Viser arkivet for stikkord firda

Underleg trend

Om ein skulle tillegge “leiarspalta” under synspunkt/meiningar i Firda nokon intensjon og verdi, so måtte det vel vere debattskapande. Men eg lurar av og til på kven det kan vere som skriv denne leiaren. Er det ein fast? Er det tilfeldig utvalde innlegg? Går det på rundgang i redaksjonen? Ikkje veit eg. Men når ein les den kan ein om ikkje anna få inntrykk av at forfattaren opptrer noko distré, eller tek ulike sider i saker for å skape debatt. Der er ikkje akkurat noko raud tråd gjennom denne spalta, annan enn “debattskapande”. Og dette er heilt greitt, og for so vidt ikkje noko spesielt for Firda. Bortsett ifrå på eit punkt, avfallsdeponiet i Førdefjorden. So fort leiaren tek for seg dette, er det konsekvent på Nordic Mining si sida den hamnar. Er ikkje dette litt snodig?

I leiarspalta “underleg reknekunst” 23.09.14 tek leiaren på seg hatten som forkjempar for naturmiljø, lokalt næringsliv og busetnad. Eg vart rett begeistra over denne leiarspalta. Om ein derimot les notisen under leiaren 25.09.14 “Slik går no dagane”, får ein eit ganske anna inntrykk. Kvar vart det av den sunne fornufta omtala i “underleg reknekunst”. Dette fell meir i kategorien sure oppstøyt. Men so handlar det rett nok om avfallsdeponiet i Førdefjorden. Er dette tilfeldig? Eller er det slik at enkelte sine kalkulatorar ikkje alltid gjer same svar?

Punktum.

Høgre sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Arve Mjømen, skriv i avisa Firda i dag. Imponerande. Er det verdsrekord? Trekk pusten godt før du les denne setninga som Mjømen har prestert:

“Som elles, er det også i høve landbrukspolitikken, nødvendig å få til avtalar som partia i fellesskap kan stå saman om og ikkje minst for å ivareta den forhandlingsinstitusjonen som faktisk Bondelaget er best tent med og som no hang i ein svært tynn tråd med Arbeiderpartiet sitt utspel som kunne føre til at denne moglegheita vart brote ned for ettertida.”

Punktum.

Bilavisa Firda, betale for reklameavisa Firda ?

Då eg opna avisa ‪#‎Firda‬ i dag 28 november trudde eg at eg hadde opna ein ‪#‎bilkatalog‬, berre bil og reklame i store delar. Dersom eg vil ha bilstoff “all over” kjøper eg eit tidskrift for det. På tide å vurdere abonnementet ? Avisa er dyr nok.

Eavisa til Firda er eit elendig produkt.

Eavisa til Firda er eit elendig produkt. Det er framleis periodar der det ikkje er mogeleg å få tilgang til eavisa om morgonen. Slik har det no vore i lang tid. I periodar baserer eg meg på å berre lese eavisa. Då er manglande eavis det same som å ikkje ha tilgang på den avisa eg har betalt for. Dette er alt for dårleg. Tolmodet mitt er snart slutt. Dersom ikkje nokon ansvarlege kan love ei betring på dette området er vegen kort til å snu ryggen til Firda. Sorry, men produktet dykkar er ikkje godt nok.

Mediaelevar har krav på overgangsordning

Frå og med neste skuleår vert Sogn og Fjordane fylke truleg åleine i landet om å ikkje tilby studieplassar innan vg3 Medium og kommunikasjon. Resultatet er utvilsamt at elevane frå Sogn og Fjordane får eit langt dårlegare utgangspunkt enn medieelevar frå resten av landet når dei skal inn på høgare medieutdanning.

Les heile innlegget her!

Framtidsfylket, eit glansbilete?

Sogn og Fjordane, fylket mitt og heimstaden min. Sjølv om eg bur og betalar skatt til eit fogderi i aust, er det likevel fjordfylket eg ser på som heimstaden min. Eg blir stolt når eg les at Sogn og Fjordane til stadigheit er det mest gåvmilde fylket under TV-aksjonen, kry blir eg når nokon seier; «skulle ønske jeg også hadde en dialekt», men trist blir eg – når eg ser heimstaden min blir riven sund i debatten om skulebruksplanane.

Eg har alltid lagt verdi i å opptre sakleg, forme meiningar på grunnlag av fakta og vurdere eit tema frå fleire vinklar – slik at rettferd kan nåast og objektive slutingar kan takast. Dette forventar eg òg frå dei folkevalde. Med det lagt til grunn forstår eg kvifor denne debatten er så full av kjensler. Kven vil ikkje behalde skulen sin, elevane, tilbodet og arbeidsplassane? Ei sak lyt likevel behandlast ut frå fakta og ei objektiv vurdering – ikkje meiningar farga av subjektivitet og lokalpolitikk. Folk flest forstår dette, og vil godta slutningar som er grunna i fakta og tal.

Les meir…

Framtidsfylket: Ein terrorbalanse?

Eg har alltid hatt stor tru på fylket Sogn og Fjordane. Eg veit at dette er eit lite, rart og usakeleg krangleferdig fylke, men samstundes er det eit fylke der trivselen er høg, folkehelsa er god og der den vidaregåande utdanninga er av dei beste i landet. Og eg må innrømme at eg har ein litt pussig men veldig sterk kjærleik for mangfaldet ein finn i dette vesle fylket: Dialektane, folkemusikken og folkelynnet har vore ulikt i dei ulike fjordane og bygdene i lang tid.

Difor riv det i hjarte å sjå at dette mangfaldet vert brukt som brekkstong til å rive dette fine fylket i frå kvarandre. Skulebruksplana om den vidaregåande opplæringa i fylket er ei vond og vanskeleg sak, som kjem til å råke mange. Men er det ikkje sånn at elevane sine ønskjer som skal telje mest? Eg høyrde fylkestingpolitikkarane snakke om elevane sin valfridom før valet. Nokre (Heisann, Framstegpartiet!) hadde nokre vage planar om at “dei skulane som fekk flest søkarar skulle få bestå”… Ei logisk slutting utifrå denne tankegongen ville vore å styrkje dei skulane som har best resultat og høg trivsel mellom elevane. So kvifor høyres det no ut som det viktigaste er at dei ulike fogderia skal få kvar sin del?

Fogderia. Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dette var skatteinnkrevingsområder for ulike futar på slutten av 1600talet, og ein ser den dag i dag at dei har ulike dialektmerker og springartakt… Fine ting dette, men skal desse skilja verkeleg vere hovudpoenget i skuledebatten anno 2013? Skal variasjonar i springartakt vege meir enn kvaliteten på utdanninga vi gjev framtidige Sogn-og Fjordingar? Det verkar nemleg for å vere slik hjå enkelte av dei som har (litt for mykje) makt her i fylket.

Eg brenn særleg for Firda Vidaregåande Skule. Somme vil påstå at det er fordi eg er gløppar, men den gong ei: Eg brenn for Firda VGS fordi denne skulen er ein av dei få tinga som gjev fylket einskap. Dette er ei boble av sameksistens, mangfald og kjærleik i eit elles stundom kaldt og splittande fylke. Her har ein elevar frå alle dei 26 kommunane i fylket som utfaldar seg saman i drama, musikk, realfag, idrett og mediafag, for å nemne noko. Ein skule med mange hybelbuarar som trivs og som vert teke vare på av skulen. Ein skule som er meir enn ein skule, ein stad du som elev vert eit betre menneskje. Ein skule fylket burde vore stolt av; med gode elevresultat og høge søkjartal er Firda VGS ein skule som særleg Framstegsparitet burde halde tett til bringa. Elevane sjølve skulle bestemme, var ikkje det slik?

Men når Trude Brosvik i fylkesutvalet går inn for å halde på Media og kommunikasjon på Firda VGS, linja som er særleg kjend for Q- filmfestivalen og som passar som hand i hanske med dei andre faga på skulen , vert ho avfeia av Nils P. Støyva . Å gjere noko sånt vil nemleg vere" eit brot på den terrorbalansen som eksisterar mellom fogderia“. Alle skal kutte like mykje, same kor mykje kvalitet ein mister på vegen.

Terrorbalanse. Smak på ordet. Terrorbalanse. Det smakar av stammekrigar, død, blod og umenneskeleg pine. Er det verkeleg slik vi vil bygge framtida for fylket vårt? Framtidsfylket? På ein terrorballanse? Mellom ulike dialektområder?! Sukk hjarte, men brest ei! For det er endå tid for politikkarane å snu: Dei kan bygge framtida på kvalitet og ikkje på ein svak terrorbalanse. Ei god byrjing på denne haldingsendringa er då å behald Media og kommunikasjon på Firda Vidaregåande skule!

Betre mediefag i Førde

På leiarplass i Firda Tidend fredag 31. mai vert det påstått at programfaget medium og kommunikasjon (MK) går ei usikker framtid i møte på Hafstad vgs. Dette er ein heilt feil påstand, utan hald i verkelegheita.

Firda Tidend-redaktør Bjørn Grov skriv at medielina «i Førde skal alt byggast opp frå null på ein sprengt skule». Dette er ei meining som tidlegare har vorte omtalt m.a. på debattsidene i Firda, då i regi av tilsette på Firda vgs. Dette er i beste fall feil, og i verste fall eit forsøk på å undergrave den kompetansen medielærarane som har sagt seg villige til å bli flytta dit, sit inne med.

Fagmiljøet som alt er etablert i Sunnfjord i form av MK på avdeling Jølster, har mange og sterke relasjonar med næringsliv, organisasjonar og andre aktørar i Førde – der mange av fylkets aller største mediebedrifter har sin base. I tillegg har lokallaget av Utdanningsforbundet i Førde jobba tett med å legge til rette for ein best mogleg flytting av fag frå avd. Jølster til Førde-skulane.

Hafstad vgs., der MK i Førde ligg plassert i planane til fylkesutvalet, har faget Medie- og informasjonskunnskap (MIK). MK og MIK har mykje til felles, noko som vil tilføre nye impulsar og eit større fagmiljø. Avgjerda med å støtte ei flytting frå avd. Jølster til Førde er ikkje tilfeldig. Vi har vore på Hafstad, vi har snakka med lærarar og sett på lokale. Vi veit at medielinja der vil gje elevane eit om mogleg betre tilbod enn i dag.

Hafstad vgs. er heller ikkje sprengd, og har ikkje vore det i nokon av modellane som har vore i spel. Med det noverande forslaget frå utvalet, der Hafstad har gått ned frå fem til fire parallellar studiespesialiserande og frå to til ein påbyggsklassar, har skulen veldig god plass med fleire ledige klasserom, sjølv med MK med to parallellar.

Les heile innlegget her!

Firda fortener ei medielinje, og medielinja fortener Firda.

1MKA er sjølvsagt veldig imot at Firda vgs mister nokon av linjene som er foreslått, men vi vil sei vår meining om Medium og kommunikasjonslinja, med tanke på at vi er elevar der.

Vi meiner det er naivt av fylkeskommuna å tru at det går an å flytte ei linje som Medium og kommunikasjon frå ein skule som Firda, til ein heilt ny plass. At dei trur at det er så lett å bygge opp eit nytt miljø på ein plass der det ikkje har vore Medium og kommunikasjon tidlegare, er rett og slett sjokkerande.

På Firda samarbeidar Medium og kommunikasjon flittig med andre kreative linjer som Musikk, dans og drama. Og ut ifrå dette har vi fått erfaring og kompetanse innan film, foto, lyd, grafisk design og journalistikk. Berre dette året har vi laga plakatar, gjort fotooppdrag og hatt fleirkameraproduksjon, alt i samarbeid med linjene nemnt ovanfor. På Firda har vi ein unik moglegheit til å vere igjen etter skulen og jobbe. Vil Hafstad oppretthalde dette viktige tilbodet? På Firda er det eit tett samhald mellom linjene, og skulen blir ikkje det same utan dette. For Firda, det er meir enn ein skule.

Hybellivet kan vere utfordrande for ungdommar, og ikkje minst foreldre som «sender vekk» borna sine. For desse foreldra er det viktig å vite at ungane er trygge, og at dei har eit godt miljø å utvikle seg i.
Heilt sidan 1922 har Firda vore gymnas, og heilt sidan 1922 har ungdommar budd på hybel på Sandane. Då det er jo klart at heile bygda har erfaring med dette.
Sandane er lite, men sentralt. Det er passeleg med innbyggjarar og det er passeleg størrelse for ungdommar å vekse opp og bu i slutten av tenåringstida. Trygge omgjevnadar skapar eit godt læringsmiljø.

Elevane som går på Firda er ikkje vaksne, men det å bu heimanfrå gjere elevane meir vaksne og sjølvstendige enn andre jamnaldrande. Ein tar meir ansvar for å gjere skulearbeidet sjølv, og Firda er ein av dei skulane som ligg høgst oppe i fylket karaktermessig. Så det at ein bur på hybel kan ikkje brukast som motargument på nokon måte.

Elevane slepp å gå lange avstandar for å få tak i det mest nødvendige og skulen støttar opp om ein har vanskelegheiter med noko. Vi har og gode fritidstilbod, f.eks Open Skule, der ein får servert middag og kan vere ilag med andre. Her er drøssevis med kulturtilbod som Gloppen Scene, og ikkje minst blei Gloppen kåra til kulturkommuna i 2011. Det er gode treningstilbod i bygda òg, noko som også er viktig for trivselen blant elevane. Trivselen står sterkt på vår skule, for dette er ein trygg og god stad å vere.

Dei fleste andre skular stengjer dørene når skulen er ferdig, dette er ikkje tilfelle på Firda. Her kan du alltid sjå arbeidsame elevar vere igjen for å jobbe med skulearbeid, vere sosiale og skaffe seg meir erfaring innan faga. Elevane vil vere der, for dei elskar skulen sin.

Kvifor ha ein stor klasse på 30 elevar på ein ny stad utan medielokale og fagmiljø, i staden for å ha ein parallell på Firda og ein i Sogndal der tilboda allereie står svært sterkt. Medium og kommunikasjon er ei yrkesfageleg linje, men samtlege av elevane går tre år, og ikkje to som då mange kanskje trur.

Grunnen til at alle velger å gå tredje året er fordi det er lagt opp til at ein kan fortsette med medieundervisning og at ein får studiekompetanse. I det avsluttande året lærar ein mykje om marknadsføring og finansiering ved å gjere det i praksis, dette er svært viktig for framtidsfylket Sogn og Fjordane.

Ein kjekk skulegong vil gjere at fleire fullførar utdanninga si, så kvifor ta frå desse populære linjene som dei siste åra har hatt store søkartal? Vi forstår det berre ikkje.

Firda fortener å ha ei medielinje, og medielinja fortener å vere på ein skule som Firda.

1MKA ved Firda vidaregåande skule

FrP og nedlegging av Firda vgs

Eg ser i media at Frank Willy Djuvik og FrP har sitt eige framlegg til ny skulestruktur, der dei m.a. vil legge ned Firda vgs på Sandane. Eg veit ikkje kor gjennomtenkt dette var, men eg må nemne nokre moment som eg håpar Frp vil ta med i vurderinga.

  • Firda har i alle år vore blant dei beste skulane i fylket når det gjeld eksamensresultat.
  • Firda er den skulen i fylket som klart har markert seg mest i dei nasjonale realfagskonkurransane.
  • Firda er einaste skulen i fylket med Newton-rom. Dette er eit spesialdesigna rom med utstyr og opplæringsmodular som skal nyttast for å motivere elevar i grunnskule og vidaregåande skule til å velje realfag (sjå www.newton.no). ”Energidagane” som Firda arrangerer i samarbeid med lokale bedrifter er eit godt døme på korleis Firda fungerer som kompetansesenter.
  • Firda er truleg den vidaregåande skulen i landet som har dei beste fasilitetane for utdanningsprogrammet Musikk, dans, drama. (Omkring 15 spesialbygde/lydisolerte øvingsrom, grupperom og samspelrom, spesialsalar med ballettgolv for dans, black-box til dramaundervisning og stor konsert/teater-sal vegg i vegg).
  • MK-avdelinga ved Firda driv også eit kommersielt mediesenter. I tillegg til å tilby kompetanse og tenester i kommersiell retning, skal denne verksemda sikre at elevane får relevant erfaring med yrkeslivet gjennom utdanninga. MK-avdelinga har i mange år hatt godt samarbeid med Vestnorsk filmsenter i Bergen, m.a. om fleire utviklingsprosjekt.
  • Q-film festivalen var den første filmfestivalen for ungdom i fylket, og vert i år arrangert for ellevte gong – og har gjennom desse åra fått fram gode filmtalent og skapt eit sterkt fagleg miljø for filminteressert ungdom. Q-film samarbeider med NRK Sogn og Fjordane om publikumsprisen for beste kortfilm.
  • Friluftssenteret ved Firda vgs er involvert i fleire utviklingsprosjekt lokalt og regionalt, spesielt innafor folkehelsearbeid og arbeid kring tilrettelegging og utvikling av naturbaserte opplevingar- både for lokalbefolkninga og for reiselivsnæringa.
  • I fleire elevundersøkingar har Firda vist at dei er mellom dei beste i fylket når det gjeld elevtrivsel.
  • Firda er truleg også den skulen i fylket som har best tilbod til hybelbuarar utanom skuletid.

Bygningar
Eg har forstått det slik at ved eventuell nedlegging av skular ynsker fylkeskommunen å selje skulebygningar for å finansiere utviding ved andre skular. Ved Firda er det slik at alle bygningar som er bygt før Trivselshagen er finansiert lokalt og deretter vederlagsfritt overført frå Gloppen kommune til fylkeskommunen. Dette gjeld også Firdahallen. Einaste unntak er eit fylkeskommunalt bidrag på 2-3 mill. til utbygginga i 1974. Det ville vere eit svik mot Gloppen kommune å selje desse bygningane til andre no. Truleg vil det også vere svært vanskeleg å finne kjøpar også.

Trivselshagen
FrP må merke seg at ved bygging av Trivselshagen vart det inngått ein bindande avtale mellom fylkeskommunen og Gloppen kommune om bygging og drift av desse anlegga. Eg trur neppe Gloppen kommune vil akseptere at fylkeskommunen trekkjer seg frå denne avtalen. Når siste byggetrinn i Trivselshagen er ferdig til neste haust vil Firda truleg også ha dei beste fasilitetane for idrettsfag i fylket, med m.a. innadørs aktivitetsareal svarande til fire handballbaner, 25 meter basseng med stupetårn, spesialsal for turn, innadørs sprintbaner, klatrevegg og buldrevegg.

Konklusjon
Ei nedlegging av Firda vil rive ned eit sterkt fagleg miljø som har vore bygt opp gjennom fleire tiår og ikkje minst vil fylkeskommunen miste det eineståande gode elevmiljøet som Firda i alle år har vore kjend for.

Gunnar Nygjerd
Pensjonert Firda-lektor

Firda og landbruket.

Leiaren i Firda fredag 21/9 er oppsiktsvekkjande. Nyleg har regjeringa vedteke å endre tollsatsane på enkelte matvarer. Firda skriv at det einaste motivet regjeringa har for å gjere dette er å setje Senterpartiet i eit betre lys. Tull! Det som er sant er at dersom vi skal greie å sikre og auke norsk matproduksjon, samt å oppretthalde landbruk i heile landet, er eit fungerande tollvern heilt avgjerande. At vi skal ha landbruk i heile landet er det stor semje om, både på Stortinget og blant folk flest. Det er og eit av hovudmåla i den nye stortingsmeldinga. Når regjeringa no hevar tollen, så er det eit verkemiddel for å oppnå dei måla som er sett i den norske landbrukspolitikken.

Det er det dette handlar om. Og det overraskar meg at den største avisa i landbruksfylket Sogn og Fjordane ikkje ser at ein auke i tollen for å verne om norsk landbruk også vil vere svært viktig for Sogn og Fjordane. Firda skriv at regjeringa bør ha svært gode grunnar for å gjere dette, men at dei ikkje har det. Konklusjonen må bli at Firda meiner at norsk landbruk er uviktig. Det er svært oppsiktsvekkjande.

Odd Frantzen
Naustdal

Her er litt lesestoff til Firda-redaksjonen: Stortingsmelding nr. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken. Velkommen til bords.

Alkohol og annen rusbruk må sees i sammenheng.

I Firda tirsdag 10. juli, kom jeg på trykk med ett innlegg der jeg kritiserte Firda for å presse på for liberalisering av alkoholpolitikken gjennom lederartikkelen «Ølreglar til å bli svimmel av» (Firda onsdag 04. juli). En del av svarkommentarene fra debatten på nett ble også trykket, blant annet et svar fra Firdas nettredaktør der jeg blir anklaget for å komme med «urein argumentasjon» ettersom han mente jeg kom med ubegrunna påstander om journalisters alkoholbruk. Det de lot vær å trykke i papiravisa, var mitt svarinnlegg på dette der jeg viser til kilder som dokumenterer disse påstandene. Blant annet finnes det en rapport fra arbeidsforskningsinstituttet (riktignok fra 2003) som viser at journalister drikker mer alkohol enn andre yrkesgrupper i landet. «– Alkohol er en del av journalistenes yrkeskultur, sier professor Bjørg Aase Sørensen til avisa Folket. Hun er faglig ansvarlig for undersøkelsen.» Det er på bakgrunn av dette jeg mener journalister kanskje ikke bør være de fremste til å irettesette de folkevalgte om hva som er rett alkoholpolitikk.

Men dette er forsåvidt en digresjon fra debatten som går på hva som er fornuftige restriksjoner på alkoholsalg. Jeg vil gjerne få klargjøre Miljøpartiet De Grønnes standpunkt i saken. Miljøpartiet De Grønne er parti som våger å tenke annerledes. Vi mener at all rusbruk må sees i sammenheng, og at det ikke er faglig grunnlag for å føre en liberal politikk overfor alkoholbruk, mens man overfor narkotika fører en nulltoleranselinje. Det en inkonsekvent politikk, all den tid narkotikabruk ofte kommer som en følge av alkoholbruk, samtidig som noen narkotiske stoffer kan ha mindre skadevirkninger enn alkohol. Den er ødeleggende, fordi kriminaliseringen skaper en pariakaste av de tyngste rusmisbrukerne, som heller skulle blitt tatt vare på av helsevesenet. Miljøpartiet De Grønne ønsker å avkriminalisere bruk av narkotika og besittelse av mindre mengder narkotika til eget bruk. Det gir ingen mening å bøtelegge og fengsle enkelte rusbrukere, når de heller skulle fått tilbud om behandlingsplass. Omfanget av narkotikabruk i samfunnet er dessuten så stort at nullvisjonen for lengst burde vært lagt på skraphaugen. Kriminalisert omsetning av en vare, betyr i praksis fri omsetning dersom politiet ikke klarer å håndheve forbudet. I stedet for å hive folk i fengsel, må vi konsentrere oss om hvordan vi kan begrense omsetning og bruk av narkotika. Det mener jeg vi best gjør innenfor et strengt regulert, legalisert omsetningsregime.

På samme måte mener jeg skadevirkningene av alkoholbruken i samfunnet er så store, at vi må ta de grepene vi kan ta for å begrense omsetningen. Nedleggelse av ølpolet er et skritt i feil retning, for vi vet at dagligvarebutikkene er notorisk slappe på å sjekke legitimasjon. Du hjelper ikke akkurat folk som har et alkoholproblem ved å plassere rusgiften deres på vei mellom melka, brødet og kassa. Det er alkoholen som er inngangsporten til annen rusbruk, og det er vanskelig å kommunisere til dagens ungdom at den ene rusgiften er topp, mens rører du noe annet så er du kriminell. Skal man klare å begrense skadevirkningene av rusbruk generelt i samfunnet, må vi innføre strenge restriksjoner på all omsetning av rusgift.

Alkoholpolitikk politikk sett fra Firda

Onsdag 04. juli trykket Firda en leder med tittelen «ølreglar til å bli svimmel av».
Hovedbudskapet var at når Førde kommune først hadde bestemt seg for å tillate salg av øl i butikkene, så får de kutte ut alle mulige slags reguleringer av hvordan salget skal foregå. Firda mener at kommunen må ha tillit til at butikkene må kunne klare å ta ansvaret for at salget skal foregå på en ansvarlig måte, «slik som de gjør det i de aller fleste andre kommuner i landet». Problemet er bare at ingen ting tyder på at butikkene håndhever dette ansvaret på en god måte. Kontrolltester utført av Juvente og andre organisasjoner, viser at mindreårige enkelt får kjøpt alkohol i de fleste matbutikkene. Jeg har selv i min ungdom vært med på slike kontroller som har bekreftet dette bildet. Med ølsalg i butikk, har en dermed senket lista betraktelig for særlig ungdomsfylla. Butikkeiere flest føler dessverre først og fremst en moralsk forpliktelse overfor egen lommebok, og er sjelden nevneverdig interessert i å bruke mer tid og krefter på å kontrollere at alkoholsalget går riktig for seg enn det de får pålegg om.

Forfatteren av lederen i Firda vil kanskje oppleve dette som et slag under beltestedet, men det nå en gang slik at journalistyrket er et av de der det flyter mest alkohol, også i jobbsammenheng. Kanskje skal Firda overlate alkoholpolitikken til de folkevalgte, fremfor å presse på for mer liberalisering.

Firda og katta i sekken

Leiarartikkelen i Firda 08.juni tek føre seg min uttale om at Sogn og Fjordane fylke overtok eit «konkursbu» då Staten overførde brorparten av dei «øvrige riksvegane» i frå 1.1.2010. Underteikna og resten av Høgre har heile vegen vore kritiske til det faktum at den raudgrøne regjeringa endra veglova for å kunne overføre vegane frå eit forvaltningsnivå til eit anna utan å setje dei i rett stand først. Høgre sette som føresetnad at vedlikehaldsetterslepet vart fullt ut kompensert. Ordlyden i fylkestingsvedtaket som Høgre støtta i april 2008 var: «Fylkestinget er positiv til å oveta ansvaret for øvrige riksvegar med tilhøyrande ferjesamband. Det er ein absolutt føresetnad for overtaking at etterslepet og vedlikehald vert kompenserte fullt ut og at vegnetet [sic] vert overlevert i forsvarleg stand».

Då debatten gjekk om ein skulle overta vegnettet eller ikkje var etterslepet på desse 1200km estimert til kr 796mill. Når etterslepet no er estimert til 3,8mrd kroner på fylkesvegane (både opphavlege og overførte fylkesvegar) så seier det seg sjølv at det ikkje er berre grunna utilstrekkelege overføringar. Hovudgrunnen til at kostnadane har auka er at det er gjort kartleggingsarbeid på tilstand på bruer, kaier og tunnelar, og dette arbeidet har avdekka nye store etterslep. Mitt utsegn om at vi overtok eit «konkursbu» må sjåast i samanheng med at fylket ikkje fekk kompensert det estimerte etterslepet, og i ettertid syner det seg at vi heller ikkje hadde eit fullgodt estimat å forhalde oss til.

Firda skriv at «Krakhellen må gjerne i ettertid gremje seg over at fylkeskommunen ikkje visste kva dei gjorde når dei med stor iver overtok ansvaret for riksvegnettet. Men gjort er gjort. Frustrasjonen han og andre fylkespolitikarar kjenner, får dei heller lufte overfor sentrale styresmakter og rikspolitikarane.». Eg er heilt samd med Firda. Sogn og Fjordane må stå samla for å synleggjere behovet for meir vegmidlar til Sogn og Fjordane. Det gjorde vi då vi tok stilling til om vi ynskte å overta vegnettet eller ikkje i 2008, eit spørsmål der vi eigentleg ikkje hadde val. Vi prøvde då å setje føresetnadar, men desse har ikkje vorte innfridd. Det var også det Høgre gjorde når eg kommenterte i hovudutval for samferdsle at vi har overtatt eit konkursbu, og vi må gje beskjed i vedtaksform til sentrale styresmakter at vi ynskjer eit eige program for å ta att etterslep på fylkesvegnettet.

Eg meiner at fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane må sjå linjene frå vedtak ein har vore med på tidlegare og til dagens situasjon. Vi må som politikarar må i våre vedtak minne den raudgrøne regjering om at dei endra veglova for å kunne gje oss vegar med eit stort etterslep (både kjent og ukjent), samstundes som at dei har gjeve alt for lite pengar til vegar.

Viss eg som forbrukar kjøper katta i sekken er eg verna av forbrukarkjøpslova, og kan klage. Det er vanskeleg å forhalde seg til ei regjering som endrar lova for å verte kvitt eit problem, men eg vel å gje beskjed likevel!

Slepp fleire samfunnsvitarar til!

Professor Frank Aarebrot er ein spennande og fargerik person å høyre på. Han har utvilsamt stor kunnskap om det meste innan for sitt fagfelt, samanliknande politikk, som er eit emne innanfor statsvitskap. I tillegg har han også meiningar om mangt, og ofte ligg desse innanfor synsing. Det bør ein som person lov til å ha i tråd med demokratiet. Men det er noko som avisa Firda, så vel som andre media bør vere tydlegare på, så er det korleis ein person kommentere ut i frå sin ståstad, anten det er som fagperson eller eigne meiningar.
Det vert for snevert i norsk samfunnsdebatt når ein og same person stadig vekk vert sitert i norske media.
Les meir…

Frå radikal gymnasiast til NHO-blåruss

Det er godt mogeleg at Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) har gjort eit skikkleg scoop ved å tilsette Firda sin nyleg avgåtte sjefredaktør Jan Atle Stang som ny regiondirektør. Som avislesar håpar eg neste sjefredaktør sørgar for at Firda vert ei meir maktkritisk avis!

Jan Atle Stang har på ingen måte valt minste motstands veg for å bli regiondirektør i NHO: Oppvaksen i Stongfjorden, raddis på Førde Gymnas, sjølproletarisering som tømrar, studietid, back-packing i Sør-Amerika, lærarjobb og journalist- og redaktørkarriere i både Firdaposten og Firda.

Som avislesar har eg merka meg Jan Atle Stang sine politiske prioriteringar på leiarplass i Firda. Påfallande mange leiarartiklar dreiar seg om lokalpolitiske saker i ein kommune Firda tradisjonelt ikkje har hatt så mange abonnentar: Flora. Stang er samtidig medlem av Flora Arbeiderparti. På bakgrunn av dette bør ein stille spørsmål ved Firda-sjefredaktøren sin politiske agenda. Det er ikkje umogeleg at Jan Atle Stang har hatt ambisjonar om å stille som ordførarkandidat i ein framtidig storkommune tilsvarande Firda sitt dekningsområde, men eg føler meg likevel trygg på at akkurat det er eit temmeleg urealistisk prosjekt.

Firda sine lesarar har nok av og til latt seg provosere av Stang sine meiningsytringar, men truleg er det sjeldan desse ytringane har skapt verkeleg lesarstorm. Eit heiderleg unntak var kanskje ifjor då sjefredaktøren i Firda som faktisk er ei Førde-avis tok til orde for å legge ned Førde lufthamn for derigjennom å styrke trafikkgrunnlaget og rutetilbodet ved flyplassen i Florø.

Eg trur Jan Atle Stang på sett og vis har ein idelistisk motivasjon for å bli regiondirektør i NHO. Det er udiskutabelt at Stang har eit ekte og varmt engasjement for Florø-Førde som vekstakse. Å også vere oppteken av verdiskapinga på kysten er sjølvsagt vel så bra. Som avislesar saknar eg maktkritisk journalistikk. Eksempelvis gravejournalistikk om maktkonsentrasjon og samrøre mellom politikk og næringsliv. NHO i Sogn og Fjordane har ikkje latt seg skremme av sjefredaktøren i fylkets største avis, tvert imot. Etter mitt syn bør den neste sjefredaktør i Firda gjera noko med det!

Hallgeir Løland Torpe, Bergen

Firda på krigsstiar mot Viken

Firda påstår på leiarplass i avisa torsdag at eg har beskulda Firda for å feilsitere meg. Dette må eg rette opp i. Eg har aldri beskulda Firda for å feilsitere meg. Eg har påpeikt at avisa i mandagens sak hadde klipt og limt saman tilfeldige sitater frå eit større manus. Desse sitata var så sett saman til ei sak. Dersom Stang meiner at Firda bedriv redelig framstilling av saka, er det minste ein kan vente seg at han har lese saker og leserbrev som har stått på trykk i eiga avis.

Eg gjentar her frå lesarbrevet: “Eg skal innrømme at eg vart ganske sjokkert då eg las Firda. Hardt klippa sitater, tatt totalt ut av kontekst, blei tidenes sitatsak. Eg er nemlig eit råskinn på å levere sitater, og elskar store ord. Som journalist forstår eg behovet for å slå opp dei villaste sitata, men som journalist veit eg også at klipp og lim ikkje er ein redelig journalistisk teknikk.” Den som vil lese heile, kan lese det på anneviken.blogspot.com

Eg lurer på kvar Stang finn beskuldningane om feilsiteringar?

Mediene i Sogn og Fjordane framstår for meg, som sjølv er journalist, som eit underlig skue. Eg må innrømme eg har problemer med å ta dei på alvor når dei serverer leiarar som dette, beviselige fulle av faktafeil. Vil Firda gå til krig mot meg? Gjerne. Dei ofrar gjerne si eiga redelighet på alteret i krigen mot Viken. Det må dei gjerne gjere. Det er ikkje eg som taper på det. Eg står støtt i medie-Norge. Firda går i harnisk når dei møter kritikk. Ikkje uventa, men når Stang på denne måten raser mot meg med usanne beskuldningar, avdekker han ikkje berre si eiga misbilligelse over at eg har kritisert avisa, noko som er både legitimt og nødvengdig. Han avdekker også eiga uredelighet. Til og med på leiarplass er der openbare faktafeil. Det held ikkje mål. Det er ikkje eg som må beskyttast mot meg sjølv. Det ser ut til at Firda føler at dei må beskyttast mot meg. Og kvifor er det slik?

Dersom Firda vil drive krigføring mot meg er dei sjølvsagt velkomne, men er det nødvendig? De er ei stor avis, eg er ein person. Kan det virkelig vere nødvendig? Ja, kanskje. For eg har definisjonsmakt. Mi stemme blir hørt, og den blir hørt nasjonalt. Dette veit Firda. Difor slår dei også stort opp debatten frå Førde med meg over heile framsida. Dei veit også at min kritikk av avisa sprer seg langt utover fylkets grenser. Når eg kritiserte Firdas nivå i fjorsommars lokalmediedebatt, skreiv eg i Bergens Tidende og Klassekampen: "Samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse medan lokalavisene overlet dei viktigaste nyhendene til BT og riksavisene. " Debatten spreidde esg til nasjonale medier og eg fekk stormarnde medhald i min kritikk. Diverre forsterkar denne leiarartikkelen og mi erfaring med Firda denne gongen mitt grunnlag for vidare kritikk mot avisa. (les artikkelen frå BT her )

A-presse-Firda påstår dei er limet som held lokalsamfunnet saman. Eg tar meg i å trekke på smilebandet all den tid “det sosiale limet Firda” klarte å gjere mitt kåseriaktig innlegg om til at “eg var på krigsstier”, for i andre omgang å beskulde meg for å påstå at avisa feilsiterer.

Men ein kan diverre ikkje trekke på smilebandet så lenge all den tid dårlige medier er eit hinder for både samfunnsdebatt, utvikling og rettstryggleik. Ein av hemskoane for Sogn og Fjordane er utan tvil nivået på mediene. Eg ventar i spenning på neste utspel. Blir det kanskje at Anne Viken frå Bygstad er ein gul orangutang? Det hadde ikkje forundra meg.

Sogn og Fjordane har medier av svært låg kvalitet. Dette visste eg frå før, men det er i denne siste runden no godt demonstrert.

Eg tenker mitt, det må eg sei, når eg ser ein del av reaksjonane og når eg ser presseoppslaget med leiaren på toppen. Det er beint fram ikkje rart at dette fylket er i ferd med å bikke over og bli landets mest fråflytta. Den låge takhøgda som skin ut, det elendige nivået på debatten og medier som ikkje maktar å vere samfunnsaktørar, kun aktørar, er beint fram pinlig å forhalde seg til. Eg greier difor ikkje å ta leiaren personlig. Eg synest den er trist lesnad på vegne av Firda. Den fortel meir enn eg kan uttrykke her på lesarbrevplass.

Eg synest det har vore spennande å sjå på sakene, men usakligheten og lågmålet i grøftemediet Firda gjer det ganske så uinteressant å fortsette debatten. Det er rett og slett umulig å debattere det faktiske innhaldet i denne debatten gitt medieframstillinga som har blitt gjort. Kanskje det er dette som er Firda si hensikt? Å knerte debatt og sette Viken på plass? Dei har kanskje klart det første, men dei har ikkje klart det andre. Viken koser seg for øyeblikket i Berlin med bokavtale. De må gjerne herje på der heime, men ver grei å hald dykk til fakta heretter.

Eg vil ellers takke alle som ringer og mailer og uttrykker konstruktive innspel. Eg synest det er svært spennande å snakke med dykk. Vi snakkes som før i andre halvoffentligheter og privat, all den tid offentlig debatt i dette fylket synest svært vanskelig. Som de ser: denne debatten har enda opp i at eg må forsvare meg mot feilframstillingar og debattarrangørane beklager mediedekninga. Kva fekk vi vel ut av dette? Gratis markedsføring for tusenvis av kroner, seier mine redaktørar på forlaget og brøler av latter over framsida med meg på. Men kva fekk de att? De som les? Eg berre spør. Debatten har enda i skyttargravskrig og beskuldningar. Det er spennande å lese, men neppe utviklande. Eg er lettare rysta.

“Eg les med ei stigande kjensle av at ho meir teiknar eit bilete av eigne fordommar og angst for å lukte fjøs i byen, enn av Sogn og Fjordanes hovudproblem”, skriv Helge Johnsen i ein kommentar i gårsdagens Firda. Eg skal stille nokre få spørsmål til ettertanke:

Eg er utdanna veterinær (vi luktar fjøs heile dagen gjennom heile studiet midt i Oslo sentrum), skriv nynorsk og skriv om Sogn og Fjordane. Eg hadde neppe brukt tid på noko av dette om eg var redd for å lukte fjøs i Oslo.

Eg er også klar over at Johnsen ikkje likte bunadsdebatten i 2007. Same år framstilte han Olaug Nilssen si 17.mai tale i Førde som eit oppgjer med meg og dei såkalla mindreverdighetskompleksa mine om bunader. Dette vart retta opp i på privat basis, då talaren etter saka kontakta med meg for å forklare feilframstillinga i Firda. Ho sende meg manus på mail. I manus var ikkje mitt navn nevnt. Likevel handla saka i Firda meg. Kvifor?

Det var også Johnsen som hadde intervjua Liv-Signe Navarsete i tirsdagens avis og fått sitater, atter ein gong, om at eg hadde dårlig sjølvtillit på grunn av bygda og nynorsk. Eg har før sagt at eg brukar bygd og nynorsk som deler av mi merkevare. Eg er stolt av det. Kor mange gonger må eg forklare meg?

Johnsen har ein agenda. Eg foreslår derimot at han prioriterer redelighet i arbeidet med dekningen av denne debatten framover.

Anne Viken

E39 gjennom Lavik

Bergens Tidende har tysdag 8. september eit stykke om opprustinga av E39 i Lavik.
Svært mange av innbyggjarane i bygda er, som kjent, misnøgde med ”grisrumpe”-alternativet som vart vedteke i 2005.
Høyanger kommune gjekk samrøystes inn for strandlinja i 2002.
Det er rett som Longva seier til Bergens Tidende at ”då strandlinja vart valt var det med ei rundkøyring aust om sentrum. Statens vegvesen kunne ikkje akseptere rundkøyringa.”
Signe Eikenes, leiar for strategistaben i etaten – Statens vegvesen – forklarar avvisinga av rundkøyringa slik: ”Vi prøver å unngå rundkøyringar på stamvegnettet. Det er fordi vi prøver å prioritere trafikken på stamvegar. I ei rundkøyring må trafikken på stamvegen bremse ned. Det vil seinke trafikken og gje dårlegare flyt både til og frå ferja.”
Det som undrar oss sterkt er at ei nedbremsing her er noko stort problem. Trafikken er her kommen nær ferjekaien. Det er berre nokre få hundre meter att. Det er faktisk på tide å tenkje på å redusere farten inn mot kaiområdet. Dette vil vere eit område med mykje køkøyring til og frå ferja. Vi er elles innafor noverande 50-sone uansett. Og ei rundkøyring her ville vere ein effektiv måte å få ned farten inn mot ferjekaiområdet. Til samanlikning viser vi til at det har vore naudsynt å lage fartshump på europavegen på strekka bortover mot banken, då det har vore vanskeleg å få bilistane til å respektere 50-sone skiltet.
Når ein kjem motsett veg, altså frå ferja, vil ei rundkøyring gje betre trafikkflyt enn eit kryss med avkøyringsfelt. Særleg dersom det skulle komme fleire bilar som skulle av mot venstre. Då kan det bli kork i eit kryss medan trafikken ville flyte fint i ei rundkøyring.
Odd Erik Haugen, som skal ha ansvaret for å prosjektere den nye vegen, opplyser til BT at dei no skal kvalitetssikre det arbeidet som er gjort. Deretter startar detaljplanlegginga.
Dette inneber i klartekst at detaljplanlegginga ikkje ein gong er starta. Det skulle difor ikkje vere for seint å snu i denne saka, der det berre blir meir og meir tydeleg etter som tida går og trafikken aukar, at å satse på dagens vegtrasé er å gå med ryggen (for ikkje å seie griserumpa) føre inn i framtida.
Når me ser på kor mange oppstillingsplassar, og kor fin trafikkavvikling ein kan få med strandlinje-alternativet, samanlikna med trafikkproblema i sentrum med kø gjennom bygda og griserumpa, i tillegg til kronglete tilkomst til oppstillingsfilene på kaien, dersom ein vel utbetringsalternativet, så verkar det uforståeleg for bygdefolket at det heile skal strande på problemstillinga om kryss eller rundkøyring.
Me vil difor be om at vegkontoret revurderar si haldning til rundkøyring i Lavik.
Viss dei ikkje gjer det, må me be om at Høyanger kommune heller går inn for strandlinja med breitt og romsleg kryss med avkøyringsfelt. Dette er trass alt mykje betre enn å fortsette med dagens trasé.

Ivar T. Kvammen
Leif Skaar

Venstre har gode sjansar i fylket

I sitt lesarinnlegg i Firda den 27. juni slår Alf Kollsete uttrykkjeleg fast at «[i] Sogn og Fjordane er Venstre sine sjansar til å få eit mandat lik null!». Eg veit ikkje kva Kollsete tenkjer å røyste den 14. september, men han kan vere viss på at ei røyst på Venstre slett ikkje vil vere fånyttes. Snarare tvert imot.

Onsdag 1. juli publiserte Sunnmørsposten ei mandatutrekning for fylket vårt basert på gjennomsnittet av alle meiningsmålingar i juni. Med andre ord er bakgrunnsmaterialet solid. Utrekninga syner at Venstre kaprar sistemandatet i Sogn og Fjordane, slik vi også gjorde det ved sist val. Når ein i tillegg har med seg at Venstre tradisjonelt gjer det betre ettersom valet nærmar seg, bør såleis sjansane våre vere gode. Våren før sist stortingsval låg Venstre så langt nede som 2-3 prosent på målingane, men fekk eit valresultat på 5,9 prosent. Denne våren har Venstre i gjennomsnitt hatt ca. 6 prosent på målingane, og har vore heilt oppe og snusa på 9-talet, noko som er målsetnaden vår både i fylket og på nasjonalt plan denne hausten. Alt borgar såleis for eit godt resultat for Venstre den 14. september.

Eg oppfattar det likevel slik at Kollsete er mest uroa for at eit stort Venstre vil hindre at Frp kjem til makta. Dette er heilt riktig. Venstre er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering, anten dei heiter SV eller Frp. Vi trur det er betre for landet å få ei mindretalsregjering der den politiske avstanden er overkomeleg, heller enn ei kunstig oppstilt fleirtalsregjering der den politiske avstanden er så stor at ein i realiteten vert handlingslamma. Dagens raudgrøne fleirtalsregjering er eit godt døme på det siste, ei ny sentrum-høgre-regjering vil vere eit godt døme på det første.

Eg kan i alle høve garantere Kollsete éin ting: Nærast uansett valresultat vil Venstre spele ei avgjerande rolle som parti på vippen i Stortinget. Dette vil vonleg resultere i stort gjennomslag for våre kjernesaker: Å fornye velferdssamfunnet, å ta steget over i kunnskapssamfunnet og å setje klima og miljø som prioritet nummer éin. Er ein samd i desse sakene er ei røyst på Venstre det tryggaste valet denne hausten. Også i Sogn og Fjordane.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Cabaret

2071335

Denne helgen var det innvielse av kultursalen i Trivselshagen på Sandane.

Det oppsatte stykket er Cabaret, som er et Broadway stykke skrevet i 1960 og som omhandler Cit Cat Club i Berlin i 1930.
Jeg kom hele veien fra Bergen bare for å få med meg denne oppsettingen og jeg ble ikke skuffet, det som skuffer meg så lang er manglende tilstedeværelse av avisen Firda (Kan hende jeg tar feil, men jeg har ikke funnet noe om dette på Firda.no)

For de som har tid og anledning og de som vil oppleve dette, siste forestilling i dag 08.02.09 og billetter kjøpes på nett, Billettluka.no