Viser arkivet for stikkord florø

Historien om Sunnfjord Medisinske Senter og et sykehuskjøp

Det eneste vi vet om fremtiden er at den blir annerledes. Og den beste måten å møte fremtiden på, er å skape den selv. Det sistnevnte har mine politikerkolleger og jeg nå muligheten til i helsesektoren. Florøs historie er full av eksempler på «alt vi ikke fikk til», alt som enten ikke ble noe av eller som endte opp andre steder øst for oss. Vi skriver kontinuerlig vår egen historie. Hva skal vi skrive?

Dette har skjedd det siste året: 40 år med sykehuskonflikt er over. Flora kommune eier Florø sykehus og eiendommen bygget står på. Helse Førde HF skal flytte til Sunnfjord Medisinske Senter (SMS) og der videreutvikle bærekraftige helsetjenester i samarbeid med det eksisterende og mangfoldige fagmiljøet i bygget. Samtidig skal Flora kommune utvide sin aktivitet i SMS. Slik går SMS fra å være langt fremme i tverrfaglig helsearbeid, til å være fremst på helsesamhandling i Norge sammen med noen få andre. Som helse- og sosialutvalgets leder er jeg stolt over å ha fått være med på å legge forholdene til rette for at kloke helsehoder får videreutvikle seg sammen i Florø. Det er en privilegert rolle å være helsepolitisk leder i en kommune med så mange ildsjeler og i samarbeid med et så velvillig og engasjert helseforetak.

De som vinner aller mest på denne samlokaliseringen i SMS er de som trenger tverrfaglige helsetjenester nært og ofte. For eksempel pasienter innen rus og psykiatri. Tidligere måtte disse forholde seg til fastlegen sin og Nav på SMS, kommunens avgrensede hjelpeapparat lokalisert ulike steder i byen og til psykiatrisk poliklinikk på Florø sykehus. Nå vil disse brukerne få raskere hjelp på ett sted. Og tilbudet blir bredere. Tidligere år tok den kommunale planleggingen bare høyde for at personer med utfordringer innen rus og psykiatri hadde problemer på hverdager i ordinær arbeidstid. Nå har vi tatt høyde for at hjelpen skal være der også på kvelder og i helger: Når behovet er størst. Og ved å samle de ulike aktørene som gir hjelp, blir hjelpen bedre. Én felles dør inn til fellesskapets helsehus, vil gi bedre og enklere liv til alle.

Det virkelig nyskapende, rosinen i pølsa, er at en fleksibel spesialisthelsetjenestepoliklinikk skal utvikles i SMS: Helse Førde HF sender spesialister til Florø for å selv utføre tjenester, og i samarbeid med fastlegene finne gode måter å fordel e oppgaver og overføre ansvar på en trygg måte. Dette letter manges hverdag. Et godt eksempel: I dag må far ta fri en hel dag fra jobb for å følge åtteåringen til Førde for å på Sentralsykehuset undersøke et innlagt dren i øret av en øre-, nese-, halsspesialist. Med den fleksible poliklinikken på plass kan åtteåringen bare gå de 30 meterne fra Florø barneskole til SMS, gjennomføre sjekken og gå tilbake til skolen. Åtteåringen får med seg mer skole, far slipper å ta fri fra jobb og Helse Førde sparer pasientreisekostnader. For å peke på noen av mange muligheter og tilhørende gevinster. Mange utsatte brukergrupper, og ikke minst mange med ordinære hverdagsproblemer, vil få hjelp som er raskere, nærere og av høyere kvalitet. Av dyktig fagpersonale som finner løsninger sammen. Dette er fremtiden. Og vi har skapt den selv.

Hva skal vi så bruke det tidligere sykehuset til? Mulighetene er mange, og jeg skal ikke forskuttere det jeg håper blir brede, konstruktive og kreative prosesser. Men det vi vet er at vi i årene fremover må bygge langt flere omsorgsboliger og institusjonsplasser til flere brukergrupper (både eldre og unge) samtidig som etterspørselen etter enklere leiligheter til den aldrende delen av befolkningen øker. Og med et (sannsynlig) regjeringsskifte til høsten har jeg forventninger om at private helseaktører lettere vil kunne etablere seg også i et fylke som Sogn og Fjordane. I Florø vil de bli tatt i mot med åpne armer.

Vi lever i helsemulighetenes tidsalder i Florø, og har en unik mulighet til å skape vår egen fremtid. Florøs historie er full av eksempler på «alt vi ikke fikk til». Historien om SMS og kjøpet av sykehuseiendommen er historien om alt vi faktisk fikk til. Så er det opp til mine politikerkolleger og meg hvor lang og hvor spennende historien skal bli.

Jacob Nødseth, helse- og sosialutvalgets leder i Flora kommune og medlem av Flora formannskap (H)

MGP som verdiskapar

*Melodi Grand Prix har skapt store samfunnsmessige, økonomiske og marknadsmessige verdiar for Flora og Sogn og Fjordane. *

Lat meg først slå fast at MGP som tv-program er katalysatoren for den positive verdiskapinga MGP som merkevare tilfører samfunnet vårt. Kring 3,5 millionar tv-sjåarar har vi hatt på dei 3 delfinalane frå Florø. Men kritikarane meiner tv-sendinga er verdilaus. Det er i beste fall uvitskap.

MGP har resultert i ei rekke verdifulle arrangement og aktivitetar i Sogn og Fjordane.

*MGP Lokal er songtalentkonkurransen for barn og ungdom *som involverer store delar av fylket. 150 unge har gjennom 3 år stått på scena rundt om i fylket og dyrka hobbyen sin. MGP er ei inspirerande merkevare for unge, og gjennom MGP Lokal fører vi eldsjeler saman, og barn og unge med ei felles kulturinteresse møter kvarandre; – vi byggjer viktig kulturelt nettverk i fylket. MGP Lokal har vore eit viktig supplement til UKM. MGP Lokal er av kulturell verdi for fylket.

MGP delfinalen i Florø gir inspirasjon og læring til skuleelevar. Elevar på media- og kommunikasjonslinjene i Sogndal og på Sandane filma og laga videoar av deltakarne i MGP Lokal, og fekk eit innblikk i Norges største underhaldningprogram. I Florø og Flora (både byen og kommunen vil eg påstå er ein del av Sogn og Fjordane; jmf kritikarar som meiner MGP ikkje har verdi for fylket og såleis ikkje fortener midlar frå fylkeskommunen) har engasjementet vore særs stort i skulane våre. Barneskulane i kommunen laga i år MGP kunstutstilling og auksjon. 258 fantastiske kunstverk pryda mingleområdet utanfor tv-salen. Og inntektene frå auksjonen gjekk til gode samfunnsnyttige føremål, t.d Sørstrand Folkepark i Florø. På Flora ungdomsskule har 340 elevar delteke i prosjektet ”MGP-Gata” dei siste 2 åra. Og på Flora VGS laga elevar på drama, dans- og musikk-fag eit halvtimes show som blei synt på opningsseremonien.

”Vi har fått meir motiverte og engasjerte elevar i skulekvardagen”. ”Det var så kjekt at det vi laga i timane blei brukt til noko viktig”. Sitata er henta frå dei over 100 takke-hjerta frå barn og vaksne som no heng i kontorvindauget mitt. MGP Florø har undervisningsverdi, kulturell verdi og stor samfunnsverdi for fylket.

MGP har direkte lagt igjen kring 5 millionar kroner til bedrifter i Flora-samfunnet. I tillegg genererer dei 150 menneska i produksjonsapparatet auka handel i byen. MGP Florø er også ein av dei største ”sponsorane” til Florø Fotball. MGP har også direkte ført til oppgradering av infrastrukturen i Florø Idrettssenter for 700.000 kroner. Det har gjort senteret i stand til å ta i mot andre store arrangement. Lokalsamfunnet er også tilført ein heilt unik arrangørkompetanse som vi no kan nytte i andre samanhengar. MGP-tilskota frå fylket og kommunen har vore brukt effektivt og godt til både økonomisk og samfunnsmessig verdiskaping i Flora (som er ein del av fylket).

Som fellesoppleving styrkjer MGP kjensla av stoltheit og lokal identitet for mange tusen menneske. Konsekvensen er at MGP styrkjer det positive sjølvbilete og lojaliteten i lokalsamfunnet; – viktige verdiar når vi snakkar omdømmebygging. Skal vi marknadsføre oss positivt ute, må vi ha trua på oss sjølve internt. Slik er det med oss som personar, i bedrifter, i kommunar og fylke. Det spesielle med MGP Florø er at tv-dimensjonen forsterkar kjensla av identitet og lojalitet for dei som opplever MGP og Florø (som er ein del av fylket) i ein positiv kontekst. Eg kjem tilbake til dei som er negative.

Analysebyrå stipulerer reklameverdien av den tv-sendte MGP Delfinalen i Florø til millionbeløp for regionen (tal frå analysebyrået Retriever). Dei fleste kritikarar trekk einsidig fram at ”MGP ikkje har marknadsverdi”. Samfunnsverdi og økonomisk verdi nemner dei ikkje. Eit snevert perspektiv på alle måtar. Og dei kritiserer den fylkeskommunale løyvinga med at “er det nokon som hugsar kvar delfinalane vart arrangert i år?” Svaret er opplagt. Av totalt 3,5 millionar tv-sjåarar er ikkje alle likegyldige eller negative. Eg åleine har fått kring 3000 direkte positive tilbakemeldingar på koplinga MGP og Florø. Så har du dei som er særskilt interessert i MGP, dei som har sett alle 3 delfinalane frå byen, tv-sjåarar frå andre arrangørbyar, slekt og kjenningar av floreværingar og sognogfjordingar som sit rundt om i landet og ser på… – menneske som bidreg til relasjonsmarknadsføring av Flora og fylket på ein god måte. Vi snakkar ikkje om millionvis av menneske, men vi snakkar om så mange tusen at MGP Florø med god margin er ein positiv marknadsfører av verdiar eg meiner er viktig å fokusere på: Driftig – skapande – vakkert – imøtekommande – positive – gode – inkluderande – friske. Dette er nokre av dei tilbakemeldingane eg har fått på korleis Florø (og fylket) framstår gjennom MGP-konteksten.

I eit reklameperspektiv: Det er meir substans og marknadsverdi i ein million kroner løyvd til MGP og menneskeskapt aktivitet enn det er i ein annonsekampanje.

Så har du dei som tykkjer MGP i Florø gir negativ marknadsføringseffekt. Dei som ikkje toler at vi kler oss til folkefest og at ordførarar tek på seg kjedet sitt og markerer starten på 250-års-jubileet til fylket. Nokon av dei framstår som urbanarrogante, nokon framstår med snevert kultursyn, nokon framstår som misantropiske, og nokon framstår berre som gretne med eit ønskje om å få servert saker dei kan få ut gruffet sitt på. Det er forsåvidt flott at MGP har gitt desse valuta for pengane også.

Men fleire av dei forfektar verdiar som eg og mange med meg ikkje ønskjer skal prege Flora og fylket når vi skal byggje omdømme internt og marknadsføre det eksternt. Eg respekterer meiningane deira, men med mi innsikt i kva MGP har tilført av verdiar, så må dette også på trykk:

Eg meiner du tek feil kjære kritikar. Det kan vi godt ete ein middag på – med godt tilbehør.

Om det kjem ein ny MGP-søknad til fylkeskommunen? Kanskje. Eg skal tyggje på det.

Sogn og Fjordane – midt på treet, heilt greitt?

I NHOs BerekraftsNM for 2011 kjem Sogn og Fjordane på 11. plass av dei 19 fylka i landet. Det er ei forverring med to plassar sidan 2010-NM. Spørsmålet er om vi kan og vil bli betre?

Men ikkje nok med det; fem kommunar i Sogn og Fjordane er blant dei 50 dårlegaste kommunane i landet på folketalsutvikling. Høyanger er verst stilt med ein nedgang på 4,6 prosent i perioden 2007-2012. Rett bak følgjer Balestrand (- 4,4), Askvoll (-4,2), Gulen (-4,0) og Vik (-3,1).

Dramatisk
Dette er dramatisk, og det er tydeleg at desse og fleire av kommunane våre er inne i ein vond sirkel som det kan vere vanskeleg å komme seg ut av dersom ein ikkje gjer store grep. Og her har ikkje minst kommunane sjølve eit enormt ansvar for til dømes å skape betre rammevilkår for næringsutvikling og samarbeid internt og eksternt.
NHOs BerekraftsNM, som blei offentleggjort tysdag denne veka, er ei årleg kommunekåring som NHO får utarbeidd for å måle norske kommunar si berekraft og evne til vekst og utvikling. I målinga kjem det fram kva kommunar som har størst lokal vekstkraft og bæreevne basert på fire hovudområde: Arbeidsmarknad, Demografi, Kompetanse og Økonomi.
Vi veit at den lokale og regionale samfunns- og næringsutviklinga er avgjerande for mange bedrifters konkurranseevne. Alle norske kommunar møter nokre felles utfordringar som påverkar utviklinga i både privat og kommunal sektor. Gjennom desse målingane ønskjer NHO å bevisstgjere og stimulere til auka engasjement om desse utviklingstrekka både blant lokale og sentrale styresmakter.

For få innbyggjarar
Generelt sett viser resultata frå BerekreftsNM 2011 at dei kommunar som ligg lengst vekke frå storbyar og regionsentra scorar relativt lågt på arbeidsmarknad. Dei er dessutan prega av fråflytting, har lågare utdanningsnivå og har svakare økonomisk berekraft.
Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut enn dei andre vestlandsfylka. Arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane er god men ein scorar lågt på andre indikatorar, særleg demografi og kompetanse. Eit generelt trekk er at fylke med høg befolkningskonsentrasjon kjem godt ut. Fylka i botnen av tabellen har alle under 200.000 innbyggjarar.
Sentralitet, folketal og strategisk god geografisk plassering gjer tydeleg utslag på rangeringa av økonomisk berekraft. Kommunar som scorar lågt ligg ofte langt frå tettstadar.

Kompetansen i Sogn
Sogn og Fjordane har mange små kommunar, med stor variasjon mellom kommunane. Ingen blant topp 20 samla sett, men på indikatoren ”kompetanse” finn vi administrasjons- og forskings/høgskulesentra Leikanger og Sogndal på høvesvis 3. og 19. plass. I Leikanger slår fylkesadministrasjonen, Fylkesmannen og Statens Vegvesen positivt ut i den vesle kommunen og i Sogndal er Høgskulen og Vestlandsforsking utslagsgjevande.
Totalt sett i målinga ligg Sogndal på ein 21.plass og blir fylkesvinnar tett følgt av Leikanger på 25.plass. Førde har redusert si plassering sidan 2007 med 20 steg til ein 53. plass sidan 2007. Førde scorar bra på Arbeidsmarknad og Demografi, men ikkje så bra på Kompetanse og Økonomi.
Ser ein nærare på den felles bu- og arbeidsmarknaden som Flora-Naustdal-Førde representerer, utfyller kommunane seg bra. Ein ”ikkje-eksisterande” arbeidsmarknad i Naustdal blir kompensert med ein god arbeidsmarknad i Flora og Førde. Ein særs låg score på Kompetanse i Førde og Flora tek seg opp i Naustdal, som har høg score på denne indikatoren sett i høve til folketalet. Økonomien er middels bra i alle tre kommunane.

Må prioritere
Så, korleis ville ein stor kommune av desse tre slått ut på ei slik måling? Gjennom heile målinga blir det streka under at jo større tal innbyggjarar per areal er, jo større sjansar har ein kommune/region for auka berekraft og vekst. Fortetting/sentralisering er ein trend vi har sett lenge nasjonalt og som vil bli sterkare i åra som kjem. Frå politisk sentralt hald kjem det signal om at no må ein her i landet byrje prioritere dei områda som veks og som folk vil bu og jobbe i.
Kva då med Sogn og Fjordane? Vi er jo vestlandstaparen mykje grunna demografi, stor avstand til byområde og låg folketettleik. Kan vi rigge fylket vårt annleis for å henge oss på det faktum at fortetting er bra for vekst og utvikling?
Kommunesamanslåing har vore drøfta lenge, bør ein for alvor sette fart i desse tankane? Er det vilje til så dramatiske endringar for å skape vekst?

Dømet SIS
Dei siste åra har vi sett døme på auka samarbeid kommunane imellom fleire stader i fylket. Til dømes gjennom SIS (Samarbeidsforum i Sunnfjord). Kommunane i SIS skal også utarbeide ein felles retning der “Målet med prosjektet er å utvikle ein felles planstrategi for SIS-området som avklarar kva plantema som eignar seg for interkommunal planlegging og kva som eignar seg best at den enkelte kommune løyser åleine”. NHO Sogn og Fjordane trur SIS vil finne fleire områder dei kan jobbe saman om, ja, kanskje så mange at dei på sikt frivillig vil endre kommunegrensene.

Utfordring i HAFS
Som sagt kjem det tydeleg fram i NHOs måling at det er ein stor fordel, ja, mest ein føresetnad, å vere knytt til større sentra dersom ein skal få til ei positiv utvikling med tilflytting, fleire arbeidsplassar og høgare kompetanse. Såleis vil det truleg ikkje ha stor positiv verknad om tre-fire små og relativt dårleg stilte kommunar slår seg saman. Då vil dei berre ende opp som ein litt større og dårleg stilt kommune.
Til dømes vil samanslåing av dei tre HAFS-kommunane Askvoll, Hyllestad og Fjaler ha marginal effekt for veksten i området. Ingen av desse kommunane kjem godt ut i den nye berekraftsmålinga, og etter vår meining må det til ei eller anna form for kopling opp mot sentra som Førde og Florø for å få til eit skikkeleg løft i dette området.
Fjaler kjem best ut av dei tre kommunane totalt sett, på ein 212. plass i målinga. Hyllestad ligg på 308. plass og Askvoll på 336. plass av landets 429 kommunar. Ei samanslåing av dei tre kommunane vil gje eit innbyggartal på ca. 7400 personar, som også då blir ein relativt liten kommune. Ser ein isolert på måleindikatorane utfyllar dei ikkje kvarandre i særleg stor grad heller. Spørsmålet ein kanskje må stille seg er kvar er best; å vere fattig aleine eller saman med andre?

Knytt til Sogndal
Men det finst fleire døme her i fylket på endra kommunestrukturar som kan gje gode effektar. Kommunane Sogndal, Luster og Leikanger er til dømes eit godt trespann. Sogndal har ein god arbeidsmarknad, og i Leikanger har det utvikla seg positivt dei siste fem åra. Internt i fylket toppar Sogndal og Leikanger lista med 1. og 2. plass og Luster på ein god 7. plass. På den nasjonale plasseringa er dei også i toppsjiktet. Dei tre har til saman kring 14 400 innbyggjarar, utfyller kvarandre godt, og utgjer såleis ein god motor for indre deler av fylket.
Men det viktigaste bidraget kommunane sjølve kan gje til eit løft for seg sjølv på kort sikt er å intensivere samarbeidet med andre kommunar, legge betre til rette for privat næringsutvikling, skape optimale tilhøve for at nye innbyggjarar skal komme og ikkje minst styre økonomien slik at ein får handlingsrom.

Betre rammevilkåra
Reint konkret inneber dette mellom anna at den einskilde kommune må inngå langt tettare og selektivt samarbeid med dei kommunane som kan generere mest mogleg vekst og utvikling, gje næringslivet gode rammevilkår i høve til ei kjapp og adekvat sakshandsaming, vere ein positiv medspelar for gründerar og andre med idear og planer for næringsvekst, sikre rimeleg tomteland, sikre best mogeleg servicetilbod og omsorgstenester, og ikkje minst bruke dei pengane ein har til rådvelde på ein måte som fremjar slik vekst og utvikling. Kommunane må dessutan alltid ha som rettesnor at når det gjeld næringsutvikling er tid pengar.

Fortetting og sentralisering
NHO Sogn og Fjordane trur uansett at tida er inne for politikarane kring om til å endre på kommunegrenser og nytte den empiri som NHOs BerekraftsNM representerer. Ein må sjå på korleis kommunane kan utfylle kvarandre og korleis ein formelt kan gjere dei effektive bu- og arbeidsmarknadsregionene til motorar i fylket. Ein kjem altså ikkje unna fortetting og sentralisering. Større kommunar vil også mindre kommunar rundt nyte godt av. For indikatorane viser klart at jo nærare ein mindre kommune er eit byområde jo betre vil det slå ut på berekraft og vekst.

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane
Marit Gjerstad, rådgjevar NHO Sogn og Fjordane

Vi blir jagd fra heimbyen!

Økonomien er dårleg i Trivselsfylket, og Hovudutvalet for opplæring har bestemt at dette skal gå ut over oss elever som vil gå allmenn påbygging i Florø til neste år. Dette tilbodet skal nemleg bort. Vi som går andre året på elektro i Florø er sterkt uenige i dette. Vi har begynt på ei utdanning vi trudde vi skulle fullføre i Florø. No ser det ut til at vi må ut av byen for og gjere dette. Det tyder pendling eller hybelliv for oss, og det er vi lite interessert i.
Påbygging gjer det muleg for folk til å skaffe seg ei utdanning. Linja er viktig for skulen, og kvart år har den hatt fleire søkarar enn det var plass til. Mange av oss har satsa på påbygging fordi vi veit at det ikkje er nok lærlingplassar, og fordi at vi vil ta høgre utdanning. Vi kjenner oss svikta. Vi ser at hovudutvalet vil oppretthalde to klassar i Førde, men altså leggje ned den eine i Florø. Dette reagerer vi sterkt på. Er det lengre fra Førde til Florø enn frå Florø til Førde kanskje?
Det er snakk om at det skal starte ei ekstra klasse studieførebuande og fjerne allmenn påbygging klassen. Men det er endå ikkje nok søkarar til å ha 3 vg1 klassar, men det er alltid folk som vil søke allmenn påbygging. Då er altså sjansen stor for at det ikkje blir nokon ny klasse. Det er berre ei som forsvinn.
På Florø vgs er det ei stor utbygging på gang. Kva er vitsen med det viss det skal bli færre elevar på skulen? Vi trur at skulen vil bli bli mindre attraktiv når ungdommen veit at dei ikkje får gjere seg ferdig i Florø.
Det er også viktig for Florø å halde på ungdommen sin kompetanse. Viss dei må reise bort tidleg, er sjansen større for at dei ikkje kjem tilbake. Er ikkje kysten viktig? Vi meiner at Florø si utvikling er viktig for heile fylket.
Flora vidaregåande skule er ein kjempegod skule der vi trivst godt, og skulen betyr masse for Florø si framtid. Vi protesterer derfor på det sterkaste mot at påbyggingsklassen skal leggjast ned!

Med helsing

2 Ela, Flora vidaregåande skule

Olden - Innvik har utspilt sin rolle i samfunnet ...

Etter å ha hørt utspillet til Per Sandberg i FrP i dag på lokalnyhetene, så må jeg si at jeg er helt forskrekket over hans politikk. Jeg har tidligere hatt gode relasjoner til FrPs samferdelspolitikk, men dette gjør meg rett og slett forbannet.
Han sier rett ut at han vil overkjøre lokaldemokratiet i Sogn og Fjordane, og få stoppet byggingen av Dalsfjordbrua. Han mener at han vet bedre, og at han vil gjøre det han mener er til det beste for dette fylket. Hva vet vel han, som knapt vet hvor Sogn og Fjordane ligger på kartet.

I motsetning til regionene Nordfjord og Sogn, har Sunnfjord fått lite midler til vei de siste 40 årene. Det kan man telle i antall meter med gul midtstripe for eksempel. Spesielt lite har det kommet til HAFS, og Askvoll kommune har bare en veiforbindelse ut av kommunen, som kun eksisterer fordi private personer har betalt den – derav navnet “Folkelånsvegen”.
Folk utenfor HAFS evner ikke å se Dalsfjordbrua i en større sammenheng enn en dyr vei mellom to små kommuner. De ser ikke at den nå pågående kampanjen for en kystvei faktisk inkluderer Dalsfjordbrua, for å få en sammenhengende trafikkåre på kysten, fra Ålesund til Bergen – og det måtte da være i FrPs ånd at kommuner som Fjaler og Askvoll kan knytte seg sammen, og eventuelt slå seg sammen til større enheter – slik politikken deres tilsier? Videre driver fortsatt folk med misvisende fakta, som at brua alene skal koste en milliard, og garantert blir dyrere og at den bare er for knappe 60 biler i døgnet. Faktum er at brua bare koster halvparten av en milliard, hele prosjektet under et koster en milliard, og da kommer 200 millioner av de pengene fra rassikringsprosjektet til Nishammaren, så brua med vei fra Ottersteinen til Eikenes er “bare” 800 millioner kroner. Videre har SINTEF ved to anledninger, med flere år i mellom, beregnet trafikkgrunnlaget til å være 750 biler i døgnet. Det er jo fordi flere vil velge å kjøre en vei det tar 4 minutter å passere, fremfor en ferje som bruker 25 minutter og bare går en gang annen hver time. Videre er trafikkgrunnlaget da basert på dagens trafikale situasjon i regionen, og tar ikke høyde for den økte trafikkmengden når brua skal knytte sammen Ålesund – Måløy – Florø – Bergen.

Hva har så dette med overskriften å gjøre? Jo, Per Sandberg ønsker å stanse “millardsløsingen” og flytte pengene til Olden – Innvik. Dette mener jeg blir helt gal prioritering. Olden – Innvik har utspilt sin rolle i samfunnet, og er blitt en kulturinstitusjon.
Dagens E39 er ca. 14 mil lang fra Førde til Volda. Den går så langt inn som til Våtedalen – til tross for tilnavnet “Kyststamveien”, og inkluderer to ferjer. Når kvivsvegen er ferdig bygget, vil man flytte E39 om denne, for å slippe Stigedalen og en ferje. Jeg mener at om man da også flytter E39 fra Skei via Stardalen/Briksdalen og inn på Kvivsvegen den veien, så har man fjernet 95 % av all biltrafikk over Olden – Innvik, man har fjernet ALLE ferjer på E39 mellom Førde og Volda og man har kortet inn igjen de ekstra milene det vil bli å legge veien fra Nordfjordeid via Grodås. Da kan man satse på Olden – Innvik som en turistattraksjon, og vise frem “Norges verste vei” for det den er verd.

Hvem er så jeg, og hvorfor har jeg noe å si i denne sammenhengen? Vel, jeg kjører 50’000 kilometer i året i mitt arbeid. Jeg dekker hele fylket fra Hoddevika i nordvest til Østerbø fjellstove i sørøst, fra Mjømna i sørvest og til Hjelledalen i nordøst. Jeg har kjørt en del VEI kan man vel trygt si. Det er mange veier som er langt verre enn Olden – Innvik, og jeg har ingen problemer med å møte en buss eller semitrailer på det strekket. Da er det ti ganger verre å møte noe slikt i Gulen, Hyllestad og Solund. Dessuten vil en vei igjennom Stardalen ta bort all trafikk som utgjør et problem på den strekningen.

Jeg sier ikke at jeg ikke vil unne Olden – Innvik å bli oppgradert. Jeg står gjerne på barrikadene når den tid kommer at de faktisk ligger først i de lokale prioriteringene, men et demokrati er et demokrati. Vårt lokale demokrati har sagt at nå er det HAFS sin tur sammen med Bremanger II, etter det kommer Olden – Innvik. La oss ta prioriteringene i den rekkefølgen vi har bestemt, og la oss slutte å stå på hvert vårt nes og rope “Han skal ikke få om ikke vi får først” – det er bare derfor Sogn og Fjordane er det annerledes fylket det er, og det er bare derfor vi ikke får til noe som helst annet enn fogderistrid i dette fylket.
Spaden til Dalsfjordbrua går i jorda i mars 2010 – når den står ferdig skal jeg så gjerne stå sammen med folk i indre Nordfjord om både Stardalen/Briksdalen og Olden-Innvik … Men vent på tur, slik vi har gjort i 40 år nå!

Høgre i kjent stil

Winston Churchill, den konservative britiske statsmannen, skildra ein gang skilnaden mellom blå og raud politikk slik: ”Svakheita ved kapitalismen er at den skaper forskjellar i rikdom. Styrka ved sosialismen er at den fordeler fattigdomen likt.”

I overskifta har eg sitert Ap-politikar Reidar Sandal sin kommentar til Høgre sitt alternative statsbudsjett presentert i fjor haust, der skatteletter var ein viktig ingrediens. ”5,5 millardar kroner i skattelette, i hovudsak ved å reversere Regjeringa sine viktigaste fordelingspolitiske grep” meinte Reidar Sandal at ikkje var å tolerere i desse krisetider. For Høgre er dette rett medisin til rett tid. Målet til Høgre er å trygge norske arbeidsplassar og norsk næringsliv for å kome styrka ut av krisa.

Sentralt i Høgre sin velferdspolitikk ligg eit mål om å gje langt fleire ein ny sjanse til å gå frå trygd over til å leve av eiga inntekt. Skatte- og avgiftspolitikken vår er tufta på ein så sjølvsagt grunnverdi som at det skal løne seg å arbeide og skape. Høgre vil alltid føre ein politikk som lar folk bestemme meir over si eiga inntekt og vil alltid føre ein skattepolitikk som fremjar verdiskaping i norsk næringsliv. Det samla skatte- og avgiftsnivået må snøgt reduserast merkbart.

Skattar og avgifter er naudsynte for å finansiere fellesgode. Men det høge norske skattenivået inneber meirkostnadar som ikkje måler seg med det ein får att frå det offentlege. Den einskilde sin valfridom og høve til å klare seg på eiga inntekt vert redusert. Innsatsvilje og skaparevne vert motarbeidd. Arbeidsplassar og kapital forsvinn til land med meir gunstige skattereglar. Det gjeld særleg for internasjonalt orienterte næringar som t.d. maritime og marine næringar. Mangfaldet i samfunnet vert mindre når stadig meir skal pressast inn i skattefinansierte offentlege løysningar. Slik vil ikkje Høgre ha det.

Det skal løne seg å arbeide og yte ein ekstra innsats. Skatten må ned for dei som seier ja til å arbeide overtid, og dei som ynskjer å arbeide må få høve til å gjere nettopp det; for arbeid er grunnlaget for sjølvstende, velferd og tryggleik. Innslagspunktet for toppskatten bør hevast, slik at arbeidstakarar med normal inntekt ikkje må betale denne. Etter å ha arbeida ein dag skal ikkje det offentlege stikke av med halvparten av inntekta di. Teorien er enkel og eg er viss på at den er rett: Får du behalde meir så blir lysta til å arbeide tilsvarande større. Og det blir velferda også. Høgre vil gjere denne teorien om til praksis.

Høgre vil alltid føre ein politikk som tryggar arbeidsplassane og som gjer det lettare å skape nye, nettopp fordi velferdssamfunnet er heilt avhengig av eit verdiskapande næringsliv. I dag blir det verdiskapande næringslivet hindra av norske særavgifter som ofte rammar uavhengig av den einskilde si evne til å betale. Handelslekkasjar og utflagging av norsk næringsliv er daglegdagse problem, som ein del av ein vond sirkel, på grunn av svekka konkurranseevne for norsk næringsliv som følgje av stramme skattar og avgifter. Slik vil ikkje Høgre ha det, og vi har løysinga klar.

Høgre vil m.a. fjerne den særnorske formueskatten ved først å fjerne skatten på arbeidande kapital og heve botnfrådraget. Det er meiningslaust å måtte betale for å eige. Det er ikkje som om du ikkje har skatta for kvar ei krone tidlegare. Eit unntak er sjølvsagt om du har arva ei formue, men då har nokon andre igjen betalt skatt for dette før deg, og sjølv har du jo allereie betalt arveavgift. Når bedrifter må ta opp lån for å betale formueskatt fører ikkje det til at norske arbeidsplassar blir tryggare. Men sidan Ap er opptekne av ”fordelingspolitikk” er det, diverre for norsk næringsliv og for dei som arbeidar i det private, viktigare for regjeringa å ha ein profil der regjeringa står fram som ein moderne ”Robin Hood”; enn å legge til rette for ei positiv utvikling av norsk næringsliv. I realiteten utarmar ein slik politikk næringslivet og sender dei tilsette på sosialen. Det er Ap sin såkalla ”fordelingspolitikk” i praksis.

Høgre går også inn for å fjerne arveavgifta. Er du så heldig og arvar ei hytte som har vore i familien i generasjonar finst det fleire døme på at folk har måtte tatt opp lån for å betale arveavgifta for å kunne overta denne. I verste fall må ein selje hytta for å kunne betale avgifta for å arve ho. Slik vil ikkje Høgre ha det! Arveavgifta er også ei stor belastning for generasjonsskifte i familieeigde verksemder, som igjen set arbeidsplassar i fare. Denne belastninga vil Høgre ha vekk.

Høgre vil ha ned eigedomsskatten og motarbeide innføring av den i kommunane. Heller ikkje eigedomsskatt tek omsyn til den einskilde sitt høve til å betale han. Når norske skipsverft opererer i tøff internasjonal konkurranse er eigedomsskatten i mange høve den siste faktoren, ein faktor som ofte kjem opp i millionklassen, som gjer at ein må flagge ut norske arbeidsplassar til lågkostland som til dømes Polen.

Skattar og avgifter må vere nokolunde forståelege for folk flest. Betalar ein t.d. miljøavgift skal desse pengane gå til å avhjelpe miljøproblem. Om ein betalar bompengar mellom Florø og Førde er det for å betale tunnelen til/frå Naustdal; ikkje for å betale for tiltak som politikarane elles ikkje har klart å skaffe midlar til innan samferdslesektoren.

Eit lokalt døme på at avgifter ikkje er forståelege er den såkalla produktavgifta for saft, som råkar særleg Lerum i Sogndal. Produktavgifta vart innførd av dagens regjering i 2006 for å redusere forbruket av produkt med sukker. Det er fleire årsaker til at denne avgifta kan kallast urettferdig. Lerum sine produkt som er laga av reine råvarer som bær og frukt blir pålagt produktavgift medan til dømes mjølk som er tilsett sukker ikkje vert råka av denne produktavgifta. At avgifta har verka mot sitt formål ser ein klårt fordi brus har teke over ein stor del av marknaden. Dette er ein av grunnane til at Høgre går inn for ei halvering av denne avgifta i revidert nasjonalbudsjett som skal handsamast no i juni. Vi vil ha vekk avgifter og skattar som hemmar næringslivet, som set arbeidsplassar i fare og som for mange står fram som uforståelege, slik som denne produktavgifta, som i tillegg verkar mot sin intensjon.

Høgre miner det skal løne seg å arbeide og skape. Høgre vil føre ein politikk som lar folk bestemme meir over si eiga inntekt og vil føre ein skattepolitikk som fremjar verdiskaping. I ein slik politikk er skatteletter eit viktig og riktig element. Reidar Sandal oppsummerar det godt: det er verkeleg Høgre i kjent stil.

Jacob Nødseth, 2. kandidat til stortingsvalet, Sogn og Fjordane Høgre