Viser arkivet for stikkord kommunesammenslåing

Tvangssamanslåing av kommunar.

Dette er eit tema som dukkar opp med jamne mellomrom. NHO, AP, H og FRP er blant dei leiande når det vert hevda at alt blir betre med større kommunar. Begrunnelsen for å tvangssamanslå kommunar er at staten har overført oppgåver til kommunane som ein del kommunar ikkje har folketal og ressursar til å løyse. Kvifor staten gjer slikt er det ingen av tvangssamanslåarane som stiller spørsmål ved. Erfaringane etter tvangssamanslåingane i 1965 er ikkje gode for oss som bur i utkantane eller Sogn og Fjordane fylke. Folketalet i fylket har stagnert og utkantkommunane har hatt stor fråflytting. Senter som har hatt folketalsauke slit med trafikkproblem, som Førde og Sogndal. Det er forståeleg at folk flyttar frå distrikta når forutsetningane for kommunesamanslåingane i 1965 er sabotert av politikarane i ettertid. Då Lavik og Kyrkjebø vart til Høyanger kommune skulle bygda som eg tilhøyrar, Ikjefjord, få veg som skulle korte ned avstanden til nye kommunesenteret Høyanger. Det vart bygd veg til Svartemyr og ferjekai der. Den vart nedlagt i 1992. Ved å hatt eit ferjesamband Svartemyr-Klevald ville ein ha avlasta det 40 år lange ferjekaoset ein har hatt på Oppedal-Lavik. Samtidig ville ein fått ein omkøyringsveg når Oppedal-Lavik er stengd, og kommunesamanslåinga kunne fungert. Men nei, i Sogn og Fjordane er det molbopartia som styrer. Det er viktigare å motarbeide andre enn å få til noko sjølv. Det er kun Kystpartiet som har kjempa får å få retta på uforstanden og det bakvendtlandet dei andre partia her har skapt.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet Sogn og Fjordane.

Småkommunar truar barnevernet.

Ingunn Kandal skriv i Firda onsdag 11.april at kommunesamanslåing er feil medisin. Eg trur ho tek feil. Småkommunane har mange utfordringar.

Den nye barneministeren kjem med sterk kritikk av barnevernet. Til NTB seier ho “Det er en lang vei å gå før alle barn får oppfylt sine rettigheter.”

Eit av problema barneministeren peikar på er få stillingar. Dette er og noko Barneombudet er oppteken av. Reidar Hjermann meiner at fagmiljøa blir alt for små i enkelte småkommunar. Mange stader er det berre ein eller to tilsette i barnevernet. Han seier at det i små kommunar kan oppstå habilitetsproblem. Det kan vere vanskelegare å gripe inn for å gi barn hjelp i eit lite samfunn der “alle kjenner alle.” I ein artikkel på aftenposten.no med tittel “Småkommuner truer barnevernet” frå januar 2011, seier Hjermann at han vil kreve minst to faste barnevernsstillingar i kvar kommune.

Mange små kommunar løyser utfordringane ved å gå inn i ulike interkommunale samarbeid. Slike samarbeid kan vere eit demokratisk problem, fordi ein flyttar beslutningar og makt ut av kommunestyret.

Det blir oppretta stadig fleire interkommunale samarbeid på stadig fleire område. Ein kan spørje seg kva som er poenget med å vere eigen kommune når ein snart berre sit at med kommunenavnet.

Vi har ein forelda kommunestruktur i Noreg i dag. Det er på høg tid å gjere noko for å endre på dette. Vi treng større og meir robuste kommunar.

Odd Frantzen
Naustdal

Bakgrunn:

Barneministeren kritiserer barnevernet.

Småkommuner truer barnevernet.

Advarer mot mer interkommunalt samarbeid.

Sammenslåingstrollet

For kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) er lokaldemokrati ikke like viktig som ideologiske tvangstanker. 10. mai varslet kommunalminister Liv Signe Navarsete at regjeringen vil fremme forslag i Stortinget om å lovfeste samkommunen. Nyheten fremkalte sannsynligvis ikke mer enn et lite gjesp hos de fleste som tilfeldigvis fikk den med seg. Men bak forslaget, som ved første øyekast fortoner seg som bare enda et eksempel på en lovfestingskåt regjering, ligger det kommunalpolitisk sprengstoff.

Les meir…