Viser arkivet for stikkord jølster

Vikenhuset - berre litt utanfrå

Svært mange vil truleg meine at det no har vore snakka nok om Vikenhuset. At det er ein lokal verkebyll som har verka lenge nok, og at ein no må komme vidare. Det kan ein forstå. Ingen ønskjer seg vondt blod i ei bygd eller ein kommune. Ein kan også forstå at mange vil synast at det er ein uting at folk som oppheld seg i Oslo størstedelen av året skal leggje seg opp i ei slik sak.
Underteikna bur rett nok i hovudstaden, men har opphalde seg i Jølster, i kortare eller lengre tid, kvar einaste sommar, i nærmare seksti år. I eit elles omflakkande liv, har Jølster vore det fastaste punktet i tilværet, noko som har samanheng med at morfar min voks opp i Jølster, kom seinare att som prest, og fekk endå seinare sett opp ei hytte her, der han budde kvar sommar så lenge han levde. No ligg han då også gravlagd på Helgheim kyrkjegard. Dette gir meg sjølvsagt ingen spesiell rett til å uttale meg om Vikenhuset, men det gir meg iallfall lyst.
Vikenhuset har dermed vore eit kjent syn gjennom alle desse tiåra. No skal ikkje min eigen nostalgi vere noko argument i spørsmålet om riving eller ikkje-riving av eit verneverdig hus, men eg veit at det er svært mange som bokstaveleg talt vil sørgje om huset no blir rive. Eit hus kan vere noko flott, og Vikenhuset er det. Eit hus med historisk sus over. Det ser sjølvsagt ikkje så flott ut slik det står der i dag, men med den nødvendige oppussinga vil det igjen kunne bli eit staseleg bygg. Og saman med Fjøsen vil det skilje seg ut blant bygningane elles på Skei. Det står for noko anna, noko som Skei og Jølster treng. Det er blitt fint på Skei. Her har kommunen tydeleg tatt seg på tak for at Skei skal vere ein behageleg stad å komme til. Eit oppussa Vikenhus, med ein tydeleg og fornuftig funksjon, vil gjere Skei til ein endå finare stad, med ein attraksjon meir for både tilreisande og fastbuande. Ei bygd med særpreg.
Etter å ha lese meg gjennom store delar av sakskomplekset, kommunestyrereferat, avisartiklar og lesarinnlegg, kan eg ikkje sjå at det i dag finst ein einaste god grunn for å rive huset (om ikkje det at ein ikkje orkar meir, kan sjåast på som ein grunn). For kva er det ein vil med området der Vikenhuset står? Ein vil leggje ein plen der. Og grøntområde er det vel ikkje akkurat nokon mangel på på Skei? Fortidsminneforeninga har som kjent tatt på seg ansvaret for oppussing av huset, som ein pakke saman med Midttunet. Og det har blitt lagt fram gode forslag til bruk av huset. For det er klart at huset kan ikkje lenger berre stå der, det må brukast. Og så kan ein seie at det er synd at ingen har tatt ansvar for dette før.
Ein kommune har mykje å bruke pengar på. Og det er ikkje berre enkelt å vere ein kulturkommune, om ein aldri så gjerne vil, om ein ikkje har pengar til dei ymse kulturelle tiltaka. Men i tilfellet Vikenhuset, skulle det no ikkje lenger vere økonomiske grunnar for å rive huset.
Det kan for ein litt utanforståande sjå ut som hovudgrunnen til å rive Vikenhuset er at eit fleirtal i kommunestyret har bestemt at det skal rivast. Men det er kanskje ikkje godt nok? Og det har vel skjedd før i historia at kommunestyremedlemmer har endra meining. Og dei vil iallfall ikkje tape ansikt, om dette skulle skje. Ein kan seie at det er viktigare ting i verda enn å bevare eit lett forfalle hus. Men ein må då også seie at eit hus stundom er meir enn eit hus.

Ragnar Hovland
Forfattar
Oslo/ Jølster

"Fengsel" er ein dum idé

*Med Frp i regjering skal du jammen passe deg godt for å hamne i ein situasjon der du må søkje asyl. Det blir nemlig sett på som kriminelt, og du kan risikere å bli sperra inne. *

Frp har gjentatt gongar argumentert for at asylmottaka i landet må lukkast. Dei meiner det er naudsynt å sperre asylsøkjarar inne for å ivareta tryggleiken til tilsette ved mottak, og for at dei ikkje skal stikke av og gjere kriminelle handlingar.

Skal ein ta Frp på alvor i denne saka, meiner dei at asylsøkjarar er menneske som nordmenn bør frykte fordi dei er for farlege til å gå fritt i Noreg. Norsk Folkehjelp har drifta asylmottak i over 20 år og har brei erfaring innan flyktning- og integreringsarbeid. Så langt har vi ikkje erfart noko som skulle tilsei at det er naudsynt å gjere opne mottak om til fengsel. Tvert imot.

I dag er det 126 asylmottak i Noreg, inkludert transitt og forsterkande mottak. Ved desse mottaka bur det mellom 15 000 og 16 000 personar. Norsk Folkehjelp driv i dag ni av desse mottaka med til saman 1600 plassar. Vår erfaring er at forholda på mottaka stort sett er rolege og fredelege – trass den vanskelege situasjonen mange av våre bebuarar befinn seg imens dei ventar på ei avklaring av sine søknadar.

Norsk Folkehjelp er imot lukka mottak fordi det er i strid med grunnleggjande menneskerettar. Å setje folk som ikkje har gjort noko galt i fengsel vil bidra til ytterligare pasifisering og mistenkeleggjering av ei allereie sårbar gruppe.

Frp viser til at mange asylsøkjarar kjem til Noreg utan ID-papir. Det har dei heilt rett i. Frp meiner at så lenge dei ikkje har ein fødselsattest eller eit pass å vise til, må dei sperrast inne. Underforstått at menneske utan ID-papir er skumle og mogleg har ein kriminell bakgrunn dei forsøker å skjule.

Det finnast millionar av menneske i verda i dag som manglar personlege ID-papir. Dei vanlegaste grunnane til dette er at mange land manglar eit fungerande apparat for å kunne tilby sine borgarar formelle ID-papir. Mange flyktar frå land der infrastruktur og landet sin administrasjon er bomba i stykk og ligg nede på grunn av krig og konflikt.

Kunn fem prosent av dei som kjem til Noreg har ID-papir. Å mangle ID-papir er ikkje kriminelt – ei ingen fordel, spesielt for dei som manglar. Derfor samarbeider over 90 prosent av dei det gjeld med norske myndigheiter for å få skaffa formelle opplysningar om sin identitet (ifølgje UDI), sånn at dei kan få ein så rettferdig avgjerd som mogleg på sin søknad. Det er også naivt å tru at ein løyser alt berre ein veit kven folk er, eller rettare sagt berre har eit pass.

Frp vil forhindre kriminalitet i det norske samfunnet, og det deler vi med dei. Vi er imidlertid sterkt ueinig i metoden for å oppnå mindre uro og kriminalitet. Folk blir ikkje greie av å få sin fridom frarøvd utan grunn. Folk blir heller ikkje greie av å bli mistenksamgjort eller pasifisert.

Lukka mottak vil forverre situasjonen for asylsøkjarar. I staden meiner Norsk Folkehjelp at det norske samfunn vil vere betre tent med å leggje betre til rette for at asylsøkjarar – uavhengig om dei har fått opphald eller ikkje – kan bidra i samfunnet. Norsk Folkehjelp meiner at dei bør kunne jobbe frå dag éin og ha betre moglegheiter til å lære seg norsk medan dei sitt på mottak. Dette er både betre integreringspolitikk og returpolitikk for dei som skal returnere til sine heimland.

Frp referera til Hellas sin asylpolitikk- og praksis. Hellas set asylsøkjarar i lukka mottak i den grad det finnast mottak der i det heile. Det er under 1000 mottaksplassar i eit samfunn kor det sannsynlegvis befinn seg fleire hundre tusen asylsøkjarar.

Norsk Folkehjelp såg sjølv stablane med søknadar i helsedepartementet i Aten over sårbare flyktningar som trengte tak over hovudet på eit besøk i 2010. Dei kunne berre hjelpe ein brøkdel og sidan då har situasjonen blitt endå verre. I 2011 vedtok den europeiske menneskerettsdomstolen at forholda i Hellas var umenneskelege og uverdige for asylsøkjarar.

Samtidig er kriminalitet og uro ein stor utfordring for myndigheitene i Hellas. Likevel anser Frp Hellas sin asylpraksis som ein rollemodell for det norske samfunnet. Dette må berre kvile på arroganse eller manglande kunnskap hos Frp.

Vår erfaring er at dei aller fleste som kjem til Noreg ynskjer å bidra aktivt i det samfunnet dei kjem til. Dei færraste vil vere sosialklientar. Når asylsøkjarar ikkje har lov å jobbe, blir kvardagen fort prega av passivitet og fortviling. Dette kjem i tillegg til ei busituasjon på mottaka der bemanninga er lav, standaren er svært enkel og der bebuarane befinner seg i ein uavklart situasjon ofte over urimeleg land tid.

I dag får ikkje asylsøkjarar jobbe. Denne lovgivinga meiner vi hemmar ein god integrering. Asylsøkjarar som ventar på ei avklaring på søknaden sin bør få moglegheit til å arbeide og klare seg sjølv. Arbeid er motiverande både for dei som får opphald eller må returnere.

Norsk Folkehjelp meiner at integreringa bør starte i mottak, og eit av dei viktigaste midlane er arbeid.

Til slutt vil vi minne om at det ikkje er ulovleg å søkje asyl. Ein er heller ikkje ulovleg innvandrar etter eit avslag på søknaden. Flesteparten som kjem hit for å søkje asyl er redelige og fredelige menneske som har flykta frå diktatur og land i krig og konflikt. Dei flyktar for å finne fridom og tryggleik.

Å setje desse menneska i eit «fengsel» er for oss heilt uhøyrt.

Liv Tørres – Generalsekretær i Norsk Folkehjelp
Grete Apelseth – Mottaksleiar Jølster Mottak, Norsk Folkehjelp

  • Søster og bror — Søskenkos!
  • Bianca — Den vesle havanaisen Bianca kosar seg på saueskinnsteppet.

Mediaelevar har krav på overgangsordning

Frå og med neste skuleår vert Sogn og Fjordane fylke truleg åleine i landet om å ikkje tilby studieplassar innan vg3 Medium og kommunikasjon. Resultatet er utvilsamt at elevane frå Sogn og Fjordane får eit langt dårlegare utgangspunkt enn medieelevar frå resten av landet når dei skal inn på høgare medieutdanning.

Les heile innlegget her!

4 vidaregåande skular borte vekk i Sogn og Fjordane ?

Skulen på Jølster er den 4. skulen som er tenkt lagt ned i forslaget til Skulebruksplan. Heimeyrkeskulen blei starta i 1949. Skulen har berre nokre av desse åra vore saman med jordbruksskulen på Mo.

Skulen er den eine skulen med berre tilbod innan visuelle/estetiske fag i fylket. Skulen er fylket sitt flaggskip og stoltheit innan visuelle fag! Sogn og Fjordane har ein ”visuell” skule å vere stolt av heilt opp på landsplan.

Framlegget til skulebruksplan vil splitte og pulverisere dette sterke fagmiljøet med eit pennestrøk – og utan å argumentere, eller omtale, dette overgrepet spesielt.

Kvifor ikkje flytting til i Førde, slik fagmiljøet ønskjer?
Sitat frå planen: ”Kvaliteten på opplæringa ved skulen er høg. Avdeling Jølster har ein eit godt fagmiljø på tvers av utdanningsprogramma. Fleire av høyringsfråsegnene, mellom frå Samarbeidsforum i Sunnfjord, omtalar mellom anna viktigheita av å vidareføre utdanningsprogramma ved avdeling Jølster på ein av dei vidaregåande skulane i Førde.”
Her ligg sentrale institusjonar og arbeidsplassar innan dette feltet – ingen annan del av fylket har samla så mange slike institusjonar. Formgjevingsfag har, og må ha, eit fagleg samarbeid med fleire viktige institusjonar i Sunnfjord/Førde – som S. og Fj. Kunstmuseum, Sunnfjord museum, S. og Fj. Teater, NRK S. og Fj. Avishuset Firda m.fl. Desse banda må ikkje brytast – og det er naudsynt at tilbodet blir liggande samla midt i fylket.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Kvifor flytte formgjevingsfag til Eid vgs.?
Sitat frå planen: ”Fylkesrådmannen tilrår, i motsetnad til SIS, å lokalisere design og handverk og studiespesialisering med formgjevingsfag som fylkesdekkjande tilbod til Eid vidaregåande skule. Dette er gjort ut frå ei vurdering av samla behov i fylket. Fylkesrådmannen har òg lagt vekt på å nytte eksisterande kompetanse, areal, utstyr og samarbeid med eksterne aktørar.”
Design og handverk på Eid har eit naturleg samarbeid med Opera Nordfjord. Formgjevingsfag har, og må ha, eit fagleg samarbeid med fleire viktige institusjonar i Sunnfjord/Førde.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Fagkompetansen på Jølster er den sterkaste i fylket.
Eid blir utafor pendlaravstand for dei tilsette på Jølster.

Sitat frå planen: ”Nær 80 % av dei tilsette ved Mo og Jølster vidaregåande skule bur i Førde eller Jølster kommune. For tilsette som får tilbod om arbeid i Førde har nedlegginga små konsekvensar.” Meiner ein at det små konsekvensar også for dei som får tilbod om å pendle til Eid? Planen manglar vurdering av pendling mellom Førde/Jølster og Eid. Kvifor ser fylkesmannen bort frå den lærarkompetansen som er på Jølster innan formgjevingsfag?
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

*Noverande viktig samarbeid mellom Formgjevingsfag og Medium og kommunikasjon. *
Dei to tilboda vil, etter ny stortingsmelding, bli studieførebuande tilbod. Dette vil også gjere det enda enklare timeplanmessig å bruke lærarkompetansen på tvers av dei to tilboda.
I begge tilboda er kreativitet, innovasjon og marknadsføring svært viktig. Formgjevingsfaget har derimot, i oppbygging og innhald, mindre til felles med yrkesfaget Design og handverk.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Kjennskapen til tilbodet Studiespesialsering med formgjeving.
Kunnskapen om dette tilbodet er dessverre ikkje god blant politikarane – sjølv om elevbedrifter på Jølster har vunne fleire prisar på fylkes- og landsplan dei siste åra.
Tilbodet Teikning, form og farge (1994 til 2006) og no tilbodet Studiespesialisering med Formgjevingsfag (frå 2006) har heilt sidan 1994 gitt generell studiekompetanse. Dette er altså ikkje noko nytt. Formgjevingsfag er ikkje eit yrkesfag i vgs. Tilbodet inneheld m.a. visuelle kunstfag, arkitektur, design og visuell kultur og samfunn. Etter ny stortingsmelding vil Formgjevingsfaget bli plassert som eit studieførebuande tilbod – saman med Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk og Dans og drama. Formgjevingsfag er klart retta mot høgskulestudiar og mot yrker som arkitekt, designar, ingeniør, lærar m.m.

1. prioritet
Oppretthalde skulen på Jølster og gjere den til sjølvstendig skule igjen – og arbeide vidare med å forsterke og samle dei kreative faga her midt i fylket.
NB. Det nyare bygget på Vassenden med spesialrom bygd til dei kreative faga, er ikkje er nemnt og verdsett i skulebruksplanen.

2. prioritet
Flytting av tilboda til Førde – til Øyrane eller Hafstad vgs. For å gje elevane eit tilsvarande tilbod som ein har i dag på Jølster, er det avgjerande viktig at ein har tilgang til tilsvarande nye spesialrom. Vassenden kan vere ei avdeling under Hafstad eller Øyrande inntil ein kan tilby/ha bygd ut spesialromma ein treng i Førde.

Eg oppfordrar politikarane i Hovudutval for opplæring og på Fylkestinget til å skaffe seg informasjon og kunnskap – slik at deling og flytting av dei visuelle faga frå Jølster ikkje blir gjort slik framlegget til Skulebruksplan foreslår. Det ville vere eit stort feilgrep!

Astrid Wittersø
lektor i estetiske fag

Kreative fag og nedlegging av skulen på Vassenden/flytting til Førde.

Her i distriktet er det visst ikkje vilje til å ta vare på noko som helst. Siste no er bråvending frå pressa lokale jølstrapolitikarar m.fl. Her er det no om å gjere å få flytta den velrennomerte skulen i kreative fag ned til Førde. Er det ledig kapasitet på skulen i Førde, er det hyblar til elavane, er noko klart i det heile? No må svake lokalpolitikarar rette seg i ryggen for å verne skulen som klart har framtid der den ligg. Er dette begynnelsen på slutten for dei kreative faga i fylket ? Kva har skjedd i kulissane i denne skulesaka, brått er alle vel foreinte og samde i å få denne skulen flytta/nedlagt ? Det er lov til å undre seg.

Bondevenn 2013- ordfører Oddmund Klakegg og 4 kommunestyrerepresentanter kidnappet i Jølster!

• Verden trenger mer mat og Norge må øke sin matproduksjon
• Bonden trengs for å gjøre dette
• Vi er bekymret for framtidas matproduksjon – men vi er klare til å produsere mer mat om vi får tilstrekkelige rammebetingelser
• Inntektsnivået i landbruket må være konkurransedyktig om vi skal få rekruttering
• Landbruket er en viktig verdiskaper med 90.000 arbeidsplasser i og i tilknytning til matproduksjonen
• Norsk kortreist mat står på spill
I forbindelse med vårens kampanje kidnappet Stardalen Bondelag og Jølster Bondelag i dag, søndag 7.4.13, ordfører Oddmund Klakegg og 4 kommunestyrerepresentanter, Ingrid Søyland (SP), Marit Flatjord (SP), Siv – Karin Hestad (AP) og Audun Høyvik (KRF). De ble hentet i sine hjem i 12- tiden, og ble brakt i god behold hjem igjen i 17-tiden.
Først fikk de en inspirerende og informativ omvisning i Åmot samdrift ved Randi Flølo og Inge Joar Nydal. Paret har tro på og satset på landbruket! De flyttet inn i det nye fjøset for ca 2,5 år siden. De har skapt seg en trivelig arbeidsplass for begge innerst i Stardalen, med det de liker aller best, nemlig å være bønder! Og behøver bare å gå rett over veien for å komme seg på jobb hver dag!
Etter mange inntrykk både vedrørende fjøsdrift, utfordringer og økt produktivitet i landbruket, fikk våre «ofre» servert middag i Stardalen Bygdetun. Så etter et foredrag om hvorfor det er viktig at vi skal produsere mat i Norge, ble de alle utnevnt til BONDEVENN. Vi som bønder stoler på at de, som våre kjære kommunepolitikere, nå BONDEVENNER, ser viktigheten av landbruk i Jølster, og ser våre utfordringer. Vi satser på at de gjør alt i deres makt for å ivareta vår næring!!
Alle fikk en flott T-skjorte som bevis på dette, og et diplom de kan ha på kontoret! I tillegg fikk de 2 brosjyrer med informasjon om landbruk og landbrukspolitikk, økonomi og utfordringer. Disse tar de med seg videre når de skal snakke med partifeller og andre politikere. Og slik medvirke til å få rammevilkår for næringa som sikrer inntektsvekst og dermed produksjonsøkning. I tillegg øke bevisstheten rundt hva landbruket bidrar med, og merverdien av å ha et landbruk over hele landet.

Vi takker for at vi har så spreke politikkere i vår kommune, som tar slike utfordringer på strak arm!
Vi takker også Vassenden TAXI ved vår sjåfør Kjell Åge Fluge, ESSO Skei og Stardalen Bygdetun, og en spesiell takk til bøndene Randi og Inge Joar, som alle gjorde til at vår kampanje var mulig for oss å gjennomføre!
Også en takk til Firda Tidend ved Hallstein Dvergsdal som var med oss på hele kampanjen, og ved dette viser at landbruk også er noe mediene synes er viktig å ha med i den daglige debatten.

  • 25.02.2013 — Solnedgang. Mot Vassenden. 25.02.13
  • 25.02.2013 — Solnedgang

Kaldt ved Fluge denne første søndag i advent. Hele minus 14,5 å måle.

Konsulentar mot bønder

Jølster kommune arrangerte to opne møte i samband med ny, langsiktig reguleringsplan. Møta vart halde på Skei og Ålhus. Eg hadde ei hyggjeleg kveld på Ålhus onsdag 3.okt., truleg like hyggjeleg som eg hørte det hadde vore på Skei same veka. Her stod positive tankar, draumar og ynskje i sentrum. Ein skulle ikkje leggje band på seg, men sleppe laus ideane.
Dei negative tankane blei det ikkje gitt rom for, anna enn på ein gul lapp, to negative konsekvensar mot to positive konsekvensar. Eg var med på dette, der og då, men er ikkje viss på om eg er med vidare. Dette luktar av bestillingsverk. Eg legg ikkje skjul på at eg er mistenksam, og er spent på oppfølginga. Vi er lova folkemøte og høve til å uttale oss seinare. Men kor langt er då prosessen komen, og kor mykje pengar er brukt til konsulenthjelp, som må forsvarast? I verste fall vert det referert til at folket i Vassenden-området, eller nedre delen av bygda, med ein stemme, går inn for ei storstilt utbygging av det vi i dag kallar Vassenden sentrum. Kvifor er dette feil?
Til stades var om lag 40 personar, irekna kommuneadministrasjon og ei handfull politikarar. Agendaen var å ringe inn det eller dei områda der ein ønskte sentrumsutbygging. Der og då sjølvsagt ingen debatt om kor vidt ein i det heile ynskjer ei omfattande utbygging i kommunen/nedre bygda. Stemninga var god og det var plass til eit par sleivete kommentarar om alternativt fråflyttingsprosjekt, men som lydige elevar følgde vi instruksen. Oppgåvene var avgrensa og enkle, og konsekvensar var slett ikkje naudsynt å bry seg med, anna enn som stikkord. Sjølvsagt landa alle dei 6 arbeidsgruppene på å ringe inn eit stort område på Vassenden, med hovudvekt på Vassenden sørside, rundt skulen og meir eller mindre heile nedre Gjesdal. Kva er meir naturleg? Her ved enden av vatnet har det vore sentralt sidan skysstasjonen si tid. Hotell, skule, butikk og kyrkje har vakse fram. Skulen er kommunen sin største arbeidsplass. Eit av dei positive argumenta var gjennomgåande «nærleik til vatnet», mens dei negative konsekvensane «ein må ta dyrka mark», også vart nedskrivne, men liksom med eit hips på herane. Her er mitt ankepunkt, og eg legg ikkje dette fram som nokon enkel sak. Skal ikkje privatpersonar stundom måtte vike for eit felles beste? Kommunen vil ikkje late utlegging av tomter verte styrt av kven ut av bøndene som til ei kvar tid er villige til å selje jord. Det vert for tilfeldig. Kan vi nok einast om.
Det kan kallast eit paradoks at eg er ein asfalt-flyktning. Mine første skuleår var i bykjernen i Bergen. Deretter flytta vi ut til Ytre Sandviken, vidare som ung vaksen til Åsane utafor Bergen, vidare til Sogn og Fjordane og Jølster, først i byggjefelt, deretter til fredelege Sanddalen på sørsida av vatnet, der eg no bur. Heile tida såg eg korleis tett busetnad ploppa opp i hælane på meg. Eg ynskte stillheit og nærleik til naturen, og har fått det, og trur ikkje nokre nye naboar vil øydeleggje dette. Eg har ein unik veg å køyre til arbeid. Eg fer forbi beitande hestar, geiter og sauer, og på veg heim om kveldane ser eg hjort og hare krysse vegen framfor meg. Fleire enn meg seier dei kjenner kor dei senkar skuldrene på veg heim til Sanddalen, trass ei smal og svingete veg. Alt dette har eg søkt, vel vitande om at det er betre vern om naturen om ein byggjer tett. No er det heldigvis slik at menneske har ulike ynskje for korleis dei vil bu. Og ein treng ikkje byggje store einingar, ein kan alternativt tenkje klyngetun eller små tomtefelt.
Få ynskjer Jølster som soveby til Førde. Vi kan byggje ut i stort omfang og gi plass til pendlarar. Men vi må ha eigne sentrumsfunksjonar og fritidstilbod for å overleve som sjølvstendig eining. Eg vil stille nokre nye spørsmål: Kva er det ved Jølster som gjer at ho blir omtala som «ei vakker bygd»? Er det ikkje nettopp dette breie beltet av kulturlandskap som ligg mellom vatnet og dei ville fjella? Kva skjer når det blir fjerna? Bønder har vi nok av her i bygda, seier nokre. Har vi det? Har ikkje bonden det viktigaste yrket av oss alle? Vi må ha mat. Vi kan ikkje ete korkje konsulentrapportar eller fiberkablar. Vi kan kjøpe mat frå andre plassar, vert det argumentert. Kvifor står då lokal og kortreist mat så høgt i kurs for tida? Etter kvart som folk får betre råd og kan unne seg luksus, skjønar dei kva luksus er. Det er ikkje mat som har reist langt, har forureinande transport og som tuftar på underbetalt arbeidskraft. – Ein småbrukar frå eller til? Kan dei ikkje slå seg saman? – Dette er jordbrukspolitikk, som er utanfor mitt kunnskapsområde. Det vert og lagt fram at bøndene kan få bra store, nye areal til nydyrking lengre oppe i Gjesdal. Kva vil det koste av arbeid og investeringar for bonden? Det høyrde vi lite om. Eg har medkjensle med den eine, dei 3, 4 eller 5 gardbrukarane som må gi frå seg gard og grunn mot sin vilje. Der unge menneske er villige til å ta over. Fritt etter Øverland sitt kjende sitat: – Du skal ikke tåle så inderlig vel den «oreigninga» som ikke rammer deg selv. – Hadde ein teke frå ein kakse som har vekse seg feit på å utbyte andre, og som like fullt vil overleve i rikeleg mon, ville saka vore enklare. Men viss vi slår beina under småbrukaren som jamt og trutt arbeider for å oppretthalde ei viktig næring, kjem vi til å angre. Eg ser ikkje på jordbruket som ein konkurrent til skulen, sjølv om skulen treng utbygging. At det går beitande kyr og sauar tett inn mot skulen, og at ein kan ha besøksgard for elevane i gangavstand, er ein kvalitet.
Nærleik til vatnet er og ein kvalitet. Det er mange som ynskjer tomt med nærleik til eller utsikt mot vatnet. Dersom ein byggjer langs vatnet, kan dette i verste fall bety mindre nærleik til vatnet for ålmenta. Dette er likevel eit av dei mindre problema. Kommunen må passe på å sikre eit belte med tilgang til vatnet slik ein gjer i strandsoner i strøk med tettare folketal enn i Jølster.
Då eg kom frå byen til bygde-Noreg, opplevde eg det som vanskelegare å finne badeplass ved vatnet/ sjøen, eller skitereng med tilkomst, enn eg gjorde i byen. Rundt Bergen hadde ein mange kjende badeplassar tilrettelagt for folket, og ein visste kvar ein kunne reise for å gå på ski. Eg vil pressiser at det først og fremst var mi eiga kjensle av at dette var vanskelegare på bygda. Berre ved nokre få tilhøve desse meir enn 30 åra eg har budd i fylket, har eg møtt negative reaksjonar frå privatpersonar på at ein «tek seg til rette». Det er heldigvis få skilt av typen «privat område» å finne. At bøndene nokre plassar tek bompengar for at dei held vegen i stand for deg, meiner eg er i orden. Men eg vil vise sympati med den unge røysten på møtet (omtala i innleiinga) som bad om eit par parkeringsplassar ved utgangspunktet til dei mest aktuelle topptur-fjella. Det vart nokre flir i forsamlinga, uvisst om det var grunna ein smal idrett, eller eit rimeleg forsiktig ynskje. Uansett må det leggjast til rette så ein kjenner at ein står trygt og lovleg der ein parkerer.
Folk vil ha det kjekt i fritida si. Og det har vi langt på veg fått til i Jølster. Kven skulle vel trudd at golf og slalåm skulle bli kvar manns idrett, slik det er blitt i Jølster. Vi kan følgje på i same spor og byggje ut for kanoklubb, vannskisport og mykje anna moro. Fjell og vatn byr på uendeleg mange moglegheiter. Men viss vi ikkje har eiga næring, blir vi ei bygd for turistar og pendlarar. Nå har vi eingong nokre småbrukarar som har ei næring. Skal vi rasere ei næring for at folk skal få bu nærare kanoklubben og badeplassen? Om vi byggjer hus i stor stil i Gjesdal, vil vi like fullt ha trong for skulebussane. Ei utbygging i Gjesdal må bli rimeleg stor før den overgår utbygginga som alt er føretatt i Langhaugane og Hjelmbrekke. Dei fleste innbyggjarane i Vassenden-området må framleis køyre til ein del sentrumsfunksjonar.
Lat oss starte oppatt frå ein annan kant. Kvar er det plass til utbygging utan å røre landbruket? Korleis kan ein skape vekst med minimale konsekvensar for landbruket?
Eg er ikkje dummare enn at eg skjønar dette har vore nøten til teknisk etat i lange tider. Dei er pålagd å skaffe tomter, og sit med dilemma i fanget. Ingen lett situasjon, og kan hende og ei keisam arbeidsveke. Men viss stolryggen knekk, sagar du ikkje av beina på stolen for å få materiale til å lage ny rygg. Trø varsamt fram, og spør folket i Jølster om det er det same for dei om dei bur i eit byggjefelt i Førde eller Jølster. Dersom dei svarar nei, lyt dei presisere kvifor.
Kvifor kom ikkje fleire til møtet? Bryr ikkje folk seg? Har dei ingen tankar om framtida til Jølster? Kan hende mange tenkte som eg gjorde: Dette har eg ikkje greie på. Eit kart er vanskeleg å tyde. Ein skjønar det ikkje heilt og fullt. Nokre tenkte kanskje til og med det motsette. – Dette skjønar eg, eg veit konsekvensane av ei utbygging på Vassenden. Eg veit kven av bøndene som må vike. Det er betre å halde seg heime å ikkje vere med på dette, viss ein skal tore å sjå naboen i auga. – Følg med folkens!
Inger Jangård, Vassenden – skriv som privatperson

FAKTABASERT VASSRØVERI

Det er store ting i emning i kommunane Jølster og Førde. Kraftselskapa Sunnfjord Energi og nordnorske Fjellkraft ligg i hard tevling om å få nytte seg av dei siste restane av Jølstra-vassdraget som framleis renn fritt. Om eitt av selskapa i framtida skal få gjere Jølstra om frå elv til bekk står att å sjå. Vi står føre ein lang konsesjonsprosess med grundige kartleggingar av verknadane av dei ulike utbyggingsalternativa.

Sunnfjord Energi vil sjølvsagt alt no gjere seg gilde hos publikum, og har difor laga ei informasjonsbrosjyre om planane sine. Her kan dei alt no informere oss om kva verknader dei ventar av utbygginga si, og dei har i det heile temmeleg overveldane forventningar til eige prosjekt. Det blir sjølvsagt små naturinngrep og små verknader for fisken i vassdraget. Verknader for rekreasjon, friluftsliv og fiske blir det nesten ikkje, og kraftselskapet vil frelse oss med ein uhorveleg stor global CO2 reduksjon på kjøpet. Det siste er vel grundig avkrefta gjennom NRK Brennpunkt og ber preg av ”tenk på eit tal”-mentalitet.
I det heile: Korleis kraftselskapet kan presentere oss for venta verknader av utbygginga utan at desse enno er utgreidd, er forunderleg. Er det ikkje difor vi nettopp no skal gå inn i grundige konsekvensutgreiingar og høyringsrundar?

Oppi denne samlinga av det som kan verke som kreative og noko forhasta slutningar, er det ein påstand som særleg fangar merksemda vår. Sunnfjord Energi ”forventar at forholda for elvepadling og rafting vil bli betra, då for stor vassføring i dag set begrensningar for denne aktiviteten”.
Både vi og eit samla norsk padlemiljø ristar på hovudet. Det er heilt uforståeleg at Sunnfjord Energi kan få seg til å hevde noko slikt, og det i skriftleg form. For oss blir dette som å hevde at all snøen om vintrane legg avgrensingar for skiaktivitet. Hos Norges Padleforbund har dei lenge vore opptatt av utbyggingssaker, og vi får opplyst at dei ser på denne uttala som verre enn å ikkje ta med våre interesser i det heile. Om ein tek seg umaken å lese det som er publisert om elvepadling i Jølstra, er det semje om at det ikkje er problematisk å nytte ei vassføring opp til om lag 75 m/s3 i Jølstra. Det blir og slått fast at vassføringar under om lag 20-25 m/s3 ikkje er eigna for padling og anna elvesport.
Dette står i sterk kontrast til den planlagde minstevassføringa på 7,5 m/s3. Kor i all verda får Sunnfjord Energi påstandane sine frå? I beste fall er dette kunnskapsløyse og slurv. I verste fall eit forsøk på å føre folk bak lyset.

Vi høyrer til dei som ikkje ønskjer at enno fleire av elvene våre i Sogn og Fjordane blir røva frå oss. Det skal vi ikkje stikke under ein stol. Vi meiner at vi har eit felles ansvar her i Noreg for å ta vare på den unike vassdragsnaturen vår. Kortsiktig profitt kan aldri vege opp det. Ei kraftutbygging er eit irreversibelt inngrep. Ei elv som er kraftutbygd, kan aldri bli ikkje-kraftutbygd igjen. Og difor er rett kunnskap så utruleg viktig før ein gjer desse inngrepa. Vi ønskjer oss ein kunnskapsbasert debatt som ikkje er tufta på påstandar som er tekne ut av lufta.

Ein lyt sjølvsagt gå ut i frå at Sunnfjord Energi er dei som kjenner sitt eige prosjekt best. At dei allereie frå sbyrjinga desinformerer både lokale styresmakter og folk elles på denne måten er ikkje bra. Kvifor dei vel å føregripe eigne utgreiingar av verknader og framstiller sitt eige prosjekt som noko det umuleg kan vere, lyt dei gjere greie for sjølve. Vi andre kan berre gjere oss våre eigne tankar…

Henry Ruud
Kristine Kopperud Timberlid

Elveentusiastar

Sjå kva eg fann ved Jølstravatnet i går…

Helse- og sosialpolitikarar mot straumen.

Det er nesten så eg ikkje trur det eg les. I Naustdal er det komite for helse og sosial som vil ha utvida salstider for øl. Rådmannen tilrår at Naustdal bør ha same salstider som Førde. Både Førde og Jølster har redusert sine salstider som eit ledd i det førebyggjande rusarbeidet. Det kunne vere interessant å få vite kva komiteen legg til grunn når dei meiner det er rett å leggje seg på maksimaltidene i alkohollova. Er det komite for helse og sosial sin jobb å sørgje for best muleg tilgjenge til alkohol i Naustdal? Kvifor skal ein få kunne selje øl lenger i Naustdal enn i Jølster og Førde? Det kan vel neppe vere av helse- og sosialpolitiske grunnar? Eg håpar kommunestyret veljer å sjå vekk frå vedtaka i komite for helse og sosial og i formannskapet, og heller gjer eit vedtak som er i samsvar med vedtaka som er gjort i Førde og Jølster.

Odd Frantzen
Naustdal

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2012-16.

Bilvelt eller massakre på Klakegg?

I kveld er eg forbanna og frustrert. Som tilkalla hjelpemannskap var eg i ettermiddag vitne til noko av den verste pengesløsinga eg har opplevd. Målet for utrykkinga var ei utforkøyring på Klakegg nokre kilometer nord for Skei. Ein bil hadde hamna på taket og det var ein vaksen og to mindre born i bilen. Etter ei stund kjem ein ambulanse, så kjem ein til, så kjem ein tredje og og ikkje nok med det, ambulansehelikopteret landar også. Eg lurar så smått på om det har skjedd ei ulukke med ein buss i tillegg. Kor mange skadde er det tale om? Eg rekk knapt tenke tanken ferdig før ein fjerde ambulanse dukkar opp. Har alarmsentralen fått melding om ein massakre?

Det er ikkje lenge sidan ambulansetenesta i Jølster vart nedlagt og flytta til Førde. Dette var eit av sparetiltaka til Helse Førde. Dei legg altså ned ambulansen ved trafikknutepunktet i fylket for å spare pengar! Når det så er bruk for utrykking til Jølster trykkjer AMK på den største knappen for å syne at dei verkeleg kan dette med å rykke ut. Det dei taper i tid tar dei att i mengde.

I kveld forstod eg at det verkeleg må sparast. Dersom rutinane tilseier at det skal rykkjast ut med 4 ambulansar og redningshelikopter for eit bilvelt der det er snakk om lettare skadar på 3 personar, kan vi vente oss endå hardare nedskjeringar.

Noko er riv ruskande gale. Kven er ansvarlege for denne galskapen?

Teppe til Sunnfjord Energi

- Teppet ”Fane for våre formødre” er ein takk og ei helsing til dei pionerar i Jølster som gjorde handverk til kunst.

Elsa Eikaas fortel dette. Måndag leverte kunstnaren frå Jølster sitt siste arbeid til Sunnfjord Energi i Førde. Den nye biletveven er laga i stor respekt for dei i heimbygda som var med på å gjere eit lokalt nyttearbeid til framifrå kunst, – slike som Olina Fossheim, Magnhild Heggheim og Astrid Myklebust. – Det går ein raud vevtråd av kunnskap og vilje til nytenking gjennom fleire hundre år i Jølster, meiner Elsa Eikaas.

Saknar ei samling
I dag er kunstnaren frå Fluge ved Vassenden oppteken av at også nye generasjonar skal forstå og innsjå den arv bygda har etter desse pionerane.
– Med stor hjelp frå Audhild Viken er vevarbeid frå Jølster blitt eit begrep kring om i landet. Med det praktiske arbeid frå kvinner kring om i bygda, la Viken grunnlaget for ei verksemd som sette Jølster på kartet Norge rundt.
Likevel er denne viktige attåtnæringa i dag i ferd med å gå i gløymsla også lokalt i Jølster. Eikaas meiner derfor at kommune, næringsliv og fylke no bør kjenne eit økonomisk ansvar slik at desse vevarbeida i bygda kan bli registrerte, samla og stelde ut.
- Eg ser føre meg eit slikt tekstilmuseum anten i eit av dei gamle tuna i Jølster, eller kanskje i samarbeid med Skei Hotell. I samanheng med muséet bør det vere ein verkstad slik at også nye generasjonar kan lære seg dei teknikkar i veven som har gjort Jølster så pass kjend kring om i landet.

Jølsterteppe i Oslo
- Det er, meiner Eikaas, tekstilkunsten som har gjort vår bygd kjend kring om i Norge, – vevkunsten og Astrup.
Ho minner om at også Nikolai Astrup var oppteken av denne kunstforma.
- Astrup teikna mange kartongar/mønster til dei teppa mor hans Petra Astrup og lensmannsfrua Katinka Lind sette i veven.

Fleire av dei teppa desse to pionerane laga, er i originalutgåve samla på Folkemuséet på Bygdøy i Oslo. Dette er lite kjent i fylket vårt, fortel Elsa Eikaas. (Foto: Oddleiv Apneseth)

Russisk jul på Vassenden kyrkjesenter

plakat

Tysdag 1. desember kl. 20.00 blir det ein julekonsert litt utanom det vanlege på Vassenden kyrkjesenter. Saman med SkeiVass-koret og Moskva Balalaika Quartet framfører Geirr Lystrup då Stjerna fra øst, eit kyrkjespel samansett av 18 russiske folketonar med tekstar av Lystrup sjølv og korarrangement av Henning Sommerro. Innhaldet byggjer på juleevangeliet og nordiske legender, og handlinga er lagd til eit nordleg vinterlandskap, den russiske taigaen.

Geirr Lystrup har lenge vore av dei sentrale norske visekunstnarane og har mellom anna vunne Spellemannprisen fem gonger. Som vanleg hos Lystrup er tekstane i Stjerna fra øst på dialektfarga nynorsk. Moskva Balalaika Quartet har eksistert i over tretti år og gitt ut ei lang rekkje plater, og med trekkspel og tre balalaikaer, traktert av framståande utøvarar, skulle den ekte russiske atmosfæren vere sikra. Konserten er støtta av Norges Korforbund.

Geirr Lystrup har turnert med Stjerna fra øst i ei årrekkje og framført programmet saman med lokale kor landet rundt. Ei CD-innspeling med SKRUK er òg i handelen. Men no er det SkeiVass-koret sin tur. Med sine vel tjue år og om lag like mange medlemmer treng vel ikkje koret nokon nærmare presentasjon lokalt. Marit Hartvedt og Gunnar Smaadal deler på dirigentoppgåva denne kvelden.

Kom og opplev ein stemningsfull førjulskveld på Vassenden kyrkjesenter. Fleire sjansar får du ikkje her i fylket i år!