Viser arkivet for stikkord alkohol

Alkoholpolitikk i valkampen.

Kvifor er det ikkje meir alkoholpolitikk i valkampen? Eg meiner det er eit viktig tema. Uheldig bruk av alkohol er årsak til mange sosiale og helsemessige problem. Årsak til vald, ulukker og kriminalitet. Årsak til sjukdom og for tidleg død. Dette må vi ta på alvor. Alkoholinntaket auker i den norske befolkninga.

Slik det ser ut på meiningsmålingane no, ligg det an til at vi får ein meir liberal alkoholpolitikk etter valet. Høgre vil gjere alkoholen letteare tilgjengeleg ved å utvide opningstidene. Dei vil at det skal kunne seljast alkohol i butikk til kl. 22 på kvardagar og laurdag. Og dei vil opprette ei ordning med pol i butikk i område der det ikkje er vinmonopolutsal. Dei vil og tillate avgrensa alkoholsal direkte frå produsent.

Frp skil seg klart ut. Partiet har den mest liberale alkoholpolitikken av alle partia som er representert på Stortinget. I partiprogrammet sitt seier dei: “Fremskrittspartiet tror en mer liberal alkoholpolitikk vil føre til et mer avslappet forhold til alkohol og til sunnere drikkevaner, samt få omsetning av alkohol inn i lovlige former.” Mon det. Dette er i direkte strid med forsking, som seier klart at tilgang har direkte samanheng med alkoholkonsum. Frp vil fjerne monopolet for omsetjing av alkoholhaldige drikker. Dei vil senke avgiftsnivået på alkohol slik at avgiftene kjem på linje med nabolanda.

Venstre, som og kan kome i regjering, har og ein liberal alkoholpolitikk. Dei vil tillate lokal produksjon og omsetjing av alkoholhaldige drikker. Venstre vil ikkje at staten skal bestemme tidene for salg og skjenking i kommunane. Dette vil dei overlate til det lokale sjølvstyret. Eg er redd det betyr vidare opningstider. Dei aller fleste kommunane ligg i dag på det som er maksimaltidene i alkohollova. I tillegg vil Venstre at det skal bli lov å selje øl og vin i daglegvarebutikkane.

Greier KrF å demme opp mot dette? Eg har mine tvil om det. Dersom vi får eit regjeringsskifte etter valet 09.september kjem landet til å få ein meir liberal alkoholpolitikk. Eg trur det er ei god oppskrift på fleire alkoholrelaterte problem. Eg er i alle fall overbevist om at det betyr at det totale alkoholkonsumet kjem til å gå opp.

Den famøse russefesten i Naustdal.

Etter den famøse russefesten på Sanden i Naustdal, natt til 1.mai i fjor, har ordførarane i Sunnfjord no engasjert seg. Mot glasbitane! Knust glas ser ut til å vere ordførarane si største uro. Russen blir oppmoda til å ikkje bruke glasflasker på festen.

Eg synest det er påfallande at ingen nevner det meir alvorlege problemet. Nemleg det at enkelte av ungdommane drakk så mykje alkohol. Både politi og helsepersonell måtte rykkje ut til festen på grunn av fyll og vald. I ein artikkel på firda.no etter festen, står det at alt kl. 21 vart ei jente i slutten av tenåra teken hand om av politi og helsepersonell og innlagt på Førde sentralsjukehus. Helsepersonell på staden måtte ta hand om fleire ungdommar som hadde fått slag og spark, også mot hovudet.

Glasbitar og kostnader til opprydding er ikkje det viktigaste. Nokon bør fortelje ungdommane at det er fullt mogeleg å ha ein fin fest utan å drikke så mykje. Ein skal kanskje vere forsiktig med å bruke peikefingeren, men når det kan vere fare for liv og helse meiner eg det er på sin plass med ei åtvaring. Slike ungdomsfestar kan vi ikkje ha fleire av. Det hadde vore veldig fint om ordførarane var litt opptatt av dette og, ikkje berre glasbitar og oppryddingskostnader.

Førde har forstått det!

Eg føler for å skrive nokre rosande ord til bystyret i Førde etter vedtaket torsdag, som seier at salstidene for øl i butikk ikkje skal utvidast. Dette er fornuftig politikk. Bra!

I rusmeldinga, som kom i sommar (Meld. St. 30 (2011-2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk. Alkohol-narkotika-doping),kan ein lese kva som er målet med ruspolitikken. Det heilt klare målet er «å redusere negative konsekvenser av rusmiddelbruk for enkeltpersoner, for tredjepart og for samfunnet og bidra til flere friske leveår for befolkningen.» Vi kan óg lese at dess større totalforbruket av alkohol i samfunnet er, dess større omfang av skader. Vidare at dei mest effektive førebyggjande tiltaka er minst populære. Og omvendt, dei minst effektive tiltaka er mest populære.

Det kjem fram i meldinga at dei sentrale myndigheitene ikkje er nøgde med ruspolitikken i kommunane. Tilgjenge til alkohol har auka betrakteleg dei siste åra. 90% av kommunane tillèt sal til det som er maksimaltidene i alkohollova. Rusmeldinga omtalar direkte det som har vore diskutert i Sunnfjord, det at ein samanliknar seg med nabokommunen i ruspolitikken. Eg har lyst til å sitere frå meldinga:

«Det er grunn til å tro at kommunene er under direkte og indirekte press fra næringsinteresser, samt at sammenlikning med alkoholpolitikken i nabokommuner medfører ytterligere press om å føre en liberal alkoholpolitikk. Kommunens organisering av ansvaret for bevillingssystemet kan bidra til å flytte oppmerksomheten fra alkoholpolitikk til næringspolitikk. Utfordringsbildet varierer mye fra kommune til kommune.

På denne bakgrunn og sett i sammenheng med at alkoholkonsumet er økende, er det nødvendig å se på om ansvarsforholdet mellom stat og kommune i alkoholpolitikken er riktig vektet og fordelt.»

I klartekst betyr dette at staten kan komme til å overta meir av ansvaret for ruspolitikken i kommunane, om ikkje kommunane skjerpar seg.

Det er å håpe at dei andre Sunnfjord-kommunane merkar seg dette og følgjer Førde i alkoholpolitikken.

FrP og alkoholpolitikk.

I Firda 4/9 hissar FrP sin mann i Naustdal, Marius Reiakvam, seg kraftig opp over at nokon kan meine at det kan vere fornuftig å leggje seg på normaltidene for sal av øl i butikk etter alkohollova. Det er ikkje så rart. Veit du kva som er FrP sin alkoholpolitikk?

På nettsida til FrP ligg det eit hefte som handlar om partiet sin ungdomspolitikk. Der står det at FrP vil “Redusere særavgifter på eksempelvis bil, alkohol, snus, tobakk og strøm.” Det vil vere ei kraftig liberalisering av norsk alkoholpolitikk! Vidare står det at FrP vil “Avvikle vinmonopolet og samle salg av øl, vin og sprit i dagligvarebutikken.” Dette er altså ein del av FrP sin ungdomspolitikk. Forstår du?

Heldigvis er FrP heilt åleine om å meine at avgiftskutt og avvikling av vinmonopolet er fornuftig ruspolitikk.

Dessutan, Reiakvam tek feil. Det å redusere tilgjenge til alkohol er ikkje symbolpolitikk. Det er tvert i mot det tiltaket som har aller best rusførebyggjande effekt. Reiakvam vil heller styrke rusomsorga. Men vil det ikkje vere betre å førebyggje rusmisbruk, i staden for å reparere skaden etterpå?

Odd Frantzen
Naustdal

Fremskrittspartiets politikk for unge.

Helse- og sosialpolitikarar mot straumen.

Det er nesten så eg ikkje trur det eg les. I Naustdal er det komite for helse og sosial som vil ha utvida salstider for øl. Rådmannen tilrår at Naustdal bør ha same salstider som Førde. Både Førde og Jølster har redusert sine salstider som eit ledd i det førebyggjande rusarbeidet. Det kunne vere interessant å få vite kva komiteen legg til grunn når dei meiner det er rett å leggje seg på maksimaltidene i alkohollova. Er det komite for helse og sosial sin jobb å sørgje for best muleg tilgjenge til alkohol i Naustdal? Kvifor skal ein få kunne selje øl lenger i Naustdal enn i Jølster og Førde? Det kan vel neppe vere av helse- og sosialpolitiske grunnar? Eg håpar kommunestyret veljer å sjå vekk frå vedtaka i komite for helse og sosial og i formannskapet, og heller gjer eit vedtak som er i samsvar med vedtaka som er gjort i Førde og Jølster.

Odd Frantzen
Naustdal

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2012-16.

Meir liberal alkoholpolitikk i kommunane.

I Firda onsdag 18.04.2012 skriv Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Sp, om Helsedirektoratet sin kampanje “Hvite uker.” Kampanjen er ei oppmoding om alkoholfrie veker. Toppe peikar på at alkoholkonsumet i Noreg har auka med 17% sidan 2000. Eg trur og at vi treng å reflektere litt over alkoholkonsumet vårt. Det er eit mål å få ned det totale alkoholkonsumet i Noreg.

Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) har på oppdrag frå helse- og sosialdepartementet laga ein rapport. Rapporten har tittelen “Utviklingstrekk på rusmiddelfeltet. Grunnlagsmateriale til regjeringens stortingsmelding om rusmiddelpolitikken.” Eit tema i rapporten er den norske alkoholpolitikken. Kommunane i Noreg står fritt til å utforme sin eigen alkoholpolitikk innanfor rammene av alkohollova. Kommunane har ansvar for bevillingar for sal og skjenking av alkohol. Dei har og ansvaret for å bestemme sals- og skjenketider. SIRUS-rapporten hevdar at det er grunnlag for å seie at alkoholpolitikken lokalt har blitt liberalisert. Det fysiske tilgjenge til alkohol har auka markant dei siste 15 åra. Andelen kommunar som har innført maksimal salstid for alkohol har auka. I 2009 var det sal til maksimaltid i over 80% av kommunane.

Det kan sjå ut til at nærings- og lokalpolitiske omsyn som oftast veg tyngre enn alkoholpolitiske omsyn når dei folkevalde i kommunane gjer vedtaka sine. Eg meiner dette må endrast. Fordi utviklinga går i motsett retning, alkoholkonsumet går opp. Alkoholpolitiske omsyn må få meir vekt. Det verkemiddelet som har aller størst førebyggjande effekt er å begrense tilgjenge til alkohol.

Odd Frantzen
Naustdal


Bakgrunn:

  1. Hvite uker.

  2. Utviklingstrekk på rusmiddelfeltet.
  3. Alkohollova
  4. SIRUS – Statens institutt for rusmiddelforskning.
  5. Kommunane si forvaltning av alkohollova.
  6. Vanskelig for lokalpolitikere å være strenge med alkohol.


Skjenketid

Dei siste vekene har vi sett at nokon meina at skjenkjetider ikkje fungera. Dei tar feil.
I mange byar så er det faktisk bevist at kortare skjenkjetider har ført til mindre vold.

9. August 2010 hadde Aftenposten ein artikkel som omtalte deira eigen undersøking om valdskriminaliteten sin utvikling før og etter reduserte skjenkjetider i eit utval byar i Noreg.

Artikkelen viser at volden har gått ned i nokon byar mens den har økt i andre. Aftenposten meinte at volden hadde økt i Bergen og Haugesund, men dette er feil.

Saka er at Bergen og Haugesund berre korta ned skjenkjetidene sine med ein halv time. Sjølvsagt gir ikkje det like store utslag på valden som ein reduksjon i skjenketida på ein time eller meir. Politiet i Bergen har også avkrefta påstanden til Aftenposten – valden har faktisk gått ned rundt utestedane i Bergen.

I dei fleste byane som har korta ned skjenketida med ein time eller meir, har valden gått ned med mellom 20 og 70 prosent. I Trondheim gjekk valden ned med 34 prosent, og politiet konkluderar med at kortare skjenketid var hovudårsaka.

Eg håper regjeringa no kutter skjenketida og gjer byene tryggare.

Martine Hatlem (16)
Juvente