Viser arkivet for stikkord i

1. juni i Førde, verkeleg ein sommardag.

Snøklokker fornekter seg ikkje, det er vår i kjømda sjølv om kalenderen syner 12.februar

Vald frå nokon som står deg nær.

Av Anne Lilleaasen, Leiar for Kvinneforum Sogn og Fjordane Høgre.

Kvart år blir mellom 75.000 og 150.000 menneske i Norge utsett for vald i nære relasjonar. Dei fleste er kvinner. Dette gjer vald i nære relasjonar til eit stort nasjonalt samfunns – og folkehelseproblem. Det er vanskeleg å snakke om vald frå nokon som står deg nær. Arbeidet for å bekjempe vald i frå familie og andre personar i miljø ein oppheld seg i er møysommeleg og skjer over generasjonar, og vi må gjere det vi kan for å påskynde dette arbeidet.

Høgre meiner at førebyggande tiltak mot vald og overgrep må prioriterast. Det tverrfaglege samarbeidet mellom barnevern, helsesøster, skule, barnehage og politi må styrkast. Kompetansen om, og innsatsen mot, vald i nære relasjonar og seksualisert vald mot kvinner og menn må styrkast i alle ledd. Det må satsast på krisesentra, overgrepsmottaka, barnehusa og SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep). Barn og vaksne som er utsett for vald eller overgrep skal møte eit hjelpeapparat som arbeider raskt, kompetent og er tilgjengeleg over heile landet.

Meir enn 2500 søker kvart år om tilflukt på Krisesentra på grunn av ulike årsaker av vald og trakassering. Flest kvinner, men også menn, frå alle sosiale lag i samfunnet søker hjelp.
Under Høgre sitt Fylkesårsmøte i 2014 inviterte Kvinneforum i Sogn og Fjordane Høgre Krisesenteret i fylket, som er etablert i Florø, som innleiar på sitt møte. Leiar for Krisesenteret informerte om organisering av krisesentertilbodet i Sogn og Fjordane der gjennomsnittleg butid for brukarane er 36 døgn. Mange brukarar får også oppfølging per telefon eller under dagopphald.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane arbeider konkret med å kartlegge valden og konsekvensar av denne. Ein arbeider mellom anna med vurdering av kva kvinna og eventuelle barn kan ha behov for internt og eksternt. Ein drøftar ulike mestringsstrategiar med kvinna og barna, set i gang og fylgjer opp og evaluerer tiltak i dei ulike fasane i problemløysinga. Det blir sett stort fokus på barn som er ute for vald og/eller barn av foreldre som er utsett for vald.

Krisesenteret i Florø har ei døgnopen telefonteneste (57 74 36 00) for dei som har akutt behov for å snakke med nokon eller har behov for å reise til Krisesenteret. Ordinær kontortid på yrkedagar er 08.00 – 15.30. Dei har fleirspråklege brosjyrar som ligg ute på heimesida deira: www.krisesenteret.sf.no. Dei har butilbod med bufellesskap der kvinner og menn bur kvar for seg. Opphald og mat er gratis for alle som bur der, reise til senteret blir refundert ved akuttbehov og dei har tilbod om gratis juridisk rådgjeving for brukarane sine.

Under Høgre sitt Landsmøte på Gardermoen nylig fekk Kvinneforum i Høgre vedteke sitt framlegg til resolusjon om vald i nære relasjonar med fylgjande krav:

• Overgrepsmottaka må organiserast slik at både barn og vaksne som er utsett for vald og overgrep får nødvendig hjelp og sikring av bevis i tide.

• Endringane i politidistriktsstrukturen må styrke kompetansen og innsatsen mot vald i nære relasjonar og seksualisert vald mot kvinner og menn.

• Helseføretaka må sørge for at kompetanse på rettsmedisinsk undersøkelse av barn er tilgjengelig i heile landet.

• Barn skal ikkje vente på dommaravhøyr, men prioriterast høgast.

Det nyttar å bry seg!

Rabalder for ingenting

Saka gjeld dusjing i Førdehuset. Enkelte elevar likar ikkje å dusje for open scene, og det er forståeleg. Dersom det finst ein stivbeint regel om at alle SKAL dusje etter gymtimane, slår vi babyen ut med badevatnet. Mange elevar vegrar seg då for å delta i kroppsøvingstimane.
Spørsmålet er om regelen er nødvendig.
Det er slett ikkje alle gymtimar som har som mål at elevane skal bli så sveitte. Sveitten renn ikkje etter turnøvingar, danseøvingar, teknisk trening eller volleyball for den sak skuld – nokre elevar frys nok meir enn dei sveittar av og til.
Ureinslege elevar finst nesten ikkje i dag. Problemet er heller motsett: dei dusjar for ofte – og for lenge. Det er lenge sidan vi opplevde elevar som lukta vondt.
Eg er einig med Herstad på Førdehuset. Garderobane er gode nok – og vi kan låse dei dersom vi vil, men det medfører at læraren blir låsevakt før – i – og etter gymtimen. Det er upraktisk og vanskeleg å gjennomføre.
I symjehallen, derimot, er det eit stort problem at brukarane ikkje dusjar før dei går i bassenget. Dei dusjar, men med buksa på! Kanskje, og berre kanskje, hadde det hjelpt med meir avlukke der.

Løysinga på eit oppkonstruert problem kan derfor vere enkel: Fjern regelen om obligatorisk dusjing etter gymtimen. Dei aller fleste dusjar likevel….

Britt Fjellanger (gymlærar)

Torsheim-statua i Askvoll

Det er sørgjeleg at vi i Askvoll skal måtte sjå på Stig Eikaas istaden for på Oddvar Torsheim.
Oddvar Torsheim kjenner vi som ein leiken, tvisynt, underfundig og original kunstnar som gjev oss nye vinklar og idear, leikelyst og humor i hjartet.
Eikaas sin skulptur gjev meg meir assosiasjonar i retning av ein austeuropeisk diktator-statue.
Viss ordførar Frida Melvær ville tenkje folkeleg, var det betre om ho tenkte i retning av folkegåve av den typen mange av oss var med på i Naustdal. Eit kunstverk basert på Oddvar Torsheim sin kunst. Men kanskje det også kan skje i Askvoll, det er slett ikkje for seint for ei aldri så lita ku-vending. Og dét vil vere godt for omdømet. Hugs Askvoll sitt motto: Rom for eventyr.

Oddvar Torsheim
gav meg eit bilete i draume.
Småsporven gjeng i tunet midt på biletet
med snøresko oversprøyta av Nordsjøolje og blod
frå dei inntørka augo til prelaten
opphengd i mesanmasta på Noahs ark

Exorsisten går framleis på bygdekinoen Solvang i bakgrunnen.
Og i strandkanten leikar Vangsgutane djevleutdriving
med Draugen, sju prestar og the Beatles:
Gryl ut mine vonde ånder!

Og der:
i øvre, høgre hjørnet
seglar Vårherre inn i gammaldags cinemascope på ei stereosky:
This is a test, this is a test!
It’s your Lord speaking
I’m back again, I’m back ag…

Resten kutta kinomaskinisten,
den fule velferdsfanden.

Rolf Losnegård

  • 15.06.2013 — Gaularfjellet
  • 30.06.2013
  • 27.06.2013 — Ved Hestad kapell
  • 30.06.2013
  • 30.06.2013
  • 18.06.2013 — Viksvatnet frp Rørstadstølen

Politikarar som vil rive ned - eller byggje opp?

Det å legge ned ein skule (på Vassenden), må ikkje og bør ikkje, vere det same som å ønskje å splitte opp og øydeleggje fylket sitt eige estetiske fagmiljø! *
Ordførarane i SIS gjekk med på å legge ned av delinga på Vassenden på vilkår av at dei 3 undervisningstiboda blei flytta samla. Kva gjer Hovudutvalet? Dei vil legge ned utan å ta hensyn til oppsette vilkår. No gjeld det at fylkestingspolitikarane kan sjå det ubrukelege i vedtaket frå Hovudutvalet.
I alle lesarinnlegg når det gjeld dette fagområdet, har ein vist til kvifor tilboda på Vassenden må flyttast samla til Førde. Førdeskulane har plass, og her har ein samarbeidspartnarane / instusjonane som fagfeltet treng. Ingen har argument som kan seie noko anna!
Målet må vere at den nye Skulebruksplan skal bli brukeleg også for dei visuelle faga i fylket!
*Lukke til med godt arbeid på Fylketinget !!

Deponi-ja på sviktande grunnlag

Senterpartiet og partileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete flaggar på fylkesårsmøtet at partiet går inn for å la Nordic Mining utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Det er enno ikkje kome ei avgjersle frå regjeringa, men mykje tyder på at avgjersla ikkje kjem før etter valet til hausten. Dette er eit tiltak som er svært omstridd. Striden står i hovudsak rundt alternativa for dumping av store mengder restmassar frå ei eventuell rutil-utvinning i Engebøfjellet.
Riktig nok vedgår Navarsete at ein må ta miljøomsyn og ikkje øydeleggje Førdefjorden som har status som nasjonal laksefjord. Men ho innrømmer likevel at ein må tole ”nokre” minussider knytt til å ha eit sjødeponi. Retorisk seier då ho at dersom vi ikkje hadde vore viljuge til å tole nokre minussider, så hadde vi ikkje hatt oljeverksemd eller fiskeoppdrett. Dersom ein ikkje aksepterer minussidene, så blir det ingen mineralnæring i Noreg. Underforstått, det er berre å køyre på for fleire arbeidsplassar. Konsekvensane er ikkje så nøye. Det har vore kjent at både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet er tilhengarar av sjødeponi, og seinast i førre veke målbar Bjørn Lødemel og Høgre sitt ja-standpunkt, og argumentasjonen er den same. Og kva er det då som gjer at dei er så skråsikre på at dei har kome til rett konklusjon? I realiteten så har dei ikkje teke inn over seg motsegna frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine bekymringar kva følgjer dette vil få, og heller ikkje fleire motsegner frå ulike personar og fiskenæringa som held til i Førdefjorden.
Det einaste grunnlaget ja-sida baserer seg på, er Norsk institutt for vannforsking (NIVA) som Nordic Mining har hyra som konsulent, og i deira uttale går dei riktig nok for deponi, men rapporten gjev ikkje like eintydige svar på kva konsekvensane blir. Som fagleg grunnlag er dette svært svakt sidan ikkje fleire instansar har gjeve si godkjenning. Det syner at ja-sida er nokså selektiv i kva dei vil leggje til grunn for sitt standpunkt. Ei anna side er at Navarsete hevdar at Senterpartiet har stått samla om dette standpunktet. Det er ei sanning med sterke modifikasjonar. Riktig nok har Naustdal Senterparti halde ja-fana høgt i denne saka og gjekk så langt i si grunngjeving i fråsegna på fylkesårsmøtet om å støtte gruvedrift og deponi med å kome med ei tvilsam samanlikning av Førdefjorden med Brulandsvellene som eit månelandskap, og at deponi soleis kan aksepterast. Men seriøst, er det rett å samanlikne brakklegging av Førdefjorden med Biltema o.l på Bruland i Førde? Rett nok er jordvernet i Førde eit lite verdifullt stykke arbeid, og sjølvsagt burde ein ikkje nytta matjord til parkeringsplassar, men å tru at dette kan samanliknast med ein næringskjede og eit økosystem i ein fjord?
Dette står i sterk kontrast til partilaget Førde Senterparti, som i 2010 støtta ei felles fråsegn vedteken i bystyret om at Førde kommune vil avise deponi, fordi faktagrunnlaget er for tynt. Dette heng ikkje i hop med realitetane.
Ei tredje moment i denne saka faktisk det store omfanget av gruvedrifta. Det skal kunne gravast ut seks millionar tonn masse som skal knusast og 95% eller meir skal dumpast i fjorden. Resten, altså høgst 300000 tonn rutil, for det meste titandioksid, skal vinnast ut og seljast på verdsmarknaden. Iallfall så lenge prisane er gode. Titandioksid inneheld ca 60% titan, og enkelte debattantar har lagt fram visjonar om titanproduksjon og industriarbeidsplassar. Då kunne kanskje førekomsten vare i eit par hundre år i staden for 50. Men målsettinga for gruveselskapet er å tømme fjellet for mineral på kortast mogleg tid og dumpe avfallet i fjorden blanda med kjemikaliar. Dette er noko som ikkje har vore prøvd ut. Det har vore føreslått å overvake utsleppa. Men sjølv det er ein risiko, og skulle konsekvensane bli for omfattande, vil gruveselskapet redusere eller stogge drifta etter at millionane er investert?
Dette her er direkte uansvarleg det desse politikarane går inn for. Vil storting og regjering gå inn for at Noreg står i spissen i lag med dei få landa i verda som tillet avfallsdumping i sjøen og stå fram som ein miljøversting? Dette held ikkje, dei har eit ansvar og dette handlar om truverd. Ta til vet og sei nei til sjødeponi!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Studentlaget i Natur og Ungdom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kronikk.

Kommunesamanslåing i Sogn og Fjordane

Oppslutninga rundt kommunesamanslåing vert stadig større. Mykje tyder på at ei endring av kommunestrukturen i Noreg er i emning. I staden for stadig å søkje å stogge denne prosessen burde kommunane i Sogn og Fjordane kome den i forkjøpet. Slik vil ein kunne sikre at den framtidige kommunestrukturen vil verte lokalt forankra, heller enn tredd nedover hovudet på oss av sentrale styresmakter.

Les meir…

Framtida til Høyanger-samfunnet.

Det har no gått nokre dagar sidan Norconsult la fram sin rapport om korleis dei meiner skulestrukturen i Sogn og Fjordane kan sjå ut i framtida. Rapporten var nok eit sjokk for fleire enn berre elevar og tilsette ved skulane, men og for dei som har bestilt denne rapporten. Min skule er føreslegen nedlagd i alle modellane til Norconsult. I seg sjølv er det ikkje noko overrasking at dei vil leggje ned skular, men nokre av dei skulane dei føreslår nedlagde, strir imot rapporten sine eigne tal om elevtalsutvikling. Vi veit alle, og har visst lenge, at det vil kome ein nedgang i elevtalet i fylket. Heile 10 av 13 skular vil få svekka elevtalet sitt. Tre skular derimot, får eit auka elevtal frå 2016 fram til 2024 om dagens struktur held fram. Desse tre skulane er føreslegne nedlagde i modellane til Norconsult. Høyanger Vidaregåande Skule er den skulen i fylket med størst elevauke dei kommande åra. Skulen vil auke elevtalet sitt med 41 elevar frå 2016, noko som ifølgje Norconsult vil halde seg stabilt fram til 2024. Likevel er Høyanger Vidaregåande Skule føreslegen nedlagd i alle modellane. Norconsult føreslår da å leggje ned Høyanger Vidaregåande Skule for så å flytte dei vel to hundre elevane våre til Sunnfjord og Nordfjord for at nedgangen ved skulane der vil verte mindre. Med buss vil det ta elevane minimum 1 time og 15 minutt kvar veg om dei skal pendle til Førde, og det seier seg sjølv at det er for mykje ifølge dei retningslinjene som er satt for kor mykje tid elevar skal måtte bruke på å pendle, som er 90 minutt pr. dag.
Ja! Høyanger Vidaregåande er ein liten skule. Men Høyanger er heller ikkje ei stor bygd. Om vi må sende dei vel to hundre ungdommane våre på hybel andre stader vil vi ta vekk ein betydeleg del av befolkninga i bygda. Høyanger er og i ein fase med planlegging av etablering av fleire nye bedrifter som vil auke talet arbeidsplassar i kommunen. Om vi misser skulen vil det slå beina under desse planane, da vi ikkje vil kunne stole på nok tilflytting til å fylle dei nye arbeidsplassane, men må slite med fråflytting i staden. Vi stolar på at politikarane tar fylket si rolle som regional utviklar på alvor, og at dei ser at om dei vel å legge ned skular med elevtalsauke vil gå imot sine eigne prinsipp for framtidig skulestruktur i fylket.

Eva Fredriksen, tillitsvald Utdanningsforbundet ved Høyanger Vidaregåande Skule

Stjernesmell i Naustedalen!

Regjeringa si svekking av posttenestene

Dei politiske partia Ap, SV og Sp har vore i ein fleirtalsregjering sidan 2005. Den skadelege utviklinga innan posttenestene har fortsatt under disse partia, med mange nedleggingar av postkontor.

Dei tilsette på postkontora hadde ein spesialkompetanse som ikkje har blitt teke vare på. Postkontor og daglegvarehandel er faktisk to ulike ting, og akkurat som butikkmedarbeidarar med fleire års erfaring med daglegvarehandel kan denne typen verksemd best, så var det dei som hadde arbeida på postkontor som hadde størst forståing for posttenester.

Å bytte ut postkontor med «Post i butikk» er snikprivatisering, og det står dessutan, slik eg ser det, i direkte motsetnad til denne formuleringa i regjeringa si eiga politiske plattform, ‘Soria Moria II’: «Vi vil føre ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk (…)».

«Post i butikk» er eit dårlegare tilbod enn eit postkontor, og nesten alle som bur i Sogn og Fjordane må no nytte eit «Post i butikk»-tilbod. Posttenestene i Sogn og Fjordane har altså vorte dårlegare i regjeringstida til Ap, SV og Sp. Dette meiner eg er ein skikkeleg dårleg politikk.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

  • 11.03.2012
  • 31.03.2012

Rådgivende eller "rådgivende" vindmølleavstemning i Solund

(I Firda papirutgaven for 01.02.2012 er trykket kortversjonen av dette innlegget. Under er argumentasjonen mer utfyllende).

1. Innledning

Var folkeavstemningen rådgivende eller «rådgivende», var den så jevn at folket reelt ikke har gitt noe svar og hvem er «folket» i Solund? Disse tre spørsmålene er sentrale når kommunestyret den 2. februar skal bestemme seg for om de i sin høringsuttalelse til NVE vil støtte de tre konsesjonssøknadene om vindmølleparker i kommunen eller ikke.

2. Rådgivende eller «rådgivende» folkeavstemning

Statsordningen i Norge er basert på indirekte eller såkalt representativt demokrati hvor folket velger representanter som så fatter beslutninger på vegne av folket. Intet folkevalgt organ i Norge uansett nivå har dermed adgang til å avholde formelt juridisk bindende folkeavstemninger. Et folkevalgt organ kan altså ikke fraskrive seg sitt rettslige og politiske ansvar for de beslutninger som tas ved å skrive ut folkeavstemning.

Fordi rådgivende folkeavstemninger er det eneste lovlige alternativ, har samtlige folkeavstemninger i Norge i moderne tid vært titulert som rådgivende.

Solund kommune opplevde å få sin kommuneplan i retur fra Fylkesmannen fordi han mente at 7 av kommunestyrets 15 medlemmer kunne være inhabile i forhold til spørsmålet om areal for vindkraft. Bruk av folkeavstemning er viktigst i saker hvor det er fare for at folkemeningen ikke gjenspeiles i deres valgte representanter, og i saker som er særlig viktige. Det er en sikkerhetsventil for å ivareta folkestyret. Eksempelvis var det i 1972 klart flertall i Stortinget for EF, men man valgte likevel å foreta folkeavstemning som gav et klart nei flertall.

Vindkraftparkene er et stort og delvis irreversibelt naturinngrep. Nåværende kommunestyre har utvist stor klokskap da de valgte å gjennomføre en såkalt rådgivende folkeavstemning om vindkraft.
I perioden 1970 til 2009 er avholdt 679 lokale folkeavstemninger i Norge. Jeg kjenner ikke til noen eksempler fra denne perioden på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå hvor det organ som har valgt å be om folkets standpunkt i en rådgivende folkeavstemning, ikke har respektert resultatet. Det kan nok ha forekommet spesielt på lokalt nivå, men det er antagelig ytterst uvanlig.

Det er på nasjonalt politisk toppnivå bred politisk enighet om at utfallet av en folkeavstemning skal respekteres, selv om den konstitusjonelt sett ikke er bindende. Riktignok har Senterpartiet ved Enoksen til Rana blad av 23.02.2004 uttalt at han ikke vil akseptere et EU ja på 50,1 %. Poenget er antagelig at man mener at EU innebærer så store endringer i det bestående at man ikke bør gå inn på det uten et tydeligere signal fra folket. Enoksen begrunner sitt standpunkt med at avgjørelsen er av en karakter som etter grunnloven vil kreve 2/3 flertall. Meg bekjent er det imidlertid ingen på nasjonalt politisk toppnivå som har uttalt at de ikke vil respektere et nei – flertall til en betydelig samfunnsendring. I Solund er det et nei flertall til en betydelig samfunnsendring som er tema.

Det er derfor forståelig at miljøvernminister Erik Solheim på NRK radio advarte kommunen mot å trosse en folkeavstemning. Begrepet «rådgivende» folkeavstemning er en ren formalitet knyttet til juridiske finesser ved vår konstitusjon, og ingen realitet. I realiteten er folkeavstemninger bindende. Når noen velger å fri oppfattes det som et seriøst tilbud om ekteskap. Når et kommunestyre som er i sin fulle rett til å avgjøre spørsmålet på egenhånd likevel inviterer folket til folkeavstemning, er det underforstått at folkets røst skal tas på alvor.

Dersom Solund kommunestyre etter å ha spurt om folkets mening velger å ignorere svaret i en så viktig og delvis irreversibel sak som etablering av vindmølleparker og støtter konsesjonssøknadene overfor NVE, skapes sensasjonell politisk historie. Sett fra utsiden vil det fremstå som en svært påfallende tilfeldighet at det skapes ny politisk skandalehistorie i en sak nettopp hvor fylkesmannen tidligere har stilt spørsmål om de folkevalgtes habilitet.

I sitt prinsipprogram for 2009-13 fastslår fremskrittspartiet: «Fremskrittspartiet ser svakheter ved vårt demokrati. Det bør derfor innføres et system der velgerne, gjennom folkeavstemninger, får direkte avgjørende beslutningsrett. Våre representanter skal alltid følge resultatet av en folkeavstemning».

Jeg forutsetter derfor at fremskrittspartiets representanter i kommunestyret uansett stemmer i tråd med resultatet i folkeavstemningen. Hvis kommunestyret velger å gi en høringsuttalelse til NVE som er i strid med resultatet i folkeavstemningen, er det et større problem for demokratiet og dermed en større politisk skandale, enn om en stortingsrepresentant eksempelvis velger å gå på nattklubb eller ikke når han er på utenlandsreise.

3. Var resultatet så jevnt at folkets røst ikke bør telle?

Stemmetallet var henholdsvis 51,6 % imot og 45,9 % for. Differansen er 5,7 %. Det er et klart resultat. I EU avstemningen i 1994 var henholdsvis 52,2 % imot og 47,8 % for. Differansen var 4,4 % som ble ansett som et knapt men likevel klart nei flertall.

Så vidt meg bekjent har kommunestyret ikke på forhånd bekjentgjort hvor stor prosentvis overvekt de krever for at folkets røst ikke skal bli annullert som «dødt løp». Det virker lite tillitvekkende om politikerne etter at valgresultatet foreligger skal fastsette grenser for sensur av folkets røst. Da vil oppstå mistanke om at politikerne setter en grense som medfører at folkets røst annulleres hvis det resultat i folkeavstemningen som kommunestyret på forhånd håpet på, ikke oppnås.

Hvis man først skulle sette krav til størrelsen på stemmeovervekten, ville det vært mer naturlig å snu på flisen. Vindmølleparker vil bety så store delvis irreversible naturinngrep i en kommune som ellers profileres sterkt på turisme og friluftsliv, at man burde kreve et særlig klart flertall for vindmøller for å være sikre på at folket ønsket en så stor endring.

4. Hvem er folket i Solund og hva mener de om vindmøller?

I Solund kommune er det ifølge renovasjonsselskapet NGIR ca. 565 private kunder. Drøyt halvparten (311) er vanlige fastboende husholdninger mens en knapp halvpart (254) er fritidsboliger. Hvis en anslår at 10% av fritidsboligene eies av personer som er bosatt i Solund og dermed hadde stemmerett i vindmøllevalget, er det ca. 229 grunneiere i Solund som ikke var meningsberettiget i folkeavstemningen.

Grunnen til at disse har valgt å skaffe seg fritidseiendom i Solund er typisk at de verdsetter kommunens spesielt gode rekreasjonskvaliteter og jomfruelige skjærgård. For disse vil vindmøller ikke være noen fordel. Ut fra formålet disse har med å være i Solund, er det høyst sannsynlig at de aller fleste av de i denne gruppen som hadde funnet det bryet verdt å stemme, ville stemme imot.

Den som tviler på det kan gå gjennom listen: «Nei til vindmøller i Solund» og vil da se at mange av de knapt 500 navnene på listen er personer som eier eller har tilknytning til fritidsboliger i Solund.
Man kan mene at personer som bor i kommunen på helårsbasis bør være mer meningsberettiget enn personer som bare er grunneiere og i Solund i sin fritid, fordi helårsboende er mer opptatt av kommunens totale tjenestetilbud og dermed lettere kan vurdere nytten av vindmølleselskapenes økonomiske løfter. Men er det rimelig at ca. 229 grunneiere er totalt uten innflytelse i et spørsmål som kan være avgjørende for om det blir vindmølleparker eller ikke og som kan gå direkte på rekreasjonskvaliteten og dermed poenget med å være grunneier i Solund?

Etter Plan- og bygningsloven har grunneiere nøyaktig samme rettigheter og dermed rettssikkerhet uavhengig av om de er bosatt i den kommune eiendommen ligger i eller ikke. Tradisjonelt sett er Høyre og framskrittspartiet kjent for å verne om grunneieres interesser. Selv om det muligens ikke er juridiske hindringer i veien for å også gi grunneiere som ikke bor i kommunen stemmerett, kan det være flere gode grunner som tilsier at man velger at bare kommunens egne innbyggere gis stemmerett i en slik folkeavstemningen. Men om kommunestyret i sin vurdering velger å se helt bort fra denne gruppen fremstår det som diskriminering. Vil kommunen være bekjent av en slik diskriminering? Kommunens troverdighet i forhold til ønsket om å øke områdets aktualitet for rekreasjon og turisme vil blant annet avhenge av hvordan man behandler de som allerede har valgt å satse store summer på å tilbringe fritid i Solund. En slik diskriminering fremstår heller ikke som særlig inkluderende.

Den stemmeberettigede delen av folket i Solund har gitt et klart nei til vindmøller. Når man hever blikket noe og også tar hensyn til den del av folket i Solund som er grunneiere men ikke stemmeberettigede, fremstår det som høyst sannsynlig at folket i Solund med et stort flertall ikke ønsker vindmøller.

5. Konklusjon

Folket i Solund har gitt et klart svar om at de ikke ønsker vindmøller. Folkeavstemningen er i tråd med vår statsforfatning juridisk sett formelt ikke bindende for kommunestyret. Like sikkert er at det er bred politisk enighet om at slike avstemninger er reelt bindende, fordi det vil være politisk skandale om man ber om folkets syn og deretter ignorerer det. Spesielt ille er det om det skapes inntrykk av at folkeavstemningen var et strategisk trekk for å oppnå sterkere legitimitet for beslutningen, og man velger å ignorere den om den gir et annet resultat enn det man ønsket da folkeavstemning ble besluttet.

Å arrangere folkeavstemning er risikabelt. Det kan ikke reverseres. Idet folkeavstemning er besluttet er «katten sluppet ut av sekken». Det er ikke sikkert at den vil inn igjen. Kommunestyret bør forholde seg til det klare resultatet som foreligger i stedet for å late som om kommunestyret fremdeles kan avgjøre spørsmålet etter eget forgodtbefinnende.

Dersom kommunen velger å gi positiv anbefaling til NVE for de tre konsesjonssøknadene selv om folket er klart imot, vil sakens underliggende fakta uansett være kjent for NVE. NVE vil måtte vurdere saken på selvstendig grunnlag, og vil trolig måtte konkludere med at kommunens anbefaling er udemokratisk og dermed ikke kan ansees som en ordinær positiv anbefaling fra en kommune.

Etter mitt syn har kommunen alt å tape på en eventuell positiv anbefaling. De risikerer å tape folkets tillit og anseelse i Solund og å oppnå herostratisk berømmelse ved å bli et av ytterst få eksempler fra nyere tid på at resultatet i en folkeavstemning har blitt ignorert. I kjølvannet av dette risikerer man at fokuset på sakens habilitetsaspekter fortsetter og at saken anvendes som argument for at kommuner bør være av en viss størrelse for å kunne forvalte på hensiktsmessig måte.

Jeg tror kommunestyret velger å ikke anbefale de tre søknadene overfor NVE og at kommunestyret dermed foretar en like klok avgjørelse som da de besluttet å iverksette folkeavstemning i saken.

Martin Søfteland
jurist

Kven hentar ved i Førde Sentrum?

Det har over fleire år blitt beskåre og felt tre ulike plassar i Førde sentrum.
Denne “kulturen” ser ut til å vekse i omfang, difor er det på tide at nokon seier STOPP!!
Siste aktivitet på denne fronten er no beskjæring, eller hogst av tre, langs elva på Øyrane. Det var visst Førde Lions club som i si tid planta denne alèen av Bøk. Disse bøke-plantene vart følgt nøye opp og stelt under etablering. Kvifor ein no plutseleg tek til å bekjære denne kraftig tilbake og øydelegg den naturlege formen er for meg ei stor gåte. Denne aleèn tok verken sikt, eller var til fare for nokon. Tverimot, den var kome fint opp og gav både lè og skygge ein god sommardag. Bøka var eit godt val i plassering mot elva.

Ynskjer ein lågare busker/tre for jamnleg forming, så hadde ein valgt lågare tre! Det finst utruleg mykje busker og prydtre som held seg godt på 5-meteren, men ein må då regne meir plass i høve til breiddevekst/busking.

Grunnprinsipp for beskjæring er:
vekk med døde og skadde greiner(sjukdom, ròte, sopp), greiner med dårleg vinkel, og sørg for minst mogleg snittflate!! Dette for å for å skåne treet mest mogleg for det “stresset” treet vert utsett for ved beskjæring. Det einaste som er rett her er tidspunktet for beskjæring,(kviletida til treet).

Eg ser med uro fram til utviklinga i sentrum. Ser for meg hard beskjæring og felling av de etablerte trea ved utstillingsplassen og på Tangen i Førde.
Vil no be om at både oppdragsgivar og ansvarleg entrepenør vil kommentere denne “bestillinga, eller oppdraget”.
Har jobben/jobbane med beskjæring i Førde sentrum vore sett ut på anbud? Er det sett krav til kvalifikasjonar hos entrepenør?
Kvifor tar ikkje kommunen sjølv disse oppdraga? Trur kommunen hadde klart dette billigare sjølv!!
Førde må vakne, vi treng å behalda magnfaldet av gamle tre, park og grønt miljø. Andre byar vernar og pleier sine grøne område. La oss gjere det same, alt handlar tross alt ikkje om signalbygg!

Solveig Andersen, Førde
(agronom og gartnar med fagleg praksis)

bilde frå alè av bøk på Øyrane bilde ved Førdehuset, beskjæring 2008 bilde frå urørt område ved utstillingsplassen

Vevring skule og det sosiale miljøet

Rådmannen uttalte ml.a. i Firda 15.6.2010 at elevane i Dalen og Vevring vil få eit større og betre sosialt miljø om dei blir flytta til sentrum. Vi lurer på kva grunnlag rådmannen har for å kunne uttale seg om dette.

På foreldrerådsmøte i Vevring diskuterte vi dette og vi bestemte oss for at vi vil seie litt om kva sosialt liv borna vil få om dei skal pendle til NBU frå 4. trinn.

• Det er sosialt for barn å gå saman til skulen. Det er ikkje sosialt å sitje på ein buss i vel 2 timar kvar dag. Barna vil få mindre tid til å vere saman i lokalmiljøet og mister delar av den fritida dei har i dag.

• Elevane frå krinsane må stå på ekstra mykje for å skaffe seg venner og byggje opp relasjonar til elevane i klassen i skuletida. Ekstra fokus på det å hengje med sosialt i den korte tida dei har til disposisjon, vil heilt klart gå ut over læring og konsentrasjon.

• Det er svært viktig for barn å ha kort avstand til det sosiale fellesskapet dei skal etablere seg i. Det går føre seg mykje nettverksbygging i fritida, når klassekameratar går på besøk til kvarandre, feirar bursdagar og deltek i ulike fritidsaktivitetar. Foreldre i Vevring må kjøre mykje til Naustdal, vente der og kjøre borna heim igjen om borna skal få treffe vennene sine utanom skuletida.

• Foreldre i Naustdal må og vere viljuge til å kjøre sine barn ut i krinsane. Vi veit at mange foreldre i sentrum gruar seg for å kjøre på den dårlege vegen til Vevring, det er tidkrevjande og besøk må planleggast i god tid.

• Det er mange gode fritidstilbod i Vevring som linedance, taekwondo, barnekor og barnegrupper i organisasjonar. Desse aktivitetane vil truleg bli lagt ned om borna i Vevring skal delta på fritidsaktivitetar i sentrum for å hengje med sosialt.

Om elevane blir flytta til NBU vil dei miste mykje av det sosiale miljøet i lokalmiljøet, samtidig som dei heile tida vil vere på sidelinja sosialt i sentrum.

Det er heller ingen dokumentasjon på at elevane vil få eit betre fagleg tilbod ved flytting til ein stor sentrumsskule.

Vevring 15.06.10

Foreldrerådet Vevring skule v/ Grete Bjørndal

E39 gjennom Lavik

Bergens Tidende har tysdag 8. september eit stykke om opprustinga av E39 i Lavik.
Svært mange av innbyggjarane i bygda er, som kjent, misnøgde med ”grisrumpe”-alternativet som vart vedteke i 2005.
Høyanger kommune gjekk samrøystes inn for strandlinja i 2002.
Det er rett som Longva seier til Bergens Tidende at ”då strandlinja vart valt var det med ei rundkøyring aust om sentrum. Statens vegvesen kunne ikkje akseptere rundkøyringa.”
Signe Eikenes, leiar for strategistaben i etaten – Statens vegvesen – forklarar avvisinga av rundkøyringa slik: ”Vi prøver å unngå rundkøyringar på stamvegnettet. Det er fordi vi prøver å prioritere trafikken på stamvegar. I ei rundkøyring må trafikken på stamvegen bremse ned. Det vil seinke trafikken og gje dårlegare flyt både til og frå ferja.”
Det som undrar oss sterkt er at ei nedbremsing her er noko stort problem. Trafikken er her kommen nær ferjekaien. Det er berre nokre få hundre meter att. Det er faktisk på tide å tenkje på å redusere farten inn mot kaiområdet. Dette vil vere eit område med mykje køkøyring til og frå ferja. Vi er elles innafor noverande 50-sone uansett. Og ei rundkøyring her ville vere ein effektiv måte å få ned farten inn mot ferjekaiområdet. Til samanlikning viser vi til at det har vore naudsynt å lage fartshump på europavegen på strekka bortover mot banken, då det har vore vanskeleg å få bilistane til å respektere 50-sone skiltet.
Når ein kjem motsett veg, altså frå ferja, vil ei rundkøyring gje betre trafikkflyt enn eit kryss med avkøyringsfelt. Særleg dersom det skulle komme fleire bilar som skulle av mot venstre. Då kan det bli kork i eit kryss medan trafikken ville flyte fint i ei rundkøyring.
Odd Erik Haugen, som skal ha ansvaret for å prosjektere den nye vegen, opplyser til BT at dei no skal kvalitetssikre det arbeidet som er gjort. Deretter startar detaljplanlegginga.
Dette inneber i klartekst at detaljplanlegginga ikkje ein gong er starta. Det skulle difor ikkje vere for seint å snu i denne saka, der det berre blir meir og meir tydeleg etter som tida går og trafikken aukar, at å satse på dagens vegtrasé er å gå med ryggen (for ikkje å seie griserumpa) føre inn i framtida.
Når me ser på kor mange oppstillingsplassar, og kor fin trafikkavvikling ein kan få med strandlinje-alternativet, samanlikna med trafikkproblema i sentrum med kø gjennom bygda og griserumpa, i tillegg til kronglete tilkomst til oppstillingsfilene på kaien, dersom ein vel utbetringsalternativet, så verkar det uforståeleg for bygdefolket at det heile skal strande på problemstillinga om kryss eller rundkøyring.
Me vil difor be om at vegkontoret revurderar si haldning til rundkøyring i Lavik.
Viss dei ikkje gjer det, må me be om at Høyanger kommune heller går inn for strandlinja med breitt og romsleg kryss med avkøyringsfelt. Dette er trass alt mykje betre enn å fortsette med dagens trasé.

Ivar T. Kvammen
Leif Skaar

Ser i Firda i dag, 7. aug. Søppelrot kan gi deg ekstra regning i Førde.

Sunnfjord Miljøverk gir opp kampen om ulovlig søppel tømming, ved dunkene på utstillingsplassen i Førde, og fjerner paviljongen som avfallsdonkene er på.

Grunnen er at det blir plassert søppel som ikke skal være der, elektriske artikler som skal leveres til butikken når en kjøper nytt etc.

Det er trist at folk skal ødlegge for andre, som kun leverer glass og metall, avfall.

Etter som jeg forstår skal dunkene for glass og metall fjernes midlertidlig. Resultatet kan bli at det blir video overvåket, på et ant sted.

Folk har ikke lov å hive glass og metall i restavfallet, det blir resultatet dersom de ikke har noe alternativ.

I tilegg savner jeg innsamling av batterier, spare pærer, og små elektriske artikler, som lomme lykter etc. Kan ikke butikker få ansvaret for det?

Kraftig distriksløft i Nasjonal Transportplan

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane er opptekne av at standardnivået på alle vegar vert oppgradert, og at mange nye utbetringsprosjekt kan setjast i gong…

Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 har fått omtale som ” Tidenes samferdsleløft – i heile landet..”
For distrikta i Sogn og Fjordane avspeglar planen eit krafttak som vi ser på med takksemd.
I klare målsetjingar er både tettbygde strøk og små lokalsamfunn i meir spreidde omgivnader medrekna, store og små vegprosjekt , – alle omtala som like viktige…!

Desse signala hadde vi bruk for no, signal med vilje til å løfte fram distrikta.
Den spreidde busetnaden i fylket treng langsiktige mål for å få oppgradert vegnettet til alle utkantar. Gjennom den nye NTP er det m.a. planlagt eit kraftig standardløft av riks- og fylkesvegane med orden på etterslepet av desse over ein tiårsperiode. Når den nye regionreforma trer i kraft frå 01.01.2010, og ”øvrige riksvegar” vert fylkesvegar, er det større trong for økonomiske garantiar for desse vegane enn nokonsinne. Avsette midlar vil komme for ein dag i kommuneøkonomiproposisjonen i mai, og då reknar vi med at både eksisterande og nye fylkesvegar er tiltenkte nok midlar til å kunne gje eit ekstra løft for utbetring, sikring og vedlikehald. Forfallet på desse vegane har vore aukande, – og står mindre og mindre i stil til krava for bilstandard og trafikkmengda i dag.

Vi treng opptrapping i lokale næringar og nyetablering, – som på sikt vil gje ei oppblomstring i folketal. Bygdekultur og tradisjonar har gjennom generasjonar staka fram viktige og grunnleggande verdiar, og desse bør få høve til rotfeste også i framtida. Når avgjerder kring etablering skal takast, vil framtidig sikra vegsatsingar ha stor innverknad på val av bustad.
Der ein dagleg må ferdast, – til barnehage, skule, næringsliv osv, vil og skal ein kunne kjenne seg trygg!!

Senterkvinnene oppmodar veljarane frå Sogn og Fjordane om å sjå verdien av Samferdsleministeren sitt arbeid for fylket, og gje henne sjanse til å sikre fullføring av dei årlege løyvingane ho har lagt til grunn i NTP 2010 – 2019.
Då må vi samle oss om å sikre nok stemmer til ein ny periode for SP.

Turid Synnøve Håheim Hestad
styremedlem Senterkvinnene Sogn og Fjordane

Fjord 1 skal drive Bybanen i Bergen, sammen med et fransk selskap.

I går 2. april ble det kjent at Fjord 1 skal drive Bybanen i Bergen, sammen med et Fransk selskap. Slo Tide på målstreken.

NRK Sogn og Fj. har ikke nevnt det med et ord.