Viser arkivet for stikkord svultingen

Sal av fallrettar – Stakaldefossen og Svultingen

Av Harald Kvame (H), varaordførar Nasutdal kommune

Naustdal Venstre har hatt ein del kritiske spørsmål knytt til denne saka. Eg vil ikkje uttale meg om sakshandsaming no, då det er varsla kontroll av vedtaket. Derimot vil eg oppsummere nokre fakta i saka. For ordens skyld gjer eg merksam på at denne saka handterer eg som fungerande ordførar (då ordføraren vart kjent inhabil av kommunestyret).

Bakgrunn
I november 2009 var det møte mellom Sunnfjord Energi AS og ordførarane i eigarkommunane. Det vart då avklart at rådmannen i Gaular skulle førebu saka og nytte LVK (Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar) som ekstern rådgjevar. Dette var altså ikkje ei realitetshandsaming av saka, berre avklarande på vidare saksgang. Hausten 2011 starta den politiske handsaminga av saka.

Eit fleirtal i Naustdal kommunestyre har vedteke å gå for sal av fallrettane – til liks med dei andre eigarkommunane. I realiteten ventar ein berre på evt. lovlegkontroll av sakshandsaminga i Naustdal. Venstre i Naustdal skriv om påstått brot på EØS-avtalen og evt. innklaging til ESA som klageorgan. Til dette vil eg nemne at formannskapet i mars har fått framlagt eit dokument som viste at sidan kommunane og selskapet hadde kome fram til eit forlik, som elles ville bli avgjort av ein domstol, vil det være lite truleg at salet kan bli omfatta av regelverket om statstøtte. Også andre spørsmålsstillingar frå Naustdal Venstre har vore svara på samvitsfullt av rådmannen, m.a. ved hjelp av ekstern advokatbistand. I formannskapsmøte gav Naustdal Venstre sin representant uttrykk for at han var godt nøgd med svara.

Spørsmålsstillingane frå mindretalet i Naustdal kommunestyre er i høgste grad teke på alvor, m.a. ved utsetjing av saka i formannskap/kommunestyre og innhenting av grundige svar på spørsmåla som er stilte. Vi har bede rådmannen både om å få nye samanfatningar av saka og få belyst konsekvensar av å seie nei til sal no. Naustdal Venstre skriv i lesarbrev: ” At saka har trekt ut i tid i Naustdal, er fordi eit fleirtal i både formannskap og kommunestyre har ønskja det.” Eg vil vel til dette nemne at det er klart at fleire rundar og fleire utgreiingar sjølvsagt tek tid.

Eg tek til vitande at eit fleirtal i kommunestyret kjende ordføraren inhabil i saka. Ordføraren var heller ikkje til stades då kommunestyret tok det endelege vedtaket.

Dersom representantar for mindretalet i kommunestyret skulle sende inn krav om lovlegkontroll, er det deira rett. Tilsvarande gjeld dersom Naustdal Venstre ynskjer å få saka vurdert av ESA. Uansett ønskjer eg at saka blir handsama skikkeleg. Dette av omsyn til dei berørte partane – inkl. kommunane og vårt felles kraftselskap Sunnfjord Energi AS.