Viser arkivet for stikkord fylkeskommunen

Med søkjelys på verdiskaping

Verdiskapingsplanen for fylket som no er ute på høyring blir av redaktøren i Firda samanlikna med ein lottokupong.
Svaret på denne karakteristikken kunne godt vere at sjansen for å vinne i Lotto er liten, men om ein vinn er vinsten ofte svært stor. Og som vi veit er lottomillionærar ikkje heilt som andre millionærar. Slik sett blir det, i tilfelle vinst, ikkje store endringane. Vi har jo lenge marknadsført oss som annleisfylket; noko som for oss er svært lite positivt!.
Saman med fleire andre organisasjonar, institusjonar, lag og foreiningar, representantar frå fylke og stat, og frå næringslivet, har NHO Sogn og Fjordane bidrege til det dokumentet som no er ute på høyring og som utgjer Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025. Mange dyktige folk, frå ulike stillingsnivå i offentleg, privat og frivillig sektor, har brukt tid på å drøfte kva som burde komme med i planen og kva som skal til for at vi skal få den vekst og utvikling i fylket som dei aller fleste ønskjer.
Kall gjerne måten arbeidet er gjennomført på for lottometoden og resultatet for lottokupong. Men planen slik den ligg ute på høyring og slik den blir lagt fram til politisk handsamast er i alle høve meisla ut etter beste skjønn av folk som har gjort sitt beste nettopp for å skape verdiskaping.
Firdaredaktøren meiner at planutkastet har eit realistisk syn på kva utfordringar fylket har, men at medisinen som blir skriven ut for å løyse utfordringane er bygd på ønskjetenking. Kanskje er det slik at det er lettare å sette fingeren på utfordringane enn på løysingane. På same måten som det er lettare å seie at ein er usamd med det som kjem fram i planutkastet enn å seie kva som burde vore gjort annleis.
Eitt av NHO Sogn og Fjordane sine bidrag i denne prosessen har bl.a. vore å jobbe for at dei indarlege ønskja ikkje skulle skugge over empirien. Altså at vi måtte vere realistiske i planarbeidet. Eit anna mantra frå vår side har heile tida vore å passe på at dei “gamle” næringane ikkje blei sette på båsen til fordel for dei nye og gjerne meir “sexy” næringane. Difor er vi veldig komfortable med at hovudlinja ein skal jobbe etter omfattar område som fornybar energi, olje/gass, sjømat, reiseliv og landbruk; saman med kunnskaps- og nyskapingsnæringar. Tanken er at dei “gamle” næringsområda, tufta på våre naturgitte, komparative fordeler, har mykje vekst- og innovasjonskraft å hente ved auka samhandling med kunnskaps- og nyskapingsmiljøa. Forskar- og høgskulemiljøet i fylket spelar sjølvsagt ei sentral rolle i denne utviklinga. Ikkje minst om desse blir kopla saman i klynger, ja, gjerne konsortium.
Dette har i alle fall vore tanken, så attstår sjølvsagt jobben med å legge forholda til rette for at så kan skje. Her trengst det samspel; at vi halar og dreg i same enden av tauet, og det trengst mot og reell vilje til vekst. Med i dette arbeidet trengst både det offentlege tenesteapparatet som ofte styrer rammer og tempo i prosessane, og det private næringslivet som skal skape mykje av dei økonomiske verdiane som skal gi brød på bordet til folk.
Så, kvifor har vi i det heile vektlagt det mange, ikkje minst Firdaredaktøren, ser på som lite arbeidsintensive næringar og trur at desse vil fremje ny vekst og utvikling i fylket; ja, til og med generere hundrevis av nye arbeidsplassar? Det enkle svaret er at vi må ta utgangspunktet i det vi kan og utvikle desse ved hjelp av ny kunnskap og kompetanse. Det er nemleg ikkje slik at alt krutet er funne opp innan verken energi, havbruk/landbruk eller olje/gass. Verda skrik nemleg etter meir kunnskap på desse områda, ikkje minst av omsyn til miljø og berekraft, og dersom vi då kan utvikle ny kunnskapen med basis i desse næringane her heime, vil den generere mange nye og etterspurde arbeidsplassar.
Vi skal passe oss for å ikkje sjå skogen for berre tre, som det heiter. Vi skal altså passe oss for å tru at alt det vi har, dei for oss kjende næringane, ikkje lenger har mål og meining for oss og andre. Ein skal hugse på at produkt frå leverandørindustrien og fagfolka våre innan t.d. petroleums- og teknologinæringane er av Norges viktigaste “eksportartiklar”. Er vi “svoltne nok” på vekst ut utvikling her heime, og blir rammevilkåra frå det offentlege optimalisert, kan vi bruke langt meir av denne kompetansen til å utvikle og produsere etterspurde produkt i eige fylke. Vi ser dette eksemplifisert gjennom alle doktorane som jobbar for Hydro i Årdal, og noko liknande kan vi få til innan andre næringar også, dersom vi har trua, motet og viljen.
Eg vil også minne Firdaredaktøren, eller den som skreiv leiarartikkelen i laurdagsavisa, om at det er skapt og kan skapast endå meir ringverknader og arbeidsplassvekst av havbruk og landbruk. Og potensialet er stort når det gjeld vind, dersom ein får augo opp for at satsingar på fornybar energi er avgjerande i kampen mot klimaendringar. Alle desse næringane er dessutan langt meir arbeidsintensive enn det leiarskribenten i Firda ser ut til å kjenne til. Vi snakkar trass alt ikkje om ein einsleg lakseoppdrettar, bonde eller ein vindmøllevaktmeister. Vi snakkar om heile verdikjedar; røktar/bonde, fôrprodusentar, transport, sal, veterinær og ikkje minst næringsmiddelindustrien som både tek seg av fisk, kjøt, mjølk, bær og frukt.
Ein skal heller ikkje kimse av dei store verdiane og arbeidsplassane som vil skapt i t.d. anleggsbransjen ved utbygging av meir fornybar energi. Det ser også ut til at det er grunn for å nemne at målet på verdiskaping ikkje eine og aleine handlar om tal arbeidsplassar i ei verksemd. Kor mange kroner verksemda tener er ein vel så viktig variabel, ikkje minst for å sikre og utvikle verksemda.
I utgangspunktet var det dette som gav motivasjon for NHO Sogn og Fjordane til å delta i planarbeidet over mange månader. Slik eg ser det har vi, saman med gode og konstruktive samarbeidspartnarar, vore med på å legge eit bra grunnlag for verdiskaping i fylket. Men skal det bli optimale resultat må alle gode krefter kjenne si besøkstid, både i det offentlege og i det private. Resultata kjen ikkje av seg sjølv uansett kor gode planer ein har. Slik eg ser det skal planen vere, svært grovkorna sagt, ein motivator og vegvisar så vel for næringslivet som for byråkrati og FoU-miljøa. Det meiner eg den langt på veg har blitt.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Konsekvensar ved nedlegging av Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule er foreslått nedlagd i fleire av utkasta til konsulentselskapet. Vi er innforstått med fallande elevtal i vår region, men ynskjer å peike på andre viktige moment i debatten som no er i gang.

Dersom Dale vgs. vert lagd ned, må alle ungdommane i våre kommunar flytte heimanfrå som 15- eller 16-åringar. Dette er ei stor belastning for ungdommane sjølve og for familiane deira, både praktisk og økonomisk. Vidaregåande opplæring krev langt større oppfølging av foreldra no enn tidlegare, både når det gjeld formelt og uformelt samarbeid mellom heim og skule.

I vår region er også den vidaregåande skulen ein viktig arbeidsplass for personar med høgskuleutdanning. Tap av desse arbeidsplassane vil få store konsekvensar for skatteinngangen i kommunane våre, men og sannsynlegvis for folketalet, både i regionen og i fylket. Ein lærar som misser arbeidet sitt i Dale vil fort ta med seg familien sin og flytte til ein annan stad – som like gjerne kan ligge utanfor Sogn og Fjordane.

Dersom våre kommunar misser alle ungdommane i aldersgruppa 16-19 år, vil dette prege lokalmiljøet på mange måtar. Særleg vil frivillig arbeid, kultur- og organisasjonsliv verte skadelidande, fordi desse ungdommane er viktige bidragsytarar på dette feltet. I tillegg vil ungdomsmiljøet for dei som vert att, merke dette ved at dei som går i ungdomsskulen vil gå inn i rollene til dei litt eldre ungdommane. Særleg for jentene kan dette verte problematisk.

Vi må og nemne næringslivet i regionen vår. Dei har eit allereie opparbeidd samarbeid med Dale vgs., og er avhengige av rekruttering frå skulen for å halde bedriftene sine med godt utdanna folk – folk som ynskjer å bu i dette distriktet også i framtida. Dersom skulen forsvinn er det lite truleg at ungdommane kjem att til vår region, noko som vil bety slutten for mange lokale bedrifter i området. Det er heller ikkje lett å lokke innflyttarar til ein region utan ein vidaregåande skule innanfor rimeleg nærleik.

Som vi prøver å vise i dette innlegget, vil det få store konsekvensar på mange område i vår region dersom vi skal verte utan ein vidaregåande skule her. Vi oppmodar planutvalet til å utgreie dei sosiale og distriktspolitiske konsekvensane enno djupare, og ta høgde for desse konsekvensane i det vidare arbeidet.

Bente Haugen, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Fjaler
Hilde K. Solheim, lokallagsleiar Utdanningsforbundet Hyllestad
Inger Hauken, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Hyllestad
Magnhild Hoddevik, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Askvoll