørn-Are Vollstad
sivilarkitekt, skribent
og kjartanistansk diplomat

Ta ansvar for Førde si sentrumsutviklinga, folkens!

Det kan synast som at tida har stått still i Førde sidan 1970-80 talet om ein skal tru innlegget til Erik Solheim (05.12.13). Han legg til føringar for ein svart-kvitt polemikk om at det er nyttelaust kva parti ein røystar på ved kommunestyreval fordi alle tenker likt. Solheim vel då å kalle Førde for ein eittpartikommune.

Det er etter mitt syn ei lite nyansert skildring av situasjonen. Heldigvis finst meiningsskilnadar i det politiske landskapet i Førde. I Firda den 7. desember kom det fram at SV sette ned foten og aksepterte ikkje reguleringsplanen slik den ligg føre. Partiet har lenge vore kjent for at det har alternative standpunkt i mange saker, m.a. i reguleringssaker som dette, og peikar m.a. på omsyn til jordvern og mangel på heilskapleg planlegging, standpunkt som dei har flagga i år. Men i mange saker står SV åleine i å ha eit slikt standpunkt. Trass i nyansane så har Solheim rett i at meiningsskilnadene hjå av dei øvrige partia i for stor grad kan karakteriserast som små, og at mange politikarar har for lett å lene seg til fagfolk og ser ikkje minst utbyggjarar som ”samfunnsaktørar”, som gjer jobben i å skape ”utvikling” og arbeidsplassar. Problemet er at alt for ofte i slike saker vert det ikkje stilt spørsmål kring kva type arbeidsplassar og konsekvens tiltaket vil få for Førde-samfunnet. Det kan synast som at dei vegrar seg for å stille dei kritiske spørsmåla i plansaker og gjev gladleg vekk store arealflater til utbygging. Det er ikkje bra. Tiltaket på Brulandsvellene er på ingen måte ei god utvikling for Førde by. Det er å gjere opp att dei same feila som har vore gjort tidlegare. Med ei slik massiv nedbygging av areal vil dette tilbakesteg for Førde si utvikling. Handelsparkkonseptet er ikkje noko nytt fenomen, i motsetnad til det rådmann Ole John Østenstad hevdar. Det er i realiteten eit nytt namn, men innhaldet er det same som før, bilbasert handel og svære arealkrevjande kjøpesenter med overdimensjonerte parkeringsplassar. Det er noko som har eksistert alt for lenge i Førde. Rådmannen peikar på at Brulandsvellene ligg nokså nær sentrum. Men når konseptet er bilbasert, bryt det med all fornuftig, framtidsretta planlegging og intensjonar om fortetta by som har vore planlagt i Førde. Og heile ideen om sykkelby forsvinn ettersom bilkøyring vert så mykje enklare sjølv med relativt kort avstandar, og dermed vert sykkel nedprioritert. Og konsekvensen vert då ei auking av både Co2 og anna luftureining.

Ved val kan ein som veljar velje å røyste blankt (i praksis la vere å røyste). Men då risikerer ein at røysta går til andre parti. Å røyste blankt er ein dårleg strategi om ein vil påverke valresultatet. Før komande val er det er viktig å våge å ta ordet i debatten og snakke med politikarane og faktisk utfordre dei etablerte i slike saker. Furting og smålåten resignasjon på Sunnfjordsk vis har lite for seg. Ein må vere klar over at utvikling ikkje kjem av seg sjølv og politikarar kan ikkje skusle vekk ansvaret til utbyggar åleine. Det er faktisk politikarane si plikt å ta ansvaret for utviklinga. Politikarane må våge å tenke nytt og ikkje gå for same avleggse tankegangen. Arbeidsplassar er viktig, men ein er faktisk nøydd til å tenke heilskap når ein planlegg sentrumsutvikling der folk skal bu og leve. Og vi treng folkleg engasjement i slike saker. Her kan kvar og ein bidra, også media.Historia syner og at politikara har snudd i som følgje av folkeleg engasjement som t.d kampen mot Elvegata i 2003. Underskiftskampanjen i dag synte kor høg verdi matjorda har. Det er ikkje berre eit lokalt ansvar. Det er vel så mykje eit nasjonalt og globalt ansvar. Det skal ein ikkje gløyme. Ta ansvar for framtida. De sit med nøkkelen.

Sigbjørn Løland Torpe, student ved Universitetet i Bergen.

(Innlegg kom på trykk i Firda, torsdag den 12.12.13).

Drøymedugnad i Nynorskens skog

Nynorskens skog i full blomst. Montasje: Bjørn-Are Vollstad

A
ape
skape

Eg ber på ein draum om eit nynorsk vertskap i Nynorskens skog; ei levande stadfesting av språkkrafta, ein raus språkhage i kvardagen. Ein stad å gjere stas på nye og gamle tekstvekstar, frie og strie talestraumar. Ein stad å få has på språkbråk og ordhor. Ein stad for ordleik og kvasst preik. Ein stad for å verke med i den nynorske skapnaden, for å dyrke nynorskens originalitet; som lokale dialektar, som verdsspråk, som tankekraft. Ein stad for samkome, samtale, og samundring — medvitande om opphavet, med kurs for storhavet.
           
            Kroppen er eit hav huda held inne, organa er organismar, levande virvellause dyr. Skjelettet er samanpressa restar av djupe tiders livsformer, avleiringar, eit reisverk av kalk, eit rev for organa mine, ei langstrakt grunne, heftegrunn for nye opphopningar av materie. Hjernen er ein korall, hjartet ein blekksprut, lungene anemoner. Levra er ein svamp, nyrene nakne sneglar og tarmane er sjøpølser. Huda er flata som omsluttar djupet.

Dei fann, dei fann
Nynorskens skog ligg i hjartet av Førde, ved elva Jølstra, midt i Sogn og Fjordane. Fylket vårt er det nynorske grunnfjellet, ifølge Ottar Grepstad, og 97% av skuleelevane her har nynorsk som hovudmål.  Aasen fann eit språk, Torsheim ramla over eit uttrykk. Ivar lufta seg blant akkar og elg og tufta ein ny norsk, eit nytt norsk skriftmål, på talemåla våre. Oddvar spann fram Nynorskens skog i lett samkvem med Beatles-tekstar.  Språk endrar seg, og lever sålenge det uttrykkast, sålenge det pustast, enten det er ny norsk, blynorsk eller ny-by-norsk.

            Lyset møter overflata, det reflekterast, lyset treffer igjen, gir ein liknande reaksjon, så utløyser det ein refleks, ei lysrørsle, fleire rørsler, reflekterast frå refleks til refleks, ein kjedereaksjon. Etterkvart utfaldar ein refleksjon seg, fleire refleksjonar, tankerørsler, med påfølgande reaksjonar. Djupet reflekterar over flata. Overflata er havets hinne, botnen er djupets skál. Tyngda og trykket held kroppen samla. Huda omsluttar meg, er menneskets membran.

Skravlande navlar
Språk er teknologi, språk er biologi. Språk treng lunger, hjarter, hjernar, tunger. Språk treng kroppar, språk tilverkar tankar. Språk er tankeskyer; fantasi, handverk, munnverk; ordskogar, meiningskratt; er både tankeverktøy og tankestøy. Språk kan både opne og lukke draumane våre. Språket er saumen mellom draumen og den jamne straumen. Språket er åket, reiar tankeleiet, og kan råke vidt, eller berre litt. Språk skapar haldningar og manar til handlingar. Språk er særeigne organismar som vi inngår i, og som inngår i oss, som eit kretslaup, som ein verdsvev. Språket veks i og ut av medvitet, medvitet veks i og ut av kroppen, og kroppen vaks ut av mor si, her på jorda, akkurat som desse orda: Navlar avlar navlar; skravlande navlar. Kroppar stoppar, ser på kvarandre, mens navlane helsar, for så å gli forbi.

            Forstanden er sansestranda, synsranda som kastar vekselverkande lys og skugge over utsikta og innsikta. Eg ser ut av mitt eige ansikt, eg ser hav- og himmelbryn, eg ser mine eigne hårete augebryn. Eg svevar i synet, der utvendig og innvendig overlappar; ytre refleksjonars indre reaksjonar og omvendt. Verkelegheita verkar. Eg utgjer min eigen hendingshorisont, overgangen mellom det mulege og umulege i mitt eige medvit. Randa rundt mitt eige indre dragsug, krafta eg spinn rundt, krafta tankane mine spinn rundt, kreftene medvitet balanserar mot.

Talestraum, informasjonsflaum, og ein levande draum.
Språket kan bråke, og språket kan sprake, utan å orsake. Språket både veit og ikkje veit — sola står opp heiter det endå, og sola går ned — men visseleg er det vi som vender oss til og frå lyset. Språket vart til mens jorda endå var flat. Språket vakar ikkje sjølv; det er vi som må halde språkvake, i ei stadig veksande kosmisk omverd. Jorda spinn om sin eigen akse, seglar rundt sola, stjerna vår; eller som Georg Johannesen skildra det:

Vi sover i vår egen skygge
                                                          
med solen under sengen
                                                          
når jorden formørker seg selv.

Språk er like mykje tankekraft som tale og skrift. Vi veit svært lite om utgangspunktet for medvitet; det at vi veit at vi veit, at vi veit med i verda; at vi er medvitande vitner. Ut av livmora og ut i alle orda, den strie straumen; ut i informasjonsflaumen som trenger inn i den levande draumen.

            Pupillane er pulserande svarte hol som kontinuerleg sluker omverda. Verda vrenger seg, kollapsar inni meg, transformerast og reflekterast tilbake, pustast inn og ut. Universet forsvinn inn i kraniehola, verda speglvendast, og netthinna blir min natthimmel. Hjernen er stjerner, den er ein galakse, og midt i hjernekjerna er der eit levande lys, eit medvit som alt kretsar rundt. Tankekrafta er hjernestjernenes indre kjernereaksjonar, kjedeeksplosjonar som kastar lyskjegler ut gjennom auga og vindauga.
 
Språk har røter, alle orda har si historie, sjølv bokstavar snur og vender på seg:

A var eingong ein okse

drog orda etter seg

organiserte jorda

Det vi finn saman
Kan Nynorskens skog ved elvebreidda i Førde gjerast til ein relevant og tidvis kverulant kvardagsarena for den lokalglobale språkkrafta? For språkleg spik og flid og tankefryd? Språket er årenettet, for ikkje å seie skjelettet, i kulturen vår. Kultur er menneskenatur. Språk skapar fellesskap, men kan også splitte. Det er ikkje alltid ein forstår kvarandre sjølv om ein nyttar same talemålet. Språket viklast ut gjennom oss. Språket viklar samfunnet vårt ut, det vi finn saman, der vi finn saman.

Skvalder, skaldekvad og twitterkvitring
Kunne ein koble daglege nyhender med poesi? Kunne ein koble den nynorske mediekrafta i fylket, med skular og høgskular, barnehagar, med sansehagar, bibliotek og diverse festivalar? Kan skaldekvad og twitterkvitring møtast utan at det berre vert skvalder? Kva med ein ny-norsk-rapp-app? Eller ei årleg verbbøyingstevling? Eller å kombinere lynløkkeskrift med utprøvring av lokale oppskrifter? Rødbruskaviar og sumaragurk?

Draumeflaum
Draumen eg ber på ser fylket og Førde som ein endå meir aktiv og utfordrande utforskar av språkkrafta vår, tankekrafta, språkgleda. Nynorsken er utgangspunktet, men kartet er ikkje kvitt utanfor fylkesgrensene, ei heller utforbi riksrøysene. I Nynorskens skog er det grobotn for alle språk. Språkgrøde, språkglød. Bokmålet kan komme ut av bøkene, frå eteren, eller som spøkar, og den aldrande nynorsken kan både lovprise og tilgrise seg sjølv.

Så kva skjer om ein let seg gripe av den ambisiøse og uthaldande Aasen og den ville, dansande Torsheim, og freistar å få i stand, eller avle fram, eit sjeldsynt program i Nynorskens skog, midt i fylket, i nybygdebyen Førde?

Eg oppfordrar med dette til drøymedugnad for Nynorskens skog: 
1. Finn fram skrivesaker og ha dette tilgjengeleg på nattbordet.
2. Fokusere drøymekrafta på Nynorskens skog like før du sovnar.
3. Notere ned draumen straks du vaknar, eller prøv igjen neste natt.
4. Del heile eller delar av draumen din her, eller med nokon du kjenner.

Bjørn-Are Vollstad
kjartanistansk diplomat,
sivilarkitekt og skribent

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene
  • 29.09.2013 — Trollfingrar like ved Bekkjavatnet, ved vegen ned til Hunsrasta.
  • 29.09.2013 — Sjur har kome med vinterveden.
  • 29.09.2013 — Bekkjavatnet ei Perle.
  • 29.09.2013 — Morgonskodde og samstundes sol over Førde.
  • 29.09.2013 — Knutelid, paradiset vårt, hytta ved Vonavatnet.

Avgiftsbyen Førde

Vi nærmar oss valet 9 september, og spørsmålet er kva parti vi skal stemme på. Der er både gode og mindre gode grunnar til å stemme på alle partia, så det som lyt bestemme kva vi vel til slutt blir viktige kjernesaker som vi vil ha igjennom.

For Førde sine innbyggerar sin del blir det bompengesaka og eigedomsskatten som vil ha størst inngripen i den private økonomien. Eigedomsskatten kjenner vi alt på lommeboka. For ein husstand på to inntekter har den no byrja å svi ganske mykje etter siste auken. For husstandar med ei inntekt i ein normalt stor einebolig svir den alt kraftig. Eigedomsskatten tek berre omsyn til kvadratmeter, ikkje til inntekt pr husstand. For eit vanleg husbankhus i Førde er eigedomsskatten kr 1450 pr kvartal. Dvs kr 5 800 pr år. Rådmannen har varsla at den vil gå ytterligare opp.

Så kjem bompengefinansieringa som alle parti i Førde går inn for utanom FrP. Siste nytt frå Førdepakken er at no har Fylkeskommunen berre råd til å betale 150 mill. av gildet. Det vil seie at Stat og kommune må ut med tilsvarande beløp, altså kr 450 mill totalt. I utgangspunktet skulle billistane betale 750 mill av dei nye vegane i Førde. No er prisen komen opp i 1,050 mrd, foreløpig! Kvar passering vil då truleg auke til 28- 30 kroner. Om det blir fri passering lørdag og søndag blir prisen kr 1952 pr mnd for ein husstand med to bilar, eller kr 23 424 pr år i 10 år. Skal ein ned igjen til kr 21 pr passering blir betalingstida 15 år. Ein husstand med to bilar må då ut med kr 351 000 i løpet av desse 15 åra. Kven er villige til å betale dette? I tillegg har vi hatt oppe i kommunestyret at det kjem forslag om parkometeravgift i sentrum. Kvar skal avgiftsinnkrevinga ende?

Signalet frå Fylkeskommunen er faktisk kr 0.- i støtte til Førdepakken akkurat no. Dette er fordi etterslepet på dei eksisterande vegane er så stort at det ikkje kan forsvarast å gje ein tettstad særfordelar i bevilgningane. Då blir det enten lengre betalingstid eller dyrare passeringar. Dette fordi vi skal bygge tre bruer og nokre sykkelstiar. Er det nokon som vaknar her?

Rådmannen i Førde har inndratt kr 21,6 mill frå drifta i Førde Kommune. Dette går hardt utover barnehagar, skular (les nedlegging) og Helse og Omsorg. Skal mykje av desse pengane brukast til investering i og nedbetaling av lån på bygging av vegar, så er det heilt feil prioritering.

Det er særdeles viktig ved dette valet at Førde sine innbyggarar reiser seg og seier si meining! Sit ikkje heime i sofaen og resigner. Det nyttar når grasrota reiser seg! Blir denne avgiftspakka for dyr for deg som gjerne vil bu i denne no kjekke og velfungerande byen, så sei di meining ved å ta stemmesetelen til FrP og legg den i valurna. Vi kjemper då dokka sak i bystyret. Med FrP i regjering vil avgiftsnivået både i landet og i Førde gå ned.

Gå også inn på minsak.no og registrer di meining om bompengefinansiering av Førdepakken.

Bjørg Sølvi Refvik
5 plass på stortingslista for FrP
Bystyremedlem og leder for Førde FrP

Fullverdig fødeavdeling i Nordfjord

Som alle andre i Nordfjord har eg fått eit blad om Nordfjord Sjukehus frå Helse Førde i postkassa. Her er det mellom anna ein artikkel som er ein «A til Å» om Nordfjord Sjukehus. I denne artikkelen står ikkje bokstaven «F» for «fødeavdeling», av openbare årsaker.
I bladet om Nordfjord Sjukehus som kom i postkassa seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (Venstre) mellom anna dette: «Eg er overtydd om at Nordfjord Sjukehus ikkje berre er liv laga, men at det faktisk kan bli ein nasjonal modell for framtidas sjukehus. Utviklingsprosjektet har teikna opp ein slik modell. Mange av elementa i den modellen er no i ferd med å kome på plass ved Nordfjord Sjukehus. Nokre få, men svært viktige brikker for at heilskapen skal henge saman, er enno ikkje lagt.» Ein av disse brikkene må vere gjenoppretting av ei fullverdig fødeavdeling i Nordfjord.
Ordførarane i Nordfjord-kommunane Eid, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen og Vågsøy har inviterte helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre til Nordfjordeid. Dette er eit bra initiativ.
Ordførarane syner i invitasjonen til at regjeringa i april 2011 vedtok at Nordfjord Sjukehus skal vere ein nasjonal modell for «Framtidas lokalsjukehus.» Kampen for å få tilbake ei fullverdig fødeavdeling i Nordfjord er difor ikkje berre viktig for Nordfjord. Det er viktig for alle som kjempar for desentraliserte fødetenester i andre delar av Noreg. Fødeavdelingar rundt omkring i andre sjukehus er truga, og det er viktig at regjeringa ikkje slepp unna med å stadfeste at lokalsjukehusa i framtida ikkje vil trenge fullverdige fødeavdelingar.
Frå 17. til 18. august skal Folkebevegelsen for lokalsykehusene ha landssamling i Oslo, og her skal mellom anna nokon frå departementet fortelje om pilotprosjektet «Framtidas lokalsjukehus». Lokalsjukehusaksjonistar i resten av Noreg ventar med rette av oss i Nordfjord at vi ikkje gjev opp kampen for å reversere nedbygginga av fødetenestene på Nordfjord Sjukehus.
Det er bra at Framstegspartiet seier at det må bli starta ei eller annan form for dagkirurgi ved Nordfjord Sjukehus, men det som òg er viktig no er at vi som kjemper for å få tilbake ei fullverdig fødeavdeling på Nordfjord Sjukehus held trykket oppe. Raudt Sogn og Fjordane utfordrar alle stortingsrepresentantane, uavhengig av kva for parti dei er medlem av, til å tvinge regjeringa og helsebyråkratane til å gjenopprette ei fullverdig fødeavdeling på Eid.
Om Støre skulle ta imot invitasjonen frå ordførarane i Eid, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen og Vågsøy, så er det viktig at dei alle saman seier klart og tydelig i frå til helseministeren at Nordfjord Sjukehus må få tilbake ei fullverdig fødeavdeling.
Lege, lokalsjukehusaksjonist og Raudt-politikar Mads Gilbert sa på ein fødekonferanse i Nord-Norge i fjor dette: «Folk i distriktene har samme rettigheter til trygghet og beredskap som folk i byene. Kortreist helse berger liv.» Vi er mange i Noreg som meiner at nyvinninga «lokalmedisinske senter» er eit forsøk frå regjeringa på å omgå løftet om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Dette løftet står klart og tydeleg i Soria Moria-erklæringa, den politiske plattforma til regjeringa.
Det er naudsynt å få pressa igjennom dei endringane som må til for at kvinner i Nordfjord igjen kan nytte Nordfjord Sjukehus før, under og etter fødselen.

Anders Hamre Sveen
Nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane
Stryn

Framifrå innlegg av Randi Førsund i Firda av laurdag 13. 07

TIPS ! Førdefolk, sogn og fjordingar heime og i “eksil” les fornuftig og velskrevet innlegg av Randi Førsund i papiravisa laurdag 13.07 tittel er Førde – idyll. Bravo for det innlegget. Du har so rett so rett.

Stans galskapen på Brulandsvellene!

På 90talet blei Førde kåra til Noregs styggaste by. Ein by med ryggen mot elva, eit rosa handelshus, meieri og bussverkstad midt i sentrum og stor biltrafikk. Det heile framstod som utrivelig og tittelen «Noregs styggaste» var nok fortent. Politikarar og grunneigarar tok grep, fasadar blei rusta opp og det blei laga gangbruer, trapper og elvepromenader i stein. Det begynte å halte mot triveligare tider.

Er Førde i ferd med å bli kvitt stempelet som Noregs styggaste by? spurte Firda på nett. Ja svara 38,3 prosent. Men til tross for millionane som har blitt sprøyta inn for å pynte opp og bøte på skadane, så svarte heile 61,7 prosent nei. Lesarane er altså ikkje overbevist.

Eg kan ikkje svare for alle, men eg tør å påstå at at sentrumsutviklinga gjekk eit stort steg i gal retning etter at den nye «bydelen» på Brulandsvellene blei bygd. Førde Storsenter gjekk konkurs og Sentrum Sør blei nesten liggande livlaust. Store butikkar blei flytta ut av byen, og med butikkane flytta også handelen. Ikkje ein gong daglegvarehandelen vil etablere seg på Sørsida lengre.

No vil Coop bygge «handelspark» på Brulandsvellene. Storleiken er på svimlande 152 000 kvadratmeter, 6 gongar større enn Førde Torg. Investorar og handelsstand snakkar om å tette handelslekkasjen til Bergen. Handel er viktig for Førde, men blir det verkeleg betre handel av at ein flyttar den økonomiske aktiviteten ut av sentrum? Butikkdøden på Sørsida har allereie vist at det ikkje er mykje større marknad å ta av. Handelspotensialet blir heller ikkje større av å tappe sentrum, og er det ikkje betre med eit sterkt handelsknutepunkt istaden for to svake?

Førde har ikkje mykje bymiljø å skryte av, men Sentrum Sør har litt. Førde er kompakt, lett å ta seg fram i, handelen er konsentrert og det er korte avstandar mellom butikkar. Det er ein styrke for byen. Eit levande sentrum gjer Førde til ein attraktiv handelsby, men å dra handelen ut av sentrum kan ha motsett verknad. Ein vanleg effekt ar at dei mest populære butikkane flyttar inn i det nye kjøpesenteret og etterlet seg tomme lokalar. Det reduserer igjen kundegrunnlaget og gir lågare omsetnad for dei butikkane som blir igjen. Eit område med mange tomme lokaler gir intrykk av forfall, og då blir det igjen vanskeleg å etablere nye butikkar der. Resultatet av ei storstilt utbygging på Brulandsvellene kan altså bli at siste rest av det Førde har av byliknande miljø blir spist opp av ein stor og dominerande handelspark.

Ordet «handelspark» er i seg sjølv misvisande sidan det legg beslag på store mengder grønt-områder og gjer det om til ein ørken av asfalt og betong. Prosjektet er heller ikkje framtidsretta. Det er laga på bilen sine premissar, der vi skal køyre frå senter til senter. Det er heller ikkje oppløftande å sjå teikningane, som viser eit prosjekt kjemisk fritt for alt ein assosierer med trivsel, spennande arkitektur og godt bymiljø.

Det er ikkje plass til å bygge sentrum blir det sagt. Tenker dei på at at bussverkstad og bussgarasjar opptar kremen av Førde sentrum? Desse tomtene har eit kjempepotensiale til å romme bygater og handel om det er politisk vilje til det. Dessutan står Førde Storsenter tomt, det er mange ledige lokalar på Sørsida og det er rom for betre arealutnytting på øyrane, på Halbrendsøyra og langs elva. Dei gløymer også at den nye vegplanen frigjer mange godbitar i sentrumsnære områder. Store areal som er egna for bygging, investering og byutvikling. Nye vegar og gangbruer vil også lette på trafikk-situasjonen på Sørsida, noko som burde gjere det meir attraktivt å satse der.

Medan ein legg til rette for flytte handelen ut av sentrum, vil ein også plassere eit stort biloppsamlingsanlegg på sjølve indrefileten i byen, like ved båthamna.
Så når besøkande turistar spør: “Where is the Marina?”
Kan vi svare: “Jo den ligg der borte, inneklemt bak det store biloppsamlingsanlegget”.
Kva med å heller flytte bussverkstad, bussgarasjar og biloppsamling ut av sentrum, og la butikkane få bli?

Det er ikkje berre Førde som flyttar økonomisk aktivitet ut av bykjernen. Det er ein trend som skjer over heile landet. I desperasjon mot å misse handel til andre kommunar, set ein opp store, stygge og dominerande betongklossar, i god tru om å kapre kundar og få fart på sin eigen økonomi, på bekostning av andre. Ein etter ein vel bort bymiljø og trivsel, til fordel for storsenter og meir bilkøyring. Sandnes, Gjøvik, Ålesund, Langesund, Skien, Sandvika og Porsgrunn er alle triste dømer på at bymiljø og sentrumsbutikkar taper på grunn av storsenter utanfor byen som spis opp marknaden.

Utskjelte Drammen har gått mot straumen. Byen var kjend som ein av Noregs styggaste. Dei gjorde noko med det, og byen er i dag blitt ein av dei finaste. Bylivet er levande og det kryr av studentar, besøkande og tilflyttarar. Ein køyrer ikkje berre forbi byen lengre, ein stoppar og blir. Det hadde dei ikkje klart utan bevisst fokus på å skape ei kompakt og levande bykjerne, og ved å jobbe aktivt for å unngå byspreing og auka bilavhengighet. Ein kan klare det same i Førde, men då må politikarar la være å støtte prosjekt som tappar sentrum for handel og økonomisk aktivitet.

Fortener Førde fortsatt stempelet som Noregs styggaste? Eg synst ikkje det. Arbeidet som er gjort langs elva og i Storehagen er fantastisk. Men eg trur Coop sine planar om eit nytt monsterbygg på Brulandsvellene er eit stort steg i gal retning. Legg heller til rette for investeringar der butikkane ligg i dag. Det vil være bra for trivselen og ikkje minst bra for handelen. Ein slik by har folk lyst å besøke, handle og bo i.
Så kjære Coop og ordførar Olve Grotle: Vær så snill å ikkje gjere Førde styggare enn det det treng å være. Invester heller i sentrum og dropp galskapen på Brulandsvellene.

Tekst og foto: Martin Fjellanger

Førde – med fare for å gjere opp att dei same feila

Førde har som kjent ambisjonar som by, og erkjenner ha gjort sine feil opp gjennom åra. Det har kome løfte om at alt skal bli så mykje betre. Førde kommune har opp gjennom åra laga fleire sentrumsplanar om Førde, og har hyra inn dei beste planleggingskonsulentane i landet med fleire utgreiingar av ulike fagrapportar og planar for sentrumsutvikling og byutvikling.
Les meir…