Viser arkivet for stikkord sande

Sande sentrum - frå brann til betring

Fleire bedrifter og hybelbuarar vart huslause då bensinstasjonsbygninga på Sande vart øydelagt av brann tidlegare i haust. Den andre bensinstasjonsbygninga i sentrum har lenge stått tilsynelatande tom. No har vi også fått vite at Coop-butikken legg ned. Gaular kommune har teke eit prisverdig initiativ til ei brei drøfting om framtida til Sande sentrum. Så no er det viktig at vi som bur i Gaular engasjerer oss og bidreg til at vi får ei positiv sentrumsutvikling i staden for at vi etter kvart får ei halvvegs spøkelsesbygd. For dette handlar ikkje berre om å få på plass ei bensinpumpe eller to. Her er mange ting som må sjåast i samanheng og i eit langsiktig perspektiv.
Ny E-39 forbi Sande kjem før eller sidan og gjev oss nye utfordringar med ivareta Sande som innfallsport til kommunen for turistar og ein attraktiv stoppestad for forbipasserande. Vi bør ha ein bensinstasjon på Sande, men den bør helst liggje nærast mogleg europavegen for å sikre inntektsgrunnlaget. Næringsområda ved det planlagte krysset ved europavegen bør vere godt eigna. Her kan det også leggjast til rette for gode kvileplassar for tungtransport i tilknyting til bensinstasjonen. Opphaldsrom og dusjmoglegheit for sjåførane er etterspurd. Kanskje transportselskapa, vegvesenet og kommunen kan få til noko i samarbeid?
Samstundes må vi få til ein bruk av områda med dei tomme næringsbygningane i Sande sentrum. Mange tettstader har utfordringar med for lite sentrumsliv etter at butikkane er stengt. Vi må difor sjå nærare på om det kan leggjast til rette for meir busetting i sentrum. Det er lite anna butilbod på Sande enn einebustader. Her finst nesten ikkje leilegheiter for sal eller leige som passar for folk i etableringsfasen, små familiar, einslege eller folk som ikkje lenger vil streve med hage og hus. Også tilflyttarar til fylket som er på jakt etter andre butilbod enn einebustad, ser då gjerne ikkje på Sande som eit godt alternativ. Her er eit potensiale for attraktive leilegheitsbygg i Sande sentrum med utsikt mot Gaula og kort veg til det meste. Slike bygg kan også kombinerast med lokale for ålmenne aktivitetar og næring som kan styrke sentrumsfunksjonane. Kanskje det kan vere attraktivt for einskilde bedrifter å leige nye lokale på Sande i staden for gamle og dyre lokale i Førde?
Gaular kommune har økonomiske utfordringar i komande kommunestyreperiode, men vi har ikkje råd til å la Sande sentrum forfalle. Det å få til ei positiv sentrumsutvikling handlar heller ikkje berre om finansiering, men vel så mykje om å ha visjonar for bygda, å sjå moglegheiter og behov og leggje til rette for ny utvikling. Her må lokale kreftar og kommunen ha eit tett samarbeid.

Trur Senterpartiet vi er dumme?

I dagens aviser kan vi lese at Senterpartiet lovar gratis ferjer. Igjen. Vi som er eldre enn 4 år hugsar godt kva Liv Signe Navarsete lova innbyggjarane i Sogn og Fjordane i 2005: Dersom ho vart vald inn på tinget skulle ho og Sp prioritere å sikre gratis ferjetransport. No har Navarsete kome heim frå Oslo etter fire år som folkevald, og trur tydeleg at borgarane i fjordfylket har dårleg minne.

“Ingen parti har reint fleirtal på Stortinget” seier andrekandidat Erling Sande til NRK Sogn og Fjordane i dag, på spørsmål om kvifor Senterpartiet ikkje held løfta sine. Dette er sjølvsagt heilt riktig. Men – og dette er er eit stort men – Liv Signe Navarsete har i fire fulle år vore samferdsleminister, i tillegg til medlem i regjeringa sitt mektige underutval. Og ikkje nok med det, ho har vore statsråd i Noregs første fleirtalsregjering sidan Willoch. Og ikkje nok med det, ho har vore statsråd i ei regjering med langt meir pengar til rådvelde enn noko anna regjering i norsk historie.

Kva meir treng Navarsete for å prioritere gratis ferjer?

Det verste trugsmålet mot demokratiet er desillusjonerte veljarar av typen “politikarar berre lyg og lyg”. Vanlegvis tek eg ikkje slike påstandar særleg alvorleg. Men akkurat når det gjeld Liv Signe Navarsete byrjar eg sanneleg å lure.

Å gå til val på gratis ferjer nok ein gong er ikkje berre fantasilaust, det er direkte respektlaust andsynes veljarane i Sogn og Fjordane.

Naturvernforbundet er ein klimabremse

Erling Sande

Naturvernforbundet meinar at utbygging av småkraft trugar det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vert skulda for å ikkje greie å ha to tanker i hovudet samstundes.

Sjølv har leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, mange tankar – men det nyttar lite når dei står i direkte motstrid med kvarandre. Han markerer seg både med krav om auka satsing på fornybar energi, samstundes med protest mot anlegga som skal produsere energien.

STIKK KJEPPAR I HJULA
Naturvernforbundet har berre dei siste åra markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar også mot kraftliner som skal føre straumen fram. Det vert lite utbygging av ny rein og fornybar energi av slikt.

Senterpartiets politikk tek omsyn både til miljøet og til ny fornybar energi. Vi og Naturvernforbundet er begge tilhengarar av opprustning av eksisterande kraftverk. Haltbrekken meinar at utbygde og ”øydelagde” område kan utnyttast, mens urøyrd natur må sparas. Her tek han feil på to punkt.

SMÅ INNGREPSTOR VERDI
Først er det viktig å presisere at sjølv om eit område er utbygd, er det ikkje øydelagt. Dagens utbyggingar tek store miljøomsyn. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Samstundes produserer dei verdifull og rein kraft. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje bygd ut. Med andre ord blir det særs vanskeleg å få fullt trøkk på vindkraftsatsinga om ein skal følgje Haltbrekkens råd.

Dersom vi ikkje skal få bygge anlegg til å bygge fornybar energi, så kjem det heller ikkje meir fornybar energi på marknaden. Dermed får vi heller ikkje erstatta den forureinande energiproduksjonen.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Vi er einige i at nokre naturområde og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer mot nær sagt alle prosjekt.

GRØN ENERGI MOT KLIMAENDRING
Haltbrekken har grunn til å frykte tap av biologisk mangfald – men for å få gjort tiltak som verkeleg monner, må han løfte blikket litt. Klimapanelet til FN (IPCC) har anslått at ved en temperaturauke på til dømes 4 grader, vil over 40 % av dagens kjente arter utryddast.

Fortsetter dagens utvikling i forhold til CO2-utslipp, kan utfallet bli dystrare. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Dersom vi ikkje lukkast i å få frem meir grøn fornybar energi, lukkast vi ikkje i klimakampen.

Av Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.