Viser arkivet for stikkord raudt

Ta imot asylsøkjarane på best mogleg måte.

Det er meir krig og «elende» i verda enn nokon gong. Difor aukar og antallet asylsøkjarar og flyktningar. Det skulle berre mangle om ikkje Norge som eit av dei rikaste landa i verda tek sin del av desse det gjeld også Høyanger. Fram til no har Norge teke under ein promille, ikkje mykje å skryte av. Nokre av dei mange som er einige i dette vegrar seg likevel når det kjem til spørsmålet om asylmottak i eige nærområde eller i eigen kommune som i dette tilfellet Høyanger. Alt er greitt så lenge ein sjølv slepp å dele.
Ein skulle tru at det var omsynet til asylsøkjarane/flyktningane som tel mest når ein skal ta imot dei og evt busetje dei seinare. Det ser diverre ikkje ut til å vere tilfellet i denne saka. Her er det slik som ordførar Petter Sortland har forklart :
I Høyanger har eigedomsoppkjøparar skaffa seg bustadar på billegsal, for deretter å inngå avtale med Norsk Mottaksdrift som skal drifte eit nytt asylmottak frå november.
– Det er berre fordi det er hyggelege bustadprisar her. Du finn ikkje asylmottak på Frogner og Aker Brygge. Du finn dei i samfunn som Høyanger og Årdal, samfunn som opplever tilbakegang i sysselsetting og andre ting. At det vert grobotn for private aktørar til å sko seg smakar ikkje godt, seier ordføraren.
Det er og slik at kommunen vert sett heilt «sjakk matt» og berre må godta det som skjer. At aktørane som kjøper/leiger boligar har stor pågang er heller ikkje noko rart. Dei som lenge har prøvd å selge eller leige ut tomme boligar er og på ein måte sett «sjakk matt». Slik som stoda er i Høyanger no kan det vere lenge til dei får ein annan tjangs til å få kjøparar på boligen sin.
Om det var omsynet til asylsøkjarane som var viktigast burde ein jo ha lagt mottaket til t.d Stavanger der det lenge har vore mottak og politisk semje om at dei ønskjer å ha mottak i kommunen. I seks år har Hero Norge drive asylmottak i Stavanger. Kontrakten gjekk ut 31. august. Det gjorde at Hero søkte på nytt om å få drive vidare, noko dei altså ikkje får lov til.
– Vi syns det er veldig trist. Vi har hatt et kjempegodt samarbeid med Stavanger kommune, så vi skulle ønske at vi fikk fortsette seier dei.
I Stavanger skal ein busette flyktningar permanent i kommunen, og da blir det mindre flytting frå kommune til kommune om folk kan komme til asylmottak i Stavanger og i neste omgang få busette seg her.
– Stavangerregionen er Norges tredje største byregion, og en veldig internasjonal region. Derfor synes jeg det ville være veldig merkelig om det ikke skulle være behov for et rimelig konstant tilbud her, sier John Peter Hernes som er Høgre sin gruppeleiar i kommunestyret.
Systemet er altså slik at ein i staden for å bygge på den kompetansen ein har opparbeida i eksisterande mottak vil ein ha billege asylmottak, for private investorar som vil tene pengar. Denne privatiseringa er ikkje noko FrP-/H-regjeringa har funne på. Høgrepartia har arva dette frå dei raudgrøne. Arbeidarparti-kommunen Høyanger får av sin eigne.

No må vi alle i Høyanger sjølvsagt stille opp og ta imot asylsøkjarane på best mogleg måte. Vi har lange tradisjonar i arbeidarørsla med solidaritet så det trur eg nok skal gå bra. Det er systemet og måten det skjer på eg kritiserer. Eg er og redd for at det kjem til å koste kommunen meir enn dei inntektene det gjev. Det vert litt av ei utfordring for Høyanger som bl.a er såkalla ROBEK – kommune. Slik denne saka har utvikla seg eg er og litt redd for at denne saka kan skape grobotn for rasisme det må vi for all del unngå.

Ottar Uglum
Raudt Høyanger

Alle treng rein mat frå fjorden, men ingen treng rutil

“Raudt vil ha arbeidsplassar, men ikkje på kostnad av uopprettelege miljøskadar i norske fjordar og berekraftige næringar. Derfor vil Raudt forby sjødeponi.”

Fråsegn frå landsmøtet i Raudt

7. februar 2011 reiste eg til Kamerun i sentral Afrika for å jobbe med eit økoturisme-prosjekt, der målet var å få turistar frå typiske turistplassar med strandliv langs kysten til å oppdage den vakre og urørte naturen kring ein liten landsby kalla Essé.

I over ei veke reiste eg ut i busjen saman med ein guide frå Essé, for å sjå på til dels heilt ukjende turistattraksjonar.

Vi gjekk forbi banantre der bananblomen hang ned mot bakken med bananane i klasar bakom. Etterpå kom vi til eit avokadotre, der eg for fyrste gongen fekk sjå grøne og brune avokadoar. Seinare kom vi til ein stad der nokon hadde knust kakaofrukt. Gule kakaofrukter låg strødde i ein haug på bakken og over oss hang det ferske kakaofrukter. Då vi hadde gått eit stykke vidare kom vi til ein stad der det stod ein liten busk, og på denne vaks det ein type bær som dei innfødde kalla “tombit”, eit bær som kanskje minte litt om kirsebær eller morellar (men som i verkelegheita var noko ganske anna). I tillegg til frukt og bær hadde skogen bønner som var farlege å komme borti, då dei kunne brenne huda.

Kva er så grunnen til at eg har valt å fortelje om opplevingane mine frå den kamerunske villmarka? Det er fordi eg meiner at ein del folk i dag har mista kontakten med og følgjeleg forståinga og respekten for naturen. Det er ikkje berre synd, men eit stort problem. Kva er årsaka til at stadig fleire menneske vender naturen ryggen? Eg trur årsaka er kapitalismen og det kapitalistiske systemet. La meg forklare: Kapitalismen krev stadig vekst. Mennesket med sine materielle ting tek opp meir og meir plass på ein klode som har eit avgrensa areal og ei grense for kor mykje klimagassutlepp han kan tole. Kapitalismen er difor naturstridig!

1. mai gjekk eg i tog gjennom Florøs gater under parolen “Nei til fjorddeponi!”. Eg gjorde det ikkje fordi eg ikkje vil ha nye arbeidsplassar, men fordi eg er i mot å dumpe gruveavfall i Førdefjorden. Engebøsaka føyer seg faktisk direkte inn i den internasjonale debatten om klima og klimaendringar, der m.a. Al Gore har sagt at utan miljøet så blir det heller ingen pengar. Under kapitalismen trur vi at det siste er viktigare enn det fyrste. Kapitalismen er difor naturstridig, og bør etter mitt syn avskaffast!

Det er for tida landbruksoppgjer, og det gjekk til brot mellom på den eine sida Norges bondelag og Norges småbrukarlag og på den andre sida landbruksminister Sylvi Listhaug (FrP).

Den norske bonden gjer ein heilt avgjerande viktig jobb fordi dei gir oss fersk, trygg og god mat, som er heilt avgjerande viktig for å dekke basisbehov i befolkninga. Bøndene gjer dessutan ein heilt sentral jobb for å ta vare på norsk natur- og kulturarv. Hadde det ikkje vore for den norske bonden og småbrukaren, så hadde Noreg grodd att, og vi hadde ikkje hatt noko dyrka mark eller natur å vise fram til turistane som kjem til landet (berre for å nemne noko). Jordbruk og fiske er dessutan grønare distriktsnæringar, som vi faktisk bør satse på framfor gruveindustri som berre gir forsøpling av norske fjordar, eit resultat som vil skade både dyre- og plantelivet, lokalbefolkninga og alle turistane som kjem til landet.

Det er slett ikkje alle som meiner at det er noko i vegen med kapitalismen, og eg kjenner sjølv ein del av dei.

La meg difor stille spørsmålet slik: Skal vi ofre heile Førdefjorden til fordel for ein gruveindustri, der nokre få personar tener seg rike på kostnad av natur og miljø? Kva for bilete gir dette utover i det internasjonale samfunnet? Og sist, men ikkje minst: Ynskjer vi framleis å vere tru mot norske naturverdiar og ressursar slik som rein mat og eit berekraftig landbruk?

Raudt Flora ved leiar André Haave,
Raudt Naustdal ved leiar Magnar Falkenstein og
Raudt Førde ved leiar Nina Osnes

Bustadproblemet kan løysast!

Bustaden skal vere ein heim – ikkje ei vare eller spekulasjonsobjekt. Bustad er infrastruktur, velferd og ei samfunnsoppgåve. Bustadsektoren må difor på nytt verte ein del av velferdsstaten sine verkefelt. Manglande alternativ tvingar bustadkjøparar inn i ein ustabil marknad der prisar, bustadutgifter og gjeldsrisiko aukar. Vi får stadig meir gjeld, og stadig meir pengar går til bustad. Det trengs radikale alternativ framfor dagens marknadstvang.

Lågløna skal kunne kjøpe eller leige husvære med god standard og storleik. Raudt ynskjer eit bustadtilbod for kjøp og sal utanfor marknaden, der bustadbyggjelag er distributør og kontrollerer omsettinga, og satsing på ikkje-kommersielle utleige og mellombelse bustader for studentar, elevar, lærlingar og anna ungdom. Offentleg satsing på tilbod utanfor marknaden vil spele ei aktiv rolle, både for den enkelte, men også for å unngå overoppheting av den ordinære marknaden. Det gjev billegare bustader.

Raudt meiner at bustadproblemet kan løysast slik:

1. Eit nytt tilbod
Det bør dannast eit nytt bustadtilbod skjerma frå marknadsskapt prisvekst eller prisfall, der bustadbyggjelag er distributør og kontrollerer omsettinga, og kommunane stiller med rimelege tomtar.

2. Husbanken må gjenreisast
Åra etter bustadkrakket i 1989 finansierte Husbanken 100% av dei nybyde bustadane og bidrog til mykje bygging. Raudt meiner at Husbanken må gjenreisast som den dominerande kredittinstitusjonen. Dette sikrar både føreseielege kreditt- og rentesatsar. Med ein større del av bygginga kan Husbanken gjenreisast som forsvarar av god bustadkvalitet. Minste-standard på 50 m2 må gjeninnførast.

Raudt vil at Husbanken gradvis skal gjenreisast som den dominerande bustadbanken i Noreg gjennom lånetilbod som er meir attraktive enn dei private bankar tilbyr. Det vert stilt krav til kvalitet, kostnadar og nøktern standard. Raudt vil ha statlege forskrifter som sikrar minimumsstandard på bustadprosjekt både når det gjeld sjølve bustaden og trafikksikre gode uteareal med sol.

3. Ikkje-kommersielle utleigebustader i kommunal regi
Både for dei som ynskjer å leige bustad og for dei som vert tvinga til det, er det behov for ein seriøs ikkje-kommersiell utleigesektor. Med ikkje-kommersiell meiner vi skjerma frå den ordinær marknaden. Dette er viktig for standard og pris i heile sektoren, der det er mange unge og folk med låg inntekt.

Raudt vil gjere lovverket tydeleg når det gjeld plikta som ein meiner kommunane alt har for å gje nødvendig hjelp til å skaffe bustad til dei som ikkje klarer dette sjølv.

4. Bustader som er tilgjengelege for funksjonshemma.
Alle nye bustader bør ha god kvalitet. Universell utforming tyder bustader som er tilgjengelege for alle. Funksjonshemma, t.d. rullestolbrukarar, har i dag problem med å finne bustader. Universell utforming gjer at fleire eldre kan bu heime lengre, det gjev auka livskvalitet og reduserte sjukeheimsutgifter. Raudt støttar difor dei krava til universell utforming som vert stilte i Teknisk forskrift 2010.

5. Miljøvennleg bustadplanlegging skal premierast. Luksus og unødvendig ressursforbruk skal avgrensast med skattlegging og energiavgifter.
Det må opprettast låne- og støtteordningar som oppmuntrar til miljøvennleg bustadbygging. I byane bør det stillast krav om samband til fjernvarmeanlegg og kjeldesortering av avfall.

6. Utbetring av eksisterande bustadmasse
Dersom energibruken i bustadar skal reduserast må det gjerast omfattande miljøtiltak i eksisterande bustadmasse. Husbanken gjev Grunnlån til utbetring av bustader både for miljøtiltak og for betre tilkomst for rørslehemma. Desse låna må gjerast meir attraktive gjennom subsidiert rente. I tillegg bør det innførast ordningar ut over dagens tilskot til forsøksprosjekt.

10. Kommunane sitt ansvar
I sentrale byområde er det bygt ei overvekt av småbustader, noko som har gjort det umogleg for barnefamiliar å busette seg der. Raudt går inn for at born skal kunne bu overalt og ei variert bustadsamansetting.

Raudt Flora meiner vi bør gjeninnføre den sosiale bustadpolitikken som gav resultat særleg etter andre verdskrigen.

Nei til sentralisering av politiet

På tross av at responstida til politiet i Sogn og Fjordane allereie er for høg, så er det fleire som no snakkar om sentralisering av politiet, med nedlegging av lensmannskontor som konsekvens.

Raudt Sogn og Fjordane vil ikkje ha eit politivesen med ei dårlegare lokal forankring og mindre lokalkunnskap og går derfor imot alle framlegg om sentralisering innafor politiet. Vi må slå ring om lensmannskontora i fylket vårt.

Lokal kjennskap er særs viktig i det daglege politiarbeidet. Det er også viktig å ha eit politi som har så tett sosial og geografisk forankring til det området dei skal arbeide i som mogleg.

NRK Ytring skriv politiforskar ved Linköpings Universitet, Stefan Holgersson, mellom anna dette om sentraliseringa av politiet i Sverige: «Den offisielle vurderingen som ble gjort av pilotprosjektet viste at sentraliseringen medførte en mengde negative konsekvenser, og en studie jeg selv gjennomførte kunne bekrefte at blant annet responstid og kjøretider økte. Men resultatet av vurderingen ble ikke akseptert av beslutningstakerne, og sentraliseringen ble innført i hele Sverige.»

Jo mindre politifolk veit om lokale tilhøve, jo dårlegare vert det førebyggjande arbeidet. Det er rett og slett ingen gode argument for å sentralisere politivesenet i Sogn og Fjordane, og derfor går Raudt Sogn og Fjordane konsekvent imot alle framlegg om sentralisering på dette området.

Anders Hamre Sveen
nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Mindre mediemangfald gjev mindre ytringsfridom

Til avisa Klassekampen seier stortingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn at Venstre er for å gjere «endringar i pressestønaden». Med eit nytt stortingsfleirtal er trugsmålet om kutt i pressestønaden klart og tydeleg, og om leiinga i Høgre og Framstegspartiet får det som dei vil, så kan dette i verste fall få heilt konkrete følgjer, til dømes for talet på aviser i Nordjord, i resten av Sogn og Fjordane og i heile Noreg.

Mindre mediemangfald gjev mindre ytringsfridom. Om færre røyster får delta i den offentlege debatten så vil det så klart gjere at folk får færre kanalar og hente informasjon, samtidig som omfanget av lesarbrevspaltar vert mindre.

Det er framleis uklart kva regjeringa til Høgre og Framstegspartiet har tenkt å gjere med pressestønaden. Formuleringa i regjeringsplattforma deira er uklar, der står det berre at: «Over tid skal pressestønaden omlegges og nivået reduseres».

Det nye stortingsfleirtalet bør høyre på Høgre-veteranane som ikkje er samd med Høgre og Framstegspartiet i denne saka. Tidlegare kulturminister og Høgre-politikar Lars Roar Langslet åtvarar Høgre mot å bidra til å øydelegge for det norske mediemangfaldet i eit intervju i Dagsavisen. Han har saman med andre Høgre-politikare skreve under på eit opprop mot kutt i pressestønaden, eit opprop som har vorte signert av til dømes Høgre-politikaren, og den tidlegare leiaren av Fritt Ord, Francis Sejersted, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre og tidlegare direktør for Datatilsynet Georg Apenes og Ingeborg Moræus Hansen, ein Høgre-politikar som tidlegare var kinodirektør i Oslo. Oppropet er òg signert av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF).

Om Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V) tek sine eigne festtalar om fridom, demokrati og ytringsfridom på alvor, så går dei imot den påtroppande regjeringa sin plan om kutt i den offentlege pressestønaden.

Raudt er mot kutt i pressestønaden. Raudt vil vidare gå i heilt motsett retning, og utvide pressestønaden til å omfatte gratis kvalitetsaviser og tidsskrift på internett.

Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Fullverdig fødeavdeling i Nordfjord

Som alle andre i Nordfjord har eg fått eit blad om Nordfjord Sjukehus frå Helse Førde i postkassa. Her er det mellom anna ein artikkel som er ein «A til Å» om Nordfjord Sjukehus. I denne artikkelen står ikkje bokstaven «F» for «fødeavdeling», av openbare årsaker.
I bladet om Nordfjord Sjukehus som kom i postkassa seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (Venstre) mellom anna dette: «Eg er overtydd om at Nordfjord Sjukehus ikkje berre er liv laga, men at det faktisk kan bli ein nasjonal modell for framtidas sjukehus. Utviklingsprosjektet har teikna opp ein slik modell. Mange av elementa i den modellen er no i ferd med å kome på plass ved Nordfjord Sjukehus. Nokre få, men svært viktige brikker for at heilskapen skal henge saman, er enno ikkje lagt.» Ein av disse brikkene må vere gjenoppretting av ei fullverdig fødeavdeling i Nordfjord.
Ordførarane i Nordfjord-kommunane Eid, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen og Vågsøy har inviterte helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre til Nordfjordeid. Dette er eit bra initiativ.
Ordførarane syner i invitasjonen til at regjeringa i april 2011 vedtok at Nordfjord Sjukehus skal vere ein nasjonal modell for «Framtidas lokalsjukehus.» Kampen for å få tilbake ei fullverdig fødeavdeling i Nordfjord er difor ikkje berre viktig for Nordfjord. Det er viktig for alle som kjempar for desentraliserte fødetenester i andre delar av Noreg. Fødeavdelingar rundt omkring i andre sjukehus er truga, og det er viktig at regjeringa ikkje slepp unna med å stadfeste at lokalsjukehusa i framtida ikkje vil trenge fullverdige fødeavdelingar.
Frå 17. til 18. august skal Folkebevegelsen for lokalsykehusene ha landssamling i Oslo, og her skal mellom anna nokon frå departementet fortelje om pilotprosjektet «Framtidas lokalsjukehus». Lokalsjukehusaksjonistar i resten av Noreg ventar med rette av oss i Nordfjord at vi ikkje gjev opp kampen for å reversere nedbygginga av fødetenestene på Nordfjord Sjukehus.
Det er bra at Framstegspartiet seier at det må bli starta ei eller annan form for dagkirurgi ved Nordfjord Sjukehus, men det som òg er viktig no er at vi som kjemper for å få tilbake ei fullverdig fødeavdeling på Nordfjord Sjukehus held trykket oppe. Raudt Sogn og Fjordane utfordrar alle stortingsrepresentantane, uavhengig av kva for parti dei er medlem av, til å tvinge regjeringa og helsebyråkratane til å gjenopprette ei fullverdig fødeavdeling på Eid.
Om Støre skulle ta imot invitasjonen frå ordførarane i Eid, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen og Vågsøy, så er det viktig at dei alle saman seier klart og tydelig i frå til helseministeren at Nordfjord Sjukehus må få tilbake ei fullverdig fødeavdeling.
Lege, lokalsjukehusaksjonist og Raudt-politikar Mads Gilbert sa på ein fødekonferanse i Nord-Norge i fjor dette: «Folk i distriktene har samme rettigheter til trygghet og beredskap som folk i byene. Kortreist helse berger liv.» Vi er mange i Noreg som meiner at nyvinninga «lokalmedisinske senter» er eit forsøk frå regjeringa på å omgå løftet om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Dette løftet står klart og tydeleg i Soria Moria-erklæringa, den politiske plattforma til regjeringa.
Det er naudsynt å få pressa igjennom dei endringane som må til for at kvinner i Nordfjord igjen kan nytte Nordfjord Sjukehus før, under og etter fødselen.

Anders Hamre Sveen
Nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane
Stryn

Ein særs dårleg tildeling av ein fredspris

Den norske Nobelkomiteen har nok ein gong kome med eit absurd vetak om tildeling av fredspris. EU fortener så klart ikkje å få ein fredspris.

Eg er samd med LO-sekretær Kristian Tangen, som i eit intervju med frifagbevegelse.no kallar denne tildelinga for ein “skandale”.

Kva er det EU får prisen for? Dei stadig oftare tilfella av grov politivald mot demonstrantar i EU-land? Den aukande sosiale uroen som følgjer av kraftige auka i sosial ulikheit og arbeidsløyse? At fleire folkevalde organ vert satt til side til fordel for toppbyråkratar og teknokratar? At EU er ein militær allianse? Alle krigane og okkupasjonane som fleire EU-land har vore med på i nyare tid?

EU-landa står nå, ifølgje aftenposten.no for 32 prosent av all våpeneksport i verda. EU har dessutan bygd opp eit eige militærapparat med eigne institusjonar og eigne avdelingar. EU har vedteke at dette militærapparatet skal kunne bli satt inn kor som helst i verda, med eller utan FN-mandat. EU pålegg medlemslanda til å ruste opp militært. I Lisboa-traktaten står det at “Medlemsstatene forplikter seg til gradvis å forbedre deres militære kapasitet” (artikkel 42.3)

Ei undersøking som Respons Analyse har gjort for Aftenposten syner at berre 1 av 4 nordmenn meiner at det var riktig å gi EU denne prisen. Akkurat som den politiske eliten i EU er Nobelkomiteen i utakt med folk flest.

Tildelinga av fredsprisen til EU er den verste tildelinga sidan den vanvittige tildelinga til presidenten i USA, Barack Obama, og det var den verste tildelinga sidan tildelinga til Henry Kissinger. Alfred Nobel sitt testamente har vorte dratt så mange gangar ned i søla no at det er på høg tid at nokon andre tek over. Den norske Nobelkomiteen er openbart ikkje kompetent. Eg seier at Sverige må få oppgåva med å dele ut denne prisen. Så slipper i alle fall vi å verte gjort til latter på denne måten.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Nei til tvangssamanslåing av kommunar

Den 24. september arrangerte Lokalsamfunnsforeningen ein dagskonferanse om kommunestruktur, demokrati og tenestekvalitet i Noreg.

På denne konferansen kom det fram at AUF er samde med Høgre og Framstegspartiet om at det i Noreg skal vere mogleg å slå saman kommunane i Noreg med tvang.

Eg er samd med leiar i Fagforbundet, Jan Davidsen, som ifølgje abcnyheter.no sa dette på dagskonferansen til Lokalsamfunnsforeningen: «Klokskapen er like godt fordelt lokalt som sentralt.» Jan Davidsen og Fagforbundet er motstandarar av tvungen samanslåing av kommunar. Fagforbundet er det aller største fagforbundet i Noreg, med om lag 330 000 medlemmar.

Det er særs viktig at det ikkje vert opna for tvungen samanslåing av kommunar i Noreg. Det må framleis vere slik at berre kommunar som har hatt folkerøystingar i dei kommunane det gjeld, med det resultatet at det vart eit fleirtal for samanslåing i alle desse kommunane, som kan slå seg saman. Det same prinsippet må òg gjelde for fylkeskommunar.

På dagskonferansen til Lokalsamfunnsforeningen tok professor ved Høgskolen i Hedmark for seg «Fakta og myter om kommunestruktur» i Noreg. Det er ein myte at Noreg har spesielt små kommunar. Til nationen.no seier Bjarne Jensen at: «82 prosent av innbyggjarane i EU bur i kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar. I Noreg er talet 55 prosent».

Det er ikkje det geografiske omfanget til kommunane som er problemet. Derimot så er den alt for dårlege kommuneøkonomien eit stort problem. Raudt vil styrke kommuneøkonomien. Kommunar og fylkeskommunar må få behalde mykje meir av det som innbyggjarane betalar i skattar og avgifter. Raudt meiner vidare at dei statlege overføringane til kommune-Noreg, spesielt til kommunar og fylkeskommunar med svakt skattegrunnlag.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Regjeringa si svekking av posttenestene

Dei politiske partia Ap, SV og Sp har vore i ein fleirtalsregjering sidan 2005. Den skadelege utviklinga innan posttenestene har fortsatt under disse partia, med mange nedleggingar av postkontor.

Dei tilsette på postkontora hadde ein spesialkompetanse som ikkje har blitt teke vare på. Postkontor og daglegvarehandel er faktisk to ulike ting, og akkurat som butikkmedarbeidarar med fleire års erfaring med daglegvarehandel kan denne typen verksemd best, så var det dei som hadde arbeida på postkontor som hadde størst forståing for posttenester.

Å bytte ut postkontor med «Post i butikk» er snikprivatisering, og det står dessutan, slik eg ser det, i direkte motsetnad til denne formuleringa i regjeringa si eiga politiske plattform, ‘Soria Moria II’: «Vi vil føre ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk (…)».

«Post i butikk» er eit dårlegare tilbod enn eit postkontor, og nesten alle som bur i Sogn og Fjordane må no nytte eit «Post i butikk»-tilbod. Posttenestene i Sogn og Fjordane har altså vorte dårlegare i regjeringstida til Ap, SV og Sp. Dette meiner eg er ein skikkeleg dårleg politikk.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Ein rettvis streik

Raudt stør Fagforbundet, som no streikar for at dei som arbeidar på sjukeheimar drivne av kommersielle aktørar skal ha same løn- og pensjonsvilkår som dei kommunalt tilsette i sjukeheimane i Noreg.

NHO Service sine medlemsbedrifter innan sjukeheimar tener pengar på at deira tilsette kjem dårlegare ut enn sine kommunalt tilsette kollegaer. Dette er totalt uakseptabelt. I dag kan skilnaden i tenestepensjonen utgjere over 30.000 kr per år.

For det første har NHO Service sine ordningar ein langt lågare årleg premie enn det er i offentleg og ideell sektor. For det andre manglar fleirtalet av dei tilsette ved dei kommersielle sjukeheimane pensjon når dei vert uføre. For det tredje kan NHO Service sine medlemsbedrifter når som helst svekke pensjonsordninga for sine tilsette. Det er difor Fagforbundet vil ha tariffesting av pensjonsvilkåra. For det fjerde er private tenestepensjonar særs usikre, då dei er tett knytta til finansmarknaden. Dette er noko som vert forsterka av at pensjon ikkje er ein del av tariffavtalen med NHO Service. For det femte er det fleire innanfor dette området som mister tenestepensjonen etter 10 år.

Dette er verkeleg ein viktig streik mot sosial dumping, ein streik som verken Høgre eller Framstegspartiet stør. Desse to partia har så klart spelt på lag med NHO Service gjennom anbodspolitikken deira.

Regjeringspartia har òg eit ansvar for at privat tilsette innan sjukeheimar har dårlegare pensjonsvilkår. Gjennom pensjonsreforma vert innrettinga på AFP-ordninga i privat sektor dårlegare og mindre rettvis. Terskelen for å få mogelegheit til å gå av med AFP i privat sektor har vorte høgare, noko som så klart rammar dei med lågast inntekt. Langt færre av dei som har slitt seg igjennom arbeidslivet har no mogelegheit til å gå av med AFP ved 62 år enn tidlegare.

Streiken til Fagforbundet er viktig. I likskap med pensjonsstreiken i oljeindustrien, som den sitjande regjeringa på forkasteleg vis stoppa gjennom bruk av tvungen lønnsnemnd, så må konflikten mellom Fagforbundet og NHO Service bli ein inspirasjon for heile fagrørsla og mange andre for å sikre ein verdig alderdom og ein god tidligpensjonsordning for alle. Skal vi få til det så er det ikkje nok at streiken til Fagforbundet kronast med siger. I tillegg må pensjonsforliket til dei tre regjeringspartia, Høgre, Venstre og KrF og heile pensjonsreforma nedkjempast.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Kvar vert det av informasjonen frå ERAS?

På folkemøtet om kvikksølvutsleppa i mars lova ERAS å bli flinkare med informasjon. Dei ville i framtida leggje ut miljødata til bedrifta på si eiga nettside – og på Høyanger kommune si. “Vi må bli flinkare til å informere lokalbefolkninga, skal vi overleve som bedrift i kommunen”, vedgjekk styreleiar Christian Landaas.

Eg var sjølv på dette møtet og lurer no på kvifor ERAS si internettside berre består av eit bilete av bedrifta og ingen informasjon. På Høyanger kommune si side finn eg heller ingen informasjon.

Det kan godt vere at ERAS har fått kontroll på utsleppa. Det får vi håpe både for menneska i og utanfor bedrifta og for naturen rundt sin del. Mogleg det har vore nokre notisar i lokalavisene også – det har eg ikkje full oversikt over i desse ferietider. Men når det gjeld informasjon har ERAS framleis ”mykje å gå på”. Eg vil berre minne styreleiar Landås på hans eigne ord: “Vi må bli flinkare til å informere lokalbefolkninga, skal vi overleve som bedrift i kommunen”

Raudt Høyanger

Ottar Uglum

styremedlem

Staten bergar Island - no må dei berge Terra-kommunane

Det er ein blodig urettferdig skandale at DnB Nor no går til søksmål mot dei såkalla Terra-kommunane. Kravet er sikkert heilt rett PÅ PAPIRET, men dei papira som er skrivne er ikkje verdt patronblekket.

Staten er majoritetseigar i DnB Nor og snart må den såkalla raudgrøne regjeringa byrje å bruke styringsretten sin. DnB Nor må få klar beskjed om å halde fingrane langt unna det kommunale matfatet, og Staten må syte for at alt som gjeld Terra-investeringane vert stroke og sletta.

Kvifor skal ein så det? Jo, rett og slett fordi det er innbyggjarane i Vik, Bremanger, Hemnes og dei andre som vert skadelidande. Terra-skandalen, og no kravet frå DnB Nor, vil etter alle solemerke føre til redusert velferdstilbod. Det kan rett og slett ikkje aksepterast!

Ein paralell til Island er og på sin plass. Her har den norske staten gått inn med store, frie lånsmidlar til den islandske staten. Årsaka er lik; Islandske politikarar og farlege kapitalistar rotta seg i hop og skapte eit økonomisk system som måtte gå gale til slutt. Når Stoltenberg og co kan redde Island, kan dei vel for pokker redde Terra-kommunane og? Eg berre spør…

Geir Bjarte Hjetland, p.t. sjukepermittert Raudt-politikar Høyanger