Viser arkivet for stikkord fornuft

Underleg trend

Om ein skulle tillegge “leiarspalta” under synspunkt/meiningar i Firda nokon intensjon og verdi, so måtte det vel vere debattskapande. Men eg lurar av og til på kven det kan vere som skriv denne leiaren. Er det ein fast? Er det tilfeldig utvalde innlegg? Går det på rundgang i redaksjonen? Ikkje veit eg. Men når ein les den kan ein om ikkje anna få inntrykk av at forfattaren opptrer noko distré, eller tek ulike sider i saker for å skape debatt. Der er ikkje akkurat noko raud tråd gjennom denne spalta, annan enn “debattskapande”. Og dette er heilt greitt, og for so vidt ikkje noko spesielt for Firda. Bortsett ifrå på eit punkt, avfallsdeponiet i Førdefjorden. So fort leiaren tek for seg dette, er det konsekvent på Nordic Mining si sida den hamnar. Er ikkje dette litt snodig?

I leiarspalta “underleg reknekunst” 23.09.14 tek leiaren på seg hatten som forkjempar for naturmiljø, lokalt næringsliv og busetnad. Eg vart rett begeistra over denne leiarspalta. Om ein derimot les notisen under leiaren 25.09.14 “Slik går no dagane”, får ein eit ganske anna inntrykk. Kvar vart det av den sunne fornufta omtala i “underleg reknekunst”. Dette fell meir i kategorien sure oppstøyt. Men so handlar det rett nok om avfallsdeponiet i Førdefjorden. Er dette tilfeldig? Eller er det slik at enkelte sine kalkulatorar ikkje alltid gjer same svar?