Viser arkivet for stikkord for

Er det politikerne, eller Byråkratene som har makta

Om under 2 mnd. er det valg,
spørsmålet er om politikerne som
har makta,eller byråkratiet.?
Det har blitt mer og mer skjema
å fylle ut,og de som styrer sitter i Oslo
og er embetsfolk,ikke politikere.
Se bare på hva som skjer med Attføringsbedriftene,
der er det byråkratene i NAV som styrer,og ikke politikerne

Førde.,

Stein Ove Birkeland

Fullverdig fødeavdeling i Nordfjord

Som alle andre i Nordfjord har eg fått eit blad om Nordfjord Sjukehus frå Helse Førde i postkassa. Her er det mellom anna ein artikkel som er ein «A til Å» om Nordfjord Sjukehus. I denne artikkelen står ikkje bokstaven «F» for «fødeavdeling», av openbare årsaker.
I bladet om Nordfjord Sjukehus som kom i postkassa seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (Venstre) mellom anna dette: «Eg er overtydd om at Nordfjord Sjukehus ikkje berre er liv laga, men at det faktisk kan bli ein nasjonal modell for framtidas sjukehus. Utviklingsprosjektet har teikna opp ein slik modell. Mange av elementa i den modellen er no i ferd med å kome på plass ved Nordfjord Sjukehus. Nokre få, men svært viktige brikker for at heilskapen skal henge saman, er enno ikkje lagt.» Ein av disse brikkene må vere gjenoppretting av ei fullverdig fødeavdeling i Nordfjord.
Ordførarane i Nordfjord-kommunane Eid, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen og Vågsøy har inviterte helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre til Nordfjordeid. Dette er eit bra initiativ.
Ordførarane syner i invitasjonen til at regjeringa i april 2011 vedtok at Nordfjord Sjukehus skal vere ein nasjonal modell for «Framtidas lokalsjukehus.» Kampen for å få tilbake ei fullverdig fødeavdeling i Nordfjord er difor ikkje berre viktig for Nordfjord. Det er viktig for alle som kjempar for desentraliserte fødetenester i andre delar av Noreg. Fødeavdelingar rundt omkring i andre sjukehus er truga, og det er viktig at regjeringa ikkje slepp unna med å stadfeste at lokalsjukehusa i framtida ikkje vil trenge fullverdige fødeavdelingar.
Frå 17. til 18. august skal Folkebevegelsen for lokalsykehusene ha landssamling i Oslo, og her skal mellom anna nokon frå departementet fortelje om pilotprosjektet «Framtidas lokalsjukehus». Lokalsjukehusaksjonistar i resten av Noreg ventar med rette av oss i Nordfjord at vi ikkje gjev opp kampen for å reversere nedbygginga av fødetenestene på Nordfjord Sjukehus.
Det er bra at Framstegspartiet seier at det må bli starta ei eller annan form for dagkirurgi ved Nordfjord Sjukehus, men det som òg er viktig no er at vi som kjemper for å få tilbake ei fullverdig fødeavdeling på Nordfjord Sjukehus held trykket oppe. Raudt Sogn og Fjordane utfordrar alle stortingsrepresentantane, uavhengig av kva for parti dei er medlem av, til å tvinge regjeringa og helsebyråkratane til å gjenopprette ei fullverdig fødeavdeling på Eid.
Om Støre skulle ta imot invitasjonen frå ordførarane i Eid, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen og Vågsøy, så er det viktig at dei alle saman seier klart og tydelig i frå til helseministeren at Nordfjord Sjukehus må få tilbake ei fullverdig fødeavdeling.
Lege, lokalsjukehusaksjonist og Raudt-politikar Mads Gilbert sa på ein fødekonferanse i Nord-Norge i fjor dette: «Folk i distriktene har samme rettigheter til trygghet og beredskap som folk i byene. Kortreist helse berger liv.» Vi er mange i Noreg som meiner at nyvinninga «lokalmedisinske senter» er eit forsøk frå regjeringa på å omgå løftet om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Dette løftet står klart og tydeleg i Soria Moria-erklæringa, den politiske plattforma til regjeringa.
Det er naudsynt å få pressa igjennom dei endringane som må til for at kvinner i Nordfjord igjen kan nytte Nordfjord Sjukehus før, under og etter fødselen.

Anders Hamre Sveen
Nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane
Stryn

Kreativitet, innovasjon og marknadsføring

Den vidaregåande skulen på Vassenden (ein avdeling av Mo og Jølster vgs) er, og har vore, den einaste skulen i fylket med tilbod berre innan eitt fagfelt. I starten var det handverk og husflid, seinare teikning, design, medier og kommunikasjon og formgjeving. Skulen har i alle år vore det eine og det sterke fagsenteret i kreative fag i fylket vårt.

No har eit konsulentfirma, truleg utan kjennskap til fagområdet og historia, laga fleire modellar til skulebruksplan der ein i alle modellane vil pulverisere eit tydeleg fagmiljø. Manglar også fylkesrådmannen og hans stab kunnskap om viktigheita av kreativitet og innovasjon i samfunnet i dag? Veit dei kor viktig det er at elevane får utvikle sine kreative evner – noko som er viktig i mange ulike yrker? Veit dei og kor mange ulike yrker på høgskulenivå desse tilboda innan kreative fag kan føre til?

Det burde jo vore lovande at det står i planen: «Mange av dei arbeidsplassane vi skal leve av i framtida er ikkje skapte. Nyskaping krev innovative og kreative eigenskapar.» Men kan ein vere trygg på at det blir forstått av fylkesrådmannen og politikarane kva det vil seie?

Eit av dei 3 tilboda på Vassenden, er Studiespesialisering med Formgjevingsfag. Formgjevingsfag kan sidestillast med Musikk, dans og drama og idrett, som alle gir generell studiekompetanse. Tilbodet ligg berre på ein skule i fylket og er altså fylkesdekkande. I 1996 blei Formgjevingsfaget gøymt under paraplyen «Studiespesialiserande» noko som gjer det meir usynleg enn det var før. Dette kan gjere at politikarane ikkje ser tilbodet som sjølvstendig og viktig. No må vi vakne opp og sjå dette viktige tilbodet ein har!

I forslaget til plan tenker ein ikkje berre på å fjerne ein skule, men og å flytte og rive fagmiljøet frå kvarandre og sende dei 3 ulike tilboda i kvar si retning! Ein tenker å sende eit tilbod til Eid, eit til Sandane og kanskje eit til Førde! Kvifor kome med ein slik ide?

I planen hevdar ein og at ein får sterkare og betre fagmiljø på store skular. Men det er ingen forsking som viser dette heilt klart! Små fylkesdekkande fag, blir heller ikkje større og sterkare om dei blir skilt og spreidde ut på større skular. I nokre fylker i landet har ein gjort dette og resultatet er at småfag har drukna mellom dei store. Kontakt gjerne Vestfold og Hordaland for å få fleire detaljar om flytting av det vesle Formgjevingsfaget til store skular.

Men på større skular kan fylket kanskje spare pengar ved t.d. å setje lærarar inn som vikar i fleire fag dei ikkje har formell kompetanse i. Det å spare pengar er kanskje det einaste «geniale» ved heile planen?

Meiner politikarane at økonomi er det viktigaste, og meiner at skulen på Vassenden må leggast ned, må en flytte fagtilbodet samla! Det minste ein kan gjere å halde kreativitet og marknadsføring samla! Sjå på prislønte elevbedrifter som er laga på skulen gjennom åra. Media og kommunikasjon, Design og handverk og Studiespesialisering med Formgjevingsfag er viktig for regionen og kompetansemiljøet bør ikkje splittast opp.

For at dei kreative faga skal vere gode undervisningstilbod, er ein avhengig av å kunne vitje og bruke fleire fagmiljø i fylket. Dei institusjonane skulen nyttar og samarbeider med no – og framleis må kunne få bruke framover – ligg tett i indre Sunnfjord (Jølster/Førde-området).

Her ligg m.a. Eikaasgalleriet, Astruptunet, Sunnfjord museum, Sogn og Fjordane teater, fleire reklamebyrå, Avishuset Firda, NRK Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Desse institusjonane treng skulane – og elevane treng fagleg påfyll og inspirasjon utafor skulen. Elevane kan her få nærare kjennskap til kultur, få oppleve kunst/kultur-utstillingar og ha prosjektarbeid i samarbeid med andre fagmiljø. Ingen annan del av fylket har samla så mange slike institusjonar. Dei omtalte kreative faga må ligge i Indre Sunnfjord – der sentrale institusjonar og arbeidsplassar ligg.

I den prosessen som går føre seg no med forslag til skulebruksplan, vil folk verkeleg sjå og føle kva verdi dei ulike vidaregåande skulane har, og kva dei betyr for bygdene og byene i fylket. Dette trur eg vi vil ha nytte av i mange år. No bør alle som veit noko om kva skulen på Vassenden har betydd når det gjeld kreativitet og skulemiljø uttale seg i media.

Det som no kanskje kan skje med nokre kreative fag, kan bli ein skandale!

Helsing Astrid Wittersø

PS. Når det gjeld dei kvalifiserte lærarane i dei små faga ved ei eventuell nedlegging av skulen på Vassenden, skal det ikkje lang og grundig analyse til å forstå at pendlaravstanden frå Jølster, Førde og Naustdal til Eid er for stor. Det vil vere vanskelig, og vil ta lang tid, å skaffe nye fagkvalifiserte lærarar på ny skule.
DS

La oss gå ut og drepe

Dette er oppmodinga frå Gaular jakt og fiskelag til ungdommen. Gå ut og drep så mykje du kan av alle artar som kan drepast , så vil vi premiere det. Og grunngjevinga ? Jau, det er så lite jaktbart vilt igjen at det snart ikkje er noko å jakte på, og derfor er det så mykje rovvilt . Ein kan då lure på kva alle desse rovdyra lever av. Elementær økologisk kunnskap synest å mangle, her er det hobbybiologar i sving.
Ei naturlov er til dømes at livskraftige bestandar av rovdyr er eit sunnheitsteikn for økosystemet. Hovudregelen er at byttedyrbestandar regulerer rovdyrbestandar, ikkje omvendt. Det vil bli neppe målbare gevinstar ved nedkjemping av smårovdyr , det er mange andre faktorar som er viktigare. Det er når rovdyra forsvinn ein må vere på vakt, då kan det trengast at vi grip inn slik vi no gjer med hjortejakta, alle naturlege predatorar er jo fjerna.
Vi treng ikkje desse tøffelheltane som skal ut og redde ein stakkars skakkøyrd natur, dei forfektar eit forelda, primitivt natursyn. Det er ingen av dei nemnde artane som no lenger er noko trugsmål for våre næringsinteresser, ikkje eingong reven, med mindre ein slepp små lam altfor tidleg på beite. Føremålet med tiltaket skal vere å auke bestandane av jaktbart vilt, slik at jegerane kan skyte det i staden. Reine hobbyinteresser, altså. Kvifor er det betre at ein jeger får skyte ein hare enn at til dømes ein rev får ta den ? Er det hungersnaud i landet ? Og alle småviltjegerar seier jo at det ikkje er jaktutbyttet som er hovudsaken, men naturopplevinga. Kva er då poenget ?
Eg er ikkje jaktmotstandar, storviltjakt er fornuftig hausting av livskraftige bestandar. Småviltjakt er derimot rein hobby i dag og bør ha låg prioritet. Naturoppleving for alle er viktigare, og då har rovdyr minst like stor verdi som andre dyr fordi dei er sjeldnare.
At Firda ikkje evnar å stille dei rette spørsmåla, forundrar meg ikkje . Alle lokalavisene og NRK Sogn og Fjordane har vist seg i årevis å mangle kritisk sans på dette punktet. Vi er kanskje det mest rovdyrhatande folkeferd, iallfall her i landet.
Og jordbrukssjefen heng seg på og synsar om småfuglbestandar, mellom anna trast, som det visstnok skal vere så lite av, fordi rognebæra heng igjen. For det første var det eit enormt trastetrekk i heile oktober, som vanleg, og for det andre er det desse trekkande skarane av trast heilt oppe frå Finnmark og Sibir som et rognebær på veg sørover, i liten grad våre lokale bestandar. Det vil føre for langt her å liste opp dei fugleartane som er i tilbakegang, men felles for dei, er at det er trekkfugl og at det er forhold i vinterkvartera som er hovudforklaringa. Unntaket er t.d. vipe og åkerrikse som er desimert kraftig grunna omlegging av driftsformer i landbruket.
Og til ungdommen seier eg: Styr unna desse blodpengane. Gå heller ut i naturen med fotoapparat og kikkert, dersom du er naturinteressert. Nyt synet av ei flygande kongeørn eller – om du er så heldig – eit glimt av den skye måren .
I dag var eg som vanleg ein tur i marka, og eg støkte ei orrhøne som beita i eit bjørkekratt. Eg har støkt orrfugl på denne plassen mange gonger, kjenner dei snart personleg. Ho flaug berre nokre meter og sette segi i eit tre berre 10-12 m frå meg. Så lett det hadde vore for meg å knalle ho ned om eg hadde ei hagle. Men eg sit igjen med minnet om ein flott levande fugl i sitt rette miljø.

Landbruksmelding med fine ord og lite tiltak

Sogn og Fjordane KrF er svært skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje vil gjere tiltak for å oppretthalde og auke matproduksjonen i distrikta . At regjeringspartia ikkje ville gå med på KrF sine framlegg om jordvern og eit inntektsløft for bonden er sterkt beklageleg.
Etter dette spør vi oss om landbruksmeldinga berre skal vere fine ord utan innhald ? For å sikre matvareforsyninga i landet og rekrutteringa til landbruket er økonomi og bonden si inntekt viktige faktorar. Her hadde regjeringa ein sjanse til å syne i praksis at dei vil ta heile landet i bruk. Det ville dei ikkje!!
Signala i store delar av landet er i følgje Bondelaget at jordbruksarealet går ned og at produksjonen pr innbyggjar vert mindre. Dersom matproduksjonen skal auke i takt med folketalsauken i landet frå 5 til 6 millionar menneske på 16 år, vil det seie auke i matproduksjonen på 20% i mange år.
Å snakke om auka produksjonsmål utan å styrke dei to sentrale punkta som gjeld rekruttering og økonomi i landbruket er urealistisk!

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar KrF Sogn og Fjordane

Landbruksmelding med fine ord og lite tiltak

Sogn og Fjordane KrF er svært skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje vil gjere tiltak for å oppretthalde og auke matproduksjonen i distrikta . At regjeringspartia ikkje ville gå med på KrF sine framlegg om jordvern og eit inntektsløft for bonden er sterkt beklageleg.
Etter dette spør vi oss om landbruksmeldinga berre skal vere fine ord utan innhald ? For å sikre matvareforsyninga i landet og rekrutteringa til landbruket er økonomi og bonden si inntekt viktige faktorar. Her hadde regjeringa ein sjanse til å syne i praksis at dei vil ta heile landet i bruk. Det ville dei ikkje!!
Signala i store delar av landet er i følgje Bondelaget at jordbruksarealet går ned og at produksjonen pr innbyggjar vert mindre. Dersom matproduksjonen skal auke i takt med folketalsauken i landet frå 5 til 6 millionar menneske på 16 år, vil det seie auke i matproduksjonen på 20% i mange år.
Å snakke om auka produksjonsmål utan å styrke dei to sentrale punkta som gjeld rekruttering og økonomi i landbruket er urealistisk!

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar KrF Sogn og Fjordane

Ope brev til Helse Førde om nedlegging av plassar ved UPH.

LPP Sogn og Fjordane reagerer sterkt på Helse Førde sine planer om ytterleg rasering av tilbodet innan psykisk helsevern (PHV). Styret vedtok i juni å arbeide for å redusere døgnplassar på UPH (døgnavdelinga for barn og unge i aldersgruppa 12 – 18 år). Konsulentfirmaet PwC sin rapport vert lagt til grunn for vedtaket og det blir vist til at Helse Sunnmøre har færre plassar i høve til befolkninga. I PwC rapporten kjem det ikkje fram at Helse Sunnmøre har ei sterk satsing på ambulante tenester til denne pasientgruppa i tillegg til døgnplassane. Helse Førde har ikkje satsa på og bygd opp denne type tilbod og i styrevedtaket blir det heller ikkje lagt opp til ei slik satsing. Både Helse Sunnmøre og andre helseføretak, som det blir vist til, har betydeleg mindre reiseavstandar enn Helse Førde og det påverkar behovet for døgnplassar.
Vi meiner at kjøp av plassar i Bergen og nedlegging av plassar ved UPH er rasering av tilbodet som trass alt er bygd opp i fylket. Helse Førde må prioritere å ha eit fagleg forsvarleg tilbod her i fylket.

Vi er kritisk til rapporten frå PwC og prosessane ikring dette arbeidet. Det synes som konklusjonen er trekt før PwC har gjort si evaluering av drifta ved UPH. Alt i midten av februar tok Helse Førde initiativ i høve til å kjøpe plassar i Bergen. PwC rapporten kom i juni. I rapporten er det faglege tilbodet til ungdomane totalt neglisjert bortsett frå at det må vere tilsett ein barne- og ungdomspsykiater. Det er også mange andre faktorar som må vere på plass for at desse pasientane skal få god hjelp.

Regjeringa, ved Flatøutvalet, har lagt fram ei utreiing (NOU 2009:22) der dei går inn for at barnevern og psykisk helsevern må ha eit tettare samarbeid for å sikre denne sårbare befolkningsgruppa eit godt nok tilbod. Det syner seg at mange av barna som i dag mottek barnevernstenesete også har psykiske lidingar og treng undersøking og behandling i spesialisthelsetenesta. Flatøutvalet går inn for at fleire enn i dag av desse barna/ungdomane skal få døgntilbod innan PHV. Dei treng eit høgt fagleg og spesialisert tilbod som fosterheimar og barnevernsinstitusjonar ikkje kan gi. Det er vel kjent at barn som ikkje får nødvendig hjelp frå barnevern og psykiatri lir og har det vanskeleg. Konsekvensane kan bli at ungdom droppar ut av skulen, ikkje kjem i arbeid og mange får problem med rusmisbruk og kriminalitet. Det er ikkje berre det einskilte barnet som blir skadelidande, men søsken og foreldre kan ofte kome til å trenge meir hjelp frå hjelpeapparatet når eit barn i familien blir svikta. Det er også sosialøkonomisk uforsvarleg å ikkje gi barn og unge skikkelege tilbod.

Sentrale styresmakter går inn for, og har lagt opp til, å styrke tilbod til barn og unge som er sjuke og har det vanskeleg. Helse Førde må fylgje opp dette ved å sikre spesialisthelsetenestene til denne gruppa på både kort og lang sikt. Helse Førde har også tidlegare valt å svekke tilbod til barn ved å ta vekk stillingar for psykolog og spesialpedagog på avdelinga for barnehabilitering. Barn med medfødde og erverva skader og sjukdom har større risiko enn andre for å utvikle psykiske sjukdomar. Styrking av barnet sitt funksjonsnivå gjennom tilgang til spesialisttilbod vil gi betre livskvalitet både for barnet og for resten av familien. Foreldre til barn med behov for spesialisthelsetenester innan PHV og habilitering er ikkje ei sterk pressgruppe og fagpersonale kan ikkje vise til havarert utstyr i kampen om ressursar i helseføretaket.

Vi ber om at styret i Helse Førde tek ansvar for å oppretthalde drifta av alle døgnplassane ved UPH. Ambulante tenester og dagtilbod må etablerast før det kan vurderast å legge ned døgnplassar.

Mvh. Landsforeningen for Pårørende innen Psykiatri, LPP, Sogn og Fjordane, ved Bjørg Rimeslaatten, leiar og Astrid Gytri, sekretær.

E39 gjennom Lavik

Bergens Tidende har tysdag 8. september eit stykke om opprustinga av E39 i Lavik.
Svært mange av innbyggjarane i bygda er, som kjent, misnøgde med ”grisrumpe”-alternativet som vart vedteke i 2005.
Høyanger kommune gjekk samrøystes inn for strandlinja i 2002.
Det er rett som Longva seier til Bergens Tidende at ”då strandlinja vart valt var det med ei rundkøyring aust om sentrum. Statens vegvesen kunne ikkje akseptere rundkøyringa.”
Signe Eikenes, leiar for strategistaben i etaten – Statens vegvesen – forklarar avvisinga av rundkøyringa slik: ”Vi prøver å unngå rundkøyringar på stamvegnettet. Det er fordi vi prøver å prioritere trafikken på stamvegar. I ei rundkøyring må trafikken på stamvegen bremse ned. Det vil seinke trafikken og gje dårlegare flyt både til og frå ferja.”
Det som undrar oss sterkt er at ei nedbremsing her er noko stort problem. Trafikken er her kommen nær ferjekaien. Det er berre nokre få hundre meter att. Det er faktisk på tide å tenkje på å redusere farten inn mot kaiområdet. Dette vil vere eit område med mykje køkøyring til og frå ferja. Vi er elles innafor noverande 50-sone uansett. Og ei rundkøyring her ville vere ein effektiv måte å få ned farten inn mot ferjekaiområdet. Til samanlikning viser vi til at det har vore naudsynt å lage fartshump på europavegen på strekka bortover mot banken, då det har vore vanskeleg å få bilistane til å respektere 50-sone skiltet.
Når ein kjem motsett veg, altså frå ferja, vil ei rundkøyring gje betre trafikkflyt enn eit kryss med avkøyringsfelt. Særleg dersom det skulle komme fleire bilar som skulle av mot venstre. Då kan det bli kork i eit kryss medan trafikken ville flyte fint i ei rundkøyring.
Odd Erik Haugen, som skal ha ansvaret for å prosjektere den nye vegen, opplyser til BT at dei no skal kvalitetssikre det arbeidet som er gjort. Deretter startar detaljplanlegginga.
Dette inneber i klartekst at detaljplanlegginga ikkje ein gong er starta. Det skulle difor ikkje vere for seint å snu i denne saka, der det berre blir meir og meir tydeleg etter som tida går og trafikken aukar, at å satse på dagens vegtrasé er å gå med ryggen (for ikkje å seie griserumpa) føre inn i framtida.
Når me ser på kor mange oppstillingsplassar, og kor fin trafikkavvikling ein kan få med strandlinje-alternativet, samanlikna med trafikkproblema i sentrum med kø gjennom bygda og griserumpa, i tillegg til kronglete tilkomst til oppstillingsfilene på kaien, dersom ein vel utbetringsalternativet, så verkar det uforståeleg for bygdefolket at det heile skal strande på problemstillinga om kryss eller rundkøyring.
Me vil difor be om at vegkontoret revurderar si haldning til rundkøyring i Lavik.
Viss dei ikkje gjer det, må me be om at Høyanger kommune heller går inn for strandlinja med breitt og romsleg kryss med avkøyringsfelt. Dette er trass alt mykje betre enn å fortsette med dagens trasé.

Ivar T. Kvammen
Leif Skaar

JA, kulturkampen er viktig og held difor fram.

Oddvar Reiakvam, ungdomskandidaten til Sogn og Fjordane Frp skriv i eit innlegg at kulturkampen er ein viktig ideologisk kamp for Frp om kva rolle staten skal ha i samfunnet.

Aldri har skiljelinjene i kulturpolitikken vært klarare enn ved årets Stortingsval. Kulturløftet til AP har gitt ei historisk kultursatsning på to milliardar kroner. Eit regjeringsskifte, og eit stort Frp, vil kunne stoppe dette arbeidet.

Kunst og kultur er etter mitt og Ap sitt syn grunnleggande goder som bør tilfalle alle i samfunnet. Når fleire hundre kulturutøvarar har gått saman for å hindre Frp i å komme til makta betyr det at kultur er viktig for mange. Det er faktisk ikkje snakk om særinteresser slik som Reiakvam hevdar.

Reiakvam seier at Fr vil kutte i kulturstøtta og heller gje skattelettelsar til folk flest slik at dei sjølv kan bestemme kva kulturtilbod dei vil ha. Realiteten er at då at folk flest ikkje vil få noko særleg val.

Ap meinar at alle , uansett om du bur i ein storby eller i Sogn og Fjordane ,skal ha tilgang til gode kulturopplevelsar. Gjennom kulturløftet har kultur-Norge fått eit historisk løft. Opera Nordfjord og satsing på kulturskulane våre er 2 gode eksempel på dette. Åge Starheim har sjølv bekrefta at Opera Nordfjord ikkje hadde vore bygd dersom Frp fekk bestemme.

Igjen viser Frp at dei er eit parti for dei med størst lommebok. ”Folk flest” vil nemleg ikkje ha råd til å nytte seg av ulike kulturtilbod dersom Frp sin politikk vert ein realitet.

AP vil at folk skal kunne nytte seg av ulike kulturtilbod utan å måtte betale skjorta av seg. Vi vil videreutvikle den kulturelle spaserstokk og den kulturelle skulesekken . Vi vil satse meir på kulturskulane våre slik at pris ikkje skal være avgjerande for om ungane kan gå der eller ikkje.

AP vil også at ungdom skal få lettare og billigare tilgang til kultur gjennom eit kulturkort for ungdom. Denne ordninga er allerede på plass i mange fylker, og no vil vi at ungdom i Sogn og Fjordane òg skal være med.

Det er dette de vil få om de stemmer Ap. Ikkje skattelette til dei som har mest frå før.

Vil de ha kultursatsing også etter valet, ja då veit de kva de bør stemme.

Karianne Torvanger
Fylkestingsmedlem Sogn og Fjordane AP

ungdommen vel lærebedrifter der dei får bruke både hovude, hjarte og hendene

Mi påstand er at dei bedriftene som er bevisst på rekruttering og veit at det er menneske som er det viktigste faktoren er dei bedriftene som også lykkas som lærebedrift.

Gode lærebedrifter lar lærlingen bruke både hode, hjarte og hendene. Ryddige lønns og arbeidsforhold er ein sjølsagt ting i dag.

Det er mangel på fagfolk i dag. Den mangelen kjem til å bli enda større i framtida, fordi ungdomskulla vert mindre. Det bør være eit varsku til mange.

Min spådom er at kampen om fagfolka blir knall hard .

Trur du at ungdommen står med hua i handa og er glad om du vil ta ein prat med dei , gløm det, du er vekk i lag med bedrifta di om få år, fordi du kjem til å mangle fagfolk.