Viser arkivet for stikkord byutvikling

Ope brev til Førde kommune

Som utflytta student ser eg med aukande frustrasjon på at historia held på å gjenta seg. Etablering av store bilbaserte kjøpesenter representerer alltid ei flytting av marknad og pengar, frå sentrum til eit vegkryss. Denne gongen er det til Brulandsvellene. Det er mange privatpersonar og næringsdrivande i Førde og omland som er imot utbygginga. Dette er ei stemme frå ein av dei mange studentane frå Førde.

I planprogrammet for Områderegulering Brulandsvellene blir handelsparken stadig referert til som nødvendig, transporteffektiviserande og miljøvennleg. Denne informasjonen er spekulativ og umogleg å feste lit til, om den ikkje blir følgd opp med forsking som kan stadfeste dette.

Staten har utvikla Rikspolitiske retningslinjer for areal- og transportplanlegging. I planprogrammet for Områderegulering Brulandsvellene blir desse nemnde mellom fleire «overordna planer og føringer». I eit utdrag står det: «Sentrale virkemidler er klare tettstedsgrenser, samling av naturinngrep samt høy tetthet innenfor byggesonen, kombinert med økt hensyn til grønnstruktur og kulturmiljø.» Ytterlegare utbygging på Brulandsvellene vil bryte med alle desse punkta. Eitt av problema er den katastrofale bruken av matjord. Føregåande regjering lova å halvere nedbygginga av jordbruksland. Dessverre blei berre nedbyggingstakta auka. Dette skjer i ei tid då Noreg ikkje er sjølvforsynt med mat, og verda står overfor eit trugande overbefolkningsproblem.

Ved å late store kjeder som til dømes XXL og Obs Hypermarked etablere seg på Brulandsvellene ønskjer ein å hindre handelslekkasje til Bergen og Ålesund. Det vil truleg alltid vere ein viss handelslekkasje ettersom folk gjerne tek ein bytur av andre grunnar enn handel primært. Dersom ein lukkast å vinne att denne marknaden, kan ikkje dei nye butikkane drivast berre på dette grunnlaget. Resten av salet må takast frå allereie etablerte butikkar i Førde og omland. Ein hevdar at handel med plasskrevjande varer ikkje vil konkurrere med detaljhandel i sentrum, men eg trur det blir vanskeleg å handheve dette skiljet. Trondheim, Ålesund, Levanger og Tønsberg er døme på sentrum der detaljhandelen strevar grunna eit flytta handelstyngdepunkt.

For å heve utnyttingsgraden på tomta har ein opna for å legge til 250 bueiningar i planområdet. Mange er sjølvsagt uroa over kvaliteten på desse bustadane. Like vesentleg er det at dette er einingar som kunne vore viktige i vidare urbanisering og vitalisering av Førde sentrum. Bustadane vil vere i slik avstand frå skulen at 1.klassingane vil ha rett på skulebuss. Dette bør sette perspektiv på bruken av omgrepet «den sentrale beliggenheten». Ein kan rekne med at barn i trinna over dette i stor grad også vil bli køyrde til skule og andre aktivitetar. Kommunen og evt. utbyggar pliktar å sikre trygg skuleveg ved etablering av nye bustadområde.

Førde har hatt ei positiv utvikling i sentrum dei siste åra. Med vidare fokus på urbanitet og trivsel i sentrum kan Førde bli eit attraktivt bysentrum med den lokkande effekten det har på unge nyutdanna og studentar. Kommunane rundt treng Førde som ein stad der det er godt miljø for nyetablering av bedrifter med krav til høg kompetanse. Stopp i utviklinga av sentrum kjem til å gje Førde problem med å vere attraktiv.

I planprogrammet for Brulandsvellene står Regional planstrategi nemnd som overordna plan og føring. Overordna mål i Regional planstrategi for Sogn og Fjordane er auke i innbyggartalet. Vidare står det: «Den mest relevante strategien er å styrke attraktiviteten til kommune- og regionsentra, som bl.a. innebærer å bygge mer urbanitet og styrke tilbudene i tettstedene» Planane om handel og bustad på Brulandsvellene hindrar urban utvikling i sentrum, og kan påverke tilboda i tettstadene rundt Førde.

Førde kommune sin Kommunedelplan energi-, miljø og klima er nemnd som ein annan av dei overordna planane. I denne står det at «Førde kommune skal ta hensyn til klima og energi i framtidige planer, og fremme tiltak som reduserer bruk av energi og utslipp av klimagasser. Dette innebærer blant annet å fremme en arealplanlegging som gir høy arealutnyttelse med mindre transport og bedre kollektivløsninger.» Det blir fleire stader vist til at planane gjev høg utnytting av tomtene. I planprogrammet går det fram at med bustadprogrammet på taket blir total utnytting 95%. Dette er likevel låg utnytting av kostbart jordbruksland, når vi veit at store delar av Førde sentrum no er regulert til mellom 150-265% utnytting. Denne høge utnyttinga skjer med avtrykk opp mot maksimalt 68% av tomta sitt areal. I planprogrammet for Brunlandsvellene blir det ikkje oppgjeve noko BYA, men ei konseptskisse viser at så godt som heile tomta er tenkt lagt under bygg eller asfalt. Det blir vidare hevda at tomta ligg godt til for syklande og gåande med berre 1,8 kilometer til sentrum. Dette rekk i realiteten berre til Festplassen. Reisevaneundersøkingar visar at på reiser mellom 1 og 1,9km skjer 42,2% med sykkel eller på beina. Dersom ein har tilgang på bil, er andelen som går eller syklar enno lågare. På reiser 2 km og oppover fell andelen gåande og syklande kraftig. Med tanke på avstand til andre servicetenester, bør Førde kommune leggje føringar for å fortette sentrum og styrke eksisterande kollektivtrafikktilbod, i staden for å etablere og utvide bilbasert handelspark.

Førde kommune kan vedta ei områderegulering som strir mot planintensjonane på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Dei har sjølv utforma planar som legg føringar mot denne typen etableringar. Å gå mot desse verkar som ei undergraving av planverktøyet og deira eigen integritet. Eg håpar dei no vil slutte å tenke på morgondagen og begynne å tenke på neste generasjon. Og om dei ikkje gjer det, blir ikkje Førde ein by eg vil flytte tilbake til.

Andreas Magerøy,
Arkitekturstudent ved NTNU.

Coop sitt samfunnsansvar?

Frå Coop.no:

Coop tar samfunnsansvar
Presset på naturressursene øker, miljøproblemene vokser og forskjellen mellom fattig og rik blir større. Disse utfordringene må varehandelen forholde seg til.

Som en stor samfunnsaktør og leverandør av varer og tjenester kan Coop påvirke alt fra produksjon til markedsføring. Vi har derfor et ansvar for å gjøre vårt for å påvirke samfunnsutviklingen i riktig retning.

Bærekraftig utvikling
Det er nedfelt i vårt verdigrunnlag at Coop skal vise omtanke for mennesker, dyr og miljø, og arbeide for en bærekraftig samfunnsutvikling. Alle våre valg og handlinger skal være knyttet til dette løftet. For at en virksomhet kan kalles bærekraftig, må tre forhold tilfredsstilles:

1. Økonomisk sunn drift
2. Miljøriktig og miljøtilpasset opptreden
3. Etisk og sosial hensyntagen, for eksempel overfor medarbeidere eller produsenter i utviklingsland

(…)

Eg registrerar at økonomisk sunn drift vert nevnt først. Jordøyding burde skurre kraftig mhp. punkt nr. 2.

Kvifor ikkje heller satse grunnleggande på bærekraft, være eit føregangsføretak, og sjå på kjøpekrafta som handlekraft, i alle dets tydingar – evna til å handle bærekraftig (ikkje berre kjøpekraftig) handlar om haldningar – aktive haldningar som utgangspunkt for handlingane.

Kvifor ikkje sette seg føre å vise verda eit grundig og godt eksempel på handlekraftig bærekraft med utgangspunkt i sunn, heilheitleg forvalting av kjøpekrafta?

Eg er ikkje motstandar av handel, men veldig for at vi skal handle med aktive haldningar, mtp. både varehistorikk og føretakslogikk.

Om Coop er litt ditt, så kan du seie nei, om samfunnsansvaret er i ferd med å svinne hen.

72000 kvm butikkareal?

Kor mykje er 72000 kvadratmeter?
Den foreslåtte utvidinga av handelsparken på Brulandsvellene vert anslått over tid å kunne romme 72000 kvm butikkareal, rundt 250 bustader, og over 1500 parkeringsplassar.

Ved å drodle litt i Førde kommune sin fritt tilgjengelege 3D-modell, har eg grovskissert 3 alternative bygningsmassar som utgjer 72000 kvm, i eit forsøk på å syngleggjere kva 72000 kvm kan innebære i flate og volum, uten at desse forslaga er spesielt grundig gjennomarbeidd byformingsmessig:

Rødt: 72000 kvm spredt utover byflata – tetting av byveven.
Oransje: 72000 kvm etter skyskraparmodell – omlag 50 etasjar.
Gult: 72000 kvm på tomta til Firda Billag – type handelshus / handelspark.

Til opplysning er IKEA Åsane 36000 kvadratmeter, altså halvparten av den førespegla utvidinga på Brulandsvellene. Dei kvite voluma som er teikna inn på Brulandsvellene tilsvarar nokonlunde arealstørrelsen på planane, men er forenkla i desse skissene, så dei kan avvike ein del frå det som faktisk er lagt fram av Coop. Men i alle fall seier det noko om kva for landskap ein kan vente seg.

Bjørn-Are Vollstad
sivilarkitekt, skribent
og kjartanistansk diplomat

Drøymedugnad i Nynorskens skog

Nynorskens skog i full blomst. Montasje: Bjørn-Are Vollstad

A
ape
skape

Eg ber på ein draum om eit nynorsk vertskap i Nynorskens skog; ei levande stadfesting av språkkrafta, ein raus språkhage i kvardagen. Ein stad å gjere stas på nye og gamle tekstvekstar, frie og strie talestraumar. Ein stad å få has på språkbråk og ordhor. Ein stad for ordleik og kvasst preik. Ein stad for å verke med i den nynorske skapnaden, for å dyrke nynorskens originalitet; som lokale dialektar, som verdsspråk, som tankekraft. Ein stad for samkome, samtale, og samundring — medvitande om opphavet, med kurs for storhavet.
           
            Kroppen er eit hav huda held inne, organa er organismar, levande virvellause dyr. Skjelettet er samanpressa restar av djupe tiders livsformer, avleiringar, eit reisverk av kalk, eit rev for organa mine, ei langstrakt grunne, heftegrunn for nye opphopningar av materie. Hjernen er ein korall, hjartet ein blekksprut, lungene anemoner. Levra er ein svamp, nyrene nakne sneglar og tarmane er sjøpølser. Huda er flata som omsluttar djupet.

Dei fann, dei fann
Nynorskens skog ligg i hjartet av Førde, ved elva Jølstra, midt i Sogn og Fjordane. Fylket vårt er det nynorske grunnfjellet, ifølge Ottar Grepstad, og 97% av skuleelevane her har nynorsk som hovudmål.  Aasen fann eit språk, Torsheim ramla over eit uttrykk. Ivar lufta seg blant akkar og elg og tufta ein ny norsk, eit nytt norsk skriftmål, på talemåla våre. Oddvar spann fram Nynorskens skog i lett samkvem med Beatles-tekstar.  Språk endrar seg, og lever sålenge det uttrykkast, sålenge det pustast, enten det er ny norsk, blynorsk eller ny-by-norsk.

            Lyset møter overflata, det reflekterast, lyset treffer igjen, gir ein liknande reaksjon, så utløyser det ein refleks, ei lysrørsle, fleire rørsler, reflekterast frå refleks til refleks, ein kjedereaksjon. Etterkvart utfaldar ein refleksjon seg, fleire refleksjonar, tankerørsler, med påfølgande reaksjonar. Djupet reflekterar over flata. Overflata er havets hinne, botnen er djupets skál. Tyngda og trykket held kroppen samla. Huda omsluttar meg, er menneskets membran.

Skravlande navlar
Språk er teknologi, språk er biologi. Språk treng lunger, hjarter, hjernar, tunger. Språk treng kroppar, språk tilverkar tankar. Språk er tankeskyer; fantasi, handverk, munnverk; ordskogar, meiningskratt; er både tankeverktøy og tankestøy. Språk kan både opne og lukke draumane våre. Språket er saumen mellom draumen og den jamne straumen. Språket er åket, reiar tankeleiet, og kan råke vidt, eller berre litt. Språk skapar haldningar og manar til handlingar. Språk er særeigne organismar som vi inngår i, og som inngår i oss, som eit kretslaup, som ein verdsvev. Språket veks i og ut av medvitet, medvitet veks i og ut av kroppen, og kroppen vaks ut av mor si, her på jorda, akkurat som desse orda: Navlar avlar navlar; skravlande navlar. Kroppar stoppar, ser på kvarandre, mens navlane helsar, for så å gli forbi.

            Forstanden er sansestranda, synsranda som kastar vekselverkande lys og skugge over utsikta og innsikta. Eg ser ut av mitt eige ansikt, eg ser hav- og himmelbryn, eg ser mine eigne hårete augebryn. Eg svevar i synet, der utvendig og innvendig overlappar; ytre refleksjonars indre reaksjonar og omvendt. Verkelegheita verkar. Eg utgjer min eigen hendingshorisont, overgangen mellom det mulege og umulege i mitt eige medvit. Randa rundt mitt eige indre dragsug, krafta eg spinn rundt, krafta tankane mine spinn rundt, kreftene medvitet balanserar mot.

Talestraum, informasjonsflaum, og ein levande draum.
Språket kan bråke, og språket kan sprake, utan å orsake. Språket både veit og ikkje veit — sola står opp heiter det endå, og sola går ned — men visseleg er det vi som vender oss til og frå lyset. Språket vart til mens jorda endå var flat. Språket vakar ikkje sjølv; det er vi som må halde språkvake, i ei stadig veksande kosmisk omverd. Jorda spinn om sin eigen akse, seglar rundt sola, stjerna vår; eller som Georg Johannesen skildra det:

Vi sover i vår egen skygge
                                                          
med solen under sengen
                                                          
når jorden formørker seg selv.

Språk er like mykje tankekraft som tale og skrift. Vi veit svært lite om utgangspunktet for medvitet; det at vi veit at vi veit, at vi veit med i verda; at vi er medvitande vitner. Ut av livmora og ut i alle orda, den strie straumen; ut i informasjonsflaumen som trenger inn i den levande draumen.

            Pupillane er pulserande svarte hol som kontinuerleg sluker omverda. Verda vrenger seg, kollapsar inni meg, transformerast og reflekterast tilbake, pustast inn og ut. Universet forsvinn inn i kraniehola, verda speglvendast, og netthinna blir min natthimmel. Hjernen er stjerner, den er ein galakse, og midt i hjernekjerna er der eit levande lys, eit medvit som alt kretsar rundt. Tankekrafta er hjernestjernenes indre kjernereaksjonar, kjedeeksplosjonar som kastar lyskjegler ut gjennom auga og vindauga.
 
Språk har røter, alle orda har si historie, sjølv bokstavar snur og vender på seg:

A var eingong ein okse

drog orda etter seg

organiserte jorda

Det vi finn saman
Kan Nynorskens skog ved elvebreidda i Førde gjerast til ein relevant og tidvis kverulant kvardagsarena for den lokalglobale språkkrafta? For språkleg spik og flid og tankefryd? Språket er årenettet, for ikkje å seie skjelettet, i kulturen vår. Kultur er menneskenatur. Språk skapar fellesskap, men kan også splitte. Det er ikkje alltid ein forstår kvarandre sjølv om ein nyttar same talemålet. Språket viklast ut gjennom oss. Språket viklar samfunnet vårt ut, det vi finn saman, der vi finn saman.

Skvalder, skaldekvad og twitterkvitring
Kunne ein koble daglege nyhender med poesi? Kunne ein koble den nynorske mediekrafta i fylket, med skular og høgskular, barnehagar, med sansehagar, bibliotek og diverse festivalar? Kan skaldekvad og twitterkvitring møtast utan at det berre vert skvalder? Kva med ein ny-norsk-rapp-app? Eller ei årleg verbbøyingstevling? Eller å kombinere lynløkkeskrift med utprøvring av lokale oppskrifter? Rødbruskaviar og sumaragurk?

Draumeflaum
Draumen eg ber på ser fylket og Førde som ein endå meir aktiv og utfordrande utforskar av språkkrafta vår, tankekrafta, språkgleda. Nynorsken er utgangspunktet, men kartet er ikkje kvitt utanfor fylkesgrensene, ei heller utforbi riksrøysene. I Nynorskens skog er det grobotn for alle språk. Språkgrøde, språkglød. Bokmålet kan komme ut av bøkene, frå eteren, eller som spøkar, og den aldrande nynorsken kan både lovprise og tilgrise seg sjølv.

Så kva skjer om ein let seg gripe av den ambisiøse og uthaldande Aasen og den ville, dansande Torsheim, og freistar å få i stand, eller avle fram, eit sjeldsynt program i Nynorskens skog, midt i fylket, i nybygdebyen Førde?

Eg oppfordrar med dette til drøymedugnad for Nynorskens skog: 
1. Finn fram skrivesaker og ha dette tilgjengeleg på nattbordet.
2. Fokusere drøymekrafta på Nynorskens skog like før du sovnar.
3. Notere ned draumen straks du vaknar, eller prøv igjen neste natt.
4. Del heile eller delar av draumen din her, eller med nokon du kjenner.

Bjørn-Are Vollstad
kjartanistansk diplomat,
sivilarkitekt og skribent

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene

Stans galskapen på Brulandsvellene!

På 90talet blei Førde kåra til Noregs styggaste by. Ein by med ryggen mot elva, eit rosa handelshus, meieri og bussverkstad midt i sentrum og stor biltrafikk. Det heile framstod som utrivelig og tittelen «Noregs styggaste» var nok fortent. Politikarar og grunneigarar tok grep, fasadar blei rusta opp og det blei laga gangbruer, trapper og elvepromenader i stein. Det begynte å halte mot triveligare tider.

Er Førde i ferd med å bli kvitt stempelet som Noregs styggaste by? spurte Firda på nett. Ja svara 38,3 prosent. Men til tross for millionane som har blitt sprøyta inn for å pynte opp og bøte på skadane, så svarte heile 61,7 prosent nei. Lesarane er altså ikkje overbevist.

Eg kan ikkje svare for alle, men eg tør å påstå at at sentrumsutviklinga gjekk eit stort steg i gal retning etter at den nye «bydelen» på Brulandsvellene blei bygd. Førde Storsenter gjekk konkurs og Sentrum Sør blei nesten liggande livlaust. Store butikkar blei flytta ut av byen, og med butikkane flytta også handelen. Ikkje ein gong daglegvarehandelen vil etablere seg på Sørsida lengre.

No vil Coop bygge «handelspark» på Brulandsvellene. Storleiken er på svimlande 152 000 kvadratmeter, 6 gongar større enn Førde Torg. Investorar og handelsstand snakkar om å tette handelslekkasjen til Bergen. Handel er viktig for Førde, men blir det verkeleg betre handel av at ein flyttar den økonomiske aktiviteten ut av sentrum? Butikkdøden på Sørsida har allereie vist at det ikkje er mykje større marknad å ta av. Handelspotensialet blir heller ikkje større av å tappe sentrum, og er det ikkje betre med eit sterkt handelsknutepunkt istaden for to svake?

Førde har ikkje mykje bymiljø å skryte av, men Sentrum Sør har litt. Førde er kompakt, lett å ta seg fram i, handelen er konsentrert og det er korte avstandar mellom butikkar. Det er ein styrke for byen. Eit levande sentrum gjer Førde til ein attraktiv handelsby, men å dra handelen ut av sentrum kan ha motsett verknad. Ein vanleg effekt ar at dei mest populære butikkane flyttar inn i det nye kjøpesenteret og etterlet seg tomme lokalar. Det reduserer igjen kundegrunnlaget og gir lågare omsetnad for dei butikkane som blir igjen. Eit område med mange tomme lokaler gir intrykk av forfall, og då blir det igjen vanskeleg å etablere nye butikkar der. Resultatet av ei storstilt utbygging på Brulandsvellene kan altså bli at siste rest av det Førde har av byliknande miljø blir spist opp av ein stor og dominerande handelspark.

Ordet «handelspark» er i seg sjølv misvisande sidan det legg beslag på store mengder grønt-områder og gjer det om til ein ørken av asfalt og betong. Prosjektet er heller ikkje framtidsretta. Det er laga på bilen sine premissar, der vi skal køyre frå senter til senter. Det er heller ikkje oppløftande å sjå teikningane, som viser eit prosjekt kjemisk fritt for alt ein assosierer med trivsel, spennande arkitektur og godt bymiljø.

Det er ikkje plass til å bygge sentrum blir det sagt. Tenker dei på at at bussverkstad og bussgarasjar opptar kremen av Førde sentrum? Desse tomtene har eit kjempepotensiale til å romme bygater og handel om det er politisk vilje til det. Dessutan står Førde Storsenter tomt, det er mange ledige lokalar på Sørsida og det er rom for betre arealutnytting på øyrane, på Halbrendsøyra og langs elva. Dei gløymer også at den nye vegplanen frigjer mange godbitar i sentrumsnære områder. Store areal som er egna for bygging, investering og byutvikling. Nye vegar og gangbruer vil også lette på trafikk-situasjonen på Sørsida, noko som burde gjere det meir attraktivt å satse der.

Medan ein legg til rette for flytte handelen ut av sentrum, vil ein også plassere eit stort biloppsamlingsanlegg på sjølve indrefileten i byen, like ved båthamna.
Så når besøkande turistar spør: “Where is the Marina?”
Kan vi svare: “Jo den ligg der borte, inneklemt bak det store biloppsamlingsanlegget”.
Kva med å heller flytte bussverkstad, bussgarasjar og biloppsamling ut av sentrum, og la butikkane få bli?

Det er ikkje berre Førde som flyttar økonomisk aktivitet ut av bykjernen. Det er ein trend som skjer over heile landet. I desperasjon mot å misse handel til andre kommunar, set ein opp store, stygge og dominerande betongklossar, i god tru om å kapre kundar og få fart på sin eigen økonomi, på bekostning av andre. Ein etter ein vel bort bymiljø og trivsel, til fordel for storsenter og meir bilkøyring. Sandnes, Gjøvik, Ålesund, Langesund, Skien, Sandvika og Porsgrunn er alle triste dømer på at bymiljø og sentrumsbutikkar taper på grunn av storsenter utanfor byen som spis opp marknaden.

Utskjelte Drammen har gått mot straumen. Byen var kjend som ein av Noregs styggaste. Dei gjorde noko med det, og byen er i dag blitt ein av dei finaste. Bylivet er levande og det kryr av studentar, besøkande og tilflyttarar. Ein køyrer ikkje berre forbi byen lengre, ein stoppar og blir. Det hadde dei ikkje klart utan bevisst fokus på å skape ei kompakt og levande bykjerne, og ved å jobbe aktivt for å unngå byspreing og auka bilavhengighet. Ein kan klare det same i Førde, men då må politikarar la være å støtte prosjekt som tappar sentrum for handel og økonomisk aktivitet.

Fortener Førde fortsatt stempelet som Noregs styggaste? Eg synst ikkje det. Arbeidet som er gjort langs elva og i Storehagen er fantastisk. Men eg trur Coop sine planar om eit nytt monsterbygg på Brulandsvellene er eit stort steg i gal retning. Legg heller til rette for investeringar der butikkane ligg i dag. Det vil være bra for trivselen og ikkje minst bra for handelen. Ein slik by har folk lyst å besøke, handle og bo i.
Så kjære Coop og ordførar Olve Grotle: Vær så snill å ikkje gjere Førde styggare enn det det treng å være. Invester heller i sentrum og dropp galskapen på Brulandsvellene.

Tekst og foto: Martin Fjellanger

Førde – med fare for å gjere opp att dei same feila

Førde har som kjent ambisjonar som by, og erkjenner ha gjort sine feil opp gjennom åra. Det har kome løfte om at alt skal bli så mykje betre. Førde kommune har opp gjennom åra laga fleire sentrumsplanar om Førde, og har hyra inn dei beste planleggingskonsulentane i landet med fleire utgreiingar av ulike fagrapportar og planar for sentrumsutvikling og byutvikling.
Les meir…

Det nye rådhuskvartalet i Førde

Det har vore presentert 6 ulike skisseframlegg av det nye rådhuskvartalet i Førde sentrum både i avisa Firda og på kommuneheimesida og har også vore utstilt i Utstillingsalen på Førdehuset i perioden frå 17 september til 9. oktober.
Utkasta verkar spennande, og eg trur nokre av forslaga kan brukast og såleis vere aktuelle kandidatar for realisering, medan andre er litt tvilsame om dei i det heile kan realiserast utifrå storleik i kostnad og eigedomsforhold, men det blir då i så fall eit forhandlingsspørsmål mellom partane i området. Det blir opp til juryen og ikkje minst kommunen med dei folkevalde å avgjere kva planløysing dei vil velje.

Personleg tykkjer eg er nokre av utkasta verkar gamalmodige med preg av den tradisjonelle 60-70 tals arkitekturen med firkanta blokker i kontrast med vestlandsvêret i det typiske regnlandet som Førde er ein del av. Førde har ein del hus/bygg med flate tak, og treng vi fleire av dei? Andre av framlegga er litt meir spenstige med skråtak i fleire vinklar og har som regel ein fordel i at regnvatnet renn snøggare vekk, som framlegga til ”Rådhusplassen” og ”Jølstra på tvers.” Det er i alle fall vurderingar ein må ta i samband med tanke på vedlikehald og bruk av materiale.

Ei anna side er at på nokre av arkitektframlegga, kan ein lure på om kva for eitt av dei bygga som er rådhuset og kva som er hovudinngangen?

Dette bør vere avgjerande moment for val av planløysing. For ingen er vel tent med må å måtte gå kvartalet rundt for å finne inngangen til rådhuset. Framleis møter eg folk som spør kor det noverande kommunehuset er.

No treng ikkje situasjonen vere låst, og det vil vonlegvis vere rom for justeringar i det utkastet som eventuelt blir valt, slik at skissene som er lagde fram, ikkje gje det heile og fulle biletet av korleis rådhuskvartalet kjem til å sjå ut når både utbyggjar og arkitekt har kome fram til den endelege planløysinga. Men skissa kan gje ein peikepinne om korleis forma kan bli og det kan vere lurt å gjere kommunen som planleggjar merksam på nye moment.

Mitt råd til juryen og dei folkevalde er at rådhuset bør stikke seg fram og vere eit tydeleg bygg som er karakteristisk og syneleg i bybiletet slik at det er lett å finne fram. Sjølvsagt kan ”prikken” over i-en vere at rådhuset har eit klokke med visarar på framsida som td. i skisseframlegget ”Byens hus” med eit synleg kommunevåpen som folk kan orientere seg etter. Klokkeur er noko som er særeigen detalj for mange rådhus rundt om i Europa og i verda elles. Rådhuset bør vere ein sosial møteplass både innanfor og utanfor.
Innanfor kan rådhuset fungere som ei slags vidareføring av Førdehuset , som ein sosial møteplass og ei kjelde for informasjon om det som skjer i kommunen der vedtak vert fatta og der folk har høve til å følgje møta. I tillegg vil rådhuset huse fleire offentlege tenester, som sørvistorg med bibliotek/mediatek, NAV, skattekontor, kommunelækjar og -tannlækjar osv., og såleis oppfylle kommunen si målsetting om nærleik til folket, som dei kan vende seg til om ulike saker.

Bystyresalen bør også vere til allmenn bruk, for folkemøte, kongressar, tilstellingar og konsertar og andre arrangement. Det bør vere Kafe/kafeteria/kantine med høve for uteservering, og ikkje minst, offentleg toalett. Rådhuset bør sjølvsagt tilfredsstille krava til universell utforming, karbonnøytral oppvarming og ENØK-tiltak.

Planmessig bør rådhuset følgje retningslinene for sentrumsutvikling i Førde med byrom og aksar der hovudinngangen til rådhuset ligg den opne plassen, Langebrutorget.
Så bør ein skrinleggje spontanforslaget frå Botforkonferansen, som var ein idédugnad om byutvikling arrangert av kommunen hausten 2008 der forslaget var å opne opp att heile gamlevegen gjennom Hafstadvegen.
Det var eit lite gjennomtenkt forslag som ikkje ville lette traffikkflyten gjennom sentrum i nemneverdig grad og ikkje er nokon god byutviklingpolitikk dersom intensjonen var å skape ein mindre trafikkert sentrum til fordel for mjuke trafikkantar. Ein må finne andre løysingar som stimulerar folk til å sette frå seg bilen og gå eller sykle meir. Sidan ordførar Nils Gjerland har lansert ideen om sykkelbyen, noko som er positivt, må ein følgje opp for å gjere det lettare for folk å sykle meir.
Langebrutorget som skal fungere som ein sosial møteplass, kan nyttast til både torgsal og ulike arrangement og tilstellingar som sommarfesten, Førdefestivalen og meir. Dette kunne utviklast til ein open plass med fontene, benkar, tre og skulpturar laga av profesjonelle kunstnarar for utsmykking både lokale og nasjonale så vel som internasjonale kunstnarar på ulik område.

Eit rådhus, strategisk plassert, vil bidra til å fortette sentrum og skape allmenningar og kvartal som gjev meir luft og skaper trivsel i byrommet, som skissert ”Byens rom”. Dette er meir i tråd med retningslinene for sentrumsutvikling, noko som Førde treng, særleg i sentrum sør. Ei kvartalløysing med forretningar, kontor og bustader vil skape meir liv i området.

Oppsummeringsvis, bør eit eit rådhus som ligg midt i ”smørauget” vere synleg og tilgjengeleg for folk samstundes som både sjølve rådhuset og området skal framstå som attraktivt og at innbyggjarane skal få eit eigarforhold til bygget.

Sigbjørn Løland Torpe, Førde.

Hafstad bydel - byutvikling

SV er glad for at reguleringsplanen for Hafstad bydel endeleg vart vedteken med eit klart fleirtal i bystyret (torsdag den 26. mars 2009) mot Frp sine 2 røyster i spørsmålet kring etablering av moske, men ikkje mot katolsk kyrkje.

Fleirtalet valde å sjå vekk frå desse mytologiske påstandane frå Frp og deira sympatisørar, om at moskeen vil representere ei snikislamisering.
Desse påstandane om snikislamisering er etter vår meining tull.

Det som er sikkert er at slike påstandar representerer ei generalisering og stigmatisering av ei enkeltgruppe, noko som i alle fall ikkje er eit framsteg, men eit tilbakesteg til tidlegare tiders fordommar.
Vi meiner muslimar så vel som andre trussamfunn er velkomne hit til å bu i Førde og fylket vårt, og skal byen og fylket vårt vekse, pliktar vi å gje plass for folk med ulike religionar og livssyn. Noreg har trusfridom som gjev folk høve til å byggje sine eigne forsamlingslokale.

Det er ikkje noko nytt at Førde har andre trussamfunn enn statskyrkja. Då kan vi ikkje stenge ute enkeltgrupper.

All honnør til vår bystyregruppe saman med fleirtalet i bystyret som sørgde for at reguleringsplanen for Hafstad bydel blei vedteken. Det vil i alle fall gje framdrift for det det nye bydels- og idrettsparkprosjektet, det er på tide å sjå framover og sjå både utfordringar og moglegheitene denne planen gjev med å få eit attraktiv område med ein heilskapleg plan med moglegheiter for sykkeltrase frå sentrum og opp til Vie.
Klima- og Miljøplanlegging bør vere sentralt for utviklinga av Hafstad bydel. Det må vise att i planlegginga av området og i framtidige planleggingar av andre område i kommunen.

Når byparken, idretts- og kulturparken snart er ein realitet, vil det generere eit endå større aktivitetsnivå. Då har vi kanskje ei fantastisk moglegheit til å gjere Førde til ein føregangsby- og kommune med omsyn til universell utforming.

Den nye barnehagen, bustadane, forsamlings- og næringsbygga som kjem til å bli etablert, bør ha ENØK-tiltak og universell utforming slik at ulike grupper kan bu i same området i eit integrert miljø.

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Førde SV.