Viser arkivet for stikkord tungmetall

Tonnevis av tungmetall i Førdefjorden

Nordic Mining søkjer om å få sleppe ut 6.5 tonn tungmetall og 10 tonn kjemikaliar i 16.500 tonn gruveslam i Førdefjorden, kvar einaste dag i 50 år. Alt dette for å hente ut eit par prosent av det helsemessig kontroversielle kvitingsmiddelet titandioksid.

Titania AS i Rogaland leverer 7-8% av verdsproduksjonen av titandioksid frå ein større og langt rikare førekomst enn på Engebø, og har sidan 1980-talet lagt restmassen i landdeponi, pålagt av SFT fordi utsleppt masse ikkje låg i ro slik saksdokumenta sa, men spreidde seg, nedslamma og gjorde stor skade på Jøssingfjord og seinare i Dyngadjupet.
For 4 år sidan vart det gjeve løyve til utslepp av gruveavfall i Bøkfjorden ved Kirkenes, og det vart lova moderne metodar og miljøvenlege løysingar. No er også Bøkfjorden nedslamma. Allereie første året spreidde gruveslammet seg 7 km lenger ut i fjorden enn omsøkt deponiområde i følgje rapport frå NIVA (Norsk institutt for vannforskning), slik at fjorden allereie etter kort tids utslepp framsto som sterkt skada. Seinare er det ikkje offentleggjort fleire undersøkingar.

Blankofullmakt til forureining?
No ligg saka om mineralutvinning i ope dagbrot på Engebøfjellet og store utslepp til Førdefjorden, på regjeringa sitt bord. Snart skal Fiskeri- og Miljøministrane uttale seg til Kommunalminister Sanner, som skal avgjere saka, sjølv om Nordic Mining enno ikkje har lagt fram endeleg utvinningsprosess, slik dei skreiv til Naustdal at dei skulle gjere i løpet av 2010. Ny informasjon frå NIVA viser no behov for 6-9 gongar meir av kjemikaliet Magnafloc enn det står i søknaden, utan at søknaden er endra, og det er sterke indikasjonar på behov for å male ned massen enno meir, slik at det blir meir finstoff som kan spreia seg enno lenger ut enn det som hittil er vurdert. Dette tyder på lite kontroll med prosessen og korleis massen vil oppføre seg i fjorden.
Ei avgjerd på så mangelfullt grunnlag vil vere ei gullkanta blankofullmakt for gruvedrift utan vilkår, som Nordic Mining kan selje på verdsmarknaden, men samtidig ei miljøkatastrofe for Sunnfjord.

Verdfulle mineralressursar skal dumpast som avfall
Nordic Mining vil dumpe nesten heile Engebøfjellet i Førdefjorden som finknust og kjemikalieblanda gruveavfall. Førekomsten er på fattige 2-4 %, og Nordic Mining stiller som føresetnad for prosjektet at dei får dumpe resten i sjøen, då det er billegast for selskapet. Samtidig er restmassen ein verdifull mineralressurs som kan brukast til mange samfunnsnyttige formål, og som ikkje bør bli behandla som avfall. Det ein ikkje får brukt til andre formål i fyrste omgang, kan ein fylle attende i gruva under drift, for seinare bruk, dersom det blir brukt underjordsdrift i staden for dagbrot.

Skal 2352 tonn tungmetall og 3650 tonn kjemikaliar bli sleppt i Førdefjorden kvart år?
Nordic Mining skriv at avfallet inneheld relativt lite tungmetall, men for fleire av tungmetalla er konsentrasjonen i restmassen dobbelt så stor som naturleg i botn av fjorden. Sjølv om tungmetall finst naturleg i fjellet, blir situasjonen ein heilt annan når vi har finknust masse som blanda med ein kompott av kjemikaliar vert sleppt ut i fjorden. Då kan tungmetallet lekke ut og bli til stor skade. I andre gruveprosjekt er konsentrasjonen av tungmetall størst i den mest finknuste massen, noko som vil gjera tungmetalla enno meir tilgjengeleg for utlekking i fjordmiljøet. Dette er ikkje undersøkt av Nordic Mining.
Tungmetall har den eigenskapen at dei vanskeleg vert nedbrotne, vert akkumulert i næringskjedene, og kan skape forgiftingar og sjukdom. Kortidsverknaden er ein ting, men vi veit ikkje kva helsemessige kostnadar våre framtidige generasjonar kan verte påførte.

Innhaldet av tungmetall er oppgjeve i mikrogram pr gram gruveavfall, og då blir det små tal, men dersom ein reknar på kva dette vil seia for heile utsleppet, oppgjeve i tonn, så får ein tal som det er mogleg å forstå.
Kvar månad i 50 år vil Nordic Mining sleppe 195 tonn tungmetall og 300 tonn kjemikaliar i Førdefjorden, blanda i 500.000 tonn gruveslam.
Årleg vert utsleppet av tungmetall på 2352 tonn (112 kg kvikksølv, 445 tonn bly, 332 tonn kopar, 251 tonn nikkel, sink 1324), av kjemikaliar 3650 tonn og samla utslepp omkring 6 millionar tonn gruveslam. I løpet av 50 år vert utsleppet av tungmetall 117600 tonn og samla utslepp kring 300 millionar tonn gruveslam. Ubåten ved Fedje inneheld 60-70 tonn tungmetall, utan samanlikning elles.
Kjemikaliane som blir blanda med gruveslammet er 1200 tonn svovelsyre, 1000 tonn natriumsilikat, 1000 tonn fosforsyreesterar, 360 tonn karbonsyre og 15 tonn (det blir no antyda minst 90 tonn) Magnafloc 155 inkludert akrylamid i året. Av dette vil 600.000 tonn vere svevepartiklar under ti mikrometer, og 3000 tonn som nanopartiklar. TiO2 nanopartiklar kan ha stor giftverknad på det marine miljøet, men dette er ikkje vurdert i søknaden.
Sterke naturlege straumar er eit effektivt pumpesystem for næringsstoff og forureining
Vatnet i havet og fjordane heng saman. Golfstraumen kjem nordover langs kysten og pressar salt havvatn langs fjordbotnen heilt inn i dei innarste buktene av fjordane, det blandar seg opp i straumen frå elvane og går utover att i havet. Slik fungerer fjordane som eit pumpesystem der straum og tidevatn sikrar vassutskifting og fordeling av næring, men som på same vis vil kunne spreie den veldige finmassen, kjemikaliane og tungmetallet. I tillegg til at fjorden vert nedslamma av tungmetallhaldig finmasse, vil ein del også spreie seg ut av fjorden. Førdefjorden har låg terskel ved Svanøy, som saman med det svært tronge Ålesundet genererer betydeleg straum og god vassutskifting i fjorden, derfor er det også arts- og fiskerikt i fjorden i dag.

Skal ikkje lage Titan, men kvitt fargestoff til matvarar og maling
På nettsidene til Nordic Mining kan ein lese om utvinning av Titan til medisinske og andre høgverdige formål, men i søknaden skriv Nordic Mining om mineralutvinning til pigmentformål, dvs produksjon av kvitningsmiddelet titandioksid, TiO2 og det er noko heilt anna enn metallisk titan. Nordic Mining skreiv i 2010 under ein intensjonsavtale med det internasjonale pigmentfirmaet Chrystal Global med adresse Dei Arabiske Emiratar.
Titandioksid utmerkjer seg ved å kunne knusast til små partiklar, mange som nanopartiklar og får då sterk verknad som kvitt fargestoff. Det vert mellom anna brukt som matsminke, i kosmetikk og i maling, men det er helsemessig kontroversielt og relatert til kreftrisiko. IARC, som er FNs (WHO) kreftforskningorganisasjon, åtvarar mot bruk av Titandioksid, særleg i nanoform, dersom det kjem i kroppen via innpusting, ved matinntak eller gjennom huda som kremar og kosmetikk . Titandioksid blir kalla E171 når det blir brukt for å gjera matvarar kvite, som til dømes i nokre typar fiskebolle og sukkertøy.
I sommar var det åtvaringar i fleire norske media mot solspray fordi den inneheldt TiO2 og var kreftfarleg å puste inn. EU arbeider for mindre bruk av titandioksid og i land som Tyskland og USA er det forsking og merksemd på kreftfare og helserisiko ved stoffet.
Halvparten av titandioksidet i malmen går rett i fjorden med avfallsmassen og som nanopartiklar et det påvist giftig for sjølevande organismar.
Som nemnt leverer Titania allereie 7-8% av den totale verdsproduksjonen av titandioksid, og det er i prinsippet nok til å dekke heile verdsbehovet til produksjon av metallisk titan. Berre 4% av verdas produksjon av titandioksid går til produksjon av metallisk titan, mens 90% av blir brukt til produksjon av kvitt pigment.

Kan fylle restmasse attende i gruva under drift
Det er sterk internasjonal motstand mot gruvedrift i form av dagbrot, på grunn av dei enorme naturinngrepa som dette fører med seg. Difor arbeider mellom anna EU for ein overgang til konsekvent bruk av underjordsdrift. Med underjordsdrift er det fullt mogleg å fylle restmasse attende i gruva mens ho er i drift, og mange stader er det ei vanleg driftsform, som blir kalla gjenfyllingsbryting. Det er vesentleg vanskelegare å få til dette med dagbrot, slik det er planlagd på Engebø i mange år.

Er arbeidsplassar eit reelt argument?
Nordic Mining vil tene pengar på Engebøforekomsten og lokkar med 150 arbeidsplassar. Det ligg til alle folkevalde å tenkje på å sikre innbyggjarane gode levekår, også arbeidsplassar, men i saka om mineralutvinning på Engebø er arbeidsplassargumentet teke ut av sin samanheng. For det første øydelegg eventuelt gigantutslepp i Førdefjorden for ei rekkje allereie etablerte arbeidsplassar i fiskeri,- sjømat- villaks- og reiselivsnæringane, samt i ringverknadsnæringar, både no og i framtida.
For det andre har Sogn og Fjordane over tid hatt lågaste arbeidsløyse i landet og det er heller inga arbeidskraftreserve på Vestlandet. Venteleg vil arbeidskraft verte henta frå dei land der den er billegast.
Eventuelle gruvearbeidsplassar på Engebø medfører så stor risiko og gjev så store kostnadar for natur, miljø, næringar og samfunn, at prisen vert for høg.
Når Titania allereie leverer 7-8% av verdsproduksjonen av titandioksid og kan fortsetje å levere langt inn i framtida, er det ikkje samfunnsmessig nødvendig å utvinne dette stoffet også på Engebø, spesielt sett opp mot dei store miljøkonsekvensane ved denne gruva.

Vi ber regjeringa legge føre var – prinsippet til grunn og sikre god ivaretaking av det rike naturgrunnlaget i Førdefjorden, samt tilknytta næringar og slik sette standard for forvalting av fjordane og for miljø- og driftsforsvarleg mineralnæring i Norge.

Anne-Line Thingnes Førsund
Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe
Mads Løkeland
Medl. gruveutvalet, Naturvernforbundet