Viser arkivet for stikkord forureining

Miljøkriminalitet med fjorddeponi!

Gruveselskapet Nordic Mining (NM) har søkt om å utvinne ca 3% rutil frå Engbøfjellet og utslepp av kjemikalieblanda gruveavfallet til fjorddeponi. I løpet av 50 år vil Førdefjorden vere 150m mindre djup og Engebøfjellet “ligge” på fjordens bunn.

Gruveprosjektet er eit testprosjekt for utvinning av fargepigmentet Titaniumdioksyd. Verken oppmaling eller utnyttingsgrad av malmen er kjent på førehand og ei heller kjemikaliebruken, sidan produksjonsprosessen ikkje tidlegare er utprøvd i stor skala. Jo finare oppmaling av malmen jo meir kjemikaliebruk og jo meir forureining. Ca 90% av Titaniumdioksyd blir brukt som “matsminke” og har ingen helsemessig eller ernæringsmessig verdi, men har vist seg å vere skadeleg i nanopartikkelform. Om titan er livsviktig kvifor bruke det som unyttig “matsminke”?

Utifrå konsekvensutredninga (KU) vil kvar dag ca.15000 tonn gruveavfall iblanda minst 7000 l kjemikalier ende i Førdefjorden. Estimert netto ferskvannsforbruk er 800 000 liter per time. Kanskje 2600 tonn av dagleg gruveavfall er finfraksjon med enorm spredningspotensiale utafor deponiområdet.

På årleg basis utgjere utsleppa tonnevis med bioakkumulerandes tungmetall og 3000 tonn nanopartiklar som er skadeleg for organismar. Flotasjonskjemikalia utgjere ca 2632 tonn per år der 20% er ikkje biologisk nedbrytbare. KU oppererar med LC50 grenseverdiar for bla flotasjonskjemikalia (50% av forsøksdyr dør ved denne konsentrasjonen). I tillegg utslepp av 10-90 tonn Magnafloc 155 med giftig Akrylamid. Kjemikalia, finfraksjon, nanopartiklar og tungmettals påverknad på fjordøkosystemet over tid er ikkje utreda av KU.

Havforskningsinstituttet (HI) og Niva er ueinige om andel finfraksjon og spredningspotensiale av finfraksjonen og synkehastigheit av partiklar. Dei er ueinige om kjemikalia og finfraksjonens påverknad på gytefelt, fiskeyngel, laks, kysttorsk, koraller, raudlistearter som blålange, pigghå, elvemusling og ål. DNV har funne at strømforholda er 2-3 gongar sterkare enn KU seier og dermed større spredningspotensiale.

Overvåkingsprogram “overvåker” ikkje langtidseffektar av gruveslam i ein fjord. Det overvåka kun nokre store alger og fisk. Men dei minste organismane som er avhengig av å filtrere reint vatn for å leve dør først av forureining. Når fiskematen dør kva skal då fisken leve av? Gruveslam?

Førdefjorden er ein rein og artsrik nasjonal laksefjord med 3 lakseelvar og verna med orda “formålet med nasjonale laksevassdrag og laksefjorder er å gi et utval av dei viktigaste laksebestandene i Norge en særlig beskyttelse mot skadelige inngrep og aktiviteter i vassdragene og mot oppdrettsvirksomhet, forurensning og munningsinngrep i de nærliggende fjord og kystområdene”. Andre miljølover som skal beskytte fjordar er bla forurensningslova, havressurslova, naturmangfaldslova, vannforskrifta og allmannaretten. I følge ballastforskriften er det ulovleg å sleppe ballastvatn i fjordar fordi mikrober frå andre farvann kan forstyrre det naturlege fjordmiljøet. Føre var prinsippet skal anvendes ved mangelfull kunnskap. NM’s planlagde deponi i Førdefjorden oppfyller kravet 100% for kunnskapsmangelen står i «kø».

All erfaring med gruvedrift med fjorddeponi viser at når gruveselskap først får “startsignal” så kan dei gjere som dei vil, for Klima- og Forureiningsdirektoratet (Klif) kan “endre villkåra i en tillatelse (utsleppstillatelse) dersom de fordeler forurensaren får er vesentleg større enn de skader eller ulemper det vil føre til for miljøet". Sagt på godt norsk betyr dette at “økonomisk vekst og utvikling" er viktigare for Klif enn forureining?

Minst like mange arbeidsplassar som NM skapar via å forureine Førdefjorden kan forsvinne i bla oppdrettsnæringa, turistnæringa, sjømatnæringa og laksefiske. Fiskarlaget, fiskeoppdrettarane, småbrukarlaget, miljøorganisasjonar, Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet, HI med fleire frarådar fjorddeponi. Det er mogeleg å drive gruvedrift utan fjorddeponi. HI er landets fremste vitenskaplege fagfolk på hav og fjord og burde lyttast til!

Framtidas utfordring er rein og nok mat, reint vatn og rein natur som vi kan oppnå via bærekraftige lokalsamfunn som tar vare på naturen utan å utnytte den via rovdrift som fjorddeponi. Vi kan ikkje leve av “økonomisk vekst og utvikling”. Gruvedrift med fjorddeponi som avfallsplass strider mot miljølovene og er miljøkriminalitet! Eg håpar vore folkevalgte følger Norges lover og seier “NEI” til fjorddeponi i Førdefjorden som er til det beste for framtidas generasjonar!

Naustdal si månelanding

Kjære kommunestyrerepresentantar i Naustdal. Onsdag 11. mai skal de ta stilling til den økonomisk aller sett største saka de nokon gong vil gjere (privat, profesjonelt og politisk). Eg snakkar sjølvsagt om rutilutvinninga på Engebø. De kan seie ja til å nærast gje vekk milliardbeløp no, mot å få småpengar og miljøutfordringar att, i ei sak som først i det aller siste har blitt skikkeleg dekt frå begge sider. Eller de kan seie klårt ifrå om at de treng meir tid til å forhandle fram ein avtale som er god og gjennomsiktleg også for medinnbyggjarane dykkar som de representerer. Det siste er heilt klart mest lojalt i høve veljarane.

I ei så stor sak, “Naustdal si månelanding,” er det viktig å planlegge nøye og å ta alle førehandsreglar. Det første månelandingsfartyet de får tilbod om er garantert ikkje det beste eller tryggaste. Og planen de legg kan ikkje vere gjenomarbeidd nok.

Les meir…

Det store miljøSViket

Den globale oppvarminga er vår tids største utfordring. Venstre vil ta steget over i lågutsleppssamfunnet og gjere Noreg om til ein føregangsnasjon på klimaområdet.

Mange av oss var særs uroa då dei raudgrøne kom til makta etter valet i 2005. Med det ideologiske utgangspunktet til dei tre nye regjeringspartia (eller for somme: Mangelen på dette) stod det klart at Noreg no ville verte ført i ei anti-liberal og lite nyskapande retning. Men på eitt område var det likevel mogleg å ikkje vere fullt så uroa: Klima og miljø. Rett nok er Arbeidarpartiet verste guten i klassen på dette området – og Senterpartiet kunne knappast brydd seg mindre – men det var von om at i det minste SV ville våge å styre den raudgrøne skuta i klimavenleg retning. Partiet har jo gjennom åra i opposisjon markert seg som eit standhaftig og progressivt miljøparti. Vonbrotet var difor desto større då det synte seg at eit samla regjeringskollegium har gjeve blanke blaffen.

Lat meg først slå fast utgangspunktet til regjeringa: Dei raudgrøne har reint fleirtal og kan gjere akkurat kva dei vil på Stortinget. Vidare har dei hatt meir pengar til rådvelde enn noka anna regjering i norsk historie – dei enorme krisepakkane kjem i tillegg. Og sist men ikkje minst: Dei har hatt meir kunnskapar om klimaendringane enn noka anna regjering. Lat meg vidare slå fast fasiten: Norske klimautslepp har aldri vore høgare enn under dei raudgrøne, og dei har aldri auka meir enn i inneverande regjeringsperiode.

Kvar på vegen gjekk det gale? Den første feilen SV gjorde var nok å gå til sengs med Ap og LO – den mest daudbringande kombinasjonen i norsk klimapolitikk. Vidare er det sjølvsagt slik at SV har vunne nokre miljøslag gjennom dei siste fire åra. Problemet er berre at tapslista er så mykje, mykje lengre.

Det mest openberre sviket er sjølvsagt «månelandinga» på Mongstad. CO2-reinsing av gasskraftverket skulle vere på plass frå dag éin – lova SV på tru og ære. Planen er no utsett til dag eittusenfirehundreogtrettiéin, om den ikkje vert utsett på ny. Planane om reinsing på Kårstø vart utsett i same handvending. Og når ein først er inne på CO2-utslepp: Dei kvotene Noreg faktisk har til overs har regjeringa no gått inn for å selje til andre land – slik at dei totale utsleppa ikkje går ned. Kvotene burde i staden vore sletta.

Mange har fått det verre under den raudgrøne regjeringa, men éin industri har levd livets glade dagar: Oljeindustrien. Regjeringa har rundhåna delt ut 178 leiteløyve til oljeselskapa, noko som er ein solid noregsrekord. Dessutan har dei sårbare havområda i Barentshavet og utanfor Jan Mayen for første gong vorte opna for petroleumsindustri. Dette kjem på toppen av regjeringa (Statoil) sine investeringar i det ekstremt forureinande oljesandprosjektet i Canada.

Av plassomsyn vil eg til sist nøye meg med å nemne skrinlegginga av 9 av 10 vindmølleprosjekt, motstanden mot etablering av ei ordning med grøne sertifikat – som ville sett fart i utviklinga av fornybar energi – samt utsetjinga av Ringeriksbana – som ville korta ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time og lagt grunnlaget for høgfartsbane. Og sist, men ikkje minst: Klimaforliket på Stortinget, der SVs Inga Marte Thorkildsen fekk i oppgåve å prute ned Venstre, KrF og Høgre sine ambisiøse og klimavenlege framlegg, til føremon for regjeringa sitt stusselege førsteutkast. Heldigvis fekk vi pressa regjeringa til å vedta meir ambisiøse mål og konkrete tiltak enn dei først kom med.

Alt er likevel ikkje heilsvart. Den 9. juli vart det gjeve finansiering til opninga av 4 nye vindmølleparkar. Dette er veldig bra! Det skal likevel seiast at finansieringa ikkje kom på plass før regjeringa fekk ei finanskrise i fanget som gav høve til å dele ut meir midlar. For øvrig vart det gjeve finansiering til heile 16 vindmølleparkar under førre Venstre-regjering.

Denne mangelen på miljøsatsing er ein av dei viktigaste grunnane til at Noreg treng ei ny regjering, ei regjering som vågar å ta klimautfordringa på alvor og å ta radikale grep i miljøpolitikken. Ei slik regjering får ein berre med eit stort Venstre. Kan vi likevel hevde å ha meir truverde enn SV i miljøpolitikken? Ja, det vil eg definitivt seie. Venstre har tidlegare synt at vi er viljuge til å setje regjeringsdeltaking på spel i viktige miljøsaker. Vi har tidlegare gått av på grunn av forureinande gasskraftkraftverk (sentrumsregjeringa, år 2000), og vi seier nei til å sitje i ei regjering som opnar for oljeverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen. I tillegg har våre føretrukne samarbeidspartnarar Høgre og KrF synt seg å vere langt meir miljøvenlege enn Arbeidarpartiet, sist gjennom klimaforliket i Stortinget. I alle tilfelle vil Venstre aldri selje miljøsjela si for å klamre seg fast til statsrådslimousinane. Det er meir enn ein kan seie om SV.

Miljø- og klimapolitikken er for viktig til å la dei raudgrøne administrere landet i fire nye år. Difor vonar eg du vil gje meg og Venstre høve til å ta dei grepa som må til i neste stortingsperiode.

Gunvald Ludvigsen
Stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre