Viser arkivet for stikkord fjord

Engebøprosjektet og den nye regjeringa - Kap.2

Ja, so var vi komne til neste steg i sagaen om ”rutilfolket”, eller mineralifiseringa av Noreg om du vil. Den nye regjeringa har vifta med tørkleet framfor fjordforkjemparane, og truar med storstilt fjordnedbygging. Eg burde sjølvsagt ikkje vere overraska, men litt må eg no sei at eg undrar meg over fantasiløysa som rår i regjeringslokala etter valet.

Les meir…

På vei heim til Vevring frå Gjelsvika etter infomøte for Naustdal og Askvoll kommunestyre, 9. mai. Vakkert syn over Førdefjorden, ein enda levande fjord. Vi har ingen fjord, fjell eller bygd å miste!

Lunde, Engebø og Frammover.

John Helge Lunde går i Firda 6. mai til angrep på Førdepolitikarane som går imot gruvedrift i Engebøfjellet og dumping av masse i Førdefjorden. Full støtte til politikarane, men eg er noko undrande til argumentasjonen frå Lunde.

Han viser til arbeidet i Førde Framover som har hatt mykje fokus på identitet og trivsel med miljø som ein viktig moment. Men at det ikkje går på å verne alt rundt oss, medrekna ein fjord som vi knapt ser! Lunde er oppteken av trivsel i Førde, har han tenkt kva auka trivsel gruveprosjektet vil skape for dei fleste som bur i Vevring? Trur han at gruvedrifta slik den no er planlagt vil auke identiteten til bygda? Og uvissa kring deponiet i fjorden er stort – har han tenkt at det kan gjere noko for trivselen? Om Lunde knapt ser fjorden – som han uttaler det – , så kan han då ikkje vere likegyldig til miljøet i fjorden. Ein må då kunne sjå og ta omsyn lenger enn nasa rekk!

Vidare bagatelliserer han utfylling av stein(støv)massar i fjorden, fordi stein og grus elles fylles naturleg ned i fjorden. Har han kanskje same syn på nytt kloakkrenseanlegg i Førde? Er det ikkje så nøye, sidan fisken drit i fjorden må vel fjorden tåle litt ekstra skit frå land?

Han viser fleire gonger til sitt arbeid i Førde frammover, det han presenterer her er etter mi vurdering ikkje mykje ”framovertenking”. Viss ein skal satse på gruvedrift i regionen så må ein satse langsiktig og berekraftig, i samspel med miljøet. Og ikkje slik som dette prosjektet, som er prega av kortsiktig tenking med kjapp gevinst og store naturøydingar. Kva skal neste generasjon satse på når fjellet er tømt og fjorden er tilslamma? Gjennvinning?

Det har vore ein del debatt i det siste om kommunane burde få bedre betalt, og det er eit reelt spørsmål. Men er det råd å måle alt i pengar, er det råd å setje ein prislapp på fjord og fjell? Og fjorden skal faktisk utbyggar bruke utan ei krone i vederlag! Denne har vore ein avgjerande livsnerve for alt liv langs fjorden, er det råd å sei ja til eit slikt prosjekt. I tillegg til det ein veit av inngrep, så rår det stor uvisse om konsekvensane. Verken administrasjon eller politikarar treng prøve å gøyme seg bak at det er grundig utgreidd. Ein kan ikkje måle kunnskap i papirmengde, men i fakta.

I handsaminga i Teknisk utval i Askvoll vart det sagt (Firda 30.04) ”Det er ingen som no kan svare på korleis eit deponi vil påverke.” Likavel går utvalet samrøystes inn for prosjektet. Vidare vert det sagt i møtet at ”Vi føreset at krava vert følgde.” I nyhendebrev frå Klif www.klif.no 02.05.11. står det ”Nær seks av ti virksomheter bryter forurensingsregelverket.” Saka var heller ikkje før møtet vore handsama i partigruppene, sjølv om utvalet er samde om dette er kanskje den største saka for området på fleire generasjonar! Er det dette Håkon Myrvang har i tankane når han uttalar at saka er grundig handsama?

Førde bystyre sitt nei til fjorddeponi er å sjå frammover! Kva med også eit nei frå kommunestyra i Askvoll og Naustdal? Eit nei til dette prosjektet er eit ja til å tenke frammover.

Lunde seier ”Vi må stikke fingeren i jorda og ikkje hove i sanden.” Eit meir passande uttrykk i sådan stund kunne vel neppe Lunde ha funne, Eg må berre berre sei meg samd, om enn litt bearbeidd; Bedre med fingeren i jorda, enn hove sand og slam!

11. september 2001 - 11. mai 2011

Vi takkar siviløkonom Øystein Djupvik, Naustdal for hans debattinnlegg 4. mai 2011. Her skriv han om sideavtala som ikkje inneheld stor kompensasjon for miljø-, omdøme-, og samfunnsrisiko. Avtala bør avvisast, seier Djupvik. Dette er vi einig i. Det første tilbodet er ikkje det beste, har han også sagt. Administrasjonane i kommunane har gjort ein grundig jobb. Men kva med den politiske prosessen? spør Longvarstøl 28. april. “Kritiske refleksjonar frå sentrale politikarar har vore fråverande, på grensa til det pinlege. Politikarar har også plikt til å vere advokatar for miljøet, ikkje berre for næringslivet”, seier Longvarstøl. Fjordvegen Førde- Stavang er ein av Noregs vakraste. Fjordane her vest ligg på Unescos verdsarv- liste og har vore fleire gonger kåra til verdast fremste reisemål. Så her må ein gå varsamt fram og vere føre- var på kva ein tillet av satsingar.

Bodnariu og Håland, Redal ved Magny Rose Håland

Fisk mot stein i Førdefjorden.

Kommenar til Firda sin leiar måndag 20. september.

Det er ikkje ofte eg les Firda leiaren, og kanskje skulle eg ha hoppa over denne òg. Men sidan Fisk mot stein i Førdefjorden var tema, tok eg det med meg på morgonkvisten. Men etter mi vurdering så var dette ille!

I leiaren står det “Dersom gruveprosjektet blir stogga p.g.a. påstått forureining frå deponiet seier ein også indirekte at all elveavsetning og naturleg erosjon til fjorden i seg sjølv skadar fjordbiotopen.” Det er omtrent som å stille spørsmål om det er poeng å reinse kloakk, fordi fisken allereie drit i fjorden! Og tåler ikkje fjorden kloakk, så tåler vel fjorden heller ikkje det som fisken skulle sleppe ureinsa ifrå seg!

Naturen påfører naturen mange naturlege utslepp, og det går stort sett veldig bra, naturlegvis! Så å bruke naturens naturlege gang som argument for eit naturinngrep i denne klassen er nesten ikkje til å tru!

I leiaren står det òg ”Nokre vil nok hevde at både Havforskningsinstituttet og direktoratet ”blandar” seg inn i og uttaler seg om ting som strengt tatt ligg utanfor deira fagområde, altså som dei ikkje har greie på.”

Kva er det dei då uttala seg om som dei ikkje har greie på?

Leiaren stiller vidare spørsmål om det er i heile råd å drive opprettsverksemd eller anna næringsverksemd langs fjordsystema våre dersom direktoratet vinn fram. Då vert mitt spørsmål; Kvifor er fiskerinæringa av ymist slag svært kritiske til dette prosjektet? Om Nordic Mining vinn fram er det grunn til å tru at det kan gje denne næringa større utfordringar og uvisse enn det direktoratet har eller kjem til å gjere.

Å snu saka meir på hove enn det Firda-leiaren her gjer, er det vel vanskeleg å få til.

Kor dårleg dette prosjektet er kan neppe gjerast klarare enn AP politikkaren Wenche Nordeide sitt krav om at Nordic Mining bør bidra til bru over Ålesundet for å få lov å starte gruvedrift, i følge Firda sin reportasje frå folkemøte i Askvoll kommune 1. september.
Normalt er det politikkarar som må bidra med infrastruktur for å få bedrifter til å etablere seg.
Her skal eit firma bidra til brubugging, for å få lov å etablere seg. Meir tydeleg kan det ikkje seiast!

På møtet som Natur og Ungdom arrangerte i Førde 22. september sa ordførar i Naustdal Håkon Myrvang at vedtaket skal gjerast på grunnlag av faktainformasjon, og at saka er tilstrekkeleg opplyst. Det skal ikkje bli lett å få det til! Det kan då vere høveleg å vise til rådmann i Førde kommune sitt framlegg til høyringsfråsegn dat 17.09.10. som skal handsamast på formannsskapsmøtet 23.09.10.
”Rådmannen meiner framleis at det er urovekkande stor uvisse om kva konsekvensar tiltaka i
planframlegget vil ha for miljøet i Førdefjorden generelt, og for laksefisk spesielt. Rådmannen
meiner at Førde kommune ikkje bør akseptere tiltak i og ved fjorden utan at dei langsiktige
konsekvensane er betre avklara.”

Det er rett og slett uråd å få denne saka tilstrekkeleg opplyst på grunnlag av det materiale som ligg føre. Problemet Herr Redaktør er ikkje spørsmåla som vert stilt, men at verken Nordic Mining er KU klarar å gje svar!

Gratulerar Fjord Norge

Reiseliv er eit satsingsområde for den raud/grøne regjeringa.I desember 2007 la vi fram ein nasjonal strategi for reiselivsnæringa . I år bevilga næringsdep 235 mill til reiseliv via Inovasjon Norge.Det fins fleire sterke reiselivsklynger i Norge, og eg er stolt over at Fjord Norge er valt som norsk ekspertsenter.NCE Fjordturisme er eit veldig spanande prosjekt. Med status som ekspertsenter vil dette næringsmiljøet verta tilført resursar som kan bidra til ytterligare næringsutvikling. Dette er viktig både for regional og nasjonal verdiskapning.
Fjordregionen har lange samarbeidstradisjonar og eit godt rykte nasjonalt og internasjonalt. Målet til denne klynga er å styrke reiselivsnæringa strukturelt,miljømessig og økonomisk gjennom ein koordinert produkt- og markedsstrategi,med attraktive målgrupper i fokus.Eg ønsker NCE fjordturisme lykke til som NCEog ser fram til å følge med på den vidare utviklinga av både denne og dei andre ekspertsentra.