Viser arkivet for stikkord nhd

Engebø prosjektet og den nye regjeringa - kap. 1

“Det er eit spennande prosjekt som kan bety store moglegheiter i forhold til verdiskaping og arbeidsplassar lokalt, seier Lae Solberg.” Firda 09.11.2013

Sjølvsagt tykkjer han det. Alle som vert framlagt eit slikt glansbilete som ordføraren i Naustdal og Nordic Mining brukar framstille dette prosjektet som, ville vel tykkje det?

Problemet med Engebøprosjektet, slik Myrvang og Nordic Mining framstiller det, er at der er ingen problem….. Alt er problemfritt, bileta viser born som smiler og held kvarandre i hendene, og alt er berre heilt fantastisk. Naustdal, sunnfjord og Noreg skal tene seg rike på mineral, utan nokon negative konsekvensar. ”Det mest miljøvenlege gruveprosjektet nokon gong”, seier Myrvang. Vi berre slepp alt i sjøen, so går det so bra. 11tonn kjemikaliblanda støv, silt og sand i minuttet. Fisken bryr seg ikkje, han berre passar seg litt so han ikkje får stein i hovudet, slapp av han kjem straks att. ?????? Kvar er realismen?

Dei utgreiingane som no vert gjort, er ein konsekvens av at saka er for dårleg utgreia i utgangspunktet, og då ikkje berre på konsekvensar av eit evt deponi. Myrvang har heile tida hevda det motsette. Framleis framstiller han prosjektet som klarert og nærast so godt som oppstarta. “Vi må berre vente til utgreiingane er ferdige, so forventar vi klarsignal kjappast mogeleg”. Men kva med utgreiingane då Myrvang, kva om dei seier at ikkje alt går bra?

Eg har stor forståing for at NHD ynskjer å setje seg inn i saka, men dei kan trygt byrje i andre enden. Saksgangen kommunalt, og i MD viser tydeleg korleis denne saka har vore handtert, og kva som er problema med prosjektet. Her er mykje som må rettast opp i om eit positivt vedtak skulle kunne fattast.

Eg tolkar Lae Solberg som at NHD kjem til å handtere denne saka profesjonelt, og med den respekten den fortener, det er eg glad for. NHD ynskjer å kome attende å møte alle sider i saka, og sjå kva verdiar som står på spel. Det skal vi syte føre at let seg gjennomføre.

Eg og mange med meg har vore skeptiske til kva som ville hende om dei raudgrøne ikkje fekk handtere Engebøsaka heilt til endeleg vedtak. Men eg har stor tru på at og den nye regjeringa vil sjå kva saka eigentleg omhandlar, ikkje Nordic Mining og deira aksjonærar eller ein laber kommuneøkonomi, men naturen, eksisterande næringar og verdiane som ligg her for framtidige generasjonar.

Eg trur ikkje den nye regjeringa er meir villeg til å risikere dei enorme verdiane i Førdefjorden, enn dei raudgrøne. Dei må berre få sjå heile biletet, slik rett er. Som der står å lese i “Sundvollen erklæringa”: “Regjeringen vil bygge sin politikk på forvalteransvaret og føre-var-prinsippet. Den kloden vi skal overlate til våre barn skal være i minst like god stand som vi overtok den fra våre forfedre.”

Klima, natur og miljø foredlast, vernast og vidareførast med kunnskap…kunnskap og kunnskap….ikkje ynskjetenking!