Viser arkivet for stikkord e39

E39 gjennom Sogn og Fjordane.

Dette er no av AP, SP og Høgre vorte til ein krangel om ei dyr brukryssing av Nordfjorden. Grunnen til dette er vel å dekke over at det er gjort lite på E39. Vegen mellom Bogen og Byrkjelo er av så dårleg standard at det med dagens løyvingar vil ta over 30 år å få gul stripe på strekninga sjølv med bompengane til desse tre partia. Då er det bra med litt avledande brusirkus i Nordfjord. Dette bit avisene og NRK på. Desse partia har alle Handlingsregelen, som begrensar løyvingane til veg, og fordelinga av armoda mellom fylka er etter folketal. Då kjem Sogn og Fjordane dårleg ut med lite folketal og dyrt terreng å bygge veg i. Dette viser att på vegane. Kvifor veljarane gong etter gong vel inn att desse partia på stortinget som har gjort Sogn og Fjordane til eit stagnasjons- og kranglings-fylke er for oss i Kystpartiet uforståelig. Sogn og Fjordane er det fylket som yter mest til fellesskapet pr innbyggar og får minst att til vegbygging. På Mongstad fordampar skattepengane, som kunne gått til ein kystveg frå Bergen til Ålesund, i eit CO2-fangstanlegg som er heilt meiningslaust. På Lutelandet skjer ingenting. Ved eit ras eller ei ulukke på E39 eller E16 så er det ikkje omkøyringsmogelegheiter eller desse er av ein slik standard at det blir kaos med ein gong. Kystpartiet vil krevje å få Sogn og Fjordane sin del av vegløyvingane auka så me får ein vegstandard som resten av landet har.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet.

E39 - Nordfjordkryssing - sannferd og omdømme

I eit velregissert framstøyt sende Nordfjordkryssing AS nyleg pressemelding til eit samla mediemiljø i Sogn og Fjordane og truleg også i nabofylka med overskrifta:
”Victor D. Normann – E39 må gå over Lote/Anda”.

I pressemeldinga viser Mats Andersson ved Nordfjordkryssing AS til ein rapport som er laga av Samfunns- og næringsforskning med professor og tidlegare statsråd Victor D. Normann i spissen på oppdrag frå Nordfjordkryssing AS. I NRK si nettutgåve oppmoda Andersson flest mogleg å lese rapporten.

Eg sende epost til Mads Anderson i Nordfjordkryssing med oppmoding om å få rapporten tilsendt – utan resultat.

Eg har fått tilgang til eit ”Revidert utkast, 19.12.2012” på 4 sider, som nokre hevdar er ”forskningsrapporten”. I NRK sin omtale etter pressemeldinga står det innleiingsvis: ”Det kjem fram i ein ny rapport”. I dialog med media, kjem det fram at nokre medier berre har fått side 1 og 4 av rapporten frå Nordfjordkryssing AS, medan andre ikkje har fått den ”nye forskningsrapporten” i det heile.

Kvifor?
På side 2 i det revidert rapportutkastet står det: ”Indre konsept vil føre til at Gloppen kommer innenfor pendlingsavstand fra Stryn, men det vil ikke være pendlingsavstand mellom Gloppen og Eid, og verken Gloppen eller Eid blir integrert med arbeidsmarkedet i Ørsta og Volda”.
På side 3 står: ”Eid og Gloppen blir imidlertid liggende så langt fra hverandre og så perifert i forhold til aksen Stryn – Volda at disse lokale koblingene ikke vil føre til at Gloppen og Eid blir del av det regionale arbeidsmarkedet fra Stryn til Ørsta”.

For å sitere eit velbrukt ordtak: ”Den må du dra lenger på landet med for at nokon skal tru deg!”. Gloppen og Eid er innan akspetabel pendlaravstand og –tid, utan bru! Kjem Eid nærare Ørsta og Volda med bru Anda – Lote? Gloppen vinn kanskje 10 minutt med bru.

Professor Torger Reve har laga ein rapport over verdiskapinga ved E39 i Hordaland.
Der er det snakk om at vegen skal gå i bru over Bjørnafjorden eller den lengre strekninga om Fusa og Tysnes. Bergens Tidende omtalar utsegner frå Reve slik: ”En som er soleklar i sitt valg av trasé er BI-professor Torger Reve. Han har laget en rapport om verdiskapningseffekten av ny E39, og mener at det ekstra kvarteret reisetid rundt Fusa kan være avgjørende for at mye av effekten forsvinner.”

Korleis kan 2 professorar kome til så vidt forskjellege konklusjonar rundt same tema?
I Hordaland vil verdiskapingseffekta forsvinne med 15 minutt lenger køyretid, men i Sogn og Fjordane vil 23,5 minutt lenger køyretid bygge opp om verdskapingseffekta?
Kvalitetssikraren Terramar som Anda – Lote tilhengarane ofte viser til, slår fast i sin rapport: ”For eksempel er besparelse av reisetid ett av de viktigste bidragene til trafikkantnytte i den samfunnsøkonomiske analysen”. (KS1 side 41)

Rapporten til Victor Normann konsentrerer seg i for stor grad om internkommunikasjonen i Nordfjord og søre Sunnmøre og i for liten grad om den nasjonale gjennomfartsåra E39 skal vere. Men det var vel kanskje også oppdaget?

Det er kjendt at Nordfjordkryssing over tid har levert omtrentleg, tendensiøst tilpassa og til tider graverande feil informasjon.
• Bu- og arbeidsmarknadane har variert frå 30´ – 60.000 alt etter kven som er mottakar av informasjonen.
• I fjor haust vart det sendt brev til samferdselsministeren med så graverande feilinformasjon at ordførarar i 2 kommunar, som vart framstilte som avsenderar av brevet, måtte ut og dementere innhaldet.

I pressemeldinga blir Norges Handelshøyskole i Bergen framstilt som utgreiar av rapporten. Det er då vitterleg eit selskap som kallar seg SNF som står bak ”forskninga”.

Eitt skal Nordfjordkryssing AS ha: Presseoffensivane dykkar er velregissete og godt koordinerte. No sist i samband med presentasjonen av Victor Normann sin ”nye forskningsrapport” (som er 4 månader gamal). Samtidig som Nordfjordkryssing AS sender pressemelding, sender ordførarane i Gloppen og Eid brev til samferdselsministeren der dei også omtalar den ”nye forskningsrapporten”.

Mangelen på etterretteleg innhald er no i ferd med å rokke ved omdømmet både til Nordfjordkryssing AS og til eigarane av selskapet. Største aksjonæren, Sparebanken Sogn og Fjordane, er avhengig av tillit i all si verksemd. Kor komfortable føler de dykk med det som har skjedd og sker gjennom selskapet?. Omdømmebygging er prosessar som tar lang tid, er lett å rive ned og endå tyngre å reetablere.

Rune Sandbakk
Stryn

E39 Skei - Ålesund og kvalitetssikring

Gjennom media har det over tid vore stor merksemd på at Kvalitetssikringsrapporten (KS1) konkluderer med at kryssinga av Nordfjorden bør skje ved Anda – Lote.

Kva er kvalitetssikring?
Oppdraget til kvalitetssikrarane var å kvalitetssikre arbeidet som var gjort med KVU´ane – i dette tilfellet Skei – Ålesund. I tillegg stod kvalitetssikraren fritt til å gi ei sjølvstendig alternativanalyse og kost-/nyttevurdering der dei kunne bruke andre føresetnader enn det Vegvesenet var pålagt av Vegdirektoratet å bruke i sitt arbeid.
Slik eg forstår status i dag, finst det ikkje omforeinte modellverktøy som tar godt nok omsyn til alle pararmeter dei forskjellege aktørane ønskjer vektlagd når det gjeld samfunnsnytte.. Det er derfor å tru at KVU´en for Skei – Ålesund tar tilfredstillande omsyn til kost-/nyttevurdering og medverkar til å oppnå det som er gitt i mål og krav for utgreiingsarbeidet.

Kvalitetsikraren godkjenner arbeidet som er gjort i KVU Skei – Ålesund !
Etter å ha lese KS1, kan eg ikkje sjå at kvalitetssikraren har vesentlege innvendingar mot det arbeidet som er gjort i KVU på noko punkt. Det lengste dei strekkjer seg er: ”konseptene kunne vært bedre utredet og dokumentert, men anses å være tilstrekkelig”.
Altså: Kvalitetssikraren har ikkje vesentlege innvedingar mot det arbeidet som Statsens Vegvesen har gjort. Såleis blir det feil, når merksemda blir på Kvalitetssikraren sitt alternativ som har brukt føresetnader vi i dag veit ikkje kan godkjennast, og ikkje på sjølve kvalitetssikringa. I beste fall er Kvalitetsikraren sitt alternativ ein ny KVU. Kven kvalitetssikrar Kvalitetsikraren?.

Oppsummert:
• E39 Anda – Lote/Stigedalen (K6 som Fergelista på Møre har presisert er det einaste gangbare for dei) blir minst 4,1 milliardar dyrare.
• E39 Anda – Lote/Kvivsvegen K4 (S-en med tunnel til Skredestranda som Eid kommune har gått inn for, og ikkje Stigedalen) gir 23,5 minutt lenger reisetid og vil for det store fleirtalet av reisande bli sett på som ein ekstra ”strafferunde”.
• E39 Anda – Lote blir om lag dobbelt så forureinande (CO2 og NOx) som K10
• E39 Frøholm – Svarstad (K10) opnar for dagpendling på flest reiserelasjonar og knyt saman flest nye arbeidsmarknads-, bustad- og serviceregionar (ABS-region) – inkludert Kvivsregionen.
• Den heilt nye ABS-regionen blir meir kompletterande enn alternativet Anda – Lote, og gir andre og nye moglegheiter for Gloppen.
• K10 gir tunnel gjennom Utvikfjellet og er konseptet som gir største reisetidsreduksjonen og det største bompengegrunnlaget.
• Bru Anda – Lote gir 10 minutt kortare reisetid Førde – Stryn. Tilsvarande gir bru Frøholm – Svarstad 40 minutt kortare reisetid.
• Fylkeskommunen vil få refundert anleggskostnader for FV60, som kan nyttast til andre sårt trengande fylkesvegprosjekt – som fylkeskommunen i dag ikkje finn pengar til.
• Ved K10 blir reisetida frå Stryn til Sandane halvert frå dagens 77 min til 35 min, noko som kan gje større bruk av flyplassen Anda.
• Stryn har flest og størst landverts omlastningsterminalar for gods i Nordfjord og har i tillegg til å vere kommunikasjonsbindeledd nord – sør og tilsvarande funksjon aust-vest.
• Stryn er største reiselivskommunen mellom Bergen og Ålesund.
• Stryn er i dag den mest folkerike av kommunane i Nordfjord og har ein framskiven folketalsutvikling til 2018 som er like stor som resten av kommunane i Nordfjord til saman.
• Der fins ingen K10 utan bru Frøholm – Svarstad
• Eid og Sandane ligg alt i dag innan akseptabel pendlaravstand og -tid
• Stad Skipstunnel er ute dersom SP ikkje går for K10
• Utsiktene for Kystvegen er monaleg større ved K10 enn E39 Lote – Anda
• Kan brutårna Anda – Lote bli til hinder for flytrafikken på Anda Lufthamn?

Stadig fleire sluttar seg til tilrådingane i KVU. ”Det er inga skam å snu!”. God Påske!

Førde; 11. mars 2013
Ragnar Skarstein

Tru på bru!

Sogn og Fjordane Unge Høgre ynskjer ein tett og samanhengande region. For å oppnå dette må me samle fylket. I dag vert ferjer sett på som noko idyllisk og attraktivt. Dette meiner i alle fall turistane, men det er på tide at me kjem oss ut av bobla og vidare i utviklinga. Ved bygging av bru vil ein få det me i Sogn og Fjordane Unge Høgre vonar – ei samanbinding av fjordar, tettstader og øyar. Me meiner at dette er ein av grunnsteinane for eit Sogn og Fjordane som heng med i utviklinga.

Ein fungerande og god infrastruktur er det mest vesentlege for at ein plass eller region skal vere attraktiv for både innbyggjarar og tilflyttarar. I ei tid der teknologien er i stadig utvikling og ting skal skje snøgt, er det sjølvsagt at infrastrukturen skal vere effektiv.

Bygging av bruer og automatiske bomstasjonar vil føre til at store og små kommunar vil få ei samankopling som er lønnsamt for folket og statskassa. Bilistane kan få ei effektiv køyrerute, medan statskassa kan få eit innskot som i lengda vil kunne dekkje kostnadane for utbygginga.

Bruer gjev nærleik og integrering, og det er nett det me treng i Sogn og Fjordane. Eit døme er brua på Sotra i Hordaland. Der stod det ei tofelts bru ferdig allereie i 1972, og har vore samband mellom Sotra og Bergen. I 2011 hadde den heile 26 000 passeringar. I dag er planlegginga av ei ny firefelts bru i gang. Dette syner at brua har vore ei glimrande løysning på det tidlegare ferjesambandet. Eit anna døme er Askøybrua som stod ferdig i 1992. Brua har vore den klare faktoren til at dei ligg på 3.plass på ei nasjonal rangering over kommunar med høgst folkevekst.

Me i Sogn og Fjordane Unge Høgre ser på det som særs konstruktivt å kunne lære av slike suksesshistorier. Bruer kan byggjast i pakt med naturen, ei bru må ikkje vere stygg. Den fyrste ferja kom til Sogn og Fjordane rett etter krigen. Er tida inne for at ferja har gjort sitt? Ja til bru!

Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Unge Høgre

Sjøfartsdirektoratet – når sunn fornuft er gått fra borde.

Avsløringene i statlig virksomhet om inkompetanse, mangel på initiativ og ledere som skjuler seg bak lover, forskrifter og ”systemer”, er urovekkende. Når sunn fornuft og menneskers sikkerhet settes til side til fordel for paragrafrytteri, er det grunn til å sette ”myndighetspersonens” vurderinger i et kritisk lys. Les videre, og se hva som utspant seg på en ferge fra Lavik til Oppedal sent søndag kveld.

Etter timers venting, blir man omsider vel plassert på nedre bildekk om bord i den etter hvert antikvariske fergen ”MF Gloppen”. Smekkfull ferge, og det er lite attraktivt å stå i kø i salongen – de fleste blir derfor sittende i bilene, hvis de da ikke har andre presserende ærend. Ved avgang Lavik banker en hyggelig offiser på bilvinduet og forteller at det ikke er tillatt å sitte i bilen på dette dekket under overfarten. Sjøfartsdirektoratet har innskjerpet reglene, forteller han, en smule oppgitt i stemmen, og fortsetter sin utakknemlige runde på bildekket.

Direktoratet mener altså at alle på dette bildekket skal søke seg ned i salongen – ett dekk under, i bunnen av ferga. Dypere kommer du ikke – salongen ligger under vannlinjen – bildekket over. De som er litt kjent med denne snart 30 år gamle fergen, opprinnelig bygd for trafikk mellom Askøy og Bergen, vet at det er stupratte trapper mellom salongen under vannlinjen og bildekket over. Korridorer og trappesjakter opp til øvre bildekk (to dekk over salongen) er uoversiktlige og til dels trange. Skal de 521 passasjerer plutselig ta seg opp gjennom denne labyrinten, er kaoset komplett, og resultatet lett å forutse.

På de ”forbudte”, nedre bildekket derimot, er det store luker for opp-/nedkjøring til øvre bildekk. Forut og akter. Her er det sikkert en evakueringskapasitet på mer enn 150 mennesker pr minutt og for hver av lukene. I tillegg er det i skutesidene på begge sider, store side dører som ”Askøy-Bergen” brukte for å fylle / tømme fergen effektivt. Hvis ikke Sjøfartsdirektoratet har beordret gjensveising av disse dørene da..Det er min påstand at fergen ”Gloppen” kan tømmes for passasjerer på langt kortere tid dersom evakueringen skjer fra nedre bildekk og ikke fra ”akvariesalongen” i dypet.

Vi passasjerer må altså ta en økt risiko på denne reisen fordi det er utferdiget et underlig myndighetsdirektiv. En paragraf i regelverket er viktigere enn å foreta en risikovurdering basert på de faktiske forholdene ombord – og sunn fornuft settes uten videre til side.

Det er bare en måte å øke kvaliteten hos lederne i det offentlige: Det er å ansvarliggjøre dem for deres handlinger, avgjørelser og vedtak. Disse etatene og organene er tross alt satt der for å ivareta innbyggernes interesser, vår sikkerhet, vår helse og effektiviteten i samfunnet. Ledere som framtvinger underlige avgjørelser – eller som viser ”grov uforstand” i jobben sin – må stå fram med navn og bilde. Akkurat nå er det en eller annen i Sjøfartsdirektoratet som må vise sitt ansikt. Ikke skjul deg i ”systemet”.

Deretter kan vi kanskje trekke fram vedkommende, bortgjemt på et kontor hos Statens Vegvesen, region Vest, Leikanger, som er ansvarlig for den katastrofale trafikkavviklingen på fergestrekningen Lavik- Oppedal.

E39 og kryssing av Nordfjorden - eit drama i mange akter -

KVU´en (konseptvalsutgreiing) for E39 Skei – Ålesund seier innleiingsvis: ”Samferdselsdepartementet kan ikke se at Stortingets behandling av stamvegmeldingen fra 1994 bør legge begrensninger eller føringer på konseptutvalgutredningen for Skei – Ålesund. Departementet vil påpeke at KVU er et faglig dokument, som bør omfatte alle de alternative traséer (konsepter) som anses aktuelle, både lenger vest og lenger øst, enn der E39 går i dag. Prosjekt på strekningen som er startet opp, må på vanlig måte ligge som en premiss i KVU-arbeidet”.
Vidare har KVU´en desse måla:
• Samfunnsmål: ”I 2040 skal transportsystemet i korridoren vera effektivt, tilgjengeleg, påliteleg og ivareta behovet for kommunikasjon for bu- og arbeidsregionar”.
• Effektmål:
1. Kortare reisetid Skei – Ålesund
2. Reduserte avstandskostnader Skei – Ålesund
3. Regional utvikling, felles bu- og arbeidsregion
4. Påliteleg og tilgjengeleg E39

Sidan etableringa har det ikkje mangla på innspel i media frå Nordfjordkryssing AS. Selskapet har som si einaste oppgåve å arbeide for at E39 skal krysse Nordfjorden ved Anda – Lote og må såleis sjåast på som eit lobbyselskap. Då KVU´en kom, hadde forkjemparane for kryssing ved Anda – Lote presentert sine argument gjentekne gongar for å blir høyrde. Då KVU´en tilrådde fjordkryssing ved Svarstad – Frøholm, vart det retta kritikk mot dei som hadde jobba med KVU´en og metodane og modellane som var brukte.

Retorikk
Noko av retorikken som har vore brukt frå Nordfjordkryssing AS har til tider virka underleg og lite dokumentert for meg. Trass tidlegare oppfordringar om å dokumentere påstandane, har eg så langt ikkje sett det.
• Støttar du midtre alternativ (Anda – Lote) er du med å byggjer regionen, fylket og Vestlandet. Er du i mot, set du heile fylket tilbake i tid. Kvifor og korleis?
• I ein tidleg fase vart det hevda at regionen vart sett 30 år tilbake i tid om Anda – Lote ikkje vart vald. Like før presentasjonen av KVU´en vart dette endra til 50 år for å understreke alvoret. Korleis underbyggjer de dette?
• Bru Anda – Lote skapar ein bu- og arbeidsregion på 60.000 menneske. Kven blir rekna med her?.
• Vegvesenet blir skulda for å starte ein omkamp ingen har bedt om. Korleis?
• Eit av innlegga frå Nordfjordkryssing AS tolkar eg slik at der standpunkt ikkje kan underbyggjast fagleg, kjem politikken inn.!!

Omkamp på kva?
Leiande bedriftsleiarar og fylkespolitikarar har ved fleire høve gitt uttrykk for kor øydeleggjande og utarmande stadige omkampar er for fylket. Då KVU´en låg føre, vart det framstilt som det var dei som respekterte resulatatet av KVU´en, med tunell gjennom Utvikfjellet, som skapte omkampen. Dette er ei merkeleg framstilling. KVU er levert i samsvar med oppdraget frå Departementet og det er KVU´en det no skal takast stilling til.

Faglege råd og prosessar
På dei fleste samfunnsområde skjer større investingar med grunnlag i faglege tilrådingar. Når det gjeld veginvesteringar knytt til kryssing av Nordfjorden, synest det vere slik at faglege råd skal underkjennast og investeringane skal skje med bakgrunn i politiske hestehandlar. Det er trass alt nytta spisskompetanse på området for å få fram løysingar som gir best samla effekt.

Satse på ungdom med kompetanse
Eg følgde siste fylkestinget i Sogn og Fjordane via NRK på internett. Her poengterte fleire fylkespolitikarar kor viktig det var å finne strategiar/prosessar for å få høgt utdannna ungdom til å flytte til fylket. I KVU-arbeidet vil eg tru det har delteke høgt utdanna som har kome heim/flytta til fylket. Måten fleire av fylkestingrepresentantane ser ut til å handsame konklusjonen i KVU´en, gir ein klar bodskap om korleis dei verdset og vurderer arbeid frå høgt utdanna.

Uttalerett – ikkje avgjerdsrett
Det kan vere eit gode at politikarane på fylkestinget berre har uttalerett i saka. Det er arrogant når politikarar tar bastante standpunkt før faglege utgreiingar og konsekvensar ligg føre og i etterkant på klønete vis forsøker å stå ved tidlegare standpunkt. Etter mi vurdering må faglege vurderingar vege tyngre enn lokalpolitiske omsyn. Det ligg no føre velbegrunna og underbygde rapportar for heile vegen si oppgåve. E39 skal ha ein effektiv funksjon for heile Vestlandet – ikkje først og fremst for internkommunikasjonen i Nordfjord.

Transportkostnader og utnytting av investeringar
På strekninga Skei – Ålesund er det rekna ei halvering i transportkostnadene for tunge køyretøy med E39 gjennom Utvikfjellet i høvet til dagens trasé. Skal det køyrast på kryss og tvers i Nordfjord oppnår tungtransporten ikkje dette.
Ferjekaia på Anda blir i desse dagar opprusta for ca 100 mill. Ei dårleg investering om den ikkje skal brukast?

Gåvepakke
For meg framstår det som eit godt alternativ at fylket får frigitt kr 300 mill ved at staten overtar FV60 Byrkjelo – Stryn og ikkje minst at ein sparer minst 2 milliardar på traséen Skei – Ålesund gjennom Utvikfjellet i høve til om den skulle gå via Anda – Lote. Eg kjenner ikkje dei samla årlege investeringane i riksvegar i landet, men om 2 – 3 milliardar ikkje betyr noko i samanhengen, lurer eg på kvifor vi ikkje har ein betre vegstandard enn vi har i dag.

Samling om faglege tilrådingar
E39 gjennom Utvikfjellet gir dei beste ringverknadane for kommunane; Gloppen, Stryn og Eid – alt innan ein 45 minuttars region. Det oppnår ein ikkje ved bru Anda – Lote og utan tunell gjennom Utvikfjellet. Sjølvsagt må tilførselsvegen Sandane – Byrkjelo rustast opp. E39 gjennom Utvikfjellet kan gi store positive ringverknader for Byrkjelo, som også er ein del av Gloppen kommune. Det er å håpe at tida er moden for å samlast om dei faglege og godt dukumenterte tilrådingane som ligg føre – både frå Statens Vegvesen og Fylkesrådmannen?.

Ragnar Skarstein
Førde

Med vegstrid skal E39 byggjast!

I byrjinga av april hadde underteikna eit lesarbrev i Firda med overskrifta “E39: Ein perfekt vegstrid”. Eg er sjølvsagt takksam for Svein Ottar Sandal sitt svarinnlegg den 15. april i same avis, bortsett frå kommentaren: “Eg veit ikkje kor godt ein bergensar kjenner geografien i Nordfjord”.

Til Svein Ottar Sandal si opplysing så er eg oppvaksen midt i tjukkaste Sogn og Fjordane: Førde. Meg bekjent har Førde fostra minst ein samferdsleminister det enno går gjetord om. Har dermed skaffa meg førstehands innsikt i lokalgeografi og elles dei fleste stridane om samferdsla i dette fylket. For å bli ekte bergensar krevst det ikkje så reint lite. Å bu 11 år samanhengande i Bergen er vel ingen stor prestasjon i så måte.

Eg sluttar meg gjerne mange av synspunkta i Per Ytrehus sitt lesarbrev i Firda den 14. april, der det mellom anna blir poengtert at: “Vegvesenet har peika på at av dei aktuelle alternativa fell Byrkjelo-Stryn-Grodås gjennom Kviven til Volda best ut både økonomisk og rasjonelt…”
Elles skal eg vere raus nok til å vedgå at E39 gjennom midtre Nordfjord i det minste vil vere det nestbeste vegtrasêvalet, og dermed også eit heilt kurrant alternativ.

Svein Ottar Sandal har sikkert rett i at E39-alternativet gjennom midtre Nordfjord vil vere positivt med tanke på vyer om å utvikle eit bu- og arbeidsmarknadsområde med 60 000 innbyggjarar, men eg deler ikkje hans frykt for at E39-alternativet gjennom Indre Nordfjord vil vere ein katastrofe for Gloppen. Anda-Lote er utvilsamt eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt som truleg lar seg realisere som bompengeprosjekt uansett.

Det er prisverdig at Svein Ottar Sandal står opent fram i Firda si lesarbrevspalte om at hans val av E39-trasê først og fremst handlar om omsynet til lokal- og regionaltrafikk, dernest gjennomgangstrafikken. Det er dessverre grunn til å tru at E39 Bergen-Stavanger vert ferjefritt lenge før Skei-Volda. Nordfjordingar går for å vere eit sindig og roleg folkeslag, men lynnet endrar seg raskt når samferdsle vert eit tema.

Hallgeir Løland Torpe, Bergen

E39: Ein perfekt vegstrid

I Firda den 6. april står det å lese at Svein Ottar Sandal (røynd fylkespolitikar frå KrF) fryktar at ny E39-trasê gjennom Indre Nordfjord (tunnel under Utvikfjellet, fjordkryssing ved Innvik og påkobling Kvivsvegen) vil vere ein katastrofe for utviklinga i Gloppen. Slikt kallast grendapolitikk!

Har stor forståing for at folk i Gloppen helst vil at E39 i framtida skal gå ferjefritt over Anda-Lote, men for langtidstransporten på Vestlandet sin del vil nok det kortaste vegtrasêalternativet gjennom Indre Nordfjord vere best. Vestlandet treng definitivt ein skikkeleg kyststamveg, men ein bør ikkje la det gå grendapolitikk i dette!

Det blir dessverre ikkje lyntogsatsing i Sogn og Fjordane med det aller første, men ein kan jo håpe på rassikre europavegar med kvit midtstripe.

Hallgeir Løland Torpe, Bergen

Olden - Innvik har utspilt sin rolle i samfunnet ...

Etter å ha hørt utspillet til Per Sandberg i FrP i dag på lokalnyhetene, så må jeg si at jeg er helt forskrekket over hans politikk. Jeg har tidligere hatt gode relasjoner til FrPs samferdelspolitikk, men dette gjør meg rett og slett forbannet.
Han sier rett ut at han vil overkjøre lokaldemokratiet i Sogn og Fjordane, og få stoppet byggingen av Dalsfjordbrua. Han mener at han vet bedre, og at han vil gjøre det han mener er til det beste for dette fylket. Hva vet vel han, som knapt vet hvor Sogn og Fjordane ligger på kartet.

I motsetning til regionene Nordfjord og Sogn, har Sunnfjord fått lite midler til vei de siste 40 årene. Det kan man telle i antall meter med gul midtstripe for eksempel. Spesielt lite har det kommet til HAFS, og Askvoll kommune har bare en veiforbindelse ut av kommunen, som kun eksisterer fordi private personer har betalt den – derav navnet “Folkelånsvegen”.
Folk utenfor HAFS evner ikke å se Dalsfjordbrua i en større sammenheng enn en dyr vei mellom to små kommuner. De ser ikke at den nå pågående kampanjen for en kystvei faktisk inkluderer Dalsfjordbrua, for å få en sammenhengende trafikkåre på kysten, fra Ålesund til Bergen – og det måtte da være i FrPs ånd at kommuner som Fjaler og Askvoll kan knytte seg sammen, og eventuelt slå seg sammen til større enheter – slik politikken deres tilsier? Videre driver fortsatt folk med misvisende fakta, som at brua alene skal koste en milliard, og garantert blir dyrere og at den bare er for knappe 60 biler i døgnet. Faktum er at brua bare koster halvparten av en milliard, hele prosjektet under et koster en milliard, og da kommer 200 millioner av de pengene fra rassikringsprosjektet til Nishammaren, så brua med vei fra Ottersteinen til Eikenes er “bare” 800 millioner kroner. Videre har SINTEF ved to anledninger, med flere år i mellom, beregnet trafikkgrunnlaget til å være 750 biler i døgnet. Det er jo fordi flere vil velge å kjøre en vei det tar 4 minutter å passere, fremfor en ferje som bruker 25 minutter og bare går en gang annen hver time. Videre er trafikkgrunnlaget da basert på dagens trafikale situasjon i regionen, og tar ikke høyde for den økte trafikkmengden når brua skal knytte sammen Ålesund – Måløy – Florø – Bergen.

Hva har så dette med overskriften å gjøre? Jo, Per Sandberg ønsker å stanse “millardsløsingen” og flytte pengene til Olden – Innvik. Dette mener jeg blir helt gal prioritering. Olden – Innvik har utspilt sin rolle i samfunnet, og er blitt en kulturinstitusjon.
Dagens E39 er ca. 14 mil lang fra Førde til Volda. Den går så langt inn som til Våtedalen – til tross for tilnavnet “Kyststamveien”, og inkluderer to ferjer. Når kvivsvegen er ferdig bygget, vil man flytte E39 om denne, for å slippe Stigedalen og en ferje. Jeg mener at om man da også flytter E39 fra Skei via Stardalen/Briksdalen og inn på Kvivsvegen den veien, så har man fjernet 95 % av all biltrafikk over Olden – Innvik, man har fjernet ALLE ferjer på E39 mellom Førde og Volda og man har kortet inn igjen de ekstra milene det vil bli å legge veien fra Nordfjordeid via Grodås. Da kan man satse på Olden – Innvik som en turistattraksjon, og vise frem “Norges verste vei” for det den er verd.

Hvem er så jeg, og hvorfor har jeg noe å si i denne sammenhengen? Vel, jeg kjører 50’000 kilometer i året i mitt arbeid. Jeg dekker hele fylket fra Hoddevika i nordvest til Østerbø fjellstove i sørøst, fra Mjømna i sørvest og til Hjelledalen i nordøst. Jeg har kjørt en del VEI kan man vel trygt si. Det er mange veier som er langt verre enn Olden – Innvik, og jeg har ingen problemer med å møte en buss eller semitrailer på det strekket. Da er det ti ganger verre å møte noe slikt i Gulen, Hyllestad og Solund. Dessuten vil en vei igjennom Stardalen ta bort all trafikk som utgjør et problem på den strekningen.

Jeg sier ikke at jeg ikke vil unne Olden – Innvik å bli oppgradert. Jeg står gjerne på barrikadene når den tid kommer at de faktisk ligger først i de lokale prioriteringene, men et demokrati er et demokrati. Vårt lokale demokrati har sagt at nå er det HAFS sin tur sammen med Bremanger II, etter det kommer Olden – Innvik. La oss ta prioriteringene i den rekkefølgen vi har bestemt, og la oss slutte å stå på hvert vårt nes og rope “Han skal ikke få om ikke vi får først” – det er bare derfor Sogn og Fjordane er det annerledes fylket det er, og det er bare derfor vi ikke får til noe som helst annet enn fogderistrid i dette fylket.
Spaden til Dalsfjordbrua går i jorda i mars 2010 – når den står ferdig skal jeg så gjerne stå sammen med folk i indre Nordfjord om både Stardalen/Briksdalen og Olden-Innvik … Men vent på tur, slik vi har gjort i 40 år nå!

Kjære medbilist ...

La meg begynne min frustrasjon med å sitere Vegtrafikkloven § 3. Grunnregler for trafikk.

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.
_Endret ved lov 4 juli 1991 nr. 49. _

Min frustrasjon består i situasjoner som lettest kan beskrives som følgende to eksempler:

  1. Du er elev eller lærer ved Hafstad Videregående skole, og du kommer fra vestsiden av skolebygget – forbi politistasjonen, Esso og Viking. Du ønsker å krysse E39, som jo naturlig nok er en forkjørsvei. Ved å stanse og vente på motgående trafikk fra Bruland/Kronborg, bryter du med paragraf tre nevnt over.
  2. Du kommer fra Bruland/Kronborg og ønsker en tur innom Spesialvarer AS. Enten du nå skal ha ny drill eller bare kjøpe noen skruer. Ved å stanse og vente på motgående trafikk vest fra, bryter du med paragraf tre nevnt over.

Hvordan kan du som bilist unngå å bryte denne paragrafen, og samtidig unngå å lage lange køer spesielt i rushtiden om morgningen og på ettermiddagen? I tillfellene over, ved å bruke rundkjøringen ved Rema 1000/Biltreff. Når du i overnevnte situasjoner lar være å stanse og vente på motgående trafikk og heller velger å kjøre 100 meter ekstra, vil du ha forkjørsrett igjennom rundkjøringen (man har vikeplikt for kjøretøy allerede i rundkjøringen) og få avkjørselen på den rette siden av veien.

Om alle kunne tenke så langt, så ville det lettet hverdagen for ganske mange medtrafikanter – spesielt i rushtidene. De som nylig har tatt lappen burde huske dette om stans på forkjørsvei fra undervisningen, og de som tok lappen for mange herrens år siden – de burde kanskje friske opp noen av sine kunnskaper innenfor området.

Og når vi først er inne på E39. Veien er skiltet 50 km/t fra rundkjøringen ved Rema 1000 og helt til forbi ICA Maxi eller Rikets sal. Eneste sted i Førde det er 30 km/t er Langebruveien fra krysset Fjellveien og helt over til Helsetunet, samt fra Skywalken og til NRK-bygget. Allikevel er det større sjanse for å oppleve noen holde 50 km/t i disse sonene, enn hva det er å oppleve 50 km/t mellom Esso og Statoil.

Jeg er ikke sint. Bare veldig, veldig skuffet.

Med vennlig hilsen en medtrafikant, som svært så gjerne ønsker at det blir obligatoriske etterundervisninger av sjåfører på samme måten som bilen blir sjekket rutinemessig.
Det er lite vits i å ha en bil som passerer EU-godkjenning annen hvert år, når sjåføren tok lappen før rundkjøringer var oppfunnet.

Ronny Vårdal
- Medbilist