Viser arkivet for stikkord høyre

Mindre mediemangfald gjev mindre ytringsfridom

Til avisa Klassekampen seier stortingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn at Venstre er for å gjere «endringar i pressestønaden». Med eit nytt stortingsfleirtal er trugsmålet om kutt i pressestønaden klart og tydeleg, og om leiinga i Høgre og Framstegspartiet får det som dei vil, så kan dette i verste fall få heilt konkrete følgjer, til dømes for talet på aviser i Nordjord, i resten av Sogn og Fjordane og i heile Noreg.

Mindre mediemangfald gjev mindre ytringsfridom. Om færre røyster får delta i den offentlege debatten så vil det så klart gjere at folk får færre kanalar og hente informasjon, samtidig som omfanget av lesarbrevspaltar vert mindre.

Det er framleis uklart kva regjeringa til Høgre og Framstegspartiet har tenkt å gjere med pressestønaden. Formuleringa i regjeringsplattforma deira er uklar, der står det berre at: «Over tid skal pressestønaden omlegges og nivået reduseres».

Det nye stortingsfleirtalet bør høyre på Høgre-veteranane som ikkje er samd med Høgre og Framstegspartiet i denne saka. Tidlegare kulturminister og Høgre-politikar Lars Roar Langslet åtvarar Høgre mot å bidra til å øydelegge for det norske mediemangfaldet i eit intervju i Dagsavisen. Han har saman med andre Høgre-politikare skreve under på eit opprop mot kutt i pressestønaden, eit opprop som har vorte signert av til dømes Høgre-politikaren, og den tidlegare leiaren av Fritt Ord, Francis Sejersted, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre og tidlegare direktør for Datatilsynet Georg Apenes og Ingeborg Moræus Hansen, ein Høgre-politikar som tidlegare var kinodirektør i Oslo. Oppropet er òg signert av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF).

Om Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V) tek sine eigne festtalar om fridom, demokrati og ytringsfridom på alvor, så går dei imot den påtroppande regjeringa sin plan om kutt i den offentlege pressestønaden.

Raudt er mot kutt i pressestønaden. Raudt vil vidare gå i heilt motsett retning, og utvide pressestønaden til å omfatte gratis kvalitetsaviser og tidsskrift på internett.

Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Høgre, Brorskapen og Israel.

Høgrepolitikarar si forståing av Israels situasjon varierer mykje.

Høgremannen Kåre Willoch er sterkt kritisk til Israel, mens hans partifelle, Hallgrim Berg, syner stor forståing for same landet.

Den profilerte høgrepolitikaren Ine Marie Eriksen Søreide (IMES) sa til applaus frå salen i programmet “Debatten fra Litteraturhuset”, 3. mars 2011, m.a. dette om Den muslimske brorskapen: "… Det er en viktig bevegelse. Det er ikke en ekstrem, islamitisk bevegelse på noen måte, det er en relativt konservativ og moderat bevegelse i de fleste fasetter… ".

Uroa i området, m.a. i Egypt, er til bekymring for Israel som landet har ein fredsavtale med, ein avtale som i 1978 gav Egypts president, Anwar Sadat, Nobels fredspris, men som kosta han livet i 1981, drepen av Den muslimske brorskapen.

Vi kan ta med eitt uhyrleg sitat til, denne gongen frå no avsett president Mohamed Mursi på TV i 2010. Som talsmann for Brorskapen får seg til å seie om Israel og jødane: “Anten gjev du sionistane alt dei ønskjer seg, elles så vert det krig. Det er dette desse okkupantane av landet Palestina forstår, – desse blodsugarane som angrip palestinarane, – desse krigshissarane, etterkomarar etter aper og svin.”

Israel kjenner til Brorskapen si ideologiske programerklæring, formulert før IMES sin tale: “Allah er vårt mål. Profeten er vår leiar. Koranen er vår lov. Jihad er vår veg. Å døy for Allahs sak er vårt høgaste ønskje.” Ikkje særleg “konservativ” og “moderat”…. .

Høyre er vel også eit “konservativt” og “moderat” parti, men tyder desse to orda noko anna når IMES karakteriserer Brorskapen? Då vert det vel kalla dobbeltmoral?

“Ja” til Hallgrim Berg, “nei” til dei to andre, – meiner no eg!

Ragnar Bull.

Sett barna først!

Av Anne Lilleaasen
kommunestyrerepr. Gaular Høgre/7. kandidat Sogn og Fjordane Høgre

Vi har 26 kommunar i Sogn og Fjordane med mellom 850 til 12.000 innbyggjarar. Våre lokalsamfunn er ganske gjennomsiktige og folk kjenner kvarandre.

Det er barnevernet i kommunane som først møter barna som treng hjelp. Det er kommunar i mitt fylke som ikkje ein gong har ei heil barnevernstilling. Utan å vere med i eit interkommunalt samarbeid er det krevjande å få til god nok progresjon og kvalitet i arbeidet.

Etter at fleire kommunar tok del i interkommunalt samarbeid har barnevernet klart blitt meir synleg, gjennom å vere til stades og i tverrfaglege møte, slik at desse tenestene no fungerer betre.
Det er meldt inn mange saker som neppe elles ville blitt rapportert, fordi ein no har eit godt fagleg støtteapparat og betre kontroll, med fleire ressursar, som samarbeider med alle etatane, som barnehage, skule, NAV, helse osb. Barnevernet opplever det interkommunale samarbeidet framleis som lite og tett.

Eg er bekymra over at det ikkje er samsvar mellom nedbygging av statlege Bufetat og overgang av ansvaret til kommunane. Kommunane har ikkje fått den naudsynte oppgradering eller midlar som dei treng for å handtere alle utfordringane.

I følgje Statistisk Sentralbyrå var det i 2011 vel 52.000 barn som vart hjelpne av barnevernet. Dette er ei auke på nær 40 % frå 2004.

Barnevernet og Bufetat gjer ein god jobb, men med den auka mengda tal saker, må apparatet styrkast tilsvarande når det gjeld fleire ressursar og utvida kompetanse. Mellom anna gjennom etablering av fleire interkommunale sentra.

Høgre vil, i vårt alternative statsbudsjett, auke øyremerkinga av midlar til drift og utvikling av det kommunale barnevernet utover regjeringa sitt framlegg.

Politikarane lokalt og sentralt treng å setje seg betre inn i problematikken. Det er også viktig at vi politikarar ser at det er naudsynt å skaffe nok midlar for å sikre dei barna som ikkje har det bra – dei er framtida vår. Derfor vil Høgre vidareutvikle barnevernet.

Feminist, men ikkje sosialist

Heilt sidan slutten av 1800-talet har norske kvinner kjempa for å bli likestilte med menn. Sidan den gong har kvinnene kjempa seg til full likestilling på alle plan i samfunnet. Og i dag ser me verkeleg fruktene av det arbeidet kvinnene i Noreg byrja på for over 100 år sidan!

I 1884 vart den fyrste kvinneorganisasjonen i Noreg skipa, Norsk Kvindesagsforening. I 1901 fekk kvinner for fyrste gong delta i politiske val, om dog berre ved kommuneval, og i 1910 vart allmenn stemmerett ved kommuneval innført. I 1911 kom Anna Rogstad på Stortinget som den fyrste kvinna i Noreg. Men ikkje før i 1913 vart det innført allmenn røysterett ved alle val. Kvinnene har oppnådd svært mykje gjennom kampen mot mannsdominansen; I 1888 vart gifte kvinner myndige, ved lover av 1918 og 1927 vart kvinner likestilte med menn i ekteskap når det gjaldt skilsmisse, myndigheit over eventuelle born og eigendomsrett, i 1952 fekk kvinnene full adgang til dei offentlege embeta og etter likestillingslova av 1978 er all forskjellsbehandling av kvinner og menn forbode. Sidan kvinnekampen byrja har me sett at kvinnene i Noreg har utkjempa ein hard kamp for å bli godtekne av det norske samfunnet på lik linje med menn.

I dag lev me i det samfunnet som kvinnene for 100 år sidan berre kunne drøyme om. Kvinner er nemleg godt representerte i høge stillingar, svært mange vel høgare utdanning og dei stiller svært ofte til val. Og ikkje minst: alle har mogelegheita til å bestemme fullt og heilt over sitt eige liv. Ordningar som barnehage, SFO og fødselspermisjon har gjort det mogeleg for kvinner å vere mødre i tillegg ti å ha ei yrkeskarriere. Dette er privilegium kvinner ikkje hadde for 100 år sidan.

Til tross for at kvinner og menn alltid vil vere ulike skal dei ha like rettar. Det at me i år feirar at kvinnene har hatt stemmerett i 100 år ser me i Unge Høgre på som ei hylling av all den innsatsen kvinnene gjennom historia har lagt ned for å bli godtekne som nettopp kvinner. Kvinnene er ikkje lenger berre fine å sjå på, dei sit inne med viktig kompetanse og kunnskap som hjelper til med å dra Noreg framover!

I dag er det allmennkjent at dersom ein er feminist, ja da må ein også vere sosialist. Men dette stemmer ikkje. Både i Unge Høgre og i resten av samfunnet har me mange sterke, kompetente og flinke kvinner som ikkje definerer seg sjølv på venstresida av den kjende politiske skiljelinja, men som likevel ser på seg sjølve som feministar.

Unge Høgre ser på normene med kvotering i mellom anna arbeidslivet som utdaterte. Kvifor skal kvinner kvoterast inn nettopp fordi dei er kvinner? Nei, dei skal få jobbane fordi dei har den kompetansen, arbeidsvilja, arbeidsmoralen og den stå-på vilja som trengs for å få arbeidet gjort! Kvotering ser fint ut på papiret, men det fungerer ikkje i praksis. Det er viktig at kvinner ikkje berre vert sett på som kvinner, men som sjølvstendige individ som er kapable til å gjere den same jobben som menn.

I Unge Høgre meiner me at utdaterte normer som jantelova er ei krenking på individa sin fridom til å uttrykkje det dei meiner og det dei er flinke til. For kvinner er flinke, ja faktisk uendeleg flinke! Og dei kan også i dag vere flinke utan å vere avhengige av ein mann.

Jentene i Unge Høgre er stolte døme på at ein ikkje treng vere sosialist for å vere feminist. Me er liberalkonservative feministar, og me er stolte av det!

Vilde Tøfte Øvstetun for Sogn og Fjordane Unge Høgre,
også Stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre for Stortingsvalet 2013

Høgre er idrettspartiet

Av Anne Lilleaasen, Gaular – 7. kandidat Sogn og Fjordane Høgre til Stortinget

Idrett og aktivitet er svært positivt både for det einskilde mennesket og for samfunnet vårt. Vi knyter nettverk og vidareutviklar sosiale evner gjennom desse arenaene. Og vi betrar den fysiske og mentale helsa vår. Om lag 700.000 frivillige stiller sin tid og kraft til rådvelde for noko dei ivrar for. Då må vi og legge til rette for både kvalitet og kvantitet når det gjeld anlegg og utstyr.

I min heimkommune Gaular har vi i kommunestyret vedteke å byggje ein fleirbrukshall – kombinert med ei delvis oppgradering av skulen i kommunesenteret Sande. Ein fleirbrukshall er eit viktig steg framover for å møte brukarane sine ynskjer om å utvide aktivitetstilboda – samt for samhald og busetting i kommunen vår. Kommuneøkonomien er stram og vi må prioritere. Vi gav klare signal før valet, og følgjer opp i etterkant med ordførar Mathias Råheim (H) i spissen!

Derfor er det gledeleg, at Høgre i vårt stortingsprogram, meiner at staten må ta hovudansvaret for tilrettelegging og utbygging av anlegg og banar til nytte for breiddeidrett for barn og unge.

I framlegget til statsbudsjett i haust aukar den raudgrøne regjeringa idretten sin del av tippemidlane berre med om lag 2,4 prosent. Vi meiner det ikkje er i tråd med den lovnaden som Ap kom med i sommar om å auke idretten sin del av tippemidlane frå dagens 45,5 prosent til 64 prosent i 2015.

Høgre har i vårt alternative statsbudsjett foreslått å auke tippemidlane sin del til 6,2 prosent, noko som utgjer nærare 200 mill. kroner. Vi treng desse midlane til å betre tilbodet innan fysisk aktivitet og idrett for å betre folkehelsa. I tillegg vil det vere til hjelp for kommunane i ein økonomisk pressa situasjon.

Nei til tvangssamanslåing av kommunar

Den 24. september arrangerte Lokalsamfunnsforeningen ein dagskonferanse om kommunestruktur, demokrati og tenestekvalitet i Noreg.

På denne konferansen kom det fram at AUF er samde med Høgre og Framstegspartiet om at det i Noreg skal vere mogleg å slå saman kommunane i Noreg med tvang.

Eg er samd med leiar i Fagforbundet, Jan Davidsen, som ifølgje abcnyheter.no sa dette på dagskonferansen til Lokalsamfunnsforeningen: «Klokskapen er like godt fordelt lokalt som sentralt.» Jan Davidsen og Fagforbundet er motstandarar av tvungen samanslåing av kommunar. Fagforbundet er det aller største fagforbundet i Noreg, med om lag 330 000 medlemmar.

Det er særs viktig at det ikkje vert opna for tvungen samanslåing av kommunar i Noreg. Det må framleis vere slik at berre kommunar som har hatt folkerøystingar i dei kommunane det gjeld, med det resultatet at det vart eit fleirtal for samanslåing i alle desse kommunane, som kan slå seg saman. Det same prinsippet må òg gjelde for fylkeskommunar.

På dagskonferansen til Lokalsamfunnsforeningen tok professor ved Høgskolen i Hedmark for seg «Fakta og myter om kommunestruktur» i Noreg. Det er ein myte at Noreg har spesielt små kommunar. Til nationen.no seier Bjarne Jensen at: «82 prosent av innbyggjarane i EU bur i kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar. I Noreg er talet 55 prosent».

Det er ikkje det geografiske omfanget til kommunane som er problemet. Derimot så er den alt for dårlege kommuneøkonomien eit stort problem. Raudt vil styrke kommuneøkonomien. Kommunar og fylkeskommunar må få behalde mykje meir av det som innbyggjarane betalar i skattar og avgifter. Raudt meiner vidare at dei statlege overføringane til kommune-Noreg, spesielt til kommunar og fylkeskommunar med svakt skattegrunnlag.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Farleg sosialistisk køkultur

Ein av dei tinga som verkeleg kjenneteiknar dagens sosialistiske regjering beståande av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er at dei køane som påverkar folk sine liv som mest, har auka dramatisk. Det står fleire i bilkø enn nokon gong tidlegare. Fleire står i helsekø enn nokon sinne. Fleire rusmisbrukarar står i kø for å få rusbehandling, og fleire ungdommar ventar på psykiatrisk behandling.

Liv går tapt i desse køane. Det må folk snart ta innover seg.

Dei mest graverande av desse køane, slik eg ser det, er helsekøane. I eit land som Noreg skal ein ikkje stå årevis i kø for å få behandling. Difor reduserte Høgre helsekøane med 85.000 pasientar, med 85.000 menneske, medan vi sat i regjering for fire år sidan. Stoltenberg-regjeringa som Liv Signe Navarsete, Erling Sande, Reidar Sandal, Ingrid Heggø og Heidi Grande Røys anten støttar på Stortinget eller sjølv direkte er ein del av, har auka køane med 36.000 pasientar; med 36.000 menneske. Og det berre dei siste to åra. No står over 250.000 menneske i helsekø.

Liv går tapt i desse køane. Detdesse personane snart ta innover seg!

Desse same personane som eg ramsa opp ovanfor har alle fått prenta Jens Stoltenberg sitt slagord nummer éin i panna: ”Velferd framfor skatteletter!” – eit utslag av allergi for alt som luktar av privat eigarskap og utvikling – som står fram som det evige mantra frå koalisjonen. Sanninga er at skatteletter aukar den private velferda for folk flest- som etter mitt skjønn er vel så viktig som den offentlege. Det er ei velplassert retorisk modifisering av røynda, ein blank løgn, at skatteletter fører til reduserte inntekter for det offentlege. Tvert imot ser vi at når det generelle skattetrykket letnar for både bedrifter og privatpersonar fører dette til større aktivitet og skaparlyst og følgjeleg ein større skatteinngang for storsamfunnet.

Med intensjonen til regjeringa, eller i alle fall den påståtte intensjonen i bakhovudet må vi vel kunne einast om at det må kallast sjølve definisjonen på dobbelmoralisme at talet på private helseforsikringar òg har auka under denne regjeringa. Eg legg i tillegg til at tal plassar i private rehabiliteringsinstitusjonar har vorte redusert med 53.000 under dagens regjering, til trass for at mange står i kø for å få eit tilfredsstillande rehabiliteringstilbod, eller eit rehabiliteringstilbod i det heile. Min konklusjon vert difor: AP, SV og SP er mest opptekne av den ideologiske kampen for det offentlege monopolet, enn av pasientane sitt ve og vel, og nektar å betale for nødvendig behandling i private institusjonar. For det er det Høgre vil: staten skal betale for at du skal få behandlinga du treng anten det er ein privat eller ein offentleg tilsett lege som behandlar deg. Det viktigaste for oss er at du får behandlinga du treng, ikkje ideologiske kjepphestar og billeg retorikk partia imellom.

Med Høgre i regjering skal køane ned, og helst vekk. Høgre har kutta i køar før. Til hausten vil vi gjerne gjere det igjen.

Jacob Nødseth, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre

Gjennomslag på landsmøtet for endring av Høgres landbrukspolitikk!

Bjørn Lødemel

Det er svært oppmuntrande å sjå at godt politisk handverk gjev resultat! Sogn og Fjordane Høgre fekk gjennomslag for at Høgre skal støtte ordninga med jordbruksforhandlingar – samt ein landbrukspolitikk som m.a. strekar landbrukets viktige rolle for busetting og næringsverksemd landet over.

Vi har sendt inn endringar til programmet ved alle høve og nytta sentrale konferansar til å samle støtte til vårt syn. Etter å ha hatt tett kontakt med andre fylkeslag fekk vi fullt gjennomslag på landsmøtet. No har Høgre ein god og heilskapleg landbrukspolitikk, og det blir ei god sak å ha med seg i valkampen, seier stortingskandidat og fylkesleiar Bjørn Lødemel.

- Sogn og Fjordane Høgre har gjennom fleire år jobba langsiktig med fokus på politisk arbeid med landbrukspolitikken. Blant tiltaka er eige landbrukspolitisk seminar i Naustdal desember 2006, og landbrukspolitisk utval innan fylkeslaget. Vi har også hatt ein god dialog med landbruks-organisasjonane i fylket, sluttar Bjørn Lødemel av.

SJÅ DESSE NETTSAKENEDEN FRÅ ABC-NYHETER ER MED HARALD KVAME, NAUSTDAL:
ABC Nyheter
http://www.nationen.no/landbruk/article4318642.ece


DOKUMENTASJON: * Konkret går dette på desse tinga:

01. Landsmøtet vedtok ei positiv formulering om landbrukspolitikken:
Landbruket utgjør et viktig fundament for bosetting og kulturlandskap i Norge, men legger også
grunnlaget for annen næringsvirksomhet landet over. Derfor må næringen og statlige myndigheter legge til
rette for fortsatt modernisering av driften slik at næringen blir best mulig rustet for fremtiden. Høyre mener staten fortsatt skal gi økonomisk tilskudd til landbruket, men slike tilskudd må være mer målrettet og mindre byråkratisk enn i dag.

- Denne er nesten identisk med innsendt framlegg frå Sogn og Fjordane Høgre.

02. Vidare strekpunktet om jordbruksforhandlingane:
Høyre vil
- erstatte de årlige landbruksforhandlingene med en konsultasjonsordning mellom myndighetene og
landbrukets organisasjoner.

Dette punktet vart stroke i ei spennande røysting. Dette er difor ikkje lenger gjeldande politikk for Høgre – jfr. klare innspel frå m.a. Sogn og Fjordane Høgre.

FOR FLEIRE KOMMENTARARKONTAKT DESSE LANDSMØTE-UTSENDINGANE:
- Stortingskandidat og fylkesleiar Bjørn Lødemel (er ordførar i Hornindal kommune) har tlf. 917 77 488
- Leiar i landbrukspolitisk utval/1. fylkesnestleiar Arve Harald Mjømen tlf. 905 48 175
- Nestleiar i landbrukspolitisk utval/varaordførar i Naustdal Harald Kvame tlf. 950 80 294