Viser arkivet for stikkord naustdal

Eit inkluderande samfunn

I kommunestyremøte i Naustdal torsdag 12.02.15, gjekk ordføraren i Naustdal langt i å skulde Førde for å gje Naustdal ei “kald skulder” i Engebøsaka. Saka der dette vart tema var sak om kommunereform og framdrift i utgreiing av nye kommunemodellar/grenser.

Ordføraren hadde ulike vinklingar og tema føre seg, men det toppa seg då han drog Engebøprosjektet inn i debatten, som grunn for kvifor vi og burde sjå på eit alternativ der Naustdal går saman med Florø og Askvoll. Lattermildt er vel kanskje ei grei beskriving på denne argumentasjonen. I høyringsrundene i forkant av Naustdal sitt skjebnesvangre vedtak 11.05.2011 gav Førde tydeleg signal om kva dei meinte om Naustdal sine planar for Førdefjorden. Men dette brydde Naustdal seg lite om, og tura på som om ingen skade skulle skje.

Ordføraren har tydeleg engasjert seg 100% og vel so da, i å sable ned all kritikk av planane. Og går ikkje det, so truar han med å vende ryggen til dei som “obstruerar”. Dette vert tullette, og er ikkje ein strukturdebatt verdig. Naustdal kommune ligg strategisk plassert mellom Førde og Florø, men det er ikkje mykje hjelp i om ein skal gjere seg til uvens med alle.

So til det saka eigentleg dreiar seg om. Eg meiner “kommunereformarbeidet” er kome gale ut av startgropa, og generelt har lite substans. Kvifor skal ein slå saman kommunar no? Kva oppgåver skal dei “nye” kommunane ha? Kva er riset bak spegelen, og kva er gulrøtene eigentleg verd? Eg er ikkje prinsipielt i mot kommunesamanslåing, men ganske nær. Samanslåing av kommunar må skje på kommunane sine premissar, og ikkje grunna press ovanifrå. Demokratiet vert ikkje rikare av å verte smalare, og færre representantar gjer oss ikkje breiare politisk slagkraft. Kva har skjedd i Sverige, Danmark, og andre samanliknbare land?

Ein kjend Blåpolitisk tenkemåte er å samle makt på færrast mogelege hender. Er det god politikk for Naustdal, eller Sogn og Fjordane fylke for den saks skuld? Er Noreg verdas beste land å bu i grunna store sterke byar og senter? Neppe. Eg vil påstå at dette skuldast ein langvarig og sterk desentralisert maktstruktur, og stadig kamp for rettferdig fordeling. At dei BlåBlå no gjer alt dei kan for å rive dette ned er vel knappast noko bombe, men er dei ein god ide å slenge seg på?

Eg har ei utfordring til ordføraren i Naustdal, og sjølvsagt alle andre som føler seg tilskrivne:
- Kva er målet med å slå saman kommunar no? Er det demokratiet eller tenestene ein ynskjer å sentralisere?

Kapstad tek feil om miljøkonsekvensar.

Eg hadde bestemt meg for at eg hadde sagt mitt om fjorddeponiet. Men straumen av feilinformasjon ser ikkje ut til å ha nokon ende. Bjarte Kapstad skriv her i avisa 17/1-14 om “millionar av tonn med miljøskadelege massar i Førdefjorden”. Eg utfordrar Kapstad på å underbyggje denne påstanden. Kva miljøskadelege komponentar er det han tenkjer på? Kva slags miljøskader er det han ser for seg? Kan han vere meir konkret?

Eg meiner at Kapstad tek grundig feil. Det finst ikkje faktagrunnlag for påstandane hans. Når han skriv at sjødeponiet kjem til å skade andre næringar i regionen, er dette og ein påstand som eg trur han slit med å dokumentere. Det same gjeld konsekvensane for reiselivsnæringa. Det er reine spekulasjonar.

Eg trur eg vil vere litt for siktig med å bruke den britiske marinbiologen Callum Roberts som ekspert i denne samanhengen. Måten han uttalar seg på, tyder på at han ikkje har sett seg godt nok inn i saka. Han uttalar seg svært lite konkret og lite nyansert. Saman med den sterke ordbruken hans meiner eg at dette svekkar truverdet hans kraftig. Det er flinke vitskapsfolk med langt betre kunnskap om dette konkrete prosjektet som meiner noko heilt anna.

Kapstad byggjer påstandane sine og standpunktet sitt på sviktande grunnlag.

Faktum i denne saka er at vi langt på veg kan dokumentere at dei negative konsekvensane av fjorddeponiet ikkje vil bli spesielt store. Det kan leggjast konkrete rapportar på bordet som viser dette. Kvar er rapportane som underbyggjer motstandarane sine påstandar?

Arbeidsplassar og miljø, ikkje enten eller!

Nordic Mining har kome med utgreiingane Miljøverndepartementet, og miljøvernminister Bård Vegard Solhjell kravde i 2013. Eller har dei det?

Eg har lese meg gjennom den enorme mengda med dokument og underlagsrapportar som Nordic Mining(NM) har lagt fram. Og sit med ein lei følelse av at: “Dette har eg sett før”.

Les meir…

Kva kostar dette, Naustdal?

Nokre spørsmål til rådmannen i Naustdal, og til varaordførar Harald Kvame som ivrar etter å fylle Førdefjorden med avfall.

Rådmannen i Naustdal er ute å “fyrer opp under…” i media i dag(23.09.2014). Naustdal kan tene gode pengar i eigedomsskatt frå avfallsdeponiet i Førdefjorden…….. Men er dette reèlt? Kva er kostnadane? Kven må ta kostnadane? Og er det desse pengane åleine som skal avgjere saka? Er det greit at Naustdal kommune skor seg på unødvendige og enorme naturøydelggingar?

Er det størrelsen på eigedomsskatten til Naustdal kommune som skal bestemme framtida til fiskerinæringane i sogn og fjordane, eller i Noreg for den saks skuld? Tykkjer verkjeleg resten av fylket at dette er ok? Fleire av dei fremste folkevalde frå fylket står på talarstolen i stortinget og snakkar fram prosjektet på Engebø. Kva er det dei driv med? Dei kan då umogeleg ha forstått kva dette dreier seg om. Kva kostnader snakkar vi om her?

Kvifor har Naustdal kommune bestemt seg for at avfallsdeponi i Førdefjorden er det einaste rette? Kvifor skal Naustdal i det heile få bestemme dette, som angår alle? Regjeringa har fått ei sak på bordet, med berre eit forslag til løysing. I tillegg viser det seg at utgreiingane er bygd opp på feil bruk av forskingsresultat, samt at mykje ikkje er utgreia i det heile. Ordføraren i Naustdal har gått ut over sine mandat i forhandlingar med selskapet, noko han har fått refs av frå fylkesmannen. Representantar frå 4 parti klaga saka inn for lovlegkontroll etter handsaminga i Naustdal. Fiskeridirektoratet har levert innsigelse. Havforskingsinstituttet er rykande ueinige i fleire av utgreiingane. Fleire faginstansar tek til orde for at saka er for dårleg utgreiia, og fleire uavhengige fagkunnige påpeikar store feil og manglar i rapportane.

Saka er eit grelt eksempel på lokalpolitisk handtverk, prega av hastverk og dårleg økonomi. Skal dette vere premissleverandøren for framtidas gruveindustri i Noreg?

Naustdal kommune vil “skimme” naturen for eit mindre millionbeløp årleg, ved å risikere mellom anna heile fiskeindustrien i Sogn og fjordane. Kva verdiar set dei då på spel? Er fiskarane og oppdrettarane i fylket klare til å byte jobb? Har reiselivet kanskje ei framtid innan gruveturisme? Har dei nemde næringane eit motreknestykke, so set vi desse opp mot kvarandre. Utifrå dei tala eg har sett, so skapar dei eksisterande næringane langt større verdiar lokalt og nasjonalt enn det dette avfallsdeponiet nokon sinne vil gjere.

Naustdal kommune har heller ikkje teke høgde for dei miljømessige kostnadane. Og kva med dei infrastrukturelle kostnadane som vil påløpe. Kva vil dette koste fylket i veginvesteringar? Kva vil dette koste den norske stat i klimakvotekjøp for å dekke opp denne enorme auken i CO2 utslepp? Kva vil tapet for reiselivsnæringane beløpe seg til? Kva vert kostnaden av omdømetapet?

Har Naustdal i det heile rekna på noko av dette? Eller har dei berre rekna ut kva eigedomsskatt dei kan få inn, etter “tenk på eit tal” prinsippet?

Naustdal og Strutsesyndromet

Ein ting skal du no ha, du skjuler ikkje mangelen på forståing for argument og poeng Odd. Men eg vel å tolke innlegget ditt i Firda 08.07(som tilsvar til mitt) dertil at du gjerne framviser kva som gjekk gale i den kommunale handsaminga av Engebøprosjektet. Dersom du sit att med minnet om at eg sidan starten har argumentert mot saka, forstår eg litt meir av posisjonen din. Men er dette korrekt? Dagens situasjon, med den kunnskapen vi no sit med, ville derimot gjeve meg full tillit for eit slikt utgangspunkt. Saka har vist seg som ein tverrpolitisk verkebyll av dimensjonar. Det som no er det største problemet, er at regjeringa må handtere eit lokaldemokratisk fatta vedtak som i utgangspunktet burde vere nesten proforma opp gjennom systemet, men som viser seg totalt blotta for fornuft og reell politisk handsaming. Det er nok ikkje enkelt for dei.

Men kva var det eg argumenterte mot Odd? Kva er det eg har ”svartmåla”? Eg stemde imot planprogrammet i 2007, av den enkle grunn at eg fann grunnlaget for tynt og for smalt. For eksempel skulle ein berre utgreie sjødeponi, sjølv om ordføraren bedyra at andre løysingar kunne kome til, noko han har teke 100% avstand frå i ettertid. Samstundes meinte eg at det var galskap å setje bukken til å konsekvensutgreie havresekken. Sidan 2007 las eg meg opp på alt som kom frå Nordic Mining og NIVA, all anna relevant informasjon og kunnskap eg kunne kome over som omhandla gruvedrift og ikkje minst sjødeponi. Samt erfaringar frå eksisterande og tidlegare bruk av sjødeponi. Alt peika i same retning, sjødeponi var ei utdatert form for avfallshandtering.

Frå konsekvensutgreiinga kom på bordet i 2009, brukte eg tida mi på å gjennomgå denne, og setje problema opp imot løysingane, og alternativa. Det som slo meg var at der var ”ingen problem”. Alt som ikkje var bra kunne løysast enkelt, gjennom avbøtande tiltak. Kva er eit avbøtande tiltak Odd? Her skulle det dumpast 11tonn kjemikalieblanda støv og slam i minuttet, 24timar i døgnet, 365 dagar i året i 40-50år i ein nasjonal laksefjord med tilhøyrande nasjonale laksevassdrag, utan at dette var problematisk???

Eg har gjenteke SV sine krav i den lokalpolitiske handsaminga av prosjektet til det kjeisame. Men eg registrerar at du framleis vel å sjå vekk ifrå dei. Gjekk SV i Naustdal kategorisk imot gruvedrift på Engebø Odd? Har eg på noko tidspunkt argumentert imot gruvedrift som næring Odd? Kva er det du meiner eg har argumentert imot?

Det viktigaste eg les utav svarinnlegget ditt Odd, er at du peikar på det største, og antakeleg utløysande problemet i Naustdal si handsaming av saka. Problemet var ikkje at eg la vekt på dei positive sidene ved prosjektet, men at resten berre la vekt på dei problematiske sidene. Her er eit tankeeksperiment Odd: Dersom du avgjer ei sak utifrå dei positive sidene, korleis løyser du problema? Dersom du ikkje tek tak i det som ikkje er so bra, korleis gjer du noko betre?

Dersom eg og hadde avgjort min ståstad i saka utifrå kva positivt som kunne kome utifrå gruvedrift på Engebø, kven skulle då ha sett fokus på alt ved denne saka som er problematisk? Eller løyser alle slike problem seg av seg sjølv, berre vi let dei vere? Kanskje dei negative konsekvensane ikkje vert noko av, om vi berre vil det nok? Eg let dette tankeeksperimentet henge litt, so kan du kome attende med svar om du vil. Det kan vert interessant.

Fleire med hovudet i sanden.

Ole Erik Thingnes seier i Firda 4/7 at eg er ramma av “strutsesyndromet”. Eg vil hevde at syndromet rammar breiare. Naustdal SV argumenterte jo klart mot dette prosjektet i kommunestyret lenge før vi visste noko som helst om konsekvensane. Partiet tok standpunkt i denne saka før det var utført konsekvensutgreiing. Er ikkje det og å stikke hovudet i sanden? Er ikkje det å nekte å ta inn over seg kunnskap og fakta?

Det er reagerer mest på er retorikken og svartmalinga som motstandarane kjem med. Den er det ikkje faktagrunnlag for. Dei eventuelle negative konsekvensane blir sterkt overdrive, medan dei positive konsekvensane for kommunen og for regionen blir bagatelliserte. Vi må prøve å sjå heile bildet. Thingnes veljer, truleg heilt bevisst, å sjå heilt vekk frå at det ligg til grunn ei svært grundig konsekvensutgreiing som er utarbeida av eit anna renommert fagmiljø i Noreg, og som konkluderer med at dei negative konsekvensane mest sannsynleg blir små og mellombelse.

Haltbrekken truverdig? Kvifor ikkje?

Det er ganske imponerande korleis enkelte klarar å omgå realitetar når det gjeld eigne interesser. Haltbrekken truverdig? Havforskingsinstituttet fer med løgn, Klif handlar mot betdre viten, motstandarane svartmålar, miljøvernministeren er kriminell…..det er likso ikkje grenser for kva nokre får seg til å kome med når nokon talar dei imot.

Innlegget til Odd Frantzen i firda 01.07.2014 er kanskje litt av forklaringa på kva som gjekk gale under Naustdal kommune si handsaming av saka i 2011. Eg trur eg vel å kalle det “Strutsesyndromet”.

Kva er det som gjer deg so skråsikker på at fjorden ikkje kjem til å ta skade Frantzen? Og kvifor trur du næringar i Florø og omegn har kome med eit opprop der dei tydeleg går imot deponi? Næringar som årleg sysselset langt fleire personar enn Nordic Mining nokon sinne vil gjere. Næringar som omset for 10-15 gongar meir enn Nordic Mining nokon sinne vil gjere. Næringar basert meir eller mindre utelukkande på lokal arbeidskraft, og lokal leverandørar. Er desse på jordet også? Meiner du at politikarane i Naustdal kommune veit betre enn alle andre, forskarar og kunnskapsinstitusjonar inkludert? Naustdal kommune mot resten er kanskje ein god idè for nokre, men eg gjer dei dårlege odds.

Eg finn heile innlegget flaut, og ikkje politisk representativt(håpar eg!). Som tidlegare politikar i Naustdal kommune burde du vel kjenne saka betre enn du gjer uttrykk for her? Du var vel og ein av dei som stemde for reguleringsplan og utsleppsløyve 11.05.2011? Sjølv om verken straumforhalda var tilstrekkeleg utgreia, ferskvasskjelde konsekvensutgreidd, industriell prosess kjend(dvs at ingen veit kva kjemikaliebehovet vil verte ved drift), konsekvensar for sjøaure kjend, med innsigelse frå fiskeridirektoratet og ei røys til med kjende og ukjende faktorar. Korleis kan du då hevde at alle politikarar som har stemt for er sikre på at fjorden ikkje vert truga? Kva er din agenda Frantzen?

Eg burde kanskje ikkje svare på innlegg med direkte personretta kommentarar, slik eg gjer her. Men eg trur det er på tide å ta eit lite oppgjer med dette “strutsesyndromet”. Det er kanskje på tide å rette direkte spørsmål til slike som Frantzen, som talar andre personar og fagmiljø rett imot, som kjem med karakteristikkar eg ikkje finn relevante for kunnskap i saka. Som ikkje talar fjorden si sak, slik eg ser det. Det viktigaste for meg er at saka vert avgjord på korrekt grunnlag. Då må vi få slutt på avfeiing av fakta, og “nedsnakking” av fagmiljø. Natur, klima og miljø kan snakke for seg sjølv, men vi lyt tore å høyre etter. Kven kan mest om desse fagfelta Frantzen?

I Mallasvika i Naustdal, 21.6.2014

Engebøprosjektet og den nye regjeringa - Kap.2

Ja, so var vi komne til neste steg i sagaen om ”rutilfolket”, eller mineralifiseringa av Noreg om du vil. Den nye regjeringa har vifta med tørkleet framfor fjordforkjemparane, og truar med storstilt fjordnedbygging. Eg burde sjølvsagt ikkje vere overraska, men litt må eg no sei at eg undrar meg over fantasiløysa som rår i regjeringslokala etter valet.

Les meir…

Båthavna i Naustdal med Heilefjellet i bakgrunnen.

Draumar om Friskhus i Naustdal.

Firda skriv om store planar om å lage eit Friskhus i Naustdal 12.12. Eit nytt lokale der alle helsetenestene i kommunen skal samlokaliserast. Vel og bra dette. Men den store haken er sjølvsagt økonomien. Naustdal kommune har ikkje råd. Det vil vere galskap av politikarane å gå for dette. Det er lov å drøyme. Men når ein skal gjere politiske vedtak må ein vere vaken. Eit så stort økonomisk løft som dette er tvilar eg sterkt på at kommunen har rygg til å bere. Det kjem til å bety nye rundar med kutt på andre område.

Kva er alternativet? Slik eg ser det, er det berre eitt alternativ som er godt nok. Det er ikkje spesielt langt til Førde. Der kan naustedølene få dei helsetenestene dei har bruk for. Løysinga er kommunesamanslåing.

  • 29.09.2013 — Trollfingrar like ved Bekkjavatnet, ved vegen ned til Hunsrasta.
  • 29.09.2013 — Sjur har kome med vinterveden.
  • 29.09.2013 — Bekkjavatnet ei Perle.
  • 29.09.2013 — Morgonskodde og samstundes sol over Førde.
  • 29.09.2013 — Knutelid, paradiset vårt, hytta ved Vonavatnet.

SV si rolle i ei ny raudgrøn regjering

Etter å ha lese reportasjen om “gruve-utolmod” hjå Sp i Sogn og Fjordane og i Naustdal Sp, er eg ikkje i tvil om kva som er ei av dei viktigaste rollene SV vil ha i ei ny raudgrøn regjering. SV er rett og slett den sosialistiske og rettferdige miljøvaktbikkja. Verken Ap eller Sp står for eit miljøsyn som er eigna til å stå aleine, det kjem ikkje minst til uttrykk i den nemde reportasjen. Men saman med SV ser alt mykje betre ut.

Høgre og Frp i fylket har og flagga eit skremjande syn i denne saka, at nye pendlar-arbeidsplassar(les: utanlandske) og Nordic Mining sin aksjekurs er viktigare enn omsynet til eigne innbyggarar, Førdefjorden og framtida til eksisterande næringar.

Dette viser i alle høve at SV ikkje er gått ut på dato. Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell er ein av dei tøffaste og mest uredde politikarane eg veit om. At han klarte å få med seg resten av regjeringa på det som vart det foreløpige svaret til gruveselskapet vert ståande som ein miljømilepæl i denne saka. Etter 4års sakshandsaming var det endeleg nokon som tok seg tid til å lese sakspapira, og som høyrde på dei kritiske røystene. 95% er ikkje berre andelen av fjellet som skal dumpast som slam og støv i Førdefjorden, det er også prosenten av negative innspel i den kommunale prosessen. Miljøvernministeren og SV gjorde det som resten av kobbelet ikkje hadde ryggrad til, å spyrje seg om det kanskje kunne vere noko i det når alle faglege råd gjekk imot til dømes sjødeponi.

For meg som kjenner saka betre enn eg eigentleg skulle ynskje, som har vore med gjennom heile prosessen og prosessane som har vore tidlegare, er det rimeleg surrealistisk å lese og høyre kva enkelte politikarar får seg til å kome med. Førdefjorden er ikkje noko “eksperimentell leikeplass” for storkapital og avfallsdumping. Mineralindustrien har ikkje nokon unik rett til å kunne forsøple matfatet vårt, og ruinere eksisterande næringar til lands og til vanns. Eg forventar at lokale politikarar i Naustdal og Sogn og Fjordane forøvrig evnar å sjå andre enn sine eigne behov, og evnar å sjå det store bilete. Rutilen på Engebø reiser ingen stader, i alle fall ikkje i havet om SV har noko dei skulle sagt. Teknologisk og kunnskapsbasert næringsutvikling og miljøvern er ikkje motsettingar, men 2 sider av same sak. Det eine overlev ikkje utan det andre.

Sjølvsagt skal vi take vare på miljøet seier dei alle som ein. Korleis då? Korleis vil de ta vare på miljøet når de ikkje ein gong har tolmod til å vente på utgreiingar som i det minste kan gje eit lite innblikk i forutsettingane for tiltaket? Eg trur nesten eg no er so pass frampå at eg forlangar eit konkret svar.

Lat mineralet ligge til det er forsvarleg å hente det ut. Naustdal kommune treng å bruke energien sin på tiltak som faktisk gavnar innbyggarane og kommuneøkonomien, det er og har vore mitt viktigaste argument. Naustdal er på god veg til å verte ein av sunnfjords bustadpærler, draumen midt mellom Førde og Florø. Det einaste som manglar er ein fornuftig og edrueleg, men ekspansiv og framtidsretta næringspoltikk. Hovudet framoverlent, men begge føtene godt planta på landjorda.

SV ynskjer å fortsetje i regjering, med Sp og Ap, nettopp fordi vi betyr ein forskjel. Ap, Sp og SV utgjer eit fullstendig og komplett politisk bilete, med god politikk på mange områder. At SV ikkje får betalt for alle sigrane i regjering er noko som fyljer med eit slikt samarbeid, men det betyr ikkje at vi har mista funskjonen vår. SV er miljøalibiet til den raudgrøne regjeringa. Og vi trengast i aller høgaste grad framleis. Dersom du meiner miljø og rettferd er viktig, treng du ikkje vere i tvil om kva parti du skal stemme 09.09.13.

SV i regjering er naudsynt for å få Noreg gjennom miljønålauget. Godt val.

Takk for at de gjorde Slåtterock 2013 mogeleg

Slåtterock 2013 i Vevring vart ein suksess, takka vere ein enorm dugnadsinnsats frå bygdefolket. Dette hadde ikkje vore mogeleg utan dykk! Grendelaget bøyer seg i støvet. At ei lita bygd som Vevring klarar å huse band som TNT, er ikkje nokon liten prestasjon. Klapp dykk sjølv på skuldra, og ta ferie med godt samvit. Alle som har bidrege er herved invitert til å ta ei “nedtrapping” saman snarast.

Hadde det ikkje vore for desse her, hadde det uannsett ikkje vorte: Stor takk til NBN Elektro, Onninen i Florø, Naustdal Bygg, Reiakvam Rørservice, Naustdal Taxi og Sparebankstiftinga SFj. De Rockar!

TNT takkar oss for eit usedvanleg engasjert publikum, vi takkar dei for ei uforglemmeleg oppleving!
Vevring Grendelag takkar alle for eit givande og godt samarbeid.

Ei av mastene som skal bere den nye 420 kV lina i Naustdal er på plass.

Eg fann denne vakre kvitveisen i Naustdal. Kvitveis (wikipedia)

Slik såg det ut i Naustdal på denne tida i fjor. Det er 20.05.2012.

  • Isplugg i elva. 15.04.2013 — Det er vår. Isen smeltar, og lagar denne ispluggen i Nausta, ved Indrekvam i dag.
  • Isplugg i elva. 15.04.2013 — Det er vår. Isen smeltar, og lagar denne ispluggen i Nausta, ved Indrekvam i dag.
  • Isplugg i elva. 15.04.2013 — Det er vår. Isen smeltar, og lagar denne ispluggen i Nausta, ved Indrekvam i dag.
  • Isplugg i elva. 15.04.2013 — Det er vår. Isen smeltar, og lagar denne ispluggen i Nausta, ved Indrekvam i dag.

Her på Blåfjellet i Naustdal er det like fint som i Syden! Foto: Ragnhild Kringlen

Hysteriske fylkespolitikarar

Eg trur det er på tide å stikke fingen i jorda å revurdere strategien for “deponi forkjemparane” i Sogn og Fjordane. Dei siste dagane har mediebiletet fullstendig runne over med for og mot, rundt i ring, fram og attende og rett utfor stupet.

Naustdalsordførar, fylkesordførar og fleire med, driv eit politisk spel ulikt noko anna eg har vore vitne til. At politiske parti og aktørar har ulike ståstader og synspunkt er ikkje noko nytt. Slik skal det og vere. Men, det som har kome fram i media siste dagane gjer meg lite stolt av å vere politikar. Det som gjer meg ille til sins derimot, er all feilinformasjonen, og usannheitene desse ambasadørane kjem med. Det virkar ikkje som dei har lese so mykje som eit notat vedlagt saka, men “har høyrt att”. Eg har tidlegare tilbydd meg som “fakta database” for stortingsbenken til Sogn og fjordane når det gjeld Førdefjordsaka, eller Engebøsaka om de vil. Ikkje at eg veit og kan alt, men eg har vore med sidan starten og veit kven som har sagt kva.

I nrk i beste sendetid i dag(20.03.2013) gjekk Bjørn Lødemel i fotefara til ordføraren i Naustdal, og “irettesette” både den eine og den andre statlege instansen. So vidt meg bekjendt har ikkje Naustdal kommune kontakta MD for å spør kva dei vil ha utgreia, heller ikkje har MD sagt nei til dette.

Ordføraren i Naustdal, med resten av SFAP hakk i hel til liks med Følling og SP, går KRAFTIG til angrep på Miljøvernministeren og MD. Eg er veldig usikker på kva dei trur dette vil tene til, men det fell uansett på si eiga urimelegheit. Lang sakshandsaming? Naustdal brukte 4-5år utan å klare å gjere eit endeleg vedtak. At MD, som skal forvalte heile landet og sjå alle slike prosjekt i ein større samanheng, brukar 1-2år på å gjennomgå alt av innspel, hente inn 3’parts vurderingar, forhandle seg i mellom og gje eit svar skulle vere “Skandaløst”?

Der finnast berre eit alternativ til det svaret MD har gjeve, og det er nei. Dette veit ordføraren i Naustdal, so han er gått heilt i lås. Men at stortingspolitikarar og fylkespolitikarar skal fylje etter denne galskapen, utan å ta seg bryet med å dobbeltsjekke informasjonen dei har vorte førelagt gjer meg ille til sins.

Det faglege i saka er for dårleg utgreia, og slik er det. Dette vil ikkje endre seg utan at ein hentar inn manglane MD har bede om. Det politiske spelet som no går for ope kamera endrar ikkje på dette faktaet. So kva er det Lødemel og “Deponikameratane” eigentleg vil?

Her er eit heitt tips:
Kva med å arrangere ein open debatt/konferanse(Førdehuset?) med dei involverte(NIVA, Havforskings Instituttet, Fiskeri Direktoratet, Miljøvern Departementet, klif, DN m.fl), der alle kan få legge fram sitt syn og svare på spørsmål? Det trur eg Sogn og Fjordane treng no før dette vert for gale.