Viser arkivet for stikkord niva

NIVA motseier seg sjølve

Hevdar partikkelskadar var «svært begrenset», endå 30% av fisken døydde

Min kronikk «Feil bruk av forsking» vart 14. august publisert i Bergens Tidende. Der hevda eg at rappportar om fjorddeponering av gruveavfall inneheld feil og undervurderer skadeverknader frå sevepartiklar på livet i sjøen. NIVA v/Trine Dale med fleire svarar i BT 10. september under tittelen «Tvilsom kritikk av forskningsrapporter» og i Firda 16. september under tittelen «Tvilsam rapportkritikk», men utan å tilbakevise kritikken min.

Min kritikk i kronikken pluss enkelte tilleggspunkt går kort ut på at (1) ein vitskapleg artikkel (Au et al. 2004) med vesentlege manglar er i ein rapport referert ukritisk, sjølvmotseiande og med undervurdering av skadeverknader på fisk, at (2) ein artikkel nummer to (Smit et al. 2008) er tolka feil, og at (3) NIVA er involvert i minst tre rapportar, som alle undervurderer skadeverknader. Resten av dette innlegget er ei grunngjeving for dette.

Feil på eit sentralt punkt i ein NIVA-rapport
Au et al. 2004 er refererte i NIVA-rapporten Risiko for skaderpå fisk og blåskjell ved gruveaktivitet på Engebøneset. En litteraturstudie om effekter av metaller og suspenderte partiklar – NIVA LNR 5689-2008. Eg har kritisert måten denne artikkelen er brukt på i rapporten, medan NIVA hevdar det er feil å kritisere denne vesle delen. Det er eg usamd i, for artikkelen omhandlar relevante konsentrasjonar for svevepartiklar i sjø og NIVA argumenterer her for ein grenseverdi på 50 mg/l.

Resultat frå artikkelen er i rapporten omtala i tabell 3 (døying over 20% m.m.) og i teksten med to setningar, derav denne: «Hos green grouper ble det observert gjelleskader allerede ved 50 mg/L men disse var svært begrenset».

Eg ville heller ha referert artikkelen slik i teksten: «I et forsøk hvor green grouper ble eksponert i seks uker for 30-35 mg/l døde 30% av fiskene (tabell 3). Bare overlevende fisk ble undersøkt, noe som er en stor svakhet ved forsøket, og disse fikk påvist gjelleskader. 30-35 mg/l var den laveste av flere konsentrasjoner som ble testet i forsøket».

Som lesarane no kan sjå, så fortel ikkje NIVA-rapporten at berre overlevande fisk vart undersøkte, noko som er kritikkverdig. Det er som å konkludere om faren ved ein influensaepidemi ved å undersøke berre dei overlevande. Omtalen «svært begrenset» er tolking, sjølv om NIVA i Firda hevdar det motsette, og den er feil. Samanlikning av dei to tekstane syner at alt av feil, feilvurdering og manglande opplysingar dreg i ein og same retning, nemleg mot undervurdering av skadeverknader. Og når omtalen «svært begrenset» vert sett i samanheng med 30% døying framstår rapporten som sjølvmotseiande. Eg har ikkje hevda at rapporten konkluderer.

Generell grenseverdi i ny NIVA-rapport
Konklusjonen kjem i ein seinare NIVA-rapport, Kommentarer til Havforskningsinstituttets høringsuttalelse til søknad om utslippstillatelse for utvinning av rutil i Engebøfjellet. – Transport og spredning av gruveavgang i Førdefjorden – NIVA, LNR 5875-2009. Sitat: «Marine organismer har ganske høy toleranse for partikler og nyere forskning angir 50 mg/l som et nivå der skader kan begynne å inntreffe. Finstoff som iblant blir transportert utenfor Svanøyterskelen vil være i konsentrasjon på høyst noen få mg/l».

Rapporten manglar grunngjeving og referansar for påstandane i første setninga. Kort sagt, den første rapporten argumenterer for ein grenseverdi på 50 mg/l for fisk, men utan konklusjon, og den andre konkluderer med ein generell verdi for marine organismar, men utan grunngjeving og referansar. Dette er uryddig, og ein så høg grenseverdi som 50 mg/l er uttrykk for ei undervurdering av skadeverknader.

Generell grenseverdi i rapport frå Miljødirektoratet
NIVA meiner at ein ikkje har brukt ein slik generell grenseverdi, men om det framleis skulle vere tvil, så finst det ein rapport til, nemleg Bergverk og avgangsdepondering. Status, miljøutfordringer og kunnskapsbehov – Miljødirektoratet, TA 2715-2010. Sitat: ”laveste konsentrasjon for negativ påvirkning synes å være ca. 50 mg/l”. Dette er feil bruk av ein vitskapleg artikkel (Smit et al. 2008), der resultata tyder på ein verdi under 5 mg/l. NIVA forklarar i Firda at sitatet står i eit kapittel om forskingsbehov. Endrar det på innhaldet?

Redaktør for rapporten var Jens Skei, ein deponiforkjempar ved NIVA. Så dette er kanskje ei gullgruve for habilitetsgranskarar. NIVA skriv i Firda at rapporten er førd i pennen av forfattarar også ved Havforskingsinstituttet og Naturvernforbundet, men opplyser ikkje det dei burde vite, at det var usemje om innhaldet.

Sitatet frå rapport nummer to syner ei viss risikovurdering, men med for høg grenseverdi. Det er nemnt få mg/l i sjøen ved Svanøyterskelen, som er fleire kilometer frå Engebø. Få mg/l er i det same konsentrasjonsområdet (under 5 mg/l) som artikkelen frå Smit et al. 2004 kan peike mot.

Partikkeltypar
Referansane som er brukte for å grunngje ein grenseverdi på 50 mg/l omhandlar stort sett naturlege partiklar, medan det i Engebøprosjektet dreiar seg om industriskapte partiklar. NIVA omtalar desse i Firda som «uforurenset partikkelutslipp fra gruvevirksomhet». Meiner NIVA at kjemikaliar nytta i prosessen ikkje festar seg til partiklar som vert slepte ut?

Dr. philos. og universitetslektor Agnar Kvellestad
NMBU – Fakultet for veterinærmedisin og biovitskap (Veterinærhøgskolen)

Deponi-ja på sviktande grunnlag

Senterpartiet og partileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete flaggar på fylkesårsmøtet at partiet går inn for å la Nordic Mining utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Det er enno ikkje kome ei avgjersle frå regjeringa, men mykje tyder på at avgjersla ikkje kjem før etter valet til hausten. Dette er eit tiltak som er svært omstridd. Striden står i hovudsak rundt alternativa for dumping av store mengder restmassar frå ei eventuell rutil-utvinning i Engebøfjellet.
Riktig nok vedgår Navarsete at ein må ta miljøomsyn og ikkje øydeleggje Førdefjorden som har status som nasjonal laksefjord. Men ho innrømmer likevel at ein må tole ”nokre” minussider knytt til å ha eit sjødeponi. Retorisk seier då ho at dersom vi ikkje hadde vore viljuge til å tole nokre minussider, så hadde vi ikkje hatt oljeverksemd eller fiskeoppdrett. Dersom ein ikkje aksepterer minussidene, så blir det ingen mineralnæring i Noreg. Underforstått, det er berre å køyre på for fleire arbeidsplassar. Konsekvensane er ikkje så nøye. Det har vore kjent at både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet er tilhengarar av sjødeponi, og seinast i førre veke målbar Bjørn Lødemel og Høgre sitt ja-standpunkt, og argumentasjonen er den same. Og kva er det då som gjer at dei er så skråsikre på at dei har kome til rett konklusjon? I realiteten så har dei ikkje teke inn over seg motsegna frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine bekymringar kva følgjer dette vil få, og heller ikkje fleire motsegner frå ulike personar og fiskenæringa som held til i Førdefjorden.
Det einaste grunnlaget ja-sida baserer seg på, er Norsk institutt for vannforsking (NIVA) som Nordic Mining har hyra som konsulent, og i deira uttale går dei riktig nok for deponi, men rapporten gjev ikkje like eintydige svar på kva konsekvensane blir. Som fagleg grunnlag er dette svært svakt sidan ikkje fleire instansar har gjeve si godkjenning. Det syner at ja-sida er nokså selektiv i kva dei vil leggje til grunn for sitt standpunkt. Ei anna side er at Navarsete hevdar at Senterpartiet har stått samla om dette standpunktet. Det er ei sanning med sterke modifikasjonar. Riktig nok har Naustdal Senterparti halde ja-fana høgt i denne saka og gjekk så langt i si grunngjeving i fråsegna på fylkesårsmøtet om å støtte gruvedrift og deponi med å kome med ei tvilsam samanlikning av Førdefjorden med Brulandsvellene som eit månelandskap, og at deponi soleis kan aksepterast. Men seriøst, er det rett å samanlikne brakklegging av Førdefjorden med Biltema o.l på Bruland i Førde? Rett nok er jordvernet i Førde eit lite verdifullt stykke arbeid, og sjølvsagt burde ein ikkje nytta matjord til parkeringsplassar, men å tru at dette kan samanliknast med ein næringskjede og eit økosystem i ein fjord?
Dette står i sterk kontrast til partilaget Førde Senterparti, som i 2010 støtta ei felles fråsegn vedteken i bystyret om at Førde kommune vil avise deponi, fordi faktagrunnlaget er for tynt. Dette heng ikkje i hop med realitetane.
Ei tredje moment i denne saka faktisk det store omfanget av gruvedrifta. Det skal kunne gravast ut seks millionar tonn masse som skal knusast og 95% eller meir skal dumpast i fjorden. Resten, altså høgst 300000 tonn rutil, for det meste titandioksid, skal vinnast ut og seljast på verdsmarknaden. Iallfall så lenge prisane er gode. Titandioksid inneheld ca 60% titan, og enkelte debattantar har lagt fram visjonar om titanproduksjon og industriarbeidsplassar. Då kunne kanskje førekomsten vare i eit par hundre år i staden for 50. Men målsettinga for gruveselskapet er å tømme fjellet for mineral på kortast mogleg tid og dumpe avfallet i fjorden blanda med kjemikaliar. Dette er noko som ikkje har vore prøvd ut. Det har vore føreslått å overvake utsleppa. Men sjølv det er ein risiko, og skulle konsekvensane bli for omfattande, vil gruveselskapet redusere eller stogge drifta etter at millionane er investert?
Dette her er direkte uansvarleg det desse politikarane går inn for. Vil storting og regjering gå inn for at Noreg står i spissen i lag med dei få landa i verda som tillet avfallsdumping i sjøen og stå fram som ein miljøversting? Dette held ikkje, dei har eit ansvar og dette handlar om truverd. Ta til vet og sei nei til sjødeponi!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Studentlaget i Natur og Ungdom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kronikk.

Skatten i Engebøfjellet.

Journalist i Firda, Ivar Longvastøl, etterlyser fleire politikarar sine meiningar om Engebøprosjektet i Firda 06.09.2010.

Mitt syn på dette er at Naustdal no har ein unik mulegheit for viktig verdiskaping. Vi sit på ein stor naturressurs. Greier vi å utvinne rutilen utan for stor skade på samfunn, naturressursar og miljø, vil Engebøprosjektet få stor positiv betydning for kommunen vår. Verdiskaping er grunnlaget for å skape god velferd. Naustdal treng sårt fleire arbeidsplassar og meir verdiskaping for å kunne gi innbyggjarane gode kommunale tenester i framtida.

Industri vil ofte ha visse negative verknader på natur og miljø. Det vi må ta stilling til i denne saka, er om dette prosjektet har verknader som er uakseptable.

Det som har kome fram under konsekvensutgreiinga viser at det ikkje er muleg å påvise at sjødeponiet vil ha store negative konsekvensar for miljøet i fjorden utanfor området for sjølve deponiet. Rett nok har Havforskningsinstituttet sterke innvendingar mot prosjektet, men eg registrerer at heller ikkje dei kan sei klart at dumpinga av stein i fjorden vil ha negative konsekvensar for fisken. Dei seier at partiklar kan ha ein negativ konsekvens for mellom anna kysttorsken. Slik eg oppfattar dei, vil dei at vi skal bruke føre var prinsippet i denne saka. Fordi vi ikkje veit.

NIVA er klare på at ein aldri vil få ein konsentrasjon av partikar, i ein viss avstand frå deponiet, som er til skade for fisken. Dessutan hevdar dei at fisk faktisk taklar ein del partiklar. Og det må eg sei høyres rimeleg ut, med tanke på at det skjer eit naturleg utslepp av sand og partiklar i Førdefjorden kontinuerleg. Når Longvastøl skriv at Firda har rekna ut at det skal dumpast 767 lastebil-lass i døgnet, 365 dagar i året, dei neste 50 åra, hadde det vore interessant å samanlikne med dei mengdene med sand og partiklar som naturleg blir ”dumpa” i fjorden av elvane.

Det at livet på fjordbotnen vil ta seg opp att når dumpinga blir avslutta, betyr at vi her snakkar om eit reversibelt naturinngrep. Naturen vil restituere seg sjølv. Det vil vere daudt på fjordbotnen i dei 50 åra dumpinga skjer. Men 50 år er ikkje ein gong ein mannsalder, og må vel kunne betraktast som ein kort periode i naturen.

Det vil vere ein diskusjon kor ofte ein skal ta i bruk føre var prinsippet. Er vi for restriktive vil vi få problem med å etablere industri i Norge. I dette prosjektet er det hovudsakleg heilt vanleg stein, grus og mindre partiklar det er snakk om.

Slik eg ser det er det fleire gode argument for å realisere dette prosjektet enn det er argument mot. Alt i alt vil ikkje verknadane på natur og miljø vere spesielt dramatiske. Eg forstår sjølvsagt at prosjektet til ein viss grad vil vere negativt for lokalsamfunnet i Vevring, men dette meiner eg må vegast opp mot dei positive verknadane prosjektet vil kunne ha for heile Naustdal kommune. Kan det ikkje og tenkjast at prosjektet vil bety mykje positivt for samfunnet i Vevring?

Odd Frantzen
Kommunestyrerepresentat Ap