Viser arkivet for stikkord førdefjorden

Kapstad tek feil om miljøkonsekvensar.

Eg hadde bestemt meg for at eg hadde sagt mitt om fjorddeponiet. Men straumen av feilinformasjon ser ikkje ut til å ha nokon ende. Bjarte Kapstad skriv her i avisa 17/1-14 om “millionar av tonn med miljøskadelege massar i Førdefjorden”. Eg utfordrar Kapstad på å underbyggje denne påstanden. Kva miljøskadelege komponentar er det han tenkjer på? Kva slags miljøskader er det han ser for seg? Kan han vere meir konkret?

Eg meiner at Kapstad tek grundig feil. Det finst ikkje faktagrunnlag for påstandane hans. Når han skriv at sjødeponiet kjem til å skade andre næringar i regionen, er dette og ein påstand som eg trur han slit med å dokumentere. Det same gjeld konsekvensane for reiselivsnæringa. Det er reine spekulasjonar.

Eg trur eg vil vere litt for siktig med å bruke den britiske marinbiologen Callum Roberts som ekspert i denne samanhengen. Måten han uttalar seg på, tyder på at han ikkje har sett seg godt nok inn i saka. Han uttalar seg svært lite konkret og lite nyansert. Saman med den sterke ordbruken hans meiner eg at dette svekkar truverdet hans kraftig. Det er flinke vitskapsfolk med langt betre kunnskap om dette konkrete prosjektet som meiner noko heilt anna.

Kapstad byggjer påstandane sine og standpunktet sitt på sviktande grunnlag.

Faktum i denne saka er at vi langt på veg kan dokumentere at dei negative konsekvensane av fjorddeponiet ikkje vil bli spesielt store. Det kan leggjast konkrete rapportar på bordet som viser dette. Kvar er rapportane som underbyggjer motstandarane sine påstandar?

Tonnevis av tungmetall i Førdefjorden

Nordic Mining søkjer om å få sleppe ut 6.5 tonn tungmetall og 10 tonn kjemikaliar i 16.500 tonn gruveslam i Førdefjorden, kvar einaste dag i 50 år. Alt dette for å hente ut eit par prosent av det helsemessig kontroversielle kvitingsmiddelet titandioksid.

Titania AS i Rogaland leverer 7-8% av verdsproduksjonen av titandioksid frå ein større og langt rikare førekomst enn på Engebø, og har sidan 1980-talet lagt restmassen i landdeponi, pålagt av SFT fordi utsleppt masse ikkje låg i ro slik saksdokumenta sa, men spreidde seg, nedslamma og gjorde stor skade på Jøssingfjord og seinare i Dyngadjupet.
For 4 år sidan vart det gjeve løyve til utslepp av gruveavfall i Bøkfjorden ved Kirkenes, og det vart lova moderne metodar og miljøvenlege løysingar. No er også Bøkfjorden nedslamma. Allereie første året spreidde gruveslammet seg 7 km lenger ut i fjorden enn omsøkt deponiområde i følgje rapport frå NIVA (Norsk institutt for vannforskning), slik at fjorden allereie etter kort tids utslepp framsto som sterkt skada. Seinare er det ikkje offentleggjort fleire undersøkingar.

Blankofullmakt til forureining?
No ligg saka om mineralutvinning i ope dagbrot på Engebøfjellet og store utslepp til Førdefjorden, på regjeringa sitt bord. Snart skal Fiskeri- og Miljøministrane uttale seg til Kommunalminister Sanner, som skal avgjere saka, sjølv om Nordic Mining enno ikkje har lagt fram endeleg utvinningsprosess, slik dei skreiv til Naustdal at dei skulle gjere i løpet av 2010. Ny informasjon frå NIVA viser no behov for 6-9 gongar meir av kjemikaliet Magnafloc enn det står i søknaden, utan at søknaden er endra, og det er sterke indikasjonar på behov for å male ned massen enno meir, slik at det blir meir finstoff som kan spreia seg enno lenger ut enn det som hittil er vurdert. Dette tyder på lite kontroll med prosessen og korleis massen vil oppføre seg i fjorden.
Ei avgjerd på så mangelfullt grunnlag vil vere ei gullkanta blankofullmakt for gruvedrift utan vilkår, som Nordic Mining kan selje på verdsmarknaden, men samtidig ei miljøkatastrofe for Sunnfjord.

Verdfulle mineralressursar skal dumpast som avfall
Nordic Mining vil dumpe nesten heile Engebøfjellet i Førdefjorden som finknust og kjemikalieblanda gruveavfall. Førekomsten er på fattige 2-4 %, og Nordic Mining stiller som føresetnad for prosjektet at dei får dumpe resten i sjøen, då det er billegast for selskapet. Samtidig er restmassen ein verdifull mineralressurs som kan brukast til mange samfunnsnyttige formål, og som ikkje bør bli behandla som avfall. Det ein ikkje får brukt til andre formål i fyrste omgang, kan ein fylle attende i gruva under drift, for seinare bruk, dersom det blir brukt underjordsdrift i staden for dagbrot.

Skal 2352 tonn tungmetall og 3650 tonn kjemikaliar bli sleppt i Førdefjorden kvart år?
Nordic Mining skriv at avfallet inneheld relativt lite tungmetall, men for fleire av tungmetalla er konsentrasjonen i restmassen dobbelt så stor som naturleg i botn av fjorden. Sjølv om tungmetall finst naturleg i fjellet, blir situasjonen ein heilt annan når vi har finknust masse som blanda med ein kompott av kjemikaliar vert sleppt ut i fjorden. Då kan tungmetallet lekke ut og bli til stor skade. I andre gruveprosjekt er konsentrasjonen av tungmetall størst i den mest finknuste massen, noko som vil gjera tungmetalla enno meir tilgjengeleg for utlekking i fjordmiljøet. Dette er ikkje undersøkt av Nordic Mining.
Tungmetall har den eigenskapen at dei vanskeleg vert nedbrotne, vert akkumulert i næringskjedene, og kan skape forgiftingar og sjukdom. Kortidsverknaden er ein ting, men vi veit ikkje kva helsemessige kostnadar våre framtidige generasjonar kan verte påførte.

Innhaldet av tungmetall er oppgjeve i mikrogram pr gram gruveavfall, og då blir det små tal, men dersom ein reknar på kva dette vil seia for heile utsleppet, oppgjeve i tonn, så får ein tal som det er mogleg å forstå.
Kvar månad i 50 år vil Nordic Mining sleppe 195 tonn tungmetall og 300 tonn kjemikaliar i Førdefjorden, blanda i 500.000 tonn gruveslam.
Årleg vert utsleppet av tungmetall på 2352 tonn (112 kg kvikksølv, 445 tonn bly, 332 tonn kopar, 251 tonn nikkel, sink 1324), av kjemikaliar 3650 tonn og samla utslepp omkring 6 millionar tonn gruveslam. I løpet av 50 år vert utsleppet av tungmetall 117600 tonn og samla utslepp kring 300 millionar tonn gruveslam. Ubåten ved Fedje inneheld 60-70 tonn tungmetall, utan samanlikning elles.
Kjemikaliane som blir blanda med gruveslammet er 1200 tonn svovelsyre, 1000 tonn natriumsilikat, 1000 tonn fosforsyreesterar, 360 tonn karbonsyre og 15 tonn (det blir no antyda minst 90 tonn) Magnafloc 155 inkludert akrylamid i året. Av dette vil 600.000 tonn vere svevepartiklar under ti mikrometer, og 3000 tonn som nanopartiklar. TiO2 nanopartiklar kan ha stor giftverknad på det marine miljøet, men dette er ikkje vurdert i søknaden.
Sterke naturlege straumar er eit effektivt pumpesystem for næringsstoff og forureining
Vatnet i havet og fjordane heng saman. Golfstraumen kjem nordover langs kysten og pressar salt havvatn langs fjordbotnen heilt inn i dei innarste buktene av fjordane, det blandar seg opp i straumen frå elvane og går utover att i havet. Slik fungerer fjordane som eit pumpesystem der straum og tidevatn sikrar vassutskifting og fordeling av næring, men som på same vis vil kunne spreie den veldige finmassen, kjemikaliane og tungmetallet. I tillegg til at fjorden vert nedslamma av tungmetallhaldig finmasse, vil ein del også spreie seg ut av fjorden. Førdefjorden har låg terskel ved Svanøy, som saman med det svært tronge Ålesundet genererer betydeleg straum og god vassutskifting i fjorden, derfor er det også arts- og fiskerikt i fjorden i dag.

Skal ikkje lage Titan, men kvitt fargestoff til matvarar og maling
På nettsidene til Nordic Mining kan ein lese om utvinning av Titan til medisinske og andre høgverdige formål, men i søknaden skriv Nordic Mining om mineralutvinning til pigmentformål, dvs produksjon av kvitningsmiddelet titandioksid, TiO2 og det er noko heilt anna enn metallisk titan. Nordic Mining skreiv i 2010 under ein intensjonsavtale med det internasjonale pigmentfirmaet Chrystal Global med adresse Dei Arabiske Emiratar.
Titandioksid utmerkjer seg ved å kunne knusast til små partiklar, mange som nanopartiklar og får då sterk verknad som kvitt fargestoff. Det vert mellom anna brukt som matsminke, i kosmetikk og i maling, men det er helsemessig kontroversielt og relatert til kreftrisiko. IARC, som er FNs (WHO) kreftforskningorganisasjon, åtvarar mot bruk av Titandioksid, særleg i nanoform, dersom det kjem i kroppen via innpusting, ved matinntak eller gjennom huda som kremar og kosmetikk . Titandioksid blir kalla E171 når det blir brukt for å gjera matvarar kvite, som til dømes i nokre typar fiskebolle og sukkertøy.
I sommar var det åtvaringar i fleire norske media mot solspray fordi den inneheldt TiO2 og var kreftfarleg å puste inn. EU arbeider for mindre bruk av titandioksid og i land som Tyskland og USA er det forsking og merksemd på kreftfare og helserisiko ved stoffet.
Halvparten av titandioksidet i malmen går rett i fjorden med avfallsmassen og som nanopartiklar et det påvist giftig for sjølevande organismar.
Som nemnt leverer Titania allereie 7-8% av den totale verdsproduksjonen av titandioksid, og det er i prinsippet nok til å dekke heile verdsbehovet til produksjon av metallisk titan. Berre 4% av verdas produksjon av titandioksid går til produksjon av metallisk titan, mens 90% av blir brukt til produksjon av kvitt pigment.

Kan fylle restmasse attende i gruva under drift
Det er sterk internasjonal motstand mot gruvedrift i form av dagbrot, på grunn av dei enorme naturinngrepa som dette fører med seg. Difor arbeider mellom anna EU for ein overgang til konsekvent bruk av underjordsdrift. Med underjordsdrift er det fullt mogleg å fylle restmasse attende i gruva mens ho er i drift, og mange stader er det ei vanleg driftsform, som blir kalla gjenfyllingsbryting. Det er vesentleg vanskelegare å få til dette med dagbrot, slik det er planlagd på Engebø i mange år.

Er arbeidsplassar eit reelt argument?
Nordic Mining vil tene pengar på Engebøforekomsten og lokkar med 150 arbeidsplassar. Det ligg til alle folkevalde å tenkje på å sikre innbyggjarane gode levekår, også arbeidsplassar, men i saka om mineralutvinning på Engebø er arbeidsplassargumentet teke ut av sin samanheng. For det første øydelegg eventuelt gigantutslepp i Førdefjorden for ei rekkje allereie etablerte arbeidsplassar i fiskeri,- sjømat- villaks- og reiselivsnæringane, samt i ringverknadsnæringar, både no og i framtida.
For det andre har Sogn og Fjordane over tid hatt lågaste arbeidsløyse i landet og det er heller inga arbeidskraftreserve på Vestlandet. Venteleg vil arbeidskraft verte henta frå dei land der den er billegast.
Eventuelle gruvearbeidsplassar på Engebø medfører så stor risiko og gjev så store kostnadar for natur, miljø, næringar og samfunn, at prisen vert for høg.
Når Titania allereie leverer 7-8% av verdsproduksjonen av titandioksid og kan fortsetje å levere langt inn i framtida, er det ikkje samfunnsmessig nødvendig å utvinne dette stoffet også på Engebø, spesielt sett opp mot dei store miljøkonsekvensane ved denne gruva.

Vi ber regjeringa legge føre var – prinsippet til grunn og sikre god ivaretaking av det rike naturgrunnlaget i Førdefjorden, samt tilknytta næringar og slik sette standard for forvalting av fjordane og for miljø- og driftsforsvarleg mineralnæring i Norge.

Anne-Line Thingnes Førsund
Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe
Mads Løkeland
Medl. gruveutvalet, Naturvernforbundet

Miljøkriminalitet med fjorddeponi!

Gruveselskapet Nordic Mining (NM) har søkt om å utvinne ca 3% rutil frå Engbøfjellet og utslepp av kjemikalieblanda gruveavfallet til fjorddeponi. I løpet av 50 år vil Førdefjorden vere 150m mindre djup og Engebøfjellet “ligge” på fjordens bunn.

Gruveprosjektet er eit testprosjekt for utvinning av fargepigmentet Titaniumdioksyd. Verken oppmaling eller utnyttingsgrad av malmen er kjent på førehand og ei heller kjemikaliebruken, sidan produksjonsprosessen ikkje tidlegare er utprøvd i stor skala. Jo finare oppmaling av malmen jo meir kjemikaliebruk og jo meir forureining. Ca 90% av Titaniumdioksyd blir brukt som “matsminke” og har ingen helsemessig eller ernæringsmessig verdi, men har vist seg å vere skadeleg i nanopartikkelform. Om titan er livsviktig kvifor bruke det som unyttig “matsminke”?

Utifrå konsekvensutredninga (KU) vil kvar dag ca.15000 tonn gruveavfall iblanda minst 7000 l kjemikalier ende i Førdefjorden. Estimert netto ferskvannsforbruk er 800 000 liter per time. Kanskje 2600 tonn av dagleg gruveavfall er finfraksjon med enorm spredningspotensiale utafor deponiområdet.

På årleg basis utgjere utsleppa tonnevis med bioakkumulerandes tungmetall og 3000 tonn nanopartiklar som er skadeleg for organismar. Flotasjonskjemikalia utgjere ca 2632 tonn per år der 20% er ikkje biologisk nedbrytbare. KU oppererar med LC50 grenseverdiar for bla flotasjonskjemikalia (50% av forsøksdyr dør ved denne konsentrasjonen). I tillegg utslepp av 10-90 tonn Magnafloc 155 med giftig Akrylamid. Kjemikalia, finfraksjon, nanopartiklar og tungmettals påverknad på fjordøkosystemet over tid er ikkje utreda av KU.

Havforskningsinstituttet (HI) og Niva er ueinige om andel finfraksjon og spredningspotensiale av finfraksjonen og synkehastigheit av partiklar. Dei er ueinige om kjemikalia og finfraksjonens påverknad på gytefelt, fiskeyngel, laks, kysttorsk, koraller, raudlistearter som blålange, pigghå, elvemusling og ål. DNV har funne at strømforholda er 2-3 gongar sterkare enn KU seier og dermed større spredningspotensiale.

Overvåkingsprogram “overvåker” ikkje langtidseffektar av gruveslam i ein fjord. Det overvåka kun nokre store alger og fisk. Men dei minste organismane som er avhengig av å filtrere reint vatn for å leve dør først av forureining. Når fiskematen dør kva skal då fisken leve av? Gruveslam?

Førdefjorden er ein rein og artsrik nasjonal laksefjord med 3 lakseelvar og verna med orda “formålet med nasjonale laksevassdrag og laksefjorder er å gi et utval av dei viktigaste laksebestandene i Norge en særlig beskyttelse mot skadelige inngrep og aktiviteter i vassdragene og mot oppdrettsvirksomhet, forurensning og munningsinngrep i de nærliggende fjord og kystområdene”. Andre miljølover som skal beskytte fjordar er bla forurensningslova, havressurslova, naturmangfaldslova, vannforskrifta og allmannaretten. I følge ballastforskriften er det ulovleg å sleppe ballastvatn i fjordar fordi mikrober frå andre farvann kan forstyrre det naturlege fjordmiljøet. Føre var prinsippet skal anvendes ved mangelfull kunnskap. NM’s planlagde deponi i Førdefjorden oppfyller kravet 100% for kunnskapsmangelen står i «kø».

All erfaring med gruvedrift med fjorddeponi viser at når gruveselskap først får “startsignal” så kan dei gjere som dei vil, for Klima- og Forureiningsdirektoratet (Klif) kan “endre villkåra i en tillatelse (utsleppstillatelse) dersom de fordeler forurensaren får er vesentleg større enn de skader eller ulemper det vil føre til for miljøet". Sagt på godt norsk betyr dette at “økonomisk vekst og utvikling" er viktigare for Klif enn forureining?

Minst like mange arbeidsplassar som NM skapar via å forureine Førdefjorden kan forsvinne i bla oppdrettsnæringa, turistnæringa, sjømatnæringa og laksefiske. Fiskarlaget, fiskeoppdrettarane, småbrukarlaget, miljøorganisasjonar, Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet, HI med fleire frarådar fjorddeponi. Det er mogeleg å drive gruvedrift utan fjorddeponi. HI er landets fremste vitenskaplege fagfolk på hav og fjord og burde lyttast til!

Framtidas utfordring er rein og nok mat, reint vatn og rein natur som vi kan oppnå via bærekraftige lokalsamfunn som tar vare på naturen utan å utnytte den via rovdrift som fjorddeponi. Vi kan ikkje leve av “økonomisk vekst og utvikling”. Gruvedrift med fjorddeponi som avfallsplass strider mot miljølovene og er miljøkriminalitet! Eg håpar vore folkevalgte følger Norges lover og seier “NEI” til fjorddeponi i Førdefjorden som er til det beste for framtidas generasjonar!

Det norske veritas GL om fjordeponering av gruveavfall

NIVA motseier seg sjølve

Hevdar partikkelskadar var «svært begrenset», endå 30% av fisken døydde

Min kronikk «Feil bruk av forsking» vart 14. august publisert i Bergens Tidende. Der hevda eg at rappportar om fjorddeponering av gruveavfall inneheld feil og undervurderer skadeverknader frå sevepartiklar på livet i sjøen. NIVA v/Trine Dale med fleire svarar i BT 10. september under tittelen «Tvilsom kritikk av forskningsrapporter» og i Firda 16. september under tittelen «Tvilsam rapportkritikk», men utan å tilbakevise kritikken min.

Min kritikk i kronikken pluss enkelte tilleggspunkt går kort ut på at (1) ein vitskapleg artikkel (Au et al. 2004) med vesentlege manglar er i ein rapport referert ukritisk, sjølvmotseiande og med undervurdering av skadeverknader på fisk, at (2) ein artikkel nummer to (Smit et al. 2008) er tolka feil, og at (3) NIVA er involvert i minst tre rapportar, som alle undervurderer skadeverknader. Resten av dette innlegget er ei grunngjeving for dette.

Feil på eit sentralt punkt i ein NIVA-rapport
Au et al. 2004 er refererte i NIVA-rapporten Risiko for skaderpå fisk og blåskjell ved gruveaktivitet på Engebøneset. En litteraturstudie om effekter av metaller og suspenderte partiklar – NIVA LNR 5689-2008. Eg har kritisert måten denne artikkelen er brukt på i rapporten, medan NIVA hevdar det er feil å kritisere denne vesle delen. Det er eg usamd i, for artikkelen omhandlar relevante konsentrasjonar for svevepartiklar i sjø og NIVA argumenterer her for ein grenseverdi på 50 mg/l.

Resultat frå artikkelen er i rapporten omtala i tabell 3 (døying over 20% m.m.) og i teksten med to setningar, derav denne: «Hos green grouper ble det observert gjelleskader allerede ved 50 mg/L men disse var svært begrenset».

Eg ville heller ha referert artikkelen slik i teksten: «I et forsøk hvor green grouper ble eksponert i seks uker for 30-35 mg/l døde 30% av fiskene (tabell 3). Bare overlevende fisk ble undersøkt, noe som er en stor svakhet ved forsøket, og disse fikk påvist gjelleskader. 30-35 mg/l var den laveste av flere konsentrasjoner som ble testet i forsøket».

Som lesarane no kan sjå, så fortel ikkje NIVA-rapporten at berre overlevande fisk vart undersøkte, noko som er kritikkverdig. Det er som å konkludere om faren ved ein influensaepidemi ved å undersøke berre dei overlevande. Omtalen «svært begrenset» er tolking, sjølv om NIVA i Firda hevdar det motsette, og den er feil. Samanlikning av dei to tekstane syner at alt av feil, feilvurdering og manglande opplysingar dreg i ein og same retning, nemleg mot undervurdering av skadeverknader. Og når omtalen «svært begrenset» vert sett i samanheng med 30% døying framstår rapporten som sjølvmotseiande. Eg har ikkje hevda at rapporten konkluderer.

Generell grenseverdi i ny NIVA-rapport
Konklusjonen kjem i ein seinare NIVA-rapport, Kommentarer til Havforskningsinstituttets høringsuttalelse til søknad om utslippstillatelse for utvinning av rutil i Engebøfjellet. – Transport og spredning av gruveavgang i Førdefjorden – NIVA, LNR 5875-2009. Sitat: «Marine organismer har ganske høy toleranse for partikler og nyere forskning angir 50 mg/l som et nivå der skader kan begynne å inntreffe. Finstoff som iblant blir transportert utenfor Svanøyterskelen vil være i konsentrasjon på høyst noen få mg/l».

Rapporten manglar grunngjeving og referansar for påstandane i første setninga. Kort sagt, den første rapporten argumenterer for ein grenseverdi på 50 mg/l for fisk, men utan konklusjon, og den andre konkluderer med ein generell verdi for marine organismar, men utan grunngjeving og referansar. Dette er uryddig, og ein så høg grenseverdi som 50 mg/l er uttrykk for ei undervurdering av skadeverknader.

Generell grenseverdi i rapport frå Miljødirektoratet
NIVA meiner at ein ikkje har brukt ein slik generell grenseverdi, men om det framleis skulle vere tvil, så finst det ein rapport til, nemleg Bergverk og avgangsdepondering. Status, miljøutfordringer og kunnskapsbehov – Miljødirektoratet, TA 2715-2010. Sitat: ”laveste konsentrasjon for negativ påvirkning synes å være ca. 50 mg/l”. Dette er feil bruk av ein vitskapleg artikkel (Smit et al. 2008), der resultata tyder på ein verdi under 5 mg/l. NIVA forklarar i Firda at sitatet står i eit kapittel om forskingsbehov. Endrar det på innhaldet?

Redaktør for rapporten var Jens Skei, ein deponiforkjempar ved NIVA. Så dette er kanskje ei gullgruve for habilitetsgranskarar. NIVA skriv i Firda at rapporten er førd i pennen av forfattarar også ved Havforskingsinstituttet og Naturvernforbundet, men opplyser ikkje det dei burde vite, at det var usemje om innhaldet.

Sitatet frå rapport nummer to syner ei viss risikovurdering, men med for høg grenseverdi. Det er nemnt få mg/l i sjøen ved Svanøyterskelen, som er fleire kilometer frå Engebø. Få mg/l er i det same konsentrasjonsområdet (under 5 mg/l) som artikkelen frå Smit et al. 2004 kan peike mot.

Partikkeltypar
Referansane som er brukte for å grunngje ein grenseverdi på 50 mg/l omhandlar stort sett naturlege partiklar, medan det i Engebøprosjektet dreiar seg om industriskapte partiklar. NIVA omtalar desse i Firda som «uforurenset partikkelutslipp fra gruvevirksomhet». Meiner NIVA at kjemikaliar nytta i prosessen ikkje festar seg til partiklar som vert slepte ut?

Dr. philos. og universitetslektor Agnar Kvellestad
NMBU – Fakultet for veterinærmedisin og biovitskap (Veterinærhøgskolen)

Er Haltbrekken truverdig?

Lars Haltbrekken i Natuvernforbundet er ein kunnskapsrik mann. Men når han skriv om deponering i Førdefjorden i Firda 26.6, er eg redd han set truverdet sitt i fare.

Det er sjølvsagt berre retorikk når Haltbrekken skriv om å «ofre Førdefjorden». Han prøver å skape eit bilete av dei negative konsekvensane som ikkje harmonerer med røynda. Han smør tjukt på, heilt bevisst. Men det er altså ikkje sant det han skriv. Dersom dette prosjektet verkeleg kunne true heile Førdefjorden så ville ikkje ein einaste politikar sagt ja til dette.

Så til eit anna begrep som motstandarane av dette verdiskapingsprosjektet brukar konstant. Dei elskar å skrive at det skal dumpast gift i Førdefjorden. Men kva er gift? Ein skal hugse på at det saltet du har på middagsbordet, natriumklorid, faktisk og er giftig om mengdene du får i deg er store nok. Akrylamid får du i deg via kaffikoppen kvar einaste dag. Når Haltbrekken listar opp ei rekkje kjemikalier, og mengden av desse, får ein inntrykk av at det er store tal. Men når kjemikaliene kjem ut i fjorden og blir blanda med svært store mengder sjøvatn, blir konsentrasjonen av kjemikaliene så små at dei ikkje blir skadelege. Syrer og basar vil bli nøytralisert i store mengder sjøvatn. Kor mange tonn sjøvatn passerer Vevring i minuttet? I tillegg er dei fleste kjemikaliene biologisk nedbrytbare, slik såpene dine er det, slik at dei ikkje utgjer nokon stor fare for livet i Førdefjorden.

Vi skal hugse at Haltbrekken har ein agenda i denne saka. Derfor gir han oss ikkje heile biletet.

Båthavna i Naustdal med Heilefjellet i bakgrunnen.

Mangelfull kunnskap om verknader av gruveavgang på livet i Førdefjorden

Finpartiklar frå eventuell gruvedrift i Engebøfjellet skal etter planen lagrast på botnen av fjorden, men det er fagleg usemje om risikoen for oppvirvling av desse til dei frie vassmassane inkludert overflata. Moglege skadeverknader på livet i fjorden frå oppvirvla partiklar er vurderte, men eg stiller spørsmål ved konklusjonane. For det første, det synest å mangle kunnskap om verknader av desse industriskapte partiklane. For det andre, mangelfulle kunnskapar om partikkeleffektar generelt er påpeika i rapportar frå Miljødirektoratet og Norsk institutt for vannforskning (NIVA), men vert likevel nytta som grunnlag for ei «faregrense» på 50 mg partiklar per liter vatn. Etter mi meining kan ein ikkje fastsetje ei slik generell «grense» ut frå den kunnskapen vi har, og endå mindre bruke den til å vurdere risikoen ved akkurat desse industriskapte partiklane. Den aktuelle «grenseverdien» er, uavhengig av denne saka, også uttrykk for ei undervurdering av verknader frå partiklar.

Tre rapportar oppsummerer kunnskap om deponering av gruveavgang inkludert finpartiklar i vatn. Den første, «_Risiko for skader på fisk og blåskjell ved gruveaktivitet på Engebøneset. En litteraturstudie om effekter av metaller og suspenderte partiklar_», vart utarbeidd av NIVA (L.NR. 5689-2008). Nummer to, «_Bergverk og avgangsdepondering. Status, miljøutfordringer og kunnskapsbehov_», kom frå Klima- og forurensningsdirektoratet (KLIF, no Miljødirektoratet, TA 2715-2010). Det tredje er «_Kommentarer til Havforskningsinstituttets høringsuttalelse til søknad om utslippstillatelse for utvinning av rutil i Engebøfjellet. – Transport og spredning av gruveavgang i Førdefjorden_» (NIVA, L.NR. 5875-2009).

Det har vorte hevda at det er naturlege partiklar som skal sleppast ut, og at desse ikkje kan ha uheldige verknader på fisk og andre organismar. Og sant nok, under og etter siste istida har breane ved si sliping av fjell danna enorme mengder mineralpartiklar, som har vorte transporterte med elvar ut i fjordar og hav. Vitskaplege publikasjonar tyder på at nokså høge konsentrasjonar av slike naturlege partiklar kan ha små effektar på fisk.

Partiklar frå rutilutvinning i Engebøfjellet kan i utgangspunktet sikkert kallast naturlege, men ikkje etter tilsetjing av kjemikaliar, t.d. fellingskjemikaliar. Då er det tale om industriskapte partiklar. Dette fordi kjemikaliar vil feste til partikkeloverflata, noko som er meininga, og truleg gje dei andre eigenskapar. Så langt eg kjenner til er det ikkje publisert resultat vedrørande fisk og andre organismar direkte utsette for slike partiklar, og etter mi meining er dette ein større mangel ved kunnskapsgrunnlaget. Ein veit ikkje om slike partiklar i større, uendra eller mindre grad vil feste seg t.d. til fisken sine gjeller og hud. Kontrollerte forsøk kunne ha gjeve en peikepinn på det.

Den første rapporten frå NIVA syner til vitskaplege artiklar, som mest handlar om laksefisk utsette for til dels høge konsentrasjonar av naturlege partiklar i ferskvatn. Rapporten syner også til eit forsøk der fisk (green grouper) i sjøvatn vart utsett for partiklar frå botnsediment (Au og medarb., 2004, Marine Ecology Progress Series). Partikkeltypane er ikkje nærare omtala i artikkelen, men eg går ut frå at dei var ulike dei som er aktuelle i dette gruveprosjektet. Det er sikkert også andre forhold som var ulike, men i samlinga av mindre aktuelle studiar er denne kanskje den mest aktuelle i denne samanhengen. I forsøket vart partiklane blanda ut i vatnet slik at dei kom i kontakt med gjellene når fisken pusta. Forsøket varde i seks veker og over 20% av fisken døydde. Gjellene hjå overlevande fisk vart undersøkte og skadar påviste. Rapporten hevdar at desse skadane var «svært begrenset». Det samsvarar ikkje med det som står i artikkelen, og heller ikkje med døyinga (gjeve dette var dødsårsaka). Skadane vart dessutan påviste hjå fisk som overlevde forsøket. Dei som døydde vart ikkje undersøkte, og ein må spørje om skadane kan ha vore endå større hjå desse. Desse skadane på fisken oppstod ved partikkelkonsentrasjonar på 30 – 35 mg/l, og ikkje 50 mg/l slik det er framstilt i rapporten. Kort sagt, ein fekk større skadar på fisken enn det vert gjeve inntrykk av, og det ved lågare konsentrasjon enn det som er referert. Dette forsøket er også interessant fordi denne fisken normalt lever i grumsete vatn (www.fishbase.org) og såleis skulle tole ein del.

KLIF-rapporten refererer bl.a. til ein artikkel om partikkelpåverknader på fleire arter i sjø (metastudie av Smit og medarb., 2008, Evironmental Toxicology and Chemistry). På side 94 tolkar ein delar av denne studien slik at ”laveste konsentrasjon for negativ påvirkning synes å være ca. 50 mg/l” når det gjeld uorganiske partiklar. Ei slik grense er ikkje antyda av artikkelforfattarane, og resultata frå denne studien kan også omtalast slik: Det er tydelege påverknader ved ca. 50 mg/l og konsentrasjonar på 8-18 mg/l (medianverdiar) kan påverke omlag 5 % av dei undersøkte artene. Usikkerheita i desse tala er stor både oppover og nedover, og syner at det er vanskeleg å fastslå ei nede «grense». Dessutan avheng det av kva arter som vert undersøkte.

Denne «grensa» er nytta i den tredje rapporten (NIVA), der det på side 13 står at «nyere forskning angir 50 mg/l som et nivå der skader kan begynne å inntreffe». Ut frå det eg har sagt over vil eg påstå at det er svak dokumentasjon for ein slik «grenseverdi» for desse industriskapte partiklane.
Usikre konklusjonar er dregne frå eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag, og verknader av industriskapte partiklar på livet i dei frie vassmassane i fjorden synest å vere lite kjende.

Agnar Kvellestad
NMBU – Veterinærhøgskolen

Røyst for havet!

Årets tema på Forskingsdagane som blir arrangert av Universiteta og Høgskulane kring om i landet (18-29 september), tek for seg hav og vatn, som dekker 70 % av jordoverflata. Den er grunnlag for alt liv, med den fengande tittelen: «Eit hav av moglegheiter». Det kan høyrast optimistisk ut. Fokuset vert å syne fram korleis forskarar ved dei ulike utdanningsinstitusjonane driv aktiv forsking av havet med det biologiske mangfaldet og synleggjer kva potensial forskinga har til å utvide kunnskapen om det biologiske mangfaldet, om påverknaden på miljøet og ikkje minst klimaet. Slike emne er ikkje berre til pynt.
Les meir…

Har Førdefjorden ingen verdi?

Igjen kan vi lese eit innlegg i Firda(10.04.2013) frå nokon i Sogn og Fjordane som ikkje ser verdien av Førdefjorden. Ikkje berre er han i utakt med folket(ref:undersøking gjort av Nationen), men og med eiga regjering og Føre-var-prinsippet.

Mineralstrategien som regjeringa nyleg har lagt fram er eit godt reiskap for kartlegging av ressursar, og fornying av mineralnæringa. Her skal det mellom anna forskast på meir miljøvenleg teknologi for handtering og minimering av restavfall, og på teknologi for å redusere bruk av kjemikaliar. Regjeringa tek med denne strategien mål av seg til å gjere Noreg til eit av dei verdsleiande landa på miljøvenleg gruvedrift.

Her er i ligg problemet med prosjektet på Engebø. Dette prosjektet legg slett ikkje opp til å gjere dette på best mogeleg måte for miljø, natur, folk eller eksisterande næringar. Mineralstrategien opnar heller slett ikkje for sjødeponi i Førdefjorden slik enkelte hevdar. Referert frå mineralstrategien: ” Det er ikke mulig å angi på generelt grunnlag hvilken type deponering som er miljømessig mest forsvarlig. Hvilken deponeringsløsning man bør velge må vurderes konkret i hvert enkelt tilfelle….Valg av deponiløsning må avgjøres på bakgrunn av en grundig og faktabasert vurdering av påvirkning på naturmiljøet, kostnader og mulige konsekvenser for annen næringsvirksomhet og andre interesser.”.

Når MD so finn faktagrunnlaget i søknaden ufullstendig, og alle faglege høyringsinstansar peikar på manglar, kva gjer dei? Jau dei krev utgreidd manglane, for å kunne gjere ei grundig og faktabasert vurdering. Kva anna kunne dei gjere? Dei kunne sjølvsagt sagt nei. Hadde vi vore nøgd då?

Til slutt i lesarinnlegget står der å lese fyljande: ”Prosjektet toler ikkje vidare utsettingar og ørkenvandring utan at det blir gitt eit konkret svar”. Nei det skulle eg meine. Men toler Førdefjorden eit ja til oppstart av dette prosjektet? Toler vi eit ”Ørkenprosjekt” i Førdefjorden? Alle faglege råd går imot, men nokon veit altso betre?

Prosjektet på Engebø er ikkje godt nok utreda, slik er det berre. Og det vert ikkje betre enn kor mange fråsegner, lesarinnlegg eller årsmøtevedtak nokon måtte ha. No må vi slutte å kalle ein spade for noko anna enn ein spade. Vi får avvente til resultata av dei supplerande utgreiingane ligg føre, og skulle dei vise at konsekvensane vert negative for fjorden so forventar eg at regjeringa og MD seier nei til prosjektet. Ganske enkelt fordi:

Naturen og miljøet har ein verdi! Folket og næringane langs Førdefjorden har ein verdi! Og ikkje mist, Førdefjorden har ein verdi!

Sykkelbyen eller Sykkelbøen Førde?

Måndag 8. april under overskrifta Nye tankar i Førde vert det skildra ein samanhengande gang- og sykkelveg frå sjukehuset på Vie til Ytre Øyrane (ytst i Førde inst i Førdefjorden). Eg applauderar tanken. Dette er vel eit ganske sjølvsagt element som må realiserast for at vi i det heile skal kunne rettferdiggjere å nevne sykkelbystatusen? Som første sykkelby på Vestlandet (ifølge Firda.no 04.05.2012) er det rimeleg å rekne med ein godt utbygd infrastruktur, som heng saman. Med eller utan sykkel kan vi faktisk ende opp med å finne fram til fjorden igjen.

Bjørn-Are Vollstad
kjartanistansk sakshandsamar & arkitekt

MS Svealand på veg inn Førdefjorden i dag.

Det var vakkert ved Førdefjorden i dag. Ny kritt-kvit snø på toppane.

Sol og frostrøyk på Førdefjorden i dag.

Heilefjellet, Førdefjorden, Naustdal.

Fjordane vore kan bli gjort om til avfallsplassar for gruveselskapa

Dersom gruveselskapa får det som dei vil så kan svært mange av vore fjordar bli avfallsplassar for gruveavfall i lang tid framover. Gruveselskapa står no i kø for å få lov til å drive ut mineraler og metaller rundt om i heile Norge. Det er minst 50 ulike leiteselskaper i aksjon i dag som leitar etter driveverdige mineralforekomstar. Leiteselskapa selger også gjerne funnrettane til utanlanske selskaper. Kina er blandt gigantane her som bla har opparbeida seg monopol på eindel mineralartar. Resultatet av dette ressursjaget kan bli at vi folket har ingenting vi skulle sagt over vore eigne lokalressursar men må sjå på at den eine fjorden etter den andre sakte men sikkert kvelast av giftig kjemikalieslam. Dei fleste gruveselskap søker om utslepp til fjorddeponi fordi det er billegast tiltross for at det einaste «bærekraftige» argumentet dei har er at det vil rulle inn pengar i takt med utrulling av «drit». Gruveselskapa driver no med eit enormt press på vore styresmakter for å få tillatelse til fjorddeponi. Prisane på rutil og andre mineral har minst fordobbla seg i løpet av kort tid. Dersom Førdefjorddeponiet blir godtkjent kan det utløyse eit ras av same type gruvedrift landet over.

Gruveselskapet Nordick Mining (NM) har søkt om å utvinne minst 250 milliona tonn rutil på Engebø i løpet av ca.50 års gruvedrift og dumpe 98% av Engebøfjellet i fjorden. Det er fleire rutilforekomstar rundt Førdefjorden så både mengde og gruvedriftperiode kan bli utvida. Kvar dag vil ca.15.000 tonn gruveavfall samt minst 7000 liter kjemikaliecoctail ende i fjorden med potensiell spredningsfare langt utover deponiområdet. I tillegg vil industriprosessen forbruke ca.800 000 liter ferskvatn per time frå uavklart kilde.

Sannheita om miljøkonsekvensane for gruvedrift med fjorddeponi er at kunnskapsmangelen er enorm. Det finnast ingen bærekraftige beviser for at fjorddeponi er miljømessig forsvarleg. Dette er dokumenter i ein statusrapport frå 2010 hos Klima- og Forureiningsdirektotatet(Klif) utarbeida av Norsk Institutt For Vannforskning (NIVA) angåande kunnskapsnivået på gruvedrift i Norge. Rapporten bekreftar både forskningsbehov og kunnskapsmangel på gruvedrift sin miljøpåverknad både når det gjelder landdeponi, ferskvannsdeponi og ikkje minst når det gjelder fjorddeponi! I følge rapporten har miljøstudiene stort sett gått på vannkvalitet, effekter på makroalger og på bunnlevande dyr. Effektane på plankton og fisk er sjeldan inkludert i overvåkingssamanheng og inngår heller ikkje i tilstandsovervåkingsparameter utvikla av Klif. Det er stor kunnskapsmangel når det gjelder både direkte biologiske effektar og biologiske langtidsverknader frå kjemikalier, tungmetaller, akrylamide, oksygenmangel, nedbrytningshastigheitar av biologiske bestanddelar i slam samt partiklar i vannmassane. Kunnskap om utlekkingsgrad av giftstoffer og gassdannelse som hydrogensulfid og metan frå bunndeponiet er begrensa og ukontrollerbart. Effektane alt dette gir på gyteplassar, smoltifisering, fiskeyngel, plankton og artsrikdom under og etter gruvedrift er ikkje mogeleg å forutsjå. Kunnskap om vannforureinings biologiske effektar er generelt svært mangelfull. Overvåkingsprogram i gruvedriftsamanheng er fattig på biologiske analysemetodar. Overvåking av organismers forplantningsdyktigheit, arvestoffskader, svekka immunforsvar, vevskader, fosterskader og artsmangfoldets forfall finnast knapt? Absolutt ingen overvåkingsprogram vil kunne avdekke slikt før skaden har skjedd. Så overvåkingsprogrammet bekyttar ikkje miljøet det berre overvåkar miljøet med sine heller begrensa analysemetodar. Vi veit at vi har ein artsrik fjord men ikkje kor artsrik den eigentleg er for også her er det kunnskapsmangel.

Vi veit og at industriprosessen til NM ikkje er endeleg utreda. Forandringar av både deponimengde og kjemikaliebruk skjer normalt undervegs med gruvedrift. All erfaring med gruvedrift er at det einaste som er sikkert er at det er fritt fram for gruveselskapet berre dei først får utsleppstillatelse. Dette er ein av grunnen til at Førdefjorddeponiet vil bli eit testprosjekt om det blir ein realitet. For det hjelper lite å teste nokre dyreplankton for tungmetallpåverknad eller ein kjemikaliecoctail ein «antar» skal brukast i nokre få dagar når eksponeringstida på alt liv i fjorden er minst 50 år. I Bøkfjorden som er ein laksefjord har NIVA ansvaret for overvåkingsprogrammet over fjorddeponiet der og fjorden sliter med katastrofal forureining. Men blir gruvedrifta stoppa for det? Nope! Forøvrig er det NIVA som også har stått for konsekvensutredninga til NM som Klif skal behandle. Tette bånd?

Vi har eit svært strengt miljølovverk angåande avfallsdumping generelt. Men av ein eller anna grunn når det gjelder gruvedrift so får desse unntak frå mest alle lovene som vi andre må følge. Og jo større volum med avfall ein har å dumpe jo lettare er det å få lov. Skulle gruvedrifta få eit «uforutsett problem» undervegs (som dei normalt gjere) der kun svært giftige kjemikalier kan «redde dei» so vil også dette bli tillatt fordi «fordelen med miljøforureining er større enn ulempene dette gir for industriprosessen» ifølge Klif sine gruvedriftvennlege tolkningar av regelverket. Kanskje er desse blitt kjemisk logotomert av Magnafloc eller Lilaflot? Det verkar iallefall som om Klif manglar evne til å sjå heilheitleg på samfunnets samspel med naturen vi lever av. Har dei heilt gløymt «føre var prinsippet» ved kunnskapsmangel?

Dersom det er slik at ein må utvinne desse metalla for å utvikle miljøteknologi så burde einkvar skjønne at det ikkje kan kallast «miljøteknologi» so lenge heile produksjonsprosessen i sum medfører enorm forureining. Då bør ein vente til vi har idear til betre teknologiutvikling som er miljøvennleg heile produksjonsvegen. Det er absurd å forureine matfatet vårt for å få ein «miljøvennleg teknologi». Og dersom rutil (titaniumdioksyd) er so «livsviktig» kva har det seg då at 90% av bruken går til unødvendige matsminke? Fordi forbruket er kun pengestyrt og skapar rovdriftskarusellar der fornuften blir blåst vekk!

Løysinga på gruvedriftpresset Norge no opplever er å forby fjorddeponi. Det er utruleg viktig at Miljøverndepartementet forstår alvoret i kva eit «ja» til Førdefjorddeponi vil innebære for Norges framtidige generasjonar. Det bør ikkje bli slik at alvoret først blir forstått den dagen ein har saga av den siste greina ein sitter på og først då skjønner at ein ikkje kan ete verken pengar eller metall. Fjorddeponi er ikkje anna enn offentleg godkjent miljøkriminalitet på sitt verste! Vi har i dag valget mellom å følge «mammon» eller naturen. Fenomenet handler vel om det å leve i ubalanse eller i balanse med naturen? Menneska har eit naturleg hjerte men ein egenrådig hjerne som ofte gløymer å følge sitt hjerte. I dag sliter menneska fordi vi lar pengane styre over oss og ikkje omvendt slik det burde vere. Samfunnet er tilrettelagt for å følge «mammon» og ikkje naturen i og rundt oss. Kanskje påtide å stoppe opp, snu og sjå seg tilbake og lære av historien……….?

Utfordring til AP politikkar Håkon Myrvang angåande Førdefjorddeponiet!

Korleis kan du Myrvang påstå at industriprosessen til Nordic Mining er «Bærekraftig industriprosess» når den ikkje finnast dokumentert eller bevist bærekraftig miljømessig? Kva meinar du med at industriprosessen er bærekraftig? Fattar du forskjellen på begrepet «vekst og utvikling» og begrepet «bærekraftig vekst og utvikling»?

Fatter du at begrepet «vekst og utvikling» blir i dag missbrukt av store korporasjoner verden over og no også i Norge. For det første er det svært viktig å forstå at begrepet «vekst og utvikling» ikkje er det same som begrepet «bærekraftig vekst og utvikling». Korleis nokre politikkarane klarer å gå fem på her er for meg uforståeleg og kan vel ikkje tolkast anna enn at eindel politikarar ikkje kan noko særleg om naturen vi levare av eller? Manglar vore folkevalgte eit heilheitsbilde og naturtilknytning? Fattar du Myrvang kva eg prøver å seie her?

Det hjelper ikkje å samanlikne Førdefjordeddeponiet med deponi i Canadiske fjordar når desse gruvedriftene der manglar både konsekvensutredning og biologisk fakta om artsmangfoldet og livet i fjorden før utslepp! Dei veit med andre ord ikkje kva dei mista. Deponidjupna på 50 meter er heller ikkje samanliknbart med djupvannsdeponi og artsrikdommen der som vil forsvinne for alltid. Dessutan hadde den eine gruvedrifta i Canada tilnærma lik null utslepp av flokkulerings kjemikalier! Førdefjorddeponiet derimot handler om utslepp kvar dag av av tonnevis med flotasjonskjemikalier der minst 200 liter av desse ikkje brytast ned biologisk. Samt tusen vis av liter med flokkuleringskjemikalier som er delvis svært giftig og vannløyseleg. Canadas gruvedeponi kan ikkje samanliknast med djupvannsdeponi i ein norsk fjord!

Vil du Håkon ete fisk frå eit deponiområdet i ein fjord? Kor er bærekrafta i ein industriprosess som skal gjere minst 4km2 til ørken henne? Ein kan ikkje bruke begrepet «bærekraftig» om ein industriprosess som skal pøse 15.000 tonn gruveavfall samt 7000 liter kjemikalier i ein fjord kvar dag i minst 50 år? Det er å føre folket bak lyset! Kall det for det det er nemleg å forgifte delar av Førdefjorden for å drive rovdrift på land og utvinne eit metall kalla Titaniumdioksyd for penganes skyld. Det er kun snakk om «bærekraftig vekst og utvikling» av pengar men ikkje bærekraftig bruk av miljøet eller? Så vær grei Myrvang å spill med ærlege kort?

Så Myrvang tar du utfordringa mi…….og forklarer oss «vanleg dødlege» kva «bærekraftig industriprosess» eigentleg betyr………………………..?

Sannheita om Førdefjorddeponiet?

Sannheita er at dei lærde stridast om kva som kan bli sannheita om Engebøprosjektet blir ein realitet. Havforskningsinstituttet(HI) sine høyringsuttaleleser og Nordic Mining(NM) sin Konsekvensutredning(KU) viser stor ueinigheit om den potensielle framtidige “Sannheita”. Men ingen av dei har fasitten på korleis fjorden vil reagere på minst 240 milliona tonn gruveavfall samt tonnevis med kjemikalier i 50 år.

Men ein ting er dei lærde einige om og det er at Industriprosessen til NM ikkje er opptimalt utreda. Sivilingeniør Arne Sivert Nielsen som jobba for DuPont-konsernet for 20 år sidan (då dei hadde rutilrettigheitane) seier at oppredningsprosessen er mangelfull og auka finmåling av malmen kan føre til meir og anneleis kjemikaliebruk. HI og NGU (Norges Geologiske Undersøkelse) seier det same. NM seier “prosessen skal opptimaliserast undervegs” saman med pigmentprodusenten Cristal Global. Og KU påpeikar at “Prosessen er endå under utvikling”. Sidan industriprosessen ikkje er ferdigstilt finnast her ingen garanti for kjemikaliebruken/mengden NM søker utslepp om er den som vil bli brukt i praksis. Nielsen poengterar og at hovedgrunnen til at dei gav opp Engebøfeltet var av miljømessige hennsyn.

Kvar dag vil ca.15.000 tonn gruveavfall og minst 7000 liter kjemikaliecoctail ende i fjorden med potensiell spredningsfare langt utover deponiområdet. NM trur det er kun deponiområdet som blir “ørken” utan liv i 50 år (3km2). HI derimot trur det påvirka bunnarealet og vannmassane blir minst fem dobbla i forhold til KUs antagelser. Samanklumpingsmiddelet Magnafloc 155 skal brukast til å resirkulere 80% av ferskvannsbruken til industriprosessen (3-4000 tonn pr.time). Kor vatnet skal kome frå nevner ikkje KU. NM reklamerar i tillegg at Magnafloc skal sikre sedimentering av finpartiklane. I Bøkfjorden har gruveselskapet Sydvaranger Gruve(SVG) slept ut ulovleg tonnevis av Magnafloc 1707 pga problemer med “uforutsette store mengder små partikler”. Magnafloc 155 fungerte ikkje bra nok på små partiklar. Etter at Klif (Klima-og Forureiningstilsynet) oppdaga ulovlegheitene fekk likevel SVG forsette å sleppe ut kjemikaliet som er svært giftig for vannlevende organismer og med lang nedbrytningstid. Dette fordi Klif kan “endre villkåra i ein tillatelse dersom dei fordelar forureininga får er vesentleg større enn dei skader eller ulemper dei vil føre til for miljøet”. Forstå det den som kan?

Dei minste organismane til fiskens næringskjede er avhengig av å filtrere reint vatn med alger for å leve og dei beveger seg gjerne i heile vassøyla i løpet av eit døgn. Desse lever ikkje av tungmetaller, kjemikalier eller slam men dør av det. Dersom desse dør vil heile næringskjeden bli påverka. Også bunnorganismane er viktige både som fiskeføde og i biologiske nedbrytningsprosessar. Raudlistearta djupvannsfisk vil forsvinne frå deponiområdet pga djupvannsmangel. Førdefjorden er ein av landets mest artsrike fjordar fordi den er REIN! HI frarådar fjorddeponi på det sterkaste sidan effekten på heile økosystemet kan blir langt meir omfattende enn beskreve i KU og representerer ikkje ein bærekraftig bruk av fjorden.

Kva skal vi med eit miljølovverk om det ikkje blir brukt? Fjorddeponiet strider mot Forureiningslova, Havressurslova, Vannforskriften og Naturmangfoldlova. Vannforskriften tillater å senke miljøstandaren i overflatevatn (alt vatn botsett frå grunnvatn) kun frå “svært god” til “god” tilstand. Fjorddeponiet vil senke miljøstandaren frå “svært god” til “ikkje eksisterande”. Sidan Førdefjorden i tillegg er ein nasjonal laksefjord har den også ein “Særleg beskyttelse mot skadelige inngrep”og den gjelder også i munningsområdet til laksefjorden. Fjorddeponi verkar fullstendig uforsvarleg. I Bøkfjorden brukast svært giftige kjemikalier. I Jøssingfjorden spredde finmassen seg langt utover deponiområdet og overflatevatnet blei grumsete. Og slamdeponiet i Oslofjorden lekker giftstoffer.

Bærekraftig bruk av naturen handler om ein balansegang der ein bevarar samtidig som ein brukar. Ein vil aldri få bærekraftig bruk ved å openbare ord som “vekst og utvikling” og “bærekraftig industriprosess” når ein samtidig skal skjule miljøkriminalitet på fjordbotn. Sjølv om NM eiger rutilrettigheitane i Engebøfjellet so eiger dei på ingen måte rettigheita til å påføre den vakre fjorden vår ei miljøkattastrofe. Ifølge Norsk Instiutt for Vannforskning vil “gruvedrift alltid påvirke miljøet negativt” og derfor “blir det et verdivalg”. Verdivalget består mellom gruvedrift og unaturleg forureining eller rein artsrik laksefjord med naturleg bærekraftig vekst og utvikling. Eit valg alle rundt Førdefjorden har all rett til å vere med å bestemme over. Vårt naturlege hjerte veit det rette valget……

Redd Førdefjorden!

I Vevring har selskapet Nordic Mining ASA (NMA) søkt om å få utvinne 250 milliona tonn gruvemalm med mineralet rutile som finnast i Engebøfjellet. Mest heile Engebøfjellet skal dumpast i Førdefjorden i form av gruveslam for at NMA skal stå igjen med ca.3% rutile frå fjellet. Noko av slammassen skal dumpast på land og vil begrave Engjabødalen (Gråbergsdeponiet). Det er enorme slammassar det er snakk om. 240 milliona tonn gruveslam (15.000 tonn kvar dag i 50 år) vil gruveprosjektet etterlate seg i fjorden. Ikkje minst vil gruvedrifta etterlate seg enorme mengder delvis giftige kjemikalier (2.642 tonn pr.år) som kjem til å ende opp i Grytaelva, Førdefjorden og i grunnvatnet rundt Engebø.

Askvoll og Naustdal kommune har tilrådd gruvedriftprosjektet samt fylkesmannen i Lærdal. Saka ligg no hos Utviklings- og Miljøverndepartementet.

Rutile er eit mineral som består hovedsakleg av Titanium dioxide (TiO2). Titaniumdioxide er eit kvitt fargestoff som blir brukt i bla tannkrem, iskrem, kosmetikk, hudprodukter, matfarge (E-171) og tabelettar.
Stort sett den einaste funksjon til titaniumdioxide i desse produkta at det skal sjå fint ut (unødvendig bruk med andre ord). TiO2 kan brukast i Solceller (“lavkostsolceller”). Men kor “lavkost” kan desse solcellene vere når ein fjord skal forgiftast og astronomiske mengder strøm og drivstoff skal gå med i prosessen? Høyres ganske “høgkost” ut i mine øyre.
Den billigaste og mest miljøvennlege måten å “finne” Titan på er å resirkulere alle militærfly på flykyrkjegårdar rundt omkring og slutte å krige!

I solkremar blir TiO2 brukt som ein fysisk blokkar av UV-lys. Mange solkremar brukar og TiO2 nanopartiklar som er so små at dei kan bli absorbert av huda. TiO2 kan vere giftig sidan det danner frie radikaler i reaksjon med sollys som kan skade celler, DNA, vev og svekke kroppens immunforsvar. TiO2-støv har blitt klassifisert av Internasjonal Agency for Research on Cancer (IARC) som gruppe 2B carcinogen. Det vil seie: “Mogeleg kreftframkallandes for mennesker”.

Det undra meg korleis to seriøse institutter som Havforskningsinstituttet (HI) og Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA) kan kome opp med to so totalt ulike tilrådningar for gruvedrifta på Engebø. Kan det vere fordi den eine tenker på pengar og den andre tenker på miljøet? NIVA (som NMA har kjøpt sin dokumentasjon frå) synast visst alt er fint og betryggandes medan HI synast det heile er svært urovekkandes.

Havforskningsinstituttet (HI) i Bergen har kome med ein svært grundig og sterkt kritisk Høyringsuttalelse vedrørande NMA sin søknad om utsleppstillatelse i Førdefjorden. Konklusjonen deiras er klinkandes klar: “Det omsøkte utslippet av gruveavgang til fjordeponi i Førdefjorden ikkje representerer en bærekraftig bruk av fjorden og vi fraråder klart at det gis tillatelse til utslipp”. HI har prøvd so realistisk som mogeleg å dokumentere korleis utsleppet vil “oppføre seg”, både i vannmassane og på bunnen og utifrå det vurdert effekten på økosystemet og dei levande ressursane. HI viser og til “at det er vesentlige mangler i dokumentasjonen av gruveavfallets skjebne i fjorden og således tolkningen av økologiske effekter”. Vidare seier HI at “Gjennom våre egne beregninger og vurderinger har vi sannsynliggjort at effekten av de planlagte inngrepene på en rekke fiskearter og økosystemet som helhet blir mer omfattende enn beskrevet i konsekvensutredningen”.

Kvart år vil 4 milliona tonn gruveavgang bli slept ut i fjorden dei første 10-15 åra (dagbruddrift). Deretter opp til 6 milliona tonn pr.år (underjorddrift). Av denne massen utgjere Finfraksjonsdelen (0,02-0,04 mm) ca.15% og tilsvarar ca.600 000 tonn pr år og deretter øke til 900 000 tonn per.år. Store delar av finfraksjonmassen vil danne svevestøv i fjorden og lett spre seg i alle retningar med strømmen. 60% av utsleppet er av grovare art og vil danne eit djupvannsdeponi som vil dekke 300 km2 på 300m djupne. Den naturlege djupna på 300m vil om 15 år vere redusert til 200m og ca.150m ved avslutta drift. For kvart år som bunndeponiet stiger vil finpartikkelskya spre seg meir i fjorden.

NMA manglar dokumentasjon som viser at Magnafloc fungerar som dei påstår.
NMA har søkt om å bruke årleg 10 tonn av flokkuleringsmiddelet Magnafloc 155. NMA påstår at finfraksjondelen av gruveavfallet blir sedimentert vha Magnafloc og skal forhindre at finfraksjondelen sprer seg i fjorden utover frå deponiområdet. Deiras vurdering av effekten på heile økosystemet bygger på påstanden om at Magnafloc fungerar.
Men dei manglar dokumentasjon på at Magnafloc vil binde seg til finfraksjondelen av gruveslammet og sikre sedimentering i betydeleg grad. I laboratorieforsøka til NIVA brukte dei stilleståande vatn og ein mykje høgare konsentrasjon av Magnafloc enn det som er planlagt brukt i praksis. Forsøket gav kun ein 20% reduksjon i turbiditet (ifølge HI). Desse lab.forsøka har ingen naturvitenskapeleg holdepunkt til å kunne “bevise” kva som vil skje i ein fjord med strøm, saltholdigheit, oppdrift, synkehastigheit, temperaturvariasjon og ein heilt anna konsentrasjon av magnafloc? Dette er ein alvorleg dokumentasjonsmangel sidan Magnafloc blir sett på som den viktigaste faktoren som NMA legger til grunn for at økosystemet i Førdefjorden skal bevarast!

Magnafloc er forøvrig klassifisert som “giftig” og “kan forårsake kreft” sidan det innehelde det kreftframkallandes stoffet Akrylamide i små mengder. Det er stor usikkerheit for kor giftig akrylamide er for fisk sidan dette er lite forska på. Hos mennesker kan det gi kreft, skade forplantningsevna og skade nervesystemet.

I Bøkfjorden ved Kirkenes pågår eit liknandes gruveprosjekt der Magnafloc 155 har blitt brukt. Der har finpartikkelmassen sprett seg utover fjorden. Sydvaranger gruveselskap har og søkt om å få øke kvote mengden gruveavgang der frå 4 til 9 millionar tonn pr.år samt brukt ulovlege kjemikalier.

Utanom Magnafloc er det 6 andre kjemikalier som skal brukast i utvinninga av rutil og vil ende opp i fjorden. Alle desse kjemikaliene utgjere tilsaman 2.642 tonn årleg forbruk! I NIVAs dokumentasjon angåande Flotasjonskjemikaliene brukar dei LC50-verdiar som ein grenseverdi der ein får inntrykk av at så lenge utsleppa helde seg under denne verdien vil det vere problemfritt? LC50 betyr “Lethal Concentration” og vil seie at 50% av forsøksdyra dør ved denne verdien. Kun for flokkuleringsmiddelet Magnafloc brukar dei PNEC-verdiar (Predicted Non Effekt Consentration). LC50-verdiane er gjerne einplass mellom 10 til 10.000 gongar høgare enn PNEC-verdiane. Sannsynlegvis vil alle flotasjonskjemikaliene overstige PNEC-verdiane. LC50-verdiane skal kkje brukast som grenseverdiar når ein søker om å få utsleppsløyve i ein fjord? Dette verkar å vere villedande dokumentasjon frå NIVAs side? Den ideelle normverdi er i følge EUs nye regelverk basert på dei nedre PNEC-verdiane (mykje lavare verdi enn LC50-verdiane).

Alle stoffer er i prinsippet “giftige” om dosen er høg nok. Samtidig er her uavklarte interaksjonar mellom alle desse kjemikalia og effekten på økosystemet i fjorden. Det blir hypotetisk antatt at mykje av flotasjonskjemikaliene vil bli immobilisert på fjordbunnen dersom flokkuleringa er god (som dei ikkje har bevis for). Når det gjelder oksygenforbruk til nedbrytning av dei biologiske bestanddelane i slammassen påpeikar NIVA at vannutskiftningen er god og dermed god oksygentilførsel. Men når det gjelder spredning av finfraksjondelen forutsetter dei “dårleg” vannutskiftning (lite strøm). All kjemikaliebruk vil auke med 50% ved underjorddrift.

Industriprosessen krever bruk av store mengder ferskvatn og det er ikkje avklart kvar NMA vil hente dette. Men det er klart at drikkevatnet i Grytaelva kan bli påverka av giftig sigevatn med bla tungmetallar og sprengstoffrestar frå det landbaserte Gråbergsdeponiet. Også grunnvatnet og fjorden vil få tilsig på sikt. Tungmetaller frå industriprosessen er giftige og bioakkumulerandes.

Engebøfeltet eit testprosjekt?
I Bergens Tidene 18.okt.2010 stod følganede:
“For 20 år sidan jobba sivilingeniør Arne Sivert Nielsen for Dupont-konsernet som skulle starte gigantisk gruveprosjekt på Engebø i Naustdal. No åtvarar han mot at Nordic Mining får løyve til å gjere det same.
“Det teknologiske prosessen som trengst for å utvinne titanhaldig rutil frå Engebø-malmen har så vidt eg veit aldri blitt prøvd i industriell målestokk. Dei ulike stega av prosessen er utprøvd kvar for seg, men ikkje saman og ikkje i stor målestokk. Nordic Mining inngjekk nyleg ein samarbeidsavtale med pigmentprodusenten Cristal Global. På nettsida si skriv dei at føremålet med samarbeidet er å utvikle og optimalisere produksjonsprosessen for Engebø-rutilen. Dei veit med andre ord ikkje korleis prosessen kjem til å bli, men har søkt om utsleppsløyve likevel. “
- Niva har gjort ein del modellreknestykke på korleis dei store mengdene finmasse vil oppføre seg i fjorden. Kvifor er ikkje dette godt nok?
“Eg har ingen kommentarar til Nivas forsøk i seg sjølv. Men føresetnadene, altså utgangspunktet, for Niva sitt arbeid er så usikkert at det er liten sjanse for at resultata blir korrekte. For det spelar lita rolle om ein reknar rett, dersom ein brukar feil tal frå starten av reknestykket.”
(sitat slutt!).

Mange lag og organisasjonar er imot gruvedrifta og har ikkje blitt høyrt som Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Sjømatnæringa, Fiskarlaget, laksefiskarane, Småbrukarlaget, Turlaget, Turistnæringa og lokalbefolkningen forøvrig. Motstandarane verkar å vere i massivt fleirtal. Havforskningsinstituttet med havforskar Jan Helge Fosså i spissen har gått sterkt ut og advart mot gruvedrifta. Dessverre verke det som om heller ikkje HI har blitt høyrt tiltross for at dei er ekspertar på hav og fjordar? Havforskningsinstituttet og fleire andre ekspertar har generelt gått sterkt imot å bruke fjordane som avfallsplass for gruveslam. I verden forøvrig er det begynt å bli forbudt å dumpe gruveslam i fjordar pga giftstoffa i slammet. Men ikkje i “miljøvennlege” Norge?

Gruveprosjekt vil ha alvorlege ringverknader på alle som bur rundt Førdefjorden. Vi burde forlange ei folkeavstemming eller ny gjennomgang av saka der all dokumentasjon blir lagt på bordet og alle kommunane får bestemmelsesrett. NMA sin dokumentasjon verkar mangelful og basert på urealistiske forhold så her er all grunn til å rope “ulv”. Engebø prosessen har vore udemokratisk og forhasta. Naturen består av mange faktorar og det er kun HI som har naturvitenskapeleg dokumentasjon på Engebøprosjektet etter mitt syn. Det er er stor forskjell på “dokumentasjon” og “naturvitenskapeleg dokumentasjon”.

Til dokke folkevalgte politikkarar som har stemt for gruvedrifta i dokkas villfarelse, ønsker eg seie ein ting; Det er ingen skam å snu men derimot ein velsignelse for heile Førdefjorden og alle oss som bur ikring den som har valgt dokke i tillitt. Vær so snill å ikkje missbruk vår tillitt men vis at dokke er den verdig ved å tørre å snu i tide? La dokke ikkje lure av lovnader om “gull og grøne skogar” for dette gruveprosjektet vil ikkje gi oss anna enn “svovel og forpesta fjordar”! Så vend om og redd samtidig Dalsfjorden i vendinga.

Kva betyr 170 arbeidsplassar og ein slump med pengar mot ein forgifta fjord og ei heil bygd mest “sprengt” vekk mot sin vilje? Ungdommen frå Vevring signaliserar at dei ikkje vil flytte heim om gruva kjem. Fråflyttinga rundt Førdefjorden vil sannsynlegvis akslerere i takt med kvelninga av fjorden. Arbeidsplassar vil komme naturleg og miljøvennleg av seg sjølv dersom Vevring får lov å vere den vakre kunstbygda den ER i dag!

Hugs at Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord og ein av landets reinaste og artsrikaste fjordar! Gruvedrifta på Engebø vil sannsynlegvis føre til at Førdefjorden blir ein av landets mest forureina og artsfattige fjordar! Dette kan bli ei økologisk miljøkatastrofe av dimensjonar! For å nevne litt av skadane dette vil gi fjorden ifølge Havforskningsinstituttet vil minst 40% av rekefeltet forsvinne til deponi, deponiet vil øydelegge habitata for fleire djupvannsfisk, oppvekstområda til kysttorsk, laks, sjøaure og mange rødlisteartar kan bli øydelagt sidan gruveslammet sannsynlegvis vil spre seg over eit stort område og påverke negativt heile fjordens økosystem. Også ålen i Grytaelva vil bli trua.

Våkn opp folkens dette er alvor! Dette gigantiske gruveprosjektet er fullstendig galskap der vi folket og naturen vi lever av blir taparane. Ingen burde få lov til å forgifte maten vår for eit mineral som ikkje kan etast! Ingen bruksområder av Titan kan forsvarast ved å øydelegge ein fjord. Dette handlar enkelt om å bruke sitt sunne bondevett og lytte til sitt hjerte og føle kva som er rett…..

Vennleg helsing
Bente Hjelmeland Eikefjord (Førdianar og Førdefjordpatriot)

På vei heim til Vevring frå Gjelsvika etter infomøte for Naustdal og Askvoll kommunestyre, 9. mai. Vakkert syn over Førdefjorden, ein enda levande fjord. Vi har ingen fjord, fjell eller bygd å miste!

Låg konsentrasjon gjer magnafloc 155 ufarleg.

Sergio Manzetti skriv om ”Dumping av Magnafloc 155 i Fjørdefjorden” i eit innlegg i Firda 14.10.2010.

Magnafloc 155 blir i innlegget framstilt som eit svært farleg kjemikalie. Fakta er at det kun er ein liten del av kjemikaliet som er problematisk i miljøsamanheng. Dersom ein les konsekvensutgreiinga står det at den farlege komponenten utgjer ca. 0,1% av polyakrylamid. Konsentrasjonsgrensa for når ein får ein negativ effekt av denne komponenten, PNEC (Predicted No Effect Concentration), er 40 μg/l . Det er berekna at konsentrasjonen i avgangsrøyret vil vere ca 0,5 μg/l. Konsentrasjonen av akrylamid er altså ein faktor ca. 80 lågare enn PNEC-verdien.

Sitat frå konsekvensutgreiinga: Akrylamid akkumuleres i liten grad i biologisk materiale og er heller ikke betandig, slik at risikoen for økologiske skader i Førdefjorden som følge av dette utslippet vurderes som svært liten, selv helt i munningen av avgangsrøret.

Det er essensielt at ein tek konsentrasjonen med i betraktninga når ein skal vurdere faren ved eit bestemt kjemikalie. Det har ikkje Manzetti gjort slik eg ser det. Skremmande lettvindt å berre sitere frå eit HMS datablad synes eg. På grunn av den låge konsentrasjonen i avgangsrøyret er det truleg større grunn til å uroe seg for innhaldet av akrylamid i enkelte matvarer. Manzetti si frykt er difor i stor grad ubegrunna.

Odd Frantzen
Kommunestyrerepr. Ap

Lokalt Naturmangfald - Svar til Fossum

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, svarte i Firda 11. mars på innlegget mitt om lokalt naturmangfald. Fossum skreiv at Natur og Ungdom har misforstått omgrepet naturmangfald. Det er tydeleg fleire mistydingar ute og går.

Ei lang rekke lag, forskarar og miljøorganisasjonar kjem med kraftige åtvaringar mot den planlagde gruvedrifta i Vevring. Drifta vil føre til eit enormt naturinngrep, og har ein høg risiko for å øydelegge Førdefjorden.

Fossum brukar konsekvensutgreiinga (KU) som dokumentasjon på at gruveprosjektet i Engebøfjellet er utan fare for naturmangfaldet i Førdefjorden. At gruveprosjektet vil vere miljømessig trygt og langsiktig utan konsekvensar for verken raudlisteartar eller andre artar. Dette stemmer ikkje. KU er ikkje ferdig, og kan ikkje reknast som eit bevis for at økosystemet i fjorden ikkje vil bli påverka av fjorddeponiet. Fleire forskarar anbefalar vidare utredningar på mange område.

Norsk fjordlandskap er for andre gong blitt kåra til eit av dei beste reisemåla i verda. Vevring er eit kreativt og livleg bygdesamfunn, og ligg ved ein av dei reinaste og flottaste fjordane i landet. Eg tykkjer det er naivt og ulogisk å tru at gruvedrift og fjorddeponering vil vere miljøvenleg på den måten det er lagt fram. Lokalpolitikarane står ovanfor ei stor avgjerd. Kor mykje risiko for øydelegging av miljøet vil de godta? Gruveindustri der ein risikerar å øydelegge Førdefjorden for all framtid, eller ei fornybar satsing der ein tek vare på naturmangfaldet og livet i bygda. Kva veg tyngst?

-Inger Fure Grøtting, Fylkesleiar i Natur og Ungdom