Viser arkivet for stikkord bondelaget

Punktum.

Høgre sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Arve Mjømen, skriv i avisa Firda i dag. Imponerande. Er det verdsrekord? Trekk pusten godt før du les denne setninga som Mjømen har prestert:

“Som elles, er det også i høve landbrukspolitikken, nødvendig å få til avtalar som partia i fellesskap kan stå saman om og ikkje minst for å ivareta den forhandlingsinstitusjonen som faktisk Bondelaget er best tent med og som no hang i ein svært tynn tråd med Arbeiderpartiet sitt utspel som kunne føre til at denne moglegheita vart brote ned for ettertida.”

Punktum.

Landbruksmelding med fine ord og lite tiltak

Sogn og Fjordane KrF er svært skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje vil gjere tiltak for å oppretthalde og auke matproduksjonen i distrikta . At regjeringspartia ikkje ville gå med på KrF sine framlegg om jordvern og eit inntektsløft for bonden er sterkt beklageleg.
Etter dette spør vi oss om landbruksmeldinga berre skal vere fine ord utan innhald ? For å sikre matvareforsyninga i landet og rekrutteringa til landbruket er økonomi og bonden si inntekt viktige faktorar. Her hadde regjeringa ein sjanse til å syne i praksis at dei vil ta heile landet i bruk. Det ville dei ikkje!!
Signala i store delar av landet er i følgje Bondelaget at jordbruksarealet går ned og at produksjonen pr innbyggjar vert mindre. Dersom matproduksjonen skal auke i takt med folketalsauken i landet frå 5 til 6 millionar menneske på 16 år, vil det seie auke i matproduksjonen på 20% i mange år.
Å snakke om auka produksjonsmål utan å styrke dei to sentrale punkta som gjeld rekruttering og økonomi i landbruket er urealistisk!

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar KrF Sogn og Fjordane

Landbruksmelding med fine ord og lite tiltak

Sogn og Fjordane KrF er svært skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje vil gjere tiltak for å oppretthalde og auke matproduksjonen i distrikta . At regjeringspartia ikkje ville gå med på KrF sine framlegg om jordvern og eit inntektsløft for bonden er sterkt beklageleg.
Etter dette spør vi oss om landbruksmeldinga berre skal vere fine ord utan innhald ? For å sikre matvareforsyninga i landet og rekrutteringa til landbruket er økonomi og bonden si inntekt viktige faktorar. Her hadde regjeringa ein sjanse til å syne i praksis at dei vil ta heile landet i bruk. Det ville dei ikkje!!
Signala i store delar av landet er i følgje Bondelaget at jordbruksarealet går ned og at produksjonen pr innbyggjar vert mindre. Dersom matproduksjonen skal auke i takt med folketalsauken i landet frå 5 til 6 millionar menneske på 16 år, vil det seie auke i matproduksjonen på 20% i mange år.
Å snakke om auka produksjonsmål utan å styrke dei to sentrale punkta som gjeld rekruttering og økonomi i landbruket er urealistisk!

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar KrF Sogn og Fjordane

Kampen om kaloriane

Kampen med kaloriane har vi alle eit forhold til.

I denne settinga gjeld det dei kaloriane vi i framtida må slå ring om for å bevare Norge som ein trygg matvare produsent.
Det vil handle om kven som skal produsere kaloriar og kvar dei skal produserast.

Kaloriar har vorete eit skjellsord. Vi snakkar om det i negative settingar.
Det er kanskje ikkje så rart at vi ikkje når fram til våre folkevalgte på stortinget med ein god matpolitikk.
Dei var vel i si tid så Fedon-behengte at dei har vanskeleg for å ha eit godt forhold til kaloriar.
Det var på dei tider pølse-Hansen, og co raste nedover på meiningsmålingane i lag med kaloriane. Med Karl I gjekk det litt bedre. ( Eg prøvar berre å forstå avesjonen mot å ta norsk matproduksjon på alvor)

Likevel må våre politikarar no gjennom den nye stortingsmeldinga om mat, være bevisst på at Norge skal produsere så mange av sine eigne kaloriar som mogeleg til eiga befolkning.
Her vil Bondelaget og Bonde og småbrukarlaget og Bygdekvinnelaga, som vi veit gjere ein eit stort og viktig arbeid for norsk mattradisjon, vere viktige pådrivarar.

I framtida vil det handle om kven som har råd til å kjøpe dei gjevaste kaloriane og kven som må nøye seg med dei dårleg nærigsmesige kaloriane.

Som ein rik nation skal Norge i stor grad kunne produsere sine eigne (råvare-) kaloriar.
Ved å ha ein stabilt aukande produksjon (i takt med befolkningsveksten) av korn, mjølk og kjøtt og frukt / bær og grønt i sesongane.
Dette betyr sjølvsagt eit strengt jordvern og ein bestemt struktur i landbrukspolitikken.

Det er ikkje noko i vegen for at Norge skal importere mat. Vi har internationale avtalar som ivaretek dei produkta og produsentar som skal inn på det norske markedet. Ottast ikkje, dei passar sine rettigheiter.

Vi ser med sjølvsyn den ståa ute i verda som avlar meir uro enn det vi er villege til å ta innover oss. Når uroa gjer seg gjeldande i våre ferieparadis, begynner vi å tenke for alvor.
Denne uroa skuldast for ein stor del matmangel, grunna eit skakkjørt styresystem og dårleg jordbrukspolitikk. Folket har ikkje nok kaloriar (mat).

Matmangelen i verda, svarar forskarane på med ved å bl.anna manipulere plantar til å bære meir avling. GMO. Ingen veit konsekvensane av å ete desse matvarene. Genmaipulering eller modifisering som dei helst likar å kalle det, har i tidlegare forsking gitt dårleg resultat i dyreforsøk.

Grunna vår kjøpekraft kan vi velge vekk desse GMO-produkta.
Ein slit sjølvsagt med å få slike matvarer merka godt nok, fordi dei store internationale selskapa sjølvsagt ikkje vil vi skal vite.
Men kva med den dagen det ikkje finnes eit val ?
Då hjep da ikkje med ei trillebåre full av pengar.
Og politkarane som skulle ha vore med på toget til Trygg Matproduksjon, står att på GMO-perrongen!

LIKFERD PÅ SOGNEFJORDEN

Dette er eit vidgjete måleri av Adolph Tidemand 1853. Men i dag skal vi konsentrere oss om eit anna av dei kjente, nemleg ”Politiserende bønder” frå 1849.

Av Karl-Jan Erstad, Folkestad

Fredag 6. mars hadde årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag invitert 4 blågule politikarar til slakt på Skei i Jølster. I det minste skulle bøndene slå dei gule og blå før regjeringsskiftet. Dei raudgrøne var ikkje inviterte, fordi det var ikkje noko hyggemøte med sine eigne, etter konklusjonen å dømme. Her skulle ein vere uvener.

”Færre, men sterkare,” er eit godt slagord frå Noregs Bondelag. Men for lengst har bøndene kome under grensa for kritisk masse, så det kostar ingenting å legge seg ut med bøndene.

Åge Starheim drøymer heile tida om ein ny landbruksgiv i tradisjonell forstand, men har inga støtte i eige parti, men ein godt proporsjonert økobonde er for så vidt ordførar for FrP i Ullensaker. Aukande røystekveg finn vi stendig mellom uføretrygda, pensjonistar og arbeidarklassa i privat sektor. Der må ein legge inn trykket for å nå reint fleirtal. Målet for rasjonelt landbruk finn vi ved å sjå på vellukka omlegging til eksport på New Zealand, med eit landbruksbyråkrati redusert til 200 personar for heile landet.

Bjørn Lødemel gjer ein likandes jobb i fylket og i Hornindal, men bør dobbeltkommunisere. Rein valuta for pengane får vi frå stortingsmann Torbjørn Hansen (H for Hordaland). I mi tid på Vefsn landbruksskule lærte vi at med 100 vinterfôra sauer kunne du ha eit greitt liv. Så vart det 200 og 300, og no seier Torbjørn Hansen 600.

Torbjørn Kolås veit så vel at Lars Sponheim vil ha eit todelt landbruk, eit stadig meir rasjonelt drive landbruk der topografien høver for det, og nisjeproduksjon, bulyst og bustad for andre som likevel ikkje skal produsere – leve på eit småbruk, men ikkje av.

Trude Brosvik veit at vi lever i ei ufullkomen verd, men partiprogrammet er fullkome. Det er skrive med ei guddommeleg hand. Men ho sleppte vel lett, for KrF-politikar og fylkesagronom Bjørn Harald Haugsvær fortalde den divine sanninga – til fleire bønder som sluttar, til betre vert det for resten.

Kva så med gromgutane som det ikkje var bryet verdt for Bondelaget å kalle inn på teppet?

AP har oppnådd status som verneobjekt i det noverande triumviratet, og som sann eigar av offentleg sektor. Men går vi fylkespolitikar Tor Bremer etter i saumane, har han i minst 15 år meint at bøndene må rasjonalisere, fordi kjerneveljarane til AP, kommunetilsette og industriarbeidarar i Høyanger og Årdal, har krav på stadig billegare mat. AP-bastionen Småbrukarlaget let han fare på båten.
For så vidt er det her ingenting i vegen for å danne ein brei allianse med FrP og H. FrP som AP sitt parlamentariske grunnlag – høyrest ikkje det fint ut, Martin Kolberg, akkurat som i It-Fornebu-saka for nokre år sidan?

SV har alltid hatt uavgrensa parolar med Del Godane, men helst med seg sjølv. Etter vaksenopplæring i Finansdepartementet vart krybba mindre, og langt på veg sett utanfor driftsbygningane. Brå læringskurve førte prioriteringane vekk frå landbruket.

Men bøndene har sitt eige familieparti, SP, som kan hestehandle også om daude hestar (blasfemi). Djervt kjempa dei for basisen sin, førte AP vekk frå ei omforeint løysing med FrP og H på Stortinget under siste landbruksoppgjer, for SP var det kanskje med store liner attende til 1935 og Kriseforliket med statsminister Nygaardsvold. Men det venstrevridne SP ber også stagnasjonen i seg. Alt skal vere som det alltid har vore, familiejordbruket vert lagt ned, og samdriftene får ikkje med seg stordriftsfordelane som kunne forsvare millioninvesteringane. Landbruket fell mellom alle stolar, jordskiftesakene raser over bygdene så intenst som aldri før over utgåtte rettar frå 1700-talet, mens neste generasjons eigarar bur i Oslo og Bergen, av di Jordlova er også tatt ut aktiv drift.

Men til sist skal vi minne om statistiske oversyn som viser at minst tal landbruksoppgjer har faktisk enda med brot og vore sendt over til Stortinget under borgarlege regjeringar.
Den mest jordnære landbruksministeren vi har hatt på eit par tiår, er nok Kåre Gjønnes. Han hadde eit faktisk forhold til landbruket, og såg ut til heilt å meine og kunne ha opplevd det han sa. Og det er ikkje lite for ein politikar å ha integritet.