Viser arkivet for stikkord ingrid

Framtidsretta posttenester

Posten foreslår ei rekke endringar i høve til dagens tilbod.Post-i-butikk har vist seg å vera ein stor suksess. Kundane er svært nøgde med betra tilgang og lengre opningstider. Dette er eit tilbod som er komme for å bli, og vi vil derfor støtte ei omlegging til fleire post-i-butikk slik som Posten foreslår. For Arbeiderpartiet er det også svært viktig at dei tilsette som vert overtallige når postkontora vert nedlagt, vert tekne vare på, på best mulig måte. Vi forventar at Posten fylgjer nøye opp kvar enkelt av dei tilsette, slik at dei etter omleggingen kjem over i ein ny jobb, enten hjå Posten eller hjå andre arbeidsgivarar. Her er det også viktig at fagforeningane er sterkt involverte.Posten har vist både evne og vilje til dette ved tidlegare omstillingar, så det er eg trygg på vert ivareteke også denne gongen.For dei mange som har nytta banktenestene via landpostbod så skal ein fortsatt kunne ta ut pengar og betale rekningar via landpostbudet som idag ,det tilbodet vil Arbeidarpartiet skal opprettholdast. Posten ønsker lengre leveringstid og fem dagers veke.Men Arbeidarpartiet krev at det fortsatt skal leverast post seks dager i veka, og vi kan ikkje godta lengre leveringstid enn idag. Arbeidarpartiet vil ha eit godt ,likeverdig og framtidsretta tilbod over heile landet, seks dagar i veka og med same leveringstid som idag.

Høgre`s Janusansikt

Arbeid for alle er og blir jobb nr ein for Arbeidarpartiet . Omstillingsmidlar og verktøy i verktøykassa står sentralt for oss for å opprettholde og skape nye arbeidsplassar.
Arbeidarpartiet stilte bla krav om omstillingsmidlar på 100 millionar til Høyanger og Årdal samfunna då vi inngjekk budsjettforlik med Høgre,Krf og V i 04 . I mange valkampar har Høgre prøvd å teke æra for at desse midlande kom på plass. Det var desse midlane som vart brukt til å etablere bla Dooria fabrikken. Det har vore ein arbeidsplass for om lag 30 personar i fleire år. Arbeidsplassar som Høgre no meinar ikkje skulle vore der.
I nrk Sogn og Fjordane gjekk Lødemel , Høgre, hardt ut mot det han kalla vekkasta midlar , og feilslått politikk frå Arbeidarpartiet , vedrørande omstillingsmidlane som var brukt til Dooria fabrikken i Årdal.
Dette er same person som i valkampen i 2009 prøvde å ta æra for omstillingsmidlane som kom til Årdal og Høyanger. Når ein så ikkje lykkast med alt som ein har satsa på, ja så er det gale og feilslått næringspolitikk frå AP si side. Vi veit hermed kva politikk vi vil få viss Høgre får makta att, slutt på statleg risikokapital og omstillingsmidlar, tom verktøykasse igjen. Per Kristian Foss sin negative uttale om aluminiumsindustrien i Norge som ikkje hadde ei framtid, det var Høgre sitt sanne ansikt. Høgre var heller ikkje med på at Stortinget via eigarskapsmeldinga, skulle stille krav til Hydro om investeringsplanar i Norge.
Eg har jobba mykje med grundere i dei siste åra, og korleis greie å skape nye arbeidsplassar. Gjennomgangstonen er eit stort behov for risikovillig kapital, og kor viktig innovasjon Norge, Siva og andre offentlege ordninger er for å få bedrifter opp å gå. Så lykkast ein sjølvsagt ikkje alltid. Høgre si hovering over at ei bedrift som staten har komme med omstillings midlar til , har lagt ned, er å vise sitt sanne ansikt. Dei ønsker ikkje verktøy i verktøykassen for å lage nye arbeidsplassar, men skal tilbake til næringsnøytralitet vedr tilskot til bedrifter, dvs pølseboda og ein ny solcellefabrikk skal behandlast likt. Arbeidarpartiet har ein aktiv næringspolitikk og har fylt opp med verkemiddel. Fasiten er klar med Høgre i regjering vart det skapt 20.000 arbeidsplassar, Arbeidarpartiet har frå 2005 skapt 250.000 arbeidsplassar. Dette er klasseskildnad.
Kjære velgar, det vert sagt at ein får dei politikarane ein fortjener. Du fortjenar betre enn å få Høgre bak roret. Høgre sin retorikk er lagt om, men så kjem sanninga fram som i eksempla ovanfor her. Politikken er ikkje lagt om. Omstillingsmidlar og risikokapital er dei imot, fordi ein ikkje alltid lykkast. Meinar du som eg at arbeid for alle er jobb nr ein, for å skape eit trygt og godt liv og ivareta den norske velferdsmodellen, ja, så vil Arbeidarpartiet vera det trygge valet. Vår retorikk og reell politikk går hand i hand både i opposisjon og i posisjon.
Ingrid Heggø
Stortingsrepresentant AP

Eit godt helsetilbod og gode spesialisthelsetenester

Det er etter mitt syn langt frå repesentativt og opplysande det som har vore gjengjeve i avisa Firda av dei fire møta , der stortingsbenken og helsetenester har vore tema .
For det første har det aldri komme fram at det var stortingsbenken som inviterte to av aksjonsgruppsgruppene bla aksjonsgruppa for sentralsjukehuset , då vi ville møte alle tre, og ikkje berre få ei av aksjonsgruppe sitt syn.
For det andre har samtlige involverte uttrykt å ha respekt og forståing for kvarandre sine rollar på samtlige av møta.
For det tredje: Fleirtalet tek ombodsrolla alvorlig, og vil innhente informasjon og forvisse oss om at alle konsekvensane ved dei foreslegne omleggingane vert synleggjort og vurdert, herunder nedbygginga/omlegging av spesialisthelsetenestene og akuttfunksjonane. Dette og sett opp imot bestillinga frå ministeren. ( I ettertid har ein registrert at ein av stortingsrepresentantene ikkje vil vera med på det bebuda møte, så møtet vert m/fire av fem)
På sakskartet til møtet i Førde i går stod det ”den økonomiske situasjonen i Helse vest/Helse Førde”, då var det naturlig å tru at det var representantar frå begge foretaka tilstades. Når det ikkje var slik, ja då vert den formelle gangen å be om møte via Helse Vest. Og som eg sa til Firda i går, vi vil også melde møtet til Helse Førde . Dvs informere Helse Førde, (i kva form er det ikkje konkludert med) Det er såleis heilt ukorekt av Firda å skapa eit inntrykk av at fleirtalet på stortingsbenken ikkje vil følgje opp ombodsrolla si, men har ombestemt seg.
For ytterlegare å forsterke eit negativt bilete står det vidare i Firda i dag, at Stortingsbenken framstod ”svært forsiktig og lyttande ”. Og at spørsmåla kun var korte og om detaljer.Utan at eit einaste av spørsmåla vert referert. Det var ein sekvens der samtlige av benkemedlemmande (stortingsrepr)stilte fleire spørsmål,og vi vart også stoppa pga tidsskjemaet. Spørsmåla som vart stilt var m.a om konsekvensane for Helse Førde ved val av intern fordelingsmodell , manglande invisteringsmidlar i Helse Førde og konsekvensane av dette, vikarbruk og Helse Vest sitt ansvar vedr å få spesialistar til Helse Førde(eksempel geriatriker), kommunikasjon/informasjon mellom Helse Førde,dei tilsette,innbyggarane. Det vart og vist til tidlegare melding der geografiske og klimatiske forhold vart tungt vektlagt og spurt om desse forholda var vektlagt i sterkt nok grad no. Dette for å nemne nokre av spørsmåla, så får lesarane sjølve dømme om dette kun er uvesentlige detaljer.
Sogn og Fjordane stod samla for å få skeivdelinga til Helse Vest oppretta og fekk omlag 500 mill meir i Helse Vest potten. Står vi samla og framover kan vi igjen få gjennomslag og dermed gode resultat for innbyggarane og helsetilbodet i Sogn og Fjordane.
Avslutningsvis vil eg vil vise til eit svært viktig poeng frå møta med aksjonsgruppene som ikkje har komme fram i det heile ,det at både sp og eg sa klårt ifrå at vi ville utnytte til fulle det handlingsrommet som er i Soria Moria vedr å sjå på finansieringsmodellen på nytt. Det vart her vist til rønslene frå Scotland.

Ingrid Heggø
Stortingsrepresentant AP

AP krev at industrien følgjer opp

Sjølv om det er gått lang tid er allikevel det viktigaste at industrikraftregiment no er på plass, sa Are Tomasgard i Svelgen i går.Heggø og Tomasgard vitja Svelgen og dei tillitsvalde for å orientera om industrikraftregimet.
No er det viktig at industrien følgjer opp, og gjennomfører investeringar i moderniniseringstiltak og miljøvenleg teknologi. Noreg har har i dag Europas beste rammevilkår for å drive kraftintensiv industri. Tomasgard understrekar at regjeringa har lagt fram løysingar i tråd med dei krava både NHO sin bransjeorganisasjon, norsk industri og LO forbunda framsette. I tillegg har Statskraft gjeve klåre signal om at garantiordninga på 20 milliarder som regjeringa kom med vil positivt påverke både kraftvolum, kraftavtalane si varigheit, og kraftpris for industrien. Konsortioumsmodellen som er ein av moglegheitane industrikraftregimet gir, byggjer på dei same prinsipp som den franske industrikraftmodellen. I Frankrike har omlag 40 store industriverksemder knytta seg til ei slik kosortiumsløysing. Det er difor underleg å høyre uttaler frå Elkem og Hydro om at garantiordningane og konsortiumsløysingane ikkje vil få betydning for desse selskapa. I staden for å stadig framsetje nye krav må no desse og andre norske selskap gå i dialog med blantt anna Statskraft for å framforhandle nye langsiktige kontraktar som kan sikre norske industriarbeidsplassar og ei rekke industristader.
Både Hydro og Elkem er tildelt kraftressursar fordi samfunnet ynskjer industriell aktivitet og sysselsetjing. Arbeidarpartiet forventar at ressursane vert brukt som forutsatt. Kraftregimet består av fleire tiltak. I tillegg til garantiordninga er det viktig og merke seg at store økonomiske ressursar er avsett til energi og gjenvinningstiltak i industrien. Are Tomasgard meinte det ikkje er usannsynleg at industrien vil motta milliarder av støtte til slike tiltak i åra framover. Dei har fått 650 millionar hittil.
Dette vil vera eit viktig konkurransefortrinn samtidig som det bidreg til meir miljøvenleg energi.

Ingrid Heggø
Stortingsrepresentant Arbeidarpartiet

Are Thomasgard er den personen som har jobba lengst og mest med å få på plass industrikraftregimet.Han er tilsett i LO, og var med i det siste utvalet som AP og Lo nedsette i 2007 for å få fortgang og resultat for å laga eit regime.Han har og vore med å demostrert mot regjeringa og energistatsråden.

Gratulerar Fjord Norge

Reiseliv er eit satsingsområde for den raud/grøne regjeringa.I desember 2007 la vi fram ein nasjonal strategi for reiselivsnæringa . I år bevilga næringsdep 235 mill til reiseliv via Inovasjon Norge.Det fins fleire sterke reiselivsklynger i Norge, og eg er stolt over at Fjord Norge er valt som norsk ekspertsenter.NCE Fjordturisme er eit veldig spanande prosjekt. Med status som ekspertsenter vil dette næringsmiljøet verta tilført resursar som kan bidra til ytterligare næringsutvikling. Dette er viktig både for regional og nasjonal verdiskapning.
Fjordregionen har lange samarbeidstradisjonar og eit godt rykte nasjonalt og internasjonalt. Målet til denne klynga er å styrke reiselivsnæringa strukturelt,miljømessig og økonomisk gjennom ein koordinert produkt- og markedsstrategi,med attraktive målgrupper i fokus.Eg ønsker NCE fjordturisme lykke til som NCEog ser fram til å følge med på den vidare utviklinga av både denne og dei andre ekspertsentra.

Bønder og framtidstru

Viser til innlegg i Firda 2 juni frå Elin Haugen

Først av alt må vi få seie at det er ei utrulig ringakt for bøndene i Naustdal som kjem til uttrykk når den tillitsvalde i Bondelaget seier at eigne medlemmar må trekke opp nisselua/fjøslua , inneforstått ikkje skjønar kva dei snakkar om. I motsetning til Haugen så lyttar vi i AP til kva bøndene seier, og vi trur at dei som har skoen på veit best kvar den trykker.
Innlegget ber og preg av det motsette til dialog, noko som ein organisasjon bør ha med alle politiske parti. Vi vill legge til her at AP har hatt eit godt samarbeid med Bondeorganisasjonane .

Bønder frå Naustdal har tydeleg gitt tilkjenne at situasjonen for dei no er slik at dei vurderer å legge ned drifta. Dei vil heller ikkje tilrå etterkommarane å satse på bondeyrket.
Dette skjer sjølv om det i etterkant av jordbruksoppgjer kjem positive signal om utviklinga framover.
Realiteten er at vi må løfte blikket og ta tak i dei utfordringane landbruket har. Viss ikkje vil det fortsatt verte nedlegging av bruk i stor skala. Wto/internasjonale avtaler viser og at vi står framfor store utfordringar.

Målet til Ap med ei ny landbruksmelding er å setja fokus på bøndene sine kår, ha seminar, høyringar, tenkeloft, belyse forskjellige problemstillingar og landbrukets multifunksjonalitet. Lønsemda i landbruket må være slik at ungdommen også vel dette yrket. Ei opptrapping av inntekta må på plass.

Viss det vert nytt fleirtal etter valet, så vil det ikkje komme noko landbruksmelding.
Borgarlege parti vil avpolitisere landbruket.

Når det gjeld ei regjering så står den last og brast på alle bevilgningar også jordbruksoppgjeret. Regjeringa står samla bak kor mykje som kjem til NTP, til kommunane, til helse , justis osv. Det er ikkje slik at AP kun prioriterar eigne ministere, eller at SP eller SV gjer det. Så må eg tilstå utan forkleinelse for våre regjeringspartnere at AP med sine 61 representantar så å seie alltid har fleire som er interessert i ei sak enn våre regjjeringspartnere som har 11 og 15 representantar. Slik også når det gjeld landbrukspolitikk og landbruksoppgjeret, og dei fleste på stortinget kjem frå bygder ikkje byar.

Ingrid Heggø og Håkon Myrvang

Ei juryordning for vår tid

Er dagens juryordning gått ut på dato ? Fleire faktorar taler for å erstatte juryen med ein stor meddomsrett, t.d. at dagens jury ikkje grunngjev dommen, samfunnet er endra, og vi har ei fersk domsavgjerd frå den europeiske menneskerettsdomstolen.

Juryordninga vart oppretta i 1887 for å beskytte vanlege folk mot embetsstanden si overmakt. Representantar for folket sjølv skulle ha det avgjerande ordet når staten utøvde si sterkaste maktutøving ovanfor enkeltpersonar. Domstolane sin legitimitet vart sikra ved at ein skulle ”dømmast av likemenn”. Dette prinsippet har vore viktig for utviklinga av den norske identiteten, og det vi i dag ser på som gode norske samfunnsverdiar.

Det er ingen tvil om at dette prinsippet skal bestå. Lekfolk skal framleis ha ein heilt sentral plass i norske rettssalar. Spørsmålet som i dag er knytt til juryordninga si framtid er difor ikkje om lekfolk skal delta ved avgjerd av straffesaker, men på kva måte dei skal delta.
Arbeiderpartiet sitt landsmøte har vedteke å erstatta dagens juryordning med ein stor meddomsrett av tre fagdommarar og seks lekdommarar. Eit vedtak eg støttar fullt ut.

Den største svakheita med dagens juryordning ligg i mangelen på grunngjeving. Får du avslag på søknad om oppføring av garasje får du ei grunngjeving. Blir du dømd til lova si strengaste straff, får du det ikkje. Dette meiner eg er uhaldbart og må bli endra.

Eg trur og at når ein må ha ei grunngjeving vil ein å sikra ei grundigare drøfting av spørsmålet om skuld. Usaklege argument og logiske bristar vil lettare bli luka ut når vurderingane bak avgjerda vert formulert skriftleg, og seinare skal kunne bli etterprøvd. Det vert større fokus på rasjonelle argument og mindre fokus på magefølelsar. Det vil gje betre rettstryggleik.

Det er også rart at man i alle andre saker både for lagmannsretten og tingretten gjev grunngjeving i spørsmålet om skuld. Berre ikkje i dei mest alvorlige sakene , dei som går for ein jury. Ein tiltalt kan altså oppleva å bli frifunnen med grunngjeving av tingretten, som er første instans, men dømd av juryen i lagmannsretten ( andre instans) utan grunngjeving. Dette er korkje tilfredsstillande for den som er tiltala eller for offera.

Ein nylig avsagt dom i den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) kan også framskunde arbeidet med å fornye juryordninga i Norge. Belgia blei dømd for brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 6, om rettferdig rettergang, på bakgrunn av at det ikkje vart gjeve ei grunngjeving for skuldspørsmålet. Høgsterett i Norge har same vurderingstema til handsaming no. Dagens juryordning kan med andre ord vera i utakt med forpliktingane våre etter den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Høgsterett si avgjerd 19. desember 2008 om at ein har krav på grunngjeving ved ankenekting, set óg dagen si juryordning i eit merkelig lys.

Det er føreteke ein gjennomgang av valdtektsdommar i perioden 2003-2005. Av 47 ankesaker frå valdtektsdømde i tingretten, frifann juryen over halvparten. Ingen av påtalemakta sine anker over frifinning blei teken til følge av juryen.
Blant anna riksadvokat Tor Aksel Busch har peika på dette som problematisk, og eg deler den bekymringa.
Når det gjeld korleis jussen skal bli brukt i den konkrete saka, gjev i dag fagdommarane juryen rettsbelæring før juryen trekk seg tilbake. Deretter er juryen overlatt til seg sjølv. Eg trur at ein meddomsrett, der fagdommarane er med i sjølve beslutningsprosessen, i større grad sikrar at denne forståelsen heile vegen er korrekt. I tillegg har fleire saker i dag enn tidligare eit komplekst saksinnhold. Deltaking frå dommarar med erfaring frå liknande saker, kan då bidra til auka forståing av sakskomplekset. Det må i så fall vera betryggande for alle parter, ikkje minst for tiltalte sjølv.

I 1887 var det store sosiale skildnader på embetsmenn og vanlige folk. Med ein godt opplyst og høyt utdanna befolkning, er dette langt frå tilfellet i dag. Trua og tilliten til autoritetar er tilsvarende synkande. Hovedgrunngjevinga for ei rein lekfolksjury er difor ikkje lenger til stades.

Det er dermed langt mindre grunn til å frykte at lekdommarar jamt over vil la seg overkøyre av fagdommarane på grunn av deira autoritet som dommar. Ordninga med at fagdommarar og lekdommarar sit samen og bestemmer, fungerer godt både i lagmannsrettane og tingrettane, og eksempla er mange på at lekfolk ikkje nødvendigvis sluttar seg til fagdommarane sine konklusjonar.

Dersom juryordninga vert avvikla, ser eg likevel at det kan vera klokt i dei mest alvorlige sakene å styrka lekmannsdimensjonen ytterlegare. Ein stor meddomsrett samansett av tre fagdommarar og seks lekdommarar, vil kunne gje eit sterkt lekmannsinnslag, samtidig som kravet til rettstryggleik vert godt ivareteke.

Eg meinar dagens juryordning utan grunngjeving er problematisk på grunn av mangel på openheit, etterprøving og rettstryggleik.

Det som derimot ikkje vil styrka rettstryggleiken er ei grunngjeving skriven av fagdommarar i etterkant utan at desse har vore med i diskusjonen undervegs. Det er på høg tid å bytta ut den gamle juryordninga med ein stor meddomsrett.