Viser arkivet for stikkord islam

#MuslimRage

Kjære Rutledal, Aasen og andre dystopikere som ligger under dynen og skjelver av skrekk for muslimer. Dere har flere ganger etterspurt om det finnes noe som helst positivt med muslimer og islam. Da kan dere selv få gå inn på et nettsamfunn som heter Twitter, og lese meldingene med hashtaggen #muslimrage. Etter at Newsweek trykket dette coveret:

og oppfordret leserne til å skrive twittermeldinger med erfaringer med rasende muslimer, har muslimene selv kommet på banen og dominert hashtaggen med et helt annet budskap. Eksempler: “Can’t find your shoes when coming out of the mosque. #MuslimRage” “Seeing a brother with a bigger beard than you knowing he will get all the bitches. #MuslimRage.” Ushman Chaudry har egentlig forklart dette mye bedre enn jeg kan, så gå inn på bloggen hans og sjekk selv: Slik reagerer muslimene på sosiale medier.

Ingen religion er perfekte.

I det siste har det dukket opp flere diskusjoner, eller mer eller mindre, krangling på nettforumet angående religion, muslimer, islam osv. Folk sier at den religion er fæl, den og den får spesial behandling av NAV og stat, kvinner blir behandlet elendig, koranen styrer livene deres, og jeg kan nevne enda flere argumenter og utsagn om det temaet. Men skal vi bare peke på en religion og si at den er værst, den er værre og den er definitivt den værste av sin sort? Er vi i posisjon til det?

Når jeg leser alt det om religion som har blitt skrevet i det siste så går jeg tilbake og tenker på det folk har sagt, jeg kommer på en paragraf i grunnloven, jeg kommer på hva mitt syn på religion er, muslimer, islam, kristendommen, buddhismen osv. Selv kan jeg påtale meg selv om å være en ikke troende, religion læreren min hadde et så fint ord på det men jeg kommer ikke på det, men for å beskrive det kort så tror jeg at alt må ha hatt en begynnelse, om det så er en Gud eller noe vitenskapelig som er årsaken, det har jeg ikke noe å si om.

Men jeg kan si meg enig i det som ble skrevet for en stund sida som vakte stor kritikk mot forfatteren, at jeg ikke liker religion så godt, respekt for hver enkel religion, det har jeg, men jeg liker ikke korleis den kontrollerer folks liv. Men om du er jøde, om du er muslim, om du er hinduist, buddhist eller kristen, så er det greit for meg, du er et menneske fordiom, uansett religion du holder deg til, det jeg ikke liker er ekstremisme, der de følger koranen, bibelen, skriftene til punkt og prikke. Jeg liker ikke forskjellstillingen mellom menn og kvinner, sosiale rang osv. For meg er alle mennesker like, ekstremister er og mennesker, men det er mennesker jeg ikke liker så godt, og spesielt deres måte å fremme ut sin religion på, eller sitt hat mot andre religioner fra Vesten, den måten er simpel: Kaboom .

Men er religionen vår noe perfekt? Er vår tro noe bedre enn alle andre sine? De fleste i Norge tror på Gud, noen tror på profeten og Allah, noen tror på Buddha, andre tror på Tor, Odin og de Norrøne. Alle vil fremheve sin religion og sin tro, men bør ikke alle da ha respekt for hver enkel? Uansett hvilken tidsalder du er i? Se tilbake på korstogene, før det tredje korstoget var Jerusalem styrt av en kristen korstog stat, under ledelse av den unge kongen Baldwin, og som alle vet, korstogsfarene var ikke snille mot den religion som de såg på som uverdig, men godeste Baldwin lot jøder, muslimer, sarasenere og andre type religioner be sine bønner, ha sine messer og ha sine gudstjenester, hvorfor? Fordi det var på deres eget land.

Men er vi i Norge for snille med innvandrerne? Ja, i noen tilfeller er vi det, jeg sier ikke at vi skal fjerne innvandrere, for all del, de som kan intrigere seg, de som kommer til landet med en gyldig grunn, ikke er kriminelle og har et rent rulleblad er velkommen for min del, men de som kommer hit for å stjele, få penger, utnytte trygde prinsippet vårt, har tidligere vært terrorister (sikter spesielt til Krekar) eller kriminelle og nekter å intrigere seg skal ikke slippes inn her i Norge som jeg og flere av oss er så glad i.

Men ærlig talt, slutt med den diskusjonen som har blusset opp i det siste, religion er religion, lov er lov, det er det som er forskjellen som mange som nekter å intrigere seg ikke forstår, i Islamske land er det lov å være slem, gjerne direkte grusom mot sin kone, det må vi skjønne, og det kan vi ikke gjøre noe med, men det vi kan gjøre noe med er å få de som bur her i vårt land og vil bli norske statsborgere til å skjønne at Norge har andre lover enn det de har, det er forskjell fra her og der, og at viss de bryter VÅRE lover, så blir de straffet, selv om de ikke ville ha blitt straffet i sitt land.

Hovedpunktet med selve overskriften var for å se om dette får litt oppmerksomhet, for hva andre folk tror på kan vi ikke gjøre noe med og det vil jeg få fram, men selv vi er ikke et perfekt eksemplar om vi er i deres land, der må vi følge lovene deres og vise respekt, ikke alle nordmenn gjør det. Religion er ikke perfekt, hverken vår eller andres, men vi må respektere det, de er mennesker, om vi liker dem eller ikke, de kan tro på hva de vil i sitt land, så lenge de ikke trykker det ned på andre.

Til kamp mot dystopier

Det har dei siste dagane forgått ein oppkava debatt på Firda sitt nettforum etter mitt innlegg «Vil den verkelege fjordmannen venligast reise seg?» (endra til «folk flest hatar ikkje muslimar» av Firda i papirutgåva), der eg tek til motmæle mot Norvald Aasen som i Firda sist fredag meinte det var regjeringa sjølv som var skuldige i hendingane 22. juli 2011. Innlegga til dei mest rabiate debattantane Henning Rutledal og Odd Future (eg regnar med det er eit pseudonym) i nettdebatten dreier seg stort sett om å peike på fæle muslimar er mot konene sine, og kor mykje innvandrarane kostar det norske samheldet. Her er berre eit eksempel frå nevnte Rutledal: «Hvorledes beriker muslimer og deres islam Norge? Ja, dersom man ser bort fra overfallsvoldtekter, kjønnslemlestelse, trygdemisbruk, æresdrap og tvangsekteskap med tilhørende innavl og det som følger med av medisinske og genetiske konsekvenser?» Eg har ikkje vore interessert i å gå inn i denne polemikken, av den grunn at nyanserte synspunkt sjelden bit på slike debattanter. Eg får også ein dårlig kjensle av kva som er usagd i denne debatten.

Dei spørsmåla eg stiller meg er: kva slags haldningar ligg bak disse einsidige angrepa mot muslimar? Og kva for tiltak er det dei ville gått inn for om dei fekk påverka? Sjølv om ein skal være forsiktig med å leggje til folk meiningar, kan svara ikkje vera anna enn rasisme og diskriminering. Ja, dei er rasistar for kvifor er det berre muslimske menn dei angrip i sine innlegg om vold i familien? Om det var temaet vold i nære relasjonar dei var opptekne av, ville dei også være opptekne av norske menns vold mot eigne koner og kjærester. Men dette blir bagatellisert. Og om det var trygdemisbruk i seg sjølv dei vart provoserte av, er det nok av etniske norske som driv med den sporten óg. Nei, her er det tydeleg at det er etnisitet, hudfarge og religion i seg sjølv som er problemet. Da må vi kalle ein spade for ein spade og ta avstand frå rasismen. Eg skreiv at diskriminering var svaret på det andre spørsmålet. Kva er det dei eigentleg ynskjer å oppnå? Kva for tiltak er det dei ville gått for? Kva anna enn tiltak som forskjellbehandlar? Det følgjer som ein logisk konsekvens av kvarandre. Rasistar uttrykker sitt framandhat på nettfora under dekke av å berre peke på fakta og problemstillingar i samheldet. Diskriminering er fruktene av desse haldningane om dei får føre frem til politisk handling.

Vi kan konkludera med at vi har ei rekke debattantar frå Aasen til Rutledal i Firdas nettforum som er meiningsfeller med massedrapsmannen Anders Behring Breivik når det gjelder det rasistiske og dystopiske synet på islam og muslimar. Så er spørsmålet: Kva skal vi gjere med det? For det første: burde PST varslast? Og vidare: skal vi gå i dialog med dei? Er det noko poeng? Nei, desse får vi ikkje snudd med det første. Men vi kan ikkje tillate oss å vere stille, for vi må tenkje på dei som les debattane. Dei som er i formingsfasa, dei som er i ferd med å bli desillusjonerte. Dei må få høre at den finst ein anna versjon. At flerkulturelle samhelde fører med seg gode ting. At det er mogleg å inkludere og integrere innvandrarar i samheldet vårt. At vi som nasjonen tenar på det, og ikkje minst at det er rett å hjelpe folk i naud. Det er bodskapen om at varme hjarte kan finne saman på tvers av etniske og religiøse skilnader. Det er håpet vi må bære at det skal være godt å være norsk og bo i Norge også i 2060.

Potetkjellaren i samfunnet vårt

I den siste tida har det versert ein debatt på Origo. Etter at Firda skreiv om at planane for å byggje moské i Førde skrid framover, noko dei har gjort ei stund, har det kome mykje rart til overflata i debatten, meiningar som vanlegvis ytrast på ymse debattforum under anonyme namn som “norgefornordmenn” og “siantilhenger”. No er det tydelegvis i deira eigne auge sopass stuereint at desse personane kjem fram med sine eigne namn, og all honnør for det, det er fint å vite kven som ikkje ser anna enn si eiga framandfrykt. Det er fint å vite kven som ikkje har eitt einaste fornuftig ord å kome med.

Fleire av FrP sine toppkandidatar til kommunestyret, og andre, har markert seg som svorne fiendar av ein av verdas største religionar, islam. Dei vil ta oss, seier dei. Dei vil at alle norske kvinner skal gå i burka, hevdar dei. Og så vil dei sjølvsagt innføre sharialover. Og ta pengane våre. Borna våre, etterkvart kjem nok påstandar om at dei vil infiltrere burettslaga våre og krevje bønnerom i kjellaren, eller halal-pølser på dugnaden! Og Gud forby at dei skulle ha eit Gudshus!

Det som er så slåande, er inkonsekvensen i det dei seier. Dei hevdar dei er for religionsfridom, dei slår fast med den obligatoriske linja “eg er ikkje rasist, men…”, gjerne hevdar dei også at dei kjenner muslimar, sjølv om tilfellet hjå veldig mange av dei, slett ikkje er det. Dei seier gjerne at moskeane tek for mykje plass, at dei bråkar for mykje, men like fullt forsvarar dei kyrkjebygga til det fulle, med flombelysning til alle døgnets tider og kyrkjeklokker som vekker ein kvar tidleg på søndags morgon. Dei seier ja til kristne privatskular, men tverrt nei til muslimske privatskular. Ein må gjerne teikne karikaturar av Muhammed, men om ein skulle finne på å gjere slikt med Jesus, er det uakseptabelt. Dei kan ikkje lenger skjule seg som noko anna enn det dei er; framandfryktfylte islamofobar med skuggelappar på.

I FrP-land og den kristenkonservative delen av islamhatarane, er det eit par artige betraktningar ein kan gjere seg. Likestilling av kvinner og menn er kjempeviktig om ein skal akseptere islam, men å gjere det sjølv er utenkeleg. Strenge straffar av kriminelle er forkasteleg når det er sharia, men berømmeleg når det er FrP-politikk. Det er forkasteleg at islamistane ikkje aksepterar homofile, men sjølvsagt skal ein sjølv sleppe å akseptere dei.

Mange av dei representerar konspiratoriske teoriar og hysteriske fantasiar om ei folkegruppe på 1.6 mrd menneskje, ei relativt stor gruppe å stryke over ein kam. Desse personane greier ikje å sjå verkelegheita som den er, dei nektar å godta statistikk frå Europol, som slår fast at mellom 2006 og 2008 utgjorde islamistiske angrep ut av alle gjennomførte terroraksjonar i Europa, 0,4%. Dette passar ikkje i biletet deira, dei vil ikkje sjå anna, tenke anna, høyre anna, og då skrik dei høgt nok til å ikkje høyre verkelegheita.

Fleire av debattantane har openberrt eit trangsynt bilete av verda, dei har danna seg eit bilete av korleis verda ser ut, og går aktivt inn for å få bekrefta dette biletet uansett, dei stolar meir på organisasjonar som SIAN (ein ekstremt muslimfiendtleg organisasjon med namnet Stopp Islamiseringen Av Norge) og Siv Jensen enn på FN, Statistisk Sentralbyrå, og det faktum at dersom alle 1.57 milliardar muslimar hadde vore islamistar, med eit ønskje om å spre diktatur og sharia, hadde det faktisk ikkje vore tvil om det, då hadde verda sett annleis ut.

Kva skjedde med tillit? kva skjedde med evna til å tenkje nokonlunde kritisk rundt “informasjon” ein blir servert, kva skjedde med å vere eit medmenneskje? Eg har trua på at det faktisk ikkje er alle som vil oss vondt, at det ikkje er så valdsamt mange som ønskjer middelalderske straffelover i landet, og eg meiner at både dei som trur slikt, får heller låse seg inne i potetkjellaren sin og stenge døra, om dei får det som dei vil, får vi eit kaldt, kynisk, lukka samfunn som ikkje respekterar menneskje, rettane deira, eller evnar å halde dialog. Lat dei ikkje øydeleggje samfunnet, lat ikkje frykt bli den dominerande kjensla ein har!

Ole Fosse Fardal
tredjekandidat , Førde SV

No kjem muslimane og tek oss

I Sogn og Fjordane bur det etter kvart mange truande muslimar. Etter Unge Venstre sitt syn er det heilt naturleg og flott at desse ytrar ynskje om eit eige gudshus.

I si nye valavis til husstandane i Sogn og Fjordane, går Framstegspartiet ut og lovar at dei vil «hindre byggjing av moskéar i bygdene våre». Korleis dei skal klare dette er ei interessant problemstilling. Nei, forresten, det er det eigentleg ikkje. For dersom reguleringsplanar og anna opnar for oppføring av gudshus, og nokon ynskjer å byggje ein moské, kan eit kommunestyre vanskeleg hindre dette utan å gå på tvers av grunnleggjande menneskerettar som religionsfridom og retten til ikkje-diskriminering. Ei nekting av byggjeløyve vil såleis truleg vere i strid med både Grunnlova og menneskerettslova.

Det mest interessante spørsmålet er difor kva som ligg bak eit slikt utspel frå Frp. Etter mitt og Unge Venstres syn kan der berre vere tre moglege forklaringar:
1: Åge Starheim og Frp kan ingenting om grunnleggjande menneskerettar.
2: Åge Starheim og Frp bryr seg ikkje om grunnleggjande menneskerettar.
3: Åge Starheim og Frp veit at utspelet er meiningslaust og utan politisk innhald, men spelar medvite på frykt, fordomar og grumsete haldningar for å skape oppslutnad kring eige parti.

Personleg er eg redd forklaring nr. 3 er mest sannsynleg. Utspelet føyer seg nemleg inn i ei rekkje av saker, der det tydelegvis ikkje er grenser for kor langt Frp vil gå i å trampe på religionsfridomen for å sanke veljarar. Eit anna døme på dette er Frp i Oslo, som viljug røystar for oppstartsløyve til kristne privatskular, men som – utan vidare grunngjeving – set foten ned for muslimske privatskular. Dette er inkonsekvent og diskriminerande. Eg går ut frå at Frp ikkje vil hindre byggjing av kristne kyrkjer i «bygdene våre»?

For meg og Unge Venstre er religionsfridom heilt avgjerande for eit moderne samfunn. Difor ser vi med glede på at muslimar i Noreg ynskjer å dyrke religionen sin, på same måte som vi ser med glede på at kristne, jødar og katolikkar gjer det same. Omsynet til religionsfridom er også ein av grunnane til at vi går inn for eit fullt skilje av stat og kyrkje. Det er nemleg noko grunnleggjande feil med eit samfunn der Trond Giske har vetorett over kven som skal vere leiarar i eit religiøst trudomssamfunn. På same måte vil det vere grunnleggjande feil om Åge Starheim skal ha vetorett over kven som skal få byggje gudshus.

Sogn og Fjordane er eit moderne fylke, og vi er eit fylke som vert jamt meir multikulturelt. Dette tykkjer Unge Venstre er grunnleggjande positivt. Likevel er nok ikkje sjansen særleg stor for at vi ser ein byggje-boom i moské-bransjen med det aller første. Om nokon likevel skulle ynskje å byggje ein moské i Sogn og Fjordane, slik som det mellom anna er planar om i Førde, skal ein vere bra religionsfiendtleg for å sjå dette som negativt. Eg trur derimot dette vil vere eit heidersmerke for fylket vårt! Sogn og Fjordane er ein del av ei moderne verd og ein moderne nasjon, ein nasjon som har rom for personar med ulik bakgrunn og religion. Då er det viktig at vi held fast på religionsfridomen som ein av våre mest grunnleggjande menneskerettar. Det ynskjer vi i Unge Venstre å gjere, og vi sel ikkje unna vår menneskerettslege integritet for å kapre veljarar.

No kan det sjølvsagt tenkjast at Åge Starheim og Frp eigentleg berre vil fjerne årsakene til at det oppstår trong for moskéar i Sogn og Fjordane. Men så vondt vil eg ikkje tru om dei.

Av Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid, sentralstyremedlem i Noregs Unge Venstre