Viser arkivet for stikkord haakon

Om vekst og utvikling i Naustdal

Det er flott at ordføraren i Naustdal endeleg har byrja nytte sosialt aksepterte medier til å hevde sine meiningar i Engebøsaka. Denne, som mange andre saker til handsaming i Naustdal inneverande periode har ikkje vore plagsamt mykje debattert og utgreia polistisk. Dette tilskriv eg ordførar Haakon Myrvang det heile og fulle ansvaret for.

Når det er sagt, skal eg ta meg den friheita å vurdere innlegget til Myrvang opp mot mi eiga realitetsforståing som kommunestyrerepresentant for SV i Naustdal. Ordføraren konkluderar i dette innlegget, som han har gjort sidan 2007, med at dei samfunnsmessige positive ringverknadane overstig dei negative. Utifrå kva grunnlag trekk du desse sluttningane ordførar? Kan du sei meg kva reèlle tiltak du viser til med desse påstandane? Deretter seier du at “vi som politikarar må leggje til grunn kva som er til det beste for heile kommunen”. Ja, er det det vi har gjort meiner du? Har vi handla heilt korrekt på vegne av alle innbyggarane i kommunen? Var vedtaket vi fatta 11.05 lovleg i det heile? Kva eg legg i det, kjem vi attende til……i løp av veka.

So kjem eit hjertesukk: Du seier at eit nei frå MD til sjødeponi, vil sei eit nei til Engebøprosjektet, og vil igjen sei ein ny og alvorleg situasjon for Nordic Mining. Har du ikkje forstått det før no? Kor mange gongar har ikkje SV brukt dette som grunn for at Naustdal burde krevje andre løysingar?!!! Kva om MD seier nei, har ikkje Naustdal tenkt på det før no?

Som Sv sa i planutvalsmøte før mekling med Fiskeridirektoratet i nettopp denne saka, og som vi gjentok til Nrk i eit intervju rett etter møtet: Naustdal har ingen plan B. Dette var basert på at Naustdal legg alt inn på at MD skal godkjenne planane, noko eg nektar å tru at dei kjem til å gjere.

Det viktigaste vi gjer for framtida, er å leggje tilrette for gode arbeidsplassar, gode velferdstilbod, gode bu- og oppvekstvilkår for innbyggarane i kommunen, samtidig som vi tek ivare natur og miljø for komande generasjonar. Men ikkje slik som dette Haakon. Ikkje utan å setje krav til noko som helst, ikkje ved å gje vekk arven på vegne av alle som kjem etter oss, ikkje utan å tore krevje det beste for Naustdal. Eg ville frykta for den partipolitiske framtida for Ap i Naustdal om eg var deg, nettopp med tanke på kva de har oppnådd i denne saka her. Der står eit kommuneval for døra, og det som går føre seg i kommunestyret er ikkje spesielt godt “valstoff” for alle partia, for å seie det slik.

Alle vi andre i kommunen har vorte tvinga til å ta stilling til kva vi vil med bygdene og kommunen i framtida, med eller utan Engebø. Har vi vorte ført bak lyset? Eksisterar der ikkje eit alternativ utan Engebø, eller utan sjødeponi?

Mitt spørsmål til deg Haakon vert som fyljer: Kva er plan B i Naustdal?

Mvh
Ole Erik Thingnes
Naustdal SV