Viser arkivet for stikkord sigbjørn

Røyst for havet!

Årets tema på Forskingsdagane som blir arrangert av Universiteta og Høgskulane kring om i landet (18-29 september), tek for seg hav og vatn, som dekker 70 % av jordoverflata. Den er grunnlag for alt liv, med den fengande tittelen: «Eit hav av moglegheiter». Det kan høyrast optimistisk ut. Fokuset vert å syne fram korleis forskarar ved dei ulike utdanningsinstitusjonane driv aktiv forsking av havet med det biologiske mangfaldet og synleggjer kva potensial forskinga har til å utvide kunnskapen om det biologiske mangfaldet, om påverknaden på miljøet og ikkje minst klimaet. Slike emne er ikkje berre til pynt.
Les meir…

Meir igjen til næringsvennlege kommunar

Førre veke sendte eg som møtande stortingsrepresentant eit skriftleg spørsmål til finansminister Sigbjørn Johnsen som eg er viss på at, dersom det blir teke til følgje, vil føre til betre næringsutvikling i kommunane. Eg utfordrar finansministeren på at kommunane bør få halde på delar av selskapsskatten lokalt.

Mitt utgangspunkt er enkelt: Den verdiskapinga som blir til i bedrifter i næringsvennlege kommunar bør òg kome dei same kommunane direkte til gode i form av auka inntekter. I dag er den einaste reelle moglegheita for kommunane som ønskjer å auke sine inntekter som følgje av lokal verdiskaping – å innføre (og auke) eigedomsskatten. Eigedomsskatten er grunnleggjande usolidarisk og ei ekstra byrde for både næringsliv og privatpersonar. Derom kommunane heller får halde på ein del av selskapsskatten vil dette kome kommunane til gode utan at det aukar skattetrykket for bedriftene. Ei slik løysning vil vere god for både næringslivet og kommunen. Og følgjeleg også innbyggjarane. Det bør lønne seg for kommunane å leggje til rette for næring. Då må vi også ha eit skattesystem som reelt gjer meir igjen til næringsvennlege kommunar.

Av Jacob Nødseth, 1. vara til Stortinget (H)