Viser arkivet for stikkord usa

Eit smell - og vi er vekk

Så enkelt er det. Eit smell, og vi vil mest sannsynleg ikkje overleve. I dag finst det 19 000 slike smell. Ni land, som vi veit, har mogelegheit til å utsette oss for eit slikt smell. Og ein million av oss vil døy. Ikkje berre terroristen amerikanarane ville stoppe. Ikkje berre politikaren Nord-Korea ynskja å råke. For det er slik ei atombombe verkar. Den skil ikkje.

Atomdiskusjonen som prega 1960- og 70-talet har dabba av. Vi føler ikkje lenger den frykta ein følte under den kalde krigen. Men trusselen har ikkje minka. Det blir stadig fleire land som får seg atomvåpen. Bombene blir stadig sterkare. At Storbritannia og Frankrike sine leiarar skal sprenge ei atombombe, virkar kanskje fjernt. At Obama i USA skal velje å bruke atomvåpen mot sine «fiendar» kan virke meiningslaust. Så kvifor skal vi då bry oss om at ni land har dette våpenet?

Først og fremst er det faren for at det kan hamne i hendene på andre, som ikkje treng tenke konsekvensar. Kva skjer om kunnskapen om atomvåpen kjem i hender på terroristar som ikkje treng bekymre seg for politikk eller å verne borgarane sine? Då er vi ikkje like trygge.

I tillegg har ein dei humanitære katastrofane. Alle menneske som er nær nok, vil døy. Og er du heldig nok til å vere utanfor dette området, vil skadane du pådrar deg fortsatt føre til store og alvorlege skadar. Så kjem neste problem. Det vil vere eit ufatteleg stort antal skadde, som treng akutt hjelp. Den hjelpa vil dei ikkje få. Infrastrukturen vil vere heilt nede. Hjelpemannskap og frivillige vil stå i kø for å kome å hjelpe, men strålinga vil vere for sterk til at ein kan nærme seg området. Men du trur du er trygg om ei atombombe går av i Pakistan, i India eller i USA? Det er du ikkje. Ei atombombe, eller fleire, vil påverke klimaet over lang tid. Så konsekvensane skjer ikkje berre der atombomba blir slept. Heile verda blir påverka.

At eit fly skal sleppe ei atombombe over Førde, eller kor som helst i Noreg, kan virke lite truleg. Men det kan skje. Menneskeleg svikt skjer. Det såg vi i 1966 – då eit amerikansk bombefly kolliderte med eit anna fly. Vi såg det også i 1968 – då eit amerikansk bombefly tok fyr. Konsekvensane kunne vore så mykje større. Så eg spør deg: har vi råd til å stole på atomvåpenlanda?

For meg er svaret enkelt. Nei. Eg vil ikkje gamble med mitt, og over ein million andre sitt, liv. Derfor meiner eg at eit forbod må på plass!

Katrine Apelseth
Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Sunnfjord

Ein særs dårleg tildeling av ein fredspris

Den norske Nobelkomiteen har nok ein gong kome med eit absurd vetak om tildeling av fredspris. EU fortener så klart ikkje å få ein fredspris.

Eg er samd med LO-sekretær Kristian Tangen, som i eit intervju med frifagbevegelse.no kallar denne tildelinga for ein “skandale”.

Kva er det EU får prisen for? Dei stadig oftare tilfella av grov politivald mot demonstrantar i EU-land? Den aukande sosiale uroen som følgjer av kraftige auka i sosial ulikheit og arbeidsløyse? At fleire folkevalde organ vert satt til side til fordel for toppbyråkratar og teknokratar? At EU er ein militær allianse? Alle krigane og okkupasjonane som fleire EU-land har vore med på i nyare tid?

EU-landa står nå, ifølgje aftenposten.no for 32 prosent av all våpeneksport i verda. EU har dessutan bygd opp eit eige militærapparat med eigne institusjonar og eigne avdelingar. EU har vedteke at dette militærapparatet skal kunne bli satt inn kor som helst i verda, med eller utan FN-mandat. EU pålegg medlemslanda til å ruste opp militært. I Lisboa-traktaten står det at “Medlemsstatene forplikter seg til gradvis å forbedre deres militære kapasitet” (artikkel 42.3)

Ei undersøking som Respons Analyse har gjort for Aftenposten syner at berre 1 av 4 nordmenn meiner at det var riktig å gi EU denne prisen. Akkurat som den politiske eliten i EU er Nobelkomiteen i utakt med folk flest.

Tildelinga av fredsprisen til EU er den verste tildelinga sidan den vanvittige tildelinga til presidenten i USA, Barack Obama, og det var den verste tildelinga sidan tildelinga til Henry Kissinger. Alfred Nobel sitt testamente har vorte dratt så mange gangar ned i søla no at det er på høg tid at nokon andre tek over. Den norske Nobelkomiteen er openbart ikkje kompetent. Eg seier at Sverige må få oppgåva med å dele ut denne prisen. Så slipper i alle fall vi å verte gjort til latter på denne måten.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn