Viser arkivet for stikkord helg

Gloppen kommune gjer helg og høgtidsdagar om til høgtid for offentleg RAN og DISKRIMINERING av ansatte i helse og omsorg.

Hei
Eg er HTV for Norsk sjukepleiarforbund i Gloppen kommune.
I samband med at jule høgtida nærmar seg, er det tid for å diskutere helg og høgtidsturnus med arbeidsgjevar.

I år har dette teke ei ny retning.

Min arbeidsgjevar Gloppen kommune har komme med noko som dei meinar er to to alternativ for dei ansatte.
Det ein er ein avtale om gjennomsnittsberegning av arbeid på bevegelege helg og høgtidsdagr, der den ansatte arbeider maks 5 av dei bevegelege helgdane.
Den er for så vidt ok for dei som ynskjer ei forrutsigbar turnus, og som har spesielle behov for fri.
Men for dei som ikkje ynskjer å inngå ein slik avtale, og som vil fylgje grunnregelen i arbeidmiljø lova §10.8 pkt 4, har dei komme med ein ny tolkning.
Her vil dei nemleg fylgje prinsippa i ks sitt B rundskriv 12/09, som seier at dei ansatte har rett på fri, men ikkje lønna fri.
Med bakgrunn i dette seier dei at dei ansatte som vel påfølgande fri, som er grunnregelen i aml, får fri påfølgande søn eller helgedag, men ikkje fri med lønn og derfor må inn å arbeide den dagen dei får fri ein anna “svart” dag.

Slik eg ser dette er det i utgangspunktet ein måte å trua dei ansatte til å velgje å inn gå ein avtale om gjennomsnittsberekning av dei bevegelege raude dagane, noko som er alvorleg i seg sjølv.
Ein avtale som vert gjort på dette grunnlaget, kan ikkje sjåast på som ein gyldig avtale.

Det andre er at det er grov diskriminernig av ansatte i helse og omsorgssektoren, som stort sett består av kvinnelege ansatte. For i utgangspunktet vil argumentasjonen til arbeidsgjevar og gjelde for alle arbeidstakarar i Gloppen kommunen, og dei er ikkje forelagt dette kravet om å komme inn på ein svart dag og jobbe inn arbeidstid, som dei har fått fri på grunn av retten til fri på søn og helgedagar.

Vi har hatt drøftingsmøte med arbeidsgjevar, men dei held fast på dette prinsippet i ks sitt b-rundskriv 12/09.

Dette er personalpolitikk som minner meir om styresett på sørsida av middelhavet.
Er det verkeleg slik at arbeidstakarar innan helse og omsorg må ta alle kampane på nytt ?

Og er det rett at ein kommune skal diskriminera ansatte ?

Dette handlar om at kommunen respekterar dei ansatte sin rett til å få minimumskravet til fri dagar i henhold til arbeidsmiljølova, og at ein ikkje vert utsett for trugsmål om dikriminering om ein ikkje inngår ein avtale etter arbeidsgjevar ynskje.
Minimumskrav til fri ?
Jo det betyr at arbeidsgjevar bryt arbeidsmiljølova om dei ansatte må arbeide fleire søn og helgedagar enn etter grunnregelen i AML 10.8.4 – som seier at om ein arbeider ein søn eller helgedag skal ein ha den neste fri.

Grunnen til at kommunen truar dei ansatte på denne måten, er fordi dei ansatte får meir fri etter grunnregelen i AML enn etter ein gjennomsnittsberegning.
Kommunen vil då vil spare store summar på ein slik avtale. Dette vil sjølvsagt variere litt alt etter kva dagar dei bevegelege helg og høgtidsdagane fell på frå år til år.

Dei fleste arbeidstakarar på Gloppen omsorgsenter, har slik eg forstått det eit klart ynskje om å markere sin frustrasjon over denne personalpolitikken med å velge å føge grunnregelen i arbeidsmiljølova, på tross av trugsmål om å bli diskriminert i forhold til dei andre ansatte i Gloppen kommune. Dei som ansatte i Gloppen kommune,som ikkje går i turnus, får fri med lønn på alle bevegelege helg og høgtidsdagar som fell på deira arbeidsdagar.

Håpar alle andre arbeidstakarar i Gloppen kommune ser dette, og gjev beskjed om at dei ikkje finn seg i at deira arbeidsgjevar behandlar kollegaer på denne måten.

Med ynskje om ei fredeleg advents og julehøgtid.

Helsing

Jan Arve Søvde
HTV NSF Gloppen