Viser arkivet for stikkord val

HANDEL OG GRUVEDRIFT

Vi bur i Førde og vil ha det så bra som mulig her. Vi har mange arbeidsplassar, og det er svært mange som er arbeidspendlarar til Førde. Førde er ein by og vi ønskjer å vere urbane. Vi har og fin natur med fjord og fjell her og i nabokommunane, og vi reknar oss som eit friluftsfolk. Vi vil vekse, både i folketal og økonomisk-og vi vil ta vare på naturen.

Vi vil trivast og utvikle oss.

Førde er allerede kjent som handelsbyen og helsebyen i fylket, med våre handelshus, bilforretningar og møbelforretningar m.m -og sentralsjukehuset og interkommunal legevakt og høgskulen. I tillegg har vi kulturlivet med kunstmuseet, Førdehuset for å nemne noko.

Vi står framfor betydningsfulle avgjerder for byen og naturen rundt oss i 2015. Alle lurer på korleis det skal gå med arealplanen i Førde:
• Vert det handelspark på Brulandsvellene, og evt korleis vert den?
• Vert det gruvedrift i Naustdal, med fjorddeponering eller landdeponering av avfallsmassane?
Gruvedrifta i Naustdal kan vi førdepolitikarane berre uttale oss om, medan handelsparkspørsmålet ligg i våre hender å bestemme.

Kva får oss så til å meine det eine eller andre?
• Grunnleggande verdiar som vi har, og som er nærast urokkelege?
• Meininga til folka i vår omgangskrets?
• Meininga som kjem fram i avisinnlegg?
• Rådmannen eller ordføraren i Førde eller Naustdal sine oppfatningar?
• Stemninga på eit folkemøte?
• Meininga til interessegrupper?
• Innhenting av faktakunnskap?

Det som gjer det vanskeleg er at ein sjeldan har «ekspertane» som skulle kunna gje svar på spørsmåla samla på eitt brett. Arrangerer ein folkemøte vert det ofte skeivfordeling i oppmøtet av folk frå partane. Inviterer ein fagfolk seier nokon ja til å møte, medan andre avstår.
Partane argumenterer med sine tal og sine referansar, og det er nesten umulig å vite kven ein skal feste mest lit til, dersom ikkje det politiske spørsmålet er innan eit felt ein har kjennskap til t.d frå sin eigen jobb.
Når ein ikkje kan einast om utgangsverdiane, kor mykje ein sel, kor mykje folk som kan stipulerast som potensielle handelskundar i Førde, kva som er konsekvensen av fjorddeponi, kva som er skadeleg og kva som ikkje er skadeleg, så vil til slutt dei grunnleggande verdiane til politikaren telje mykje. For, det er fornuftige, tenkjande folk på begge sider av meiningsytringane!
Om ein ser attende til t d øldebatten i Førde i 2012, viser den kor vanskeleg dette med tal og fakta er. Salstala gjekk opp, men partane i debatten hadde sine eigne oppfatningar om kva som låg i tala og korleis dei skulle tolkast: Øl betre enn vin? Omrekning til alkoholeiningar-ulike reknemåtar. Kor mykje vart handla frå nabokommunane? Taxfreesalet for Sogn og Fjordane var ikkje med i rekneskapet. Ungdomen drikk mindre, middelaldrande drikk meir. Kva er verst, osv…

Altså, slik er livet: Ikkje alltid enkelt, og det består heile tida av val på bakgrunn av verdiar.

• Er vi tente med å ta risiko med Førdefjorden for å utvinne mineral og fargestoff?
• Er det rett at verda har behov for dette? Om så-kanskje greier Noreg å utvinne dette ned mindre skadeverknader enn andre land?
• Er langtidverknadane av fjorddeponi verre eller betre for naturen totalt sett over lang tid enn landdeponi?
• Vil gruvedrift sikre auka tilflytting av folk til regionen over tid? Vert det verdiskaping lokalt?Hamnar skatteinntektene i sunnfjorkommunane?
• Vil Førde sentrum verkeleg dø om det vert Brulandsvelleutbygging?
• Vil politikarane greie å handheve restriksjonar i handelen på Brulansvellene over tid?
• Har sentrum uansett eit problem pga auka netthandel og folk som vil køyre til døra for å handle utan å rote seg inn i sentrum om ettermiddagen?
• Kan sentrum tole meir butikkar med varer som må fraktast med bil.
• *Er vi naive som trur at Førde sentrum kan verte så attraktivt at folk utanfrå vil ta ein tur berre for å sjå og nyte Førde sentrum, eller skal vi innsjå at vi aldri kan verte så interessante som Røros, Ålesund eller Risør? *

Handelsmennene i sentrum er som naturleg er bekymra for kva som skjer om det vert fritt fram for utbygging på Brulansvellene. Dei er altså redde for å verte utkonkurrerte, redde for konkurranse, kapitalistane sin reiskap til alle tider. Dette er i seg sjølv interessant, men kjem ikkje til å verte avgjerande for kva eg kjem til å stemme i mars eller april når arealplanen kjem opp i bystyret.

Eg skal stemme for det som eg trur gjev det beste Førde å leve i i framtida. I mellomtida snakkar eg med folk, diskuterer med andre politikarar og prøver å finne ut kva dei meiner-og deltek på dei møta som er å oppdriva…Det må den folkevalde gjera.

Einar Solheim
Bystyrerepresentant i Førde( Ap )

Når livet blir to grafar som kryssar kvarandre...

Eg blir så utruleg lei av folk som klagar over at ingenting har skjedd her i landet dei siste 8 åra! Det er ei svært usakleg ytring, og seier meir om mangel på engasjement og dårleg kunnskap enn det seier noko om politikken!
Eg blir og lei av folk som seier at no er det på tide med eit regjeringsskifte, utan at dei eigentleg er så misnøgde med den sittande regjeringa eller har veldig høgre-politiske meiningar. Akkurat som om eit regjeringsskifte er til for variasjonens del, og ikkje har noko å seie for kvardagen vår.

Kva for regjeringsalternativ som får tillit den 9. september har mykje å seie for kvardagen vår, for dei ulike blokkene står for totalt forskjellig politikk, verdisyn og tankar om korleis vegen inn i framtida skal vere. Forandringane kan bli mange, store og irreversible på viktige områder. Vi leikar ikkje politikk ved dette valet!

Den sitjande regjeringa har leia landet vårt i ei tid der storparten av landa i Europa lir under finanskrisa. Her i Noreg merkar vi knapt noko til den! Grunnen til at vi greier oss så bra er ikkje fordi vi har så mykje oljepengar, men fordi vi greier å forvalte rikdommen vår med klokskap og fornuft. Med mykje pengar på bok er det lett å hive seg på ein storstilt kjøpefest, men Sigbjørn Johnsen er ein måtehalden kar som likar å halde seg til handlingsregelen. Vi kan takke han og den raud-grøne regjeringa for at vi ikkje merkar stort til finanskrisa i dette landet!

I løpet av valkampen har det og komen fram kritikk av Jens Stoltenberg, der enkelte frå Høgre-sida påstår at han og regjeringa gjorde ein dårleg jobb med å leie landet vårt i tida etter 22. juli. Denne kritikken synast eg svært ufortent, og ikkje så reint lite uforskamma! Eg kan ikkje kome på nokon norsk politikar som ville gjort den vanskelege jobben betre enn Jens Stoltenberg! Midt oppi den store tragedia og sorga, så var Jens Stoltenberg, kongehuset og Noregs flottaste ungdom med på å gjere meg stolt over å vere norsk!

Vi lever i verdas rikaste land, med verdas beste velferdsgoder. Vi lever i eit demokrati der alle har rett til å meine, tru og ytre det dei ønskjer. Det er ingen som brukar så liten del av lønna si på mat som vi, og det er heller ingen som kan ta seg råd til to sydenferiar i året og oppusing av huset så ofte som vi gjer. Likevel går vi rundt og klagar og syt, og meiner vi må ha ei ny regjering som gjev oss skattelette og mindre bompengar. Vi må ha ei ny regjering med «nye idear», som til dømes å betale vegutbygging «på krita» eller innføre karakterar i skulen frå borna er 10 år.

Det bles ein blå vind over landet vårt for tida. Ein veldig blå vind! Det gjer meg bekymra, for eg deler ikkje deira syn på korleis landet vårt bør styrast. Eg vil ikkje leve i eit samfunn der alt skal målast, vurderast, presterast og bli framstilt i eit diagram, der vedtak blir gjort ut frå korleis grafane for tilbod og etterspørsel kryssar kvarandre.

Eg er redd vi får eit kaldare samfunn der den sterkaste sin rett får råde meir enn i dag.
Lat meg løfte nokre viktige saker der vi kjem til å merke endringar med ei ny regjering:

Skule: Bruken av kartlegging og testing i skulen kjem til å auke kraftig, og då snakkar vi ikkje berre om innføring av karakterar frå 5. klasse. I dagens Oslo-skule, som er styrt av Høgre, Frp og Venstre, må borna i løpet av 1.-7. klasse gjennom 350 ulike testar. Ein 5. klassing skal vurderst ut frå 127 ulike læringsmål i løpet av skuleåret, sirlig lista opp i eit avkryssingsskjema med koda nummer, som om eleven skulle vere ei handelsvare. Det er snart ingen områder igjen der elevane slepp å bli vurdert. Høgre-sida sin maniske bruk av av testing og kartlegging speglar eit trist og tragisk syn på læring. Nyare forskning seier dessutan at elevane blir umotiverte av karakterar, for ikkje å snakke om korleis dette må følast for dei elevane som slit fagleg!

Å drive skule er ikkje å trykke på ein knapp og så går maskineriet av seg sjølv! Å drive skule handlar om møte mellom mennesker, å bli sett og høyrt, å få øve seg i ulike fag på mestringsnivå, steg for steg. Å drive skule er å finne balansegangen og harmonien mellom 25 ulike individ i eitt lite klasserom, 25 ulike meiningar som skal fram, 25 ulike born med ulik ballast i ryggsekken. Å drive skule er eit kunststykke som ikkje bør målast i kroner og ører, i karakterar og grafar, men ein plass der læraren er nøkkelen til suksess, om han berre får tillit og tid til å gjere jobben sin!

Kommuneøkonomi: I kvardagen til folk flest har kommuneøkonomien mykje å seie, då det er kommunane som eig og driftar både skule, barnehage, eldreomsorg og andre kommunale helsetenester. Kommuneøkonomien over det ganske land har blitt styrka under den raud-grøne regjeringa. Ein eigen omfordelingsnøkkel er teken i bruk for at alle kommunar skal kunne yte omtrent like gode velferdstenester til innbyggarane sine. Dette systemet kjem truleg til å bli endra med ei ny regjering.

Sist Erna Solberg sat i regjering som kommunalminister, var over 100 kommunar underlagt fylkesmennene sine ROBEK-lister. I dag er dette talet halvert på landsbasis. I Sogn og Fjordane var 16 av 26 kommunar underlagt ROBEK i 2004, mot berre 3 kommunar i dag.

Om ein studerer Høgre sitt alternative budsjettforslag frå 2012, og ser nærare på konsekvensane for kommuneøkonomien, ser vi ein klar tendens. Nokre få kommunar som er rike frå før, blir endå rikare, medan dei resterande 90 % får dårlegare økonomi enn i dag. Dei kommunane som kjem best ut er typiske «rikmannskommunar» som Asker og Bærum, dessutan kraftkommunar og kommunar med mykje oljeverksemd. Sogn og Fjordane fylke vil samla tape 45 millionar kroner med desse skatteendringane.

Matproduksjon: Ei ny undersøking frå Agri Analyse viser at 500 av Høgre og Frp sine topp-ti kandidatane til stortingsvalet ikkje vil satse på norsk mat. I tillegg er det godt kjent at Noregs Bondelag, den største fag- og interesseorganisasjonen for norsk matproduksjon, ikkje er einig i Høgre og Frp sin landbrukspolitikk. Rammevilkåra for norsk jordbruk og matproduksjon vil bli svekka om vi får ei ny regjering. 90 000 bønder og tilsette i næringsmiddelindustrien går med andre ord usikre tider i møte.

Når noko så grunnleggande som matproduksjon ikkje er viktig lenger, då er det eit teikn på at vi held på å bli eit bortskjemt og kynisk folk! -og ikkje så reint lite dumme! For når forsvarssjef Harald Sunde tek til orde for å bringe tilbake norske beredskapslager for korn, slik at vi er betre rusta ved ei eventuell krise, då høyrer eg på han! Når matprodusentar i Europa slit med salmonella eller blir freista til å stappe billeg hestekjøt inn i gourmet-pølsene, då er eg glad vi framleis har ein viss matproduksjon her i landet. Når verdas befolkning aukar i rekordfart og matvaremangelen er eit faktum, då skal vel også vi ta vår del av jobben med å produsere mat!

Nokre av oss trur visst vi kan kjøpe oss til alt! Ja, for vi er jo tjukk i olje og har så mykje pengar på bok at vi ikkje veit kva vi skal bruke dei på! Det er berre ei lita hake ved det; verken olje eller pengar smakar spesielt godt på brødskiva!

Til slutt: Eg kunne sjølvsagt halde fram med ei lang liste over viktige områder som kjem til å bli endra om vi får ei ny blå-blå regjering. Eg kunne skrive om kommunesamanslåing under tvang, om svekking av lokaldemokratiet, om undertrykking av nynorsken, om svekka beredskap og infrastruktur i distrikta, om samferdsle der ein er ueinig i både kva ein skal satse på og korleis ein skal betale for seg, om innvandringspolitikk der vi kan få eit sorteringsregime der plikter og rettar skal vere ulike alt etter kvar folk kjem frå, og sist men ikkje minst; korleis skal det gå med kunst- og kultur Noreg om Frp får viljen sin? Då er det berre den kulturen som folk flest vil ha som har livets rett… Skrekk og gru!

Eg stemmer SP og raud-grønt ved valet, for eg trur den gyldne middelveg er best å gå i det lange løp! Eg trur det er viktig at SP er med i regjering som ein garantist for at nokon tenkjer på distrikts-Noreg, og følgjer med i timen når fordelingsnøklane vert vedtekne. Eg stemmer raud-grønt fordi eg har ei sterk tru på mennesket sin eigenverdi og fordi eg vil ha ei rettferdig fordeling av godene. Eg vil ha ein skule der elevane og lærarane står i fokus, og ikkje berre blir til tal på eit papir. Eg stemmer SP fordi eg veit at det partiet har mest kunnskap om og kjempar hardast for norsk matproduksjon. Eg stemmer raud-grønt fordi eg ønskjer eit variert og velkrydra kulturliv i Noreg. Eg stemmer SP fordi eg er overbevist om at det er viktig med eit sterkt lokaldemokrati. Eg stemmer raud-grønt fordi eg synast det er fornuftig, og fordi eg FRYKTAR alternativet!

Godt val!
Gerd Sunde Førde (Gruppeleiar i Jølster Senterparti)

Fylket og oljen.

Avisa Firda har i det siste fokusert på manglande del av olje-kaka her i fjordafylket. Vi får seie at leiaren i avisa 29. okt. kjem seint, men godt. Det var svært få som var villige til å sjå potensialet då utbygginga utanfor fylket starta. Oljen var knapt tema i valkampane den gangen. Folk som Dagfinn Hjertenes, Kolbjørn Dyrli, og Fylkesmann Ulveseth vart i beste fal l møtte med eit skuldertrekk av dei fleste, då dei trekte fram temaet.

Opptrappinga av oljeverksemda skjedde om lag på same tid som trasèen for kyststamvegen skulle bestemmast. Her gjekk rett nok fylkestinga både i S. og Fj. og på Møre inn for at vegen skulle gå langs kysten. Men då vegsjefen vår ville ha den i Våtedalen i staden, så visste vel dei fleste kven som hadde størst gjennomslag i departement og Storting.
Hadde vi tenkt stort den gangen, bygt ut flyplassen i Florø til større fly, og lagt kyststamvegen til nettopp kysten, så hadde oljeselskapa sjølve bedt om å få kome hit, og vi hadde hatt ei eventyrleg utvikling i heile dette fylket dei siste par tiåra.

Men nok om gamle feil.
I dag prøver politikarane å pukke på konsesjonsvilkår. Vel og bra. Men skal vi få motvillige oljeselskap med på laget, så må vi tenke offensivt. Oljeutdanninga i Florø er eit godt eksempel. Men det stortingskandidatane bør gjere, er å forlange kystvegen løfta opp som eit statleg prosjekt. Vi bør ikkje stå med lua i handa, og sjå på at distriktet blir tappa for ressursar, og så berre få smular att. Dette minner om gamalt kolonistyre.

Får vi lite att i arbeidsplassar, så lat oss i det minste sitte att med ein brukbar infrastruktur når oljen tek slutt, betalt av dei som håvar inn pengane for ressursane rett utanfor stovedørene våre.

Tullete partitestar og valomatar.

For min del har eg ikkje problem med korleis eg skal stemme i år, men har prøvd nokon av desse “parti-testane” like vel. Eg blir som regel rimeleg grøn, men vidare er eg blitt både gul, raud og blå.— Skulle tru eg har ramla ned ei steinrøys!
Det spørst om ikkje desse “valomatane” bør kvalitetsikrast, som det så fint heiter i våre dagar.
Ein kan jo lure på om dei forskjellige partia har laga kvar sin.

Alkoholpolitikk i valkampen.

Kvifor er det ikkje meir alkoholpolitikk i valkampen? Eg meiner det er eit viktig tema. Uheldig bruk av alkohol er årsak til mange sosiale og helsemessige problem. Årsak til vald, ulukker og kriminalitet. Årsak til sjukdom og for tidleg død. Dette må vi ta på alvor. Alkoholinntaket auker i den norske befolkninga.

Slik det ser ut på meiningsmålingane no, ligg det an til at vi får ein meir liberal alkoholpolitikk etter valet. Høgre vil gjere alkoholen letteare tilgjengeleg ved å utvide opningstidene. Dei vil at det skal kunne seljast alkohol i butikk til kl. 22 på kvardagar og laurdag. Og dei vil opprette ei ordning med pol i butikk i område der det ikkje er vinmonopolutsal. Dei vil og tillate avgrensa alkoholsal direkte frå produsent.

Frp skil seg klart ut. Partiet har den mest liberale alkoholpolitikken av alle partia som er representert på Stortinget. I partiprogrammet sitt seier dei: “Fremskrittspartiet tror en mer liberal alkoholpolitikk vil føre til et mer avslappet forhold til alkohol og til sunnere drikkevaner, samt få omsetning av alkohol inn i lovlige former.” Mon det. Dette er i direkte strid med forsking, som seier klart at tilgang har direkte samanheng med alkoholkonsum. Frp vil fjerne monopolet for omsetjing av alkoholhaldige drikker. Dei vil senke avgiftsnivået på alkohol slik at avgiftene kjem på linje med nabolanda.

Venstre, som og kan kome i regjering, har og ein liberal alkoholpolitikk. Dei vil tillate lokal produksjon og omsetjing av alkoholhaldige drikker. Venstre vil ikkje at staten skal bestemme tidene for salg og skjenking i kommunane. Dette vil dei overlate til det lokale sjølvstyret. Eg er redd det betyr vidare opningstider. Dei aller fleste kommunane ligg i dag på det som er maksimaltidene i alkohollova. I tillegg vil Venstre at det skal bli lov å selje øl og vin i daglegvarebutikkane.

Greier KrF å demme opp mot dette? Eg har mine tvil om det. Dersom vi får eit regjeringsskifte etter valet 09.september kjem landet til å få ein meir liberal alkoholpolitikk. Eg trur det er ei god oppskrift på fleire alkoholrelaterte problem. Eg er i alle fall overbevist om at det betyr at det totale alkoholkonsumet kjem til å gå opp.

Høgre utviklar Solund – og andre kommunar!

Av 9.kandidat for Sogn og Fjordane Høgre og ordførar i Solund

Ved kommunevalet i 2011 gjekk Høgre til val på slagordet «Glad i Solund». Eg er ordførar i Solund, og eg kan stadfeste at vi framleis er glade i Solund, og med det meiner eg det lokale Solund Høgre, fylkespartiet og partiet nasjonalt. Eg håpar at innbyggjarane i Sogn og Fjordane ikkje fell for dei misvisande påstandane om at Høgre ikkje er eit parti for oss som bur i det vakre fjordfylket.

Valresultatet i 2011 tilseier at innbyggjarane i fylket stoler på Høgre. Høgre vart nest største parti i fylket ved kommunevalet, og etter konstitueringane i fylket vart det 8 ordførarar og 4 varaordførar frå Høgre. Over 40% av innbyggjarane bur no i ein kommune med Høgreordførar. Høgre har synt og syner innbyggjarane i Sogn og Fjordane at vi kan og vil styre kvar einaste dag.

Spørsmålet som eg av og til vert stilt, både som ordførar og kandidat på stortingslista til Høgre, er kvifor skal vi i distriktet stemme Høgre? Her finns det ikkje eitt einskild svar, det er samansett, men samla sett meiner eg at Høgre har den beste politikken for landet, fylket og kommunen min. Kva er eigentleg ein god distriktspolitikk? Er det utelukkande målt i tal kroner på kommunane har til å bruke på sine budsjett? Sjølvsagt ikkje, ein god distriktspolitikk er minst like mykje ein god næringslivspolitikk, ein god samferdslepolitikk og ja, faktisk også ein god skattepolitikk. Og ikkje minst lokal sjølvråderett. Også dette gjev handlingsrom.

Høgre er opptatt av at kommunar skal få høve til å styre meir sjølv, vi vil avgrense den administrative motsegnsretten til staten mot avgjersler fatta i kommunane. Eit lokalpolitisk vedtak må vege tyngre enn ei vurdering frå statsbyråkratiet, og i tvilststilfeller ynskjer Høgre ein lokaldemokratidomstol, som kan fatte avgjerder. Høgre ynskjer at mindre av inntektene til kommunane skal detaljstyrast over statsbudsjettet. Utan tvil ei viktig styrking av lokaldemokratiet. I dag har kommunane rett nok hatt ei viss auke i frie inntekter, men det har også vore ei formidabel auke i lovpålagde tenester som skal leverast av kommunane.

I Solund, og i Sogn og Fjordane elles, har vi eit næringsliv som arbeider hardt og skapar verdiar. Verdiar som i stor grad lokale gründerar og bedriftseigarar ynskjer å pløye attende i bedriftene sine for å vidareutvikle for framtida. Når vi diskuterer næringspolitikk i Sogn og Fjordane så høyrer eg ofte at vi manglar risikovillig kapital; at vi manglar lokale kapitalistar som satsar pengar på næringslivet i fylket. Eg er heilt sikker på at dersom vi praktisk talt fasar ut formueskatten så vil det føre til ei sterkare utvikling av næringslivet i fylket. For meg vert det feil at bedriftseigarar skal måtte ta ut utbytte frå eigenkapitalen til bedrifter, eit utbytte dei må betale utbytteskatt på, for å kunne betale skatt på ei formue dei har på papiret, fordi dei har skapt verdiar og arbeidsplassar. Og det jamvel om det skulle vere underskot i drifta! Høgre som eit næringsvennleg og distriktsvennleg parti ynskjer at bedriftseigarar skal få forvalte verdiane sine for å skape meir. Så får heller skattlegginga kome når dei realiserer verdiar gjennom utbytte eller aksjesal.

Høgre er eit offensivt samferdsleparti. Vi ynskjer å satse på samferdsle, og satsing på samferdsle er eit distriktspolitisk verkty som nær sagt alltid verkar. Vi må innrette oss slik at vi får til ei satsing på både riksvegane, fylkesvegane og vedlikehald. I fylkeskommunen ser vi at det vert smått med vegbygging dei neste åra, fordi fylket har overteke eit gigantisk vedlikehaldsetterslep frå staten, slik at etterslepet no har passert 4 mrd. kr. Høgre ynskjer å investere meir, samstundes som vi ynskjer eit nasjonalt vedlikehaldsfond på 50 mrd. kr der avkastninga skal nyttast til å ta att etterslep på veg og bane.

I dette innlegget har eg drege fram nokre viktige moment som eg meiner er avgjerande for at Høgre er eit særs godt distriktsparti. Eit parti som vil legge til rette for sterkare sjølvstyre, betre rammevilkår for næringslivet og ei betre samferdslesatsing. Kort sagt: Høgre har nye idear og betre løysingar, også for Solund – for Sogn og Fjordane, for vi er glad i heile Noreg.

Illusjonisten Håkon Myrvang

I Firda 09.09.2011 tek ordførar Håkon Myrvang seg friheita å kritisere to av sine kanskje argaste konkurentar i ordførarkampen i Naustdal, Sp sin Viggo Leikanger og SV sin Ole Erik Thingnes(underteikna). I sin iver etter å undergrave sine meddebattantar, og politiske motstandarar tek han ufine middel i bruk. Det han kjem med her vekker ikkje “undring” hjå meg, det vekker oppsikt. Dette er direkte feilinformasjon, Illusjonisme på sitt verste.

Når det gjeld val av trassè for 420kv kraftline kan vi takke Naustdal Ap for at ikkje Naustdal har gått samla mot og krevd sjøkabel/kabling. Myrvang har gjennom heile prosessen argumentert og jobba FOR 420kv line gjennom Naustdal. Dette harmonerar dårleg med “illusjonisten” Håkon Myrvang sine påstandar, og no krav om kompensasjon.

I angrepet på meg og SV, hevdar ordføraren at Naustdal SV stemde for Engebø prosjektet og sjødeponi…..? Ikkje at eg bekymrar meg for effekten, eg trur SV sine standpunkt og meinigar i denne saka er viden kjendt og heva over ein kvar tvil. Det som er oppsiktsvekkande her er Myrvang sin evne til å snu på fakta og henge ut andre utan rot i verkelegheit. Den saka Myrvang refererar til frå juni 2010 var vedtaket om å sende saka ut til 2.gangshøyring. Kan ordføraren forklare meg kvifor SV skulle stemme mot å sende saka på høyring? Naustdal SV har gjennom heile perioden kjempa for at alle skulle verte høyrde, og at saka so skulle debaterast mellom dei folkevalde.

Her er eit utklipp frå sakshandsaminga i planutvalet i juni 2010:

Utval for plansaker har ikkje teke stilling til om kommunen bør gå inn for det omsøkte
tiltaket. Reguleringsplanen består av konsekvensutgreiing, risiko- og sårbarheitsanalyse,
plankart og reguleringsføresegner. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn for å hente inn
innspel og merknader til alle delane av reguleringsplanen, medrekna om tiltaket bør
gjennomførast eller ikkje.

So kjem Myrvang med illusjon nummer 3. Han hevdar at kommunestyret har hatt fleire politiske dagar, der vi har debattert saka, m.a i oktober 2010. Kvar har du dette frå Håkon, og kvifor har ikkje nokon av dei andre i kommunestyret vore invitert til desse debattane?

VEGVAL FOR SKULEN I NAUSTDAL?

Ser i Firda at alle politiske parti i Naustdal prioriterer rehabilitering av NBU. Samtidig uttalar rådgjevar for oppvekst og kultur, Trine Falkenstein, at tal elevar per lærarårsverk er lågt, og at ressurstilgangen til skulane er svært god. Dette er tal frå skuleåret 2010/2011. Det kjem ikkje fram at det i år er kutta i overkant av fire lærarårsverk i skulen for å få balanse i kommunebudsjettet.

Dei politiske partia vegrar seg for å komme inn på korleis opprustinga av sentrumskulen(NBU) skal finansierast. Her er Venstre eit unnatak, samd eller ikkje i deira metode, då dei vil finansiere dette ved å endre skulestrukturen. “Strukturen ligg fast”, seier dei andre partia. Kan vi stole på dei, når vi ikkje veit korleis dei vil finansiere rehabiliteringa av NBU? Kanskje dei, slik som mange truleg gjer, tek tala frå rådgjevar Trine Falkenstein for god fisk, og ser for seg at løysinga er å kutte lærarstillingar. Då frigjer ein kanskje og midlar til Midtredalen skule, for den treng også rehabilitering!

Rådgjevar, eller journalisten, brukar statistikk på ein lite edrueleg måte. Resultatet, når ein samanliknar desentralisert skulestruktur i Naustdal med storbyane, seier seg sjølv. Gjennomsnittet i Sogn og Fjordane er eit betre og meir realistisk samanlikningsgrunnlag. I kva lys kjem då ”svært god lærartettleik og ressurstilgang”? I skuleåra med start 2007, 2008 og 2009 var tal elevar per lærarårsverk i Naustdal over gjennomsnittet i Sogn og Fjordane. I skuleåret med start 2010 er talet under gjennomsnittet i Sogn og Fjordane. Kutt av i overkant av fire årsverk ved skulestart 2011, er ein effektiv garanti for at vi på nytt kjem dårlegare ut enn dei det er naturleg og samanlikne seg med. Konklusjonen synes opplagt: investeringar i skulen let seg ikkje finansiere ved hjelp av kutt i drift av skulane.

Nokre av partia uttrykkjer håp om at eit pågåande arbeid om eventuell ny organisasjonsmodell skal frigjere midlar. Erfaringar frå Bergen, som har innført modellen som Naustdal vurderer, viser at ressursar går frå undervisning til leiing/administrasjon, altså fleire elevar per lærar. Tida vil syne kva ein får til i Naustdal, men auke i tal elevar per lærar er ikkje vegen å gå. At Arbeiderpartiet v/ Annlaug Birkeland i eit lesarinnlegg i Firda alt har innført den nye modellen, får stå for deira rekning.

Utdanningsforbundet Naustdal utfordrar dei politiske partia på følgjande:
- korleis oppretthalde ein lærartettleik på gjennomsnittet i Sogn og Fjordane
- korleis sikre ressurstilgang slik at kommunalt vedtekne mål for skulen i Naustdal kan
realiserast (beste skulen innan 2014)
- kva konkrete tiltak må til for å kunne realisere utbygging av NBU med symjebasseng
- korleis sikrar ein god kvalitet i barnehagane med den nye rammefinansieringa
- korleis vil ein sikre tilsette i barnehagane gode løns, – arbeids- og pensjonsvilkår ved
verksemdoverdraging til ny stor privat barnehage

Utdanningsforbundet Naustdal
v/Styret

Manglande tilbakemelding frå stortingskanditatane

I avisa Firda 21. august 2009 og firda.no stilte eg stortingskandidatane spørsmål om vegnettet og dertil løyvingsprosedyrar. Responsen skuffar meg stort. Spørsmålet eg stiller meg sjølv er slik. Ingen er interesser i mi stemme bortsett frå eit parti som har gitt sitt svart., skal eg då tilslutte meg landets største parti
“Sofapartiet” eller skal eg stemme Kystpartiet som har gitt respons. Asbjørn Massnes 2.kandidat på Kystpariet svara pr. handskrive brev same dag. Det kom også som lesarinnlegg i avisa Firda. Det ser ut som det er gamlemåten som er mest effektiv. Handskrive brev og sending pr.postgang.

No har eg sjekka både Firda og firda.no. Debattsidene i fleire lokalaviser og nettsidene til fleire av dei politiske partia utan utan at eg har registert svar på dette innlegget. Kva hjelper det med AP Bremer si Facebook som fast følgesvein eller andre duppedittar til dei andre stortingskandidatane.

Ja, ja slik går no dagane frammot valdagen.

Magnar Hellebust
Viksdalen

Valet 2009:

Her ein dag då postkassen var fylt med ”valgotteri” frå dei politiske partia, fylgde det også med eit postkort frå partiet Venstre sin 1. kandidat i Sogn og Fjordane, der han bad om hjelp til å kome inn på Tinget.

Dette postkortet skreiv eg fylgjande bodskap på og returnerte det til 1.kandidaten for Venstre si stortingsliste her frå fylket, Gunvald Ludvigsen.:

”Nei, eg ynskjer ikkje deg eller Venstre inn på tinget!
Eg vil ikkje avhende landet mitt!
Eg vil ikkje at nordmenn skal verte i mindretal i vårt eige fedreland!
Og eg vil ikkje avkristne og islamisere Norge!
Sponheim, Dørum, Tommesen, Raja m. fleire, nei, so ille vil eg ikkje mitt land og folk.

Våre komande slekter vil eingong spørje kven som gav bort landet deira,
Kva ville du svare då, Ludvigsen?
-———-

Denne bodskapen kunne også vore sendt til dei fleste andre partia, som: Arbeiderpartiet, Høgre, Krf, SP, SV og Raudt, som alle kappast om å ha den mest effektive framandgjerings- og avhendingspolitikken for Norge.
Partiet Raudt sin raude ungdom er visstnok mest opptekne av å finne seg murstein til å klaske i trynet på politiske motstandarar, i fylgje bloggen deira. (Vestlandsrevyen, 06.09.09), men vald som politisk verkemiddel er no ikkje ukjent frå den kanten.

Kvammen, 07.09.09
Tel: 57731844

Norvald Aasen
( Demokratane si liste i Sogn og Fjordane)

Den store honningkrukka

Kva skal pengane brukast til? Dei vi betaler i skattar og avgifter, og dei vi pumpar opp frå Nordsjøen? Nokre trur visst at honningkrukka er utan botn og at vi kan få alt vi ønskjer oss. Billegare bensin, gratis ferjer, ingen bompengar, billegare SFO, lengre permisjon for foreldre, meir til sjukehusa og kommunane og …. KrF veit av vi må velje, og at eit ja også betyr eit nei. Vi spør om du vil ha meir eller om du vil ha det betre. Vi veit at det som er godt for borna er godt for alle. Vi vil gje valfridom mellom kontantstøtte og barnehage. Vi vil gje fleksiperm som gjev foreldre 14 veker ekstra fri fram til barnet er 10 år. Vi vil ha fleire lærarar i skulen framfor heildagsskulen. Vi vil ha barnas transportplan med trygge skulevegar. Vi arbeider for frivillige lag og organisasjonar og momsfritak for desse. Samspelet med andre menneske gjer livet meiningsfylt. Då er jobben viktig, men ikkje nok. Ole Brumm sa ”Ja takk begge deler”, men honningkrukka er ikkje utan botn. Vil du har meir eller vil du ha det betre?