Viser arkivet for stikkord noreg

Ein særs dårleg tildeling av ein fredspris

Den norske Nobelkomiteen har nok ein gong kome med eit absurd vetak om tildeling av fredspris. EU fortener så klart ikkje å få ein fredspris.

Eg er samd med LO-sekretær Kristian Tangen, som i eit intervju med frifagbevegelse.no kallar denne tildelinga for ein “skandale”.

Kva er det EU får prisen for? Dei stadig oftare tilfella av grov politivald mot demonstrantar i EU-land? Den aukande sosiale uroen som følgjer av kraftige auka i sosial ulikheit og arbeidsløyse? At fleire folkevalde organ vert satt til side til fordel for toppbyråkratar og teknokratar? At EU er ein militær allianse? Alle krigane og okkupasjonane som fleire EU-land har vore med på i nyare tid?

EU-landa står nå, ifølgje aftenposten.no for 32 prosent av all våpeneksport i verda. EU har dessutan bygd opp eit eige militærapparat med eigne institusjonar og eigne avdelingar. EU har vedteke at dette militærapparatet skal kunne bli satt inn kor som helst i verda, med eller utan FN-mandat. EU pålegg medlemslanda til å ruste opp militært. I Lisboa-traktaten står det at “Medlemsstatene forplikter seg til gradvis å forbedre deres militære kapasitet” (artikkel 42.3)

Ei undersøking som Respons Analyse har gjort for Aftenposten syner at berre 1 av 4 nordmenn meiner at det var riktig å gi EU denne prisen. Akkurat som den politiske eliten i EU er Nobelkomiteen i utakt med folk flest.

Tildelinga av fredsprisen til EU er den verste tildelinga sidan den vanvittige tildelinga til presidenten i USA, Barack Obama, og det var den verste tildelinga sidan tildelinga til Henry Kissinger. Alfred Nobel sitt testamente har vorte dratt så mange gangar ned i søla no at det er på høg tid at nokon andre tek over. Den norske Nobelkomiteen er openbart ikkje kompetent. Eg seier at Sverige må få oppgåva med å dele ut denne prisen. Så slipper i alle fall vi å verte gjort til latter på denne måten.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Nei til EU og EØS

Eit overveldande fleirtal er motstandarar av at Noreg skal melde seg inn i EU. Det er bra. Det er ønskeleg at euroen og EU, med alle EU sine institusjonar, vert kasta på historia si skraphaug.

Noreg er heldigvis ikkje medlem av EU. Dessverre har vi ein del skadelege bindingar til EU-systemet, og den aller skadelegaste er EØS-avtalen. EØS-avtalen er ein sjølvpålagd husmannskontrakt, som gjer at særs mange av vedtaka som vert gjort i EU-systemet òg vert norsk lov.

Det eine EU-direktivet meir skadeleg enn det andre vert banka igjennom av eit EU-lojalt fleirtal på Stortinget. Gjennom datalagringsdirektivet har vi fått eit svekka personvern. Gjennom tenestedirektivet og vikarbyrådirektivet har dei som arbeidar for å dumpe løn- og arbeidsvilkår i Noreg fått auka makt. Gjennom matsminkedirektivet har vi fått ein større del av direkte helseskadelege stoffar i maten. Og så bortetter. Fleire skadelege EU-direktiv kjem rett rundt hjørnet.

Det er viktig at den skadelege EØS-avtalen vert sagt opp, jo før jo heller. Det er òg viktig å trekke Noreg heilt ut av EU sitt militærapparat, Schengen og Frontex, i tillegg til å seie opp veterinæravtalen med EU.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn