Viser arkivet for stikkord sintef

Set ”ikkje fornybare” arbeidsplassar framfor alt

Ei samla miljørørsle varslar enorme konsekvensar om Nordic Mining skulle få løyve til prosjektet sitt på Engebø. Dei fleste faglege råd går imot, og nye og eksisterande næringsinteresser står mot kvarandre.

Men nokre lokale politikarar raslar no med sablane i media og krev snarleg avgjerd. Eg forstår det slik at ein gjerne vil ha æra for desse ”ikkje fornybare arbeidsplassane” for ein kvar pris, men kva er det som hastar? Og kven er desse arbeidsplassane for? Er det slik at vi skal byte ut eksisterande arbeidsplassar for å få dette til? Ser ein på dei store linjene so er det ikkje nye risikoarbeidsplassar Noreg treng, men arbeidskraft. Vi må arbeide for å trygge dei arbeidsplassane vi har, og legge til rette for at eksisterande bedrifter kan få utvikle seg og vekse bærekraftig. Nye arbeidsplassar må og skapast, sjølvsagt. Men her og må vi tenke og handle bærekraftig. SV ynskjer ei satsing på fornybare ressursar og grøne arbeidsplassar. Tida er ikkje moden for å starte eit mineraleventyr utan sidestykke eller omsut for samfunn og miljø.

Noregs befolkning har valt eit storting til m.a. å forvalte naturressursane vi har til rådvelde. Dette skal dei gjere til beste for folk, natur, dyreliv og miljø. Kan vi leve med at nokre få kortsiktige arbeidsplassar og Nordic Mining si botnlinje er viktigare enn langsiktige skadeverknader av prosjektet? Eg har ikkje noko forståing for det valdsame politiske engasjementet for Nordic Mining. Selskapet har teke ein risiko, og den får dei stå inne for. For Noreg er det heilskapen som må ligge på vektskåla, ikkje kortsiktig økonomisk vinning og populisme.

Dersom Ap og Sp “skjer igjennom” i regjering, handlar dette om noko heilt anna enn miljø og arbeidsplassar. Sintef sin rapport på inntektspotensiale, bestilt av Sunnfjord Næringsutvikling tek ikkje stilling til nokon av dei store spørsmåla knytt til dette prosjektet, heller ikkje til nokon av kostnadssidene ved ei eventuell utbygging. Eg har vanskar med å sjå kva denne rapporten eigentleg er tenkt brukt til.

Nordic Mining sine planar for mineralutvinning på Engebø er framleis ikkje noko bærekraftig prosjekt, og vert ikkje betre av at lokale politikarar prøvar å koke saka ned til eit spørsmål om arbeidsplassar og inntekt. Dersom Noreg skal satse vidare på mineralnæring, so må dette gjerast med eit ressursøkonomisk generasjonsperspektiv. Minerala skal ikkje berre kome “oss” til gode, men og framtidige generasjonar. Vi kan ikkje fortsetje med kortsiktig gevinst på eingongsressursar. Arbeidsplassar og økonomisk vinning må vere sekundært, miljø og ressursforvalting primært. Kva hjelp det med arbeid i dag, om du ikkje finn mat i morgon?

Signert
Ole Erik Thingnes
Miljøpolitisk talsmann
Sogn og Fjordane SV