Viser arkivet for stikkord nasjonal

Åpent brev til Nasjonal Sikkerhetsmyndighet

Kystpartiet ber Nasjonal Sikkerhetsmyndighet om å nedgradere og gjere offentleg alle dokument i saka om ubåtjakta i Sognefjorden i november 1972. Det er ikkje nokon grunn lenger til å hemmelegstemple desse dokumenta. Folks som bur langs Sognefjorden og som følgde denne ubåtjakta på nært hald, veit at det vart senka ein ubåt i Sognefjorden mellom Vadheimsfjorden og Fuglsetfjorden i november 1972. Medan ein ubåt vart følgd av fire fregattar ut Sognefjorden og ut i havet. Folk langs fjorden og i landet elles har no krav på å få vite den offisielle sanne versjonen av kva som hende under ubåt-jakta i 1972. Det er stor frykt for at den senka ubåten inneheld atomvåpen. Nasjonal Sikkerhetsmyndighet si oppgåve er å ivareta sikkerheta til innbyggarane i Noreg. Oppgåva er ikkje å dekke over uhell og feil som er gjort av norske myndigheiter og militære. Det er viktig å få avklart dette fort for å få vurdert forureiningsfaren frå den senka ubåten. Me ber derfor om eit snarleg svar.

Kristin Brennhaug, partisekretær, Kystpartiet,
Asbjørn Massnes,Leiar Kystpartiet Sogn og Fjordane
Bengt Stabrun Johansen, Leiar Kystpartiet

Kraftig distriksløft i Nasjonal Transportplan

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane er opptekne av at standardnivået på alle vegar vert oppgradert, og at mange nye utbetringsprosjekt kan setjast i gong…

Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 har fått omtale som ” Tidenes samferdsleløft – i heile landet..”
For distrikta i Sogn og Fjordane avspeglar planen eit krafttak som vi ser på med takksemd.
I klare målsetjingar er både tettbygde strøk og små lokalsamfunn i meir spreidde omgivnader medrekna, store og små vegprosjekt , – alle omtala som like viktige…!

Desse signala hadde vi bruk for no, signal med vilje til å løfte fram distrikta.
Den spreidde busetnaden i fylket treng langsiktige mål for å få oppgradert vegnettet til alle utkantar. Gjennom den nye NTP er det m.a. planlagt eit kraftig standardløft av riks- og fylkesvegane med orden på etterslepet av desse over ein tiårsperiode. Når den nye regionreforma trer i kraft frå 01.01.2010, og ”øvrige riksvegar” vert fylkesvegar, er det større trong for økonomiske garantiar for desse vegane enn nokonsinne. Avsette midlar vil komme for ein dag i kommuneøkonomiproposisjonen i mai, og då reknar vi med at både eksisterande og nye fylkesvegar er tiltenkte nok midlar til å kunne gje eit ekstra løft for utbetring, sikring og vedlikehald. Forfallet på desse vegane har vore aukande, – og står mindre og mindre i stil til krava for bilstandard og trafikkmengda i dag.

Vi treng opptrapping i lokale næringar og nyetablering, – som på sikt vil gje ei oppblomstring i folketal. Bygdekultur og tradisjonar har gjennom generasjonar staka fram viktige og grunnleggande verdiar, og desse bør få høve til rotfeste også i framtida. Når avgjerder kring etablering skal takast, vil framtidig sikra vegsatsingar ha stor innverknad på val av bustad.
Der ein dagleg må ferdast, – til barnehage, skule, næringsliv osv, vil og skal ein kunne kjenne seg trygg!!

Senterkvinnene oppmodar veljarane frå Sogn og Fjordane om å sjå verdien av Samferdsleministeren sitt arbeid for fylket, og gje henne sjanse til å sikre fullføring av dei årlege løyvingane ho har lagt til grunn i NTP 2010 – 2019.
Då må vi samle oss om å sikre nok stemmer til ein ny periode for SP.

Turid Synnøve Håheim Hestad
styremedlem Senterkvinnene Sogn og Fjordane