Viser arkivet for stikkord fiskeoppdrett

Lus i Sognefjorden

Laksefiskar Roald Dahl jr. har i ein kronikk hevda at lusemengda i Sognefjorden er kritisk høg. Han viser til ein førebels rapport frå Havforskinga , Mattilsynet og NINA. I eit tidlegare innlegg har Dahl skulda desse etatane for å vere styrt av oppdrettarane. 15.09.12 stod det i ein notis i avisene at Mattilsynet har innrømt feil ved ein rapport frå 2008 der funn av lus på 20 fisk vart til 20 lus pr fisk. Miljødirektør Aina Valland i FHL har svart Dahl i avisene og gjort greie for kva dei gjer for å bli endå betre. Då skriv Dahl eit tilsvar med tittelen: «Oppdrettsnæringen og sannheten». Der beskriv han ei næring som har så mykje sjukdom og rømming at skulle dette vore sant, var det ikkje ein lakseoppdrettar som ville tent pengar. Kva er då sanninga? Eg les i avisa om stamfiske i Vikjaelva. Rekordfangst på 40-50 laksar vart henta i den 670 meter lange krafttunnellen frå Hove kraftstasjon. Ikkje éin var oppdrettslaks. Godt kultiveringsarbeid har gjeve gode resultat. Flekkeelva er ikkje regulert, men godt arbeid med kalking har også resultert i mykje laks. Det betyr at smolten frå desse elvane kjem seg ut i havet og attende til elvane sjølv om Dahl meiner lusa frå oppdrettanlegga er kritisk for all smolt.
Dahl skriv også at oppdrettsnæringa driv dyremishandling då fisk føler smerte. Kva er det då Dahl driv med som laksefiskar, der han står i elva og dreg opp gytelaks etter ein krok i kjeften? Ein god del av laksen blir hala opp berre for moro for så bli sett ut att i elva stressa og med eit sår i kjeften. Dahl påstår også at oppdrettarane driv etter steinalderteknologi. Men kva då med kraftutbyggingane i elvane? Her har det ikkje vore forbetring på 50 år. Det er godt dokumentert at det er kraftutbyggingane som har øydelagt flest lakseelvar. I 106 utbygde vassdrag er reguleringane største trusselen mot fiskestammane. I 43 av vassdragene er stammane vurdert som utrydda, sterkt truga eller sårbare (NOU-99:9 «Til laks åt alle kan ingen gjera»). Det er no heldigvis fleire som forstår at det er elvereguleringane som har øydelagt økologien i både lakseelvane, fjordane og deler av kysten. Men Roald Dahl jr. ser visst ikkje anna enn flisa i auga til oppdrettsnæringa og oppdagar ikkje bjelken i sitt eige. Dersom Dahl hadde lese litt meir i Sogn Avis 17.12.12 enn innlegget til Aina Valland, hadde han sett kva som hende med smolten i den regulerte Fortunelva. Med lite vatn i elvane, døyr fisken.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet Sogn og Fjordane.