Viser arkivet for stikkord av

Sal av fallrettar – Stakaldefossen og Svultingen

Av Harald Kvame (H), varaordførar Nasutdal kommune

Naustdal Venstre har hatt ein del kritiske spørsmål knytt til denne saka. Eg vil ikkje uttale meg om sakshandsaming no, då det er varsla kontroll av vedtaket. Derimot vil eg oppsummere nokre fakta i saka. For ordens skyld gjer eg merksam på at denne saka handterer eg som fungerande ordførar (då ordføraren vart kjent inhabil av kommunestyret).

Bakgrunn
I november 2009 var det møte mellom Sunnfjord Energi AS og ordførarane i eigarkommunane. Det vart då avklart at rådmannen i Gaular skulle førebu saka og nytte LVK (Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar) som ekstern rådgjevar. Dette var altså ikkje ei realitetshandsaming av saka, berre avklarande på vidare saksgang. Hausten 2011 starta den politiske handsaminga av saka.

Eit fleirtal i Naustdal kommunestyre har vedteke å gå for sal av fallrettane – til liks med dei andre eigarkommunane. I realiteten ventar ein berre på evt. lovlegkontroll av sakshandsaminga i Naustdal. Venstre i Naustdal skriv om påstått brot på EØS-avtalen og evt. innklaging til ESA som klageorgan. Til dette vil eg nemne at formannskapet i mars har fått framlagt eit dokument som viste at sidan kommunane og selskapet hadde kome fram til eit forlik, som elles ville bli avgjort av ein domstol, vil det være lite truleg at salet kan bli omfatta av regelverket om statstøtte. Også andre spørsmålsstillingar frå Naustdal Venstre har vore svara på samvitsfullt av rådmannen, m.a. ved hjelp av ekstern advokatbistand. I formannskapsmøte gav Naustdal Venstre sin representant uttrykk for at han var godt nøgd med svara.

Spørsmålsstillingane frå mindretalet i Naustdal kommunestyre er i høgste grad teke på alvor, m.a. ved utsetjing av saka i formannskap/kommunestyre og innhenting av grundige svar på spørsmåla som er stilte. Vi har bede rådmannen både om å få nye samanfatningar av saka og få belyst konsekvensar av å seie nei til sal no. Naustdal Venstre skriv i lesarbrev: ” At saka har trekt ut i tid i Naustdal, er fordi eit fleirtal i både formannskap og kommunestyre har ønskja det.” Eg vil vel til dette nemne at det er klart at fleire rundar og fleire utgreiingar sjølvsagt tek tid.

Eg tek til vitande at eit fleirtal i kommunestyret kjende ordføraren inhabil i saka. Ordføraren var heller ikkje til stades då kommunestyret tok det endelege vedtaket.

Dersom representantar for mindretalet i kommunestyret skulle sende inn krav om lovlegkontroll, er det deira rett. Tilsvarande gjeld dersom Naustdal Venstre ynskjer å få saka vurdert av ESA. Uansett ønskjer eg at saka blir handsama skikkeleg. Dette av omsyn til dei berørte partane – inkl. kommunane og vårt felles kraftselskap Sunnfjord Energi AS.

La oss gå ut og drepe

Dette er oppmodinga frå Gaular jakt og fiskelag til ungdommen. Gå ut og drep så mykje du kan av alle artar som kan drepast , så vil vi premiere det. Og grunngjevinga ? Jau, det er så lite jaktbart vilt igjen at det snart ikkje er noko å jakte på, og derfor er det så mykje rovvilt . Ein kan då lure på kva alle desse rovdyra lever av. Elementær økologisk kunnskap synest å mangle, her er det hobbybiologar i sving.
Ei naturlov er til dømes at livskraftige bestandar av rovdyr er eit sunnheitsteikn for økosystemet. Hovudregelen er at byttedyrbestandar regulerer rovdyrbestandar, ikkje omvendt. Det vil bli neppe målbare gevinstar ved nedkjemping av smårovdyr , det er mange andre faktorar som er viktigare. Det er når rovdyra forsvinn ein må vere på vakt, då kan det trengast at vi grip inn slik vi no gjer med hjortejakta, alle naturlege predatorar er jo fjerna.
Vi treng ikkje desse tøffelheltane som skal ut og redde ein stakkars skakkøyrd natur, dei forfektar eit forelda, primitivt natursyn. Det er ingen av dei nemnde artane som no lenger er noko trugsmål for våre næringsinteresser, ikkje eingong reven, med mindre ein slepp små lam altfor tidleg på beite. Føremålet med tiltaket skal vere å auke bestandane av jaktbart vilt, slik at jegerane kan skyte det i staden. Reine hobbyinteresser, altså. Kvifor er det betre at ein jeger får skyte ein hare enn at til dømes ein rev får ta den ? Er det hungersnaud i landet ? Og alle småviltjegerar seier jo at det ikkje er jaktutbyttet som er hovudsaken, men naturopplevinga. Kva er då poenget ?
Eg er ikkje jaktmotstandar, storviltjakt er fornuftig hausting av livskraftige bestandar. Småviltjakt er derimot rein hobby i dag og bør ha låg prioritet. Naturoppleving for alle er viktigare, og då har rovdyr minst like stor verdi som andre dyr fordi dei er sjeldnare.
At Firda ikkje evnar å stille dei rette spørsmåla, forundrar meg ikkje . Alle lokalavisene og NRK Sogn og Fjordane har vist seg i årevis å mangle kritisk sans på dette punktet. Vi er kanskje det mest rovdyrhatande folkeferd, iallfall her i landet.
Og jordbrukssjefen heng seg på og synsar om småfuglbestandar, mellom anna trast, som det visstnok skal vere så lite av, fordi rognebæra heng igjen. For det første var det eit enormt trastetrekk i heile oktober, som vanleg, og for det andre er det desse trekkande skarane av trast heilt oppe frå Finnmark og Sibir som et rognebær på veg sørover, i liten grad våre lokale bestandar. Det vil føre for langt her å liste opp dei fugleartane som er i tilbakegang, men felles for dei, er at det er trekkfugl og at det er forhold i vinterkvartera som er hovudforklaringa. Unntaket er t.d. vipe og åkerrikse som er desimert kraftig grunna omlegging av driftsformer i landbruket.
Og til ungdommen seier eg: Styr unna desse blodpengane. Gå heller ut i naturen med fotoapparat og kikkert, dersom du er naturinteressert. Nyt synet av ei flygande kongeørn eller – om du er så heldig – eit glimt av den skye måren .
I dag var eg som vanleg ein tur i marka, og eg støkte ei orrhøne som beita i eit bjørkekratt. Eg har støkt orrfugl på denne plassen mange gonger, kjenner dei snart personleg. Ho flaug berre nokre meter og sette segi i eit tre berre 10-12 m frå meg. Så lett det hadde vore for meg å knalle ho ned om eg hadde ei hagle. Men eg sit igjen med minnet om ein flott levande fugl i sitt rette miljø.

Gulatinget og Grunnlovsjubileet i 2014

-Utan Gulatingslova ville det ikkje vore mogeleg for Eidsvollsmenna å lage Grunnlova i 1814.Dette sa tidlegare dekanus v/Juridisk fakultet i Bergen, professor Ernst Nordtveit då han innleia den faglege delen av Nordatlantisk Tingstadnettverk sin konferanse i Gulen 4-7. april i år.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har difor saman med Gulen kommune bede Hovudkomiteen for Grunnlovens 200 års jubileum om å innlemma Gulatinget i programmet for markeringa av jubileet i 2014. Fylkesordførar Nils R. Sandal, ordførar Trude Brosvik og prosjektleiar for Tusenårsstaden Gulatinget Anne-K. Misje var difor sommaren 2010 i møte med med sekretær for Hovudkomiteen, Dag Nordbotten Kristoffersen for å drøfte medverknad til jubileumsprogrammet i 2014. Fylkesordføraren understreka at Gulatinget var Sogn og Fjordane sitt prosjekt og bidrag til jubileet. Nordbotten Kristoffersen opna deretter Nordatlantisk Tingstadnettverk konferanse i Gulen i april på vegne av Stortingspresidenten.

Skisse til program for deltakinga i 2014 er utvikla og skal opp til politisk handsaming i Fylkestinget/Kommunestyret i haust. Programmet inneber mellom anna nedlegging av grunnsteinen for det nye Visningssenteret for Gulatinget på Flolid, uroppføring av nyskrive historisk spel, opning av 3 installasjonar knytt til formidling av Gulatinget og Gulatingslova m.m.

Forskingsrådet har i tillegg opna for forskingsprosjekt i regi av relevante forskingsinstitusjonar på tema knytt til tidleg demokratiutvikling i Noreg der tingstadane er heilt sentrale, samt andre tema knytt til Grunnlova sine føresetnader og innflytelse. Ein er no inne i ein kritisk fase med hensyn til å gjere sentrale styresmakter merksame på kor sentral Gulatinget – og Vestlandet – var i framveksten av Noreg som ein demokratisk nasjon, og eit samfunn basert på lov og rett.

Frå Gulatingslova til Grunnlova av 1814
Tusenårsstaden Gulatinget og Gulatingsprosjektet har ein viktig rolle å spele når det gjeld å gjere nordmenn klare over kor gammalt til dømes representasjonsprinsippet er. Ein høyrer ofte at Noreg er ein “ung nasjon”, og mange trur gjerne at Grunnlova av 1814 er den første lovsamlinga i Noreg. Men Noreg er eit gammalt land som vart samla under Harald Hårfagre. Vår folkelege representative styreform går over tusen år attende i tid, og Grunnlova av 1814 er det femte lovsamlinga i rekken.

Den rettshistoriske kronologien som førde frem til 1814 starta med Gulatingslova som var nedskrive ikkje seinare enn andre halvdel av 1000 talet. Den er unik i Europeisk samanheng fordi den garanterte bøndene stor grad av sjølvråderett. Den er også unik for handskrifter frå denne perioden, fordi den er skrive på norrønt – ikkje på latin. Gulatingslova er den eldste kjente og framleis bevarte lovsamlinga i dei nordiske landa. Seinare, i 1274 e.Kr. samla Magnus “Lagabøte” lovane frå alle lagtinga (Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting) i den første “Landslova” som skulle gjelde for heile landet. Men siden Gulatingslova var den mest komplette lovsamlinga på denne tida, byggjer Landslova av 1274 for ein stor del på denne.

Etter Svartedauden og frem mot unionstida med Danmark døydde det norrøne språket ut. Sidan ingen lenger forsto norrønt lot Christian IV difor oversette Magnus Lagabøte sin Landslov til dansk, og skapte “Den norske lov” av 1604. Denne vart igjen revidert i 1687 av Christian VII, og desse lovsamlingane hadde Eidsvollsmennene som bakteppe når dei skulle utvikle Grunnlova i 1814. Dei var på denne tida også påverka av kontinentale strømningar og andre lands konstitusjonar.

Men mange av lovane og forordningane vi har i dag vart første gang formulert i Gulatingslova. Odelslova, Allemannsretten, dei første kjøpslovane og den særnorske rettsordninga med kløyvd eigedomsrett – desse stammar alle frå Gulatingslova. Turistforeninga nyttar – kanskje utan å vere klar over det – framleis lova om opphald i selehus på fjellet som ein finn i Gulatingslova. Nordmenn har båre med seg rettstenkninga frå Gulatingslova i over tusen år. Det er difor ikkje slik at Grunnlova oppstod i eit vakum i løpet av seks veker på Eidsvoll. I følge Ernst Nordtvedt hadde det ikkje ein gang vore mogeleg for Eidsvollsmenna å sette saman ein Grunnlov i 1814, hadde dei ikkje hatt ein rik rettshistorie å bygge arbeidet sitt på. Han reknar at det tek om lag 400 år å utvikle ein lovsamling som speglar folks rettskjensle. Han synleggjorde dette poenget med at det i 1814 vart bestilt ein “Samfunnslov”. Den er ikkje komen enno…

Vestlandet har ein stor jobb å gjere for å synleggjere at den norske rettshistoria går over tusen år attende i tid, og at den starta på Vestlandet – nærmare bestemt i Gulen i Sogn og Fjordane. Kommunen og fylket vil difor, i samarbeid med komiteen for Grunnlovsjubileet, bidra til å kaste lys over dei lange historiske linene attende til tingsamlingane i vikingtid og mellomalder. Berre ved å setje Grunnlova inn i ein vidare rettshistorisk samanheng vil ein vere i stand til å synleggjere dei prosessane som påverka, la grunnlag for, og førde fram til at vi fekk ein Grunnlov i 1814. Dette vil vere eit hovudfokus i arbeidet med Gulatinget fram mot jubileet i 2014.

Anne-K. Misje
Tusenårsstaden Gulatinget
Prosjektleiar

Rik på slakt av lønn og pensjon!

Noen vil synes det er en ærlig sak å tjene store penger på å dumpe ansattes pensjon og lønn, for så å fremstille som en gave til samfunnet. Direktør i NHO Service, Peter Furulund, gjør nettopp det i et innlegg i VG lørdag 2.juli. Innlegget kommer i anledning NHOs propagandakampanje for massiv privatisering av felles tjenester.

NHOs innsparinger går rett fra lommen til de ansatte på gulvet i omsorgssektoren. Hele 35 % skal NHO spare på å gi ansatte dårligere pensjon. Nattillegg og kveldstillegg skal fjernes eller kuttes.

I tillegg kommer den vanlige motviljen mot å gi ansatte anstendig grunnlønn. Da Sykepleierforbundet skulle betale streikebidrag i Oslo i 2010, ble det tydelig for alle hva ”Adecco-lønn” er. Sykepleiere ansatt i Adecco, tjente 50.000 mindre enn kommunal minstelønn.

Om man kombinerer dårlig lønn med slakt av alderspensjon og kveldstillegg, blir det kroner å spare i regnskapet, og kroner å hente ut for eierne NHO representerer.

Men pengene hentes rett fra lommene til vanlige folk, med vanlige lønninger. De tas fra helsefagarbeidere, sykepleiere, renholdere og vaktmestere. Når det gjøres med åpne øyne og fullt overlegg, er det direkte skamløst.

Det hele er egentlig ganske enkelt: konsekvensene blir dårligere arbeidsforhold, dårligere mulighet til å klare seg på boligmarkedet og på sikt, lavere rekruttering til omsorgssektoren. Prisen for NHO og høyresidens eksperimenter er et helsevesen som ikke får den arbeidskraften det trenger.

De som skal drive omsorg og pleie fortjener både god lønn og pensjon. Det er en ærlig sak at NHO og direktør Furulund mener hjelpepleiere og sykepleiere tjener for fett og har for høy pensjon, men da får han heller si det enn å late som han er velferdsstatens redningsmann.

*Anne Grethe Furrevik, 1.kandidat for Solund SV
*Karin Andersen, Stortingsrepresentant for SV

Ut av ingenting (dikt)

Det er tid for eventyr
Vinteren er varm, og vi flyr
Av glade sommarfuglar, det kryr

No dreg skyggen til sjøen
Vi spring tankelause i snøen
Korna spirar ivrig på bøen

Det er tid for glade dagar
Alt som er vondt, vi jagar
Utav ingenting, vi gode dagar lagar

Vi blir jagd fra heimbyen!

Økonomien er dårleg i Trivselsfylket, og Hovudutvalet for opplæring har bestemt at dette skal gå ut over oss elever som vil gå allmenn påbygging i Florø til neste år. Dette tilbodet skal nemleg bort. Vi som går andre året på elektro i Florø er sterkt uenige i dette. Vi har begynt på ei utdanning vi trudde vi skulle fullføre i Florø. No ser det ut til at vi må ut av byen for og gjere dette. Det tyder pendling eller hybelliv for oss, og det er vi lite interessert i.
Påbygging gjer det muleg for folk til å skaffe seg ei utdanning. Linja er viktig for skulen, og kvart år har den hatt fleire søkarar enn det var plass til. Mange av oss har satsa på påbygging fordi vi veit at det ikkje er nok lærlingplassar, og fordi at vi vil ta høgre utdanning. Vi kjenner oss svikta. Vi ser at hovudutvalet vil oppretthalde to klassar i Førde, men altså leggje ned den eine i Florø. Dette reagerer vi sterkt på. Er det lengre fra Førde til Florø enn frå Florø til Førde kanskje?
Det er snakk om at det skal starte ei ekstra klasse studieførebuande og fjerne allmenn påbygging klassen. Men det er endå ikkje nok søkarar til å ha 3 vg1 klassar, men det er alltid folk som vil søke allmenn påbygging. Då er altså sjansen stor for at det ikkje blir nokon ny klasse. Det er berre ei som forsvinn.
På Florø vgs er det ei stor utbygging på gang. Kva er vitsen med det viss det skal bli færre elevar på skulen? Vi trur at skulen vil bli bli mindre attraktiv når ungdommen veit at dei ikkje får gjere seg ferdig i Florø.
Det er også viktig for Florø å halde på ungdommen sin kompetanse. Viss dei må reise bort tidleg, er sjansen større for at dei ikkje kjem tilbake. Er ikkje kysten viktig? Vi meiner at Florø si utvikling er viktig for heile fylket.
Flora vidaregåande skule er ein kjempegod skule der vi trivst godt, og skulen betyr masse for Florø si framtid. Vi protesterer derfor på det sterkaste mot at påbyggingsklassen skal leggjast ned!

Med helsing

2 Ela, Flora vidaregåande skule

E39 gjennom Lavik

Bergens Tidende har tysdag 8. september eit stykke om opprustinga av E39 i Lavik.
Svært mange av innbyggjarane i bygda er, som kjent, misnøgde med ”grisrumpe”-alternativet som vart vedteke i 2005.
Høyanger kommune gjekk samrøystes inn for strandlinja i 2002.
Det er rett som Longva seier til Bergens Tidende at ”då strandlinja vart valt var det med ei rundkøyring aust om sentrum. Statens vegvesen kunne ikkje akseptere rundkøyringa.”
Signe Eikenes, leiar for strategistaben i etaten – Statens vegvesen – forklarar avvisinga av rundkøyringa slik: ”Vi prøver å unngå rundkøyringar på stamvegnettet. Det er fordi vi prøver å prioritere trafikken på stamvegar. I ei rundkøyring må trafikken på stamvegen bremse ned. Det vil seinke trafikken og gje dårlegare flyt både til og frå ferja.”
Det som undrar oss sterkt er at ei nedbremsing her er noko stort problem. Trafikken er her kommen nær ferjekaien. Det er berre nokre få hundre meter att. Det er faktisk på tide å tenkje på å redusere farten inn mot kaiområdet. Dette vil vere eit område med mykje køkøyring til og frå ferja. Vi er elles innafor noverande 50-sone uansett. Og ei rundkøyring her ville vere ein effektiv måte å få ned farten inn mot ferjekaiområdet. Til samanlikning viser vi til at det har vore naudsynt å lage fartshump på europavegen på strekka bortover mot banken, då det har vore vanskeleg å få bilistane til å respektere 50-sone skiltet.
Når ein kjem motsett veg, altså frå ferja, vil ei rundkøyring gje betre trafikkflyt enn eit kryss med avkøyringsfelt. Særleg dersom det skulle komme fleire bilar som skulle av mot venstre. Då kan det bli kork i eit kryss medan trafikken ville flyte fint i ei rundkøyring.
Odd Erik Haugen, som skal ha ansvaret for å prosjektere den nye vegen, opplyser til BT at dei no skal kvalitetssikre det arbeidet som er gjort. Deretter startar detaljplanlegginga.
Dette inneber i klartekst at detaljplanlegginga ikkje ein gong er starta. Det skulle difor ikkje vere for seint å snu i denne saka, der det berre blir meir og meir tydeleg etter som tida går og trafikken aukar, at å satse på dagens vegtrasé er å gå med ryggen (for ikkje å seie griserumpa) føre inn i framtida.
Når me ser på kor mange oppstillingsplassar, og kor fin trafikkavvikling ein kan få med strandlinje-alternativet, samanlikna med trafikkproblema i sentrum med kø gjennom bygda og griserumpa, i tillegg til kronglete tilkomst til oppstillingsfilene på kaien, dersom ein vel utbetringsalternativet, så verkar det uforståeleg for bygdefolket at det heile skal strande på problemstillinga om kryss eller rundkøyring.
Me vil difor be om at vegkontoret revurderar si haldning til rundkøyring i Lavik.
Viss dei ikkje gjer det, må me be om at Høyanger kommune heller går inn for strandlinja med breitt og romsleg kryss med avkøyringsfelt. Dette er trass alt mykje betre enn å fortsette med dagens trasé.

Ivar T. Kvammen
Leif Skaar

Den store honningkrukka

Kva skal pengane brukast til? Dei vi betaler i skattar og avgifter, og dei vi pumpar opp frå Nordsjøen? Nokre trur visst at honningkrukka er utan botn og at vi kan få alt vi ønskjer oss. Billegare bensin, gratis ferjer, ingen bompengar, billegare SFO, lengre permisjon for foreldre, meir til sjukehusa og kommunane og …. KrF veit av vi må velje, og at eit ja også betyr eit nei. Vi spør om du vil ha meir eller om du vil ha det betre. Vi veit at det som er godt for borna er godt for alle. Vi vil gje valfridom mellom kontantstøtte og barnehage. Vi vil gje fleksiperm som gjev foreldre 14 veker ekstra fri fram til barnet er 10 år. Vi vil ha fleire lærarar i skulen framfor heildagsskulen. Vi vil ha barnas transportplan med trygge skulevegar. Vi arbeider for frivillige lag og organisasjonar og momsfritak for desse. Samspelet med andre menneske gjer livet meiningsfylt. Då er jobben viktig, men ikkje nok. Ole Brumm sa ”Ja takk begge deler”, men honningkrukka er ikkje utan botn. Vil du har meir eller vil du ha det betre?

Ikkje la marknadskreftene få fritt spelerom

Vi er midt inni ei såkalla finanskrise. Den starta med grådige og kyniske kjøp og sal av bustadlån i USA, og har lagt seg som eit grått teppe utover heile verda. Og sjølv om vi her i landet er betre rusta enn dei fleste andre til å takle ei slik krise, merkar også vi at verdas finansmarknader er ute av kontroll og i stor grad har kollapsa.

Spreiinga av denne «finanssjukdommen» viser kor utsette vi er når marknaden får fritt spelerom. At heile verda er blitt del av krisa viser også kor nært samanvevd verdsmarknaden er, og kor viktig det då er at dei som skal styre, tek ansvar – ikkje berre for seg sjølve, men også for fellesskapen.
Vi har sett at når USA får feber, vert Noreg forkjøla.

Sjølv om finanskrisa ikkje har råka Norge og Sogn og Fjordane hardast, merkar også vi det som skjer: I Askvoll blir alle industriarbeidarar på fastlandet permittere. I Florø permitterer skipsverftet STX over 30. Hydro kuttar. Byggebransjen slit, til liks med fleire andre i privat sektor. Resultatet er stigande arbeidsløyse og stor usikkerheit for folk flest.

Igjen ser vi at det i stor grad er industrien og arbeiderane som vert råka.
Ingen veit når denne krisa skal ta slutt, og det gjer dagens situasjon spesiell, og farleg. Men omfanget ser ut til å bli stort – og utfordringane kjem svært raskt.

Dette er eit resultat av liberalismen, av at dei som styrer og påverkar marknaden har fått fritt spelerom. Det er eit resultat av at einskildpersonar ikkje har villa ta ansvar for fellesskapen, men berre tenkt på eigen profitt. Egoismen står sterkt. Langt sterkare enn verda kan tåle på sikt. Omgrep som grådigheit har nærast blitt honnørord i einskilde kretsar, og det er ein kapitalisme utan filter som har styrt utviklinga.

At grådigheit ikkje er bra, er nettopp vår oppgåve som unge sosialdemokratar å få fram, og er det som gjer engasjementet vårt så viktig; ikkje minst i tida som kjem. Vi må få fram at alt vi gjer må tuftast på vurderingar av kva som er langsiktig og best for fellesskapen – ikkje på kva som tener einskildpersonars eiga forteneste og kort tidshorisont.

Kvar og ein kan ikkje vere sin eigen lykkessmed, slik Framstegspartiet sin politikk legg opp til. Det fører berre til eit kaldt samfunn der ulikskapen får vekstrom, der nokre få tar alle goda, og let resten stå igjen utan noko, t.d. utan arbeid.

Finanskrisa bør ha gitt oss mykje å tenkje på, og vekt oss opp av dvalen. Vekt oss opp av den draumen som tilsa at alt kunne vekse inni himmelen. For slik er det ikkje, og det må vi alle ta lærdom av!
Vi må ta lærdom av at grådighet ikkje er bra for velferd, individ og miljø, og av at det er farleg å tru blindt på dei frie marknadskreftene. Vi er nødt til å stå solidarisk saman for sterke meiningar og for fellesskapstanken. Noko av det viktigaste er å ta ansvar for medmenneske, og hindre at staten skal bli ein ukritisk reiskap i hendene på dei rikaste og mektigaste, men at staten vert ein tenar for heile folket og for samfunnet. Vi i AUF meiner at vi saman må skape eit rettferdig samfunn, der økologi blir sett framfor økonomi, og menneskelege verdiar framfor materiell velstand.

Det er venstresida som sit med dei beste svara her. Vi veit det, og framover mot haustens val er det viktig at vi også jobbar hardt for at også andre skal få denne kunnskapen.
Framover er det viktig at vi står på for at velferdsstaten framleis skal vere Noregs beste og viktigaste varemerke! Vi er nødt til å stå på for dei sosialdemokratiske verdiane. Vi har faktisk ikkje tid til å slappe av!

Mathias Stang, Leiar Flora AUF

Reven formar ut hønsegarden

Reven formar ut hønsegarden

Vi kjenner ordtaket om å sleppe reven inn i hønsegarden. Men tenk om reven kan få teikna heile hønsegarden for å lage den slik at den er maksimalt gunstig for reven.

Kjøpt demokrati
Vi lærer på skulen at i dei demokratiske statane der vel folket lovgjevarane sine, og så lagar desse folkevalde lovgjevarane slike lover som tener folket. Hipp hurra for demokratiet ! I USA finn vi mange slags tenke-tankar, det vil seie institusjonar med fagfolk som arbeider med å finne ut om sitt felt. Wall Street Watch (WSW) skal ivareta forbrukarane sine interesser. WSW kom no i mars med ein rapport om korleis finanssektoren (verdipapirhandlarar, bankar, forsikringsselskap og rekneskapsfirma) arbeider for å få slike lover som passar dei. Etter den store finanskrisa etter 1929 vart det laga mange sterke lover som regulerte finanssektoren. Dei siste 30 åra har finanssektoren brukt mykje pengar på å få fjerna desse reguleringane. Då må dei kjøpe seg lydige lovgjevarar. I tiåret 1998 – 2008 gav dei 11,6 milliardar kroner til valkampfonda til politikarar, 55 % til republikanske kandidatar og 45 % til demokratiske. Lista over profesjonelle lobbyistar i Washington tel 2996 personar. I same tiåret betalte finanssektoren desse 23,3 milliardar kroner for å påverke politikarar til å fjerne lover/ lage gunstige nye lover. Mange gjer karriere ved å hoppe mellom politikar, lobbyist og tilsett i finanssektoren.

Samanbrotetet
i finanssektoren er resultat av ein politikk dei rike har arbeidd lenge for å få : Vekk med alle reguleringar for oss. Dei storrike har fått sine ønskte lover og har greitt å tileigne seg større og større del av BNP (brutto nasjonalprodukt). Kostnadene med også dette finanssamanbrotet vert i stor grad lempa over på vanlege folk gjennom arbeidsløyse, pensjonsfond som skrumpar, samanbrot i privatøkonomien, reduserte offentlege tenester. Dei såkalla redningspakkane går i stor grad til å redde interessene til dei rike som eig finansinstitusjonane som no er truga av konkurs, og lite går til å betre livet for vanlege folk.

”Løysinga”
Skal ”løysinga” vere å få på plass att det same systemet som i mange år har greve til seg så ufint at det undergrev sjølve det demokratiske systemet? Eg ser at i USA reiser mange skribentar denne problemstillinga ; Dei rike stel frå oss demokratiet vårt, republikken vår! Det same spørsmålet kan reisast i alle land, også Noreg : Undergrev dei rike demokratiet ?

Asbjørn Geithus