Viser arkivet for stikkord straumbrot

Vinteren det var så mørkt

Åpent brev til Sunnfjord Energi AS frå indre Angedal.

Øystein Sunde syng om året det var så bratt. Det var vist i 1965. Denne vinteren har så langt ikkje vore brattare enn normalt, men derimot mykje mørkare enn vi lika. Spesielt inst i Angedalen. Eller indre Angedal som eg ser Sunnfjord Energi kallar området frå Grimelandshaug til Botnen når det blir lagt ut feilmeldingar på nettsidene. Noko som har hendt rett så ofte den siste tida.

Ein skal vist ikkje vere storforlangande seiest da. Det har eg i alle fall hørt. Eg veit ikkje om det er fordi vi er Sunnfjordingar, men det tar seg vist ikkje ut. Men kor mykje kan ein forlange før ein har gått for langt? Det kjem nok an på auget som ser. Vi som er så heldige å leve i den aller mest privilegerte delen av verda lir sjeldan nokon naud. Sjølv om det kanskje av og til høyres slik ut når ting ikkje går den vegen vi helst vil. Men sjølv om vi er privilegerte kan vi vel forlange litt? Det andre kanskje berre drøymer om, tar vi gjerne for gitt. Som at det er lys i lampa for eksempel. Men det er slett ikkje alltid tilfelle i indre Angedal. For så vidt ikkje noko nytt fenomen, men i det siste må det seiast at straumen har glimra med sitt fråvær i overkant ofte. I løpet av 2014 og fram til i dag har vi hatt 15 brot der straumen har vore vekke i meir enn 1 time. Kor mange brot det har vore på under ein time har vi ikkje tal på. På det lengste var vi utan straum i om lag 30 timar. Halvparten av tilfella var i det vi kan kalle julehøgtida. Frå siste søndag i advent til medio januar. Omtrent den perioden folk flest har juletre i hus.

Så sat vi der i mørke. Kveld etter kveld. Med ein telefon, eller eit nettbrett, som skulle vore lada, og halvkokte poteter fordi ein optimistisk sette i gong med middagslaginga tidlegare på dagen. Men halvkokte poteter er ikkje mykje godt. Det trur eg vi alle kan vere einige i. Då er det betre med ein ferdigsteikt pizza frå by’n. Mykje betre, men det går no ikkje an heile tida. Det er heilt sikkert ikkje sunt. Eg registrerar og at nyare forsking syner at telys heller ikkje er sunt, men nokre gleder må vi jo unne oss her i livet. Om ein skulle slumpe til å sitte der med ein fullada telefon, eller nettbrett, når straum går, får ein likevel ikkje nytta seg av den nye fine fiberen vi har fått. Alt dette er sjølvsagt veldig trivielt, men ikkje mindre irriterande fordi. Men det er ikkje trivielt å vere straumlaus for alle. Nokon treng den for sitt daglege virke. Bønder for eksempel. Då er 30 timar utan straum langt frå trivielt. Nærmast uhaldbart vil eg tru.

Sunnfjord Energi runda 100 år 18. desember 2014, og i samband med markeringa av det gav Sunnfjord Energi ut eit jubileumshefte. Der seier adm.dir. Fredrik Behrens at: “Vi er opptekne av framtidsbehova til kundane”. Det er veldig bra at Sunnfjord Energi er opptekne av framtidsbehova våre, men det hadde vore fint om De var litt opptekne av behova vi har i notida og. Altso den straumen som ikkje alltid er der. Eg antar den er grunnleggande i forbindelse med framtidsbehova og så det passa no i grunn bra om den er på plass først.

Sunnfjord Energi har 2.600 kilometer linje å følgje opp. Eg veit ikkje kor lange linjer eit gjennomsnittleg energiselskap har, men det høyres mykje ut. Det kan sikkert vere utfordrande til tider, spesielt når ekstremvêret set inn. Hadde det endå vore det som var grunnen til at vi blir sittande her straumlause. Men vêret har ikkje vore ekstremt. Det er i alle fall ikkje meir ekstremt i den inste halvdelen, enn i resten av Angedalen.

Sunnfjord Energi har 26.000 linjekundar. Såleis blir vi små i indre Angedal. På ei anna side blir det med 2.600 kilometer linje, 10 kundar pr. kilometer. Det er omlag det vi er i indre Angedal. Sånn sett er vi heilt på gjennomsnittet her inne. Eit gjennomsnittleg antall kundar som betalar linjeleige på lik linje med alle dei andre kundane.

Ein skal som sagt ikkje vere storforlangande, men det trur eg heller ikkje vi er. Er det storforlangande å forvente at linjenettet er av ein slik standard at det faktisk fungera og at vi får den tenesta vi betalar for? Dersom det er tilfelle so får det heller vere. Då får vi vere litt storforlangande då. Sjølv om det ikkje tar seg ut. I det tidlegare nemnte jubileumsheftet kan vi lese at: “I tida framover vil satsing på infrastruktur på nettsida dominere for vår del…”. Vi ynskjer (hadde tenkt å skrive forlange her, men fant ut at det ikkje tok seg ut) at infrastrukturen i indre Angedal er ein del av den satsinga. Slik at den neste jula blir litt meir strålande enn denne var.

Rune Hegrenes
Ångedøling