Viser arkivet for stikkord haltbrekken

Er Haltbrekken truverdig?

Lars Haltbrekken i Natuvernforbundet er ein kunnskapsrik mann. Men når han skriv om deponering i Førdefjorden i Firda 26.6, er eg redd han set truverdet sitt i fare.

Det er sjølvsagt berre retorikk når Haltbrekken skriv om å «ofre Førdefjorden». Han prøver å skape eit bilete av dei negative konsekvensane som ikkje harmonerer med røynda. Han smør tjukt på, heilt bevisst. Men det er altså ikkje sant det han skriv. Dersom dette prosjektet verkeleg kunne true heile Førdefjorden så ville ikkje ein einaste politikar sagt ja til dette.

Så til eit anna begrep som motstandarane av dette verdiskapingsprosjektet brukar konstant. Dei elskar å skrive at det skal dumpast gift i Førdefjorden. Men kva er gift? Ein skal hugse på at det saltet du har på middagsbordet, natriumklorid, faktisk og er giftig om mengdene du får i deg er store nok. Akrylamid får du i deg via kaffikoppen kvar einaste dag. Når Haltbrekken listar opp ei rekkje kjemikalier, og mengden av desse, får ein inntrykk av at det er store tal. Men når kjemikaliene kjem ut i fjorden og blir blanda med svært store mengder sjøvatn, blir konsentrasjonen av kjemikaliene så små at dei ikkje blir skadelege. Syrer og basar vil bli nøytralisert i store mengder sjøvatn. Kor mange tonn sjøvatn passerer Vevring i minuttet? I tillegg er dei fleste kjemikaliene biologisk nedbrytbare, slik såpene dine er det, slik at dei ikkje utgjer nokon stor fare for livet i Førdefjorden.

Vi skal hugse at Haltbrekken har ein agenda i denne saka. Derfor gir han oss ikkje heile biletet.

Lars Haltbrekken

..er helt ute på viddene(ferja) med sine uttalelsar om at vi ikkje skal bygge bruer på E39 i framtida. Grunnen er at vi kjem til å reise meir. Dette er sjølvsagt lett for han å sei, etter å ha flytta frå Trøndelag, til Oslo-gryta. Skal den mannen ut på reise nektar eg å tru at han tar bussen til Stavanger, for å forkynne sitt klimabodskap.
Det tar 3-3,5 timar ein veg Førde – Bergen på denne tida av året, om ein ynskjer å komme trygt fram med bil. Sleng på ein time ekstra, om du tar Ekspressbussen. M.a.o. ei dagsreise for ein tur innom Haukeland. Minner om at det kun er vel 160 km vi snakkar om.
Men det som undrar meg mest er kva skal vi som ligg i denne E39-aksen, Kristiansand-Bergen-Trondheim bruke som framkomstmiddell, uten å bruke dagevis på å komme fram. Fly???
Når Haltbrekken først er ute med dette våset, kunne han like gjerne sagt; mur att alle tunellar, steng eksisterande bruer. Skulle vere effekttivt, vil eg tru. Først ut kunne vere å stenge brua ved Svinesund. Det kunne evt. vore sett inn ei ferje. Allerhelst ei pasasjerferje.
Nei, Haltbrekken, du er heilt ute å KØYRER!!!
Lars-N.Fossen
Golvslipar, avhengig av bil.

Naturvernforbundet er ein klimabremse

Erling Sande

Naturvernforbundet meinar at utbygging av småkraft trugar det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vert skulda for å ikkje greie å ha to tanker i hovudet samstundes.

Sjølv har leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, mange tankar – men det nyttar lite når dei står i direkte motstrid med kvarandre. Han markerer seg både med krav om auka satsing på fornybar energi, samstundes med protest mot anlegga som skal produsere energien.

STIKK KJEPPAR I HJULA
Naturvernforbundet har berre dei siste åra markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar også mot kraftliner som skal føre straumen fram. Det vert lite utbygging av ny rein og fornybar energi av slikt.

Senterpartiets politikk tek omsyn både til miljøet og til ny fornybar energi. Vi og Naturvernforbundet er begge tilhengarar av opprustning av eksisterande kraftverk. Haltbrekken meinar at utbygde og ”øydelagde” område kan utnyttast, mens urøyrd natur må sparas. Her tek han feil på to punkt.

SMÅ INNGREPSTOR VERDI
Først er det viktig å presisere at sjølv om eit område er utbygd, er det ikkje øydelagt. Dagens utbyggingar tek store miljøomsyn. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Samstundes produserer dei verdifull og rein kraft. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje bygd ut. Med andre ord blir det særs vanskeleg å få fullt trøkk på vindkraftsatsinga om ein skal følgje Haltbrekkens råd.

Dersom vi ikkje skal få bygge anlegg til å bygge fornybar energi, så kjem det heller ikkje meir fornybar energi på marknaden. Dermed får vi heller ikkje erstatta den forureinande energiproduksjonen.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Vi er einige i at nokre naturområde og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer mot nær sagt alle prosjekt.

GRØN ENERGI MOT KLIMAENDRING
Haltbrekken har grunn til å frykte tap av biologisk mangfald – men for å få gjort tiltak som verkeleg monner, må han løfte blikket litt. Klimapanelet til FN (IPCC) har anslått at ved en temperaturauke på til dømes 4 grader, vil over 40 % av dagens kjente arter utryddast.

Fortsetter dagens utvikling i forhold til CO2-utslipp, kan utfallet bli dystrare. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Dersom vi ikkje lukkast i å få frem meir grøn fornybar energi, lukkast vi ikkje i klimakampen.

Av Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.