Viser arkivet for stikkord røys

Heidi - aktiv og engasjert for fylket!

Gode veljar.

SV går til val på sakene rettferd, kunnskap og miljø, og 4 nye år med ei raud-grøn regjering!
Saman med Arbeiderpartiet og Senterpartiet har SV fått til mykje, men store oppgåver står framleis att. Eit sterkt SV er naudsynt for meir fordeling og enno sterkare miljøsatsing.

  • SV vil ha monsterlina (420kV) i sjøkabel.
  • Vi vil styrke forvaltninga av nasjonalparkane.
  • SV vil ha framtidsretta næringsutvikling, og seier nei til rutilutvinning og stort deponi i laksefjorden i Naustdal.
  • Vi satsar på kunnskap i skulen, fleire lærarar og god SFO.
  • Vi har bygd ut barnehageplassar til lågare pris – no skal vi styrke kvaliteten på innhaldet i barnehagane!
  • Studentar skal få studielån i 11 månader, og vi skal styrke og vidareutvikle Høgskulen i Sogn og Fjordane.

SV, med Heidi i regjering, har sikra framtidsretta kompetansearbeidsplassar i fylket. Ho har m.a skaffa 30 fleire årsverk på Leikanger, og støtte til spennande og bærekraftige IKT-prosjekt i Vågsøy. Vi har bygd ut breiband i distrikta, gjennom statlege løvyingar der marknaden ikkje byggjer. Dette er svært viktig for å sikre nye, framtidsretta arbeidsplassar – og for å sikre dei eksisterande. Dette arbeidet må halde fram for at fylket skal få vekst og tilflytting

Heidi var på Stortinget frå 2001 til 2005, og etter valet i 2005 vart ho fornyings- og administrasjonsminister i den mest radikale regjeringa i Europa. No må vi sikre at representantar frå alle dei 3 raud-grøne partia kjem på Stortinget!

SV kjempar om fjerdemandat og treng røysta di i Stortingsvalet 14. september for å sikre at Heidi kan halde fram med arbeidet!

Godt val!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Førde SV.

(Innlegget bør publiserast seinast 14. september.)

FrP må flagge EU-standpunkt

På firda.no og nrk.no kan ein lese at FrP sine Stortingskandidatar nektar å flagge EU-standpunkt. Det er rett fram uærleg oppførsel. EU-standpunkt er viktig, sjølv om ikkje medlemskapsdebatten er her akkurat no. (Denne går og til AP sin Ingrid Heggø, som burde skamme seg.)

Det er viktig at stortingskandidatane flaggar EU-standpunkt, for EU-medlemskap er ikkje det einaste stridsområdet i høve EU. Som det kjem fram i artikkelen på nrk.no skal det handsamast endringsforslag til Grunnlova, ein situasjon det er særs viktig at ein har nei-folk på Stortinget! Ikkje nok med det, men tenk og på alle direktiva som kjem tikkande frå EU som skal takast stilling til. Ikkje eit har ein klart å stogge, fordi det er fleirtal i Stortinget for å ta i mot alt som kjem frå det haldet.

Det er uærlig og feigt av FrP sine kandidatar å ikkje flagge standpunkt. Vi fortener å vite kva haldningar til EU som stiller til val.

SV sin Stortingskandidat er eit klart nei til EU, vil stogge det nye posttenestedirektivet, og vil i alle fall ikkje endre Grunnlova til fordel for EU-medlemskap. Styrk SV i regjering for å ta opp kampen med AP!

Slutt og tøys, stem Heidi Grande Røys :)

Frode Grimelid
4. kandidat
Sogn og Fjordane SV

Sogn og Fjordane SV sin 1. kandidat og Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, vitja torsdag den 2. juli Førdefestivalen. Ho var blant dei gjestene som blei invitert til kome på opningskonserten, noko ho takkar ja til.

(Biletet vart teken rett etter opningskonserten. Foto: Sigbjørn Løland Torpe.).