Viser arkivet for stikkord eu

Er valet pest eller kolera?

Dette er eit spørsmål me som arbeider for Kystpartiet sin politikk stiller oss. Me opplever at dei fleste veljarane er einige i Kystpartiet sitt program, men at dei føler seg pressa til å stemme raudgrønt for å hindre høgresida i å få regjeringsmakt eller dei må stemma Høgre for å få vekk dei raudgrøne som held på å legge ned næringslivet med eigedoms- og formueskatt, bompengar og CO2-avgifter. Dei raserer jordbruk, skogbruk og distrikta samt naturen med monsterlinjer, gruveavfallsdumping i fjordane, vindmølleparkar og oljeboring i dei beste oppvekstområda for fisk. Dei brøyter seg gjennom verna naturreservat med monsterlinjer og verna vassdrag. Desse vil ein no bygge ut for å hindre ei oppkonstruert klimakrise.
Å rette opp att miljøskadane ein har påført naturen ved kunnskapsløyse er ikkje aktuelt for Høgre eller Arbeidarpartiet. Dei er stort sett einige om det meste som er nemnt ovanfor. Desse to partia er også einige om at Noreg skal inn i EU. Og har innført noko dei kallar for handlingsregelen som går ut på at det ikkje må brukast oljepengar til å bygge vegar og infrastruktur i distrikta. Å velje mellom ei Arbeidarparti- eller Høgre-dominert regjering ville for oss vera å velje mellom pest eller kolera. At ikkje bøndene ser at dei blir nedlagde uansett kve alternativ dei vel, forundrar oss. At heller ikkje dei som vil verne naturen mot unødvendige inngrep ser at å demonstrere er heilt nyttelaust mot desse to partia, er og underleg. Det einaste AP og Høgre forstår, er at dersom fleire samlar seg i eit parti vil det vera ein trussel mot arrogansemakta dei no kan utøve overfor folket som ved to avstemmingar har sagt NEI til medlemsskap i EU, og arrogansen som blir vist overfor monsterlinjemotstandane og steindumpingane i fjordane. Kystpartiet er starta for å ivareta folket sitt NEI til EU og oppretthalde distrikta med eit berekraftig jordbruk, industri, næringsliv og kultur samt ein natur i økologisk balanse. Ver med oss og få dette til. Me treng veljarar og medlemmer som står for desse verdiane og er villige til å gjere ein innsats. Ditt bidrag er avgjerande. Ingenting kjem av seg sjølv. Godt val.
Kystpartiet Sogn og Fjordane, v/Leiar Asbjørn Massnes
Kystpartiet Hordaland, v/Kristin Brennhaug

Ein særs dårleg tildeling av ein fredspris

Den norske Nobelkomiteen har nok ein gong kome med eit absurd vetak om tildeling av fredspris. EU fortener så klart ikkje å få ein fredspris.

Eg er samd med LO-sekretær Kristian Tangen, som i eit intervju med frifagbevegelse.no kallar denne tildelinga for ein “skandale”.

Kva er det EU får prisen for? Dei stadig oftare tilfella av grov politivald mot demonstrantar i EU-land? Den aukande sosiale uroen som følgjer av kraftige auka i sosial ulikheit og arbeidsløyse? At fleire folkevalde organ vert satt til side til fordel for toppbyråkratar og teknokratar? At EU er ein militær allianse? Alle krigane og okkupasjonane som fleire EU-land har vore med på i nyare tid?

EU-landa står nå, ifølgje aftenposten.no for 32 prosent av all våpeneksport i verda. EU har dessutan bygd opp eit eige militærapparat med eigne institusjonar og eigne avdelingar. EU har vedteke at dette militærapparatet skal kunne bli satt inn kor som helst i verda, med eller utan FN-mandat. EU pålegg medlemslanda til å ruste opp militært. I Lisboa-traktaten står det at “Medlemsstatene forplikter seg til gradvis å forbedre deres militære kapasitet” (artikkel 42.3)

Ei undersøking som Respons Analyse har gjort for Aftenposten syner at berre 1 av 4 nordmenn meiner at det var riktig å gi EU denne prisen. Akkurat som den politiske eliten i EU er Nobelkomiteen i utakt med folk flest.

Tildelinga av fredsprisen til EU er den verste tildelinga sidan den vanvittige tildelinga til presidenten i USA, Barack Obama, og det var den verste tildelinga sidan tildelinga til Henry Kissinger. Alfred Nobel sitt testamente har vorte dratt så mange gangar ned i søla no at det er på høg tid at nokon andre tek over. Den norske Nobelkomiteen er openbart ikkje kompetent. Eg seier at Sverige må få oppgåva med å dele ut denne prisen. Så slipper i alle fall vi å verte gjort til latter på denne måten.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Nei til EU og EØS

Eit overveldande fleirtal er motstandarar av at Noreg skal melde seg inn i EU. Det er bra. Det er ønskeleg at euroen og EU, med alle EU sine institusjonar, vert kasta på historia si skraphaug.

Noreg er heldigvis ikkje medlem av EU. Dessverre har vi ein del skadelege bindingar til EU-systemet, og den aller skadelegaste er EØS-avtalen. EØS-avtalen er ein sjølvpålagd husmannskontrakt, som gjer at særs mange av vedtaka som vert gjort i EU-systemet òg vert norsk lov.

Det eine EU-direktivet meir skadeleg enn det andre vert banka igjennom av eit EU-lojalt fleirtal på Stortinget. Gjennom datalagringsdirektivet har vi fått eit svekka personvern. Gjennom tenestedirektivet og vikarbyrådirektivet har dei som arbeidar for å dumpe løn- og arbeidsvilkår i Noreg fått auka makt. Gjennom matsminkedirektivet har vi fått ein større del av direkte helseskadelege stoffar i maten. Og så bortetter. Fleire skadelege EU-direktiv kjem rett rundt hjørnet.

Det er viktig at den skadelege EØS-avtalen vert sagt opp, jo før jo heller. Det er òg viktig å trekke Noreg heilt ut av EU sitt militærapparat, Schengen og Frontex, i tillegg til å seie opp veterinæravtalen med EU.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Yrkessjåførdirektivet -ein komande fadese.

EU likar å lage direktiv. Det er ikkje noko nytt i det heile, og noko som burde reknast som allmennkunnskap.

Ein del av direktiva EU lagar er horrible og særs kontroversielle, slik som Datalagringsdirektivet, Tenestedirektivet, Postdirektivet, Helsedirektivet, og ein skog av andre kontroversar. EU lagar nok ein del av direktiva i god tru, men dei har like fullt ein tendens til å ende opp med å vere svært einsidige, og å bære svært mykje ideologisk ballast. Samstundes viser mange av direktiva at lovgivarane i EU sit inne i ei boble, utan å greie å ta omsyn til fakta på bakkenivå. Ein del av desse direktiva er kontroversielle, men mange har også gått gjennom i øyredøyvande stillheit.

Eit døme på dette er yrkessjåførdirektivet. Det uttalte målet med dette direktivet er å betre vegtryggleiken, noko som knapt kan kallast kontroversielt. Det er måten dette direktivet går fram på som eg tykkjer er merkeleg.

Med dette direktivet, blir krava for etterutdanning til yrkessjåførar vesentleg strengare enn krava for etterutdanning for til dømes legar og sjukepleiarar. Kvart femte år må alle som jobbar med å transportere gods eller menneske på vegane ta eit 35-timars oppfriskingskurs til 15000 kroner utan å måtte avlegge noko form for prøve, for å få lov til å fortsette å jobbe. Dette er dobbelt så ofte som førarkortet må fornyast.

Eg tykkjer direktivet er feil, på mange måtar. For det første fordi det verkar som at det tek utgangspunkt i at det er yrkessjåførane som er den største trafikkfaren på vegane (kvifor vert ikkje same krava stilt til personbilførarar?), og at det er desse som er årsaken til dei fleste trafikkulykkene. Det stemmer at tunge køyretøy er involvert i uforholdsvismessig mange ulykker, men samstundes må det påpeikast at desse køyretøya tilbakelegger mange gangar distansen til personbilar, køyrer i all slags vær og føre og er heilt avhengige av at andre trafikkantar viser omsyn.

Det er mange måtar ein kan gå fram for å betre trafikktryggleiken, men eg trur ikkje at meiningslause kurs åleine kvart femte år er vegen å gå. Kva andre yrkesgrupper må betale 15000 kvart femte år for å få lov til å jobbe? Eit meir fornuftig, og billegare, alternativ kunne vere til dømes å stille krav om å ta eit par køyretimar, samt teoriprøve og/eller oppkøyring opp att kvar gong ein skal fornye førarkortet. Kompetansekrav til yrkessjåførar er ingen dårleg ting, men slik det no blir gjennomført, kjem det til å gjere meir skade enn godt.

Framover kjem vi til å sjå ein sjåførtørke vi ikkje har sett maken til. Terskelen for å gå inn i yrket er blitt vesentleg heva, med krav om eit 280+ timars teoretisk kurs for nye sjåførspirer, og 35 timar kvart femte år for dei som allereie er det. Vel og bra er dette for trafikkskulane og andre som bedriver sjåførretta opplæring, men eg stiller meg svært skeptisk til effekten dette tiltaket vil ha på trafikktryggleiken.

Etter mitt syn handlar trafikktryggleik om ein ting: haldningar. Uansett kven som køyrer kva, er haldningane til førar avgjerande for trafikktryggleiken. Slik det er allereie i dag, er det eit press på sjåførar for å yte, for å få fram varene til rett tid. Mengden varer som treng transporterast framover kjem garantert ikkje til å gå ned. Men mengden tilgjengelege sjåførar som har lov til å jobbe, kjem med det nye direktivet til å gå ned. Betydeleg. Dette vil medføre lengre transporttid, høgare prisar på transport, og dermed prisane ut til forbrukarane, på alle varer, frå mat til klinkekuler. Samstundes vil dei sjåførane som er igjen, bli pressa hardare. Allereie i dag slit mange transportselskap med økonomien, og krava til sjåførane om effektivitet kan ofte bli vanskelege å følgje utan å bryte lova. Og med sjefen som ein nærare og tydlegare autoritet enn forskrifta, er det diverre mange som heller høyrer på sjefen. Dei må få fleire varer fram til same tid enn før, viss ikkje risikerer dei at dei misser jobben. Resultatet av dette kjem til å bli brot på køyre- og -kviletidsreglane, noko som igjen fører til store bøter eller inndregne førarkort, og dermed færre sjåførar igjen. Enden på visa i denne onde sirkelen blir uunngåeleg ein redusert trafikktryggleik.

Sjølv køyrer eg litt lastebil på si ved sidan av studiane, noko som eg tykkjer fungerar veldig bra for meg, og som eg og trur fungerar bra for arbeidsgivar. Å ha tilgang til vikarsjåførar som kan brukast når det skortar på køyretida eller tilgjengelegheita til dei fast ansatte, er ein svært nyttig ressurs for eit kvart transportselskap. Dette blir det snart slutt på, for når førarkortet mitt går ut om nokre år, må eg ha det infamøse kurset for å kunne fortsette å jobbe. Dette blir for ein student eller ein som har låg løn, umogleg å finansiere. Dette gjeld ikkje berre meg, men for tusenvis av andre, tusenvis av arbeidsfolk. Løysinga på visa må bli for dei fleste ansatte, å få arbeidsgivar til å betale for kursa, noko som knyttar dei endå meir opp mot bedrifta, og svekkjar arbeidskåra og rettane til dei ansatte.

Det er ikkje noko nytt at EU lagar direktiv som skadar arbeidskår og gjer livet vanskeleg for vanlege menneskje. Det er heller ikkje noko nytt at EU lagar direktiv som nullar seg sjølv ut og med det er totalt meiningslause. Det verkar som om at blant EU sine lovgjevarar er tanken god, men heisen går diverre ikkje heilt opp til bobla deira.

Ole Fosse Fardal
Lastebilsjåfør, SV-medlem og student.

EU - ein dynamisk prosess

Påfallande mange sjefredaktørar og politiske kommentatorar i norske aviser er EU-tilhengarar. Firda sin sjefredaktør Jan Atle Stang er ikkje noko unntak. Leiarartikkelen i Firda 23/9 er dusinvare i norsk presse: Norge i EØS har liten innverknad på EU.

Norsk europapolitikk gjennom EØS-avtalen er problematisk, men dette “faxdemokratiet” er berre forsmak på det som vil bli realitetane ved norsk EU-medlemsskap. Som EU-medlem vil Norge sant nok få stemmerett, men norske EU-tilhengarar bør for sin eigen del slutte å overdrive norsk innverknad som eventuelt medlemsland. I 1994 var spørsmålet mest om EU skulle bli medlem av Norge.

EU er ein dynamisk prosess. Trass utvidingar går traktat etter traktat i retning visjonen om Europas Forente Stater. Sakte men sikkert. Eit evig stridsspørsmål er makttilhøva mellom store og små medlemsstatar. For å effektivisere vedtaksprosessane krevst fleirtalsvedtak og fjerning av vedtoretten. Norge sin stemmerepresentasjon i EU ville då blitt ytterlegare redusert.

Trass i Jan Atle Stang i Firda, Trine Eilertsen i BT og Olav Versto i VG sin EU-entusiasme er det norske folk stabilt EU-kritisk. Høgre forsøkte å profilere EU som valkampsak, men for å få sendt nok ein EU-søknad trengst truleg ein allianse beståande av AP/Høgre. Norge må rett og slett køyrast skikkeleg i grøfta før EU-søknad kan bli aktuelt.

Hallgeir Løland Torpe, Bergen

FrP må flagge EU-standpunkt

På firda.no og nrk.no kan ein lese at FrP sine Stortingskandidatar nektar å flagge EU-standpunkt. Det er rett fram uærleg oppførsel. EU-standpunkt er viktig, sjølv om ikkje medlemskapsdebatten er her akkurat no. (Denne går og til AP sin Ingrid Heggø, som burde skamme seg.)

Det er viktig at stortingskandidatane flaggar EU-standpunkt, for EU-medlemskap er ikkje det einaste stridsområdet i høve EU. Som det kjem fram i artikkelen på nrk.no skal det handsamast endringsforslag til Grunnlova, ein situasjon det er særs viktig at ein har nei-folk på Stortinget! Ikkje nok med det, men tenk og på alle direktiva som kjem tikkande frå EU som skal takast stilling til. Ikkje eit har ein klart å stogge, fordi det er fleirtal i Stortinget for å ta i mot alt som kjem frå det haldet.

Det er uærlig og feigt av FrP sine kandidatar å ikkje flagge standpunkt. Vi fortener å vite kva haldningar til EU som stiller til val.

SV sin Stortingskandidat er eit klart nei til EU, vil stogge det nye posttenestedirektivet, og vil i alle fall ikkje endre Grunnlova til fordel for EU-medlemskap. Styrk SV i regjering for å ta opp kampen med AP!

Slutt og tøys, stem Heidi Grande Røys :)

Frode Grimelid
4. kandidat
Sogn og Fjordane SV

Bruk reservasjonsretten: Nei til posttenestedirektivet!

Postenestene er ein viktig del av vår infrastruktur for å oppretthalde busetting og næringsliv i heile landet, og posten har framleis einerett til å få brev under 50 gram til alle postkasser i Noreg seks dagar i veka.
Denne eineretten har gjort det mogleg å oppretthalde den såkalla ” einskapsportoen”, som gjer at det t.d kostar like mykje å sende brev frå Førde til Oslo som mellom to ulike bydelar i Oslo. Portoen for distribusjon av lønsame sentrale strøk ”subsidierer” på den måten portoen for distribusjon til og frå distrikta.
I dag er det i praksis dei store postutsendarane i næringslivet i sentrale strøk som subsidierar portoutgiftene til bedrifter, kommunar og folk i distrikts-Noreg.

Men, dette kan det bli slutt på når EU sitt 3. posttenestedirektivet blir innført frå og med 1. januar 2011, som i praksis betyr fri konkurranse på postmarknaden dersom Storting og regjering vel å følgje dette direktivet. 11 landa i EU har kravd utsetting, men i Noreg har debatten om dette enno ikkje starta.

SV har tydeleg signalisert at dei vil gå imot ei slik innføring. Senterpartiet vurderer å gjere det same. Samferdsleminister Liv Signe Navarseter (Sp) har enno ikkje bestemt seg. Arbeidarpartiet er førebels i tenkjeboksen.
Det som er sikkert er at saka kjem til å kome opp i regjering og storting etter valet som utan tvil kjem til å bli eit verdival. Vi kan ikkje rekne med at høgresida kjem stoppe dette direktivet.

For folk og næringsliv kan ei slik innføring av direktivet føre til dyrare og dårlegare posttenester særleg hardast for distrikta.

Konkurranse i dei store byane vil redusere Posten sine moglegheiter for overskot. Posten vil ikkje kunne oppretthalde ein langsdekkande distribusjon 6 dagar i veka til same pris som konkurrentane i aukande grad ”skummar fløyten” der det er lønsamt.
Det er ingen tvil om at dette vil sette ordninga med einskapsportoen i fare fordi det vil svekke Posten sine økonomiske resultat i fare i kampen med konkurrerande firma.
I så fall for å kunne oppretthalde eit langsdekkande posttilbod tilbod av gode, likeverdige og rimelege posttenester utan høve til å dekke dette av overskotet frå einerettsområde, eller gje økonomisk kompensasjon via løyvingar over statsbudsjett.
Følgjene vil vere at med EU sin liberaliseringspolitikk må posten finansierast gjennom auka skattar eller mindre pengar til dømes helse, kultur, skule etc.
Verknadane av liberaliseringa og konkurranseutsettinga vil også råk arbeidstakarane direkte. Posten i lang tid har vore gjennom effektivisering og omorganisering, og ein kan også risikere at nye aktørar i postmarknaden, som undergrev eksisterande tariffavtalar, fører til sosial dumping.
Det er ikkje utan grunn at dei posttilsette, gjennom deira forbund Postkom, protesterar mot dette.

Postteneste med god kvalitet og til lik pris i heile landet, er viktig for å sikre eit mangfaldig næringsliv og busetnad i distrikta.
Om EU sitt 3. postdirektiv blir norsk lov gjennom EØS, vil dette føre til full liberalisering av den norske postmarknaden.

Dette kan vi ikkje akseptere, at posten som samfunnsbyggjande institusjon skal pulveriserast til fordel for marknaden.

Vi i SV krev at regjeringa og stortingsfleirtalet brukar reservasjonsretten i EØS-avtalen for å stoppe EU si avgjerd om å liberalisere postmarknaden, posttenestedirektivet.

Du kan vere med på påvekerke utfallet av denne saka det kan vere ved folkleg engasjement og å bruke røysteretten ved årets stortingsval.
Røyst gjerne SV.

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Førde SV.