Viser arkivet for stikkord klif

Litt skal vi tåle – men kor mykje tåler fjorden?

Det har vore ein jamn straum i det siste – av personar som har argumentert for gruvedrift i Vevring. Først var det Bodil Kidøy Lunde i Førde høgre som sa at dette må vi satse på – berre det ikkje går ut over miljøet ”Men det skal sjølvsagt gå utover miljøet. Vi må stole på fagfolka…” ”Skjer det noko uventa, kan anlegget stoppast og tiltak setjast inn, seier Kidøy, som meiner det ikkje vil vere noko fare for miljøet” (Firda 02.02.) Ho vil høyre på fagfolka frå NIVA som er engasjert av Nordic Mining, men kvifor ikkje fagfolka frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet som åtvarar sterkt mot prosjektet? Og korleis vil Kidøy Lunde sleppe 20 tonn slam pr minutt i fjorden utan at det skal gå utover miljøet?

14.02.(Firda) frontar Aps fylkesleiar Støyva gruvedrifta ”..og seier m.a. at Norge skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken” Dei fleste land har forbod mot sjødeponi. Og om vi skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken – då skyt vi ikkje ned eit fjell og slepp kring 95 % av det i fjorden – då plasserar vi oss i den andre enden av skalaen i lag Papua Nu Guinea og eit par land til som har sjødeponi. PNG vurderer faktisk no å slutte med sjødeponi. Så vi stiller oss bakerst og ikkje fremst i miljøarbeidet på dette feltet. 99,6% av alle gruver i verda slepp ikkje gruveslam sjøen i følgje FNs maritime organisasjon (IMO) i rapport frå november 2012

Så kjem Lødemel på bana (Firda nett 25.02)som beklagar at Nordic Mining må leve i uvisse så lenge – og at det er heilt uhaldbart. Har har vore i Vevring i snakka med folket der om den uvissa dei lever i? Han vil gje prosjektet 10 års prøvetid – Er det det Lødemel meiner er forutsigbarhet næringspolitikk? Og kor ille skal det sjå ut om Høgre vil stoppe dette. Skal vi ha 10 år til med ny uvisse? Og kva sit ein då att med når lyset er slått av og mykje av fjorden er øydelagd. Lødemel sa i september at han måtte ha meir fakta om gruvesaka før han kunne ta stilling – no har han bestemt seg – kva ny informasjon har han fått – kva er det han veit som KLIF ikkje veit, som ber om nye utgreiingar. KLIF er inga miljørørsle – i følge tidlegare oppslag så har alle som har søkt KLIF om utsleppsløyve siste 6 åra fått ja – om lag 360 søknader – no ber KLIF om meir kunnskap!

Så kjem Nordic Mining sjefen Ivar Fossum på bana, og dei 170 arbeidsplassane med omkringliggande verknader som det før var snakka om, er no stege til 1000! Ikkje rart at han aukar i bodrunda – selskapet måtte nyleg få tilført ny kapital. Om eg ikkje ikkje hugsar feil – så mangla ein 900 industriarbeidarar i Trivselsfylket – så såleis skulle vel vi tåle 1000 til.

Dernest ivrar Wiggo Leikanker frå Naustdal på årsmøtet i Sogn og Fjordane SP for månelandskap i Førdefjorden(Firda nett 02.03.) Han meiner at når Førde hatt fått månelandskap – så bør Naustdal også få det. Han meiner kyrne på Brulandsvellene produserte fleire tonn mjølk – enn tonn produksjon av fisk der deponiet skal kome. Spørsmålet er om ein berre skal sjå på der deponiet er tenkt plassert – eller der småstøvet og giftstoffa faktisk kan spreie seg. Han viser vidare til at for sjøen sin del – så er det i hovedsak snakk om rekreasjonsområdet. Fiskerinæringa i Førdefjorden er skepiske til gruveprosjektet – ei næring som i 2010 hadde ei omsetning på 284,5 millionar – så då talar vi vel om meir enn rekreasjon. Spredningsfaren for dei minste partiklane er ein svært usikker på – ei dagros på rømmen er råd å fange innatt – småpartiklar i fri flyt i fjorden kan det bli verre å få kontroll på.

Så melder Liv Signe seg på i bodrunda og meiner at vi må tåle inngrep(nrk.sf. 05.03) – det sa partifellene hennar også då vi protesterte mot monstermastene. Vi såg korleis det gjekk.

Dei fleste viser til overvakingsprogram, at utsleppa vert overvaka – og såleis ikkje noko å uroe seg over. Overvakinga er ikkje noko verktøy for å ivareta miljøet i fjorden.
Spørsmålet vert kva konsekvens ein tek av den informasjonen som denne overvakinga gjev. Og når ein ikkje vil ta åtvaringane på alvor på førehand – om den kunnskapen ein har – og all uvissa som er knytt til prosjektet – så spørst det kva ein vil og kan gjere med informasjonen ein får når produksjonen er i gang og investeringane er gjort.

Vi har nok av eksempel i dag på miljøutfordringar som krev endringar av oss – vi har såleis rikeleg å rydde opp i – om vi ikkje skal starte opp endå eit utsleppsprosjekt. Jaudå Liv Signe – litt skal vi tåle – men kor mykje fjorden tåler, er det meir uvisse om.

Vi treng ny industri og arbeidsplassar som spelar meir på lag med naturen enn dette prosjektet gjer. Engebøfjellet inneheld verdiar – men er verdiane så store som det vert påstått – så finst det nok bedre metode i framtida enn dette. Verdiane ligg i Engebøfjellet – ikkje i aksjepostane til Nordic Mining.

Lokalt Naturmangfald - Svar til Fossum

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, svarte i Firda 11. mars på innlegget mitt om lokalt naturmangfald. Fossum skreiv at Natur og Ungdom har misforstått omgrepet naturmangfald. Det er tydeleg fleire mistydingar ute og går.

Ei lang rekke lag, forskarar og miljøorganisasjonar kjem med kraftige åtvaringar mot den planlagde gruvedrifta i Vevring. Drifta vil føre til eit enormt naturinngrep, og har ein høg risiko for å øydelegge Førdefjorden.

Fossum brukar konsekvensutgreiinga (KU) som dokumentasjon på at gruveprosjektet i Engebøfjellet er utan fare for naturmangfaldet i Førdefjorden. At gruveprosjektet vil vere miljømessig trygt og langsiktig utan konsekvensar for verken raudlisteartar eller andre artar. Dette stemmer ikkje. KU er ikkje ferdig, og kan ikkje reknast som eit bevis for at økosystemet i fjorden ikkje vil bli påverka av fjorddeponiet. Fleire forskarar anbefalar vidare utredningar på mange område.

Norsk fjordlandskap er for andre gong blitt kåra til eit av dei beste reisemåla i verda. Vevring er eit kreativt og livleg bygdesamfunn, og ligg ved ein av dei reinaste og flottaste fjordane i landet. Eg tykkjer det er naivt og ulogisk å tru at gruvedrift og fjorddeponering vil vere miljøvenleg på den måten det er lagt fram. Lokalpolitikarane står ovanfor ei stor avgjerd. Kor mykje risiko for øydelegging av miljøet vil de godta? Gruveindustri der ein risikerar å øydelegge Førdefjorden for all framtid, eller ei fornybar satsing der ein tek vare på naturmangfaldet og livet i bygda. Kva veg tyngst?

-Inger Fure Grøtting, Fylkesleiar i Natur og Ungdom