Viser arkivet for stikkord sunnfjord

Vinteren det var så mørkt

Åpent brev til Sunnfjord Energi AS frå indre Angedal.

Øystein Sunde syng om året det var så bratt. Det var vist i 1965. Denne vinteren har så langt ikkje vore brattare enn normalt, men derimot mykje mørkare enn vi lika. Spesielt inst i Angedalen. Eller indre Angedal som eg ser Sunnfjord Energi kallar området frå Grimelandshaug til Botnen når det blir lagt ut feilmeldingar på nettsidene. Noko som har hendt rett så ofte den siste tida.

Ein skal vist ikkje vere storforlangande seiest da. Det har eg i alle fall hørt. Eg veit ikkje om det er fordi vi er Sunnfjordingar, men det tar seg vist ikkje ut. Men kor mykje kan ein forlange før ein har gått for langt? Det kjem nok an på auget som ser. Vi som er så heldige å leve i den aller mest privilegerte delen av verda lir sjeldan nokon naud. Sjølv om det kanskje av og til høyres slik ut når ting ikkje går den vegen vi helst vil. Men sjølv om vi er privilegerte kan vi vel forlange litt? Det andre kanskje berre drøymer om, tar vi gjerne for gitt. Som at det er lys i lampa for eksempel. Men det er slett ikkje alltid tilfelle i indre Angedal. For så vidt ikkje noko nytt fenomen, men i det siste må det seiast at straumen har glimra med sitt fråvær i overkant ofte. I løpet av 2014 og fram til i dag har vi hatt 15 brot der straumen har vore vekke i meir enn 1 time. Kor mange brot det har vore på under ein time har vi ikkje tal på. På det lengste var vi utan straum i om lag 30 timar. Halvparten av tilfella var i det vi kan kalle julehøgtida. Frå siste søndag i advent til medio januar. Omtrent den perioden folk flest har juletre i hus.

Så sat vi der i mørke. Kveld etter kveld. Med ein telefon, eller eit nettbrett, som skulle vore lada, og halvkokte poteter fordi ein optimistisk sette i gong med middagslaginga tidlegare på dagen. Men halvkokte poteter er ikkje mykje godt. Det trur eg vi alle kan vere einige i. Då er det betre med ein ferdigsteikt pizza frå by’n. Mykje betre, men det går no ikkje an heile tida. Det er heilt sikkert ikkje sunt. Eg registrerar og at nyare forsking syner at telys heller ikkje er sunt, men nokre gleder må vi jo unne oss her i livet. Om ein skulle slumpe til å sitte der med ein fullada telefon, eller nettbrett, når straum går, får ein likevel ikkje nytta seg av den nye fine fiberen vi har fått. Alt dette er sjølvsagt veldig trivielt, men ikkje mindre irriterande fordi. Men det er ikkje trivielt å vere straumlaus for alle. Nokon treng den for sitt daglege virke. Bønder for eksempel. Då er 30 timar utan straum langt frå trivielt. Nærmast uhaldbart vil eg tru.

Sunnfjord Energi runda 100 år 18. desember 2014, og i samband med markeringa av det gav Sunnfjord Energi ut eit jubileumshefte. Der seier adm.dir. Fredrik Behrens at: “Vi er opptekne av framtidsbehova til kundane”. Det er veldig bra at Sunnfjord Energi er opptekne av framtidsbehova våre, men det hadde vore fint om De var litt opptekne av behova vi har i notida og. Altso den straumen som ikkje alltid er der. Eg antar den er grunnleggande i forbindelse med framtidsbehova og så det passa no i grunn bra om den er på plass først.

Sunnfjord Energi har 2.600 kilometer linje å følgje opp. Eg veit ikkje kor lange linjer eit gjennomsnittleg energiselskap har, men det høyres mykje ut. Det kan sikkert vere utfordrande til tider, spesielt når ekstremvêret set inn. Hadde det endå vore det som var grunnen til at vi blir sittande her straumlause. Men vêret har ikkje vore ekstremt. Det er i alle fall ikkje meir ekstremt i den inste halvdelen, enn i resten av Angedalen.

Sunnfjord Energi har 26.000 linjekundar. Såleis blir vi små i indre Angedal. På ei anna side blir det med 2.600 kilometer linje, 10 kundar pr. kilometer. Det er omlag det vi er i indre Angedal. Sånn sett er vi heilt på gjennomsnittet her inne. Eit gjennomsnittleg antall kundar som betalar linjeleige på lik linje med alle dei andre kundane.

Ein skal som sagt ikkje vere storforlangande, men det trur eg heller ikkje vi er. Er det storforlangande å forvente at linjenettet er av ein slik standard at det faktisk fungera og at vi får den tenesta vi betalar for? Dersom det er tilfelle so får det heller vere. Då får vi vere litt storforlangande då. Sjølv om det ikkje tar seg ut. I det tidlegare nemnte jubileumsheftet kan vi lese at: “I tida framover vil satsing på infrastruktur på nettsida dominere for vår del…”. Vi ynskjer (hadde tenkt å skrive forlange her, men fant ut at det ikkje tok seg ut) at infrastrukturen i indre Angedal er ein del av den satsinga. Slik at den neste jula blir litt meir strålande enn denne var.

Rune Hegrenes
Ångedøling

I Mallasvika i Naustdal, 21.6.2014

Bruk vitet - skriv nynorsk

Bruk vitet – skriv nynorsk
«Sunnfjord folkehøgskule trur bokmål betrar rekrutteringa»

Ein folkehøgskule i Førde, midt i nynorskfylket Sogn og Fjordane, prøver å rekruttere ungdom frå heile landet. Til dette må dei bruke bokmål, då det tydelegvis er lettare å forstå, hevdar dei.
«Vi må kommunisere med alle», seier rektor ved skulen, Jorun Knapstad. Vidare hevdar ho at ein brukar nynorsk i det daglege, men det første møtet med skulen vil dei skal vere på bokmål. Kvifor det, undrar eg meg. Trur dei verkeleg at ungdom frå Oslo og Finnmark ikkje skjønar nynorsk når dei les om skulen, men når dei eventuelt har søkt seg dit og fått elevplass ved skulen, så skal dei likevel lære seg å skjøne det? Norsk ungdom i dag er temmeleg oppegåande og ungdom frå andre deler av landet er ikkje dummare enn at dei greier å lese begge målformene. Når dei søkjer seg til ein nynorskskule, som dei allereie veit ligg midt i nynorskland, så er det vel ikkje fordi dei har problem med språket?
Hadde eg vore bokmålsbrukar, hadde eg definitivt ikkje søkt meg til ein skule som er for flaue over sitt eige mål til å bruke det på eigne nettsider og som markerer seg på bokmål fordi dei trur ungdom ikkje greier å lese nynorsk.

For meg handlar det om respekt, og det går begge vegar. Respekt for at ungdom i Noreg i dag er så oppegåande at dei greier å lese både bokmål og nynorsk, og respekt for ein skule som torer å bruke sitt eige mål.

Når ein søkjer seg til ein skule, er vel fagtilbodet det viktigaste, kva ein faktisk kan lære ved eit år ved skulen.
Ei viktig oppgåve for ein folkehøgskule må vere å ta vare på verdiar, dette gjeld òg språk og kultur.
Folkehøgskulane i Nordfjord og Sogn er altså tøffare enn i Sunnfjord, dei nyttar sitt eige mål i annonseringa for skulen, og dei rekrutterer frå heile landet.
At ungdom i dag let vere å søkje på ein folkehøgskule fordi dei har nynorsk som hovudmål, trur eg ikkje ein augneblink.

Bruk vitet og skriv nynorsk!

Olaug A Haugen
(tidlegare elev og tidlegare tilsett)

Sunnfjord Folkehøgskule: Bruk hovudet – skriv nynorsk!

Rektor ved Sunnfjord folkehøgskule, Jorun Knapstad uttalar seg i Firda (19.02.14) om at dei håpar nettsider på bokmål vil trekkje fleire elevar til skulen og kjem med påstanden om at dei på den måten kommunisere med alle. Som vi veit er Sunnfjord Folkehøgskule eigd av Normisjon og mottek offentleg støtte av Staten og ligg i ein nynorsk-kommune og då bør dei spegle lokalsamfunnet dei er i. Det er ikkje likegyldig korleis Sunnfjord Folkehøgskule kommuniserer. Påstanden om at bokmål skal til for å trekkje til seg elevar på Sunnfjord folkehøgskule er både tvilsam og tullete. Kva med elevane som kjem frå nynorsk-kommunar?
Les meir…

Sedrik Ullebø 15 år, frå Sogn CK, vann lang løype i årets Sunnfjord Triathlon i Naustdal.

Eg fann denne vakre kvitveisen i Naustdal. Kvitveis (wikipedia)

Betre mediefag i Førde

På leiarplass i Firda Tidend fredag 31. mai vert det påstått at programfaget medium og kommunikasjon (MK) går ei usikker framtid i møte på Hafstad vgs. Dette er ein heilt feil påstand, utan hald i verkelegheita.

Firda Tidend-redaktør Bjørn Grov skriv at medielina «i Førde skal alt byggast opp frå null på ein sprengt skule». Dette er ei meining som tidlegare har vorte omtalt m.a. på debattsidene i Firda, då i regi av tilsette på Firda vgs. Dette er i beste fall feil, og i verste fall eit forsøk på å undergrave den kompetansen medielærarane som har sagt seg villige til å bli flytta dit, sit inne med.

Fagmiljøet som alt er etablert i Sunnfjord i form av MK på avdeling Jølster, har mange og sterke relasjonar med næringsliv, organisasjonar og andre aktørar i Førde – der mange av fylkets aller største mediebedrifter har sin base. I tillegg har lokallaget av Utdanningsforbundet i Førde jobba tett med å legge til rette for ein best mogleg flytting av fag frå avd. Jølster til Førde-skulane.

Hafstad vgs., der MK i Førde ligg plassert i planane til fylkesutvalet, har faget Medie- og informasjonskunnskap (MIK). MK og MIK har mykje til felles, noko som vil tilføre nye impulsar og eit større fagmiljø. Avgjerda med å støtte ei flytting frå avd. Jølster til Førde er ikkje tilfeldig. Vi har vore på Hafstad, vi har snakka med lærarar og sett på lokale. Vi veit at medielinja der vil gje elevane eit om mogleg betre tilbod enn i dag.

Hafstad vgs. er heller ikkje sprengd, og har ikkje vore det i nokon av modellane som har vore i spel. Med det noverande forslaget frå utvalet, der Hafstad har gått ned frå fem til fire parallellar studiespesialiserande og frå to til ein påbyggsklassar, har skulen veldig god plass med fleire ledige klasserom, sjølv med MK med to parallellar.

Les heile innlegget her!

Rektor struktureres til taushet

Skolestrukturdebatten i Sogn og Fjordane har nådd et engasjement knapt noen hadde forutsett. Engasjementet har vist seg å være både kreativt og destruktivt. SIS-utspillet fra Sunnfjord tenker jeg alle må betrakte som løsningsorientert, og sogningene var raskt på plass med forslag der de også gjør sine offer for en god og framtidsrettet sak. Også venter alle på Nordfjord.

Det siste innspillet fra Nordjord er representert med en undrende mann som knapt trodde sine egne øyne da han så at tre rektorer fra Sunnfjord i det offentlige rom uttalte seg om hvordan de så for seg framtidsstrukturen: At Nygjerd gjør akkurat samme tabben som opplæringskontoret har gjort de siste årene, som vi alle har tapt flere ti-talls millinoner kroner på, kan være så sin sak: Han ser på tallene som ligger rett framfor nesa (neste års elevsøkning) og glemmer at vi har svært gyldig statestikk for de neste 16 årene der elevtallet i Nordfjord stuper.

Men det er betydelig mer skremmende den holdningen Nygjerd representerer ellers i innlegget sitt. Han mener rektorene burde ha «vit til å halde ein låg profil» hvis de ikke allerede har fått munnkurv fra opplæringsavdelinga, noe han mener burde være like naturlig. Gunnar Nygjerd er ikke alene om å hevde slike tanker som jeg mener er totalitære og helt klart udemokratiske. Rektorer ved videregående skoler bør representere den høyeste og beste kompetanse i å uttale seg i skolestruktursaken. Det er knapt noen som kan se bedre dette helhetsbilde av behovene til samfunnet, elevens ønsker, ressursene som finnes (og ikke finnes) i sitt nærmområde og fylket. Denne viktige kunnskapen (og mye mer til) som skal til for å danne seg et oversiktlig bilde av situasjonen, når en skolestruktur for hele fylket skal setles, den mener jeg rektorene besitter.

Det er svært gledelig at rektorene i Førde tar bladet fra munnen og deler kunnskap i det offentlige rom. Det er vide kjent i skoleforsker-kretser at den norske videregående skole er av de minst autonome skolene sammenlignet med tilsvarende skoler i OECD-området. Dette er en skremmende situasjon som ikke tjener samfunnet vårt. Rektorposisjonen i skolen er en talerstol som har kvaliteter du ikke kan finne andre steder: Den er ikke kommersiell, den er ikke politisk, og den har ingen bindinger utover det som eventuelt skole-eiger (les fylkeskommunen) måtte tre ned over institusjonen. Dette forteller oss at vi allerede er inne i en samfunnsorden som Gunnar Nygjerd taler for fra sin posisjon i Nordfjord, og som det bare finnes gode grunner for å kjempe mot. Det er hverken et demokrati verdig eller tjener videregående utdanning i fylket vårt. Vi trenger rektorer som har mot til å være framtidsrettet og vi skulle gjerne sett at denne talerstolen ble langt mer brukt.

Førde 28. april 2013
Fotograf og medialærer | Olav Øygard

Historien om Sunnfjord Medisinske Senter og et sykehuskjøp

Det eneste vi vet om fremtiden er at den blir annerledes. Og den beste måten å møte fremtiden på, er å skape den selv. Det sistnevnte har mine politikerkolleger og jeg nå muligheten til i helsesektoren. Florøs historie er full av eksempler på «alt vi ikke fikk til», alt som enten ikke ble noe av eller som endte opp andre steder øst for oss. Vi skriver kontinuerlig vår egen historie. Hva skal vi skrive?

Dette har skjedd det siste året: 40 år med sykehuskonflikt er over. Flora kommune eier Florø sykehus og eiendommen bygget står på. Helse Førde HF skal flytte til Sunnfjord Medisinske Senter (SMS) og der videreutvikle bærekraftige helsetjenester i samarbeid med det eksisterende og mangfoldige fagmiljøet i bygget. Samtidig skal Flora kommune utvide sin aktivitet i SMS. Slik går SMS fra å være langt fremme i tverrfaglig helsearbeid, til å være fremst på helsesamhandling i Norge sammen med noen få andre. Som helse- og sosialutvalgets leder er jeg stolt over å ha fått være med på å legge forholdene til rette for at kloke helsehoder får videreutvikle seg sammen i Florø. Det er en privilegert rolle å være helsepolitisk leder i en kommune med så mange ildsjeler og i samarbeid med et så velvillig og engasjert helseforetak.

De som vinner aller mest på denne samlokaliseringen i SMS er de som trenger tverrfaglige helsetjenester nært og ofte. For eksempel pasienter innen rus og psykiatri. Tidligere måtte disse forholde seg til fastlegen sin og Nav på SMS, kommunens avgrensede hjelpeapparat lokalisert ulike steder i byen og til psykiatrisk poliklinikk på Florø sykehus. Nå vil disse brukerne få raskere hjelp på ett sted. Og tilbudet blir bredere. Tidligere år tok den kommunale planleggingen bare høyde for at personer med utfordringer innen rus og psykiatri hadde problemer på hverdager i ordinær arbeidstid. Nå har vi tatt høyde for at hjelpen skal være der også på kvelder og i helger: Når behovet er størst. Og ved å samle de ulike aktørene som gir hjelp, blir hjelpen bedre. Én felles dør inn til fellesskapets helsehus, vil gi bedre og enklere liv til alle.

Det virkelig nyskapende, rosinen i pølsa, er at en fleksibel spesialisthelsetjenestepoliklinikk skal utvikles i SMS: Helse Førde HF sender spesialister til Florø for å selv utføre tjenester, og i samarbeid med fastlegene finne gode måter å fordel e oppgaver og overføre ansvar på en trygg måte. Dette letter manges hverdag. Et godt eksempel: I dag må far ta fri en hel dag fra jobb for å følge åtteåringen til Førde for å på Sentralsykehuset undersøke et innlagt dren i øret av en øre-, nese-, halsspesialist. Med den fleksible poliklinikken på plass kan åtteåringen bare gå de 30 meterne fra Florø barneskole til SMS, gjennomføre sjekken og gå tilbake til skolen. Åtteåringen får med seg mer skole, far slipper å ta fri fra jobb og Helse Førde sparer pasientreisekostnader. For å peke på noen av mange muligheter og tilhørende gevinster. Mange utsatte brukergrupper, og ikke minst mange med ordinære hverdagsproblemer, vil få hjelp som er raskere, nærere og av høyere kvalitet. Av dyktig fagpersonale som finner løsninger sammen. Dette er fremtiden. Og vi har skapt den selv.

Hva skal vi så bruke det tidligere sykehuset til? Mulighetene er mange, og jeg skal ikke forskuttere det jeg håper blir brede, konstruktive og kreative prosesser. Men det vi vet er at vi i årene fremover må bygge langt flere omsorgsboliger og institusjonsplasser til flere brukergrupper (både eldre og unge) samtidig som etterspørselen etter enklere leiligheter til den aldrende delen av befolkningen øker. Og med et (sannsynlig) regjeringsskifte til høsten har jeg forventninger om at private helseaktører lettere vil kunne etablere seg også i et fylke som Sogn og Fjordane. I Florø vil de bli tatt i mot med åpne armer.

Vi lever i helsemulighetenes tidsalder i Florø, og har en unik mulighet til å skape vår egen fremtid. Florøs historie er full av eksempler på «alt vi ikke fikk til». Historien om SMS og kjøpet av sykehuseiendommen er historien om alt vi faktisk fikk til. Så er det opp til mine politikerkolleger og meg hvor lang og hvor spennende historien skal bli.

Jacob Nødseth, helse- og sosialutvalgets leder i Flora kommune og medlem av Flora formannskap (H)

Den famøse russefesten i Naustdal.

Etter den famøse russefesten på Sanden i Naustdal, natt til 1.mai i fjor, har ordførarane i Sunnfjord no engasjert seg. Mot glasbitane! Knust glas ser ut til å vere ordførarane si største uro. Russen blir oppmoda til å ikkje bruke glasflasker på festen.

Eg synest det er påfallande at ingen nevner det meir alvorlege problemet. Nemleg det at enkelte av ungdommane drakk så mykje alkohol. Både politi og helsepersonell måtte rykkje ut til festen på grunn av fyll og vald. I ein artikkel på firda.no etter festen, står det at alt kl. 21 vart ei jente i slutten av tenåra teken hand om av politi og helsepersonell og innlagt på Førde sentralsjukehus. Helsepersonell på staden måtte ta hand om fleire ungdommar som hadde fått slag og spark, også mot hovudet.

Glasbitar og kostnader til opprydding er ikkje det viktigaste. Nokon bør fortelje ungdommane at det er fullt mogeleg å ha ein fin fest utan å drikke så mykje. Ein skal kanskje vere forsiktig med å bruke peikefingeren, men når det kan vere fare for liv og helse meiner eg det er på sin plass med ei åtvaring. Slike ungdomsfestar kan vi ikkje ha fleire av. Det hadde vore veldig fint om ordførarane var litt opptatt av dette og, ikkje berre glasbitar og oppryddingskostnader.

MGP som verdiskapar

*Melodi Grand Prix har skapt store samfunnsmessige, økonomiske og marknadsmessige verdiar for Flora og Sogn og Fjordane. *

Lat meg først slå fast at MGP som tv-program er katalysatoren for den positive verdiskapinga MGP som merkevare tilfører samfunnet vårt. Kring 3,5 millionar tv-sjåarar har vi hatt på dei 3 delfinalane frå Florø. Men kritikarane meiner tv-sendinga er verdilaus. Det er i beste fall uvitskap.

MGP har resultert i ei rekke verdifulle arrangement og aktivitetar i Sogn og Fjordane.

*MGP Lokal er songtalentkonkurransen for barn og ungdom *som involverer store delar av fylket. 150 unge har gjennom 3 år stått på scena rundt om i fylket og dyrka hobbyen sin. MGP er ei inspirerande merkevare for unge, og gjennom MGP Lokal fører vi eldsjeler saman, og barn og unge med ei felles kulturinteresse møter kvarandre; – vi byggjer viktig kulturelt nettverk i fylket. MGP Lokal har vore eit viktig supplement til UKM. MGP Lokal er av kulturell verdi for fylket.

MGP delfinalen i Florø gir inspirasjon og læring til skuleelevar. Elevar på media- og kommunikasjonslinjene i Sogndal og på Sandane filma og laga videoar av deltakarne i MGP Lokal, og fekk eit innblikk i Norges største underhaldningprogram. I Florø og Flora (både byen og kommunen vil eg påstå er ein del av Sogn og Fjordane; jmf kritikarar som meiner MGP ikkje har verdi for fylket og såleis ikkje fortener midlar frå fylkeskommunen) har engasjementet vore særs stort i skulane våre. Barneskulane i kommunen laga i år MGP kunstutstilling og auksjon. 258 fantastiske kunstverk pryda mingleområdet utanfor tv-salen. Og inntektene frå auksjonen gjekk til gode samfunnsnyttige føremål, t.d Sørstrand Folkepark i Florø. På Flora ungdomsskule har 340 elevar delteke i prosjektet ”MGP-Gata” dei siste 2 åra. Og på Flora VGS laga elevar på drama, dans- og musikk-fag eit halvtimes show som blei synt på opningsseremonien.

”Vi har fått meir motiverte og engasjerte elevar i skulekvardagen”. ”Det var så kjekt at det vi laga i timane blei brukt til noko viktig”. Sitata er henta frå dei over 100 takke-hjerta frå barn og vaksne som no heng i kontorvindauget mitt. MGP Florø har undervisningsverdi, kulturell verdi og stor samfunnsverdi for fylket.

MGP har direkte lagt igjen kring 5 millionar kroner til bedrifter i Flora-samfunnet. I tillegg genererer dei 150 menneska i produksjonsapparatet auka handel i byen. MGP Florø er også ein av dei største ”sponsorane” til Florø Fotball. MGP har også direkte ført til oppgradering av infrastrukturen i Florø Idrettssenter for 700.000 kroner. Det har gjort senteret i stand til å ta i mot andre store arrangement. Lokalsamfunnet er også tilført ein heilt unik arrangørkompetanse som vi no kan nytte i andre samanhengar. MGP-tilskota frå fylket og kommunen har vore brukt effektivt og godt til både økonomisk og samfunnsmessig verdiskaping i Flora (som er ein del av fylket).

Som fellesoppleving styrkjer MGP kjensla av stoltheit og lokal identitet for mange tusen menneske. Konsekvensen er at MGP styrkjer det positive sjølvbilete og lojaliteten i lokalsamfunnet; – viktige verdiar når vi snakkar omdømmebygging. Skal vi marknadsføre oss positivt ute, må vi ha trua på oss sjølve internt. Slik er det med oss som personar, i bedrifter, i kommunar og fylke. Det spesielle med MGP Florø er at tv-dimensjonen forsterkar kjensla av identitet og lojalitet for dei som opplever MGP og Florø (som er ein del av fylket) i ein positiv kontekst. Eg kjem tilbake til dei som er negative.

Analysebyrå stipulerer reklameverdien av den tv-sendte MGP Delfinalen i Florø til millionbeløp for regionen (tal frå analysebyrået Retriever). Dei fleste kritikarar trekk einsidig fram at ”MGP ikkje har marknadsverdi”. Samfunnsverdi og økonomisk verdi nemner dei ikkje. Eit snevert perspektiv på alle måtar. Og dei kritiserer den fylkeskommunale løyvinga med at “er det nokon som hugsar kvar delfinalane vart arrangert i år?” Svaret er opplagt. Av totalt 3,5 millionar tv-sjåarar er ikkje alle likegyldige eller negative. Eg åleine har fått kring 3000 direkte positive tilbakemeldingar på koplinga MGP og Florø. Så har du dei som er særskilt interessert i MGP, dei som har sett alle 3 delfinalane frå byen, tv-sjåarar frå andre arrangørbyar, slekt og kjenningar av floreværingar og sognogfjordingar som sit rundt om i landet og ser på… – menneske som bidreg til relasjonsmarknadsføring av Flora og fylket på ein god måte. Vi snakkar ikkje om millionvis av menneske, men vi snakkar om så mange tusen at MGP Florø med god margin er ein positiv marknadsfører av verdiar eg meiner er viktig å fokusere på: Driftig – skapande – vakkert – imøtekommande – positive – gode – inkluderande – friske. Dette er nokre av dei tilbakemeldingane eg har fått på korleis Florø (og fylket) framstår gjennom MGP-konteksten.

I eit reklameperspektiv: Det er meir substans og marknadsverdi i ein million kroner løyvd til MGP og menneskeskapt aktivitet enn det er i ein annonsekampanje.

Så har du dei som tykkjer MGP i Florø gir negativ marknadsføringseffekt. Dei som ikkje toler at vi kler oss til folkefest og at ordførarar tek på seg kjedet sitt og markerer starten på 250-års-jubileet til fylket. Nokon av dei framstår som urbanarrogante, nokon framstår med snevert kultursyn, nokon framstår som misantropiske, og nokon framstår berre som gretne med eit ønskje om å få servert saker dei kan få ut gruffet sitt på. Det er forsåvidt flott at MGP har gitt desse valuta for pengane også.

Men fleire av dei forfektar verdiar som eg og mange med meg ikkje ønskjer skal prege Flora og fylket når vi skal byggje omdømme internt og marknadsføre det eksternt. Eg respekterer meiningane deira, men med mi innsikt i kva MGP har tilført av verdiar, så må dette også på trykk:

Eg meiner du tek feil kjære kritikar. Det kan vi godt ete ein middag på – med godt tilbehør.

Om det kjem ein ny MGP-søknad til fylkeskommunen? Kanskje. Eg skal tyggje på det.

Det var vakkert ved Førdefjorden i dag. Ny kritt-kvit snø på toppane.

Frydenbø Cup storslalom, Blomlia 27.01.2013

Alle bilder: Siri Lund


Førde IL Alpin arrangerte søndag 27. januar Frydenbø Cup i storslalom i Sunnfjord Skisenter Blomlia, der 98 alpinistar frå heile Sogn og Fjordane stilte til start. Bestemannspremiane denne gongen gjekk til Andrine M Englund Mårstøl (Haugen) og Andreas Strand (Jølster), men også arrangørklubben kunne glede seg over tre klassesigrar!
Les meir…

Vinterlys ved Stongfjorden i Askvoll.

Førde har forstått det!

Eg føler for å skrive nokre rosande ord til bystyret i Førde etter vedtaket torsdag, som seier at salstidene for øl i butikk ikkje skal utvidast. Dette er fornuftig politikk. Bra!

I rusmeldinga, som kom i sommar (Meld. St. 30 (2011-2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk. Alkohol-narkotika-doping),kan ein lese kva som er målet med ruspolitikken. Det heilt klare målet er «å redusere negative konsekvenser av rusmiddelbruk for enkeltpersoner, for tredjepart og for samfunnet og bidra til flere friske leveår for befolkningen.» Vi kan óg lese at dess større totalforbruket av alkohol i samfunnet er, dess større omfang av skader. Vidare at dei mest effektive førebyggjande tiltaka er minst populære. Og omvendt, dei minst effektive tiltaka er mest populære.

Det kjem fram i meldinga at dei sentrale myndigheitene ikkje er nøgde med ruspolitikken i kommunane. Tilgjenge til alkohol har auka betrakteleg dei siste åra. 90% av kommunane tillèt sal til det som er maksimaltidene i alkohollova. Rusmeldinga omtalar direkte det som har vore diskutert i Sunnfjord, det at ein samanliknar seg med nabokommunen i ruspolitikken. Eg har lyst til å sitere frå meldinga:

«Det er grunn til å tro at kommunene er under direkte og indirekte press fra næringsinteresser, samt at sammenlikning med alkoholpolitikken i nabokommuner medfører ytterligere press om å føre en liberal alkoholpolitikk. Kommunens organisering av ansvaret for bevillingssystemet kan bidra til å flytte oppmerksomheten fra alkoholpolitikk til næringspolitikk. Utfordringsbildet varierer mye fra kommune til kommune.

På denne bakgrunn og sett i sammenheng med at alkoholkonsumet er økende, er det nødvendig å se på om ansvarsforholdet mellom stat og kommune i alkoholpolitikken er riktig vektet og fordelt.»

I klartekst betyr dette at staten kan komme til å overta meir av ansvaret for ruspolitikken i kommunane, om ikkje kommunane skjerpar seg.

Det er å håpe at dei andre Sunnfjord-kommunane merkar seg dette og følgjer Førde i alkoholpolitikken.

Alden i vinterlys

Korleis opptrer Førde kommune i moské-saka?

Sunnfjordingen er ikkje alltid lett å forstå seg på. Han er roleg, sindig, djuptenkande, seier lite.
Det kan vere den stereotype oppfatninga. For å sette det endå meir på spissen: Kanskje burde sunnfjordingen vore på samtaleterapi?
Tausheit kan for mange utanforståande verke skremmande. For nokre kan tausheit vere eit teikn på at ein ikkje bryr seg. Er det slik sunnfjordingen vil framstå?

Tida har gått, og lite har skjedd i moské-saka i Førde etter bystyrevedtaket i 2011. Korleis har kommunen sin kontakt vore med utbyggar? Avisa Firda skriv onsdag den 05.12.12 om Førde islamske senter ved Hoje M. Ibrahim Zarghoon som kritiserer Førde kommune for diskriminering som hevda dei trenert saka ettersom den har teke for lang tid. Dette har ført til at senteret har tapt millionar av kroner i støtte hjå det tyrkiske religionsdepartementet, grunna somlinga. Same dag kjem Firda på leiarkommentar med ein kritikk mot Førde islamske senter og kallar desse skuldingane mot kommunen for overdriven og uklok. Firdaleiaren poengterar sterkt at det i slike reguleringssaker må vere klar, lik handsaming av ulike partar, og lova må følgjast. Den kritikken kan ein dels vere einig i. Men om kommunen har hatt intensjonar om drive med diskriminering er eit ope spørsmål. Eg håpar ikkje det.

Det som er sikkert er at denne saka dreiar seg om mykje meir enn det som kom fram i kommentaren slik Firda gjev inntrykk av. Det handlar om korleis tilhøva mellom partane har vore i denne planprosessen. Ville Firda reist same kritikk om det hadde vore ei anna reguleringssak der ein annan aktør som hadde klaga i ei utbyggingssak? Det er ofte lett å seie dei og vi.
Denne saka har fleire sider og kritikken var i hovudsak retta mot ein part og framstilling vert noko skeiv. Det er noko som Firda burde fått betre fram. Det er då grunn til å gå djupare for å finne ut årsak.

Historisk sett har kommunen har brukt langt tid i høve til reguleringsarbeidet for å finne ei høveleg tomt. At det er tidkrevjande er ikkje noko nytt fenomenet i byggjesaker. Planar skal følgjast etter lova og prosess skal gå rett for seg. I realiteten har utgangspunktet for denne moské-saka har vore lang før endeleg vedtak i Førde bystyret blei gjort våren 2011. Første gong saka var eit tema i media var i 2002 då senteret var på leit etter tomt/tilhaldstad. Vegen for å få det til har vore lang og ikkje utan problem. Det var eit tema med skriveri både for og imot moské i kommentarfelta så snart sak hamna i nettavisa. Mange av dei har ikkje vore særleg oppløftande lesnad som syner lite opplyste, usaklege og reflektert negative kommentarar. I tillegg til at då senteret fekk løyve til å etablere seg i eit forretningslokale, førte det til naboprotestar frå FørdeGården AS, og ein kommunal saksfeil som gjorde at protestane nådde fram, og kommunen måtte finne eit anna tomt som erstatning. Det har ikkje vore god reklame for Førde.

Det gjorde ikkje saka betre då kommunen i 2007 kom med eit uheldige utspel, som for lett vart missoppfatta av media, som dreiar seg om støykrav for bønerop på maks 55dB (Desibel) som maksgrense, medan kyrkjeklokke fekk ringe like høgt som før.
Så om det ikkje var nok, oppstod reguleringsfeilen, der fleirtalet i planutvalet presterte regulere vekk moskeen i arealplanen. Det spesielle ved denne saka var at det tok tid før både ordførar og kommunen fekk summa seg til å oppdage problemet og korrigere/dementere utspelet. Det skjedde ikkje før reaksjonen og kritikken frå riksmedia blei sterk og saka latterleggjort. Førderevyen gjorde sin elegante humoristiske vri same året, korleis dette kunne utførast i praksis med desibel-støymåling av ein tenkt bønneutropar.

Saka tok ny vending og nye samtalar med partane kom i gang gjennom nye rundar i dei ulike forvaltningsorgana før saka hamna i bystyret og gjekk igjennom bystyret våren 2011. Sidan det har ein høyrt lite om den før saka kom opp att i media i år.

Det sentrale spørsmål vert då om korleis kommunen opptrer som sørvisinstitusjon?
Over for BT den 04.12.12 svarar rådmann i kommunen, Ole John Østenstad, på kritikken frå Islamsk senter, der han vise til at grunnerverv er ein svært tidkrevjande affære. Avgjerda vil då truleg kome i desember i år, men skjønn kan ankast, og då tek det endå lenger tid.
Førde islamske senter er til liks med andre aktørar ein del av Hafstad bydel.
Klart likebehandlingsprinsippet må gjelde for alle i sakshandsaminga. Men ventetida har reelt sett vore lengre enn forventa. Tidsaspekt har vore gjennomgangtema hjå ein del søkjarar i utbyggingssaker som handlar i god tru, ofte inngår tidsavgrensa kontrakt med firma, lenge før ein eventuelt utbyggingsavtale er i hamn, og som kan føre til at avtalar ryk før vedtak er gjort.
Det er sjølvsagt ikkje ein smart strategi. Det tyder på at kommunen i utgangspunktet kan hatt gjeve inntrykk om forhåpningar for rask sakshandsaming som har vore urealistisk, i tillegg til kulturskilnadar som kan forklare uføret hjå tiltakshavar. Dialogen har truleg ikkje vore god. Det har resultert at tida har trekt endå lengre ut enn den burde. Det har skapt frustrasjon for tiltakshavar å oppleve å ikkje bli sett og høyrt.

Det beste kommunen kan gjere no, er å få i gang samtale med dei ulike partane og få til realistiske framdriftsplanar. Kommunen bør ta lærdom av denne saka og endre rutinane i byggesaker. Kommunikasjon mellom aktørane må kome meir i fokus, i staden for ein kommune som står fram som taus og kald, slik den stereotypiske oppfatninga kan vere om sunnfjordingen. Det avtalar forpliktar er at begge partar følgjer opp. Eg trur at moské-planane og fleire andre byggeprosjekt i området lar seg gjennomføre. Om ikkje det ikkje går så kan dette sette kommunen i eit dårlegare lys med tanke på omdøme. Ein moské så vel som ei katolsk kyrkje kan vere positive for Førde sitt mangfald og demokrati. Eg trur Sunnfjord-kommunen Førde kan få det til.

Kronikk:
Sigbjørn Løland Torpe, Historiestudent, Førde.

Publisert i Firda den 10.12.12

Sal av fallrettar – Stakaldefossen og Svultingen

Av Harald Kvame (H), varaordførar Nasutdal kommune

Naustdal Venstre har hatt ein del kritiske spørsmål knytt til denne saka. Eg vil ikkje uttale meg om sakshandsaming no, då det er varsla kontroll av vedtaket. Derimot vil eg oppsummere nokre fakta i saka. For ordens skyld gjer eg merksam på at denne saka handterer eg som fungerande ordførar (då ordføraren vart kjent inhabil av kommunestyret).

Bakgrunn
I november 2009 var det møte mellom Sunnfjord Energi AS og ordførarane i eigarkommunane. Det vart då avklart at rådmannen i Gaular skulle førebu saka og nytte LVK (Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar) som ekstern rådgjevar. Dette var altså ikkje ei realitetshandsaming av saka, berre avklarande på vidare saksgang. Hausten 2011 starta den politiske handsaminga av saka.

Eit fleirtal i Naustdal kommunestyre har vedteke å gå for sal av fallrettane – til liks med dei andre eigarkommunane. I realiteten ventar ein berre på evt. lovlegkontroll av sakshandsaminga i Naustdal. Venstre i Naustdal skriv om påstått brot på EØS-avtalen og evt. innklaging til ESA som klageorgan. Til dette vil eg nemne at formannskapet i mars har fått framlagt eit dokument som viste at sidan kommunane og selskapet hadde kome fram til eit forlik, som elles ville bli avgjort av ein domstol, vil det være lite truleg at salet kan bli omfatta av regelverket om statstøtte. Også andre spørsmålsstillingar frå Naustdal Venstre har vore svara på samvitsfullt av rådmannen, m.a. ved hjelp av ekstern advokatbistand. I formannskapsmøte gav Naustdal Venstre sin representant uttrykk for at han var godt nøgd med svara.

Spørsmålsstillingane frå mindretalet i Naustdal kommunestyre er i høgste grad teke på alvor, m.a. ved utsetjing av saka i formannskap/kommunestyre og innhenting av grundige svar på spørsmåla som er stilte. Vi har bede rådmannen både om å få nye samanfatningar av saka og få belyst konsekvensar av å seie nei til sal no. Naustdal Venstre skriv i lesarbrev: ” At saka har trekt ut i tid i Naustdal, er fordi eit fleirtal i både formannskap og kommunestyre har ønskja det.” Eg vil vel til dette nemne at det er klart at fleire rundar og fleire utgreiingar sjølvsagt tek tid.

Eg tek til vitande at eit fleirtal i kommunestyret kjende ordføraren inhabil i saka. Ordføraren var heller ikkje til stades då kommunestyret tok det endelege vedtaket.

Dersom representantar for mindretalet i kommunestyret skulle sende inn krav om lovlegkontroll, er det deira rett. Tilsvarande gjeld dersom Naustdal Venstre ynskjer å få saka vurdert av ESA. Uansett ønskjer eg at saka blir handsama skikkeleg. Dette av omsyn til dei berørte partane – inkl. kommunane og vårt felles kraftselskap Sunnfjord Energi AS.

FAKTABASERT VASSRØVERI

Det er store ting i emning i kommunane Jølster og Førde. Kraftselskapa Sunnfjord Energi og nordnorske Fjellkraft ligg i hard tevling om å få nytte seg av dei siste restane av Jølstra-vassdraget som framleis renn fritt. Om eitt av selskapa i framtida skal få gjere Jølstra om frå elv til bekk står att å sjå. Vi står føre ein lang konsesjonsprosess med grundige kartleggingar av verknadane av dei ulike utbyggingsalternativa.

Sunnfjord Energi vil sjølvsagt alt no gjere seg gilde hos publikum, og har difor laga ei informasjonsbrosjyre om planane sine. Her kan dei alt no informere oss om kva verknader dei ventar av utbygginga si, og dei har i det heile temmeleg overveldane forventningar til eige prosjekt. Det blir sjølvsagt små naturinngrep og små verknader for fisken i vassdraget. Verknader for rekreasjon, friluftsliv og fiske blir det nesten ikkje, og kraftselskapet vil frelse oss med ein uhorveleg stor global CO2 reduksjon på kjøpet. Det siste er vel grundig avkrefta gjennom NRK Brennpunkt og ber preg av ”tenk på eit tal”-mentalitet.
I det heile: Korleis kraftselskapet kan presentere oss for venta verknader av utbygginga utan at desse enno er utgreidd, er forunderleg. Er det ikkje difor vi nettopp no skal gå inn i grundige konsekvensutgreiingar og høyringsrundar?

Oppi denne samlinga av det som kan verke som kreative og noko forhasta slutningar, er det ein påstand som særleg fangar merksemda vår. Sunnfjord Energi ”forventar at forholda for elvepadling og rafting vil bli betra, då for stor vassføring i dag set begrensningar for denne aktiviteten”.
Både vi og eit samla norsk padlemiljø ristar på hovudet. Det er heilt uforståeleg at Sunnfjord Energi kan få seg til å hevde noko slikt, og det i skriftleg form. For oss blir dette som å hevde at all snøen om vintrane legg avgrensingar for skiaktivitet. Hos Norges Padleforbund har dei lenge vore opptatt av utbyggingssaker, og vi får opplyst at dei ser på denne uttala som verre enn å ikkje ta med våre interesser i det heile. Om ein tek seg umaken å lese det som er publisert om elvepadling i Jølstra, er det semje om at det ikkje er problematisk å nytte ei vassføring opp til om lag 75 m/s3 i Jølstra. Det blir og slått fast at vassføringar under om lag 20-25 m/s3 ikkje er eigna for padling og anna elvesport.
Dette står i sterk kontrast til den planlagde minstevassføringa på 7,5 m/s3. Kor i all verda får Sunnfjord Energi påstandane sine frå? I beste fall er dette kunnskapsløyse og slurv. I verste fall eit forsøk på å føre folk bak lyset.

Vi høyrer til dei som ikkje ønskjer at enno fleire av elvene våre i Sogn og Fjordane blir røva frå oss. Det skal vi ikkje stikke under ein stol. Vi meiner at vi har eit felles ansvar her i Noreg for å ta vare på den unike vassdragsnaturen vår. Kortsiktig profitt kan aldri vege opp det. Ei kraftutbygging er eit irreversibelt inngrep. Ei elv som er kraftutbygd, kan aldri bli ikkje-kraftutbygd igjen. Og difor er rett kunnskap så utruleg viktig før ein gjer desse inngrepa. Vi ønskjer oss ein kunnskapsbasert debatt som ikkje er tufta på påstandar som er tekne ut av lufta.

Ein lyt sjølvsagt gå ut i frå at Sunnfjord Energi er dei som kjenner sitt eige prosjekt best. At dei allereie frå sbyrjinga desinformerer både lokale styresmakter og folk elles på denne måten er ikkje bra. Kvifor dei vel å føregripe eigne utgreiingar av verknader og framstiller sitt eige prosjekt som noko det umuleg kan vere, lyt dei gjere greie for sjølve. Vi andre kan berre gjere oss våre eigne tankar…

Henry Ruud
Kristine Kopperud Timberlid

Elveentusiastar

Haustfargar i Førde i dag.

Heilefjellet, Førdefjorden, Naustdal.

Ja! Her får eg lyst til å setje med ned ei lita stund.

VIKTIG MELDING! - til Sunnfjord Energi

Eg registrerer at Sunnfjord Energi har sendt ut eit varselkort til alle kundane dykkar med tittel «VIKTIG MELDING!» der de orienterer om at de no sluttar å sende ut påminning om målaravlesing pr. post. Heretter skal ein berre kunne sende inn målaravlesing via e-post, SMS eller telefonautomat med inntasting.

Dette er ei omlegging som eg registrerer vert svært dårleg motteke av mange av dykkar eldre kundar. Svært mange av desse har ikkje e-post, og mange har heller liten erfaring med SMS. I denne kundegruppa er det òg mange med redusert høyrsel, der kombinasjonen av å høyre på opplesen brukarinformasjon over telefonen kombinert med inntasting av målarnummer og lange talrekkjer for målaravlesing, ikkje nett kan seiast å vere favorittaktiviteten. Som konsekvens medfører den varsla endringa dykkar ikkje berre ei svært dårleg løysing for denne kundegruppa, men rett og slett ei umyndiggjering av elles oppegåande personar, ved at dei ikkje sjølve kan utføre registreringa av målaravlesinga. Dette er ei kundehaldning som eg meiner vi som samfunn ikkje kan akseptere.

Dersom de treng å redusere kundekostnadane kan de alternativt heller sende ut eitt varselkort i året med oversikt over alle avlesingsdatoane, då desse vel er kjende på førehand, vedlagt dei 6 målaravlesingskorta som vel gjeld no. Gjerne òg med ei oppmoding om å nytte e-post eller SMS. Men elles så kunne de vel vente med å ta vekk målaravlesing pr. post, for dei som ynskjer dette, dei få åra som er att før fjernavlesing med AMS-målar løyser heile problemstillinga?

Med helsing
Bjørn L. Rusken, Bygstad