Viser arkivet for stikkord framstegspartiet

Nei til tvangssamanslåing av kommunar

Den 24. september arrangerte Lokalsamfunnsforeningen ein dagskonferanse om kommunestruktur, demokrati og tenestekvalitet i Noreg.

På denne konferansen kom det fram at AUF er samde med Høgre og Framstegspartiet om at det i Noreg skal vere mogleg å slå saman kommunane i Noreg med tvang.

Eg er samd med leiar i Fagforbundet, Jan Davidsen, som ifølgje abcnyheter.no sa dette på dagskonferansen til Lokalsamfunnsforeningen: «Klokskapen er like godt fordelt lokalt som sentralt.» Jan Davidsen og Fagforbundet er motstandarar av tvungen samanslåing av kommunar. Fagforbundet er det aller største fagforbundet i Noreg, med om lag 330 000 medlemmar.

Det er særs viktig at det ikkje vert opna for tvungen samanslåing av kommunar i Noreg. Det må framleis vere slik at berre kommunar som har hatt folkerøystingar i dei kommunane det gjeld, med det resultatet at det vart eit fleirtal for samanslåing i alle desse kommunane, som kan slå seg saman. Det same prinsippet må òg gjelde for fylkeskommunar.

På dagskonferansen til Lokalsamfunnsforeningen tok professor ved Høgskolen i Hedmark for seg «Fakta og myter om kommunestruktur» i Noreg. Det er ein myte at Noreg har spesielt små kommunar. Til nationen.no seier Bjarne Jensen at: «82 prosent av innbyggjarane i EU bur i kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar. I Noreg er talet 55 prosent».

Det er ikkje det geografiske omfanget til kommunane som er problemet. Derimot så er den alt for dårlege kommuneøkonomien eit stort problem. Raudt vil styrke kommuneøkonomien. Kommunar og fylkeskommunar må få behalde mykje meir av det som innbyggjarane betalar i skattar og avgifter. Raudt meiner vidare at dei statlege overføringane til kommune-Noreg, spesielt til kommunar og fylkeskommunar med svakt skattegrunnlag.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Skulestruktur i Naustdal - Kvifor vi stemte som vi stemte.

Det er nok mange naustedølar som ikkje er fornøgde etter kommunestyret i Naustdal 16.02, kor det vart vedtatt å legge ned Horstad skule, endre krinsgrenser, samt flytte elevane i 5-7 klasse frå Vevring til skulen i Naustdal. Dette skjønnar Framstegspartiet svært godt, og vi vil greie ut kva vi meiner, kva vi har gjort og kvifor vi stemte som vi gjorde.

Når Framstegspartiet vart spurt i valkampen om vi ynskja å gjere noko med skulestrukturen sa vi at så lenge det er pedagogisk forsvarleg ynskjer vi å halde på dagens struktur. Dersom vi gjer betydelege kutt ved bruk av ‘ostehøvelprinsippet’ på ein skule som allereie har lite resurrsar, meinar ikkje vi at dette er pedagogisk forsvarleg. Fleire valgte å stemme i mot tilrådninga utan å ha eit alternativ, men dette valgte vi ikkje å gjere, då økonomien ville ha blitt hardt ramma, og som konsekvens ville gått ut over kvaliteten i skulen og andre kommunale kjærneoppgaver.

Framstegspartiet har gjennom heile prosessen signalisert at vi meinar at tilrådinga ikkje er den beste løysinga for skulane i Naustdal. Både Vevring og Horstad har svært gode resultat, gode skulemiljø og er viktige for kvar sine lokalsamfunn. Framstegspartiet har tidlegare foreslått å sjå på konkurranseutsetting og å legge ut kommunale tenester på anbod. Dette er ikkje noko som har fått støtte for i kommunestyret. Vi har også vert i kontakt med NHO Service fleire gangar for å få utgreid kva kommunen har å spare ved ei slik løysing, noko vi ikkje har fått til grunna kapasitetsproblem i NHO, samt at Naustdal er ein liten kommune og ikkje vil bli prioritert.

Framstegspartiet kunne valgt å fremma eit forslag om konkurranseutsetting, som ikkje ville fått noko støtte frå dei andre representantane. Vi valgte ikkje å gjere dette, då vi er meir opptatt av at vi skulle få eit vedtak som kunne gangne flest mogleg av innbyggarane, istaden for å ‘proteststemme’. Vi konkluderte også med at dette var ein billeg måte å ‘score’ politiske poeng på, og ein måte på å kunne skrive fra oss ansvar. Istadenfor prøvde vi å komme fram til eit samlandevedtak som gagna fleire, men her lukkast vi ikkje.

Framstegspartiet tok første initiativ til ei alternativ løysing 5. Januar, 2012, då vi sendte ut e-post til gruppeleiarar i SP, SV, KRF, Venstre og Raudt. Vi sendte då ut ein e-post som innhaldt blant anna :

«Det i overkant av ein månad til skulesaka skal endelig vedtakast i kommunestyret. På forgje kommunestyremøte tolka eg det slik som at ingen av oss var særleg nøgd med forslaget, og ynskjer å komme fram til ei betre løysing. Vi i Framstegspartiet foreslår at gruppeleiarane i dei forskjellige parti sett oss ned, og diskuterar problemstillinga vi står framfor. Er det interesse for dette hjå dei andre partia?
(I tilfelle nokon ikkje har fått med seg matten, så har vi fleirtal dersom vi vert samde om noko.)»

Framstegspartiet fikk kun svar frå Venstre og Raudt om at dei var villige til å disktutere seg fram til ei løysing. Vi fekk også ei tilbakemelding frå Senterpartiet sin gruppeleiar om at han ynskja telefonnummeret mitt så vi kunne ta ein prat, men eg høyrte aldri noko meir. SV og KRF har vi ikkje høyrt noko frå. Vi tolka det som at det ikkje finnast politiskvilje til å redde utkantskulane, men det var kun eit politisk spel. Likevel gikk vi inn i møtet 16.02, med ei innstilling på at vi var med på å finne alternativ og inngå kompromiss, sjølv om vi var svært skeptisk på om dette var mogleg under debatten før vedtak, grunna svært kort tid til å finne ut noko forsvarleg. Dette ville krevd forarbeid, som det ikkje var politiskvilje for.

Under kommunestyretmøtet såg det også ut som Framstegspartiet kom i vippeposisjon. Som vi uttrykte då ville vi støtte det forslaget som kom flest til gode, så lenge det var økonomisk forsvarleg, samt det ikkje ødela kvaliteten i dei kommunale kjærneoppgavene. Desverre viste deg seg at det var ikkje tilfelle at Framstegspartiet kom i den posisjonen vi trudde, då AP sine utbrytarar kom til å stemme for både eige framlegg, samt tilrådning. Som ein konsekvens klarte vi klarte ikkje å endre tilrådninga til det minimumet vi innleia med (Verne vidare struktur i Dalen, og reversere endringar ved Vevring dersom det vart gruvedrift på Engebø).

Vi har komme med forslag til alternative utgreiingar, vi har forsøkt å samle eit fleirtal for å jobbe med denne saka sidan rett over nyttår og vi har forsøkte i kommunestyret å nytte ein vippeposisjon vi ikkje hadde for å få endra tilrådninga til å gagne mest mogleg. Vi lukkast desverre ikkje i nokon av tilfellene. Framstegspartiet har bere ein representant og har begrensa makt, dersom vi ikkje kjem i ein vippeposisjon, men det sit derimot 20 andre politikarar i kommunestyret. Framstegspartiet føler vi har gjort det vi kunne gjere i denne saka, og påpeikte at vi meinte at tilrådninga ikkje var det beste alternativet for Naustdal (Sjå protokolltilførsel som kjem med referat). Vi måtte tilslutt velje mellom to ‘onder’; Entan å kutte i struktur eller å stemme i mot forslaget, då det ikkje var noko alternativ, noko som vi tolkar som kutt i kvalitet. Vi kunne også velje å fremme eit eige forslag som ikkje ville fått støtte. Vi valgte å kutte i struktur.

Framstegspartiets menneskesyn

I eit lenger innlegg i Firda laurdag 15. august kjem firdaredaktør Stang med påstand om at eit FrP-styrt Norge vil innebere uverdige tilhøve for menneskeverdet. Ein slik påstand er alt for dryg til å stå uimotsagt. Framstegspartiet er eit liberalistisk parti som set einskildmennesket sine rettar som det høgaste i politikken. Det grunnleggjande for Framstegspartiet sin politikk er at alle menneskjer har ukrenkelege rettar som det er staten si oppgåve å beskytte. Blant desse er retten til liv, fridom og eigedom. Fleire av desse rettane er staten i dag ein direkte trussel mot.

Til dømes er Framstegspartiet motstandarar av verneplanar og jordvern. Dette er direkte overtramp mot eigedomsretten fordi det tek ifrå grunneigarane råderetten over eigen grunn. Framstegspartiet meinar at grunneigarar skal få gjere som dei vil med sin eigen eigedom so lenge det ikkje medfører vesentlege ulemper for andre sine grunnleggande rettar.

Framstegspartiet kjempar for å gje borgarane størst mogleg valfridom innan offentleg tenesteyting. Dette inneber friast mogleg brukarval. Kristin Halvorsen uttalte for litt tid sidan at det ikkje var noko krav frå norsk skule om private alternativ innan skulesektoren, og med bakgrunn i dette skal det ikkje opnast for private alternativ. Dette kallar eg eit forkvakla menneskesyn! Her syner ein null toleranse for folk som ikkje finn seg til rette i den offentlege skulen. Framstegspartiet vil at alle skal få moglegheita til sjølv å velje skule gjennom eit stykkprissystem. I dag er det berre dei rikaste som har denne valfridomen. Vi vil at alle skal ha den.

Når Jonas Gahr-Støre samanlikna ein avisredaktør som hadde trykt teikningar av profeten Muhammed i avisa si med valdlege pøblar i Midtausten stod FrP fast på at ytringsfridomen var viktigare enn å blidgjere religiøse fanatikarar.

Dei raudgrøne forfektar eit menneskesyn der einskildindividet er underlagt staten. Dette kjem til uttrykk gjennom til dømes bu- og driveplikta. Her vert individet redusert til ein reiskap i statens jarnneve i kampen mot fråflytting frå distrikta. Dette er ikkje berre dårleg distriktspolitikk, men og moralsk forkasteleg!

Vi meinar og at staten skal ta vare på dei som ikkje har moglegheita til å ta vare på seg sjølv, men vaksne og arbeidsføre menn og kvinner bør so langt som råd finansiere sitt eige livsopphald. Dette er bakgrunnen for at vi vil styrke eldreomsorga og helsevesenet, samstundes som vi meinar at kunstnarar og avisredaktørar bør klare seg utan statsstøtte.

På den nyskipa nettstaden kulturkampen.no, ei støtteside for dei raudgrøne, kan vi lese at kultureliten kjem med følgjande påstand: ”Folk flest vet ikke best, det har vi aldri gjort og kommer aldri til å gjøre.” Eg kjenner meg trygg på at det er Framstegspartiet, og ikkje dei raudgrøne, som står på den moralske høggrunnen og har det beste menneskesynet.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Meir om studiefinansiering

Magne Aardal i SV har no funne løysinga på den dårlege servicen til Lånekassen; Auke bemanninga. Det kunne vore ein god idè om det ikkje hadde vore for det at det er stort sett kring skulestart at kapasiteten er for dårleg. Dette vil vere ei særdeles dårleg løysing, fordi det stort sett er ein månads tid på seinsumaren at kapasiteten er alt for dårleg.

Nettsidene til Lånekassen er slett ikkje spesiellt gode som Aardal hevder. Som student veit eg godt korleis Lånekassen fungerar, og servicen, både på nett og pr. telefon kan ikkje måle seg med den servicen eg opplever i komersielle bankar som til dømes Sparebanken Sogn og Fjordane

Vidare fryktar Årdal at Framstegspartiet sitt alternativ med garantiordning vil bli for byråkratisk. Det vil den ikkje bli. Den einaste forskjellen er at staten overfører pengane til private bankar direkte i staden for gjennom Lånekassen. Ein vil då få konkurranse om studentane. Konkurranse fører til at aktørane, det vil seie bankane, heile tida må prøve å bli betre for å beholde kundane og få nye. Det betyr igjen betre betingelsar for kundane, og at bankane vil tene pengar. Men desse profitten kjem ikkje av høgare prisar til studentane. Det kjem av produktivitetsvekst. Eit offentleg monopol har ingen grunn til å bli meir effektivt. Det har private bedrifter. Berre sjå på kva som har skjedd etter at telemonopolet vart oppheva. Prisane har falle kraftig og tenestene har blitt betre. Det same vil skje med studiefinansieringa om Framstegspartiet kjem til makta.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Kulturkampen held fram

Kultureliten ligg ikkje på latsida om dagen. Nettstaden kulturkampen.no er lansert for å hindre at Framstegspartiet skal komme til makta. Her har fleire hundre kulturutøvarar gått saman og laga eit opprop for å få behalde privilegia sine som dei no ser er truga. Sida inneheld mange sitat om kultur og kulturpolitikk. Nokre er gode, medan andre avslørar at det er mykje særinteresser inne i bildet. Men fyrst og fremst er kulturkampen ein viktig ideologisk kamp for FrP om kva rolle staten skal ha i samfunnet.

Det mest graverande dømet på særinteresser er artisten Noora Noor som seier at ”FrP tar fra meg muligheten til å være den jeg er. Hvem er det som vil gjøre noe sånt med meg?” Ho legg med andre ord ikkje skjul på at ho er imot Framstegspartiet sin kulturpolitikk fordi ho meinar at skattebetalarane har ei plikt til å finansiere hennar eiga sjølvrealisering. Har du hørt maken til frekkheit? Folk skal sjølvsagt ikkje arbeide og betale skatt for å finansiere arbeidsføre og ressurssterke menneske si sjølvrealisering! Det er tydeleg at mange i norsk kulturliv har blitt alt for godt vande med romslege offentlege ordningar. Framstegspartiet meinar at vaksne, arbeidsføre og ressurssterke personar som desse kulturutøvarane er, bør og skal finansiere si eiga sjølvrealisering, ikkje få den subsidiert av skattebetalarane. Kulturutøvarane og resten av det politiske Noreg meinar at skatteytarane skal finansiere dette.

Vårt alternativ til det beståande er at vi vil kutte i kulturstøtta, og gje skattelette til folk flest slik at dei sjølv kan bestemme kva kulturtilbod dei vil ha. Størsteparten av kulturlivet er i dag organisert etter marknadsøkonomiske prinsipp, og vi ynskjer å overføre dette til større delar av kulturlivet. Kulturkampen er ikkje berre ein kamp mellom Framstegspartiet og kunstnarar. Det er ein kamp mellom individualisme og elitisme. Skal den enkelte sjølv få meir makt over kva kulturtilbod han vil ha, eller skal staten bestemme? Framstegspartiet går for den individualistiske. Kultureliten og dei raudgrøne vil at staten skal bestemme. Kva vil du?

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Framtidsretta frå UH og FpU

Leiarane i Framstegspartiets Ungdom og Unge Høgre har kome fram til ei lang rekke ”krav” til moderpartia våre i samband med danning av ei eventuell koalisjonsregjering etter haustens val. Lista inneheld mange gode punkt. Mellom anna er FpU og UH samde om at formueskatten, arveavgifta og dokumentavgifta bør fjernast. I tillegg vil vi mellom anna auke botnfrådraget til 120 000 kroner samt heve innslagspunktet for toppskatten.

Ikkje uventa har fleire på venstresida reagert på fleire av framlegga. Mellom dei er Karianne Torvanger i Sogn og Fjordane Ap. Spesielt reagerar ho på nokre av kutta vi vil gjere på utgiftssida i statsbudsjettet. FpU og UH er samde om at det bør innførast to karensdagar. Dette har synt seg å vere eit treffsikkert verkemiddel i kampen mot korttidssjukefråvær. Mellom anna i Finland. I tillegg ynskjer FpU og UH at fleire uføre skal nytte restarbeidsevna si i større grad enn i dag. I dag mottek heile 700 000 personar i arbeidsfør alder ein eller annan form for offentlig støtte. Det som er mest bekymringsfullt med dette talet er at det er sterkt aukande, og krev ein stadig større del av statsbudsjettet. Dessverre har ikkje den sitjande regjeringa gjort noko for å betre situasjonen. Kvar gong nokon frå Høgre eller FrP nemner dette problemet vert vi med ein gong sett i bos som ”usosiale”. Til og med Karl Marx meinte at folk skulle yte det dei kunne. Nordmenn har aldri hatt betre helse og arbeidstilhøve. Då kan ikkje Regjeringa berre sitje å sjå på at fleire og fleire vert avhengige av trygdeytingar.

Når det gjeld skattelettelsane FpU og UH føreslær so vil mesteparten av pengane gå med til å heve botnfrådraget til 120 000 kroner. Dette er eit tiltak som kjem ALLE skatteytarar til gode, uavhengig av inntekt. So at det er eit skatteopplegg som fyrst og fremst tener dei rike, slik som Torvanger hevdar, er direkte feil. I FrP sitt alternative statsbudsjett for 2009 gjorde vi framlegg om å gje 10 milliardar i skattelette til dei som tener under 300 000 kroner. Gruppa som tener over ein million i året vart tilgodesett med 0,4 milliardar, eller 2% av dei samla skattekutta vi gjorde framlegg om. Vårt skatteopplegg har berre ein tapar, og det er staten.

Den raudgrøne regjeringa har auka statens utgifter med 100 milliardar kroner sidan den tiltredde, men kva resultat har dei eigentleg å syne til? Det vert stadig fleire fattige, trass i rekordhøge trygdeutgifter. Helsekøane veks med 20 000 personar i året sjølv om sjukehusbudsjettet er rekordstort. Norske elevar gjer det dårligare og dårligare på internasjonale undersøkingar sjølv om vi brukar meir pengar på skule enn nokon gong og vi har fleire lærarar pr. elev enn dei fleste andre OECD-land. Då er det ingen grunn til å tru at dei raudgrøne sine lovnader om meir pengar skal vere det saliggjerande. Det må systemendringar og reformar til. Det er på høg tid å fornye Norge. Skal vi få til det må den systemkonservative og reaksjonære regjeringa vi har i dag få avløysing av ei ny, blå-blå regjering.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Marknaden fungerar

Om ein let den få sjansen. Dessverre har dei raudgrøne stått på for å forhindre dette dei åra dei har sete i regjering. I onsdagens Firda kunne vi lese at Senterpartiets Jenny Følling vil vekk frå ”marknadstenkinga” i sjukehusdrifta, som ho hevdar ikkje har vore nokon suksess. Eg skal vere samd med Følling i at det er mykje å rette på i norsk helsevesen, men for mykje marknadstenking er slett ikkje noko problem. Tvert om.

Eg skal gje Følling rett i at vi har noko å lære av skottane. Føretaksmodellen er neppe ein ideell måte å organisere sjukehusa på, men å byte dei ut med ein nasjonal helsetzar eller helsekommisar er ikkje vegen å gå. Ein av grunnane til at økonomien i helseføretaka ikkje fungerar er mangel på marknadstenking i helsepolitikken.

I dag vert norske sjukehus finansiert gjennom rammetilskot og innsatsstyrd finansiering (ISF). 60 prosent av pengane kjem som rammetilskot, medan dei resterande 40 kjem som ISF. I dei åra Bondevik 2-regjeringa og Framstegspartiet inngjekk budsjettforlik i førre stortingsperiode fekk FrP gjennomslag for at andelane skulle snuast, slik at 60 prosent av inntektene kom i form av ISF. Dette fungerte godt. Kvart einaste år vart ventelistene kortare. Det eine året Bondevik 2 inngjekk budsjettforlik med Arbeidarpartiet, vart dei samde om at berre 40 prosent av inntektene skulle vere innsatsstyrd. Og kva skjedde det budsjettåret? Jau, ventelistene auka! Det same har skjedd etter at dei raudgrøne inntok regjeringskontora. ISF-andelen har vore 40 prosent heile tida, og kvart einaste år har ventelistene vorte lenger. No har dei raudgrøne teke mål av seg å forlenge ventelistene ytterligare, ved å redusere ISF-andelen til 20 prosent, og kommunane skal trø til med dei siste 20.

Dei raudgrøne sitt framlegg til ny finansieringsmodell er dømt til å feile. Ganske enkelt fordi den legg uoppnåelege føresetnader til grunn. Den føreset nemleg at når Stortinget og kommunestyra rundt om i landet vedtek neste års budsjett veit kor mange som skal verte sjuke i året som står for døra. Det seier seg sjølv at både Stortinget og kommunestyra vil handle i blinde. Resultatet av Regjeringa sin helsepolitikk kan umogleg verte noko anna enn ein ny episode av det tilsynelatande evigvarande freakshowet ”Staten gjer ting den ikkje kan”. Skal vi klare å stable eit helsevesen på beina som tilbyr dei tenestene som folk etterspør so klarar vi ikkje det gjennom den ”ovanfrå og ned”-haldninga som dei raudgrøne står for. Det er lækjarane og pasientane, ikkje politikarar og byråkratar, som veit kva tenester som trengs. Det er berre gjennom ein monaleg større andel innsatsstyrd finansiering at sjukehusa kan justere tilbodet sitt i takt med at folk sine behov for helsetenester endrar seg.

Heldigvis skal ikkje forverringa av finansieringssystemet for helsevesenet setjast i verk før i 2012, so eit regjeringsskifte til hausten vil kunne stoppe det raudgrøne feilskjeret.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Venstre har gode sjansar i fylket

I sitt lesarinnlegg i Firda den 27. juni slår Alf Kollsete uttrykkjeleg fast at «[i] Sogn og Fjordane er Venstre sine sjansar til å få eit mandat lik null!». Eg veit ikkje kva Kollsete tenkjer å røyste den 14. september, men han kan vere viss på at ei røyst på Venstre slett ikkje vil vere fånyttes. Snarare tvert imot.

Onsdag 1. juli publiserte Sunnmørsposten ei mandatutrekning for fylket vårt basert på gjennomsnittet av alle meiningsmålingar i juni. Med andre ord er bakgrunnsmaterialet solid. Utrekninga syner at Venstre kaprar sistemandatet i Sogn og Fjordane, slik vi også gjorde det ved sist val. Når ein i tillegg har med seg at Venstre tradisjonelt gjer det betre ettersom valet nærmar seg, bør såleis sjansane våre vere gode. Våren før sist stortingsval låg Venstre så langt nede som 2-3 prosent på målingane, men fekk eit valresultat på 5,9 prosent. Denne våren har Venstre i gjennomsnitt hatt ca. 6 prosent på målingane, og har vore heilt oppe og snusa på 9-talet, noko som er målsetnaden vår både i fylket og på nasjonalt plan denne hausten. Alt borgar såleis for eit godt resultat for Venstre den 14. september.

Eg oppfattar det likevel slik at Kollsete er mest uroa for at eit stort Venstre vil hindre at Frp kjem til makta. Dette er heilt riktig. Venstre er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering, anten dei heiter SV eller Frp. Vi trur det er betre for landet å få ei mindretalsregjering der den politiske avstanden er overkomeleg, heller enn ei kunstig oppstilt fleirtalsregjering der den politiske avstanden er så stor at ein i realiteten vert handlingslamma. Dagens raudgrøne fleirtalsregjering er eit godt døme på det siste, ei ny sentrum-høgre-regjering vil vere eit godt døme på det første.

Eg kan i alle høve garantere Kollsete éin ting: Nærast uansett valresultat vil Venstre spele ei avgjerande rolle som parti på vippen i Stortinget. Dette vil vonleg resultere i stort gjennomslag for våre kjernesaker: Å fornye velferdssamfunnet, å ta steget over i kunnskapssamfunnet og å setje klima og miljø som prioritet nummer éin. Er ein samd i desse sakene er ei røyst på Venstre det tryggaste valet denne hausten. Også i Sogn og Fjordane.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre