Viser arkivet for stikkord marit

Sogn og Fjordane – midt på treet, heilt greitt?

I NHOs BerekraftsNM for 2011 kjem Sogn og Fjordane på 11. plass av dei 19 fylka i landet. Det er ei forverring med to plassar sidan 2010-NM. Spørsmålet er om vi kan og vil bli betre?

Men ikkje nok med det; fem kommunar i Sogn og Fjordane er blant dei 50 dårlegaste kommunane i landet på folketalsutvikling. Høyanger er verst stilt med ein nedgang på 4,6 prosent i perioden 2007-2012. Rett bak følgjer Balestrand (- 4,4), Askvoll (-4,2), Gulen (-4,0) og Vik (-3,1).

Dramatisk
Dette er dramatisk, og det er tydeleg at desse og fleire av kommunane våre er inne i ein vond sirkel som det kan vere vanskeleg å komme seg ut av dersom ein ikkje gjer store grep. Og her har ikkje minst kommunane sjølve eit enormt ansvar for til dømes å skape betre rammevilkår for næringsutvikling og samarbeid internt og eksternt.
NHOs BerekraftsNM, som blei offentleggjort tysdag denne veka, er ei årleg kommunekåring som NHO får utarbeidd for å måle norske kommunar si berekraft og evne til vekst og utvikling. I målinga kjem det fram kva kommunar som har størst lokal vekstkraft og bæreevne basert på fire hovudområde: Arbeidsmarknad, Demografi, Kompetanse og Økonomi.
Vi veit at den lokale og regionale samfunns- og næringsutviklinga er avgjerande for mange bedrifters konkurranseevne. Alle norske kommunar møter nokre felles utfordringar som påverkar utviklinga i både privat og kommunal sektor. Gjennom desse målingane ønskjer NHO å bevisstgjere og stimulere til auka engasjement om desse utviklingstrekka både blant lokale og sentrale styresmakter.

For få innbyggjarar
Generelt sett viser resultata frå BerekreftsNM 2011 at dei kommunar som ligg lengst vekke frå storbyar og regionsentra scorar relativt lågt på arbeidsmarknad. Dei er dessutan prega av fråflytting, har lågare utdanningsnivå og har svakare økonomisk berekraft.
Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut enn dei andre vestlandsfylka. Arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane er god men ein scorar lågt på andre indikatorar, særleg demografi og kompetanse. Eit generelt trekk er at fylke med høg befolkningskonsentrasjon kjem godt ut. Fylka i botnen av tabellen har alle under 200.000 innbyggjarar.
Sentralitet, folketal og strategisk god geografisk plassering gjer tydeleg utslag på rangeringa av økonomisk berekraft. Kommunar som scorar lågt ligg ofte langt frå tettstadar.

Kompetansen i Sogn
Sogn og Fjordane har mange små kommunar, med stor variasjon mellom kommunane. Ingen blant topp 20 samla sett, men på indikatoren ”kompetanse” finn vi administrasjons- og forskings/høgskulesentra Leikanger og Sogndal på høvesvis 3. og 19. plass. I Leikanger slår fylkesadministrasjonen, Fylkesmannen og Statens Vegvesen positivt ut i den vesle kommunen og i Sogndal er Høgskulen og Vestlandsforsking utslagsgjevande.
Totalt sett i målinga ligg Sogndal på ein 21.plass og blir fylkesvinnar tett følgt av Leikanger på 25.plass. Førde har redusert si plassering sidan 2007 med 20 steg til ein 53. plass sidan 2007. Førde scorar bra på Arbeidsmarknad og Demografi, men ikkje så bra på Kompetanse og Økonomi.
Ser ein nærare på den felles bu- og arbeidsmarknaden som Flora-Naustdal-Førde representerer, utfyller kommunane seg bra. Ein ”ikkje-eksisterande” arbeidsmarknad i Naustdal blir kompensert med ein god arbeidsmarknad i Flora og Førde. Ein særs låg score på Kompetanse i Førde og Flora tek seg opp i Naustdal, som har høg score på denne indikatoren sett i høve til folketalet. Økonomien er middels bra i alle tre kommunane.

Må prioritere
Så, korleis ville ein stor kommune av desse tre slått ut på ei slik måling? Gjennom heile målinga blir det streka under at jo større tal innbyggjarar per areal er, jo større sjansar har ein kommune/region for auka berekraft og vekst. Fortetting/sentralisering er ein trend vi har sett lenge nasjonalt og som vil bli sterkare i åra som kjem. Frå politisk sentralt hald kjem det signal om at no må ein her i landet byrje prioritere dei områda som veks og som folk vil bu og jobbe i.
Kva då med Sogn og Fjordane? Vi er jo vestlandstaparen mykje grunna demografi, stor avstand til byområde og låg folketettleik. Kan vi rigge fylket vårt annleis for å henge oss på det faktum at fortetting er bra for vekst og utvikling?
Kommunesamanslåing har vore drøfta lenge, bør ein for alvor sette fart i desse tankane? Er det vilje til så dramatiske endringar for å skape vekst?

Dømet SIS
Dei siste åra har vi sett døme på auka samarbeid kommunane imellom fleire stader i fylket. Til dømes gjennom SIS (Samarbeidsforum i Sunnfjord). Kommunane i SIS skal også utarbeide ein felles retning der “Målet med prosjektet er å utvikle ein felles planstrategi for SIS-området som avklarar kva plantema som eignar seg for interkommunal planlegging og kva som eignar seg best at den enkelte kommune løyser åleine”. NHO Sogn og Fjordane trur SIS vil finne fleire områder dei kan jobbe saman om, ja, kanskje så mange at dei på sikt frivillig vil endre kommunegrensene.

Utfordring i HAFS
Som sagt kjem det tydeleg fram i NHOs måling at det er ein stor fordel, ja, mest ein føresetnad, å vere knytt til større sentra dersom ein skal få til ei positiv utvikling med tilflytting, fleire arbeidsplassar og høgare kompetanse. Såleis vil det truleg ikkje ha stor positiv verknad om tre-fire små og relativt dårleg stilte kommunar slår seg saman. Då vil dei berre ende opp som ein litt større og dårleg stilt kommune.
Til dømes vil samanslåing av dei tre HAFS-kommunane Askvoll, Hyllestad og Fjaler ha marginal effekt for veksten i området. Ingen av desse kommunane kjem godt ut i den nye berekraftsmålinga, og etter vår meining må det til ei eller anna form for kopling opp mot sentra som Førde og Florø for å få til eit skikkeleg løft i dette området.
Fjaler kjem best ut av dei tre kommunane totalt sett, på ein 212. plass i målinga. Hyllestad ligg på 308. plass og Askvoll på 336. plass av landets 429 kommunar. Ei samanslåing av dei tre kommunane vil gje eit innbyggartal på ca. 7400 personar, som også då blir ein relativt liten kommune. Ser ein isolert på måleindikatorane utfyllar dei ikkje kvarandre i særleg stor grad heller. Spørsmålet ein kanskje må stille seg er kvar er best; å vere fattig aleine eller saman med andre?

Knytt til Sogndal
Men det finst fleire døme her i fylket på endra kommunestrukturar som kan gje gode effektar. Kommunane Sogndal, Luster og Leikanger er til dømes eit godt trespann. Sogndal har ein god arbeidsmarknad, og i Leikanger har det utvikla seg positivt dei siste fem åra. Internt i fylket toppar Sogndal og Leikanger lista med 1. og 2. plass og Luster på ein god 7. plass. På den nasjonale plasseringa er dei også i toppsjiktet. Dei tre har til saman kring 14 400 innbyggjarar, utfyller kvarandre godt, og utgjer såleis ein god motor for indre deler av fylket.
Men det viktigaste bidraget kommunane sjølve kan gje til eit løft for seg sjølv på kort sikt er å intensivere samarbeidet med andre kommunar, legge betre til rette for privat næringsutvikling, skape optimale tilhøve for at nye innbyggjarar skal komme og ikkje minst styre økonomien slik at ein får handlingsrom.

Betre rammevilkåra
Reint konkret inneber dette mellom anna at den einskilde kommune må inngå langt tettare og selektivt samarbeid med dei kommunane som kan generere mest mogleg vekst og utvikling, gje næringslivet gode rammevilkår i høve til ei kjapp og adekvat sakshandsaming, vere ein positiv medspelar for gründerar og andre med idear og planer for næringsvekst, sikre rimeleg tomteland, sikre best mogeleg servicetilbod og omsorgstenester, og ikkje minst bruke dei pengane ein har til rådvelde på ein måte som fremjar slik vekst og utvikling. Kommunane må dessutan alltid ha som rettesnor at når det gjeld næringsutvikling er tid pengar.

Fortetting og sentralisering
NHO Sogn og Fjordane trur uansett at tida er inne for politikarane kring om til å endre på kommunegrenser og nytte den empiri som NHOs BerekraftsNM representerer. Ein må sjå på korleis kommunane kan utfylle kvarandre og korleis ein formelt kan gjere dei effektive bu- og arbeidsmarknadsregionene til motorar i fylket. Ein kjem altså ikkje unna fortetting og sentralisering. Større kommunar vil også mindre kommunar rundt nyte godt av. For indikatorane viser klart at jo nærare ein mindre kommune er eit byområde jo betre vil det slå ut på berekraft og vekst.

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane
Marit Gjerstad, rådgjevar NHO Sogn og Fjordane