Viser arkivet for stikkord verdiskaping

Med søkjelys på verdiskaping

Verdiskapingsplanen for fylket som no er ute på høyring blir av redaktøren i Firda samanlikna med ein lottokupong.
Svaret på denne karakteristikken kunne godt vere at sjansen for å vinne i Lotto er liten, men om ein vinn er vinsten ofte svært stor. Og som vi veit er lottomillionærar ikkje heilt som andre millionærar. Slik sett blir det, i tilfelle vinst, ikkje store endringane. Vi har jo lenge marknadsført oss som annleisfylket; noko som for oss er svært lite positivt!.
Saman med fleire andre organisasjonar, institusjonar, lag og foreiningar, representantar frå fylke og stat, og frå næringslivet, har NHO Sogn og Fjordane bidrege til det dokumentet som no er ute på høyring og som utgjer Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025. Mange dyktige folk, frå ulike stillingsnivå i offentleg, privat og frivillig sektor, har brukt tid på å drøfte kva som burde komme med i planen og kva som skal til for at vi skal få den vekst og utvikling i fylket som dei aller fleste ønskjer.
Kall gjerne måten arbeidet er gjennomført på for lottometoden og resultatet for lottokupong. Men planen slik den ligg ute på høyring og slik den blir lagt fram til politisk handsamast er i alle høve meisla ut etter beste skjønn av folk som har gjort sitt beste nettopp for å skape verdiskaping.
Firdaredaktøren meiner at planutkastet har eit realistisk syn på kva utfordringar fylket har, men at medisinen som blir skriven ut for å løyse utfordringane er bygd på ønskjetenking. Kanskje er det slik at det er lettare å sette fingeren på utfordringane enn på løysingane. På same måten som det er lettare å seie at ein er usamd med det som kjem fram i planutkastet enn å seie kva som burde vore gjort annleis.
Eitt av NHO Sogn og Fjordane sine bidrag i denne prosessen har bl.a. vore å jobbe for at dei indarlege ønskja ikkje skulle skugge over empirien. Altså at vi måtte vere realistiske i planarbeidet. Eit anna mantra frå vår side har heile tida vore å passe på at dei “gamle” næringane ikkje blei sette på båsen til fordel for dei nye og gjerne meir “sexy” næringane. Difor er vi veldig komfortable med at hovudlinja ein skal jobbe etter omfattar område som fornybar energi, olje/gass, sjømat, reiseliv og landbruk; saman med kunnskaps- og nyskapingsnæringar. Tanken er at dei “gamle” næringsområda, tufta på våre naturgitte, komparative fordeler, har mykje vekst- og innovasjonskraft å hente ved auka samhandling med kunnskaps- og nyskapingsmiljøa. Forskar- og høgskulemiljøet i fylket spelar sjølvsagt ei sentral rolle i denne utviklinga. Ikkje minst om desse blir kopla saman i klynger, ja, gjerne konsortium.
Dette har i alle fall vore tanken, så attstår sjølvsagt jobben med å legge forholda til rette for at så kan skje. Her trengst det samspel; at vi halar og dreg i same enden av tauet, og det trengst mot og reell vilje til vekst. Med i dette arbeidet trengst både det offentlege tenesteapparatet som ofte styrer rammer og tempo i prosessane, og det private næringslivet som skal skape mykje av dei økonomiske verdiane som skal gi brød på bordet til folk.
Så, kvifor har vi i det heile vektlagt det mange, ikkje minst Firdaredaktøren, ser på som lite arbeidsintensive næringar og trur at desse vil fremje ny vekst og utvikling i fylket; ja, til og med generere hundrevis av nye arbeidsplassar? Det enkle svaret er at vi må ta utgangspunktet i det vi kan og utvikle desse ved hjelp av ny kunnskap og kompetanse. Det er nemleg ikkje slik at alt krutet er funne opp innan verken energi, havbruk/landbruk eller olje/gass. Verda skrik nemleg etter meir kunnskap på desse områda, ikkje minst av omsyn til miljø og berekraft, og dersom vi då kan utvikle ny kunnskapen med basis i desse næringane her heime, vil den generere mange nye og etterspurde arbeidsplassar.
Vi skal passe oss for å ikkje sjå skogen for berre tre, som det heiter. Vi skal altså passe oss for å tru at alt det vi har, dei for oss kjende næringane, ikkje lenger har mål og meining for oss og andre. Ein skal hugse på at produkt frå leverandørindustrien og fagfolka våre innan t.d. petroleums- og teknologinæringane er av Norges viktigaste “eksportartiklar”. Er vi “svoltne nok” på vekst ut utvikling her heime, og blir rammevilkåra frå det offentlege optimalisert, kan vi bruke langt meir av denne kompetansen til å utvikle og produsere etterspurde produkt i eige fylke. Vi ser dette eksemplifisert gjennom alle doktorane som jobbar for Hydro i Årdal, og noko liknande kan vi få til innan andre næringar også, dersom vi har trua, motet og viljen.
Eg vil også minne Firdaredaktøren, eller den som skreiv leiarartikkelen i laurdagsavisa, om at det er skapt og kan skapast endå meir ringverknader og arbeidsplassvekst av havbruk og landbruk. Og potensialet er stort når det gjeld vind, dersom ein får augo opp for at satsingar på fornybar energi er avgjerande i kampen mot klimaendringar. Alle desse næringane er dessutan langt meir arbeidsintensive enn det leiarskribenten i Firda ser ut til å kjenne til. Vi snakkar trass alt ikkje om ein einsleg lakseoppdrettar, bonde eller ein vindmøllevaktmeister. Vi snakkar om heile verdikjedar; røktar/bonde, fôrprodusentar, transport, sal, veterinær og ikkje minst næringsmiddelindustrien som både tek seg av fisk, kjøt, mjølk, bær og frukt.
Ein skal heller ikkje kimse av dei store verdiane og arbeidsplassane som vil skapt i t.d. anleggsbransjen ved utbygging av meir fornybar energi. Det ser også ut til at det er grunn for å nemne at målet på verdiskaping ikkje eine og aleine handlar om tal arbeidsplassar i ei verksemd. Kor mange kroner verksemda tener er ein vel så viktig variabel, ikkje minst for å sikre og utvikle verksemda.
I utgangspunktet var det dette som gav motivasjon for NHO Sogn og Fjordane til å delta i planarbeidet over mange månader. Slik eg ser det har vi, saman med gode og konstruktive samarbeidspartnarar, vore med på å legge eit bra grunnlag for verdiskaping i fylket. Men skal det bli optimale resultat må alle gode krefter kjenne si besøkstid, både i det offentlege og i det private. Resultata kjen ikkje av seg sjølv uansett kor gode planer ein har. Slik eg ser det skal planen vere, svært grovkorna sagt, ein motivator og vegvisar så vel for næringslivet som for byråkrati og FoU-miljøa. Det meiner eg den langt på veg har blitt.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Verdiskaping i distriktet

Du har ingen grunn til å stå med hua i handa når du kjem frå distriktet.
Dette var eit utrykk som statsråd Liv Signe Navarsete, brukte i innleiinga av eit kurs om bustadbygging i distriktet, halde i Solund. Dette fekk meg til å tenkje over kva vårt lokalsamfunn bidreg med til storsamfunnet. Det visar seg at produksjonen i distriktet bidreg med svært store verdiar, som truleg få har tenkt over. Både vi som bur her, og storsamfunnet elles. Vi har all grunn til å vere stolt av å vere frå Sogn og Fjordane, og vere med på den verdiskapinga som skjer i fylket.

Sogn og Fjordane har føregongsbedrifter innan ulike typar teknologi i tildømes Elis, Beat og brødrene Aa og innan design i Moods of Norway. Det finst mange fleire eksempel på innovasjonsbedrifter i fylket. Desse skapar store verdiar, ikkje minst når dei visar at det er mogeleg å også drive nytenking i distriktet. I tillegg er det stor verdiskaping innan matproduksjon i fylket, innan landbruk, fiskeri og oppdrett.

For å konkretisere brukar eg eit nærliggjande døme; Solund, kommunen eg bur i. Her driv vi med mykje forskjelleg, til dømes landbruk, verftsindustri, turisme, kommunal produksjon, men først og fremst oppdrett og fiskeri.

På fiskerisida har vi 4 større selskap. Fartøya som har adresse i kommunen eig fiskerikvotar på 12.100 tonn med alt frå torsk og sei, til makrell og sild ( kvoteopplysningar henta frå Fiskeridirektoratet) fiska rundt mykje av Norskekysten. I tillegg kjem det fiskeslag det er totalkvote på ( ei kvote som er felles for heile flåten, der alle fiskar til kvoten er fylt). Så langt i år har desse fartøya fiska 9.200 tonn. I tillegg kjem dei båtane som fiskar på dei artane det ikkje er kvote på. Vi har 24 fartøy i kommunen som fiskar på desse artane. Truleg nærmar ein seg ein total innan fiskeri på 10.000 tonn rund fisk landa av “Suleflåten”.

Vi har 3 store oppdrettsselskap som eig oppdrettskvotar på totalt over 28.000 tonn MTB (maksimalt tillatt biomasse) med adresse i Solund, desse tala er henta i registeret til Fiskeridirektoratet. Det er sjølv for svært gode anlegg umogeleg å produsere det som er lovleg, sjølv om det med gode driftsrutinar let seg gjere å nærme seg ganske mykje. Det avheng også av driftsstrategi. Det vert difor produsert om lag 24.000 tonn laks i året i Solund.

Totalt er det produsert og fiska rundt 34.000 tonn fisk i år i Solund. Kor mange middagsporsjonar vert dette då? Ein rekne med at 22 % av fiskevekta går vekk i sløying, då sit ein att med 26.500 tonn fisk. Med ein middagsporsjon på 250 g, vert det 106.080.000 porsjonar. I Solund med ein befolkning på 849, vert det 124.947 porsjonar fisk per Suling i året!

Dette er berre eit døme på verdiskapinga vi driv med i Solund, og i Sogn og Fjordane. Så Sogningar og Fjordingar: vi har absolutt ingen grunn til å stå med ”hua” i handa.

Anne Kristine Dyrdal
Solund Senterparti