Viser arkivet for stikkord helse

BUP må skjermast mot nedskjeringar!

Sogn og Fjordane har tre poliklinikkar for barn og unge som treng psykiatrisk hjelp. Men for mange er det langt å reise til Eid, Førde eller Sogndal der desse ligg. Barna og ungdommane dette gjeld, har og ofte behov for at foreldre eller føresette reiser til behandling saman med dei. Slik går det fort ein arbeids- og skuledag med til kvar konsultasjon på BUP. For å bøte på dette, har Helse Førde hatt som praksis at spesialistar kan reise ut frå poliklinikkane for at pasientane skal få hjelp i eigen kommune. Med dei budsjettkutta som no er føreslegne vil det ikkje vere rom for dette lenger, og alle som skal ha behandling ved ein av poliklinikkane må reise dit. Personlege møte mellom behandlarane og dei som treng hjelp kan ikkje utan vidare erstattast med telefon- eller videomøte, til det er problemstillingane for vanskelege og pasientane for sårbare.

I tillegg til helsepersonell som arbeider direkte med barna/ungdommane, har BUP og tilsett spesialpedagogar som har ei viktig rolle i å rettleie barnehagane og skulane der pasientane på BUP har kvardagen sin. Desse stillingane er no på kuttlista, og vi risikerer at den rolla BUP sine pedagogar har hatt no skal fyllast av kommunane sine tilsette i PP-tenesta.

Konsekvensane av å redusere dette tilbodet kan bli at barn/unge og familiane deira vegrar seg for å oppsøke poliklinisk hjelp, og det vil særleg råke dei som bur i utkantane i fylket. Barnehagar og skular får ikkje hjelp frå spesialistar når dei skal legge til rette for desse pasientane i kvardagen, men er prisgitt kapasiteten til det lokale PPT-kontoret. Vi risikerer at det vert endå større skilnader på tilbodet til barn og unge med psykiske vanskar.
Pasientane og deira pårørande vil med dei føreslegne nedskjeringane få ein dårlegare livskvalitet fordi vanskar får vekse seg større før dei vert tekne fatt i. Kommunane si PP-teneste vert sett under endå sterkare press enn tidlegare, og det vil gå ut over kommuneøkonomien. I tillegg vil dei kostnadene ein sparer ved å kutte i løyvingane til polikliniske tenester truleg komme att i form av at fleire pasientar vil få behov for døgnbehandling. Det er og grunn til å tru at barn og unge som ikkje får hjelp med psykiske vanskar, vil få det verre som vaksne med eit større behandlingsbehov enn det dei hadde i utgangspunktet. Det er såleis snakk om ei kortvarig innsparing for Helse Førde, men med store konsekvensar for både dei barna/ungdommane som vert råka og for lokalsamfunna dei bur i.

I utgangspunktet er barn og unge som treng hjelp frå psykiatrien blant dei aller svakaste gruppene i samfunnet. Det er krevjande for alle familiar når eit barn eller ein ungdom må få hjelp utanfrå for å takle kvardagen sin. Dette er og pasientar som manglar pressgrupper, og som slik kan bli gått forbi på prioriteringslistene. Dei er difor avhengige av at vi som fagpersonar seier frå. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at Helse Førde må skjerme barn og unge med psykiske vanskar, slik at dei framleis får eit godt tilbod uavhengig av kvar i fylket dei bur.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Magnhild Hoddevik, nestleiar

Satsar Helse Førde på psykisk helsevern?

I samband med at Helse Vest avslo søknaden frå Helse Førde (HF), om investeringsmidler for å bygge ny Psykiatrisk klinikk i Førde, så uttalte direktør Jon Bolstad seg til NRK Sogn og Fjordane. Nok ein gang viste han til brukarundersøkingar, som han meinte synte at HF satsa på psykisk helsevern(PHV). Lpp har gått gjennom brukerundersøkingane. Kvar er dei undersøkingane som han syner til?
Er det undersøking i 2011 av Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjeneste om fastlegar sin oppfatning av distriktspsykiatriske senter (DPS)?
Det er slike senter i HF. Dei er plassert i Sogndal, Eid og Førde, her kan det lett oppstå metodiske feil. Kjennskap kan medverke til meir positiv resultat . Merk deg at berre 20 fastleger som er tilknytt DPS Førde svarte på undersøkinga. I Nordfjord DPS var det 18 fastlegar som svarte. Førde har ca 50 % av befolkninga. Det er også verdt å merke seg at DPS Førde hadde dårlegare resultat på alle indeksar i høve til Eid og Sogn, fastlegane er tildels mindre nøgde med tilbodet i Førde.
I denne undersøkinga hadde HF gode resultat samanlikna med mange andre DPS i landet. Når ein ser nærare på undersøkinga så ser ein at kun 46 % av fastlegane i fylket hadde svart og dette er under landsgjennomsnittet. Dei 3 DPS-ane i HF er blant dei minste i landet og det er heilt naturleg at legane ved DPS og kommunane kjenner til kvarandre og dei vil då ha lettare for å ta kontakt og samarbeide. Mange av legane har også arbeida nært saman i kommunane og på DPS tidlegare i karrieren. Dette vil ha betydning for korleis dei vurderer kvarandre og korleis dei samarbeider. Med eit slikt utgangspunkt kan ein undre seg over at resultatet ikkje er betre. Ei undersøking der legane er spurde om deira vurdering av tenesta, kan ikkje kallast ei brukerundersøking. Pasientar og pårørande er ikkje spurde.
Måling av kvalitetsindikatorar:
Andre undersøkinga som Bolstad viser til, er måling av kvalitetsindikatorar, som helseføretakaa har utarbeida i samarbeid med Helsedirektoratet m.fl. Døme på slike indikatorar er: kor raskt det blir sendt ut epikriser etter behandlinga er avslutta, tal pasientar som har fått spesifisert diagnose, tal tvangsinnleggingar, fristbrot og liknande. Samdatarapporten som blir utarbeida kvart år på grunnlag av tal helseføretaka rapporterer inn viser tal utskrivingar, konsultasjonar, døgnopphald, tal personale, kostnader osv. Desse tala fortel ikkje noko anna enn det tala viser og knapt nok det. Utskriving før pasienten er ferdigbehandla og reinnleggingar vil verke positivt for aktivitetstala.
Tala som kjem fram fortel noko om det som indikatoren skal måle. Tala fortel ikkje noko om tenestetilbodet og korleis det fungerer for pasientane, eller korleis fagfolka i avdelingane vurderer tilbodet. Det kjem ikkje fram kor mange pasientar som blir avvist eller for tidleg utskrivne. Behandlingseffekt og pasientane sin tilfredsheit med tenestene blir ikkje målt. Kvaliteten på behandlingstilbodet har konsekvensar både for pasienten og pårørande. og dei kjenner godt til korleis tilbodet faktisk fungerer.
BRUKARUNDERSØKING:
Vi kjenner ikkje til at HF har gjennomført brukarundersøking. Ei brukarundersøking innebere at brukarane av teneste,* i dette tilfelle pasientar og pårørande*, får uttale seg om sine erfaringar med tenestene. Direktør Bolstad viser i intervjuet med NRK Sogn og Fjordane til at HF har satsa på psykisk helsevern og at brukarundersøkingar bekreftar dette. Undersøkingane som Bolstad viser til er ikkje brukarundersøkingar. Helse Førde har satsa på å få gode tal der det finst indikatorar som lett kan målast. Tiltak som ikkje blir målt blir heller ikkje sett i verk. Når det gjeld kurs og opplæring til pasientar og pårørande så har Helse Førde ikkje noko tilbod. Innan somatisk sektor er det eit stort tal slike tilbod gjennom lærings og mestringssenteret (LMS) Differensiert behandlingstilbod som bruk av musikkterapi, kunstterapi, ulike gruppeterapi og mestringskurs finst ikkje i Sogndal og Førde. Det er heller ikkje noko dagtilbod. Andre helseføretak satsar på spesialavdelingar for psykosebehandling. Helse Førde fjernar slike avdelingar. Dette er faktorar som ikkje blir målt og telt. I investeringsbudsjett for dei neste 5 åra løyver HF styret 500 millionar av eigne midlar til utbygging innan somatisk sektor, men psykisk helsevern får ikkje ei krone.
For oss i LPP er det vanskeleg å forstå at direktør Bolstad og styret i HF kallar dette ei satsing på psykisk helsevern.

Landsforeningen for pårørende innen Psykisk helse, LPP Sogn og Fjordane, ved Ragnhild-Lise Korsvoll, leiar og Astrid Gytri, styremedlem.

Draumar om Friskhus i Naustdal.

Firda skriv om store planar om å lage eit Friskhus i Naustdal 12.12. Eit nytt lokale der alle helsetenestene i kommunen skal samlokaliserast. Vel og bra dette. Men den store haken er sjølvsagt økonomien. Naustdal kommune har ikkje råd. Det vil vere galskap av politikarane å gå for dette. Det er lov å drøyme. Men når ein skal gjere politiske vedtak må ein vere vaken. Eit så stort økonomisk løft som dette er tvilar eg sterkt på at kommunen har rygg til å bere. Det kjem til å bety nye rundar med kutt på andre område.

Kva er alternativet? Slik eg ser det, er det berre eitt alternativ som er godt nok. Det er ikkje spesielt langt til Førde. Der kan naustedølene få dei helsetenestene dei har bruk for. Løysinga er kommunesamanslåing.

Truslar og vald mot tilsette i Nav – auka utgifter til sosialhjelp.

Har du høyrt eit barn, ein ungdom eller vaksen seie «Eg har ein draum om å bli mottakar av sosialhjelp?» Veit du om nokon som drøymer om ei framtid som valdsutøver?

Det var nyleg ei overskrift i Firda om at utgiftene til sosialhjelp hadde auka sterkt i Førde, og både lokalt og nasjonalt det har vore stor merksemd på tryggleiken for tilsette i Nav. Låge utgifter til sosialhjelp og sikkerhet for tilsette i hjelpetenestene er viktig. Men kvar er fokuset på dei som er ein del av statistikken over mottakarar av sosialhjelp, og kva har svikta når tilsette i Nav blir utsatt for vold og truslar. Personane som utøve vald eller får sosialhjelp har aldri drøymt om, eller håpa på å kome i den situasjonen.
I media kan det bli framstilt som om menneska bak tala har gjort eit val om å bli ein av denne statistikken. Dessverre er det ikkje det. Eg skriv dessverre. Alle ynskjer å ha kontroll over eige liv og eigen økonomi, skule og arbeid. Å leve eit sjølvstendig liv og kunne velje sjølv er ein viktig verdi. Fattigdom og dårleg helse er ofte årsaker til at eit menneske treng hjelp frå det offentlege. Hjelpa kan kome for seint og problema blir store før det blir sett i verk tiltak. Trass lovnadar om satsing på førebyggande helsearbeid gjennom helsestasjon, barnehage, skule, barnevern osv, så blir funksjonssvikt ikkje oppdaga før ungdomen felle ut av vidaregåande skule, rusmisbruk, kriminalitet eller alvorleg psykisk sjukdom. Mange foreldre opplever at dei kjemper ein einsam kamp for at barnet deira skal få nødvendig hjelp. Barn, og vaksne, som er «annleis» blir ofte mobbeoffer. Kjensla av å vere utafor kan få store konsekvensar for resten av livet. Menneske ynskjer og vere ein del av «flokken», mestre utfordringar og få positive tilbakemeldingar frå andre. Dette er faktorar som betyr mykje for helsa og opplevinga av å leve eit godt liv. Kunnskap om årsaker til at menneske fell utafor «det gode liv» har aldri vore større. Stadig fleire har bachelor , master og doktorgrader innan helse og sosialfag. Faga økonomi, leiing, og administrasjon har hatt enorm vekst. Nordmenn har aldri vore rikare, reist meir, kjøpt meir, delteke meir på kulturaktivitetar osv. Likevel så greier vi ikkje å syte for alle får sin del av velferda.
Kommunane har fått meir midlar gjennom Samhandlingsreforma som gjeld rehabilitering og pleie av fysisk sjuke. Tilboda innan somatisk sektor har auka både i helseføretaka og kommunane. Innan psykisk helsevern har det gått motsett veg. Her i fylket har Helse Førde lagt ned eit betydeleg tal døgnplassar. Kommunane har ikkje fått tilført tilsvarande ressursar. Konsekvensane blir størst for dei alvorlegaste sjuke psykisk sjuke. Helse Førde lova at det skulle satsast meir på polikliniske tenester. Realiteten er at både døgnopphald og polikliniske konsultasjonar har blitt redusert frå 2011 til 2012. Vi har dessverre ikkje statistikk som syner konsekvensane av dette. Leiarar i Nav har bekrefta over for u.t. at det er brukarar som har fått for dårleg behandling og oppfylging som er overrepresentert både i gruppa mottakar av sosialhjelp og som utøve vald og truslar på Nav kontora. Det gir ei oppleving av tap og sorg når ein sjølv eller nokon som står ein nær har det vondt. Oppleving av at ein blir sett ned på og at ein ikkje får nødvendig behandling eller anna oppfylging forsterkar dette. I mange tilfelle blir også fleire i familien sjuke. I samband med det store fokuset som no blir retta mot demenssjukdom så blir det peika på belastninga for pårørande og at dei kan føre til svekka helse som fylgje av auka omsorgsbyrde. Tilsvarande situasjon har pårørande til rusmisbrukarar og alvorleg psykisk sjuke levd med lenge. Foreldra har også til dels fått skulda for at barnet deira har fått ein alvorleg psykisk sjukdom eller blitt rusmisbrukar. Det er pårørande som i 30-40 år som har stått i omsorgsoppgåver og hatt ansvaret for familiemedlemmer som er psykisk sjuke. Dei har ynskt at den sjuke skal ha eit best mogleg liv og samtidig har det vore ein balansegang i høve til omsorg for andre barn. Når det offentlege ikkje har stilt opp så har familiane gjort ein innsats for at den sjuke skal få eit verdig liv. Stigma knytt til psykisk sjukdom, rusmisbruk og å vere mottakar av trygd og sosialhjelp har gitt unødig store belastningar for både den sjuke og resten av familien. Pårørande har sakna anerkjenning frå det offentleg hjelpeapparatet og blir framleis til dels møtt med mistenksomhet frå psykiatrien. LPP fryktar at nedbygginga av døgnplassar og dårleg økonomi i kommunane skal føre til at fleire psykisk sjuke og rusmisbrukarar ikkje får behandling og oppfylging. Resultatet kan bli at den sjuke får eit funksjonsfall og det blir auka risiko for at fleire utøve vald og blir mottakarar av sosialhjelp. Konsekvensane for den sjuke sjølv, familien, samfunnet og det offentlege hjelpeapparatet blir store. Å leve eit godt liv handlar om meining, meistring, oppleving av å bli verdsett og høve til å gjere eigne val. Nokre menneske treng hjelp på vegen for å lykkast med dette. Det synes som mange politikarar og helsebyråkrater ikkje forstår at samtalar, sosiale aktiviteter, arbeidstrening, fysisk aktivitet, sundt kosthald, døgnrytme osv. er viktige behandlingselement for psykisk sjuke og rusmisbrukarar. Bustad og tilrettelagt arbeid er grunnleggande for å meistre livet sitt.
LPP arbeidar for at fleire, både brukarar og pårørande, skal kunne leve gode liv. Ein treng kunnskap om behandlingstilbod, rettigheter og klagemuligheter for at ein sjølv skal kunne gjere val. Å oppleve meistring, annerkjenning og bli verdsatt er viktig for å finne meining.

Landsforeingen for Pårørende innen Psykisk helse, Sogn og Fjordane, ved Astrid Gytri.

Fullverdig fødeavdeling i Nordfjord

Som alle andre i Nordfjord har eg fått eit blad om Nordfjord Sjukehus frå Helse Førde i postkassa. Her er det mellom anna ein artikkel som er ein «A til Å» om Nordfjord Sjukehus. I denne artikkelen står ikkje bokstaven «F» for «fødeavdeling», av openbare årsaker.
I bladet om Nordfjord Sjukehus som kom i postkassa seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (Venstre) mellom anna dette: «Eg er overtydd om at Nordfjord Sjukehus ikkje berre er liv laga, men at det faktisk kan bli ein nasjonal modell for framtidas sjukehus. Utviklingsprosjektet har teikna opp ein slik modell. Mange av elementa i den modellen er no i ferd med å kome på plass ved Nordfjord Sjukehus. Nokre få, men svært viktige brikker for at heilskapen skal henge saman, er enno ikkje lagt.» Ein av disse brikkene må vere gjenoppretting av ei fullverdig fødeavdeling i Nordfjord.
Ordførarane i Nordfjord-kommunane Eid, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen og Vågsøy har inviterte helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre til Nordfjordeid. Dette er eit bra initiativ.
Ordførarane syner i invitasjonen til at regjeringa i april 2011 vedtok at Nordfjord Sjukehus skal vere ein nasjonal modell for «Framtidas lokalsjukehus.» Kampen for å få tilbake ei fullverdig fødeavdeling i Nordfjord er difor ikkje berre viktig for Nordfjord. Det er viktig for alle som kjempar for desentraliserte fødetenester i andre delar av Noreg. Fødeavdelingar rundt omkring i andre sjukehus er truga, og det er viktig at regjeringa ikkje slepp unna med å stadfeste at lokalsjukehusa i framtida ikkje vil trenge fullverdige fødeavdelingar.
Frå 17. til 18. august skal Folkebevegelsen for lokalsykehusene ha landssamling i Oslo, og her skal mellom anna nokon frå departementet fortelje om pilotprosjektet «Framtidas lokalsjukehus». Lokalsjukehusaksjonistar i resten av Noreg ventar med rette av oss i Nordfjord at vi ikkje gjev opp kampen for å reversere nedbygginga av fødetenestene på Nordfjord Sjukehus.
Det er bra at Framstegspartiet seier at det må bli starta ei eller annan form for dagkirurgi ved Nordfjord Sjukehus, men det som òg er viktig no er at vi som kjemper for å få tilbake ei fullverdig fødeavdeling på Nordfjord Sjukehus held trykket oppe. Raudt Sogn og Fjordane utfordrar alle stortingsrepresentantane, uavhengig av kva for parti dei er medlem av, til å tvinge regjeringa og helsebyråkratane til å gjenopprette ei fullverdig fødeavdeling på Eid.
Om Støre skulle ta imot invitasjonen frå ordførarane i Eid, Selje, Hornindal, Stryn, Gloppen og Vågsøy, så er det viktig at dei alle saman seier klart og tydelig i frå til helseministeren at Nordfjord Sjukehus må få tilbake ei fullverdig fødeavdeling.
Lege, lokalsjukehusaksjonist og Raudt-politikar Mads Gilbert sa på ein fødekonferanse i Nord-Norge i fjor dette: «Folk i distriktene har samme rettigheter til trygghet og beredskap som folk i byene. Kortreist helse berger liv.» Vi er mange i Noreg som meiner at nyvinninga «lokalmedisinske senter» er eit forsøk frå regjeringa på å omgå løftet om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Dette løftet står klart og tydeleg i Soria Moria-erklæringa, den politiske plattforma til regjeringa.
Det er naudsynt å få pressa igjennom dei endringane som må til for at kvinner i Nordfjord igjen kan nytte Nordfjord Sjukehus før, under og etter fødselen.

Anders Hamre Sveen
Nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane
Stryn

Historien om Sunnfjord Medisinske Senter og et sykehuskjøp

Det eneste vi vet om fremtiden er at den blir annerledes. Og den beste måten å møte fremtiden på, er å skape den selv. Det sistnevnte har mine politikerkolleger og jeg nå muligheten til i helsesektoren. Florøs historie er full av eksempler på «alt vi ikke fikk til», alt som enten ikke ble noe av eller som endte opp andre steder øst for oss. Vi skriver kontinuerlig vår egen historie. Hva skal vi skrive?

Dette har skjedd det siste året: 40 år med sykehuskonflikt er over. Flora kommune eier Florø sykehus og eiendommen bygget står på. Helse Førde HF skal flytte til Sunnfjord Medisinske Senter (SMS) og der videreutvikle bærekraftige helsetjenester i samarbeid med det eksisterende og mangfoldige fagmiljøet i bygget. Samtidig skal Flora kommune utvide sin aktivitet i SMS. Slik går SMS fra å være langt fremme i tverrfaglig helsearbeid, til å være fremst på helsesamhandling i Norge sammen med noen få andre. Som helse- og sosialutvalgets leder er jeg stolt over å ha fått være med på å legge forholdene til rette for at kloke helsehoder får videreutvikle seg sammen i Florø. Det er en privilegert rolle å være helsepolitisk leder i en kommune med så mange ildsjeler og i samarbeid med et så velvillig og engasjert helseforetak.

De som vinner aller mest på denne samlokaliseringen i SMS er de som trenger tverrfaglige helsetjenester nært og ofte. For eksempel pasienter innen rus og psykiatri. Tidligere måtte disse forholde seg til fastlegen sin og Nav på SMS, kommunens avgrensede hjelpeapparat lokalisert ulike steder i byen og til psykiatrisk poliklinikk på Florø sykehus. Nå vil disse brukerne få raskere hjelp på ett sted. Og tilbudet blir bredere. Tidligere år tok den kommunale planleggingen bare høyde for at personer med utfordringer innen rus og psykiatri hadde problemer på hverdager i ordinær arbeidstid. Nå har vi tatt høyde for at hjelpen skal være der også på kvelder og i helger: Når behovet er størst. Og ved å samle de ulike aktørene som gir hjelp, blir hjelpen bedre. Én felles dør inn til fellesskapets helsehus, vil gi bedre og enklere liv til alle.

Det virkelig nyskapende, rosinen i pølsa, er at en fleksibel spesialisthelsetjenestepoliklinikk skal utvikles i SMS: Helse Førde HF sender spesialister til Florø for å selv utføre tjenester, og i samarbeid med fastlegene finne gode måter å fordel e oppgaver og overføre ansvar på en trygg måte. Dette letter manges hverdag. Et godt eksempel: I dag må far ta fri en hel dag fra jobb for å følge åtteåringen til Førde for å på Sentralsykehuset undersøke et innlagt dren i øret av en øre-, nese-, halsspesialist. Med den fleksible poliklinikken på plass kan åtteåringen bare gå de 30 meterne fra Florø barneskole til SMS, gjennomføre sjekken og gå tilbake til skolen. Åtteåringen får med seg mer skole, far slipper å ta fri fra jobb og Helse Førde sparer pasientreisekostnader. For å peke på noen av mange muligheter og tilhørende gevinster. Mange utsatte brukergrupper, og ikke minst mange med ordinære hverdagsproblemer, vil få hjelp som er raskere, nærere og av høyere kvalitet. Av dyktig fagpersonale som finner løsninger sammen. Dette er fremtiden. Og vi har skapt den selv.

Hva skal vi så bruke det tidligere sykehuset til? Mulighetene er mange, og jeg skal ikke forskuttere det jeg håper blir brede, konstruktive og kreative prosesser. Men det vi vet er at vi i årene fremover må bygge langt flere omsorgsboliger og institusjonsplasser til flere brukergrupper (både eldre og unge) samtidig som etterspørselen etter enklere leiligheter til den aldrende delen av befolkningen øker. Og med et (sannsynlig) regjeringsskifte til høsten har jeg forventninger om at private helseaktører lettere vil kunne etablere seg også i et fylke som Sogn og Fjordane. I Florø vil de bli tatt i mot med åpne armer.

Vi lever i helsemulighetenes tidsalder i Florø, og har en unik mulighet til å skape vår egen fremtid. Florøs historie er full av eksempler på «alt vi ikke fikk til». Historien om SMS og kjøpet av sykehuseiendommen er historien om alt vi faktisk fikk til. Så er det opp til mine politikerkolleger og meg hvor lang og hvor spennende historien skal bli.

Jacob Nødseth, helse- og sosialutvalgets leder i Flora kommune og medlem av Flora formannskap (H)

Dei eldre, dei sjuke og dei som treng spesielle tiltak i Førde kontra rådhuset og idrettspark.

Går Førde sine budsjett/budsjettoverskridingar utover eldre sine nødvendige tilbod ? Vert barn og ungdom med spesielle behov tilgodesett i Førde? Kva med drifta av sjukeheimen, drifta av heimehjelpa ? Kva med “lågterskeltilbode” som mellom anna ved Kronborg ressurshage/Blomereina ? Får desse viktige tiltaka midlane dei burde ha ?
Førde investerar i flotte bygg og flott infrastruktur, er det pengar til drift og vedlikehald ?
Dersom ein som lekmann påpeikar noko ved dei økonomiske disponeringane til byen, får ein alltid som svar “dette går over eit anna budsjett”.
Førde har mange forpliktelsar overfor dei som er inbyggjerar i småbyen, vi vert alle eldre. Etterkvart treng vi pleie, ikkje alle unge og vaksne heng med, desse treng og fornuftig oppfølging. Har Førde kommune kontroll på dette ? Eg tvilar på dette eg. Les gjerne Dagunn Klagegg sitt debatt innlegg i Firda av onsdag 14.11. side 12 og 13, der tek ho opp mykje viktig vedr. omsorgsbudsjettet i Førde. Er vi berre nokre få som er skeptiske til pengedisponeringane i Førde by ?

"Røyka har skylda!" men hvem har skylda for røyka?

I en artikkel av Jacob Nødseth, så framhever han et forslag i Flora om røykefritt inngangsparti, igjennom hele artikkelen skrives det om helseskader og risiko for ikke-røykere og de som ikke vil røyke. Men jeg ser ikke at Nødseth kommer med alternativer.

Vi kan alle være enig med at de som ikke vil røyke, de som vil slutte å røyke og de som ikke tåler røyk, av helsemessige årsaker, skal få la være å drive med det som er kalt “passivt” røyking, og i et forslag for Flora har det kommet fram forslag om røykefritt inngangsparti for kommunale bygg. Men så kommer det ikke fram noe tanke om at det har blitt tenkt igjennom alternative plasser evt. rom røykere kan gå til for å nyte seg en røyk, uansett om du er nytter av bygget eller ansatt, for inngangspartiet er der vi liker å stå, for der er det tak og kjappeste måten å komme seg rett inn på, for du kan ta meg på mitt ord; ingen røykere vil gå noe lengre.

Igjennom tilleggs artikler av blandt annet Frank Willy Djupvik, bystyrerepresentant i Flora og aspirerande stortingsrepresentant for FrP, så står det og at noen synes at røykere bør gå vekk fra inngangspartiet på Sentralsykehuset i Førde pga pasientene som blant annet er lunge syke, kreft syke, betennelse i halsen eller brukket et ben, men Sentralsykehuset har allerede løst et sånt problem, for til venstre for inngangspartiet når du kommer ut, så er det en rad med benker bortover parkeringsplassen mot buss stoppet, og her går røykerne fordi det er tak og ikke langt unna for å komme seg inn igjen, uten at de står direkte ved inngangen. Et alternativt forslag ville ha vært å fått laget noe sånt, for faktum er at det finnes utrolig mange røykere i landet, og det vil det være uansett hva som skjer.

Jeg sier ikke at forslaget er dårlig, tvert imot, jeg kan forstå bekymringen fra helse- og sosialutvalget om helsen til disse menneskene som ikke røyker eller vil slutte å røyke, men av erfaring og tidligere artikler i både VG og Dagbladet, så vil jeg ta side med Djupvik og si at det føles som at noen prøver å sette i gang en heksejakt på røykere. Jeg kan ta fram et eksemplar av VG som daterer noen måneder siden og vise til en artikkel der det sto “Norge SKAL være røykfritt innen 2017”, og videre nedover står det tiltak, alt fra innstramning av røykeloven som blant annet inneholder at det blir forbudt å røyke i private heim, og her går de i den øvre makta for langt i privat livet til det norske folk. Viss jeg, en bonde, en banksjef, en embetsmann eller statsministeren vil røyke i sin egen heim, så er det noe vi selv bestemmer, og ikke loven.

Røykere er ikke så populære som de var før 90-tallet, for da var det reklamer over alt for røyk, men starter du å røyke så er det noe du må ta på din egen kappe, for røyking er en fristelse, og klarer du ikke å motstå den fristelsen, så får du prøve å gjøre det beste du kan for å komme deg ut av den. Jeg kan ta opp et uttrykk “Fylla har skylda” heter det med alkohol, men så kommer kontra spørsmålet “Hvem har skylda for fylla?”, og det går parallelt med røyking, røykinga har kanskje skylda for sykdommer, det står advarsler på pakka, vi ser dokumentarer om hva som kan skje med deg om du røyker, men det kommer til syvende og sist ned på om du selv skal røyke eller ikke: “Røyka har skylda!” kan man si når det kommer til sykdommer og lidelser, men så kommer argumentet igjen “Hvem har skylda for Røyka?”

Bilvelt eller massakre på Klakegg?

I kveld er eg forbanna og frustrert. Som tilkalla hjelpemannskap var eg i ettermiddag vitne til noko av den verste pengesløsinga eg har opplevd. Målet for utrykkinga var ei utforkøyring på Klakegg nokre kilometer nord for Skei. Ein bil hadde hamna på taket og det var ein vaksen og to mindre born i bilen. Etter ei stund kjem ein ambulanse, så kjem ein til, så kjem ein tredje og og ikkje nok med det, ambulansehelikopteret landar også. Eg lurar så smått på om det har skjedd ei ulukke med ein buss i tillegg. Kor mange skadde er det tale om? Eg rekk knapt tenke tanken ferdig før ein fjerde ambulanse dukkar opp. Har alarmsentralen fått melding om ein massakre?

Det er ikkje lenge sidan ambulansetenesta i Jølster vart nedlagt og flytta til Førde. Dette var eit av sparetiltaka til Helse Førde. Dei legg altså ned ambulansen ved trafikknutepunktet i fylket for å spare pengar! Når det så er bruk for utrykking til Jølster trykkjer AMK på den største knappen for å syne at dei verkeleg kan dette med å rykke ut. Det dei taper i tid tar dei att i mengde.

I kveld forstod eg at det verkeleg må sparast. Dersom rutinane tilseier at det skal rykkjast ut med 4 ambulansar og redningshelikopter for eit bilvelt der det er snakk om lettare skadar på 3 personar, kan vi vente oss endå hardare nedskjeringar.

Noko er riv ruskande gale. Kven er ansvarlege for denne galskapen?

Redd lokalsjukehusa!

Sogn og Fjordane SU reagerer kraftig på planane styret i Helse Førde legg fram i strategidokumentet sitt om å gjera dei to lokalsjukehusa i fylket til distriktsmedisinske senter. Dette vil i praksis vera ei nedlegging, og soleis eit brot med den raudgrøne regjeringserklæringa Soria Moria II.

Noko av det viktigaste helsevesenet gjer er å gje folk eit tilbod om akuttbehandling og fødetilbod nært heimen deira. Dette handlar om tryggleik for folk flest og vita om at ein ikkje må reisa langt av garde dersom ein plutseleg skulle bli råka av alvorleg sjukdom eller skade. Det er ogso veldig viktig i høve til å redda so mange liv som mogleg i dei situasjonane der kvart minutt tel. Lokalsjukehusa sikrar i dag dette og syter for at folk har eit desentralisert helsetilbod nært heimen sin.

Me i S&F-SU meiner at prinsippet om nærleik til akutt- og fødetilbod må vera det som ligg til grunn for sjukehusstrukturen i fylket og at det overordna målet må vera å redda so mange menneskje som mogleg. Då kan ein heller frakta pasientar der det ikkje er ein akutt situasjon, som planlagde kneoperasjonar, til Førde eller Bergen. S&F-SU ynskjer å behalda dagens sjukehusstruktur i fylket, med ei styrking av lokalsjukehusa.

I dag er ikkje sjukehusa underlagt demokratisk kontroll. Det er fullstendig håplaust at våre folkevalde skal ha so lite å sei for korleis noko so viktig som sjukehusa våre drivast. Føretaksmodellen med dei einkelte føretaksstyra har soleis eit enormt demokratisk underskot. I tillegg ser me at modellen i dag tvingar fram innsparingar og nedleggingar som er mot folkevilja og heller ikkje er naudsynte. Utrekningsmodellane Helse Førde presenterer i strategidokumentet er laga av PriceWaterHouseCoopers. Dersom me skal tru utrekningane Helse Førde har presentert for oss tidlegare og som vart brukt sist gong ein gjennomførte store innsparingar i fylket, so burde føretaket i dag gå med overskot. Ein har heller ikkje teke med utgiftsidene av å legga ned lokalsjukehusa i det totale reknestykket, og grunnlaget forslaga er laga på er jamnt over veldig svakt. Det er difor stor grunn til å tvila på at innsparingane som no er føreslått faktisk vil føra til reelle innsparingar og at situasjonen på sikt vil betra seg. I staden set Helse Førde målet om so store innsparingar som mogleg over eit trygt helsetilbod for folket i Sogn og Fjordane.

I dag står faktisk styret i Helse Førde ribba for besluttnadsmakt etter at Helse Vest har lagt ned rammene sine og driv i hovudsak med ting som like godt kunne vore administrativt arbeide. Det at Helse Førde fungerer som ei marionettedukke for Helse Vest, utan at innbyggjarane i Sogn og Fjordane har noko dei skulle ha sagt viser med all tydelegheit galskapen i føretaksmodellen og den enorme mangelen på demokratisk styring.

Difor er det ekstremt naudsynt, både for å sikra demokratisk styring og for å stogga raseringa av Helse Noreg som pågår, å endra måten sjukehusa styrast på og kasta vrak på Arbeidarpartiet sin føretaksmodell. S&F-SU meinar at ansvaret og styringa av sjukehusa våre skal førast attende til fylkeskommunen.

Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom krev:
- At målet om eit godt og desentralisert akutt- og fødetilbod går framfor målet om budsjettbalanse og innsparingar hjå Helse Førde.
- At departementet grip inn mot planane om nedlegging av lokalsjukehusa.
- At føretaksmodellen vrakast og styringa overførast til fylkeskommunen.
- At ein satsar på og overførar meir pengar lokalsjukehusa i staden for å byggja dei ned.
- At ein fjernar stykkprisfinansieringa i helsevesenet, og erstattar den med rammeoverføringar.

På vegne av; Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom
- Albert Andersen Øydvin, fylkesleiar

Eit godt helsetilbod og gode spesialisthelsetenester

Det er etter mitt syn langt frå repesentativt og opplysande det som har vore gjengjeve i avisa Firda av dei fire møta , der stortingsbenken og helsetenester har vore tema .
For det første har det aldri komme fram at det var stortingsbenken som inviterte to av aksjonsgruppsgruppene bla aksjonsgruppa for sentralsjukehuset , då vi ville møte alle tre, og ikkje berre få ei av aksjonsgruppe sitt syn.
For det andre har samtlige involverte uttrykt å ha respekt og forståing for kvarandre sine rollar på samtlige av møta.
For det tredje: Fleirtalet tek ombodsrolla alvorlig, og vil innhente informasjon og forvisse oss om at alle konsekvensane ved dei foreslegne omleggingane vert synleggjort og vurdert, herunder nedbygginga/omlegging av spesialisthelsetenestene og akuttfunksjonane. Dette og sett opp imot bestillinga frå ministeren. ( I ettertid har ein registrert at ein av stortingsrepresentantene ikkje vil vera med på det bebuda møte, så møtet vert m/fire av fem)
På sakskartet til møtet i Førde i går stod det ”den økonomiske situasjonen i Helse vest/Helse Førde”, då var det naturlig å tru at det var representantar frå begge foretaka tilstades. Når det ikkje var slik, ja då vert den formelle gangen å be om møte via Helse Vest. Og som eg sa til Firda i går, vi vil også melde møtet til Helse Førde . Dvs informere Helse Førde, (i kva form er det ikkje konkludert med) Det er såleis heilt ukorekt av Firda å skapa eit inntrykk av at fleirtalet på stortingsbenken ikkje vil følgje opp ombodsrolla si, men har ombestemt seg.
For ytterlegare å forsterke eit negativt bilete står det vidare i Firda i dag, at Stortingsbenken framstod ”svært forsiktig og lyttande ”. Og at spørsmåla kun var korte og om detaljer.Utan at eit einaste av spørsmåla vert referert. Det var ein sekvens der samtlige av benkemedlemmande (stortingsrepr)stilte fleire spørsmål,og vi vart også stoppa pga tidsskjemaet. Spørsmåla som vart stilt var m.a om konsekvensane for Helse Førde ved val av intern fordelingsmodell , manglande invisteringsmidlar i Helse Førde og konsekvensane av dette, vikarbruk og Helse Vest sitt ansvar vedr å få spesialistar til Helse Førde(eksempel geriatriker), kommunikasjon/informasjon mellom Helse Førde,dei tilsette,innbyggarane. Det vart og vist til tidlegare melding der geografiske og klimatiske forhold vart tungt vektlagt og spurt om desse forholda var vektlagt i sterkt nok grad no. Dette for å nemne nokre av spørsmåla, så får lesarane sjølve dømme om dette kun er uvesentlige detaljer.
Sogn og Fjordane stod samla for å få skeivdelinga til Helse Vest oppretta og fekk omlag 500 mill meir i Helse Vest potten. Står vi samla og framover kan vi igjen få gjennomslag og dermed gode resultat for innbyggarane og helsetilbodet i Sogn og Fjordane.
Avslutningsvis vil eg vil vise til eit svært viktig poeng frå møta med aksjonsgruppene som ikkje har komme fram i det heile ,det at både sp og eg sa klårt ifrå at vi ville utnytte til fulle det handlingsrommet som er i Soria Moria vedr å sjå på finansieringsmodellen på nytt. Det vart her vist til rønslene frå Scotland.

Ingrid Heggø
Stortingsrepresentant AP

PINLEG ELDRESATSING AV FRP !

Både Høgre og Frp vil privatisere eldreomsorga gjennom anbod og konkurranseutsetting. Får dei makta, vil deler av skattepengane til folk flest gå til å fylle opp lommebøkene til private bedrifter som tar utbyte av bestemor på anbod! Men røyndomen viser at alle dei private tilbydarane har lite like tid. Gjennom anbod og konkurranse får dei eldre eit kvalitativt dårlegare tilbod. Både Røde Kors og Frelsesarmeen har gradvis trekt seg ut av sjukeheimssektoren i Oslo fordi anbodsrundene pressar kostnadane slik ned at dei ikkje ser seg i stand til å levere ein kvalitet dei etisk kan forsvare. Konkurransen fører såleis til mindre mangfald.

Eit godt døme på det såg vi i Dagsrevyen tysdag 11 august. Då var Siv Jensen på besøk på ein sjukeheim i Oslo. Der viste det seg at dei eldre låg på tomannsrom, i ein by der Frp har hatt eldrebyrådet dei siste 8 åra ! Siv Jensen vart svar skuldig !

I staden for sutringa til Frp og Siv Jensen over dårleg eldreomsorg, og deira haltande private løysingar, satsar SV og regjeringa på eldreomsorg gjennom styrka kommuneøkonomi. SV vil auke grunnbemanninga i pleie – og omsorgssektoren og auke løna til tilsette i denne sektoren. For Frp og Høgre er det viktig å lovfeste retten til sjukeheimsplass, utan å ta høgde for at skal dei eldre få ein verdig alderdom trengst det meir kompetanse og fleire hender i pleie. SV har som mål å bygge ut 12.000 nye omsorgsplassar innan 2015. For SV er det og viktig at dei eldre og pårørande får innverknad over omsorgstilbodet, og vi vil innføre ei nasjonal minstenorm for legedekning ved norske sjukeheimar.

Høgresida sine løysingar vil dessutan fungere dårleg i distrikta, der ” konkurransen ” om dei eldre vil vere liten. Resultatet kan fort verte at dei eldre må reise over store avstandar for å få eit tilbod. Nei, når institusjonane skal vere kommersielle og konkurrere seg i mellom om bebuarane, kan desse gruppene risikere anten å få for dårleg tilbod, eller ikkje få eit tilbod i det heile.

SV vil arbeide for at omsorgstilbodet vert lagt betre til rette for den einskilde, for at dei som treng omsorg må forholde seg til færrast muleg personar.

Godt val !

Magne Aardal – Jølster SV.

Marknaden fungerar

Om ein let den få sjansen. Dessverre har dei raudgrøne stått på for å forhindre dette dei åra dei har sete i regjering. I onsdagens Firda kunne vi lese at Senterpartiets Jenny Følling vil vekk frå ”marknadstenkinga” i sjukehusdrifta, som ho hevdar ikkje har vore nokon suksess. Eg skal vere samd med Følling i at det er mykje å rette på i norsk helsevesen, men for mykje marknadstenking er slett ikkje noko problem. Tvert om.

Eg skal gje Følling rett i at vi har noko å lære av skottane. Føretaksmodellen er neppe ein ideell måte å organisere sjukehusa på, men å byte dei ut med ein nasjonal helsetzar eller helsekommisar er ikkje vegen å gå. Ein av grunnane til at økonomien i helseføretaka ikkje fungerar er mangel på marknadstenking i helsepolitikken.

I dag vert norske sjukehus finansiert gjennom rammetilskot og innsatsstyrd finansiering (ISF). 60 prosent av pengane kjem som rammetilskot, medan dei resterande 40 kjem som ISF. I dei åra Bondevik 2-regjeringa og Framstegspartiet inngjekk budsjettforlik i førre stortingsperiode fekk FrP gjennomslag for at andelane skulle snuast, slik at 60 prosent av inntektene kom i form av ISF. Dette fungerte godt. Kvart einaste år vart ventelistene kortare. Det eine året Bondevik 2 inngjekk budsjettforlik med Arbeidarpartiet, vart dei samde om at berre 40 prosent av inntektene skulle vere innsatsstyrd. Og kva skjedde det budsjettåret? Jau, ventelistene auka! Det same har skjedd etter at dei raudgrøne inntok regjeringskontora. ISF-andelen har vore 40 prosent heile tida, og kvart einaste år har ventelistene vorte lenger. No har dei raudgrøne teke mål av seg å forlenge ventelistene ytterligare, ved å redusere ISF-andelen til 20 prosent, og kommunane skal trø til med dei siste 20.

Dei raudgrøne sitt framlegg til ny finansieringsmodell er dømt til å feile. Ganske enkelt fordi den legg uoppnåelege føresetnader til grunn. Den føreset nemleg at når Stortinget og kommunestyra rundt om i landet vedtek neste års budsjett veit kor mange som skal verte sjuke i året som står for døra. Det seier seg sjølv at både Stortinget og kommunestyra vil handle i blinde. Resultatet av Regjeringa sin helsepolitikk kan umogleg verte noko anna enn ein ny episode av det tilsynelatande evigvarande freakshowet ”Staten gjer ting den ikkje kan”. Skal vi klare å stable eit helsevesen på beina som tilbyr dei tenestene som folk etterspør so klarar vi ikkje det gjennom den ”ovanfrå og ned”-haldninga som dei raudgrøne står for. Det er lækjarane og pasientane, ikkje politikarar og byråkratar, som veit kva tenester som trengs. Det er berre gjennom ein monaleg større andel innsatsstyrd finansiering at sjukehusa kan justere tilbodet sitt i takt med at folk sine behov for helsetenester endrar seg.

Heldigvis skal ikkje forverringa av finansieringssystemet for helsevesenet setjast i verk før i 2012, so eit regjeringsskifte til hausten vil kunne stoppe det raudgrøne feilskjeret.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Elektromagnetisk stråling og helse

Bioingeniør Sverre Nordgård, Naustdal

Debatten som har pågått de siste årene om for eller imot høyspentlinjer viser at natur, estetikk og økonomi veier tyngst på vektstkålen. Helsesituasjonen til folk som er, eller blir, nære naboer til høyspentlinjer har fått liten fokus. Det virker som om dette håndteres av personer som har økonomisk eller politisk interesse i høyspentlinjene. Vi indoktrineres med at det er ufarlig å ha disse linjene som nære naboer. Men større utenlandske studier forteller noe annet.

Vekselstrøm er en elektromagnetisk bølge som består av en elektrisk og en magnetisk komponent omgitt av et:

  1. elektrisk felt, for høyspent målt i kV/m (kilovolt pr meter). Det elektriske feltet er tilnærmet proporsjonalt med spenningen over kabelen.
  2. magnetisk felt, for høyspent målt i μT (mikro Tesla). Dette feltet varierer med belastningen, dvs strømmen som går gjennom kabelen. Denne komponenten har størst interesse når det dreier seg om mulige helseskader ved opphold i elektromagnetiske felt.

I Storbritannia har en gruppe som består av Helsedepartementet, Elektrisitetsindustrien for høyspentnett og Foreningen for Barn med Leukemi gått sammen om anbefalinger til en nasjonal policy for elektromagnetisk stråling og helse. Gruppen heter ”Stakeholder Advisory Group on ELF EMFs (SAGE)” og ga 27. april 2007 ut dokumentet ”Precautionary approaches to ELF EMFs” samt ”Supporting Papers”, der tema er høyspentlinjer og eiendom, kabling i boliger og elektrisk utstyr i boliger. Disse dokumentene er tilgjengelige på Internett.

Basert på forskningsresultater, se nedenfor, anbefaler gruppen at ingen bebyggelse skal ligge innenfor 60 m av senterlinjen for 275 og 400 kV høyspentlinjer (de to typene med høyest spenning benyttet i Storbritannia). Dette er en middelavstand fra kraftlinjer der de har målt det gjennomsnittlige magnetfeltet til 0,4 μT. Dette er også er det høyeste anbefalte magnetfeltet innenfor anbefalt bebyggelse. Målinger de har foretatt har også vist at de i enkelte tilfeller måtte opp i en avstand på 150 – 200 m for å komme ned på anbefalt gjennomsnittlig magnetfelt på 0,4 μT.

Det er viktig å merke seg at Foreningen for Barn med Leukemi insisterte på en grense på 200 meter, men nådde ikke frem med det.

Av forskning på dette feltet ønsker jeg å vise til følgende publikasjoner, der den britiske gruppen også henviser til de to siste:
  1. i 1979 ble det stadfestet at magnetfelt fra høyspent har en mulig kreftfremkallende effekt (Am J Epidemiol, 1979)
  2. i 2000 ble en studie offentliggjort der en fant at barn i boliger med høy magnetisk feltstyrke (over 0,4 μT) har dobbelt så stor risiko for å få leukemi som barn i boliger under denne grensen (Br J Cancer, 2000).
  3. i 2005 ble en omfattende studie publisert, der de har samlet informasjon om barn født fra og med 1962 til 1995 i England og Wales (British Medical Journal, 2005).

I den tredje studien har de samholdt avstanden mellom barnas bolig og 275 og 400 kV høyspentlinjer. Deretter har de bereknet den økte risikoen denne gruppen hadde for å få leukemi (en type blodkreft). Referansegruppen var barn som bor lengre bort enn 600 m fra høyspentlinjer. Resultatene var som følger:

  • Mindre enn 200 m fra høyspentlinjer: 70 % økt risiko
  • Mellom 200 og 600 m fra høyspentlinjer: 20 % økt risiko

En merkelig effekt ved 3. studie var at risikoen ikke avtok når avstanden økte fra 200 til 600 m, men hadde en liten stigning, noe forskerne heller ikke kunne forklare.

Litteraturen beskriver også andre typer sykdommer der en har oppdaget høyere risiko ved eksponering av elektromagnetisk stråling. Dette gjelder bl a: andre kreftformer hos barn, leukemi og hjernetumor hos voksen, brystkreft, spontanabort, ulike hjertelidelser, Alzheimers sykdom, ALS (nervesykdom som ender med muskellammelser og død), depresjoner og selvmord. Ved spontanabort mener en at også kortvarig høy stråling kan være en utløsende faktor.

Dette er et vanskelig område å studere siden det ikke er lett å finne stort nok forskningsmateriale. Dette fører til sprikende resultater og konklusjoner. Likeså finner en motstridene konklusjoner mellom de som har økonomisk fokus og de som har helserelatert fokus.

Et faktum er at antallet av enkelte omtalte sykdommer ligger på et lavt nivå generelt sett i befolkningen, og at risikoen for å bli påført sykdom pga elektromagnetisk stråling er liten. Men en 420 kV høyspentlinje blir stående i flere generasjoner og vil derfor være en risikofaktor i lang tid. Ett menneskeliv tapt grunnet påført stråling fra høyspentlinje, er likevel en for dyr pris å betale. I fremtiden er det sannsynlig at en har mer kunnskap om helserisikoen ved elektromagnetisk stråling.

Inne i boliger er vi også utsatt for elektromagnetisk stråling fra elektrisk installasjon og apparatur. I Storbritannia er den bereknet til ca en tidel av anbefalt maksimalverdi på 0,4 μT. Med installasjon av større elektrisk apparatur vil denne verdien stige, og de mener at den i enkelte boliger befinner seg opp mot grenseverdien, alt etter hvor man befinner seg i huset. Da er det viktig å notere seg at stråling tilført fra høyspentlinjer kommer i tillegg til denne.

Der en 420 kV linje legges parallelt med en eksisterende mindre kraftig linje kan det også påvirke størrelsen av magnetfeltet.

En sekundær helseeffekt som kan gi seg utslag i både lettere og alvorlig helseskade er angsten og uroen som følger av å leve med en høyspentlinje som nabo. En annen mulig årsak til helseproblemer er også fortvilelsen over at eiendommen en har bygd opp, det være seg gardsbruk, småindustri eller bolig, mister sin verdi slik at enkeltmennesker blir påført økonomiske tap de aldri vil få kompensert.

Erfaring viser at myndighetene neglisjerer fokus på liv, helse og sikkerhet når det må konkurrere med kroner og øre. Jfr nordsjødykkerne og Kvikk-saken.

Jeg erfarer at Statnett opererer med om lag tilsvarende grenseverdier som britene på det de kaller ”utredningssone” (70 m avstand) uten at jeg vet hvordan en er kommet frem til denne avstanden.

Det er lett å se at utbygger her benytter en ”utredningssone” som har minimal økonomisk konsekvens i kompromiss med fare for liv og helse.

Vi ser også at den delen av den britiske arbeidsgruppen som har helse og myke verdier som fokus ikke når frem med sine synspunkter om en 200 m grense selv om både hele gruppen og forskningen antyder at helsefare ikke kan utelukkes innenfor dette området. Det virker som om de britiske myndighetene har valgets kval når de skal etablere sikkerhetssoner for liv og helse der økonomi også spiller inn. Gruppens arbeide omfatter også å berekne kostnader på flytting av eksisterende boliger innenfor angitt sone.

Ellers i samfunnet er det vanlig med sikkerhetsmargin ved grensesetting. Det er ikke tilfelle her. Som eksempel kan nevnes avstanden til en brekant du skal passere enten til fots eller med båt. Da berekner du hva som er sikker avstand og dobler denne. Eller et annet eksempel: det er stor forskjell på en lastestropp eller trosse sin godkjente belastning og bruddstyrke.

Så lenge en mangler utdypende kunnskap om helserisiko ved elektromagnetisk stråling, men innehar informasjon om at det er skjellig grunn til mistanke om at det kan medføre økt helserisiko, er det viktig nå å være forutseende og operere med romslige sikkerhetsmarginer nå mens vi har muligheter til det. Det er lettere å gå tilbake på det i etterkant når kunnskapen er blitt større, enn å måtte justere den andre veien. Her kan det virke som om myndighetene har et vegringspotensial.

Konklusjon: For å ivareta helse, liv og sikkerhet på en forsvarlig måte bør en med de erfaringer en til nå har fra forskning på området operere med risikogrense på minst 200 m pluss en like stor sikkerhetsmargin slik at en kan ivareta både primær og sekundær helserisiko på en tilfredsstillende måte.

Dette vil i sin tur medføre at en ”korridor” på nærmere 1 km båndlegges for flere generasjoner fremover der en 420 kV høyspentlinje bygges. Derfor vil det være uansvarlig å planlegge slike linjer innenfor en halv kilometers avstand fra bebygd eller bebyggbart område. Det siste for at et lokalsamfunn i fremtiden skal kunne ekspandere uten å bli påført urimelige kostnader.

Rettvis fordeling av helseressursar.

Noreg nyttar stendig meir ressursar på helsetenester. Det meste av ressursane går til spesialisthelsetenesta, som no forvaltar over 100 milliardar kroner i året. Etter Sogn og Fjordane SV sitt syn vert ikkje desse ressursane rettferdig fordelte. I staden går meir til dei som frå før har hatt dei beste tilboda.

Då Stortinget vedtok Opptrappingsplanen for psykisk helse, var bakgrunnen ei stortingsmelding som dokumenterte at psykisk helsevern hadde sakka akterut og ikkje kunne tilby same faglege standard som dei somatiske spesialitetane. Dette misforholdet skulle rettast opp gjennom sterkt aukande og øyremerka løyvingar til psykisk helsevern.

Opptrappingsplanen er no gjennomført. Resultatet er at psykisk helsevern har fått auka løyvingar, men løyvingane til somatiske helsetenester har auka mykje meir, slik at spriket er endå større enn før. I tillegg har dei fleste helseføretaka lagt ansvaret for tverrfagleg spesialisert rusbehandling til det psykiske helsevernet utan å fullfinansiere dei nye oppgåvene. Resultatet er at misforholdet mellom ressursar til psykisk helsevern og somatiske spesialitetar aukar endå meir.

Det er på tide at marginaliserte og diskriminerte grupper får sin rettkomne del av helseressursane. Sogn og Fjordane SV vil arbeide for at større ressursar går til dei gruppene som har vore mest forsømte, framfor alt dei som har psykiske lidingar og rusmiddelproblem.

Sogn og Fjordane SV
Årsmøtefråsegn

Årets julenisse i Helse Førde

s grov 676500a

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde har herved fått tittelen årets julenisse. Han nektar ambulansane i Florø å bruke Tempur-madrasser i ambulansen. Årsak: Dei er for gode!

Dei knallgode madrassene var resultatet av ei pengegåve frå avdøde Rolf Orheim, men no er det altså slutt på gleda. Ambulansesjef Stian Sægrov meiner at alle pasientar skal ha like madrasser, og dermed kan ikkje florøianarar halde fram med å liggje på dei gode…

Dette er så j… dumt at årets julekaktus herved er sendt til Helse Førde. Skam dykk!!!!!

PS: Kva med å kjøpe inn tempur-madrasser til ALLE ambulansane? Madrassene i Helse Førde er i utgangspunktet så dårlige fra før at det er heilt tragisk. Og eg snakkar av eigen erfaring…

Foto: Helse Førde / kraftig manipulert